ein by og eit kamerasakn.
eg er visst i oslo. eg seier "visst" fordi dette overhodet ikkje var eit bevisst val, meir som ei morsomheit i min rosèvin-rus(som eg framleis var i då eg tok bussen klokka åtte om morgonen). ti timar i buss med min kjære. eg har traska rundt i oslo åleine og rota meg fullstendig vekk. eg kjenner ikkje oslo, og dei som kjenner meg veit at eg hatar oslo. eg gjorde ihvertfall det før i går. for i går møtte eg mi herlege kusine. eg kjenner ingen person i verda som er meir hjartevarm og fantastisk, og for det meste merkar eg ikkje så mykje til den 13 år store aldersforskjellen. uheldigvis har kameraet mitt bestemt seg for å drukna, så eg har ingen bilder av ho eller den søte lille familien hennar(med eit nytt tilskot på veg ut på nyåret(ein beibi)), men dei er vakre. på alle måtar. dei tok meg med på grünerløkka, og det var som ein annan by. ein by som eg kunne lika. eg kunne føla meg trygg der, og da blir eg ikkje så redd for neste år likevel.
klokka er kvart over ni og eg drikk morgonte i leiligheten til systra til han der fine. i dag reiser me på eit tog. turen min har vore slik:

sjokomelk fikk vera med.


my kind of porn.

skjørtet minnar meg om andy warhol av ein eller annan grunn.

morgonte. eg er den einaste vakne i leiligheten. han der fine søv på gjesterommet. eg har lyst til å gå inn og kysse han på alle dei plassane eg ikkje kjem til til vanlig. på fotbladet, bak kneet, nederst på ryggen, mellom skulderblada, alle fingrane. eller skrive alle dei finaste orda eg kan(eufori, aorta, regnboge, eple, peppermynte) på heile kroppen hass med svart tusj. men eg gjer det ikkje. eg berre tenker at eg vil det, og det kan vera like fint det.
kommentarar:
Søtt innlegg. Du og kjærasten din verkar så flotte saman. Eg håpar eg eingong kan oppleva noko slikt.
Så fint å lese at alt er bra. Kongsberg er bare enogenhalv time unna oslo.
Eg har heller aldri vore noko glad i Oslo.
Det er nok mest sannsynleg at vi kjem, ja!:) Du tek forresten nokre enormt flotte bilete :)
Åh, du skriver så mye søtt :D Jeg blir helt lykkelig inni meg!
åh, så du skal flytte til oslo neste år? kvi? sjokomelk er så fint. det står ei sjokomelk på bordet foran meg nå. jeg har drukki fire store kartonger etter at jeg kom til bergen. mmm.eufori er et fint ord, ja. fint som en mariell, tror jeg!
Før hatet jeg nynorsk. Etter at jeg begynte å lese bloggen din, hater jeg ikke lenger nynorsk. Skulle ønske jeg kunne skrive nynorsk uten store feil. Måtte bare si det, tusen takk.
har spurt før, men fikk ikke noe svar, så jeg prøver igjen (: hvilken kode bruker du for å få bakgrunnsfarge på innleggstittelen?
bloggen din er så flott! veldig koselig å sitte inne og lese i den mens det er mørkt ute. kanskje jeg skal lese den perm til perm i vinter? :)
du er så søt at jeg skjønner ikke at det er mulig. jeg mener det, ALT du skriver er søtt og fint.
eg har det utruleg fint, eg har berre for vane å spørre korleis folk har det for så å gløyme å svare dei når dei har svart meg. Kan du ikkje kome til Bergen? Eller, eg kan jo kome til Sandane. Ikkje neste helg, men helga etter der kanskje? Du er så fin og eg synest det er litt dumt at me ikkje har snakka så mye saman i det siste (eg veit me har snakka om det her) Her er ein av kortprosaene eg skreiv på fredag: Sola skin og alle er gladSola skin og alle er glad. Han ser seg rundt ein gong til. Joda, sola skin og alle er glad. Han tar opp pennen sin frå ryggsekken og skriv ned ein setning i boka si: sola skin og alle er glad, berre ikkje eg. ?Kva skriv du på?? kjem det ovanifrå. Han ser rett opp i eit smilande andlet utan heilt å tru kva det er auga hans fortel han. Han tar ein risk: ?Ikkje noko viktig. Vil du sitje deg ned i lag med meg??
Sola skin og alle er glad.
og kvifor er du ikkje på msn? (forresten så har hermetegna blitt spørsmålstegn)
Aorta, eufori og regnboge er herlege ord. Forresten så vil eg gjerne få anbefale ei bok til deg. Kan vere du allereie har lese ho, men om du ikkje har det: "The History of Love" av Nicole Krauss. Noko av det vakraste eg noko gong har lese, minna meg litt om "Extremely Loud and Incredibly Close", språkmessig. :)
jeg elsker at du skriver på nynorsk ! er ikke mange som skriver på nynorsk, nemlig.
åh, jeg elsker bloggen din!Jeg blir helt varm inni meg av å lese det du skriver :)
for et fint innlegg.jeg vil også ha sånne dager.
jeg liker bloggen din. den er fin, og du er like pen. skulle gjerne vist hva hemmeligheten til deg og kjæresten din var, siden jeg og typen faller fra hverandre. ville egentlig bare si at du er heldig og at jeg liker bloggen din så godt at jeg titter innom hver dag for å se etter noe nytt. koz&klemz ellernoe.
Det Lula bladet leste jeg på toget på vei hjem fra Göteborg på fredag. Det var et fint blad, det. Får man kjøpt det i Norge og?
http://blogsoft.no/trackback/ping/6178635