eksponeringsdesign.









når eg blir bedt om å skriva om saker og ting på bloggen har eg eit par kriterie som må vera oppfylt for at eg skal visa det fram til alle som leser her. ein: det må vera noko eg finn interessant(hudproblem og onepiece tykkjer eg er så bånn at eg ikkje svarar på mail om det eingang). to: det må vera noko de finn interessant. tre: det må kunna vera full åpenhet om forholdet til dei eg skriv om, altså at de, lesarane skal vita at eg blir sponsa av aktørane. (berre så de alltid, alltid, alltid veit at eg aldri er ute etter å lura nokon som helst.)


her ein dag fekk eg ein mail med forespørsel om å skriva om linja eksponeringsdesignwesterdals, og eg tenkte det kunne vera interessant no i desse sluttepåskulensøkesøkesøkeangst-tider. eksponeringsdesign handlar rett og slett om å læra seg å bygga kommersielle eksponeringar, om ein kan seie det sånn. altså, dei som fiksar romma på ikea så dei blir heimekoselege(eg hoppar i sengene der når ingen ser berre så de veit) eller bygga utstillingsvindauge på glasmagasinet. sånne ting. og det tykkjer eg høyres så innmari gøy ut, gjer det ikkje? om de trykker her får de tre søte filmar og meir informasjon, og de burde absolutt sjekka ut dei andre linjene til westerdals óg, det er ein veldig bra skule. (også har dei øl i kantina, har eg høyrt)


biletet er linka til kjelda. dette innlegget er sponsa av westerdals school of communication.


about a norwegian school called westerdals school of communication.

kommentarar:
posta av: Maria Ljung

Skal du ALDRI se kjolen jeg linket til deg på mail?

16.feb.2010 @ 22:05
URL: http://www.yaay.blogg.no
posta av: Lena Mari

Sikkert mykje betre linja dar, enn linja Utstillingsdesign VG3 på VGS. :) Skulen eg gjekk på i fjor, hadde utstillingsdesign. Gjekk sjølve Interiør og Utsillingsdesign VG2 i fjor, og går Interiør VG3 no.

Utstillings/eksponeringsdesign kan vera kjekt, men og veldig tidkrevandes og vanskeleg. Kundar ein skal jobba med veit ikkje kva dei vil, men dei veit kva dei ikkje vil. Desverre. Men da er kjekt. Eg sto frå klokka 8 om morningen til 8 om kvelden for å gjera eit juleutstillingsvindauge i lag med klassen med (Interiør VG3). Fanden kor slitne me var, men faen så bra da blei! Vart i alle fall mykje betre enn da var før! Hvis du vil sjå, sjå her: http://agurkolat.blogg.no/1260516858_utstillingsvindauge_s.html :)

16.feb.2010 @ 22:08
URL: http://agurkolat.blogg.no
posta av: hjartesmil

Maria Ljung: eg har sett. var det noko du lurte på?

16.feb.2010 @ 22:15
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: Maria Ljung

nei :)

16.feb.2010 @ 22:54
URL: http://www.yaay.blogg.no
posta av: Mari

Søstera mi går tekstforfattar på Westerdals og stortrivst. Det verkar som ein veldig bra skule, og eksponeringsdesign såg skikkeleg artig ut! Synd at eg ikkje har eit kunstnerisk bein i kroppen...

17.feb.2010 @ 07:39
URL: http://maridatura.wordpress.com
posta av: Katrine

Åh jeg liker deg! masse!

17.feb.2010 @ 12:15
URL: http://kk2266.blogg.no
posta av: Frøken

Går du der selv? Eller studerer du kanskje et annet sted?

posta av: hjartesmil

Frøken Yvonne: eg studerar på kunst- og designfagskulen. :)

20.feb.2010 @ 19:37
URL: http://hjartesmil.blogg.no/

kommentarar som er krenkande mot meg eller andre vil ikkje bli publisert.

skriv noko fint her:
namn:
hugs meg!

epost:


blogg / heimeside:


kommentar

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/16026515