om dom som försvann

24929941080a17a0b68e
foto: radiohovud

på barneskulen var eg så utruleg einsam. eg var ein av dei ungane som latar som alt er bra for foreldre og lærarar, men eigentleg spiste eg lunsj med vaktmestaren eller åleine i kjellaren. kanskje likte eg det sånn, eg hugsar ikkje eigentleg kvifor det var slik. eg hugsar at eg hadde ein vill fantasi, eg skreiv ut fleire dagbøker på eitt år og såg veldig opp til anne frank. eg las voksen-bøker og sat i timesvis bortgøymd i hjørner på biblioteket. eg høyrte på pink floyd og gjekk i nedarva klede. eg gav bort alle pengane mine så dei ikkje skulle sparka meg på leggane.

på ungdomsskulen fekk eg sakte men sikkert kapra meg til ein veldig solid omgangskrets som eg var med kvar einaste dag. me bestod for det meste av 5 jenter, med eit par utskiftingar no og då. det var den type "friends 4-ever"-jenter som aldri eigentleg meinar det dei seier, som ein aldri eigentleg kan stola heilt på, som bedrar deg om dei får noko tilbake for det. men sjølvsagt visste ein ikkje det da. for sola skein og me lo til me fekk vondt i magen. det er nesten tre år sidan. den siste kvelden eg var heime før eg flytta(eg var den einaste i mitt kull som flytta) var eg og to venninner samla i senga til mamma og pappa for å liksom ta farvel. me såg film og spiste smågodt og ved enden av kvelden sippa me alle tre, for korleis skulle livet bli utan kvarandre? eg skulle jo bu heile 4 timar heimefra. men me skulle vera på msn kvar dag og jaffal ringa ein gong i veka og eg skulle komma heim kvar helg og dei skulle komma på pusøk. sånn vart det jo ikkje. i byrjinga var det sånn. men etterkvart var eg ikkje invitert på ting i helgene. og det var opptatt når eg ringte. og plutseleg var dei borte på msn. og plutseleg var dei borte.

og mitt liv på vidaregåande fortsatte med ein konstant verkande klump i magen som heitte "eg har ingen heime." etter kvart vart det ein ganske stor klump. og det var det heilt til eg berre bestemte meg for å gløyma dei. berre gløyma dei heilt. for berre sånn kunne eg få det bra igjen. for egentlig trengte eg dei ikkje uansett, ein har ikkje bruk for folk som får deg til å alltid vera litt lei. heldigvis har eg møtt så mange fantastiske folk på vidaregåande, folk som eg veit eg klarar å halde kontakten med, venner som ikkje er så high-maintenance. det er viktig med folk ein alltid kan komma tilbake til. sånne som rufsar deg i håret og sussar deg på kjaken og som tør å gje kompliment og som set pris på dei fine tinga her i livet. som øl og syklar og vårfestar, for eksempel. og i kveld skal eg ut.

kommentarar:
posta av: b

takk, vennen;)

21.mar.2009 @ 17:25
posta av: myldretid

Mariell, jeg blir skremt over hvor like vi er!

21.mar.2009 @ 17:38
URL: http://myldretid.wordpress.com
posta av: Camilla

jeg kjenner meg litt igjen av noe av det du skriver. Håper alt er bra med deg, Mariell!

21.mar.2009 @ 17:40
URL: http://hallojakke.blogspot.com
posta av: amazed

kjenner meg igjen i mye av det du skriver, og alle har vi vel hatt d litt sånn av og til.. vært litt utenfor, vært litt innenfor, men ikke helt innenfor likevel.. men livet blir bra, til slutt:)

21.mar.2009 @ 17:51
URL: http://amazed.blogg.no
posta av: Unrealized Fish

Ååh. Så fint.. Jeg føler akkurat det samme.. Etter at jeg flyttet på vgs, har jeg mistet 99% av vennene mine i hjembygda, og den lille prosenten som er igjen? Vel.. Det er aldri tid til å møtes.. Men jeg har også møtt så mange fine folk på vgs, som jeg vet er verdt all tid. Ha en fin kveld! I dag skal jeg møte den lille prosenten i hjembygda mi som jeg har kontakt med, og det for første gang på flere mnd :)

21.mar.2009 @ 17:53
URL: http://unrealizedfish.blogspot.com
posta av: Siri

Dette åpnet øynene mine, på en måte. Fikk meg til å innse ting om noen av de gamle vennene mine. Du skriver så fint!

21.mar.2009 @ 18:01
posta av: Mia

Så fint du skriver :)

21.mar.2009 @ 18:10
posta av: Iselin

Du skriv så fint og du er så fin:)

21.mar.2009 @ 18:18
posta av: Maia.

hjertet mitt smiler.

21.mar.2009 @ 18:31
posta av: fred

du er fin. hjerte.

21.mar.2009 @ 19:04
URL: http://sjelfull.blogg.no
posta av: marie kristin

Herleg skreve - eg fekk frysningar på armane.

21.mar.2009 @ 19:12
URL: http://blomsterbornet.blogg.no
posta av: kristin

Åh, så fint. Jeg var også en sånn som vandret litt rundt for meg selv

21.mar.2009 @ 19:28
URL: http://www.krist.in
posta av: Mettemor

Eg tykkjer det er fint at du slepper taket i dei du ikkje treng. Fint at du allereie har gjort det. Eg prøvde og prøvde og prøvde å halde på dei - i mange år. Og dei fortente det ikkje ein gong. No har eg éi god venninne igjen frå heimstaden. Og ho var ikkje av dei kule som eg så gjerne ville skulle like meg. Slett ikkje av dei kule&populære, og, sjølvsagt, det var ho som var eit godt menneske. Ikkje dei andre.Ver deg sjølv og bruk ikkje energi på dei som ikkje fortener det, Mariell.

21.mar.2009 @ 19:30
URL: http://mette-mor.blogspot.com
posta av: Elise Bahía

Så fint skrevet, Mariell.. Kjenner meg igjen. Ble mobba masse på mellomtrinnet på barneskolen. Men nå har jeg det veldig bra:)Kos deg masse i kveld!:)

21.mar.2009 @ 19:33
URL: http://livingdoll.blogg.no
posta av: Toggy

Da jeg var mindre, var jeg den rare jenta. Jeg hadde ikke så mange venner, men jeg hadde én. Og hun var trofast til tusen. Jeg har hun enda og hun er den snillestesøteste i verden. Men hvertfall. Jeg var hun som egentlig bare gjorde lekser og leste om kvelden. Eller hun som bare hadde to venner, hunden og hun andre litt rare jenta. Jeg turte ikke gå med stramme klær, for jeg trodde jeg var stygg.Nå er alt blitt helt annerledes. Jeg går i hva jeg vil, mest kjoler og sånt, og de fleste jeg kjenner synes at jeg har litt FOR mye selvtillit. Noen vil til og med være med meg etter skolen. Det er hyggelig.

21.mar.2009 @ 19:35
URL: http://www.andthedinosaurs.wordpress.com
posta av: Lene

Eg har opplevd mykje av det same. Har berre ei skikkeleg venninne heimanfrå, men eg vil heller ha ei som står ved di side enn mange falske. Før eg vart kjent med ho var TVen og bøkene mine dei einaste venane mine.

21.mar.2009 @ 21:45
URL: http://lenestankar.blogspot.com/
posta av: hanne

du hoertes jo helt genial ut som barn! hadde digga deg.

21.mar.2009 @ 22:44
URL: http://hannelille.blogspot.com/
posta av: LENA

Hjertet mitt smiler alltid av bloggen din, og det er så lett i ettertid og "se" hvordan gamle venner har vært.. Men det er jo heldigvis slikt man blir litt sterkere av :)

21.mar.2009 @ 23:35
URL: http://bondefr0kna.blogg.no
posta av: ein snik

.

22.mar.2009 @ 00:13
posta av: ingrid

Utrolig fint skrevet! Er en del som har det slik på ungdomsskolen.. Trist, men sant.Men jeg ville bare si at jeg har sett igjennom en del av innleggene dine. Du har en utrolig bra blogg. Veldig fin, svært mye bra, bilder(jeg elsker bilder) og du skriver på nynorsk(som er et pluss).Tror jeg kommer til å følge med denne bloggen framover :)

22.mar.2009 @ 11:29
posta av: Katrine

Første gang jeg titter innom bloggen din, og jeg måtte bare lese gjennom innlegget ditt. Det var nydelig. Så fint at du virkelig sier ting som det er og tørr å være deg selv 100%. Det tror jeg det er mange som setter pris på :-)

22.mar.2009 @ 15:05
URL: http://katrinesmind.blogg.no
posta av: Valkyrje

No kjente eg meg utruleg godt igjen, kjære, vakre Mariell. Og du har rett, ein har ikkje bruk for folk som alltid gjer ein litt lei, men eg veit ikkje om eg klarer leve etter det prinsippet likevel...

22.mar.2009 @ 16:30
URL: http://valkyrje.blogspot.com/
posta av: Marit

Takk for innlegg. Nå er det snart 5 år siden jeg bodde "hjemme". Og først nå har jeg et greit forhold til de jeg gikk i klasse med. Ikke at vi er venner, men jeg kunne liksom snakka med de om vi møttes. Ting blir litt annerledes etterhvert.

22.mar.2009 @ 18:12
posta av: sjokkis

Eg mista lett mine vener fra ungdomsskulen eg og. Vidare fekk eg særs gode vener på vidaregåande, som eg trudde skulle vara heile livet ut. Nokon av vennskapa varer framleis, nokon har sakte løyst seg opp. Men, eg må seia at eg har byrja slå meg til ro med at ikkje alle venskap treng halda livet ut for at dei skal huskast som gode venskap. For eg har innsett at for dei fleste har variablar som geografisk nærleik og det å vera på lik plass i livet faktisk mykje å seia for kor godt det lar seg gjera å halda venskapet levande.

22.mar.2009 @ 20:55
posta av: Ida Therese

♥Kent??Jeg liker barneskole-deg:)Jeg lekte med de pastellfargede hele barneskolen og helt frem til slutten av tiendeklasse. Jeg var aldri alene under trappa; men jeg var fremdeles ikke veldig lykkelig. Hvorfor er det sånn at Pink Floyd og såpebobler-barn ikke finner hverandre før typ videregående?

22.mar.2009 @ 21:30
URL: http://rosapille.blogspot.com
posta av: Janne i trykken

Du tar nydelege bilete, jenta. Små fine glimt frå kvardagen som gjer at du har vorte fast inventar på RSS-lista mi. (Og jamvel er dette mitt første livsteikn i kommentarfeltet.) Bloggen til «han fine» er òg veldig fin! (Og gratulerer til han som har vunne andreplass i kronikkonkurranse!)Men poenget mitt, som eg no skal kome fram til, er altså dette: Du tek nydelege bilete, men du skriv òg utruleg fint. Dette var ein fortryllande tekst. Du må gjerne skrive slike lengre skildringar oftare, og ikkje berre korte kommentarar til bileta (:Og så må eg jo gratulere med at du kom vidare i tevlinga i Ungdomens kulturmønstring. I det heiletatt: Det verkar som om livet smilar for tida.(Og så skal eg slutte å skrive i parantesar, og gå tilbake til artikkelskrivinga som eg eigentleg skulle gjere framfor å lese bloggen din.)

23.mar.2009 @ 00:09
URL: http://bloggs.be/jannetrykker
posta av: Ida

Så utrolig pent skrevet! Du er et vakkert menneske.

23.mar.2009 @ 03:11
URL: http://daskepaven.blogg.no
posta av: Alt godt

Di tid har kome, kjære. Dei er ikkje verd å take vare på, ta vare på deg sjølv.

23.mar.2009 @ 17:19
URL: http://altgodt.wordpress.com
posta av: Sandra Sandrus

jeg smiler.

23.mar.2009 @ 20:59
posta av: SusaMedusa

Og det blir berre betre og betre med åra!Eg hadde det heilt forjævlig (orsak) på barneskulen, ungdomsskulen var heller ikkje noko å skryte av, men så kom vidaregåande og nye vener og alt vart betre! Det er noko med bygda, kanskje ho rett og slett er for lita, men somme passar rett og slett ikkje inn der. Og somme (som regel dei "populære") passar så altfor godt inn der at dei ikkje flyttar på seg i det heile.Då eg byrja på vidaregåande var fyrste gongen eg opplevde korleis ekte venskap er, og vi er framleis vener og forlikte, bestekompisen min og eg. No, 6 år etter at eg vart ferdig på vidaregåande har eg det betre enn nokonsinne, og eg har nye, gode vener eg er stolt av og ikkje redd for å seie det til heller. Og det merksame er at veneflokken veks og dei nye venane mine passar saman med dei gamle. Jammen er livet ei underfundig og morosam reise!=)

27.mar.2009 @ 14:16
posta av: Valk

Åh! Det er fyrste gong eg er inne på dette sukkertøyet av ein blogg, og den er flott. Og ja, eg har kjent den klumpen i halsen over å ikkje "ha nokon heime". Men det løysar seg, eg har så mange andre andre stadar, så eg får ikkje tid tel å sakna nokon heime. Men eg er også heime ein gong i året...

29.mar.2009 @ 17:54
URL: http://www.skranglebein.wordpress.com
posta av: gjett igjen

Viss du les Sogn Avis, så stod det for eit par veker sidan at kullet mitt var det tredje beste i landet i nynorsk. Hmm...

Uansett kva du seier så veit du like godt som meg, og nokre av "eks-vennene" dine som eg sit med no, at mykje av det du skriv er bullshit. Eg drit vel strengt tatt i kva du gjer, men eg blir berre så provosert når eg les slikt. Tenk å dikta opp barndommen sin, det er fjortis det!

Vel, vel, fint at alt ordna seg for deg.

PS! xoxo

20.feb.2010 @ 01:03
posta av: hjartesmil

gjett igjen: kven seier det er bullshit? du. dei.

og nei, eg les ikkje sogn avis. eg er ferdig med sogn og alt det vonde sogn og fjordane har påført meg. du har heilt klart ikkje noko kunnskap om min barndom og ungdom, og da bør ein ikkje uttala seg heller. eg vart regelrett mobba gjennom heile barneskulen og ungdomsskulen, både til meg og bak min rygg. det har gjort at eg har trengt psykologhjelp og medisin dei siste ti åra, og noko av det verste er at det framleis pågår gjennom at folk prøver å nekta for at det skjedde. som du. som dei. virkelig?

korleis trur du det er å vera éin einaste person mot ti andre når dei forteller sitt? det er berre utrulig arrogant å gå ut ifra at det dei seier er sant. det burde ein sei seg god nok for.

20.feb.2010 @ 01:46
URL: http://hjartesmil.blogg.no/

kommentarar som er krenkande mot meg eller andre vil ikkje bli publisert.

skriv noko fint her:
namn:
hugs meg!

epost:


blogg / heimeside:


kommentar

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/7683986