sleppfest!

på onsdag hadde han der fine sitt prosjekt fivrel sleppfest på collets café!
me var der ganske tidlig for å setta ned stolar og setta opp utstyr og sånt.
rundt klokka åtte kom folk, masse folk. janne!
og mariann.
hedvig.
heidi og caroline!
masse folk som han der fine gjekk på vidaregåande med, veldig overraskande og veldig fint.
på mitt bord hadde me det sånnher fint. eg var mest ein liten angstball i hjørnet som helst ville at det ikkje skulle vera så innmari mykje folk der.
her er kjetil og åslaug.
og meg med drink nummer tusen.
eg og hedvig hadde nesten ikkje sett kvarandre sidan juli, så me hadde masse å snakka om. klokka ni spelte han der fine, det var heilt magisk. rundt seksti personar i eit egentlig for lite rom var heilt stille i ein halvtime, og fleire begynte å grina. eg sat i hjørnet og vibrerte for eg var så nervøs på hans vegne. 
etterpå var eg berre sjukt stolt og sussa han så han fekk leppestift i ansiktet.
lars var dj for kvelden og spelte skikkelig bra musikk, heilt perfekt.
her er fredrik sitt øyra.
og meg med ei bok som eg fekk fra linn, som óg var der! den skal eg lesa i ein park i paris.
av mariann fekk eg og han der fine kvar vår ballong. og her er hedvig med min.
mariann. og morsom janne i bakgrunnen!
han der fine fekk signera litt av kvart.
janne hadde leopardstrømpebukser på.
miksebord.
og meir miksebord med fine fargar.
lars.
maja og lars er kjærestar. maja var trøtt og skulle dessutan på costume awards dagen etterpå. me snakka om sophie calle og litt om paris og sånt også fortalte eg ho hemmeligheiter om folk som var der.
etter ei stund sat me ein fin gjeng igjen, drakk apple razz og lo og snakka om framtida og å laga filmar og sånt. så gjekk me heim hånd i hånd med altfor tungt utstyr i hendene på altfor glatt is.
og no kan de kjøpa plata her. eg syns de skal kjøpa den, for det er noko av det beste som finst å høyra på. snart går det óg an å kjøpa den på itunes og snart finst den óg på spotify, men meir om det når den tid kjem. enn så lenge får ein kjøpt den her, den kostar hundre kroner inkludert frakt og det synst eg den er verdt.
wednesday was my fiancee's release party. it was incredible. you can listen to the music here, and also buy the album there!
kommentarar:
jeg skal kjøpe, helt klart, ja. og sleppfest så helt superfint ut, tenk å ha en sånn onsdag.
Eg tykkjar dette er sååå fint
gratulerer med vellukka sleppfest til jostein (og til deg også) :)
så mange fine folk :)
Åå, det ser perfekt ut! Og nå som dere har hatt slippfest kan jeg endelig begynne å sjekke postkassa for å se om det ligger noe fint der til meg. :)
så spennande :D
håpar det går som det susar med salget :D
Ane: ja, eg posta i dag!
ååå det så ut som en perfekt kveld! Håpe platesalget går rett te værs!
jeg hadde store planer om å komme og kjøpe plata, men så fikk jeg brennkoppfeber og var hjemme og syntes synd på meg selv. ser ut som om jeg gikk glipp av noe fint.
oi, så morsomt å se bilder av louise her! (ei jeg har kjent siden barnehagen og gått på både barne- og ungdomsskole med!) verden/norge/oslo er ikke så stor :)
dere ser ut som veldig, veldig kjekke mennesker.
skulle så gjerne ønske jeg kunne vært der, men jeg har fått ep'en i posten i dag og det er nesten like fint. :) gratulerer til begge to!
skal kjøpes, for den er magisk.
jeg liker fivrel-cden min.
fivrel, fivrel. (fin utenpå og).
http://blogsoft.no/trackback/ping/25099092