ostekakedag.

ca 125g smelta smør, 150g kjeks(eg brukte digestive og ritz), 600g philadelphia(vanleg, ikkje lett), 3 egg, 1 dl sukker, 3 dl bær, 2 dl solbærsaft, 2 blad gelatin.


knus kjeksa og bland med det smelta smøret. du treng kanskje meir smør og kanskje mindre, berre kjenn etter etter kvart som du blandar, om konsistensen fint kan pressast til å sjå ut som ein ostekakebotn, hih. smør ein kakeform og press kjeksblandinga i botnen.

bland philadelphia + 2dl bær + sukker + egg i ein bolle, og tøm det i kakeforma. steikast i ovnen på 125 grader i ca 45 minutt. når den er ferdig skal den stå i kjøleskapet til den blir kald.

når kaka har blitt kald(veldig viktig at ein ventar såpass lenge, ellers blir det mislykka), kan ein ta gelatinblada og legga dei i litt kaldt vatn til dei blir mjuke. i mellomtida kokar du opp solbærsaft(konsentrat). eg er så heldig å ha svigermor sin heimelaga solbær-bringebær-stikkelsbærsaft, og det var perfekt. når gelatinen er mjuk og saften kokar, tar du saften av plata og gelatinen oppi. rør rundt til gelatinen er smelta og utblanda. så tømmer du forsiktig blandingen over kaka. tøm den siste dl med bær på toppen og sett den i kjøleskapet over natta.

the first cheesecake i ever made that i'm not allergic to! lovely.
kommentarar:
Stikker innom for å ønske deg en fortsatt gooo sommer! :o)Ta gjerne en tur innom bloggen min for å sjekke ut dagens første innlegg/tema? ;*
gratulerer, pappa hjartesmil! ostekake er herlig.
jeg bruker en canon EF 50mm f1.4 usm :) men det er litt trist, for jeg tror den må på reperasjon snart. det er et eller annet med autofokusen som aldri vil sammarbeide, og den har tilogmed vært på operasjonsbordet for det før. men ellers er det er fint objektiv. (det så fryktelig godt ut!)
GRATULERER PAPPA HJARTESMIL!
Du glemte philadelfia osten i oppskriften! :)
Gratulerer til pappa hjartesmil ;D
gratulerer med dagen til hjartesmilpappaen. min pappa lager noe kakegreier med rabarbra og eple i dag. mm
namnam :) gratulerer, pappa hjartesmil!
gratulerer, pappa hjartesmil!
Gratulerer med dagen pappa hjartesmil! :D
gratulerer, pappa hjartesmil! :D
gratulerer med dagen, pappa hjartesmil!! :)
http://blogsoft.no/trackback/ping/9821267