om lussekattar og bestefar

nittifire. feirar luciadagen med brennande lys i begge hender og sur på ho som fekk krone fremst i toget, teiknar ho som eit troll inni hovudet. et lussekattar til eg får vondt i magen og vil ikkje ha middag. totusenogto. tykkjer lucia berre er teit, vil bruka lysa til å brenna ned heile skulen og samtlige klassekameratar. men lussekattar, da. totusenogåtte. min bestefar slepp taket i verda etter dagar og netter på sjukehus og forsvinn inn i det eg berre kan håpa ikkje er eit stort ingenting. ingen luciadag. trettende desember har blitt ein ikkje-dato.

kva skjer med desse jubilea, desse datoane du knyter opp mot sånt som berre er vondt, datoar du berre vil svartna ut i kalendaren og gløyma at eksisterar? dagar ein berre vil gøyma seg under senga og håpa at ingen leitar, før klokka har slått tolv og ein kan krypa ut igjen. kva gjer ein når ein blir eldre og det plutseleg blir så mange sånne dagar? klarar ein seg? plukkar ein seg sjølv opp igjen frå golvet og gir seg sjølv litt kake og nytt undertøy? eg gruar meg til trettande desember, men samtidig veit eg jo at dagen endrar ingenting. bestefar blir ikkje mindre eller meir tilstade om det er akkurat eit år sidan han forsvann, så kvifor er dei så store og vonde? kanskje eg håpar at nokon svarar, kanskje nokon har ei bra løysing på problemet mitt, har de det? eller kanskje trettande desember blir fin i år. kanskje eg bakar lussekattar med ekstra safran med folk eg er glad i og hugsar berre bestefar som ler og ler i det uendelige, smiler og ler av sin vakre sterke familie som klarar seg heilt fint, sjølv om det er det vanskeligaste i verda. å gå vidare. å innsjå at ein har elska og tapt og å leva likevel. han hadde villa det, han.

kommentarar:
posta av: Kaja

På sånne dager skal en gjøre det en selv tror er riktig for seg. Ingen andre skal bestemme hva en burde gjøre og hva som er riktig og hva som hjelper. Det vet en best selv. Jeg tror ikke det finnes noen oppskrift på hvordan en skal komme seg igjennom slike dager. Men jeg tror på å tillate seg selv å ha det vondt, stoppe opp, og å kanskje få en god klem av noen som bryr seg.

Jeg er nok litt heldig, for den dagen mamma døde og den dagen pappa døde er for meg ikke noe særlig mer vonde enn andre dager. På ettårsdagen til mamma i sommer var jeg og tanta mi på fjellet og besøkte en sæter vi pleide å være på med mamma. Det var min beste måte å markere dagen på.

19.nov.2009 @ 16:30
posta av: Midori

Fikk tårer i øynene, jeg. Jeg sliter med savn for tida selv, men har ikke mistet noen fra livet på den måten. Jeg kan derfor ikke si jeg forstår hvordan det er, bare nesten. Jeg håper det går bra. Jeg synes du svarte på ditt eget spørsmål på slutten. Det var fint. :)

19.nov.2009 @ 16:39
URL: http://greenkaleidoscope.blogg.no
posta av: AnnHelen

Så utruleg fint skrive! Eg veit korleis du har det. Det verste som fins er å sakne nokon som aldri kjem tilbake. Hadde det berre ikkje vore sånn ... Så eg har dessverre ikkje løysing på problemet ditt!

19.nov.2009 @ 17:12
URL: http://www.byannhelen.blogspot.com
posta av: marie kristin

Eg trur bestefaren din ville du skulle hugse han med glede og leve livet ditt, også på dagen han døydde. Det betyr jo ikkje at du saknar han mindre, gjer det vel? :)

19.nov.2009 @ 17:16
URL: http://blomsterbornet.blogg.no
posta av: Barn null :)

Du skriver så nydelig, og jeg skjønner godt hva du mener. Bestemoren min døde på bursdagen min for et par år siden..

19.nov.2009 @ 17:26
URL: http://utvei.blogg.no
posta av: Amalie

Hei,

eg kan skjøne korleis du har det. Eg óg har ein liknandes dag i året: 26 desember. Ein dag i året der eg verkeleg ikkje veit kva eg skal føle. Gleda over at det er jul og ferie, eller sorga over alle liva som gjekk tapt den dagen for snart 5 år sidan?

2 juledag, 2004 var eg i Thailand. Tsunamien kom. Folk døydde. Ingen i mitt reisefylgje, heldigvis. Men det har påverka meg stort at eg var tilstades den dagen. Den dagen då vår tids største jordskjelv skapa ein tsunami som skulle drepa 230 000 uskuldige liv. Eg var berre 15 år, og fekk for fyrste gong i mitt liv sjå det værste som finst. Elendigheit. Skada menneske. Knuste bygningar. Rot. Og eg tør ikkje tenkje på kva det var eg såg som flaut ute i havet, som båtane og helikoptera plukka opp.

Eg har slitt kvar jul, sidan den gong, med å føle gleda over at det var jul. Julemiddag var ikkje lenger godt. Julegåver føltes heilt meiningslaust. Det var ingenting som føltes bra. Det var så mykje som blei øydelagt for meg.

Eg trur ein må ta år for år. Ta tida til hjelp. 5 år etter er det framleis vanskeleg for meg, men ein dag skal det gå bra.

Eg kan skrive side opp og side ned om dette her. Men eg trur du skjøner kva eg meinar. Det at morfaren din døydde på ein slik dag kan påverke _akkurat_ den dagen i året, i år framover. Ta tida til hjelp. Kanskje du kan gjere noko den dagen i året for å minnast morfaren din. Skap din egen lille tradisjon. Gjer fine ting til heider og ære.

Eg skal i allefall tilbake til Thailand ein juleferie i framtida. På denne måten trur eg at eg vil få fred, ved å minnast alle liva som gjekk tapt den dagen.

Håper dette var noko til hjelp. Du har ein fin blogg. Keep it up!

:-)

19.nov.2009 @ 17:33
URL: http://h0tlipz.blogg.no
posta av: Johanne

Mormor døde på luciadagen i fjor også. Likevell tenkjer eg fortsatt på dagen på same måte som før. Det er nok fordi eg veit at ho har det betre i himmelen no, enn det ho hadde dei siste åra på jorda. Eg gledar meg allereie til å møte ho igjen i himmelen. Eg har så mykje å spørja om..

19.nov.2009 @ 17:35
URL: http://nedslagsfeltet.bloggbyen.com
posta av: Viva la vida

Etterhvert som man blir eldre får man også flere fine dager og feire. Og når merkedagen for noe vondt kommer skal du tenne et lys og tenke over hva du har lært av å gå gjennom slike dager, av å overleve de og vite at du kan mestre flere motganger som vil komme, fordi de alltid fører med seg en kontras av salighet og glede når de er overstått og beseiret. Og så kan du jo alltids spise makroner eller kjøpe deg en ny sløyfe eller fotografere øyeblikket som beskriver akkurat hvordan du har det:)

19.nov.2009 @ 17:38
URL: http://Www.kvitlauk.blogg.no
posta av: Toggy

Du kan bruke trettende desember til å feire. Til å feire at bestefaren din er der han er (jeg er religiøs og det vet jeg at du ikke er, men du har vel sikkert også et livssyn) og at han var veldig fin når har var blandt dere. Dere kan spise lussekatter og snakke om bestefaren og le og gråte litt kanskje. Lucia handler jo om å feire sagnet om Sankta Lucia, som ble drept, altså å hedre de døde.

19.nov.2009 @ 18:34
URL: http://www.andthedinosaurs.wordpress.com
posta av: anne marte

wow, når du skriver sånne innlegg merker jeg at jeg blir borte i det du skriver og stenger resten av verden ute. du er flink.

når det kommer til det du skriver om så håper jeg og kanskje jeg vil det også? at du skal ha en sånn 13 desember som du beskrev sist. for jeg synes det er sånn man burde minnes de som ikke er her mer. og jeg tror bestefaren din vil at istedet for å gjøre 13 desember til en mørk dag på kalenderen så burde du gjøre den ekstra lys.

kanskje du kan gjøre den så lys at den fyller opp litt av savnet?

jeg vet ikke hva du mener om sånt, men kanskje du til og med kan føle at han er hos deg iblant?

kanske 13 desember kan være deres dag?

uansett så håper jeg 13 desember ikke blir noe å grue seg til.

stå på Mariell :)

19.nov.2009 @ 19:02
URL: http://annehvalen.blogg.no
posta av: Ida

klump i halsen...

Bestefaren din blir sikkert glad hvis du spiser luciaboller og smiler den 13. Han vil at du skal ha det bra!

19.nov.2009 @ 19:26
URL: http://idamimosa.blogspot.com
posta av: Ida

merket akkurat at jeg skrev luciaboller. Hm. Det heter jo lussekatter!

19.nov.2009 @ 19:27
URL: http://idamimosa.blogspot.com
posta av: Vera

eg synest du skal bruke ei månadsløn på safran, og berre tenkje at det var verd det.

om du gjer det, ver snill å leggje ut bilete av lussekattane som sikkert kjem til å lyse i mørkret av din trettande desember.

19.nov.2009 @ 19:28
posta av: hjartesmil

Vera: han der fine hadde med seg eit heilt lass frå palestina, så eg trur me klarar oss. men takk, likevel. suss <3

19.nov.2009 @ 19:33
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: Kiwie//Kristine

Som så mange andre har skrevet, feir!

Feir bestefaren din og livet han levde. Gjør ting du selv synes er morsomt, vær med fine folk, spis god mat, og lag masse lussekater. Tenk på alt det fine rundt bestefaren din. Også er det helt greit å være trist, det er greit å gråte, det er greit at det gjør vondt.

19.nov.2009 @ 19:53
URL: http://rabbelbabbel.wordpress.com
posta av: nattvake

på årsdagen til min bestefars bortgang, satte eg med ned og skreiv eit langt brev til han om alt som hadde skjedd sidan sist, og alt eg drøymte om, og alt eg gleda meg til, og alt eg kvidde meg til. Det hjalp, faktisk. For da kunne eg tenke at eg fekk være skikkeleg trist akkurat da, sortere tankane mine, få dei ut av hovudet og forsette min mormale dagsrytme.
(Eg håpar du får ein fin luciadag i år, likevel)

19.nov.2009 @ 20:22
URL: http://nattvake.blogg.no
posta av: støv.

bestefar min døydde også trettande desember. i 2007, men likevel. eller, han heitte farfar, ikkje bestefar. men likevel. synest ikkje det er nokon god dato, og får vondt i magen berre en tenkjer på kjensla då han forsvann frå oss. eg savner han framleis, i likskap med dei andre besteforeldra mine, men eg får ikkje like vondt inni meg lengre. sjølv om eg ikkje er religiøs, trur eg dei har det godt no. og det er fint å tenkje på :)

om det er ei lita trøyst, vil eg anbefale deg å bli kjent med sorga på ein måte som gjer at ho ikkje tærer på deg. sorg kan ha mykje kretivitet med seg - skriv ned tankar og ord og teikn ei teikning. du treng ikkje høyre på my chemical romance. eg har skrive eitt dikt i heile mitt liv - og det skreiv eg den trettande desember totusenogsju. eg har blitt veldig glad i det diktet.

eg liker bloggen din. du skriv fint, tar fine bilder og skil deg ut. fortsett slik :)

19.nov.2009 @ 21:02
posta av: Rikke

skriv et brev slik nattevake gjorde, lag lussekatter og vær sammen med gode venner. tenk på bestefaren og gråt litt om det trengs.

19.nov.2009 @ 21:05
URL: http://dashing.blogg.no
posta av: Isabel

Eg tykkjer du skal lage lussekattar som ein B. For Bestefar. Også skal su ha ein fin dag.

Dei fyrste åra etter at bestemora mi døydde tykte eg at 9.mars var grusom. No er dagen finare, også lar eg meg få lov å vere litt trist, og kanskje å grine litt, berre fordi ein saknar. Etter så lang tid har eg dessutan klart å ikkje ha det SÅ kjipt lenger.

Førre helg fekk eg ei veske som mormor alltid hadde. Det er rart, men eg klarar ikkje å ikkje bruke den.

19.nov.2009 @ 22:36
URL: http://regnboga.blogspot.com
posta av: Alt godt

Dei bleiknar, desse dagane. Dei går over i dagar for ettertanke, når eg tenker på at bestefaren min sat i bilen og song O store Gud når vi køyrde gjennom skogen på veg til påskeferie den siste påska han levde. Som syntest at innvandrarar var styggedom, bortsett frå Singh som driv butikken i burettslaget vårt, for han er jo ein arbeidskar. Som lokka sonen min med på ei samansverjing mot dotter si (mi mor) slik at den vesle sytte for å smugle kaffisukker til den gamle som dottera hadde nekta han fordi då åt han færre brødskiver. Og så les eg dette innimellom:

Døden er ikke slik:

En knokkelmann

som kveler ditt siste, ville skrik

med heslig hand.

Døden er ikke angst og ljå

og djevlekrav,

ikke måneskygger

rundt ei ribbet grav.

Nei, døden er et fjell

som løfter sin svale snø

over vegen du drar.

Der skal du stå den siste kveld,

og se i skjær av solfalls-eld

hvor vakkert livet var.

Hans Børli

19.nov.2009 @ 23:12
URL: http://altgodt.wordpress.com/
posta av: ...

Man klarer seg, men dagene blir ikke slik som alle andre likevel. Det går bra til slutt. Tenk på årene dere hadde i stedet for årene dere mistet.

19.nov.2009 @ 23:18
URL: http://pervigilo.blogg.no/
posta av: STINE FRIIS

uff, ikke morsomt med sånne dager! mormoren min gikk bort første skoledag da jeg skulle starte i tiende. husker uttrykket til mamma da hun vekte meg den morgenen, hun trengte ikke si noe. etter det har jeg alltid forbundet første skoledag med mormors død.

jeg kommer nok til å tenke på deg den trettende. det er bursdagen til meg og lillesøstra mi, og er en fin dag for oss. i år kan vi spise en lussekatt for deg, i tilfelle du ikke klarer det. det kan jo være litt merkelig fint også, en sånn dag. at man kan være litt trist, og minnes, samtidig som man er litt glad fordi denne personen ga så mye glede.

19.nov.2009 @ 23:20
URL: http://www.stinefriis.blogg.no
posta av: Maja Piraja

Veldig fint innlegg, frøken. Bestemoren min døde også på luciadagen.

19.nov.2009 @ 23:35
URL: http://www.majapiraja.net
posta av: Pappa

Me må bruka dagen til å minnast besten slik han var,og ta vare på dei gode minnene me har om han.Korleis han og besta hadde det i lag, og korleis dei tok seg av familien.Familien var jo det viktigaste for besten.Og då spesielt å få nyheiter om barnebarna sine.Han var alltid glad for å høyra om korleis det gjekk med deg på Sandane, og han hadde vore lika stolt som eg er over at du har flytta til hovudstaden.Og ikkje minst av hjartesmil.Gratulera so mykje med Den Gyldne Q. 13 Desember kan hjelpa oss til å tenka gode tankar om besten.Kvar gang du ser eit Luciatog eller ein lussekatt, send besten ein tanke.

Eg gler meg til du kjem heim til jul vennen. Skal ha langfri, so me skal kosa oss.

20.nov.2009 @ 00:08
posta av: Mamma

Me kjem oss alle gjennom 13. desember, og dett du på golvet så er det alltid nokon der til å plukka deg opp att...eller du er her og kan plukke andre opp att. Det er er ikkje så farleg å ramle litt saman av og til...ein skal det....sorg kan vere stort og vanskeleg, men om ein tenkjer seg om så hadde livet vore fattigare utan sorg, tenk om me berre forsvant sporlaust..ingen som sakna oss fordi me er vekke eller enda verre: ingen som gleda seg over at me har vore her...det hadde verkeleg vore ei stor tragedie...så tenk på det Miamor...det me skal, trist eller ikkje, er like mykje å glede oss over det som har vore som å sørga over det som er tapt:) LØV

20.nov.2009 @ 00:24
posta av: hjartesmil

Besten vår<3

Ikkje tenk på datoen kjære...besten spredde glede, og glede skal det bli. Han elskar oss fra staden han er no, smiler og stryk oss over kjaken. Eg saknar han, men eg VEIT at han vil at me skal smila. Han er her med oss, og Lucia forblir Lucia. 18 desember kan me feira bursdagen hans, det blir fint!

20.nov.2009 @ 08:28
URL: http://hjartesmil.blogg.no
posta av: verostar

Innlegget over er fra Verostar ikkje hjartesmil----ligger sikkert automatisk inne sia du var her sist Mariposa:-)

20.nov.2009 @ 09:58
URL: http://hjartesmil.blogg.no
posta av: Millie

Det blir lettere etterhvert. Jeg trodde julen min for alltid kom til å være ødelagt når kameraten min tok livet av seg rett før, men det går seg til. Det er så klart trist, og du vil alltid være klar over det, men det blir litt godt likevel. Fryktelig vanskelig å forklare, tror jeg.

20.nov.2009 @ 11:00
URL: http://millierysjedal.blogspot.com
posta av: Rennna :)

Fint skreve.

Saknar han eg og.

20.nov.2009 @ 15:23
URL: http://pelariia.blogg.no
posta av: emma

21. september var fæl for meg, for da fikk jeg vite at jeg ikke betød noe for en som betød alt for meg.

20. oktober var fæl for meg, for da ble hjertet mitt knust etter 9 mnd på en rosa sky.

20. november er fæl fordi jeg er så himla sjalu.

men det er fint å få sagt det, for jeg fortrenger bare det at jeg har det vondt. du kan jo gjøre 13. desember til en først fra ikke-dag, til vanlig dag. og så kan du skrive opp plussting med 13. desember og huske det til neste år (eller gjemme en lapp). og kanskje du med tiden kan gjøre 13. desember til en bra-dag?

jeg er like nyskjerrig som deg når det kommer til det med jubileumer. jeg er sykelig opptatt av dem, og liker tanken på at det er akkurat ett år siden ditten skjedde, en måned siden datten skjedde og slikt. kanskje det har noe å gjøre med at jeg nettopp har fylt fjorten og jeg forandrer meg så drastisk for hver dag som går.

vips, der hadde jeg visst ikke noe svar på spørsmålet ditt likevel. du har min medkjærlighet, hvertfall!

20.nov.2009 @ 20:15
URL: http://nofuckingfairytale.blogg.no
posta av: Ingri

eg tykkjer du skal gjere nokre få av alle dei tingane som minnar om bestefaren din (for eg er temmeleg sikker på at det er mange!) til dømes kan du bake lussekattar, pynta deg i kvitt, ha levande lys og kanskje tilogmed litt glitter. eg trur du vil ha det fint, for alt du gjer og skriv om verker så fint! Iallfall om du gjer alt dette ilag med han der fine, for eg trur han er god å ha når du kjem på at du saknar bestefaren din! Men vel og merke, er det ei stund til trettande desember, så du har god tid til å tenke på! Ein anna ting, som kanskje gjer det bedre, er at det er lov å drikke julebrus i desember. siden den er så god og sjelden (den er jo berre å få tak i rundt jul) ..men når eg tenkjer på det veit eg ikkje om julebrusen i olso er så god, om ikke dahls sin finnes der? for det er den som dug, tykkjer eg. Sett bort ifra at eg har skreve veldig langt til deg så vil eg også si at du skriver kjempebra og du er så søt! eg gledar meg til desember og jula for å sjå kor mykje fint du har å seie og vise fram då! juhu!

22.nov.2009 @ 15:06
posta av: Blå

Jeg tror ikke nødvendigvis bare bestefaren din hadde ønsket at du skal smile den 13.desember. Tror du ikke at han heller ville ønsket at du bruker den dagen slik du trenger den? Hvis du har kommet så langt at du bare kan være glad for at han levde, feir han med boller og sløyfer og sang. Hvis det fortsatt er for trist, feir hans liv i det stille med å tenke på ham, ganske enkelt.

26.nov.2009 @ 17:06

kommentarar som er krenkande mot meg eller andre vil ikkje bli publisert.

skriv noko fint her:
namn:
hugs meg!

epost:


blogg / heimeside:


kommentar

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/13141880