onsdag.

i går reiste eg på åpning av ei utstilling der læraren min stiller ut. på rådhuset.

han der fine var med.

og hedvig! etter det sa det svosj rett på trikken for meg og han der fine, til bogstadveien.

for der var det åpningsfest for monki! (mannen i døra spurte kor gammal eg var og eg sa "18! 19!" og måtte sjølvsagt visa legitimasjon.)

og fargeglade drinkar.

og ballongar.

og øl.


det er så masse speglar der inne at ein kan bli gal. nesten så dei bør ha piler på golvet så folk skal finna fram og ikkje dunka hovuda sine.

me holdt oss mest ute, for det var så masse folk der at ein måtte smyga seg inntil. også fekk ein ha godteri i håret, som de sikkert ser.

ina hadde fine sko på.

og eg sussa.

og hadde tre prikkar på, som eg for det meste har no for tida.

han der fine sa "sjå, no bevegar himmelen seg så fort at ein kan sjå det!" og eg såg og det var heilt sant. noko anna som var sant er at i vindauget til høgre var ein mann i bar overkropp som sikkert ikkje hadde fått nabovarsel.

han der fine såg ut som ei løve og fekk kompliment fra ein som egentlig hatar dreads. kult.

peppermynteklubber til alle. og makronar! gjett om eg var i himmelen(sjølv om eg berre fekk ein før det plutselig var tomt). og omtrent da reiste me heim.

last night was rather crazy with balloons and free alcohol at the opening party for monki here in oslo.
kommentarar:
For en glamorøs og fin onsdag! Om bare alle onsdager kunne være sånn...
du er så vakker!
For en vakker blogg, utrolig!
jeg er så fornøyd med at det faktisk var atnaøl der!
sier du også klubbe? ENDELIG NOEN!
Det var en finfin onsdag, og nå er det en vondtihodet-torsdag, men det er greit:)
der ser ut som om du hadde ein fin onsdag. ein slik onsdag vil eg også ha. så vil eg også ha godteri i håret :)
Jeg elsker bloggen din. ELSKER bloggen din! Du inspirerer meg noe voldsomt! Jeg får lyst å henge opp alle skjerfene mine, og male hjerter på sengelampa mi. Og jeg får lyst til å kysse kjæresten min, og spise piknik i parken selv om det er kaldt. Jeg får lyst til å ta med meg kameraet mitt overalt og ta bilder av ting JEG synes er fint! Og, ikke minst - jeg får lyst til å skrive bacheloroppgaven min på nynorsk. Og bruke fine ord som løyndom, røynsle, dugleik og kjærleik!
Blabla.
Poenget mitt var iallefall at det å sjekke om det har skjedd noe nytt på hjartesmil - ja, det er blitt enda en fin ting i hverdagen. Takk for at du blogger!
hurra for monki!
http://blogsoft.no/trackback/ping/13373544