andre brev til han der fine

eg gjekk til den lille kokosbollefabrikken, kjøpte ein kokosbolle og åt den på veg heim. ho dama som jobbar der er så supertreig men søt likevel.

på veg heim møtte eg ein katt og han var heilt ålreit til katt å vera. eg prøvde å snakka med han men han ville ikkje snakka med meg, han ville berre ligga der til sola gjekk ned og det kan eg jo forstå. rart å vera så einsam at ein snakkar til kattar.

eg kjøpte ein melkeliter og reiste heim og no skal eg laga middag og sjå film og venta på at det kanskje skjer noko. kanskje brannalarmen går, det ville vore veldig spennande. avisa fra søndag ligg framleis utanfor døra, eg orkar ikkje løfta den opp, og kinesarane har fisk i dag så det luktar i heile gangen. eg saknar deg. suss.

my second letter to my boyfriend saying what i have done today: bought and eaten a coconut cake(i have no idea what its real name is), talked to a cat who didn't talk back, and now i'm making dinner and watching a movie. i miss him very much, specially since the sun was out for such a long time today.
kommentarar:
Hei Mariell :)
Eg har svaret på kva kokosbollar kallast på engelsk, dei kallast både coconut ball og snowball. (liker det siste ordet best!)
Snowballs er foresten kjempegodt når dei er skikkelig mjuke inni. namm!
Var veldig rart å sjå han på skulen uten deg :)
eg har også kinesara på gangen:) Dei har døra åpen når dei lagar mat og det luktar stadig ris her hos oss. Det kan også nemnast at dei til stadighet brenn maten og ser på veldig høglytt film.alltid action med skyting og sånn. tihi.
Re: åh! Det är ju precis såhär jag försökte göra men det fungerade ju inte ändå, jag blir ju så trött... Jag ska försöka igen lite senare! Tack för hjälpen:)
Søtt brev. Jeg prater ofte med katter jeg.
Søteste deg! :) Kokosboller er fantastisk deilig. Jeg skulle ønske vi hadde en slik fabrikk i Bergen! :D Klart du savner din kjære... Jeg har slekt i Sandane (farmor er vokst opp der), og det er et nydelig sted, syns jeg! Også med slik en fin dialekt....
hjarte <3
Så koselig brev! Bestemor og bestefar bor på Sandane. Fint, lite sted, men han har reist veldig langt fra deg da. Ser ut som du klarer deg fint likevel :)
Han var veldig flink på foredraget, berre synd vi som var der ikkje var engasjerte nok til å gje han den responsen han var ute etter.. Kattar er forresten ein av verdas finaste dyr, men det er nok fordi eg vaks opp med dei :)
ah. gud vilken fin blogg du har. himla gilla. och norska är i särklass det gulligaste språket jag vet. //hälsningar från sverige.
ka fine tjokkesokka du har :D
Åh! Eg vil berre seie: Tusen, tusen takk! Tusen takk for at du skriv verdas finaste og søtaste blogg, og inspirerer så til de gradar..! (: Eg har ikkje kommentert her på leenge (sidan blogg.no er teit og ikkje tykkjer det er greit med folk som bur på andre sidan av jorda med rare ip-adresser), men eg les kvar einaste dag fordi..! Du er finast ;*
Hadde det ikkje vore fantastisk morosamt om Bono hadde lege slik på ein karm og sola seg....det skulle eg likt å sett.....oi....har visst gløymt eit par pilla idag....gå ut å gjer verda vakker:) kjøss
Ja, ho dama.... Ho er så søt at ein har lyst til å kjøpe fleire berre for å vere snill med henne. Om sommaren går vi og kjøper is der når vi tek pause utan å ha spurt om lov, og då går det endå saktare.
Jeg så han idag, jeg. Vel. Jeg så han i et blad. To bilder, på side 14 i MOTMÆLE. Abonnerer på det, selvom jeg bare kan skrive bokmål selv. Litt trist.
Vend vinden.
det er så koselig når du skriver sånn. det gjør meg glad, på en måte. du er flink.
Eg likar veldig godt å snakke med kattar, anten eg er einsam eller ikkje. (No kom eg på diktet til Olav H. Hauge om å snakke med katten. Les det, det er fint!).
Tenk so kjekt det vert når han fine kjem heim att!
så himmulens vackert.
http://blogsoft.no/trackback/ping/16498312