pytteliten budapest-guide.

me leigde ein leilighet ganske sentralt i pest, tre minutt å gå fra ein metrostasjon, og putalte ca 650 kroner for to netter for to personar. leiligheten hadde kjøkken med kjøleskap og kokeplater og dei vaska og skifta på sengene kvar dag. det er internett på romma(sjølv om dei som jobbar der trur at det berre er internett i resepsjonen, berre spør etter passordet og bruk internett på rommet, om du ikkje har bærbar kan ein låna datamaskina i resepsjonen) og høgt under taket. dei som jobbar der er heldigvis ganske flinke til å snakka engelsk. det finst matputikk med kjøttdisk og ferskt brød rett nedi gata og er ca fem minutt å gå fra ein stor stor park. rommet var ut mot ein bakgård, så det var ingen trafikkbråk eller noko, og det finst óg ein hage ein kan sitta i.
goa, andrássy utca 8. link.


supergod mat til ein ganske billig penge, og drinkar óg. midt i high fashion-gata med armani rett over gata og veuve clicquot sin eigen restaurant litt nedi. gratis internett og kelnerar som er høflige og snakkar bra engelsk. om me hadde hatt fleire dagar hadde me reist hit mange fleire måltid.
fausto's osteria, dohány utca 5. link.


den. beste. maten. kelnerane snakka så behagelig at ein fekk lyst til å ta opp stemmene deira og spela dei av før ein sovna om kvelden, maten var så god at ein åt den supersakte og vinen var så god at dei måtte skriva ned navnet for meg. tre-retters måltid pluss tre glas vin kosta 17.000 forint inkludert tips, litt mindre enn femhundre kroner for eit herremåltid på ein restaurant rett fra michelin-guiden. (kle seg fint og skru av mobiltelefonen, men ikkje så stivt at det blir ukomfortabelt)
centrál kávéház, károlyi mihály utca 9. link.



eit kaffehus, som det finst mange mange av i budapest. rett ved ein metrostasjon og med tjue grader som fast temperatur inne var det akkurat det me trong når temperaturen ute bikka førti grader. her åt me lunsj og eg kunne sjå for meg å sitta ved eit bord her og skriva bøker om å vera einsam. ikkje kjøp makronane, kjøp heller dei andre fantastiske kakene og da spesielt den sjokoladebomba me åt. fantastisk kaffi, fantastisk limonade. perfekt lunsjplass. (tips herfra)
om budapest/reising generelt(obs: dette er mine personlige meiningar, erfaringar og mine tips, men folk får sjølvsagt reisa akkurat som dei vil):
- eg skyr turistplassar. eg kan ikkje fordra å sjå folk med peikefingeren inni "turen går til..."-boka si medan dei gestikulerar med den ledige hånda og prøver å forklara kor fantastisk dette monumentet er. reis utanfor sesongen, reis utanfor turistplassane om de vil kjenna på det ordentlige hjartet av ein by. berre gå, les bloggar om byen, personar og ikkje lonely planet(sjølv om lonely planet jo faktisk hjalp oss mykje på turen så var det ikkje til å finna fram til det og det slottet eller museet).
- ikkje sjå ut som ein turist heller, det er turistar som blir rana uansett kor mange rumpetasker eller beltelommebøker ein har. om du ser bortkommen ut er du eit ganske lett bytte. prøv å bland deg inn med dei lokale, det er da, tykkjer eg, ein får den beste opplevelsen av ein by.
- gjer research på restaurantar, finn ut kvar det er bra mat og kva som finst i områda rundt. ofte når me er ute på reise planlegg eg gjerne ein heil dag rundt eller fram til eit restaurantpusøk. mat har så himla mykje å sei når ein er på ein framand plass, og eit dårlig måltid kan øydelegga ein heil dag.
- køyr kollektiv transport. i byar finst det alltid ein vennlig sjel som kan engelsk som kan hjelpa deg om du har gått deg vill, og metroen hjelper deg alltid tilbake dit du kom fra. å køyra taxi er dyrt og unødvendig når det finst billigare og bedre alternativ. om du køyrer taxi bør du finna ut på forhånd kva taxiselskap ein kan og ikkje kan stola på(står til dømes ei liste i lonely planet, eller ein kan spørja i resepsjonen der ein bur, dei veit alltid), det finst mange historiar der folk blir svindla, rana og trua til å gi fra seg meir pengar. avtal summen på forhånd.
- sjekk kvitteringen og vekslepengar. budapest er ein by der tips ofte er inkludert i rekninga, og om ein ikkje er oppmerksom kan det henda ein tipsar dobbelt(ukult). det er óg kjent som ein by der det ikkje er vanskelig for kelnerane å legga på tusen forint på rekninga som ikkje skal vera der, eller at det er for lite vekslepengar tilbake. tell pengane dine.
noko meir de lurer på?

my budapest-guide. there are links next to all the names of the places i'm recommending, so you can easily find out where to go and what to see.
kommentarar:
åhh fantastisk! jeg skal til budapest i september, så da passet det fint med en liten guide :)
Å, jeg gleder meg allerde til jeg skal tilbake til Budapest i påsken. Da skal jeg helt klart på fausto's osteria, noe jeg ikke rakk forrige gang. Mitt beste tips er å ha med seg en personlig guide som er i byen 2-3 ganger i året, men den muligheten er det ikke alle som har :P
Takk for tipsa :-)
Men eg blir litt irritert når du skriv putale og pusøke osv i staden for betale og besøke kjennar eg.. Det blir berre så..barnsleg? Språket på bloggen din er heilt fantastisk, det er så behagelig og lesa han, bortsett fra orda der du skriv pu, i staden for be...
Tøv og tull, "A"! Jeg kjenner jeg blir litt gladere for hvert ord som begynner på b som har blitt skrevet om.
Takk for fine tips Mariell. Husker du var i Riga tidligere i år, hadde du en slik Riga-guide etterpå da? Reiser til Riga i morgen tidlig nemlig.
A: pust med magen.
SA: riga var ikkje egentlig min type by, men eit tips skal du få: http://www.fellini.lv/ fantastisk italiensk mat til nesten flaue prisar, så kan ein håpa på at han søtaste søtaste mannen er servitør der framleis!
Ok, skal sjekke den ut. Men jeg håper mest på søte kvinner som servitører jeg da ;)
SA: ah, da så. han var hyggelig óg, da! om det hjelper. restauranten er vanskelig å finna fordi ein må gå inn i ein bakgård, men om ein er oppmerksom går det bra.
Åh. Det du sier om mat er så utrolig utrolig sant. At et dårlig måltid kan ødlegge en hel dag, spessielt på tur. Og at et herlig måltid kan gjøre at man svever på bomullskyer resten av dagen.
kor mykje kosta det å reise ned?
karina: anar ikkje, for me var i meir rurale område først, og pappa kjøpte flybillettane til oss. me tok tog inn til budapest. men norwegian har sikkert billigbillettar.
Tusen takk for fin reiseguide! Jeg er helt enig i at mat er viktig - man er i så mye bedre form og humør når man har spist godt.
Jeg er litt nysgjerrig på en ting; er det en spesiell grunn til at du ikke bruker store bokstaver? Små bokstaver, nynorsk og pu-lyder er en viktig del av hjartesmil-sjarmen - det gir tekstene dine en helt særegen stemning. Var det et bevisst valg å bruke små bokstaver eller har det bare blitt en vane med tiden?
Åh, haha, bloggen der du hentet tipset om kaffehuset fra er bloggen til søskenbarnet mitt! Dette var morsomt.
du gjør så mye spennende!
Hoho! Vi var og nettopp i Budapest, og spiste tilfeldigvis på samme plassen. Jeg synes maten var god, men samboeren min syntes den var kvalm. Delte meninger. Komisk at man har havna på samme kaffehus av mange tusen i Budapest.
Jeg er halvt Ungarsk :) Budapest er kjempe vakkert ;)
Ikke unngå alle turiststeder! Det er en grunn til at de er populære. Fiskerbastionen, for eksempel, krever et besøk! Reis utenom turistsesongen, eller bli med farfaren min på en rundtur. Han er ungarsk, og bodde der under krigen. Det er som å se en skummel film når han forteller om det.
Wow :) Har selv vært i Budapest, og jeg spiste på Goa, hele to ganger i løpet av helga faktisk. Maste på mamma og pappa om at vi måtte dra tilbake, utrolig fin atmosfære, og dessuten var maten deilig :)Har en søster som studerer veterinær i byen, så blir mange turer de neste 5 årene :)
http://blogsoft.no/trackback/ping/20644956