sukkerspinn

trine marie
min beste venn gjennom veldig mange år. ho var den første på min eigen alder som lot meg vera så rar som eg var, og det gjer ho enda. ho er smertelig ærlig og herlig sårbar og er aldri redd for å visa korleis ho har det, aldri redd for å gjera det ho må for å ha det bra. ho kjenner meg bedre enn dei fleste. klippa mi og sola mi og stjerna mi. og kva slags fotograf er ikkje ekstatisk over å ha ei bestevenninne som elskar å kle seg naken framfor kamera?

christine
utan christine trur eg at eg aldri hadde komme gjennom siste året på vidaregåande. me har vore ekstatiske saman, me har jobba til me sprakk, me har gøymt oss i krokar på skulen for å vera sinte. det er så herlig å vita at ein berre kan ringa når som helst berre for å prata eller for å vera hysterisk, og at ho kan gjera det samme. ho får meg til å le så hardt at det kjem cider ut nasen. kven andre kan skryta på seg det, liksom.

fredrik
dei siste to åra har eg vore så himla heldig å få bu med fredrik. han er gal i hovudet og eg elskar det. me drakk oss fulle og sykla på onsdagar, innreda dusjen på festar, hadde dei mest fabelaktige samlingane i hagen. eg sa aldri hadet når eg reiste frå hybelen for siste gong, for det var ikkje nødvendig. det var poetisk i sin enkelhet, for eg kjem til å elska fredrik til eg dør. og han blir aldri kvitt meg.

sonja
sonja er berre så himla fantastisk god og prøver alltid sitt beste for at folk rundt ho skal ha det bra. ho er hysterisk morsom og veldig smart og me kan samtala og diskutera om intrikate ting eller til dømes hentesveis. sonja er så morsom på den måten at ho henger seg opp i noko. som når ho kom heilt i svime på skulen fordi ho hadde sett alt ho kunne finna om titanic på youtube(etter å ha sett den endeslause lange filmen i seg sjølv) heile natta. eg saknar sonja så himla mykje.

ingvild
herleg! herleg! herleg! ingvild er så morsom at eg dør, og eg elskar at ho blir fullstendig opphengt i nokre ting over lengre periodar og det er nesten umulig å snakka om noko som helst utan at ho drar samtalen inn på obsession of the week i hovudet hennar. ho er berre glede og ein god lyttar. men ikkje berre. for ho er vidunderleg.

oda
onsdagskveldar med oda kjem til å bli så sakna i åra som kjem. det var ugly betty og lakrisfudge heile vegen. eg og oda er så like fordi ho er óg fullstendig irrasjonell og finner på alt mulig rart og det elskar eg i ein person. finare enn varmluftsballongar og teikningar av anatomiske hjarte og matthew grey gubler. tenk det.

pia
så. himla. vakker. pia har eit av dei største hjarta eg veit om. eg vil gjera ho om til ein sånn figur i eit smykkeskrin så eg kan dra ho opp og sjå på ho dansa heile dagen lang.

johnny
for typ seksten år sidan låg eg og johnny under senga hans og leikte med bilar. og for femten år sidan satt me under verandaen med fisher price-kassettspelar og knekkebrød med brunost på piknik. johnny har vore min beste venn heile livet og eg saknar han. hjartevondt.

janne
janne er som lille my. berre sprudlande og glad. ein gang skal eg ta opp janne sin latter så de får høyra.

an entry about my friends.
kommentarar:
Aw, gode venner er gull verdt!
gode venner, gjør livet til livet ^^uff, ikke morro å flytte fra venner (akk. gjort det selv) meen, det possitive er at man blir enda gladere når man ser dem
Søtt innlegg:) er ikke du venn med en som heter Marie fra årdal? Skal ikke skrive etternavn her, men jeg kjenner henne litt før og trodde dere var venner. Jaja:)
så hærleg søte!
åh, du får hälsa din vän pia att en sötare tös får man nog leta efter!
takk for at du gjorde denne dagen litt bedre!
takk for at du gjorde denne dagen litt bedre!
INA!/Sirivipp/anonym: du må vera absolutt forstyrra. eg veit framleis at du bur på årdalstangen. the beauty of ip-adresser.
å så mange fine venner.
Slike venner er gull verdt. Slike venner er det kjipt å reise fra.
Superfint!
Eg elskar deg!
Eg synes Pia ligna på Cameron Diaz:) Virkar som du har herlege vener ja!
hver dag må være en fest med disse vennene :)
herlig innlegg! gode venner trenger oppmerksomhet :)
så fint inlägg och så vackra vänner du har.
Kjempe fine og kule bilder og kjempe løyen header :DTa en titt innom www.olab.blogg.no
du er da vorten reine "kunstnare" .flott !!
ÅÅÅ SØTE! no sit vi her i isolatet og elska deg og sakna deg og vil til oslo meir enn nåken gang før!
piaaaz og odz! eg savne dokkor. vakre vakre vakre. klem fra stavangergirl
Ååååh! aaa, Fredrik seier vi er sjeleglade for det her. Og det er vi! No har vi drukke cappuccino og hører på folk som spiller down to the river :) Det er så fint her og vi kjemme til deg snart Mariell. Men vi seier ikkje når fordi det skal bli ein overaskeles som Jostein veit. Men me elsker deg!
så koselig skrevet! :-)
http://blogsoft.no/trackback/ping/10876664