mine internett-heimar

mesteparten av vintageactionen heime hjå meg skjer på etsy. her har dei så mykje fantastisk, det er som ein liten putikk som aldri sluttar å overraska. ein bør ta seg tid til å setta seg inn i dei ulike måtane å utforska etsy på. ein kan sjølvsagt søka etter det ein vil ha og finna ting etter kategoriar, men ein kan òg finna ting i ein spesiell farge eller etter kvar selgaren er frå, veldig kult! ikkje berre er det ein perfekt stad å sjå etter vintage- og second hand-greier, det er òg ein stad folk legg ut sine handlaga ting, til dømes kunst og smykke, men ein kan òg senda mål til ulike selgarar som då syr etter akkurat din kropp. det funkar som eit stort kjøpesenter med mange ulike selgarar som har sine putikkar, og ein bestiller av kvar enkelt selgar. av og til står det at selgarane ikkje sender til noreg men da berre sender de ein melding til dei også fiksar dei det, dei er supergreie folk som regel. ein kjøper ting også er det ditt. ikkje noko byding, berre reine kjøp. fint.
ebay

ebay er meir som ein jungel. ein svær budjungel som av og til kan vera fullstendig uforståelig, og mange som ikkje heilt forstår korleis det funkar blir nok lurt til å putala for mykje. det er alltid lurt å lesa litt om ebay før ein kastar seg i det. det er to måtar å handle på: auksjonar eller reine kjøp. om ein berre søker i hovudvindauget, kjem begge alternativa opp, etterpå er det mogleg å velja om ein berre vil ha ein av delene eller alt(over resultata). heldigvis har ebay no komme på norsk, så ein kan berre gå på ebay.no, også er ein good to go.
market publique

vintage-budmarknad, litt ny for meg enda men det ser veldig bra ut og store moglegheiter for å gjera fine kupp! eg trur eg kjem til å henga mykje her framover.
kawaii design

for dei som har kroppskunst i form av piercingar, er dette ein fin putikk. det er mykje som verkeleg ikkje er min smak i heile tatt, men om ein leitar er det mykje fint. del har fine pluggar og alt mogleg. og fine strømpebukser og kinasko og fine hårspenner. dei har òg laushår og klede!
lady luck rules ok

lady luck rules ok fekk eg anbefalt i dag, men eg elskar det! det er litt vanskelig å finna ut av, men det er verdt det. dei har fine smykker og fine bøker og fine lommebøker og ja.
mint and vintage

på mint and vintage er det ei blanding av fine merke som manoush og minimarket, men òg mykje fint vintage-klede, som kjolar og jakker.
we love colors

her skal du kjøpa strømpebuksene dine! helst dei i nylon/lycra. dei er i 80 denier(altså ganske sterke), og fins i sååå mange fargar!
play

her skal du kjøpa filmar, bøker og tv-seriar(men på engelsk, mind you). det er så hyperbillig at ein dør, for det er gratis frakt!
om visa: det er ein myte at ein må vera 18 for å ha ordentlig visa, desverre. snakk med banken din, ta med deg foreldrene dine. eg har hatt visa sidan eg var 15.
i og med at eg ikkje har mi eiga datamaskin tilgjengelig akkurat no, så er ikkje denne lista fullstendig. men det er jo berre fint, for da kan de gleda dykk til neste gong. fint vel? ein laurdagsnattsuss til alle saman!
kommentarar:
Herlig :)
strømpebuksebutikken skal eg jaffal tipsa kjæresta om! (ikkje at ho ikkje les her sjølv, då.) mine tunne strømpebukser har overraskande lang levetid - men vinterstrømpebuksene (typ strikka), som eg attpå brukar sokkar utanpå, toler nichts.
www.zazzle.com har fine sko og diverse. også kan du lage sjølv, heh. www.dylanscandybar.com har òg litt morosame ting. Og det har www.ailo.no òg. :)
Nå vet jeg ihvertfall hvor jeg skal bruke de pengene jeg har fått til bursdagen min!Jeg elsker det virkelig når du anbefaler ting, for det du liker, liker som oftest jeg også. Du har fantastisk smak.
Åhh, takk for mange flotte tips ;D
http://www.etsy.com/view_listing.php?ref=fp_feat_6&listing_id=18670823Berre sånn forresten. Tenkte liksom på deg då eg såg den ^^
Har egentlig ingenting med online-shopping å gjøre, men jeg har funnet enda en fin side du kanskje ville likt: http://vi.sualize.us/(Den er sånn som WeHeartIt).
åååååååh! :D:D:Dsitter på etsy nå, og jeg har funnet så mye fint der, men jeg er veldig flink til å finne dyre greier :p Takktakk! Gleder meg til del 2 :D
Tusen takk for Etsy!
Kjempe fine tips :D Oj, må man ikke være atten for å få visa? Ojoj :P Men jaja, nå er jeg jo atten, så da går det for det samme :P Men skal tipse vennene mine jeg! :)
Kjempefine tips :)Du har vel handlet på play.com selv, regner jeg med? Og det er virkelig ingen frakt? Det er jo neste for godt til å være sant! Men en ting jeg lurer på (hvis du har noen dvd'er derfra): det er vel ikke mulig å få de med norsk tekst? Sikkert dumt spørsmål, hehe. Liker bloggen din!
http://blogsoft.no/trackback/ping/8745326