alt som kunne ha vore.
kommentarar:
"du skarrar litt på r'ane dine men berre av og til", awww! Fint, synes jeg. Er du opptatt imorgen? Kanskje det er pakke- og kaffetid? Får håpe været holder. <3
Elsker bloggen din :)
Sjekk min også:
www.bodyhunk.com
Eller du kunne ha vore treogførti år, åleine i ei einsemd bygd på møre, i eit gul hus rett ved hovudvegen, der det renn brune striper på murveggane på innsida, fordi taket er lekk og det regnar så ofte. Der du sit i sofakroken din, i ein sofa frå nittennitti, som då var rosa, men som no har ein farge som er så falma at det er umogleg å definere fargen, sjølv om ekspertane forsøker. Du kan ha budd åleine i femten år, etter at resten av den verda du kjente forsvann etter katastrofen, som gjer at du solar deg i vindauget, i frykt for å gå ut og i frykt for å bli utsett for noko anna enn det du finn i sofakroken.
Auga dine er ikkje firkanta, men liknar meir på eit widescreenformat etter å ha sett utallige seriar i fleire år, der du med ein gong veit om det er ein reprise eller ein ny episode, og kvar gong det er ein reprise gler du deg eigentleg meir over det, for sidan du hugsar kvar einaste replikk, og kvar einaste bevegelse.
På peisen er det tre bilete, og berre det, eit av ein hund, eit av eit eldre ektepar og eit bryllaupsbilete med to unge og smilande menneske som du lurar på kvifor står der. Du lurar eigentleg på kvifor du har bilete på peisen i det heile tatt, kvifor tre firkanta rammer inneheld minner frå eit liv som ikkje er meir, eit liv som er fjernare enn det livet som bur i boksen ved sofakroken.
Når du no er treogførti år, ser du med vedmod tilbake på tida du var sytten, den tida då bekymringane var om buksa skulle ver blå eller svart, om sideskillen skulle vere på høgre eller venstre side. Då kvardagen var dagen i dag, og ikkje ei høgtid. Du ser tilbake på fortida, med eit ynskje om at det eigentleg var framtida som du kunne ha endra, og skulle ynskja du hadde gripe kvar einaste dag, kvart einaste minutt og kvart einaste sekund, og snudd de til noko betre. Om du berre hadde vore sytten, og kunne ha sett deg sjølv som treogførti hadde du snudd tvert om, slik at du ikkje no hadde sitte oppkrøkt i ein sofakrok, med volumet av, men med teksttv på side 777, og med brune, rennande striper på veggen bak deg og eit vindauge utan gardiner og ein falma sofa frå nittennitti. Om du berre hadde vore sytten?
vackert!
Du skriver så uendelig vakkert og inspirerende og levende. Ville bare skrive det.
krakow <3 skarre-rer <3
Fint!
Vilken mysig headerbild! :)
Owh, du skriver så herlig! Jeg kjenner nesten sommerfuglene krible i magen jeg, akkurat som om jeg var 14 og nyforelska igjen, hver gang :]
ei venninne av meg så deg i oslo i dag. hun sendte meg melding og sa at du hadde så fin latter. jeg sa at hun måtte hilse på deg, men hun turde ikke. det synes jeg er dumt, fordi jeg tror at du er veldig snill om vi har lyst til å si hei. tror jeg da? :-)
eg skulle ønske at det var byrjinga av sumaren. og at vi var atten. og at alt var som det var tidlegare, men det er det ikkje.
no er me nitten. og verda går si gang.
du skriv nydelig! og treff meg kvar gong.
fint! du har en nydelig blogg som får meg til å smile hver gang jeg er innom å titter.
alt som kunne ha vore indeed.
Du skriver så himla fint!
Du er forresten en av favorittbloggerene mine (selv om jeg er fryktelig dårlig til å kommentere), og derfor linker jeg til bloggen din via bloggen min. Jeg håper det er greit for deg, hvis ikke kan jeg selvfølgelig fjerne linken!
<3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3
Herlig! Positivt og vakkert. Det er bare slik at man skulle ønske det vedvarte uansett alder... :-)
jeg tenker også på hva som kunne vært... men min konklusjon når jeg tenker slik, er at jeg uansett måtte hatt den livsvisdommen jeg har i dag for å kunne tatt andre valg da jeg var 17, eller enda før. derfor hadde det egentlig vært veldig fint med en slags tidsmaskin, slik at man kunne reise tilbake i tiden og gjort ting på en annen måte, men samtidig da ta med seg alt man har lært siden man var 17 på ordentlig...
siden jeg tror at det er en mening med det meste her i livet og tror på skjebnen og slikt, så tenker jeg egentlig at det som skal skje, det skjer uansett hvor mye vi prøver å rote det til...
det er ivertfall det jeg håper på :-p
http://blogsoft.no/trackback/ping/17982836