februar.


me skulle pakka alt me trengte, toalettsaker og reint undertøy, strømpebukser med prikkar på, ti rullar film, så skulle me gått hand i hand til trikken. til flytoget. den første rullen med film tok eg av menneske på flyplassen, folk som var på veg plassar, folk med brennande billettar i lomma, folk som sov. me gjekk glatt gjennom sikkerhetskontrollen, kven skulle trudd at me berre hadde bestilt billettane tre timar før, at me ikkje enda heilt visste at me var der. me kjøpte eit par øl for hundre kroner stykket og drakk den som om det var den siste, heilt stille, overraska over kor fantastisk verda er, at ein faktisk kan gjera sånt berre sånn på sparket. flyreisa varte like lenge som tre episodar how i met your mother, dei samme tre episodane dei alltid har på flya men eg såg dei likevel.



tog. taxi. hotellet var mørkt og skittent men med utsikt over ei gate, ei gate i paris og det var nok. me kjøpte ei flaske vin på putikken på hjørnet, ei pakke kjeks og tyggegummi óg, det var for seint å gå ut, for seint å finna ut kva som skjedde alle andre stadar i byen. me åt kjeks og drakk vin fra flaska i senga, ingen strømpebukser ingen sokkar. men bak augeloka planla eg ein dag i paris, med alle trappetrinn i eiffeltårnet, kyss i ein park(den første me kom over), med iskrem på den lille caféen rett ved pompidou-senteret, postkort til folk som ikkje hadde merka at me var borte, litervis på kaffi og makronar på det óg. du skulle skriva notar på serviettar fordi det ikkje kunne venta og eg teikna flodhestar på baksida av kvitteringar. same dag tok me flyet tilbake, etter berre tjuefire timar i city of lights, for det var akkurat nok til å klara å pusta resten av vinteren, kanskje heilt til slutten av mars kunne ein leva på lukta av gatene og følelsen av brosteinen under føttene. istaden er det minus tusen i oslo, og vinteren ser ut til å aldri ta slutt.



about needing paris if winter plans on staying any longer. images are linked to their sources.

kommentarar:
posta av: Varg

vakkert skrevet. Aw

22.feb.2010 @ 17:06
URL: http://stenbrott.blogg.no
posta av: CB

jeg har aldri smakt makroner. det er krise.

vinteren kan snart ta slutt.

22.feb.2010 @ 17:48
URL: http://camillaffs.blogg.no
posta av: Kassablanca

Hihi, eg reiser til Paris med kjærasten på Laurdag. :)

22.feb.2010 @ 18:14
URL: http://kassablanca.blogg.no/
posta av: Ida

Du e så fantastisk, Mariell! Kvar gong eg e nedfor går eg innpå bloggen din, og vips så vart dagen redda. Kjærleik <3

22.feb.2010 @ 18:21
posta av: jeanette

du marieeeell? vet du om noen som fremkaller kvadratiske bilder? for jeg skulle fremkalle mini dianafilmen min i dag, på en fotoknudsen, og han kunne bare fremkalle den til sånn negativ, og ikke printe den på ark.. (han hadde ikke utstyr til det)

22.feb.2010 @ 18:34
URL: http://www.hugleiik.blogg.no
posta av: hjartesmil

jeanette: eg framkallar mine hos fotophono på torshov. det kostar typ nitti kroner, trur eg, men eg kan ikkje uttala meg om printing og sånn fordi eg berre framkallar til negativ og scannar sjølv. det du kan gjera er jo å berre få dei til å scanna dei på ein cd til deg så kan du skriva dei ut sjølv.

22.feb.2010 @ 18:37
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: hjartesmil

Kassablanca: berre slemt.

22.feb.2010 @ 18:37
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: jeanette

vi har en scanner. jeg tror det er en helt vanlig scanner. kan jeg scanne negativene med den? :)

22.feb.2010 @ 18:54
URL: http://www.hugleiik.blogg.no
posta av: inger

ååh mariell! fantastisk <3

22.feb.2010 @ 19:07
posta av: Guro i verda

Eg har så lyst til å reise til Paris!

22.feb.2010 @ 19:07
URL: http://guro0o.blogg.no/
posta av: Sigvor

så fin blogg du har!

22.feb.2010 @ 19:20
URL: http://www.sigvor.blogg.no
posta av: Marte

Nå har jeg på en måte vært en liten tur i paris, bare ved å lese her. Jeg er så lei kulde og snø - det tar jo aldri slutt!

Heldigvis finnes bloggen din, så man kan få seg en liten pause :)

22.feb.2010 @ 19:26
URL: http://m-verden.blogspot.com/
posta av: hjartesmil

jeanette: det må vera ein scanner som scannar negativ, og det er det få scannerar som gjer.

22.feb.2010 @ 19:28
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: hugleiik

åh..kjipt.. men hos meg koster det bare 50 kr å få negativen, så da blir det jo veldig billig om jeg gjør det og scanner selv.

vet du hva de scannerene heter? de som scanner negativ? og hva en sånn en koster?

kan man scanne andre ting med de óg? (som vanlige bilder)

22.feb.2010 @ 19:32
URL: http://www.hugleiik.blogg.no
posta av: hjartesmil

je m'appelle jeanette: min heiter canoscan 8800f og er ein flatbed-scanner. den scannar alt mulig.

22.feb.2010 @ 19:49
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: Anne-Line

Så fin blogg! :D

22.feb.2010 @ 20:46
URL: http://annelinet.blogg.no
posta av: Ellen

Jeg rømte til Paris med kjæresten min for noen uker siden. 4 dager, på pittelite hotellrom i den bydelen i Paris med masse små bokhandler. Vi bare gikk og gikk vi egentlig, fordi vi hadde ikke lyst til å være turister, men vi hadde det innmari fint selv om vi ikke kan fransk litt en gang. Sacre Cæur og Montmartre på natta var flott, selv om det var tåke så vi ikke så noenting. Derfor ble egentlig Triumfbuen om natta litt bedre, men uten tåke tror jeg Sacre Cæur er best. Men om natta, selvsagt. Paris om natta er fint, det er så mange lys.

Dra (:

22.feb.2010 @ 21:26
posta av: Katrine

For et herlig inisiativ! deilig! :)

22.feb.2010 @ 22:27
URL: http://kk2266.blogg.no
posta av: Naa

Så søtt :)

22.feb.2010 @ 22:44
URL: http://www.natalienesset.blogg.no
posta av: tora

bloggen din er mitt paris.

dra!

23.feb.2010 @ 00:18
posta av: Lisa

åhhhh så fiiint.

23.feb.2010 @ 02:41
URL: http://popflickan.blogg.se
posta av: Eva

Åh, jeg vil også! Vin i hotellseng uten sokker og strømpebukser <3

23.feb.2010 @ 08:44
URL: http://www.abouteva.blogspot.com

kommentarar som er krenkande mot meg eller andre vil ikkje bli publisert.

skriv noko fint her:
namn:
hugs meg!

epost:


blogg / heimeside:


kommentar

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/16229659