tortilla de patatas

no skal de få laga mat! til ca to og ein halv, eller to veldig mette kaniner. me skal laga tortilla de patatas, altså potet-omelett. du treng: 2 løk, 1 kg potet, 8 egg, extra virgin-olivenolje, salt og pepper. skjær løk i ca to cm store bitar og steik den i nok olje til den blir litt brun.
wednesday
medan den brunar, kan du skrelle og skjære opp potetene i skiver på ein halv cm tjukke, såpass tynne at dei steiker ganske fort.
wednesday
så har du oppi potetene med lauken og steiker til potetene er gjennomsteikt og brune.
wednesday
medan det steikar, kan du vispe åtte egg til ein herleg egg-symfoni.
wednesday
så, når potetene og lauken er bra steikt og du lett kan sette gaffelen gjennom potetene, kan du sette ned varmen litt. så har du nok olje på til at du dekkar alle flatar under potetene og lauken. så heller du over egga. no kan du salte og pepre som du vil.
wednesday
så kan du, om du er litt trent, prøve å dra litt i den så alt det flytande synker til botnen og blir steikt. viss ikkje, er det berre å steika på låg varme lenge til den ser ok ut. men viktig at den ikkje svir nedi. når det ser bra steikt ut på toppen, skal du snu den. det er vanskelig, så ver forsiktig. legg eit fat oppi panna som dekkar heile omeletten. så snur du panna så omeletten ligg på fatet. så skal omeletten steikast på den andre sida, så den uferdige sida må ned igjen i panna. det treng ikkje så mykje tid, så pass på.

om du er litt usikker, kan du sjå denne videoen på youtube, og hopp til 2:55 for å sjå akkurat i snu-fasen. når den er steikt gjer du på same vis for å få omeletten på fat. da ser den sånn ut, som ei kake:
wednesday
den kan du òg skjære i som ei kake:
wednesday
me brukar å ete den utan noko ved sidan av, men det er sikkert godt med salat ved sidan av altså. det er så så så godt, bon apetit!

translation: my recipe for tortilla de patatas!

kommentarar:
posta av: Benedikte

Frosketallerken. Noe så vackert. Skulle ønske at alt jeg eide av tallerkener, kopper og termos etc hadde froskemotiver. Siden jeg er sykelig opptatt av søte vackre små frosker:)Nå fikk jeg sikkelig lyst på omelett.tihi

16.mar.2009 @ 14:19
URL: http://regnbuebarnet.blogg.no
posta av: Valerie

Det så fattelig godt ut. Kanskje blir det middagen i dag? :D

16.mar.2009 @ 14:54
URL: http://cavejam.blogspot.com
posta av: Mira

Det må jeg lage en gang!

16.mar.2009 @ 15:41
URL: http://mirajakobsen.com
posta av: bente

Det skal jeg lage i dag! Takk for tipset :D

17.mar.2009 @ 12:02
URL: http://icefeather.blogg.no
posta av:

Nam, det så godt ut!

17.mar.2009 @ 22:42
posta av: Michaela

den her skal jeg prøve å lage idag, med modifiksjoner fordi jeg ikke har løk. Satser på at fersk asparges og tomat gjør susen.. hmm når jeg tenker meg om blir eneste likheten at jeg også skal ha potet oppi :P

29.mar.2009 @ 15:42
URL: http://giraffemichaela.blogspot.com/

kommentarar som er krenkande mot meg eller andre vil ikkje bli publisert.

skriv noko fint her:
namn:
hugs meg!

epost:


blogg / heimeside:


kommentar

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/7900073