hjartepost!
1. du må vera hundre prosent sikker på at du er i stand til å få sendt ifrå deg ei pakke. eg orkar ikkje fleire folk som egentlig berre er interesserte i å få post, og ikkje senda. da blir eg sint og sur og avlyser heile greia. du må altså vera såpass oppegåande at du forstår at det er mange som er avhengige av at du gjer som du skal(om du ikkje klarar det er det berre å la vera å melda deg på), for den som blir sjåande ut som ein idiot er meg.
2. du må ha blogg og kamera til å fotografera pakken med. (om du ikkje har blogg må du senda meg ein mail som klarar å overbevise meg om at du er i stand til å få sendt ei pakke innan ein månad.)
3. det skal vera minst 5 ting i pakken, og det er meininga ein skal ta hensyn til informasjonen de får, at de ikkje sender ting til ein person som den ikkje likar. bruk tid på pakkane.
4. alle som blir med i hjartepost må skriva eit innlegg om hjartepost i sin blogg og linka til bloggen min. me vil jo at så mange som mulig skal vera med!
sånn funkar det:
1. du sender mail til hjartepost@gmail.com der du fyller ut dette skjemaet(om du ikkje brukar skjemaet vil eg sletta mailen med ein gong). prøv å fylla ut skjemaet så fyldig som du kan.
bloggadresse:
fullt navn og adresse:
ting eg likar:
ting eg ikkje likar:
allergiar:
også kan ein, om ein vil, helst, legge til informasjon om seg sjølv. til dømes "hei, eg heiter mariell. eg likar å hoppe i sølepyttar og sjå pushing daisies, å holda hender og dådyr. min favorittfilm er chocolat , eg har ingen bukser og min favorittblomst er tulipanar", det hadde jo vore veldig fint om de ville det. ikkje skriv personlige meldingar til meg i desse mailane, desse mailane vil bli kopiert som dei er til dei som skal senda brev til dykk.
2. så får du tilbake ein mail av meg med ei adresse til nokon, samt informasjonen eg har fått i skjemaet mitt. i denne mailen får du óg brukernavn og passord til ein blogg der du skal logga deg inn og legga ut bilder av pakken du har mottatt når du har det.
3. lag til pakken, ta eit bilde av pakken før du sender den(med bilder av innhold) og send det til meg på mail. om eg ikkje har mottatt bildet ein månad etter du har mottatt din mail(det går sjølvsagt an å senda mail til meg på forhånd og forklara kvifor det er vanskeleg å få sendt ifrå seg pakka akkurat da), legg eg ut bloggadressa di i ei svarteliste på hjartepost-bloggen, og kven som helst får gå dit og kjefta.
pass på at de skriv adressa klart og tydelig. i pakken, på eit brev eller ein lapp, skal de skriva fullt navn og adresse, slik at personen som får pakke frå deg har mulighet til å senda tilbake. (for dei som har vore med før er kodane tatt vekk fra prosjektet, for mykje styr).
4. når du får ein pakke må du senda meg navnet til personen du fekk av på mail saman med bilete av pakken du fekk, så eg får registrert kven som har sendt pakkar(og eventuelt kven som ikkje har gjort det) og lagt ut bilete av pakken. prøv å send denne mailen som eit svar på den andre mailen de har fått av meg, så eg klarar å holde styr på kven som er kven.
når du har sendt og motteke ein pakke, kan du melda deg på på nytt eller kanskje senda tilbake til den du fekk ifrå. eg har sletta alle nye mailar fra hjartepost-mailen no, så dei som har meldt seg på og ikkje får svar må tilpassa den mailen etter denne malen og senda mailen på nytt.
eg er lei for at eg virkar så streng, men etter to rundar der folk ikkje har noko respekt for prosjektet blir ein ganske lei og da må ein vera streng. eg gler meg uansett kjempekjempemykje til å ta opp igjen hjartepost, det er eit prosjekt som verkeleg varmar. eg håpar mange vil bli med og at dei som ikkje har fått pakkar i forrige rundar meldar seg på likevel og stolar på prosjektet berre ein gang til. sussar til alle!
som de kanskje har forstått, er ikkje dette ein runde, men eit pågåande prosjekt. om de lurer på noko, send mail til hjartepost@gmail.com.
du er fantastisk!
hjartepost er noe av det søteste denne verden har sett, jeg skal så absolutt være med.
ha en flott dag, flotte mariell!
hjartepost er fint og flott!
Hei! Jeg vil gjerne være med, men jeg flytter den 6. januar, så jeg lurer på om det går an å vente til da? Blir jo litt dumt om ting ender opp på feil adresse osv...
Eg er med :D Kjempefint tiltak Mariell.
Mail er sendt!
maaaail sendt:)
Hurra for deg!
Så kos! Jeg har sendt mail jeg også :)
Sånn, nå har jeg både sendt mail og skrevet om det på bloggen min. Gleder meg utrolig mye til å sende pakke!
For et fantastisk prosjekt. Sente mail med en gang jeg leste om det. Gleder meg til å sette sammen, og sende en pakke.
Du er fabelaktig! Eg vil sjølvsagt vera med :)
håper jeg får pakke denne gangen :)
mail er sendt, og hjartepost er blogga om. ha ein sjokoladande torsdag.
Jeg håper jeg også får pakke denne gangen :)
Jeg er også med, og mail er sendt! Håper jeg blir med :-)
noen ganger må man være streng! det er jo bare for å gjøre prosjektet så bra som mulig! lykke til!
skulle ønske jeg hadde inntekt til å være med på hjartepost. åj, så fint.
En liten fråga, hur får man de andra bloggarnas adresser? :)
Hurra, så bra! Jeg gleder meg til å sende present!
Vill självklart vara med! Har mailat dig samt publicerat ett inlägg om detta i min blogg.
Gleder meg veldig til å styre med å lage hjertepakke. :D
http://sortsilketruse.blogg.no/1260991235_hjartepost.html#comment
heisann, når får vi mail ang hjartepost? :)
http://blogsoft.no/trackback/ping/13753350