om kamera og foto og sånn

eg får, kvar gong eg legg ut bilete eg har tatt sjølv, spørsmål om kameraet mitt og om utstyr og om innstillingar. så eg tenkte at eg ein gong for alle skulle skriva så alle kan sjå! praktisk vel?

(eg tar på meg alle typar fotooppdrag(det vera seg babyfotografering, vanlige portrett, konfirmasjonar, akt osv.), om du er interessert, mail meg på mariell.oyre@gmail.com for prisar og booking)

kamera

eg brukar eit canon-kamera, 40d. det er eit av dei semi-proffe til canon, så det er mykje større og tyngre enn til dømes 450d, 350d og 400d, som er av dei nyare amatørkameraa til canon. 40d har 10.1 megapiksel - men drit i det! eg veit at mange trur at jo meir megapiksel eit kamera har, jo betre er det. det er ikkje sant, og det frustrerar meg veldig at ein brukar det til å måla verdien på eit kamera. om du har tenkt å bruka kameraet ditt til å fotografera venner og fest og familie og bestilla 10x15cm store bilete for å lima dei inn i eit album, så har du verkeleg ikkje behov for så veldig mange megapiksel. mange megapiksel er fint å ha om du skal laga store bilete for å beholda oppløysinga på biletet. eg tykkjer heilt ærlig og oppriktig at lukkarlyden er viktigare! det er rart, men eg hadde aldri klart meg med eit kamera som eg ikkje likte lyden av.

objektiv

mange spør om objektiv, og det er viktig. veldig viktig. så viktig at de skal tenka veldig over det før de kjøper nye objektiv, for det er mange pengar og det er dumt å kjøpa noko som du ikkje veit om passar for deg. eg kjøpte eit 50mm f/1.8 tidligare i år, men det passa berre ikkje til meg i det heile fordi eg likar å ta augneblinksbilete, og det kan ein ikkje med det objektivet fordi ein må gå så himla langt ifrå for å få oversikt. det er, derimot, eit bra objektiv om ein driv med portrettfoto.

eg har per dags dato to objektiv som eg brukar om kvarandre. sigma 28mm f/1.8, som er eit macro-objektiv som eg har brukt til alt mulig det siste året: friday in the backyard
thursday night
big bang concert!
comptine d'un autre ete l'apres midi
nemlig. men det er altså eit macro-objektiv og kan brukast til det formålet òg. det som er teit med denne linsa er at den er så himla tung og svær. difor kjøpte eg sist veke eit nytt objektiv som eg ikkje har brukt så mykje enda, men er veldig nøgd med så langt,

canon 35mm f/2.0, som har tatt sånne bilete:
what they say doesn't matter to us anywaywhat they say doesn't matter to us anyway
09070948
0707093
eg elskar det! og det er så lite og søtt og enkelt å bruka.

innstillingar

eg pleier å bruka m-funksjonen på kameraet mitt, det vil seie at eg stiller inn alt manuelt, lukker og iso og blender og ja. det kan òg vera eit godt tips om du nettopp har fått deg kamera eller vil læra om korleis kameraet ditt eigentleg fungerar, å stilla inn på manuell, for da tvingar du deg sjølv til å forstå korleis dei ulike instillingane fungerar med kvarandre. angåande iso er det sjeldan eg har meir enn 400, for bileta blir så kornete. så om du brukar eit standard kit-objektiv med blendar som ikkje går under 3.5, og difor må bruka iso på kanskje heile 1600: kjøp eit nytt objektiv. for dei bileta kan sjeldan brukast til noko, og tåler så å seie ingen redigering i heile tatt.

redigering

eg skyter i raw og ikkje jpg fordi eg likar å ha full kontroll i etterarbeidet. alle kamera som har raw-funksjon får med eit redigeringsprogram som taklar formatet, men eg likar ikkje canon sitt program i det heile, og eg hatar iphoto. eg brukar for tida adobe photoshop cs4, og likar veldig godt å redigera raw der. da stiller eg som regel på eksponering, fyll-lys, mengda svart i biletet, fargar, skuggar, temperatur og ja. om du har eit kamera med raw-funksjon og har lyst til å prøve anbefalar eg å først fotografere i både raw og jpg, så du i tillegg får jpg-filene i tilfelle. også er det lurt å setta seg inn i kva raw er først. hih.

eit siste tips og ei oppfordring: kjenn kameraet ditt. kjenn utstyret ditt. det er berre dumt å eiga speilreflekskamera om du ikkje veit korleis du skal utnytta det til sitt fulle potensiale. ooog om det var nokon som lurte så selger eg bilder og ein kan kontakta meg på mail om ein har spørsmål om det.

er det noko meir de lurer på?


translation
about my camera, my lenses and editing. try the google translator(though i'm not sure it helps very much).

kommentarar:
posta av: johanne

det 35mm-objektivet, er det også en altmulig-linse?

10.jul.2009 @ 15:49
URL: http://regndans.blogg.no
posta av: hjartesmil

johanne: det har ikkje macro-funksjon, så det fokuserar ikkje så nære som macro-objektivet. men det er ganske fleksibelt, ja. :)

10.jul.2009 @ 15:57
URL: http://hjartesmil.blogg.no
posta av: Marit

Takk for et bra innlegg! :) Har det samme 50mm-objektivet, men er enig i at man må for langt unna i mange tilfeller. Funderer derfor på å kjøpe ett av de to du snakker om, men hvilket vil du anbefale mest?

10.jul.2009 @ 16:24
URL: http://hjertevill.wordpress.com
posta av: ina

enig i at lukkerlyden har en del å si! synes 40d (jeg har også det) har mye finere lukkerlyd enn f.eks 450d osv. har tenkt litt på å kjøpe 35mm, så gleder meg til å se flere bilder du tar med det. :)

10.jul.2009 @ 16:43
URL: http://www.kassiopeia.blogg.no
posta av: Malin

Fint bilde av deg og kjæresten !

10.jul.2009 @ 17:53
posta av: Marit

Hei! Jeg lurer på hvor du kjøpte 50mm objektivet ditt jeg? Jeg spurte om det på bloggen min tidligere i dag også, så hadde vært fint om du ville svart meg. Trenger det til august da jeg skal ut å reise, og vil ha et bra objektiv til da :)

10.jul.2009 @ 17:55
URL: http://maritfoto.devote.se
posta av: Varg

Det kan godt hende at jeg stiller inn blender, for jeg gjør alt manuelt. Men jeg vet ikke hva det er hvis man bare sier ; Bleder.

10.jul.2009 @ 18:17
URL: http://v4rg.blogg.no
posta av: Marit

Takk for svar!:)

10.jul.2009 @ 18:46
URL: http://maritfoto.devote.se
posta av: Mona

Jeg elsker de glitterbildene dine!

10.jul.2009 @ 18:50
URL: http://hyperballad.blogg.no
posta av: Alveline

Har du hatt ein blogg før denne?

10.jul.2009 @ 19:13
URL: http://galadriella.blogg.no
posta av: Røynis

Jeg kjøpte meg speilrefleks for første gang i går Nikon 5000D, takk for at du deler dine tips

10.jul.2009 @ 20:56
URL: http://roynis.ipublish.no
posta av: Martine

Så bra innlegg - kan tenke meg det er mange som lurer på dette! har akkurat fått meg mitt første speilrefleks jeg - og har masse å sette meg inn i! :) Men foto er gøy, og jeg bare gleder meg til jeg begynner å bli flink!

10.jul.2009 @ 21:32
URL: http://martii.blogg.no
posta av: i

noen ganger er jeg usikker på om jeg skal bli inspirert av at det finnes så flinke som deg, eller om jeg skal bli furten og sjalu og gi opp for alltid. jeg velger å inspireres, så tusen takk!

10.jul.2009 @ 22:06
URL: http://kreativeskapet.blogg.no/
posta av: Johnny H Fresh

fin blogg! likte det bildet der du blåste sånn sand!

10.jul.2009 @ 23:17
URL: http://jhfresh.blogg.no
posta av: Maja Piraja

Hei! Jeg snublet over bloggen din fra Martines blogg, og jeg elsker den! Og så gøy at du skrev en post om bildene dine, for de hadde jeg allerede rukket å bli nysgjerrig på :)

10.jul.2009 @ 23:18
URL: http://www.majapiraja.net/
posta av: B

det har ingenting med dette innlegget å gjøre, men bloggen din er den fineste jeg vet om! det er akkurat som å lese i en fin roman eller bla i en bok med fotokunst. :)

11.jul.2009 @ 00:13
posta av: Lena Mari

Bra og høyra at du ikkje er ein av dei som berre berre kjøpar seg dSLR og berre brukar Auto. Ikkje at eg har trudd da heller :)

17.nov.2009 @ 10:56
URL: http://agurkolat.blogg.no
posta av: Sunniva

trur du at nikkor 35 mm 2.0 vil bli det samme, berre for nikon kameraa? Eg har nikon d40x, men kan ingenting. Eg hatar å la kameraet støve ned sånn som det gjer no.

17.nov.2009 @ 15:03
URL: http://www.jigsaaw.blogspot.com
posta av: hjartesmil

Sunniva: absolutt. :)

17.nov.2009 @ 15:36
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: Linnpinn

guriland, som tante anne ville ha sagt. du tar så fine bilete. eg døydde mest når eg såg bilete av ho med kaleidoskop og som blåste stjernestøv.

17.nov.2009 @ 19:44
posta av: Else

ÅÅHH, jeg VET at du før har skrevet et innlegg om skolen du går på og fotolinja osv. Men nå finner jeg det ikke. Kan du hjelpe meg?:)

08.feb.2010 @ 19:24
URL: http://crossthoselines.blogg.no
posta av: Ida

åh, eg lurer på å kjøpe meg nytt kamera, 50d. Har 450 d nooo. Eg elskar foto, sant det e verdt det!?:) Får dårlig samvittighet dersom det ikkje er verdt det.

19.feb.2010 @ 17:45
posta av: lisabet

om man kjøpte seg et canon speilrefleks for 10 år siden, som ikke er digitalt.. og det bare ligger på en bod å støver ned, skal man bare kaste det eller tror du det noen sinne vil bli brukt igjen?

09.sep.2010 @ 09:14
posta av: hjartesmil

lisabet: prøv å selg det! :)

09.sep.2010 @ 11:46
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: lisabet

kanskje linsa er brukende til noe.. Men hvis du kunne hatt noen form for glede av det, ville du hatt det?

10.sep.2010 @ 01:17
posta av: hjartesmil

lisabet: absolutt.

10.sep.2010 @ 01:37
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: Julieowl

Jeg har også 50mm 1.8f, merker at det er slitsomt med så nærme! Så det 35mm hørtes fint ut (: det er fastoptikk ikkesant? hva annet er bedre på det objektivet en 50mm? Og hva blir den største forskjellen på bildene med 40d i forhold til 450d? har veldig lyst på et bedre kamera.. sorry for mange spørsmål, håper ikke det ble for mye.. (:

28.sep.2010 @ 13:12
URL: http://julieowl.blogg.no
posta av: hjartesmil

Julieowl: jepp, fastoptikk. det einaste som er bedre er at det for meg er enklare å bruka fordi eg kan ta det opp av veska og berre ta bilder uten å måtta gå to meter tilbake.

40d er eit semiproft kamera medan 450d er eit amatørkamera, så dei har vesentlig forskjell med tanke på innstillingar og moglegheiter ein har når ein tar bilder. du burde berre lesa deg opp om ulike kamera, finne ut kva ting betyr og sånt. det er viktig før ein brukar masse pengar på eit kamera.

28.sep.2010 @ 13:28
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: Kirby (thekirbsterh.blogspot.com)

hvor mye betalte du for canon 35mm f/2.0 linsa? :)

06.okt.2010 @ 23:34
URL: http://thekirbsterh.blogspot.com/
posta av: hjartesmil

Kirby (thekirbsterh.blogspot.c: rundt 2000 trur eg.

06.okt.2010 @ 23:52
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: Kirby

:O

Bra pris! Takk :D (da tror jeg jeg begynner å spare litt :)

07.okt.2010 @ 23:20
URL: http://thekirbsterh.blogspot.com/
posta av: Sofia

1. Elsker din blogg!

2. Tar ikke bildene dine stor plass? Sånn opplastings-messig mener jeg. Får ikke lastet opp mer enn 20 MB...

22.okt.2010 @ 11:39
URL: http://fromoslowithlove
posta av: hjartesmil

Sofia: ferdig redigert og sånn er dei kanskje ein halv mb.

22.okt.2010 @ 14:28
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: C h e y e n n e

Ser så sykt bra ut, VELDIG inspirerende!

12.nov.2010 @ 04:00
URL: http://kaffeshots.blogg.no
posta av: Odin

Du burde vel oppdatera her. Du hev ein Canon 5D Mark I, ser det ut som på biletet av deg sjølv? No brukar du vel 50mm 1.8 att av di 50mm er «normalobjektiv» for fullformat som du hev oppgradert til.

Brukar du stundom det gamle kameraet? Korleis var det å oppgradera til fullformat? Eg hev lyst til å gjera det sjølv. ... Ein gong. :P

12.apr.2011 @ 14:58
URL: http://velmont.no
posta av: hjartesmil

Odin: ja, det burde eg absolutt! eg har ein mark II. jepp, brukar 50mm.

eg har ikkje brukt det gamle kameraet sidan eg kjøpte fullformat, det føles liksom berre litt trist og blasst no.

12.apr.2011 @ 15:48
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: newhorizon

bildene dine er fantastiske, mariell o.o jeg ønsker meg noen av objektivene du har, men herregud - det skal mer til enn fotoutstyret for å bli så flink som du er :'D

28.mai.2011 @ 16:23
URL: http://www.newhorizon.blogg.no
posta av: Kjers10

Hei Mariell!

Først og fremst vil eg seie at bloggen din er den finaste eg veit om. Du tek fine bilete og du skriv om emne som ein vert glad av. er ikkje mange bloggar eg tykkjer er så interessante, men denne likar eg :)

men eg har nokre spm når det gjeld objektiv: (har ikkje fagspråket inne, så det får du berre unnskylde) Eg har eit canon 500D, kan ein bruke sånt 35mm objektiv som du har på det? eller er det for semiproffe/proffe kamera? det objektivet eg har no er 18 -250 mm, men eg vil ha eit til for å variere:) det eg tykkjer er negativt med det eg har, er at bileta vert ofte grå/fargelause,og ofte også mørke.bileta du tek er meir varme/behagelege å sjå på. har eg større sannsynlegheit for å få slike bilete med eit slikt objektiv? dette vart mange spm, håpar du skjønnar kva eg meinar og vil svare :)

22.jun.2011 @ 16:09
posta av: Kjers10

..men ja, eg skjønnar at mykje har med redigering å gjere sjølvsagt, men eg meinar sånn generelt, meinar å hugse du skreiv her ein plass at ein får meir lys inn om ein brukar slike objektiv? eller? haha, beklagar om desse spørsmåla er kjempedumme, men kan så lite teknisk om kamera og slikt og har fryktelig lyst å lære meir :) har forrestn lese redigeringstipsa du har lagt ut her òg no, tusen hjerteleg takk! har photoshop elements sjølv, men kan så lite(om det òg) og tykkjer det er vanskeleg å lære seg sjølv. og så har eg lese alle innlegga du har lagt ut i 2011 i løpet av dei siste dagane, for eg syns det er så spennande! takk for den fine bloggen, for inspirasjonen og for at du er du :) p.s. eg er frå lærdal, er nokre år eldre enn Jostein og hugsar han som ein liten gutunge som kunne å spele "yesterday" på piano på barneskulen. så kjekk han er blitt! og flink å lage musikk!

23.jun.2011 @ 20:05
posta av: hjartesmil

Kjers10: ein får veldig gjerne bruke 35mm på kameraet du har! eg ville kjøpt dét eller 28mm f/1.8. mine favorittobjektiv før! :) det viktigaste når ein vil ha fine bilder er å kunna kameraet sitt og vita kva ein driv med. også kva ein skal gjera med bildene etterpå. det kan ikkje pengar kjøpa. lykke til!

24.jun.2011 @ 00:09
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: Kjers10

takk for svar! :) då skal eg byrje å spare med ein gong. er blitt ganske flink til å ha kamera på M og stille inn sjølv i det siste, så lærer etterkvart, og eg likar det :)

24.jun.2011 @ 01:37
posta av: Kjers10

hei igjen! eg har kjøpt 35mm for ei stund sidan no, og det er kanskje det beste som har skjedd meg. ei heilt ny verd opna seg, og eg vart kjempeinspirert til å ta bilete igjen! tusen takk for tipset <3

ellers er eg nettopp ferdig med å lese igjennom rubbel og bit av bloggen. så veldig inspirerande! og eg vert så glad. og varm inni meg. tusen takk for at du bloggar. du er så fin

og det er fredrik òg, kan eg få bli venn med han eller? han er sånn som eg syns virkar spennande. og ser spesiell(finspesiell) ut så eg vil ta 1000 bilete av han.

takk i alle fall <3

over og ut

17.okt.2011 @ 15:27

kommentarar som er krenkande mot meg eller andre vil ikkje bli publisert.

skriv noko fint her:
namn:
hugs meg!

epost:


blogg / heimeside:


kommentar

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/9991317