del ein

har du en bok du aldri blir lei, som du leser om og om og om igjen?
det har eg faktisk ikkje, for eg har så dårlig tid heile tida. så eg leser masse nye bøker. men om kanskje ti år vil eg lesa opp igjen mange av bøkene eg har lest i det siste, til dømes history of love, extremely loud and incredibly close, saman er ein mindre aleine. ja. mange.

hva slags type musikk liker du å høre på?
vel, eg høyrer på alt mogleg. om ein følger litt med på spotify-spelelistene eg legger ut av og til, kan ein få eit bra bilete av musikken eg høyrer på.

har du en favoritt artist?
om det skulle bli ein, måtte det vore damien rice. men eg elskar så masse. ingrid michaelson, radiohead, kent, yves montand, bob dylan, lykke li, yann tiersen, mogwai, john mayer, beirut, final fantasy. ja. veldig mange.


vet du hva du vil bli når du blir stor?
eg skal bli fotograf!

bor du langt vekke fra en eller annen by, altså, bor du på "landet"?
eg bur i det som ville heitt ein landsby om det var ein definisjon som var rådande i dag. eg bur ca tre timar frå bergen.


om du fikk en tur-retur billett med tidsmaskin, hvor i verden og til hvilken tid ville du reist, og hvorfor?
å, det er så vanskeleg å seie! akkurat no ville eg reist til versaille på 1700-talet og vore bestevenn med marie antoinette. men for det meste... førtitalet. eller kanskje femti. for kjolane, sjølvsagt! og håret. og hattane.


hva er ditt skjulte talent som du har funnet?
eg kan spela musikk med tunga. liksom, eg rullar tunga til ein u og bles, og da fungerar den som ei fløyte.

hva skal du bli? fotograf?
jepsi pepsi!

sist du kunne vert et dyr, hvilket dyr ville du vert?
då ville eg vore eit slender loris så eg kunne vore så søt:


favorittbloggere, favoritt bøker, favorittfilmer + favorittband/artist?
favorittbloggar:
vintageportalen

favorittbok:
extremely loud and incredibly close av jonathan safran foer

favorittfilm:
harold and maude

favorittartist:
damien rice


hva er den fineste tingen du har?
å, det er vanskeleg. eg likar alle kleda mine. og sløyfene mine og blomane mine og bøkene mine og filmane mine. men kanskje akkurat no er det det nye gamle kameraet mitt frå 1929.


hvorfor skriver du bare med små bokstaver? jeg syns det er så himla fint, men har ikke helt turt å gjøre det på min egen blogg enda, i frykt for at det bare er "din greie". hehe
fordi eg ikkje tykkjer at nokre bokstavar skal få vera store medan resten skal vera små. men om eg hadde skrive med store bokstavar skulle eg ha skrive kjærleik med stor k.

hva heter han finingen din?
jostein heiter han som oftast. men han heiter mykje anna òg.

hvorfor skriver du nynorsk?
fordi eg har gjort det heile livet og fordi eg meinar det er viktig at folk får skriva nynorsk om dei ynskjer det, i og med at det faktisk er eit likestilt skriftspråk med bokmål. eg er så glad for alle dei som har sagt til meg at eg har gjort nynorsk til noko fint for dei, og at eg gjer det enklare for dei å lesa nynorsk på skulen. det er eg så så så så evig glad for.

hvilke blogger leser du selv?
eg leser dei bloggane som står i linkelista mi i menyen til høgre. :)

bare lurer på hva du syns om økologiske og naturlige produkter jeg :)
eg tykkjer det er fantastisk at det finst eit tilbod om det, at det finst folk i verda som bryr seg så mykje at dei produserar økologisk mat og hadde berre ete det om eg hadde hatt pengar til det.

kommentarar:
posta av: tinekatrine

jeg har heller aldri likt store bokstaver blandet med små.

15.jul.2009 @ 14:10
URL: http://hysj.blogg.no
posta av: katarina

hahha, for en herlig skapning!

15.jul.2009 @ 14:47
URL: http://thesoilworker.blogspot.com/
posta av: Emma

jeg kan også spille musikk med tungen når jeg ruller den til en u :)

15.jul.2009 @ 17:35
posta av: Camilla

jeg liker svarene dine :)er faktisk enig om det med nynorsk. og det er bra!

15.jul.2009 @ 20:22
posta av: Toggy

Nynorsk er vakrere og finere enn bokmål. Jeg elsker det, men jeg er ikke så flink til å skrive det selv.

18.jul.2009 @ 20:16
URL: http://www.andthedinosaurs.wordpress.com
posta av: Birgit

Det dyret der var den største luskeskapningen eg nokon gong har sett. :) SÅ KOS!

20.jul.2009 @ 00:44
URL: http://www.shoops.wordpress.com
posta av: Birgit

...og når det kjem til "hvorfor skriver du nynorsk", er ikkje det eit spørsmål ein kan stille seg om ein skriv bokmål? Svaret er vel like sjølvsagt... Eller?

20.jul.2009 @ 00:46
URL: http://www.shoops.wordpress.com
posta av:

"once upon a time there was a boy who loved a girl and her laughter was a question he wanted to spend his whole life answering". the history of lover er for fin.

20.jul.2009 @ 01:03

kommentarar som er krenkande mot meg eller andre vil ikkje bli publisert.

skriv noko fint her:
namn:
hugs meg!

epost:


blogg / heimeside:


kommentar

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/10069144