spørsmål og svar, del to
den finaste staden i verda er litt sånn rundt der svingen for det gule krysset og over haugen. (eg veit ikkje enda)
hva er det vakreste noen kan gjøre for deg?
gjera noko som er kun tenkt for å gleda meg heilt sånn enkelt og kvardagslig. til jul i fjor fekk eg jo det flotte akvariet mitt frå christine, og det gløymer eg aldri. det burde vera meir folk i verda som gjer ting kun for å gleda andre.
hva er det vakreste man kan gjøre mot noe menneske?
ein kan høyra på kva den personen seier og berre kjenna dei ut ifrå det. eg har fått gåver som eg har ønska meg kjempelenge men som eg trur eg ikkje har sagt til nokon, men dei har berre visst det. at det var det eg ville ha. og det er så fantastisk. og brev er så fint å få. eller berre å spørja nokon om dei treng hjelp til noko. den største gåva ein kan få er å vita at ein har nokon ein kan stola på.
hvilken sang er den fineste i verden?
yann tiersen - comptine d'un autre ete l'apres midi
om du skulle gjøre èn ting resten av ditt liv, hva ville det vært?
det ville vore heilt grusomt kjedeleg. men plukka blåbær kanskje? eller bretta origami.
jordbær med fløte eller is?
hih, eg tåler ingen av delene, så eg likar jordbær mest med melk eller kanskje vaniljesaus.
har du en drøm om å få besøke et land, i så tilfelle, hvilket?
japan! og mosambik. neste sumar skal eg til kenya, og det gler eg meg til heilt vanvittig.
favorittårstid?
hausten!
hva er din største drøm?
å kunne leva av kunsten. det er litt vanskeleg når ingen er villig til å putala noko særleg for kunst i dag.
gruer du deg fortsatt like mye til å flytte til Oslo? Det trenger du i såfall ikke å gjøre, for Oslo er ikke så ille som mange tror :)
nei, no gler eg meg berre! tenk at eg skal flytta inn med kjæresten min da.
hva engasjerer deg? hva brenner du for?
feminisme. nynorsk. anti-rasisme. miljø. homofile sine rettigheiter.
kva er den absolutt finaste sofa-augeblinken du har hatt?
det hugsar eg ikkje, men det må nok ha vore medan eg har sove. av ein eller annan grunn så søv eg heilt fantastisk godt om eg berre sovnar utan å merka det i ein sofa.
hva har du aller mest lyst på akkurat nå?
ein flybillett til paris! eigentleg ein is. mango eller mint.
hvis du vant en million kroner, hva ville du gjort da?
då ville eg ha kjøpt ein fantastisk leilighet med han der fine i oslo.
hvilket land liker du best?
eg har ikkje vore utanfor europa enda, men eg elskar england. og frankrike. og ungarn.
hvilken farge syns du er finest?
grøn og raud. og fersken!
åh, kan du ikke vise hvordan du har laget stearinlyspynthårnålene dine? noen ganger ser det ut som du har klipt dem i to nemlig. og noen ganger ikke. mine ser bare rare ut, så jeg lurer vel egentlig bare på om det er noe hokus pokus, eller om jeg bare ikke kler det noe særlig.
det kan eg gjerne visa ein dag! det er lett som ein plett, men ein treng limpistol og skikkelege klemmer.
og så lurer jeg litt på hvordan favorittskoene dine ser ut.
det er så mange som spør om skoa mine. eg har ingen sko. eg har eitt par som eg brukar fast, og dei ser sånn ut.
kan du fortelja om den beste dagen i ditt liv?
eg veit ikkje kva det er enda. men eg lovar at det har noko med kjærleiken å gjera. smil.
korleis hadde heimen din sett ut dersom du fekk bestemme korleis han skulle sjå ut?
sånn.
hva gjør du for å bli glad igjen når du er lei deg?
eg prøver å gjera noko. lesa ei bok eller sjå ein film eller laga fine kaker. det er ingenting som hjelper så mykje mot å ha det vondt som å kna ein deig. i alle fall lite.
bruker du sukker i teen?
eg brukar honning!
hvis du skulle vært en annen, hvem ville du vært?
eg likar å vera meg, eg! men om eg måtte, så ville eg ha vore bird i history of love.
hva gjør du når du kjeder deg?
eg flickrar og bloggar og skriver dikt og små historiar.
dersom du vart nødd til å bu ein stad resten av livet ditt, kvar ville det vere?
i new york. for der trur eg at ein aldri kjedar seg uansett kor lenge ein bur der.
kva betyr hjartesmil, og kvifor kallar du bloggen din det?
hjartesmil tyder som det heiter. eit smil frå hjartet. bloggen min heiter det fordi det er det eg vil bruka den til. å få folk til å smila frå hjartet. den fyrste bloggen min heitte faktisk hjertesmil. tenk kor krise det hadde vore!
kva synast du om bokmål?
eg tykkjer bokmål er eit fint skriftspråk, og eg likar å skrive bokmål når det høver seg. eg hadde faktisk betre karakterar i bokmål enn nynorsk på ungdomskulen! tenk det. eg er nemlig ikkje av dei nynorskfolka som hatar bokmål.
har du lært noko nytt i det siste?
eg forberedar meg litt til franskkurset eg skal ta i haust, og driv derfor på med litt små franske gloser. kanskje eg skal skriva nokre små franske ord her ein dag? også har eg nettopp laga mat i stormkjøken for fyrste gong, så det har eg lært. og i dag har eg lært at pandabjørn heitte bambusbjørn og koalabjørn heitte eukalyptusbjørn før.
likar du fiskebollar i kvit saus?
eg elskar det! med karri. og rødbetar.
jobbar du denne sommaren?
nei, det gjer eg ikkje. eg prøver å få til ei utstilling og å selga litt bilete, men folk vil som sagt ikkje putala for kunst i våre dagar.
føler du deg nokon gong redd for å miste han fine eller føler du deg heilt sikker på at de kjem til å vere ilag for alltid?
eg trur at det sekundet ein sluttar å vera redd er det sekundet ein sluttar å elska. ein må vera redd. om ein ikkje er redd er ein likegyldig. men eg veit at me skal vera saman resten av livet, det er ingen tvil. men eg er redd når han er ute og reiser aleine, eg er redd når han tek fly eller køyrer buss eller ikkje tek telefonen. det tyder jo berre at ein elskar.
nådde du noko mål veka som var, brukar du sette deg mål?
det trur eg ikkje eg hadde, og eg gjer som regel ikkje det. ikkje tidsbestemte i alle fall. men eg skal læra meg å laga fantastiske suppar frå botnen av. og saus. og eg skal læra meg fransk.
trener du, og i så tilfelle kva?
eg trenar til vanleg pilates eit par gonger i veka.
kva liker du best av badedrakt og bikini?
grøss og gru, ingen av delene. eg tykkjer begge deler kan vera fint, da.
har du og han der fine eit kosespråk saman?
ikkje vårt eige, nei. men me snakkar tullespråk. tulleengelsk og tulletysk.
er du flink å synge/likar du det?
eg trur eg er det, eg var i alle fall det, men eg slutta å synge då eg fann ut at eg var kjæreste med ein musikar. no syng eg av og til, når eg får lyst. i dag sang eg og han der fine på veg inn til byen. me sang englishman in new york(han sang saksofon- og trommedelane) og fifty ways to leave your lover.
hadde du ete ein svær rå snigel om du fekk 1 million?
absolutt!
har du vore misunneleg på nokon i det siste?
alle som reiser på ferie er eg misunneleg på!
kvifor likar du hausten så godt?
fordi det er så himla fint lys for fotografering og ein kan gå ute utan ytterjakke utan at det er kaldt og utan at det er så varmt at ein dør.
er du sjenert eller frampå?
begge deler! det kjem heilt an på kven eg er med og kven eg snakkar med.
hvis du hadde kunnet reise tilbake i tid, hvilken tidsperiode skulle du ha reist til?
å, eg anar ikkje. kanskje eg skulle ha vore ei kul filosofdame.
hvis willy wonka eksisterte på ekte og du, kjæresten din, vennene og familien din fikk tilbud om å bo i fabrikken hans, ville du ha takket ja?
absolutt! jaffal om han eigentleg var johnny depp.
har du lest gutten i den stripete pyjamasen? hvis ja, hva synes du om den? hvis nei, les den!
eg har sett filmen og elska den og grein som ein beibi. eg burde lesa boka òg.
synes du femtiøringen, enkronen, femkronen, tikronen eller tyvekronen er penest?
eg tykkjer dei norske myntane er ganske stygge, eigentleg. men femkrona får meg til å føla meg som seks år igjen.
hvordan undertøy bruker du? (oi, det hørtes visst ganske perverst ut, men er ikke sånn jeg mener det.) jeg mener, det fins så mye fint undertøy og blonder og fint og kunne du kanskje skrevet om det en gang?
eg brukar truser som ser ut som kaker og bhar som ikkje øydelegg stoffet i kjolane mine, altså "usynlege" bhar, om eg ikkje berre går utan. om eg fekk det som eg ville skulle eg ha berre agent provocateur-undertøy, og litt victoria's secret-truser. og ja, det går det jo sjølvsagt an å skriva om. i dag har eg på meg ei truse som får meg til å føla meg som pippi langstrømpe, med stor sløyfe bakpå. og når eg er sjuk eller trist har eg ei sjuketruse. som er ei skikkeleg burlesk-truse som er heilt fantastisk.
jeg lurer litt på om du er forlovet?
ikkje sånn offisielt, nei. :)
hva skal du få med deg på Moldejazz?
på moldejazz har eg så langt berre sett bugge wesseltoft, fordi eg har så altfor lite pengar og heller brukar dei eg har på fretex og strømpebukser. men eg reiser kanskje på jaga jazzist på laurdag og kanskje på supersilent i kveld.
kjære mariell, hva gjør du på tunge dager? hvordan kjevler du vekk vonde mageklumper? kan du blåse vekk tunge skyer og enda tyngre tanker?
eg bakar småkaker og spiser dei opp, alle sammen. helst små hjarteforma med rosa glasur på. eller kaninforma, da spiser eg opp hovudet fyrst. eller eg ser filmar som får alt til å verka fint, som mr magorium's wonder emporium. også pyntar eg meg veldig, og kanskje eg drikk litt vin i eit fint glas. også pustar eg.
hva er det som gjør deg reddere enn noe annet?
miljøkrisa. og bruer. eg er livredd å gå over bruer fordi eg er heilt sikker på at dei kollapsar under meg.
hva ville du gjort om en mann lå på gaten bevisstløs(ikke at han bare sover altså) og du ser at det er en uteligger?
eg ville sjølvsagt ha hjulpe han, kva anna skulle eg gjere?
kunne du tenkt deg og hatt fosterbarn?
ja, det kunne eg tenkt meg når eg blir eldre, og det er faktisk noko eg har tenkt mykje på.
har du noen gang hatt depresjon? i så fall hvordan kom du over det, eller sluttet det bare av seg selv?ein lang periode i livet mitt var berre eit svart hol som eg trudde eg aldri kunne komma meg ut av. eg fekk hjelp av psykologar og profesjonelle, men eg følte at det berre vart verre av det. så eg kutta dei ut og berre bestemte meg for at eg ikkje kunne ha det sånn lenger. for det som er positivt med å føla seg heilt nede er at det berre er oppover å gå. så da gjorde eg det. og det er verkeleg noko av det vanskeligaste eg nokon gong har gjort, men eg klarte meg. eg seier ikkje at det er enkelt eller at ein ikkje skal oppsøka hjelp, men berre at ein kanskje må gå meir i seg sjølv av og til og finna ut om ein er i stand til å klara det aleine. det første smilet ein meinar er det første steget. så den første latteren. så den første stunda ein kan gå i eit par timar utan å ha det fælt eller ønska seg heim under dyna igjen. mennesket kan klara dei heilt utrulege ting.
hører du mye på musikk? hva slags? favorit artist(er)? kunne du eventuelt laget en spotify playlist med det du synest er aller finest å hørre på?
eg har skrive over her om mange artistar eg elskar, men eg kunne sjølvsagt laga ei speleliste med berre favorittsongane mine!
hvilke(t) fag var du flinkest i på barneskolen og ungdomsskolen?
engelsk, norsk og samfunnsfag. eg lærte meg engelsk frå barnehagen av, for eg gjekk i barnehagen berre annakvar dag. og dei dagane eg var heime såg eg på amerikanske såpeseriar og memorerte glosar. så eg har alltid hatt betre karakterar i engelsk enn i norsk. i samfunnsfag var eg skikkeleg plagsom for alle dei andre, for eg skulle alltid diskutera om abort og om rasisme og om mobbing. stakkars klassen min.
hva heter din beste venn?
min beste venn heiter jostein. og trine marie. og christine. og fredrik. og crista. og katy.
hvordan hund vil du ha hvis du skal ha en?
eg har tenkt på det i det siste, faktisk. og den skulle anten vore kjempeliten eller kjempestor.
hvilken farge er yndlingsfargen din?
raud, grøn og fersken.
bruker du mye tid på bloggen din?
ja! blogginga i seg sjølv tek ikkje så mykje tid, men det er mykje anna. sponsorar til konkurransar og søknadar og epostar og ja. mykje tid.
hvorfor startet du å blogge?
etter kvart fordi eg trengte ein stad å uttrykka meg, visa meg fram. men sikkert eigentleg fordi eg kjeda meg ein dag, hih.
hva er det fineste ved å blogge?
lesarane! og alle kontaktane og venene eg har fått gjennom blogginga. fine kommentarar kan gjera heile dagen min, og teite kommentarar kan øydelegga.
hva gjør en bra blogg bra?
eg er veldig kresen på bloggar, og likar helst bloggar som er veldig like min eigen. som bloggar om klede og vintage og det dei tykkjer er fint og om kvardagen. og det er så himla viktig at bloggarar faktisk bryr seg om lesarane sine.
legger du mye arbeid i fotografiene dine? (Man ser jo det, men hva syns du selv?)
ja, det gjer eg. kanskje ikkje så mykje som dei fleste fotografar, men eg brukar mykje tid på å tenka ut idéar og redigering. det spørs litt kva du meinar med arbeid?
hvor mange ganger spiser du daglig?
eg pleier å eta når eg er svolten.
liker du Jens Stoltenberg?
ja! eg tykkjer han er så himla kjekk. også tykkjer eg han er flink og utruleg sympatisk og karismatisk. og eg vil verkeleg at han skal halda fram som statsminister, for eg tykkjer han har gjort ein god jobb og han har stått for dei valga som regjeringen har tatt, og han er inne i ein god stim.
hvilket parti stemmer du?
vel. eg er engasjert i feminisme og miljøsak og anti-rasisme og homofile sine rettigheiter og ja. you do the math. eg er meir raud enn blå, for å sei det sånn. men akkurat no er eg like forvirra som alle andre.
se for deg at du vinner 5 millioner i lotto, hvordan ville du ha fordelt pengene?
eg hadde hata å vinna så mykje pengar. verkeleg. grøss og gru. eg hadde brukt det eg trengte på ein leilighet til meg og han der fine, og resten ville eg ha gitt til nina children home i kenya, som er ein barneheim starta av ei dame frå årdal, der eg er ifrå. og det er dit eg skal neste sumar.
hva slags klessplagg liker du best å ha på deg?
kjolar, vel!
hvilken film liker du aller best i hele verden?
harold and maude!
når kjem du på besøk til sogndal?
akkurat når eg kan!
kommentarar:
du er en fin person. vet du det?
Jeg synes også at Jens er kjekk! De ler av meg når jeg sier det. Godt å høre at noen andre (utenom min mor) også synes det. Høhø.
Eg får lyst å sette inn pengar på kontoen din! Berre synd at eg også er(nesten) blakk. Synes du fortjenar å få handla alt du vil og gå på alle konsertane du vil:)
blir så glad av å lese om hva du tenker, hva du liker og hva du vil. Du virker som et virkelig fint, oppegående og interessant menneske. I tillegg har du masse talent når det gjelder å uttrykke deg og ta bilder.
jeg sover også utrolig godt i sofaer. det er litt rart.
Åh, så flott at du skal til Kenya! Der har jeg nemlig vært for noen måneder siden, i Nairobi, Kisumu og Mombasa, pluss at vi har kjørt igjennom hele Kenya da :) Jeg var der nede med flere elever også hjalp vi folk i slummen, blant annet i en barnehage der. Utrolig spennende land og kultur og mennesker og alt! Om du vil ha noen tips til hva du burde se og gjøre, eller slikt så kan du jo sende meg en mail eller noe? Om du vil da :)
du får nok ingen fantastisk leilighet i oslo for bare en mill er jeg redd
tusen takk for svar! det er så koselig å vite at du virkelig tenker over svarene dine. og ja, det var den type arbeid jeg mente :-)
åhh, kenya. var der i høst. fantastisk opplevelse. og jeg liker det du brenner for. for det brenner jeg for også.
hvertfall 80% av det eller noe :p
"eg er engasjert i feminisme og miljøsak og anti-rasisme og homofile sine rettigheiter og ja."Dette likte jeg! Jeg liker også resten av den søte bloggen din :)
m: eg er ikkje dum. eg veit det.
Jeg syns at du godt kunne slenge med et par franske gloser av og til, nydelig språk! (Selv har jeg glemt det lille jeg lærte på VG1.)
Jeg vil gjerne lese noen av de små historiene du skriver når du kjeder deg. :)
Eg er glad for at du likar hausten best, for hausten er finast, og du og eg er dei einaste personane i heile verda eg veit om som likar hausten best(,men eg brenn eigentleg ikkje for å finne ut om folk likar hausten best.:D)
http://blogsoft.no/trackback/ping/10070697