hjarte rundt eit gutenavn og lunsjavtalar med ei med krøllar (konkurranse)



av og til så gløymer eg ting. ting som er middels viktige å hugsa, som å ringa mormor eller å kjøpa mjølk på putikken. difor skriv eg ned ting i fine bøker. men til slutt blir dei berre det; bøker å skriva ned fine ting i, for eg har så mykje som må ut fra hovudet og da blir det berre sånn. ingen plass til handlelister eller parkplanar eller spontanteikningar av han der fine. heilt sidan eg kjøpte ein personlig almanakk herfra til mamma til jul for to år sidan har eg hatt lyst på ei sjølv men har liksom aldri tatt meg råd, men tenk kor fint at no får eg lov til å gi vekk ei sånn i premie til ein lesar!

desse almanakkane er så fine fordi ein kan velga heilt sjølv korleis dei skal sjå ut både på utsida og inni; kva lister ein vil ha(været, idéar, trening eller karakterar eller mål for veka eller mange andre), ein kan fylla inn purstagar og bakerst kan ein velga om ein vil ha linjer eller sudoku. berre ein sånn ting.

så! det du treng å gjera for å vinna:
finn på ein heilt ny merkedag på ein bestemt dato i året der ein skal feira noko heilt spesielt. det kan vera "ballongdagen, 14.april. alle får ballongar levert på dørklinka 07.00 og saman marsjerar ein gjennom sentrum og til slutt et ein kake og køyrer varmluftsballong for dei som vil. ungane har ballongløp der ein må gjennom ein labyrint full av skarpe ting og den sin ballong som ikkje sprekk vinn!" ca. hugs å legga igjen epostadresser så eg kan ta kontakt! eg avsluttar konkurransen på torsdag klokka seks(på kvelden).

ps: eg set enormt pris på lesarane mine, og eg syns óg det er viktig å dela med meg av fine ting eg finn på internett(og det veit eg jo at de likar óg). eg oppdaterar linkelista mi ofte, og linkar sjølv pyttesmå bloggar som eg syns er fine. derfor syns eg det er trist å sjå at det er så mange som faktisk har
fjerna meg fra linkelistene sine i det siste(fra 99 til 75), sjølv om eg jo veit at det er langt langt fleire som les og som har bloggar sjølv. å linka favorittbloggane sine er det finaste ein kan gjera, for det er sånn internett fungerar; å hoppa fra link til link. så eg håpar de som les bloggen fast og ikkje linkar tenkjer dykk litt om om kanskje eg kan få vera der likevel. berre om de vil, sjølvsagt. suss.


a competition, only for my scandinavian readers, i'm afraid! and also just a ps: i think it's sad how few bloggers link me compared to how many who actually read and have their own blogs too, so i hope you'll reconsider and link me if you like my blog. that's all!

kommentarar:
posta av: Anna Kristin

Så fin blogg du har :)

Ha en fantastisk god sommer! ;)

12.jul.2010 @ 13:06
URL: http://www.annaxi.blogg.no
posta av: idun

du er herved lenket =)

12.jul.2010 @ 13:15
URL: http://oyeblunk.blogg.no
posta av: jessica

håper du blir linka masse i dag.

bra, idun.

bra, mariell.

dette blir bra.

gratulerer med forlovelsen på etterskudd. :)

12.jul.2010 @ 13:30
posta av: The Annelene

Eg har link til deg! Det har eg alltid hatt, og det skal eg alltid ha.

12.jul.2010 @ 13:55
URL: http://www.annelenus.blogg.no
posta av: Siv

Den gode dagen, 1 august.

Du skal gjere noko fint for dei du er glad i. Alle lagar små søte armbånd til kvarandre, slik som dei gjer i hinduismen. Ein samlast over ein matbit i ein park eller skog eller ein annan fin plass. Alle lagar god mat som dei er flinke til, eller prøvar noko nytt. På småe skjell blir det skrive fine ting til fine personar, som dei kan ta fram på ein dårleg dag. På kvelden er det samling rundt eit bål med song og dans og festligheiter.

Berre tenkte det kunne vore fint..

12.jul.2010 @ 14:02
posta av: Maja

Jeg har prøvd å linke i sånn liste som viser når bloggen har nytt innlegg, men den sier at blogglinken ikke er gyldig. jeg er helt sikker på at jeg har skrevet den riktig! jeg skjønner ikke hva som skjer :( selvfølgelig vil jeg jo helst linke til denne lune, varme, marshmellowen av en blogg.

12.jul.2010 @ 14:24
posta av: cathrine

Post-it dagen

Man skal skrive en post-it med en hemmelighet, tilståelse, eller noe annet man tenker på.

Så skal man gi den til en person, hvem som helst.

Kanskje legge den i postkassen til naboen? Eller til den søte gutten på trikken man møter hver morgen på vei til skolen. Kanskje kan man gi den til moren eller faren sin, bare for å lette av tingene man har på hjertet hvis det er ekstra vanskelig å si noe, eller bare si at de er finfine foreldre som man er glad i.

Jeg vet ikke hvorfor, men en dag full av interessante anonyme post-it's ville vært fint.

Og gøy.

Tror jeg.

Hvis man bare tørr.

For det er det alt handler om.

12.jul.2010 @ 14:29
posta av: A

3. februar: Regnboge-dagen.

Om vinteren blir alt anten grått, svart og slapsete fordi det berre sluddar og ikkje blir frost og snø, eller det blir heilt kvitt med mennesker pakka inn i svarte tjukke kle, kanskje ein og anna unge med raude jakkar og blå lue, men for det meste veldig lite fargerikt.

Denne dagen er for å gjera hugsa at ein har uendelige fargar og spre rundt seg, og lyse opp kvardagen med, sjøl om det ikkje er så friskt og farkerikt ute. Ein treng ikkje vera så grå heile tida. Dagen skal brukast til å pynte opp ute, henga fargerike figurar i trea, ha på seg ein morosam hatt, eta muffins med glasur i mange fargar og all verdas pynt, tenne lys i raudt, blått, grøn, gul og orange og rett og slett spre farge og glede rundt seg.

12.jul.2010 @ 14:29
posta av: Rebekka

20. Desember, Hemmelig venn dagen.

Denne dagen skal du gjøre noe fint for et menneske rundt deg, uten at personen vet at du har gjort det. Jeg valgte datoen 20. Desember for da nærmer det seg jul, og det finns mange der ute som kanskje ikke har det så bra rundt høytider som du kan gjøre noe fint for!

12.jul.2010 @ 14:31
posta av: Katarina

Du er linket :) Bidrag til konkurransen kommer litt senere!

12.jul.2010 @ 14:45
posta av: karina

ok. då seier me det sånn då, at eg finn på fleire, for det som skjer no, når kvernane og boblene inni hovudet byrjar å kverne og sprekke, så kjem det så mange idear, så mange tankar, så mange fine dagar som eg ynskjer å skrive opp på almanakken, kanskje lage eit heilt år berre kun fine dagar, dagar som betyr noko, slik at det ikkje berre blir grå dagar, som ein søndag der ein vaknar opp til regn og ein veit at det einaste ein kan gjere i dag er ...ingenting.

12. august - bakedagen. det er kun lov til å bruke kokebøker, aller helst den rødrutete med slitte sider og flekkar frå smør og kakao på side 464, den med sjokoladekakeoppskrifta som er brukt så mange gonger. denne dagen bakar ein, ein lagar god mat, ein tek seg ikkje hastverk, men let brødet og bollene heve lengje, lengje, let sausen koke lengje og ein kuttar ikkje potetene i to for at dei skal koke raskare. ein brukar skaut på håret, bind det opp med klemmer og strikk, tek på seg forkledet og tuslar rundt i sjukehustøflar heile dagen, og berre lagar mat, lagar mat, et mat og lagar meir mat til mørket kjem, og ein nyt heile festmåltidet med eit glas på balkongen, for det er jo enno sommarvarmt i august.

26.november - innedagen. denne dagen har ein ikkje dårleg samvit for at ein ikkje trør utanfor døra. i dag er dagen då ein skal berre bli i senga. frukost, lunsj, middag, alt inntas i senga, i sittande, eller kanskje liggande stilling. ein er lur om ein gjer alt klart dagen før, ein stablar bøker på nattbordet, sitt vatn ved sengekanten. om ein vert rastlaus og det kriblar i beina, er den enkle løysinga at ein berre kan hoppe i senga og blå såpeboblar mot taket, mens ein let som om ein er dei einaste att i heile verda. denne dagen er absolutt best å dele med andre, elles kan den verke litt depressiv.

26.juni - oppdagingsferddagen. denne dagen skal ein oppdage noko ein ikkje har oppdaga før. om det er kva naboen eigentleg heiter og kva han likar best til middag, eller om det er å finne ut kva fugl som bur på låvehjørnet, slå det opp i ei av dei grøne, vesle pocketbøkene om fuglar og finne det latinske namnet, og kanskje gå på biblioteket og låne ein cd med alle fuglelydane som finns, berre for å gjere det grundig. om ein verkeleg vil gjennomføre denne dagen, er det ikkje verre enn å ta med seg ein liten kikkert, ein slik oppdagerferdhatt og helst kakishorts og sandalar med sokkar i.

2.juni - hemlig piknikdag. litt hemlig, fordi ein ikkje veit kva ein skal på piknik! oppskrifta er enkel, lag ein piknikkurv med mykje godt i, hugs saft, hugs bestikk og nokre blomete serviettar heilt nederst, og sjølvsagt duken og teppet. gå til næraste buss, trikk eller togstasjon, og vent til neste transport dukkar opp. om du på vente litt, gjer det ingenting, for då spør du næraste menneske om eit tal mellom to og ti, sånn helst, det gjer ingenting om han seier meir, men det er best sånn. så sitt du deg ned, med mindre du likar å stå og hold godt fast på kurven, hugs safta! tel antall stopp, og i det stopp nummer X kjem, og her er X det stoppet som den framande har bestemt, der går du av, der finn du piknikstad. om det er midt i ein rundkøyring får du heller berre tåle litt forureining, du overlever det. kjem du ut på landet, i magiske omgjevnadar er du heldig, heldig. denne er og kjekkast å gjere saman med andre.

12.jul.2010 @ 14:59
URL: http://nattfisk.net
posta av: anders

eg synest det er fint at du valde ut akkurat 14.april og ballongdag-tingen fordi eg har bursdag på akkurat den dagen og no veit eg korleis eg skal feira den neste år!

12.jul.2010 @ 15:00
URL: http://etoile.blogg.no
posta av: bente

Den lange kosedagen, 10.november. En dag som setter fokus på å roe ned tempoet i hverdagen og på små, livsviktige gleder. Alle får fri, og ingen skal stresse med hybelkaniner, deadlines eller unger som må på fotballtrening. Istedet kan barnefamilier spise frokost i senga, single business-menn kan lage heimlaga kakao for første gang og kjærestepar kan bygge dynereir på stua hvor de bruker hele dagen på å kysse og snakke om framtida.

Hvordan vet du forresten hvor mange som linker til deg? Jeg har iallefall hjartesmil link :)

12.jul.2010 @ 15:01
URL: http://icefeather.blogg.no
posta av: Marthe

drømmedagen, 12 august - dagen du gjør ting du alltid har drømt om, men ikke gjennomført. for meg begynner det med sjokolade til frokost, masse skribling i dagboka, picnik ute i eventyrhagen hvor jeg sitter i skyggen av et tre og hører på lyden av barnelatter. jeg snasker på vannmelon, og går til byen hvor alle smiler og holder hender. jeg sovner ute i hagen sammen med min kjære (vi ser på stjernene, og vugges i søvn):-)

12.jul.2010 @ 15:25
posta av: michaela

må tenke litt på merkedagen

men ville bare si at jeg har prøvd å linke til deg, men blogspot skjønner ikke at siden din eksisterer og jeg får dermed ikke lov av de å linke teit :(

12.jul.2010 @ 15:28
URL: http://giraffemichaela.blogspot.com/
posta av: Malin Rasmussen

Ting å gjere før du døyr-dagen. 8.august.

Kvart år gjer du ein ting som du veit innerst inne at du vil få oppfylt før du døyr. Du oppfyller ein ting kvart år. Så går du ikkje bere rundt å seier kva du skal gjere før du døyr, men at du faktisk gjer noko med det:)

Elskar bloggen din og konkurransane dine, Mariell!

12.jul.2010 @ 15:34
URL: http://malinbergerasmussen.blogg.no
posta av: June

Eg òg må tenke litt på merkedagen :) men ville berre seie at eg så klart har linka til deg, og at eg om ca tre sekund skal bestille magasinet, fordi bankkontoen endeleg tillet det, og eg gler meg som ei lita marihøne til det dumpar ned i posten ;D Ønskjer deg ein magisk dag!

12.jul.2010 @ 16:18
posta av: Natalie

den 3. juli skal alle gå barføtt! bare for at man blir glad av det.

12.jul.2010 @ 16:27
URL: http://ninjanat.blogg.no
posta av: Maja Piraja

Jeg synes den 4. August kan få være hviskedagen. Den dagen må alle hviske, slik at alt man sier høres ut som det er en spennende hemmelighet :)

Jeg har linket til deg lenge, lenge jeg :)

12.jul.2010 @ 16:30
URL: http://www.majapiraja.net
posta av: Malin

Veldig trist men syntes det er fint likevel:

3 november: Minnedag for alle dyr som har dødd i krig, eller har vært offer for eksperimenter og menneskelig ondskap.

3 november er forøvrig dagen Laika ble sendt ut i verdensrommet og døde noen timer senere.

12.jul.2010 @ 16:37
posta av: Sandra

Smiledagen, 20. juli.

Alle smiler og plystrer og ingen kan være lei seg når alle andre går rundt og smiler.

Smil til verden, så smiler verden tilbake. :)

12.jul.2010 @ 16:39
posta av: Anna

"Den lille Bestemordagen", 24.mai:

Alle gjør noe fint for bestemor. Baker en kake, skriver et brev, kan hende legger en polkagris med. Og bor bestemor bak skyene et sted, så gjør man det likevel.

Jeg startet feiringen i år, for 24.mai 2010 hadde bestemor fylt 100 år!

Se så fint jeg hadde det den dagen! :)

http://fraannasverden.blogg.no/1274728327_den_lille_bestemordag.html

12.jul.2010 @ 16:39
posta av: Sofie

Hm.. en ny merkedag..

Den store gjør noe godt for en annen. Alle gjør én bra ting for én annen person, og dermed vil alle få en fin dag. Målet med dagen vil ikke være noe spesiell hendelse, utenom at absolutt alle i hele verden må være snill med én person, en som ikke har blitt gjort noe fint mot før, dermed vil _alle_ få blitt gjort en fint ting med.

Det vil være en dag hvor alle i hele verden, uansett hvordan resten av året er, har en fint dag. Uansett opphav, tilstand eller personlighet vil dette være en dag hvor menneskene har det bra.

En bedre dag kan jeg ikke tenke meg til:)

12.jul.2010 @ 16:39
URL: http://sofielp.blogg.no
posta av: Sunniva

Åhh! har ønska meg ein slik almanakk heilt sidan første gang eg såg ein.

Min merkedag skal vere den 1 september. Den skal heite "regn-dagen" og det skal pøse ned heile dagen. Men no må du ikkje tru at alle skal vere inne og sutre over været! Nei, alle skal kle på seg støvlar og regntøy og hoppe rundt i sølepyttar og gå med fargerike paraplyar og stikke tunga ut av munnen og smake på regnet. Helst skulle regnet ha smakt som iste og sjokoladekake og kanelbollar.

Etter at alle er utslitte av å springe rundt i regnet skal alle gå inn, dusje, ta på seg pysjamasen og kose seg med tepper og kakao og fine fine folk resten av kvelden. Det skal gå fine filmar(kanskje rain man? hehe) på alle tv-kanalar og alle finn noko for sin smak.

åååå eg elskar regn!

12.jul.2010 @ 16:56
URL: http://www.jigsaaw.blogspot.com
posta av: hanne

du har mista ein link fra meg, men det er fordi jeg sletta bloggen min. så vet du det!

12.jul.2010 @ 17:20
posta av: Lea

den er kjempefin :) Jeg har en rosa med fugler og navnet mitt på og noteark inni- kjempepopulær julegave ;)

12.jul.2010 @ 17:47
posta av: Ingvild

23. juli - utedagen

Denne dagen skal tilbringast ute, i Guds frie natur (eller, i alle fall i den frie natur). Det er sjølvsagd sol og varmt i lufta, fuglane kvittrar og livet er hærleg.

Ting som må gjerast i løpet av dagen:

- piknik med god heimebaka mat

- ein tur (enten ein liten spasertur i skogen, på ein sti eller ein veg eller på ein fjelltur med utsikt og frisk vind.)

- Bading i sjøen eller i eit fint lite vatn.

- Sova ute. i telt eller aller helst under åpen himmel.

Dagen skal sjølvsagd tilbringast med den/dei aller finaste menneska i verda di.

12.jul.2010 @ 18:02
posta av: Johanna

4. juli - komplimentdagen, minst 10 ektefølte kompliment til kjende og ukjende!

12.jul.2010 @ 18:39
posta av: Ida

Snødagen, ingen fast dato.

Den første dagen med snø! Alle må ha på seg varme klær, pakke med seg ski og kjelker og kakao og appelsin (evt. klementin) og andre gode ting, og så må man leke i snøen hele dagen. Uansett hvor lite (eller mye) snø som har kommet!

12.jul.2010 @ 18:40
URL: http://dryice.blogg.no
posta av: Emma/lillelomell

20. Juni "Tjohei-dagen"

Den dagen skal man feire at det endelig begynner å bli sommer i Norge, og det skal alltid være fint vær. Iværtfall sol. Alle får en sprettball i posten dagen før, som det står navnet ditt og adressen din på. Alle møtes i byen kl. ett med sprettballene, så sier man klar ferdig gå! også slipper ale sprettballene sine, og lar dem fly av sted. Så løper man etter og ler og så prøver man og fange dem. Hvis man fanger sin egen eller naboen sin blir det premie, og hvis man fanger en rosa også. Resten av dagen skal an dra på oppdagelsesferd hvor man vil og spise markjordbær. Så kan man legge seg så seint man vil for det er alltid hviledag dagen etter.

12.jul.2010 @ 18:56
URL: http://lillelomell.blogg.no
posta av: Katarina

En sånn en hadde vært supernyttig nå når jeg flytter for meg selv!

Derfor finner jeg på Hybelboerdagen, 6. september. Det er dagen man skal glede alle hybelboere, for uansett hvor fint det er å bo alene kan det til tider bli litt ensomt også. Spesielt om man ikke flyttet frivillig, men hadde ikke noe annet valg når skolen man ville gå på var så langt hjemmefra. Hybeldagen starter med at alle hybelboere blir servert muffins i forskjellige farger til frokost. Gratis sjokolade til alle! Man skal klemme alle hybelboere man ser, hele dagen, og feiringen pågår til langt på natt. Dagen etterpå er alle hybelboerne så sliten at de selvfølgelig får fri fra skolen.

12.jul.2010 @ 18:57
posta av: anne marte

d ligger i linkelista mi, og der har du vært skremmende lenge. også legger jeg små linker til deg i innlegg fordi du er inspirerende og den fineste bloggeren jeg vet. puss.

12.jul.2010 @ 19:37
URL: http://annehvalen.blogg.no
posta av: katt

Besøksdag. Men den er egentlig hver dag, og så går ansvaret på rundgang. Alle som er født den 1. i en måned har den 1. som sin besøksdag og så videre. Så skal man besøke alle ensomme gamle, og unge for den del, mennesker som sitter alene rundt om i landet. Gå på butikker for/med dem, lese aviser, spille kort eller bare snakke sammen og høre etter. Man kan få en fast person, eller rullere på det også. Så skal det foregå akkurat så lenge at det blir en vane for folk og man ikke trenger å minnes på det med hjelp av noen almanakk. Det krever en helvetes organisering og for min del udefinert inndeling av "besøkende" og "besøksmottaker", men siden ideen er så knakende god burde noen med organisatoriske (??) evner ta seg av dette lett som en plett. Vips ble verden et litt bedre sted!

12.jul.2010 @ 19:46
posta av: Erle

Framsnakkings-dagen 24.april

Dette er dagen der man, istedenfor å snakke nedlatende om andre for å forsøke å hevde deg, skal fokusere på å snakke folk frem.

Man skal uoppfordret fortelle om sider ved andre man beundrer, enten de er tilstede eller ikke, og passe på at menneskene rundt deg får vite at du setter pris på dem og at du syns de har noe å tilby.

Dette kan være alt fra de store, opplagte positive egenskapene, til de små, hyggelige detaljene som først og fremst er framsnakking fordi de viser at man har lagt merke til personen man henvender seg til - og setter pris på at man får ta del i den.

Dagen er lagt til våren fordi dette er tiden for ny start, nytt liv, nytt håp, ny forelskelse. Det er når smilene blir større, hjertene varmere, planene lysere og overskuddet større, og med en framsnakkings-dag, blir det også tiden for å gjenoppdage mennesker og å blomstre selv på nyvunnen selvtillit gitt av alle framsnakkere man møter.

(Forstett å fokusere på de fantastiske småtingene, å verdsette detaljer, det lille ekstra, det unike. Det er sånne som deg som gjør at man ser mot regnbuen isetedenfor regnet.)

12.jul.2010 @ 20:03
posta av: Karin

19. Januar er det hjarte dagen!

Da er det normalt å tegne hjerter i ansiktene på vennene og kjæresten sin, for å ønske dem lykke til senere i livet. Og for å vise hvor høyt man setter pris på hverandre.

posta av: natalie

26. september: sjokolade-dagen!

Det er dagen der man bare spiser sjokolade! (hvis man ikke tåler/liker sjokolade kan man være litt kreativ, og f.eks kjøpe sjokolade til en du er glad i)

Tanken er at sjokolade/det å glede andre gjør deg glad, så på denne merkedagen er hele verden glad:)

natalie_utheim@hotmail.com

12.jul.2010 @ 20:37
posta av: Allis i eventyrland

Jeg har nettopp bestilt meg en slik almanakk, ellers skulle jeg definitivt ha vært med på konkurransen din :) Fineste premien!

Og jeg linker selvsagt til deg! :)

12.jul.2010 @ 21:05
URL: http://allisieventyrland.wordpress.com/
posta av: Christine

3. august: Biblioteksdagen.

Hver 3 august går man til det lokale biblioteket og finner en bok man liker. Legg igjen en lapp inni boka når du er ferdig med den, eller når du skal levere den tilbake. På lappen må man skrive noe fint som kan glede den neste personen som skal låne den.

Jeg fikk en gang en lapp i bibliotekboka mi. Den var så fin, og jeg fantaserer om personen som skrev lappen enda. Hva gjør han/hun til vanlig? Hva er favorittmaten? Hvorfor denne boka?

- Tenk så fint det er.

12.jul.2010 @ 21:11
posta av: Isabel

6. juni:

internasjonal klemmedag:

på denne dagen gir man ekstra mange klemmer og rundt omkring i gatene er det klemmeboder hvor man kan klemme fremmede så vel som kjente + at man kan kjøpe søte klemmekosedyr om man vil det.

12.jul.2010 @ 22:06
URL: http://dasmadchen.blogg.no
posta av: josefinecomebyme

Du har alltid vært linket :) Oslo guiden din i magasinet er forresten fantastisk, jeg brukte den i dag :) Nå er jeg kjempe godt kjent på Grüneløkka, og det blir enklere å ta med kjæresten ut på noe (han bor der du bor) nå som jeg er litt kjent også, hihi :)

14.oktober: Eventyr-dagen!

Alle finner fram et eventyr, kanskje favoritten, eller en klassiker som Alice in Wonderland eller Tinsoldaten, eller kanskje et av Beatrix Potter sine. Alle skal lese et eventyr denne dagen, enten for seg selv eller høyt for andre, og minnes det å være barn, eller minne barna på hvor viktig det er med fantasi. Mens man leser skal man sitte i store myke sofaer med ullpledd og store puter og drikke kakao og grille epler på peisen, og høre på fin filmmusikk i bakgrunnen (fra Narnia kanskje).Og eventyrene skal bli levende foran øynene på de som leser, slik at man nesten kan ta på dem et lite sekund før de forsvinner igjen.

12.jul.2010 @ 22:13
URL: http://www.josefinecomebyme.blogg.no
posta av: Ella

30. august: dagen ein skal bli ven med verda på
(Sommaren er omtrent over, og for nokre er dette tungt, medan andre er glade i hausten, fordi han er så fin.) På denne dagen er det fint å ha på seg kjole eller dress og ha ei konfekteske med seg. Ein kjenner alle på denne dagen, og byrjar å konversere som om den eigentlege skumle eller triste, ukjente personen er nokon som ein har kjent mange år. Det er fint å spandere konfekt, og ein avsluttar gjerne samtala med å ynskje lykke til med personens kvardagslege gjeremål og kome med eit relevant tips, eller kanskje berre fortelje om korleis det gjekk med ein sjølv forrige gong ein foretok seg dette gjeremålet.

12.jul.2010 @ 23:12
posta av: christianeellefsen

3. mai skal være såpebobledagen

Alle skal blåse såpebobler, og det blir holdt en parade i alle byer, både små og store. Det blir avholdt konkurranser om hvem som kan lage de største såpeboblene, og tilslutt slippes det opp ballonger som ser ut som såpebobler (gjennomsiktige, med regnbueskinn i), der man skriver ønsker om hvordan sommeren skal være.

Ha en fantastisk dag/sommer!

12.jul.2010 @ 23:26
URL: http://christianeellefsen.blogg.no
posta av: Mona

Mannedagen! Jeg har alltid ment at siden det er en kvinnedag, så burde det jo absolutt være en mannedag også. Det kan være i oktober, for det er en ganske maskulin måned, og 27. er en ganske maskulin dato (inne i hodet mitt ihvertfall).

På mannedagen kan alle menn få se på sport på TV mens de får øl av damene sine. De kan få middagen servert når de kommer hjem fra jobb, og de skal slippe å gjøre noen som helst form for husarbeid. Er du ekstra heldig, så finner du en edderkopp som mannen din kan "redde" deg fra, for å vise manndommen sin. Alle menn skal få velge hva de vil se på på TVn. Ikke mer Ungkarskvinnen, nå er det på tide med Mann mot natur på Discovery Channel! Han kan ha sokkene på mens dere har sex, og du må være på toppen, slik at han ikke trenger å anstrenge seg.

Og sånn kan det være; en dag i året. Dagen for å hylle menn, og deres væremåte. Nå var jeg kanskje litt i overkant stereotypisk, men det er halve moroa :)

12.jul.2010 @ 23:32
URL: http://selmasongs.tumblr.com
posta av: To systrer

Om ein skal kjøpe ei slik bok, kor mykje må ein betale i frakt då?:)

12.jul.2010 @ 23:39
posta av: Borghild

2. April - Fortelle-noe-som-er-heeelt-sant-dagen.

(Kom ikke på noe catchy navn, beklager)

Uansett, hvert år på første april blir jo veldig mange lurt og tullet med, så den andre april skal alle fortelle noe som de ikke har fortalt før av forskjellige grunner, men som er heeelt sant.

Det kan være alt fra "Jeg har vært forelsket i deg i et år snart." til "Det var jeg som tok det glansbildet du likte så godt den gangen i andre klasse." Eller "Egentlig så liker jeg å se på Paradise Hotel."

Jeg vet ikke om følgene av en sånn dag hadde vært bra eller dårlig, men litt mer sannhet her i verden hadde vel ikke skadet noen.

12.jul.2010 @ 23:49
URL: http://borghildvevle.blogg.no
posta av: Ingvild

13.juli, Gå-barføtes-på-våt-asfalt-som-fortsatt-er-varm-etter-ein-herleg-solfylt-sommardag-dagen!

Ingenting er betre enn å gå på varm, men våt asfalt. Lukta, kjensla, minna frå barndommen. Eg oppfordrar alle til å gjere dette. :)

13.jul.2010 @ 00:26
posta av: Karina

fin-verden dagen! 14.august :)

ein skal nyte verda heile dagen uansett vær eller humør. Ein skal sjå seg rundt og vere på plassar ein eigentleg ikkje er på til vanleg. Ein skal tenke seg om og vere god mot seg sjølv ^^ gjerne blukke blomar òg :)

13.jul.2010 @ 00:49
posta av: Aslaug

10 august : Byttedagen

Det er dagen der alle sammen bytter de fine tingene de ikke har bruk for, men som de har kjøpt eller fått. Da kan alle sammen bytte de tingene som ikke betyr så mye for deg, men som kan bli en kjempe fin skatt for andre. Det er absolutt lov å gi bort ting eller å donere ting til en fin organisasjon eller folk som trenger det mere enn deg. Da kan man bytte til ting som man liker og som man får bruk for. Da blir det ikke så mye ting som blir kastet og vi sparer miljøet for mye unødvendig ¨søppel¨.

13.jul.2010 @ 02:09
URL: http://lewa.blogg.no
posta av: kanskje, men jeg vet ikke

tredje april. jeg har ikke funnet på noe navn til denne dagen, men det skal være en sånn dag der gutter forteller jenta på andre siden av gangen at han liker henne. og at man besøker sin farmor som ser dårlig og leser avisen eller en bok til henne. og snakke med gamle damer på butikken (jeg elsker å gjøre det). og møte de du er glad i og tilbringe dagen sammen med dem.

og når klokka er elleve skal alle ha det finfint, og drikke vin, brus, saft, øl eller cider eller hva som helst. og spise noe godt. og høre på musikken man liker. sammen med folk du liker. uten å tenke på at du skal noen plass dagen etter (fjerde april skal bli en fridag. til å bare sove ut rusen. eller spille kort på gulvet med vennene dine eller gårsdagens fest)

tredje april er en sånn dag da du gjør slike ting som får hjartet ditt til å gløde. eller der du gjør andre mennesker glade. og bare har det fint.

13.jul.2010 @ 03:49
URL: http://supermajnn.blogg.no
posta av: Stine K.

Åh så gøy!

Bestilte meg en med en gang, jeg :)

Har dessverre ennå ikke fått magasinet og boka i posten :/ Har planer om å skrive innlegg om magasinet, og boka, og deg, og bloggen din og kanskje litt om han der fine også (om jeg får lov).

:)

13.jul.2010 @ 09:14
URL: http://vinterheim.net
posta av: Eirinsurr

den andre onsdagen i november er det offesiell vinonsdag.

det har akkurat blitt høst og kaldt, og mange går dessverre mot vinterdepresjon. da er det godt med en dag hvor man samler fine folk til vin, mat, gode samtaler, musikk, stearinlys og til å nyte det faktum at mens det er mørkt og kaldt ute er det både varmt og lyst inne. på alle mulige måter.

i tillegg skal man selvfølgelig få fri på torsdag slik at man kan lege sine mulige tømmermenn med fine filmer, potetgull og is.

elsket denne konkurransne, og alle bidragene! <3

13.jul.2010 @ 11:29
URL: http://eirin-surr.blogspot.com
posta av: karina

1. oktober - dagen då ingen kjenner kvarandre. dagen er nesten magisk, for fyrste oktober vaknar verda opp og ingen kjenner kvarandre. ingen veit kvifor ein vaknar opp med ein mann i senga, med tre barn framfor tven, eller kvifor det er kort frå framande menneske som heng på kjøleskapet. men frykt ikkje, i dag er dagen for å bli kjend med nye, og siden dagen er magisk så kjenner ein alle ein kjenner like godt som i september den 2.oktober. men likevel kan ein bli kjend med ektemenn og bestevennar på nytt, eller treffe nokre heilt nye menneske, som ein aldri hadde funne på å bli kjend med, hadde det ikkje vore for denne dagen.

13.jul.2010 @ 11:46
URL: http://nattfisk.net
posta av: Milla

13 oktober: kysspåkinnet-dagen. alle får et kyss på kinnet fordi i oktober trenge alle å bli minna på at sjøl om det bjunne å bli kaldt og mørkt så e det alltid noen som sette pris på deg. og på kalde og mørke dager har mange ein tendens te å glømma detta ut. tenk så fint? eg hadde blitt veldig glad for det, iogmed at eg e ein av dei mange ;)

13.jul.2010 @ 13:55
URL: http://heroesandme.com/
posta av: Milla

eg e ein av dei som har link te deg forresten ;)

13.jul.2010 @ 13:56
URL: http://heroesandme.com/
posta av: Amalie Rebekka

1.desember

Klem-dagen. Alle får, og gir gode klemmer til hverandre. Det begynner å bli kaldt i lufta, og alle fortjener en god juleklem. Har alltid ønsket meg en klem-dag, fordi en god klem er så god å få <3

Ha en fin dag, og du hadde en veldig fin blogg -sett av førsteinntrykk <3

13.jul.2010 @ 14:41
URL: http://www.amalierh.blogg.no
posta av: Kassablanca

Eg bestilte ny for to dagar sidan, fordi eg er så glad i den eg har, men 8. august tek han slutt. Der står alt eg deltok på og måtte hugsa i året som var, og bakerst har eg dei beste oppskriftene eg oppdaga. Det som gjer den ekstra fin er å skrive med tusjpennar i mange ulike fargar! :)

13.jul.2010 @ 15:57
URL: http://kassablanca.blogg.no/
posta av: Elise A. Olsen

5. februar

Lykkedagen

denne dagen skal du gjøre noe som gjør deg lykkelig. enten det er å ta vare på seg selv eller en annen, du skal være egoistisk å kun tenke på hva som gjør deg lykkelig. de som er egoistisk i hverdagen burde gjøre noe for andre mens de som hjelper andre hele tiden burde gjøre noe for seg selv. det kan være noe så enkelt som å pakke seg inn i et varmt teppe, lese en god bok og drikke varm kakao med mini-marshmallows i eller du kan besøke en slektning; en koselig tante på gamlehjemmet eller bestefaren sin. det viktigste er at det du gjør er noe som gleder deg. vi mennesker stresser alltid for mye til vanlig og gjør alltid ting som går på selvfølelsen og tilliten. da er det viktig og innimellom ta tid til seg selv og gjøre akkurat det som gleder deg. alle fortjener litt lykke i livet.:-)

13.jul.2010 @ 17:01
URL: http://www.nemorosa.blogg.no
posta av: Cathrine

fine gamle menneske-dagen. 22. februar.

eg har sommarjobb på ein gamleheim, og synes det er trist med alle dei søtingane der som sit heilt åleine og ikkje får besøk eller telefonar. derfor vil eg at 22. februar ska vera dagen deira. då skal alle besøke bestemor, farfar, den gamle naboen som sit åleine eller ho derre som du likte å vere heime hos då du var liten, men som du ikkje har sett på årogdag. ta med blomar eller ein fotoalbum eller ein film og lær kvarandre og kjenne. vis bestemor ipoden din, så kan bestemor lære deg å bake lefser.

aller helst vil eg at kvar dag skal vere fine gamle menneske-dag.

13.jul.2010 @ 17:27
URL: http://vettkje.blogspot.com
posta av: Julie

Ingenting-er-farleg-lengre-dag. Ein dag i året, helst på hausten (for då treng ein det mest) skulle ein kunne gjere kva som helst fordi det ikkje var farleg lengre. Den andre november skulle ein kunne hoppe frå høge bygningar, berre for å kjenne lufta mot ansiktet og suset i magen medan ein flyg. Ein skulle ikkje trenge å tenkje på alt som skal skje og å ha for lite pengar i lommeboka og om ein eigentleg er der ein burde vere, fordi alt ville ordne seg. Alle tinga ein hadde gått og tenkt på ville ordne seg. Og om ein gut syntest at ei jente hadde verka distre og smilte skrått, skulle han kunne seie det til ho og då ville det gått bra. Kanskje kunne han hatt ho for ein dag, eller eit år. Ingen tvang, men ho kunne ikkje ha ledd og ho ville ha vore med han heile dagen fordi alle menneske er interessante innerst inne. Om kvelden ville ein kanskje drikke så mykje vin med fine folk at det eigentleg ikkje var sunt, men så var det ikkje ein vanleg dag og då var det med eitt sunt likevel. Før ein la seg om kvelden ville ein kanskje sørge for at alle ein kjente hadde det fint, og alle ville få ei liste med grunnar til å halde seg fri frå redde tankar heilt til neste november.

13.jul.2010 @ 19:40
posta av: roro

1.januar: tar det i morgen-dagen

når et nytt år har begynt skal ingen tenke på alt de har å gjøre i det nye året. gjem vekk tanken på skole, jobb, nyttårsforsetter og dårlige minner - denne dagen skal man tenke at alt man må og vil og kan og skal gjøre kan man ta dagen etter. 1.januar er en dag uten bekymringer:-)

13.jul.2010 @ 20:49
posta av: lisabet

det blir kanskje ikke helt det samme, men jeg hadde en slik dag sammen med min kjæreste. Siste søndagen i hver mnd. Dagen heter sindagen. Annenhver gang arrangerte vi dag for den andre. Det skulle ikke koste masse penger for da blir det bare til at man skal overgå seg selv for hver gang, så det var budsjett på max 500. Det var så fint, alltid like fint. Og det var like gøy å planlegge dagen som å være den som fikk dagen. Det var alltid så godt å vite at den dagen hadde vi uansett i hektiske perioder med mye jobb og skole. Savner han, og savner sindagen.

13.jul.2010 @ 21:11
posta av: Signe

14. november - bake-noko-nytt-dagen

berre fordi at det er fint å bli så varm av å bake at ein må hengje gensaren sin over ein stol. og så kan ein halde pusten medan ein ser inn i omnen, og så får ein sjå smila til den som får nybaksten. og så kan ein klappe seg på skuldera og sei at "no var eg flink," ein heilt vanleg dag i november.

14.jul.2010 @ 01:18
URL: http://atomkrig.blogspot.com
posta av: Lisa Hansen

16 juli, Ditt Perfekte Jeg dagen.

På denne dagen skal man gjøre noe man ellers ikke tørr å gjøre, som for å eksempel å leke at du er spion hele dagen, gi en tilfeldig søt person du ser på gata en klem, eller gå i parken og fremføre en sang når man egentlig har sceneskrekk.

Du kan også lete fram dine skjulte talenter og/eller dikte opp de du ikke har, for du blir ikke dømt og ingen kunne si at du var rar, fordi dette er jo selvfølgelig helt normalt den 16 juli.

MEN det er ikke lovt å gjøre noe som kan såre andre, denne dagen er jo faktisk bare til så man kan leve et annet liv for en dag :)

14.jul.2010 @ 02:16
URL: http://www.valerie.blogg.no
posta av: Levi ~

13. Februar - Retrograd amnesi - dagen!

Dette blir mer som et lite display, men bare fordi jeg ikke kan forklare det på andre måter. Lag bildene i hode ditt!

Se for deg dette: Du våkner opp akkurat som du ville gjort på hvilken som helst annen dag. Du ser opp i taket, strekker litt på deg og gnir deg i øynene før du ser deg rundt og oppdager... Du ikke kjenner igjen rommet du ligger i! Du går ut døren, ned trappen, gjennom stuen og ut ytterdøren. Det blåser forfriskende i håret ditt og solen koser seg på kinnene dine. Du husker ikke helt hvem du er, eller hva du heter. Du husker heller ikke helt hvor du kommer fra, eller hvem familien din er. Du nyter bare det å være i bevegelse. Du ser barn og voksne mennesker, men forstår ikke forskjellen på noen av dem. Du har med andre ord ikke noe forhold til at barn kommer fra mødre. Du konkluderer bare med at "Det er en liten person, og det er en stor person." Du ser blomster i alle slags farger og former som både fascinerer og forvirrer, og lukten av saltvannet ved kaia og pølsebodene rundt om kring både forbauser og gleder deg. Du har aldri kjent noe så herlig, som lukten av varme pølser og brusende hav!

"Amnesi er minnetap, eller tap av evne til å danne nye minneinntrykk.

Retrograd amnesi - Pasienten har ikke minne om det som har skjedd et tidsrom før skade har inntruffet, og husker ingenting om noen ting."

Tenk så herlig det måtte være å kunne oppleve det bare for en dag! Ting du vanligvis ser på en daglig basis blåser deg av banen, du lærer av alt du ser og hver eneste farge får hjertet ditt til å smile, fordi du aldri har sett noe lignende eller så vakkert!

14.jul.2010 @ 02:32
URL: http://leselampe.blogg.no
posta av: Ragnhild

1. mars - Fine-ting-liste-dagen

På dinna tida av året er ein lei av vinteren og har lyst på vår, sol og varme. Våren og sola kan vi ikkje gjere so mykje med, men den fyrste mars skal ein skrive lister med fine ting, om det no e på litt vanleg skrivepapir, eller i ei søt lita skrivebok. Når du har laga ei (eller fleire) passeleg(e) liste(r), skal du gå ut mellom folk og dele ut fine-ting-listene til slike som ser ut til å trenge litt varme og oppmuntring.

14.jul.2010 @ 11:51
URL: http://regnboge.blogspot.com
posta av: Pernille F

Jeg linker egentlig ingen, men skal gjøre det nå!

14.jul.2010 @ 11:58
URL: http://pernilles.blogg.no
posta av: Nina

1. januar: EFIT-dagen (et fotografi i timen).

Den første dagen i året. Nytt år, nye muligheter. Å se verden med nye øyne, begynne med blanke ark.

Jatakk :)

15.jul.2010 @ 00:18
posta av: Cecilie

Meg og noen venninner feirer fregnedagen 8 februar. Vi synes fregner er søte, og burde absolutt feires. Det burde feires med en fridag der alle burde feire fregnene sine akkurat som de vil. :)

15.jul.2010 @ 00:23
URL: http://www.minrareverden.blogg.no
posta av: Maiken

En dag i året, kanskje 3.juni, trekker man ut en heldig person i den byen man bor i. Personen som blir trekt ut får dra på det lokale kjøpesenteret, der man får 15 minutter til disposisjon. Man får også utdelt en handlevogn. Så er det 1,2,3! Løpe så fort man kan gjennom senteret og raske med seg det man har lyst på helt gratis. Fine klær, søt sminke, rare ting man kan pynte med og gjerne en del godteri.

15.jul.2010 @ 01:13
posta av: Ingrid

14. juni skulle vore markblomedagen. Då skulle alle gått berrføtt ut i skogen/ein gammal hage/enga/veggrøfta og plukka markblomebukettar og gjeve til dei som betyr noko for ein og som ein er glade i, både kjærastar, familie, vener og andre nære, men også for eksempel den gamle dama som står i vindauget du går forbi på veg til skulen og smiler til deg slik at morgonen din alltid blir litt betre.

15.jul.2010 @ 10:35
posta av: June

HUGS KVEN DU ER-DAGEN:

Dette er dagen der alle må hugse sine draumars spor, og bestemme seg for å følgje dei. Stikkord: stoppe opp (gjerne midt i trafikken. Det blir ikkje kaos sidan alle gjer det samtidig). Det blir heilt stille i minst eitt minutt, alt stoppar. Alle tenker same tanke: Var det dette eg drøymde om, dette eg skulle vere? Nittifem prosent kjem fram til same svar: nei. (Dei resterande fem prosenta fortset med høvesvis å blåse bobler, skrive sin første roman og lage barn). Blant dei nittifem prosenta oppstår ein straum av draumar, ein draumestraum, frå fortida (fjern eller nær). Dei hugsar brått kven dei er, kva som forma dei, og dei veit. Veit at det går an å oppfylle. Dei veit det no, for på hugs-kven-du-er-dagen veit alle at det går an. Dette fører mellom anna til at:

-Tannlegestudenten som skal overta faren sin praksis hugsar plutseleg følelsen av bølgjer under baugen, og sluttar på studiet, flyttar frå byen og reiser til sjøs i staden, der han treff sin livs kjærleik i byssa.

-Dama på eldreheim som er for skrøpeleg til å gå nokon stad og dusje sjølv, hugsar plutseleg på det vesle malarskrinet inne i skapet som ho fekk av eit lite barnebarn som hadde høyrt nattahistoriar om farmor som var så fantastisk flink til å male som ung, før ho fekk pappa og fire tanter og ein onkel og dermed fingrane fulle av babygulp og barneleikar i staden for maling.

-Jenta i skjørt på ein benk med hjartesukk ho ikkje forstår hugsar plutseleg løftet ho gav til seg sjølv som trettenåring, etter å ha lese sin første skikkelige kjærleiksroman, å aldri ? når ho ein gong byrja med slikt ? bli saman med nokon som ville prøve å forandre den ho var, om så berre litt.

-Åtteåringen hugsar at han helst vil leike med Sally-dukker i staden for å spele slåball, sjølv om han er gut.

-Attenåringen hugsar boka ho ber under hjartet, men som nokon sa til henne at ho aldri ville kunne klare å få ut, for det var hardt arbeid, måtte ho skjøne. På hugs-kven-du-er-dagen skjønar ho dette, i tillegg til ein anna viktig ting: at ho kan klare det.

-Nittenåringen med vekta til ein elleveåring som plutseleg kjem på at han elskar Troika og at livet er for kort og verdifullt til å svelte det vekk.

-Ho i overgangsalderen som nettopp har funne kjærleik på ny, hugsar huset frå si heimbygd som no står tomt; overtalar han til å ofre ting og flytte dit, der det er akkurat plass til ei hengekøye mellom dei to største trea.

-Forretningsmannen med dress og stress(koffert) hugsar at han kan berre gjere det, for ingenting binder han her, og det han leser om i avisene kvar dag, han må reise ut og gjere noko.

-Studenten hugsar plutseleg kjensla av kvitt og svart under fingrane og dei skjøraste vakraste tonane til ?Cavatina? i rommet, og brukar januarstipendet på eit brukt piano som ho finn på finn.no.

-Den vesle jenta med musefletter hugsar besteveninna som ho lot dei andre bestemme at ikkje var besteveninna lenger fordi ho var så rar, og som ho tok frå smykket med det halve hjertet på.

-Husmora med rekningar og oppvask opp til øyrene hugsar språkferdigheitene ho viste då ho gjekk på gymnaset, og melder seg på eit italienskkurs som skal gå to gongar i veka, med ein avsluttande tur til Milano, der ho med verdas beste samvit let mann og barn prøve å styre skuta i tre veker.

Datoen er forresten den siste i februar, sidan våren står på terskelen og er ei perfekt tid for fornying. Når det er skotår, strekk ?Hugs-kven-du-er?-dagen seg over to dagar, for ein treng gjerne to dagar til å ta for seg slikt. I alle fall kvart fjerde år.

15.jul.2010 @ 14:39
posta av: Eirin

Du har stått på linkelista i lang tid, og kommer til å stå der i all evighet. Du er nydelig!

15.jul.2010 @ 18:58
URL: http://eirinsae.blogg.no
posta av: Kjersti

ånei, jeg trodde det var klokken ni på kvelden du avsluttet konkurransen og så var jeg for sen til å skrive om "du er nok/du strekker til/du er flink"-dagen.

men jeg linker til deg i alle fall. så det så.

posta av: maiken

5. januar, overask en ukjent-dagen! På den dagen kan man glede noen man ikke kjenner så godt! Spørre om de vil være med deg på lunsj, gi en ekstra slant til noen som spiller trekkspill eller noe på gaten eller fortelle han/hun som står foran deg i matkøen at han/hun har fine sko! Grunnen til at denne dagen passer tidlig på året, er fordi det blir som en ny start, på et nytt år!

Jeg elsker forresten bloggen din! At du skriver den på nynorsk, er som kremen på kakaoen, så romantisk!Stå på med den gode blogginga!

Stor klem maiken_kildal@hotmail.com

15.jul.2010 @ 21:51
posta av: Marita

Har du lest boka "Nød" av Are Kalvø? Der har Lottomillionærar for Afrika aksjoner hver mandag som skal minne oss på at ting som vi ser på som selvsagt, like gjerne kunne vært gjort på en annen måte.

Et eksempel er at i stedet for å gi penger på butikken når du skal kjøpe noe, så kan du synge en sang. Det synes jeg er en fin idé, for jeg jobber selv på butikk. Det er ingen spesiell dato for denne dagen, men det må være en (eller flere) mandag, siden jeg ikke liker mandager. Nå er jeg jo ikke med i konkurransen, men du har hvertfall fått en bokanbefalelse :)

Hvordan sjekker man hvor mange som har lenke til sin blogg på sin blogg?

16.jul.2010 @ 00:44
URL: http://maritasola.wordpress.com
posta av: bixxx

PANNEKAKEDAGEN! dette er den 20.Juli HVERT år. Alle skal spise like mange pannekaker som antall år de er. For eksempel jeg som er 16, jeg må spise 16 pannekaker. Det er selfølgelig lov til å spise andre ting den dagen , men er du for eksempel 30år, så har du sikkert ikke plass til så mye mer etter 30 pannekaker! Alle som ikke klarer det må leve uten internett hele den 21. Juli!

20.jul.2010 @ 23:58
URL: http://bixxx.blogg.no

kommentarar som er krenkande mot meg eller andre vil ikkje bli publisert.

skriv noko fint her:
namn:
hugs meg!

epost:


blogg / heimeside:


kommentar

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/20397780