balaton sound festival.

i går gjorde eg og han der fine noko av det skumlaste eg har gjort; me tok tog i aust-europa. mot zamardi og heineken balaton sound festival, som er ein stor elektronika-festival. han der fine elskar elektronika så det var jo ganske naturlig.

han spelte kabal på toget.

eg tok av meg skoa med éin gong eg kunne, eg hadde gnagsår berre fra å ha gått fra huset til togstasjonen og skjønte at eg kanskje skulle valgt eit anna par. plasteret er jungelboken, om nokon lurte.

min forlovede. med lady gaga-tskjorte.

det var så klamt så eg måtte ha håret opp og såg ut som ei søt gamal dame. eg les ei nydeleg bok, den får de sikkert høyra meir om seinare. og eg veit at eg sa eg ikkje likar å lesa lange bøker, men det er heilt klart eit sommarfenomen eg set pris på. foreløpig.

toget vårt vart altfor masse forsinka for det var ein frustrert ung mann som hadde hoppa framfor toget ein plass(lurer sånn på kven han var og kva han tenkte). vel framme var det altfor mykje folk, så me åt litt drittmat og kjøpte drinkar. bacardi+cola og jack daniels+cola. så sat me i graset i eit par timar og las og las og kosa og prøvde å unngå at folk tissa på oss.

så kraup me fram fra vår lille hole for å sjå tricky. sola var begynt å gå ned og det var ganske fint. litt til høgre i bildet kan ein sjå ein heisekran. der heisa dei folk opp også hoppa dei i strikk. eg fekk sug i magen av å berre sjå.

og det var aldri noko vanskelig å vita kven hovudsponsoren var.

dama som sang med tricky. med billy holiday-tskjorte og dei mest sensuelle dansebevegelsane eg nokon gong har sett. også flink til å synga, da. til venstre i bildet er ei lita jente som dansa og var så sjarmert av han der fine. han var sjarmert tilbake óg da(og i heile dag har me snakka om når me blir foreldre).

øl i graset, som det skal vera.

så vart det ganske mørkt og det var fram med glitterbuksene.

inne på vinområdet hadde dei fine girlander med lykter inni, så himla fint at eg kunne tenkt meg å hatt heime. her solgte dei frøccs. frøccs=ei heil flaske vin pluss to komma fem desiliter farris. det kosta tusen forint, ca tretti kroner og tenk at det får ein ikkje eit halvt vinglas eingong for i norge.

så. begynte det. chemical brothers, det me hadde reist for å sjå. dei er ein av favorittane til han der fine og det var ein så himla himla himla magisk konsert. eg dansa i ein og ein halv time i strekk og eg dansar aldri utanom på stolen, bassen traff meg i kroppen så heile kroppen vibrerte og eg følte meg som del av ei bølge eller ein elefant.

eg tok dette bildet av han der fine og han er så fantastisk altfor kjekk for sitt eige beste. berre seier det, altså. i tilfelle de ikkje har lagt merke til det enda.

det var eit fantastisk visuelt show óg, og eg ville aldri at det skulle ta slutt. då me endelig kom heim i dag tidlig sat mamma og pappa på verandaen og åt frukost, og han der fine hang eit "do not disturb"-skilt på verandadøra vår, finast. så sov me og sov og sov og sov og i dag har eg vore tørst og støl på plassar eg aldri har vore før.
takk for alle dei fine kommentarane på forrige innlegg, det er fint å vita at det finst folk i verda som til og med tykkjer me er ganske fine. håpar de har det innmari himla fint, det har eg.

yesterday my boyfriend and i took the train to zamardi for the heineken balaton sound festival. it was insane and fantastic and i danced like never before.
kommentarar:
så artig med chemical brothers-opptreden!
ay, kjenner meg igjen i gnagsår-så-straks-en-går-ut-døra-problemstillinga. au.
det virker som det var helt fantastisk! jeg gleder meg til jeg skal rundt i europa. og jeg er nervøs. mest pga at jeg ikke passer så godt sammen med sommeren og føler meg utsatt og synlig og fæl hele tiden. men det blir sikkert magisk likevel.
1. ingen fare, det er lett å se at jostein er kjekk.
2. jeg vil også danse! faens sjenerthet.
3. de selger lysgirlandere på scorpius ved birkelunden.
yiruma - river flows in you.
denne sangen har jeg funnet hos deg. idag har den og bloggen din hjulpet meg masse. I en hverdag hvor jeg føler at jeg er kjedelig og utilstrekkelig får jeg ett lite innsyn i verden som er(for meg) helt fantastisk og magisk.. Det hjelper masse på humøret og jeg får så mange ideer at jeg holder på å sprekke.
ps: du er fantastisk med håret opp
Så utruleg fint. (:
Ville bare fortelle deg at jeg blir glad av å titte innom bloggen din :)
ser fantastiskt ut
Ser kjempe koselig ut, dere passer ekstremt godt sammen. hva heter boka du leser?:)
Du er fantastisk!
søte skooooo, pusekatter ^ ^
uruuruuurhrhh. jostein er goddamn handsome.
Utrolig bra blogg og masse koslige og fine bilder :)
you look very pretty :} <3
Har du og cat and dog sko? Eg kjøpte mine i ei fin lita perle i Fredrikstad. Brukte heile feriebudsjettet mitt på dei. Eg bruker dei heile tida :) Kor kjøfte du dine?
Så fin du er Mariell, du kledde den oppsatte hårfrisyren.
Og det hele så veldig fint og gøy ut, må bare si det igjen: du og han der fine er så fine sammen, vakre er dere.
han fine liknar ein alv
Ååå! Eg er så glad de fekk oppleve Chemical Brothers!!
Ååå! Chemical Brothers! De så jeg på roskilde for et par år sida, og det var magisk det! Heldige dere er som fikk sett dem :)
Tonje: kjøpte dei i paris for eit par år sidan!
Fine du
Det høyres fint ut, austeuropa altså. Av ein eller anna grunn tenkjer eg litt på redbull og merkelege ord når ordet austeuropa blir nemnd, litt på forgifting og forurensing og fattigdom, og på dei stakkars austeuroperane som kom på besøk til vår skule i kanskje femteklasse, og sikkert hadde spart opp mykje penger og fått litt av sine foreldre, også kom dei til noreg, og dei hadde ikkje råd til ein melkesjokolade på butikken eingong. men det kan sikkert vere magisk stader der både drikke og mat er så billig at ein kan leve som rikingar, og ikkje bekymre seg om noko.
Dette er jo bare utrolig fint å lese. jeg blir glad, og får en deilig følelse inni meg. du skriver utrolig bra. <3
Skikkelig fine bilder! Du er helt UTROLIG flink!
for et nydelig innlegg :)
http://flamingo.no/product_info.php/sveve-over-skyenesmykke-p-589
jeg fant dette smykke nettopp og tenkte på deg og at jeg ikke hadde sjekket bloggen din på en og en halv dag!
fine bilder, fin kjæreste og fin jente!
"min forlovede. med lady gaga-tskjorte."
Elska dåkke!
det er sant, han der fine er veldig fin :) men du er så himla søt at dere passer perfekt sammen. Han der fine og hun der søte.
Jeg brukte hele togturen på tre timer på å kjøpe billetter i Polen. Det skulle stemples, og skrives under. Billettene fløy ut av kupéen, og ut av vinduet og overalt. Skjønner ikke hvordan jeg skulle greid det uten de polske vennene mine. For et styr.
Lysene på vinområdet minner meg på en rar måte om den gamle julegata her hjemme.
Festival er fint, Tricky er fint, og dåke to er er jo berre så uforskamma fine i lag.
tog er det fineste jeg vet. det er en av de tingene som gjør meg ordentlig lykkelig! jeg tok tog igjennom øst-europa i fjor, det var skummelt, men fantastisk.
han der fine er virkelig fin! heldiggrisen.
Ååå heldige dykk, det ser fantastisk ut! Eg er ikkje på nokon festival i år og eg prøver å late som eg ikkje saknar det grenseslaust, men det gjer eg altså.
Du er fantastisk!
åhhhhhh<3
http://blogsoft.no/trackback/ping/20367552