to dagar i ungarn utan dei andre.

for eit par dagar sidan reiste dei to andre familiane til venezia, medan me er igjen her. da blir det masse tid til å lesa i senga, og akkurat no brukar eg eit polaroid-bilde eg tok her som bokmerke.

me reiste inn til tapolca, den lille byen der me har budd to sommarferiar før. gjekk i parkar og såg med store auge sånt eg såg då eg var lita. rart og veldig fint.

dette er ein karpedam.

dette er espen, han er tøffare enn toget og ville heller vera i ungarn med oss enn å reisa til venezia.


me åt på hotel gabriella, den mest fantastiske maten.

til forrett åt eg ei slags cannelloni berre at det var ei pannekake. med pasta. med paprikasaus. supergod. hovedretten var så god at eg ikkje tok bilder av den, altså.

søster og pappa.


på veg til og fra stranda og bussplassen går me forbi ein kvalp og kvar gong må me stoppa for å klappa han og no kjenner han oss igjen og blir så innmari glad kvar gong me kjem forbi. alle andre hundar her berre bjeffar så han blir enda søtare på den måten.


i går tok eg og han der fine ei stor second hand-runde, og de vil ikkje tru kor mykje himla fint eg har funne her. nesten ingen klede, da, men så mykje anna fint. det er så mange second hand-putikkar her og ikkje utplukka, så ein finn yves saint laurent saman med helsetrøyer, liksom. i den eine second hand-sjappa var det nydelege wella-plakatar sikkert fra seint åttital/tidlig nittital.

etterpå gjekk me til pizzeriaen der me alltid(typ kvar kveld) gjekk før. han der fine var glad.

og eg fant ut at eg kanskje likar gorgonzola.

etterpå spelte me kort på balkongen og eg hadde på meg mitt nye skjørt som ein kan plukka druer og epler fra.

og fin sløyfe i håret. (her ser det ut som eg har dei største puppane i verda men eg har ikkje det altså)


han der fine hadde på seg si nye skjorte og me sussa ein heil del.

så gjekk me til bacchus, ein restaurant tohundre meter fra pensjonatet der me bur.

espen + søster.

etter maten får me alltid palinka, ungarsk snaps. han der fine og pappa må som regel drikka for oss alle, men da blir dei i så godt humør så det går bra.

pappa.

søster.

heime igjen tente me opp absolutt alt av mygglys og myggspiral og drakk musserande vin som var superkald. fra plastkoppar, som det skal vera.

espen og han der fine spelte sjakk.

og her fortel pappa ei historie.
i dag har vore enda meir second hand-shopping(i eit fjøslignande bygg), limonade, lærveskekjøp, ferskenis. i maxi-taxien på veg heim opna me alle vindauge på vidt gap og eg fantaserte om kor vidunderlig det ville vore å stå midt i ein storm i eit så varmt land. i noreg skal det regna dei to neste vekene og det kunne ikkje ha passa meg bedre.

the last days have been quiet around here as the other two families(minus espen) left for venice. we've been eating and shopping and drinking and laughing. second hand-shopping surprisingly turned out to be a huge success here in rural hungary.
kommentarar:
Kjempe fine bilder! Ungarn ser ut som et fint reisemål!
<3<3<3 Herlig å drømme seg litt bort når man sitter nesten helt øverst i norge og det er kaldt og vått. Veldig fine kjærstebilder av deg og han der, du vet :)
Espen var søt, kvar bur han og kva er nummeret hass. Har han Kjærast ? :-) Han vaar hoooooot !
rudolf: espen... skjerp deg.
Kjære vakre vene, du får alle plassar, alle situasjonar, alt mogeleg; til å høyrest ut som eventyr! Det er alltid herleg å kome inn og drøyme seg vekk inne på bloggen din. Du får verkeleg hjartet mitt til å smile!
ble jeg sååå glad når jeg så innlegget om filmen "a little princess". jeg så et bilde fra filmen for kanskje et halvt år siden, men klarte ikke huske hva filmen het. husker det var en av mine favorittfilmer når jeg var bitteliten. ååå <3 du gjorde dagen min! :D
Ser ut som dikka kosa dikka masse :) Njut dom sista dagorna tilsammans (sånn ca)
:) Klem fra meg :)
Ungarn ser fint ut :) Og du var fin med prikketopp og skjørt. Jeg håper det ikke begynner å regne før på mandag, for jeg har bursdag på søndag nemlig og da skal jeg og min kjære på pikknikk. :)
jeg vil jo reise på ferie med dere :) herlig!
det er en regnesommer i norge og jeg har kjøpt meg gul regnjakke på fretex på grünerløkka og begynt å lete etter vintageting. jeg skulle ønske at jeg hadde tusenvis av kroner så jeg kunne samle opp ting å føle meg fin i, men det blir nok å gå i de samme tre klesplaggene omtrent i noen måneder til, frem til pengestøtten kommer og jeg kan være litt vanlig igjen.
jeg elskerelskerelsker det når du lager sånne innlegg som dette, blir helt inspirert og ramser innimellom opp mine egne dager sånn som dette i min egen blogg, for det er så gøy.
skjørtet ditt var helt nydelig også.
Så lik deg søsteren din er!
så fint :)
Det ser ut som fine dager. Jeg likte alle best bildet av pappaen din som forteller ei historie. Velkommen hjem til regn-Norge (har ikke sett regnet enda, men kanskje det kommer snart). :)
Jeg elsker bildet av pappaen din som forteller historie :)
har du fått magasinet ditt til aasen tunet?
Eg elskar biletet av pappaen din som fortel ei historie og kyssebiletet med tennene dine. For på heile biletet er det leppene dine og tennene dine blikket blir dradd mot. Perfekt!
Veit du, i det innlegget du har skrive om 500 days of summer, på eit av bileta av Summer/Zooey der ho smiler uten å vise tenner, slo det meg umiddelbart at det er jo så likt deg når du smiler uten å vise tenner. Seriøst. Du smiler så fint både med og utan tenner (okei, den setninga høyrtes HEILT annleis ut i hovudet mitt) ;P
det fyrste eg tenkte då eg så biletet med prikketoppen var "oi så utruleg store pupper ho hadde", og så lo eg når eg så at kommentaren under fortalte akkurat om det. fint er det uansett med prikketopp og eple- og drueskjørt. du får ungarn til å virke som eit supert reisested, sjølv om eg aldri har vurdert det som feriemål før. dekan får ha det fortsatt godt! sussar
Karina: ikkje enda! men det kjem. sakte men sikkert.
ååå, gif-bilete av pappaen din gjor meg skikkelig glad! og systera di er veldig vakker. ho liknar på deg.
jeg lurer på en tur til ungarn, kanskje du kan lage ett inlegg om tips og sånt? :)
wow, så fine bilder og fin stemning. kjenner jeg er litt misunnelig nå :( haha
Den skjorta altså. Og herliga london så søt du er <3
Åh, no vil eg fare til Ungarn!
Pappaen din får meg til å smile!
du har sykt bra blogg ! :))
Gosh, kor fin søstera di er!
Ok det ser verkeleg ut som om du har dei største puppane på kloden ja hehe ;)
ser jättefantastiskt ut. fina bilder!
Takk for at du skriv verdas finaste blogg :)
Å så harmonisk. Jeg likte påveitilåkysse-bildet.
Det så superkoselig ut! Jeg vil også kose meg på ferie! Supermisunnelig!
aw. jeg ble litt glad av det innlegget her. det var fint.
åh, det ser fantastisk ut. <3
Pappaen din er søt, og eg er glad det går bra med han! Eg får meir og meir lyst til å dra på restaurant og feriere og eta is og sprikke, og ein dag skal eg tørja å eta ordentleg att. lovar!
Fine bilete!
ååh, fint!
utrolig vakre bilder!!
Utrolig fine og vakre og drømmende og stemningsfulle bilder, Mariell. As always. Det så veldig vakkert og harmonisk ut der. Sukk.
gjer mot andre det du vil at andre skal gjera mot deg.♥
http://blogsoft.no/trackback/ping/20449537