to dagar i ein.

last days of august.
mandag var dagen for at han der fine slapp musikken sin. eg spurte han om han ville feira med champagne men han ville heller ha muffins. dei var sinnsjukt gode og med hjarte på papiret.

last days of august.
og eg hadde kjøpt nye kaketruser fra lindex. åh.

last days of august.
last days of august.
sara kom og var fin og glad og stressa, akkurat som ho pleier.

last days of august.
og janne kom og var forkjøla men framleis fin. me las magasin og snakka om vesker me har lyst på som kostar for mykje pengar.

last days of august.
tirsdag sat eg hundevakt for mikla. ho er ganske okei, sett vekk fra at ho er veldig glad i å hoppa etter kjolekantar. me sloss om beinet og går tur og eg må snakka med hundefolk medan ho snakkar med hunden.

last days of august.
i postkassa låg denne fantastiske prikkepakken. den var fra bergljot.

last days of august.
den var fylt med konfetti(og plutselig var senga det óg).

last days of august.
i den låg det drops og plaster og serviettar. åh, så himla fint. tusen takk, bergljot!

last days of august.
eg og han der fine vart supersvoltne og var framleis i feirehumør så me gjekk på cafe di roma.

last days of august.
og åt pizza! dei var himla gode. cafe di roma er kåra til ein av dei fem beste pizzeria i oslo av aftenposten, faktisk.

last days of august.
på veg heim kjøpte eg ei potterose. den er så fin så eg må kjøpa mange fleire.

last days of august.
så jobba eg i timesvis, og plutselig var det ferske rundstykke på bordet og tid for kveldsmat.

last days of august.
med han der fine.

last days of august.
og finaste nydelige sunniva som endelig har flytta til oslo og til og med til bygget mitt. no er det berre trappet som skiller oss og ikkje fylkesgrenser. <3 me snakka i timesvis om viktige og uviktige ting.

(eg vil beklaga på forhånd for veldig framogtilbake-bilder dei neste dagane, eg har lova meg sjølv å fikla masse i photoshop fram til eg får ein jobb)


monday was celebrating my boyfriend's music release with muffins and friends and new underwear, tuesday was dog sitting and pizza and sunniva finally living in oslo.

kommentarar:
posta av: <3carina

Aw, så søt blogg! Masse bra innlegg<3

Vil du være med på konkurransen på bloggen min? Takk på forhånd.

01.sep.2010 @ 22:49
URL: http://www.carinalee.blogg.no
posta av: Ane-Marie

Hvilke type jobber er det du har søkt på?

01.sep.2010 @ 23:11
posta av: BB

Heia .) Eg veit ikkje om du allereie har sett det men the Cherry Blossom Girl har akkurat gifta seg. Kanskje du vil gå på idésanking? .)

http://www.thecherryblossomgirl.com/oui/11522/

01.sep.2010 @ 23:53
URL: http://birgitbaluba.blogspot.com/
posta av: hjartesmil

BB: åh, eg har allereie sett gjennom dei bilda kanskje femti gongar. men takk likevel!

02.sep.2010 @ 00:19
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: hjartesmil

Ane: litt små fine jobbar, berre. barnehagar og sånt.

02.sep.2010 @ 00:20
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: maja

eg såg filmen "phoebe in wonderland" i dag, og kom til å tenka på deg av ein eller anna grunn! om du ikkje har sett an, så leig an og sjå an på søndag!! ja, ja, ja:D berre fordi den er verdas finaste film, og fordi du veit at eit menneske kjem til å tenke på deg kvar gong ho ser filmen!

02.sep.2010 @ 00:33
posta av: Pernille F

Så fine truser! Aw. De hello kitty-dropsene er himla gode forresten :D

02.sep.2010 @ 00:50
URL: http://pernilles.blogg.no
posta av: Linn

Så fint innlegg og så søte bilder :D

Trusene var supersøte :D

02.sep.2010 @ 01:23
URL: http://www.linnmette.blogspot.com
posta av: Adelaide

Eg får så mykje inspirasjon og tips til søte sider, god mat, gode bøker, gode filmar og slikt her inne hjå deg. Når eg oppdagar skattar så tenker eg alltid at ''dette må eg dela med mariell hjartesmil'' hehe :P. Så for å gje litt tilbake, her er to skattar eg har oppdaga i det siste:

SKATT 1: Ein heilt nydelig blogg skreven av ein italiensk jente/dame som bur i norge. Hovedsakleg skriv ho om den norske maten og kva ho syns er rart/godt i norge, men ho har og mykje morsomme illustrasjonar som ho lagar sjøl. Gå å sjå her: http://norwegianfoodillustrated.blogspot.com/

SKATT 2 er ein film eg såg hin dagen som heiter the lovely bones, anbefales på det varmaste. Eg tenker at det er ein film du vil lika for den er berre så fint laga!! Og det er peter jackson som har laga ringenes herre som har laga den foresten. :)

02.sep.2010 @ 01:46
posta av: Liv

JEG FIKK TELEFON FRA MAMMA I DAG OM AT MAGASINET MITT ER KOMMET I POSTEN!!!!!

Nå skal hun bare sende det hit jeg bor nå og så kan jeg lese lese lese det! Unnskyld for masing og tusen takk for at du har sendt det. Jeg roper hurra og gleder meg til hjartesmil som jeg kan holde i hendene.

Og Maja har rett, du må se "Phoebe In Wonderland". Elsk.

02.sep.2010 @ 01:50
posta av: Karoline

Du har ein nydeleg og vakker blogg.Flotte bilder. Blir dratt inn i ein ny verden og gløymer mitt eige kjas og mas. Brukar du mykje tid på bloggen?

02.sep.2010 @ 09:50
posta av: Charlotte

Åh, jeg vil også ha rundstykker. Desverre stopper glutenallergi meg fra det.. Oh well.

Finfinfin hjartesmil.

02.sep.2010 @ 10:35
URL: http://pandaz.blogg.no
posta av: Charlotte Anna

Hva slags hund er det? Supersøt!

02.sep.2010 @ 10:36
posta av: hjartesmil

Charlotte Anna: ein toller. :)

02.sep.2010 @ 10:45
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: kjersti

jeg vil også, jeg vil også! det er virkelig det jeg tenker aller mest når jeg leser bloggen din, at jeg vil også gjøre så mye forskjellig på en dag og ha selskap hver dag og ta bilder av alt sammen uten at det bare er meg alene, men det er så vanskelig når alle gjør ting og har hverdager og slikt og jeg mest er sliten. men jeg leker mer at dagene mine er eventyr nå og jeg tør å vise dem fram, og det er fint, og takk for inspirasjonen til å gjøre det.

hund <3

også er vennene dine så vakre! guri altså.

02.sep.2010 @ 11:24
URL: http://hysjduskremmerfisken,blogspot.com
posta av: johanne

du, jeg blir helt gelé i kroppen av å se på bildet av hunden. så søt som sukker.

ha en fin dag!

02.sep.2010 @ 11:43
hits