om min beste venn

dette er trine marie. ho er min absolutt beste venn i heile verda. trine marie flytta hit på barneskulen ein gong, og ho var den einaste som ikkje visste korleis dei andre ungane var mot meg og syns om meg, for ho var eg eit blankt ark og for meg var ho ein venn. me var kjemperare saman, me brukte friminutta på skulen til eit slags gymnastikkopplegg, ho sprang mot meg kjempefort og eg skulle løfta. eg anar ikkje kvifor, men sånn vart det. eg hugsa at eg likte ho så godt fordi ho såg litt ut som ei mus i ansiktet(for ho gjorde det då ho var yngre), det var liksom så trygt sånn. me var ikkje like i heile tatt, ho sang og eg las bøker, og sånn er me i stor grad enda eigentleg.
i dei to åra ho har budd vekke no(ho har gått på uwc) har eg innsett kor fint der er å ha ein sånn person, ein som berre bryr seg om det ho vil, som spradar rundt naken framfor kameraet mitt, som ein kan ha høglydte diskusjonar med om abort og dødsstraff og prinsipp og som samtidig rapar høgast av alle i heile verda. første gongen ho hadde hatt sex stjal me ein kniv og rissa inn datoen i eit tre, i fjor sommar sykla me ein halv mil, drakk oss fulle i teite parykkar og sykla heim igjen(det er der desse dansebileta kjem frå). i går lurte me ei gammal dame til å låna oss drivhuset sitt. eg veit eigentleg ikkje kva eg prøver å seie, eg vil berre at de skal bli litt meir kjent med ho som kan gjera alt betre. ho som vart vegetarianer over natta, som syr marilyn monroe-kjolar, som elskar så intenst som eg aldri har opplevd før, som aldri er redd for å syna følelsar(ho griner berre nokon seier "i love you" på tv, hihi) og som aldri er redd for å ytra meiningane sine. det høyrest kanskje cheesy ut, eg veit ikkje, eg trur ikkje eg bryr meg om det heller. kjærleik blir ofte sånn i ord. men fy som eg gler meg til dette skuleåret, for ho skal bu ein halvtime unna. reine luksusen, ein kan til og med ringa til kvarandre.
kommentarar:
Det går vel an å være venner med folk som ikke alltid skal ha så sterke meninger og skal diskutere også? Man er jo menneske og kan være klok og en god venn selv om man ikke nødvendigvis liker politikk? Bare spør..
Sånne mennesker liker jeg.
anonym: eg seier ikkje at eg alltid diskuterar og pratar politikk med mine venner, men det er viktig for meg at eg blir stimulert av folk eg er rundt, ellers mistar eg interesse for dei om det kun er overfladisk. for om det kun er overfladisk blir dei aldri mine venner, sånn er det berre. for meg.og det er ingenting som heiter "å ikkje lika politikk". det er det berre ikkje. uansett kor lite engasjert ein er, vil ein alltid ha ei formeining om korleis ein vil ha det i landet sitt. folk som seier at dei ikkje bryr seg om politikk men samtidig vil ha gratis læremiddel på skulen, har berre ikkje heilt skjønt at alt henger saman.
og ps: ut ifra resten av innlegget kan ein vel sjå at eg ikkje berre diskuterer og snakkar politikk med mine venner? eller gadd du ikkje å lesa alt?
Mine beste venner heter Fred, Toast og Dea. Fred har kort, lyst krøllete hår og grønne øyne. Hun har en gammel hund og et grønt rom. Hun kan jeg le med og vi diskuterer mye. Kjærlighet og religion og politikk og klær. Toast er liten og har mørkt hår, nøtteøyne og brun hud. Hun var egentlig en indianer. Hun elsker å danse og hun danser og danser og danser. Så er hun redd for mange ting, så kan jeg trøste henne. Dea er høy og med lyst langt hår. Hun liker gutter veldig godt og hun snakker mye om det. Hun er også den tøffeste jeg vet om og vi kan krangle skikkelig og det er fint.
Elskar håret!
Det virka som ei fantastisk jente! Skjønna godt at dåkke er gode venna :)
aaahh... Mariell.
Hun må være skikkelig fin som fortjener en så fin hyllest!
tack för paketet sötnos. kolla i min blogg, hi hi ♥
Det virkar som ei god og sprudlande venninde:) Eg har venninder som gir katten i politikk og evt andre ting eg skulle vere interessert i, men som eg har kjent heilt livet og som eg tilpasser meg til alt ettersom fordi eg er glad i dei:)Men eg berre seier ifrå at no snakkar vi om noko anna hvis dei tar heilt av med tullball:)Eg synes ikkje at dei er kjedlege fordiom, men eg forstår kva du meinar med at ein måbli stimulert til ei viss grad for at ein skal gidde. Men eg kjenner veldig få som er så overfladiske at eg ikkje orkar vere venn med personen. Det var ei i klassen min i fjor som virka mindre intelligent og derfor aldri forstod kva eg snakka om, ho kunne eg aldri vore venn med. Einaste ho brydde seg om var at kløfta var stor nok og at sminken satt riktig. Så ho vart godt dynka av russen stakkar!
Åh, eg fekk nesten lyst til å invitere ho heim.
En san venn vil jeg ha.
Jeg tror ikke det er så mange folk som ikke bryr seg om politikk i det hele tatt. Selvfølgelig finns det i forskjellige grader, f.eks. leser jeg fem aviser om dagen, men jeg er ikke aktiv selv (annet enn demonstrasjoner nå og da, og diskusjoner med folk over øl). Alle har jo litt peil!(Eller så er jeg bortskjemt med å bare omgås smarte, oppegående, kreative mennesker, at jeg tror alle andre også er sånn).
Er det ho som er i Wales eller noko?:-)
Så søt venninne du har (:Min beste venninne begynner på UWC i høst. Blir rart. Litt fint óg, Hong Kong er et stort sted.
du er så fin du, Mariell!
for ei fin venninne du har! skulle ønske min tidligere besteste bestevenninne ikke ble helt crazy etter å gått to år på uwc, og at hun fortsatt var i livet mitt. hun er ei sånn ei som syns det er greit å bli tatt nakenbilder av, hihi. kanskje det er litt sånne mennesker som går på uwc?
hun høres fin ut. jeg må også ha sånne mennesker man kan snakke med om politikk og krig og fred og alt det der (eheh), for hvis ikke blir jeg lei meg. rett og slett skikkelig nedfor.
forresten: spotify:track:4IeiGZgqti4ClgVlTyhmFyjeg tror på mennesker som brenner :)
Mariell, vil du bli med når eg skal tattovera meg? Eg trur eg skal gjere det 17. august i Sogndal. Eg har tenkt på 3 forskjellige. fisken, peace tegn og ein g-nøkkel. samtidig liksom.
Kjempefint!
söt tjej :)
Det må være en de fineste innleggene jeg noen gang har lest. Det var helt fantastisk skrevet av deg!
Så utruleg fint skrive om det som høyrest ut som ein utruleg fin person!
høres ut som ein søt venn:)du skriv fint!
http://blogsoft.no/trackback/ping/10315544