godis.
"hysj,kjem det nokon?"sa du.
"nei det er trygt" svara eg frå innsida mens eg stappa ei til flaske ut frå katteluka i kjellaren. Katten mjaua og strauk seg inntil beina mine, men eg hadde ikkje tid til kos. dette var eit hemmeleg oppdrag som måtte gjennomførast med stil og kløkt. Når det gjaldt snop, så var me dønn seriøse,alltid på jakt. i god gamaldags olsenbanden-stil hadde snopesuget tatt overhand. planen: me skulle stjela flasker frå kjellaren, smugle dei ut or katteluka, eg på innsida du på utsida,me skulle pante dei og kjøpe så mykje snop me berre kunne ete. det var ein herleg plan. og når me kom dragande på eit lass med flasker på kiwien som låg oppi svingen,då smilte kiwi-mannen godt i skjegget. me rekna på kva me skulle kjøpe og brukte opp alle pantepengene på krona.
etter det var gjort klatra me opp i eit tre, eller på palle-tårnet bak kiwien. der kunne me sjå alle som gjekk forbi,høyre om mødrene våre ropte,og alle kunne antagelegvis sjå oss og, men me spionerte jo på dei. milkyway roller var favoritten,men bugg,tyggiskuler,stratos og lovehearts-leppestiftar skulle også nytast. og me nøyt fangsten og utsikten. det er eit av mine beste minner, eg trur det er ditt og. for når me går forbi pallane bak kiwi no, tolv år etterpå så berre ler me samtidig og tenker at snop, det var seriøs bisniss det.
gratulerar! du som har vunne: skriv ein kommentar i dette innlegget der du fyllar ut mail-rubrikken, så eg får sjekka at ip-adressa stemmer og at ingen prøver å jukse til seg godis, så sender eg deg ein mail! mitt fredagsgodis: mørk sjokolade med ingefær og sitron som han der fine fekk før i kveld. supergodislaurdagssuss!

the winner of the candy competition.
kommentarar:
Fin blogg :)
Åh. Pippi! Flott innlegg frå vinnaren, likte detta :)
Ååh, elsker den scenen fra Pippi!
pippi ih och godisaffärn! <3
den sjokoladen du snakker om er dritgod.
gratulerer, du som vant:)
Å. eg vart heilt rørt/glad av å lese at min historie vant!
Men eg har reist heim på sommarferie, er ip-adressa annleis då? (eg er veldig lite teknisk ser du)
Uansett, tusen takk,skjønne Mariell:)
Å den pippi filem altså. Får altid så lyst på kokkosbollar, og lange snører av den. Hehe.
Snille, snille Pippi Lotta:)
Og fine minnet!
Maria: ja, forsåvidt. send meg ein mail, du! :)
Ville berre seie at du har ein nydelig blogg :) Eg plar vente nokre dagar mellom kvar gong eg les, slik det er mykje godt/fint/trist/inspirerannde å lese. Håpar du held fram med blogg og magasin lenge, lenge :) Ha ein fin sommar =)
Elsker den pippifilmen der, så den om igjen og om igjen og om igjen :)
Jeg ville bare si at jeg fikk magasinet i posten for en uke siden, og det er så veldig fint! Inspirasjon fra start til slutt! Tusen, tusen takk for et magasin som gir assosiasojner til sukkerspinn, såpebobler og parisdrømmer.
åå, nydelig godishistorie :D
http://blogsoft.no/trackback/ping/19650738