av og til er det ikkje nok.
som eit ark med ei rift i. om ein ikkje teipar det med ein gong blir rifta større og til slutt deler den i arket i to. eit blankt a4 som med åra vart fylt med ord og fargar, dagar i parken og reiser til europeiske hovudstadar. me ligg på ei madrass på golvet, det luktar som oss hundre gongar, sveitte og tårer, klemmar og kyss og alt det vonde midt imellom det, ein buffet av alt me har vore gjennom. lyset som kjem inn gjennom sprekkane i veggen lagar ei forestilling på døra der du spelar hovudrolla. eg held hånda over magen din som føles så inderlig tom under overflata. det som var der er ikkje der lenger og me forstår ikkje kvifor. kveldar på kino, ein fox innpakka i gullpapir, ei sølvstjerne i avtaleboka, alt me aldri gjorde men skulle ha gjort, små små bitar med teip som til saman blir sement rundt kantane, ramme med glas i som aldri kan knusast. det er så skjørt ellers.
ho ser på meg og på hånda mi og smiler sjølv om ho gret og klamrar seg til med fingrane djupt ned i ryggen min som eit skada dyr. du gret for alle tinga du ikkje klarar å sei og ikkje eingong vil tenka. me veit begge at dette er slutten på noko, men ikkje kva. eg prøver å snakka, men orda kjem ikkje fram, dei renn ut i ein deig av kjensler eg ikkje har kontroll over, men du ser på meg og du veit akkurat kva eg vil seie og det er nok. så da ligg me der, på ei madrass på golvet og tør ikkje å setta oss opp. om du hadde hatt stemme igjen hadde du skrike, men du orkar ikkje skrike meir og eg orkar ikkje høyre.
du støttar deg på albogen og drar fingrane over armen min, skuldra, kragebeinet, halsen, kjenner på kvar einaste lille kurve i kroppen min. kanskje om me plukkar kvarandre opp fra golvet kan me gå tilbake til der me var for eit år sidan, finna tilbake til kvarandre, sjå kvarandre som nye menneske, fresh out the box, batteri inkludert(men heilt utan grunnar lenger). eller kanskje alt raknar, eit a4 blir til to a5. så da ligg me berre der. på ei madrass på golvet og snakkar ikkje om rifta, prøver ikkje å fiksa. berre ligg der. & me kjem oss ingen veg.
a text about something that hurts.
kommentarar:
http://blogsoft.no/trackback/ping/22012407

