love dove glove

eg står opp ein laurdagsmorgon. me har sove på tvers av sengene, og knea til han der fine ligg ned i sprekken mellom dei. han søv. drar frå gardinene; hardanger. fjord og fjell. ikkje like mykje som heime, men det har jo sin sjarm likevel. eg vekker han ved å kitla han under føtene, ein ny teknikk eg har tatt til meg. det funkar.
eg knuser ein tallerken ved frukosten; alle dei amerikanske turistane ser på meg og smiler. eg finn eit nytt egg og prøver å vera stille. svigerfar held årets hauge-foredrag og får glitrande applaus. lunsj. den såg slik ut.

vel, desserten i alle fall.

gjennom kaleidoskopet ser den sånn ut.
dei andre reiser på kino medan eg vandrar. finn nokre skattar her og der. et ein kaptein sabeltann-is. diktopplesing. så konsert. fin. køyra heim, lytta til mogwai og stilla. det er det som er aller best.
kommentarar:
posta av: Kaja
jeg liker bloggen din, alt er liksom så fint og ordentlig! jeg vil også ha det slik.og ja, du skulle ha vært på coldplay!det var så fint.
posta av: Valkyrje
Så fin lunsj. :D
posta av: Freddy
ELSKAR HAN http://profile.myspace.com/index.cfm?fuseaction=user.viewprofile&friendid=2926197
posta av: Nøve
Eg elskar kaptein sabeltann is. Dei har det nesten ingen stader, though. Eg eter det nesten berre når eg er i Årdal faktisk.
Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/6239355
http://blogsoft.no/trackback/ping/6239355