spørsmålsrunda med han der fine, del to.
hvor lenge har du spilt piano?
sidan eg var åtte!
har du gått noe form for musikklinje?
ja, fantastiske firda på sandane!
hvilken sang synes du er den gøyeste å spille på piano?
den eg spelar når eg er heime i lærdal, alle dei andre har lagt seg og eg sit åleine i stova.
kan du spille noe annet enn piano?
eg spela trompet i mange år, men med påfallande middels minus teknikk. eg har òg spela ein del gitar.
når startet du med å lage musikk?
ganske tidleg, eg skreiv utruleg mykje musikk på ungdomsskulen. då eg var 14 (trur eg) gav eg ein cd i julegåve til slekti, der eg hadde skrive det meste av musikken sjølv.
har du noe forbilde?
eg ser at eg ikkje får lov å skrive mariell, men eg skriv det likevel. elles er det mange fantastiske personar å sjå opp til i verdi, men ein av dei eg set høgast er arve henriksen.
hvorfor
akkurat han/henne?
Fyrst fordi han er ein fantastisk musikar og ein utruleg ærleg og naken kunstnar. så fordi han er så audmjuk og snill, aldri påståeleg eller påteken. han berre seier det han tykkjer og så er det som oftast utruleg klokt. eg blir inspirert berre av å snakke med han eller høyre trompettonen hans eit minutt.
hvorfor begynte du å spille piano?
eg trur nok eg starta mest for å bli flinkare enn syster mi. men ganske fort fann eg noko ved pianoet eg ikkje fann andre stader, og då vart eg sitjande.
har du et kallenavn til henne, slik som hun kaller deg "han der fine"?
eg kallar ho «finami» heile tidi. om kvelden eller viss ho er lei seg, er ho «vetle vennen min». elles er ho ofte «fina» eller «baby» eller «bella». eg må òg nemne at ho kallar meg ikkje «han der fine» til vanleg, det ville vore rart. det gjer ho berre når me tullar med det, «han der fine» er eg på bloggen. men ho kallar meg ofte «fina» eller «finami» eller «søta».
hva er din formening om harry potter?
det er fantastisk, eg blir utruleg inspirert av filmane!
hvilke språk snakker du?
eg talar lesjing,
ein variant av gudbrandsdøl. (også snakkar han jo engelsk og spansk. helsing mariell)
hva er din største drøm?
å få vera med mariell resten av livet og få fine småe med ho som kan krabbe opp på pianokrakken til meg og forstyrre meg når eg spelar. (<3)
hva slags sjokolade liker du best?
anten kvit eller kolande svart.
drikker du kaffe eller te om morgenen?
viss eg drikk noko, er det helst kaffi.
kva er livretten din?
mariell seier oppgjeven: «pasta carbonara eller pannekaker. eller blomkålsuppa til mor di». (altså, kvar gong eg spør han om kva me skal laga til middag seier han anten pasta carbonara eller pannekaker. var berre det. helsing mariell)
korleis er det å vera kjærasten til mariell?
fantastisk, nydeleg, travelt!
yndlingsinstrument?
isolert sett; bassklarinett.
banalt, men... hvor lenge har du hatt dreadsene dine?
i nøyaktig bittelitt over fire år!
hvor lenge har du hatt dreadsene dine? de er så fine!
takk!
er du opptatt av politikk?
eg forstår ikkje korleis folk kan ikkje vera opptekne av politikk. for meg er det ei openbar plikt når ein er eit menneske i eit samfunn.
har du noen gang komponert noe til ære for mariell? i så fall, hva heter det?
då ho var i paris, skreiv eg eit stykke som heitte «kjære fru måne» som eg skreiv etter at ho sa på telefon til meg (klokka eitt om natti): «skriv eit stykke til meg davel». klokka tre ringde eg og spela det for ho.
hva kler du deg ut som på karneval?
ein gong skulle
eg kle meg ut som
raudhette. kvelden før begynte eg å grine fordi eg
oppdaga at raudhette
var jente. ein annan gong gjekk eg som skalden i
robin hood-filmen
(disney, altså). mamma laga ein lutt av papp. (åh. åh. åh. helsing mariell)
hva er den fineste akkordprogresjonen du vet om?
å-hå-hå-hå. ooh. dette er eit spørsmål med mange svar. «martha» av tom waits er magisk enkle. introduksjonen til andre del i vårofferet av stravinsky er ekstremt komplekse dissonansar som let nydeleg naturleg, iskaldt frå den slaviske urtidi.
hvilken av mariell sine kjoler liker du best?
hihi! eg elskar odd molly-kjolane hennar og så den rosa kakekjolen. i tillegg har eg eit veldig sterkt forhold til ein brun kjole med myrke blomar på, fordi det var den fyrste kjolen ho kjøpte. det var eit lite steg på butikken, men eit ganske stort eitt i liva våre.
hvordan møttes du og mariell, og hva tenkte du første gangen du så hun?
ho kom for å sjå på meg på ukm i lærdal og eg såg veninna hennar over salen, så då visste eg at ho var der. ho hadde ei gigantisk svart kåpe og knytt far hennar sitt burgunder slips rundt livet. vårt fyrste kyss var forsvinnande kort og me var litt flaue. men seinare sto me på busstasjonen og kyssa og kyssa.
kva er du mest redd for i heile verda?
å miste mariell.
og kva gjer deg mest glad i heile verda (merk: ikkje kven, men kva. kven ville vera for åpenlyst;)
å få ordentleg anerkjenning for musikken min.
fortell om livet som student på firda vgs :)
i sogn og fjordane er det ganske vanskeleg å vera annleis. på sandane er det ei liti oase der akkurat det er lov, og den heiter firda. idrettselevane ler av musikkelevane og omvendt, men på ein eller annan merkeleg måte aksepterer me alle ulikskapane og fungerer saman.
har du fordommer mot folk som stemmer frp?
alle har fordommar i større eller mindre grad. det som er viktigare er at eg har teke eit sjølvstendig standpunkt i høve til frp sin politikk og at for min del seier det å stø ein slik politikk mykje om personen bak. likevel finst det aldri svart og kvitt og eg kjenner fleire trivelege frparar.
hva skal du gjøre
når mariell reiser til paris neste år?
då skal eg og skjønne sunniva vera her i oslo og øve oss på å bli kjent med folk.
Hvilken av mariells egenskaper kommer minst fram i bloggen, etter din mening? Jeg så forresten noen bilder av deg i motmæle! Er ganske sikker på at det var deg i alle fall. (og ja, jeg er medlem i nm, også skriver jeg bokmål. trist. det er så mye mer sjel og klang i nynorsk, med alle diftongene og alt. skulle ønske jeg var flinkere.)
bloggen er hundre prosent sanning, men slett ikkje hundre prosent av sanningi. dei myrke og vanskelege sidene av livet er sjeldan med der, og det er mariell heilt klår på. elles tykkjer eg du berre skal slengje deg utpå med nynorsken, du lærer jo best av å skrive det!
var det du som var i sogndal på vgs og pratte om nynorsk? viss det er deg, var det veldig tilfeldig at eg datt over denne bloggen og såg bilde av deg, såg noko kjent
det var meg og det var kjempegøy å snakke med dykk!
kor lenge har du venta for å få så langt hår?
eg hadde langt hår i fleire år før eg fekk dreads.
et du frukost? i så fall, kva?
akkurat no har mariell og eg teke til å eta all-bran til frukost!
kor mange sløyfeknutar kan du knyte?
éin, og det kan vera vanskeleg nok!

my boyfriend answering your questions, part two.
kommentarar:
Jeg gråt litt. Faktisk.
så godt å lese. Han der fine virker så tålmodig og vis. Inspirerende.
å få en sang komponert til seg må være det fineste som fins. det har skjedd med meg en gang:) for hundre år siden. minst.
Åh, dere er så fine. Takk for at vi får kikke inn i verdenen deres :)
Så fin han der fine er :)
I morra skal jeg stå opp kjempekjempe tidlig og dra til København med mor, far og 3 små søsken. Jeg gleder meg massemasse for det betyr en helg med dansk og fine opplevelser og uten en eneste eksamenstanke! Tenkte kanskje du ville vite det, Mariell, siden du er så glad i utflukter:)
Også håper jeg at Magasinet ligger i postkassa når jeg kommmer hjem igjen, for jeg har ennå ikke fått det, men er sikker på at det er fint:)
gjer mot andre det du vil at andre skal gjera mot deg.♥
Så utrolig fint! Dere er utrolig heldige som fant hverandre <3
Veldig enig i svaret om politikk :) Hvordan kan man IKKE bry seg om det som skjer rundt seg?
Jeg spiller bassklarinett! Hurra!! Sykt fint, rett og slett!
Tållå du Lesjing? Kåffår dæ ner du æ frå Lærdal?
takk.
<1
<2
<3
Firda <3
Hilde: mamman hans er fra lesja.
1. Arve Henriksen. Jeg har vært hjemme hos Arve Henriksen.
2. Læsjing er kult.
3. Du virker som en bra fyr. :)
Så fine svar! Dere er et fantastisk flott par :)
Bassklarinett! :D
Når eg skriv nynorsk, brukar eg dei orda som liknar mest på mi dialekt (som forøvrig er ei gudbrandsdøldialekt som er rimeleg lik di). Gjer du det same? Eg vart nemleg overraska over at du pratar lesjing fordi inni hovudet mitt snakkar du ein eller annan type vestlandsdialekt. Det er i-endingane dine som fekk meg til å tru det (til dømes slekti). Er det eit bevisst val å bruke dei?
Johanna: eg kan svara for han: han er født og oppvaksen i lærdal og har lagt nynorsken sin opp til lærdalsdialekta, og det er eit veldig bevisst valg.
finnes det noe finere enn dere to? tviler! <3
Jeg har herved utnemt dere til det skjønneste paret jeg vet om(:
Er du fra Lesja? Jeg har slekt i Lesjaskog tihi
AAA, jeg spiller bassklarinett! :) Det er mitt favorittinstrument også, haha. Dere er så skjønne!
http://blogsoft.no/trackback/ping/19448942


