svar, del fem: alt det andre.

jeg lurer på; hvordan pleier du å forbredre deg til noe du gruer deg til?
total fornektelse og isolasjon. det høyres heilt sinnsjukt ut, men det er sant. altså ikkje eit bra tips for andre som vil fungera normalt.

kan du poste dine favoritter fra etsy.com?
hm, ja, det kan eg vel.

hvilket dyr er du?
eg er ein babydinosaur. eller ein pingvin. eller ein kanin.

vet du hvordan luften smaker når du går rundt ute etter at du har spist sjokoladekake, og det regner?
ikkje som eg kan komma på, men eg skal sei ifra om eg støter på det.

har du lest/sett "mannen som elsket yngve"? (hva synes du om boka/filmen)
eg har sett filmen, og likte den skikkelig godt. eg har som mål å lesa tore renberg sine bøker snart, kanskje det blir i paris. det hadde vore fint.

når du har lest en bok, vil du se filmen om den kommer på kino?
ja, absolutt. eg er ein sånn person som ikkje bryr meg om filmen er dårlig, for boka er framleis bra. syns det berre er irriterande når folk lar sånt ødelegga for seg sjølv.

hva synes du om twilight? har du lest bøkene eller sett filmene?
eg har ikkje noko forhold til twilight i heile tatt.

kven er den mest morosame, rare, snille, tullete eller meis fantastiske menneske du har møtt i heile ditt liv, utenom venner, kjærast og familie? eitt menneske du bare blei helt satt ut av.
sophie calle. eg veit at det ofte høyres ut som om eg er sophie calle sin number one stalker, men eg berre elskar ho.

et lite praktisk spørsmål angående kjoler. merker jeg går mer og mer i skjørt og kjoler selv, men jeg blir så nervøs når det blåser mye ute. Har du noen triks for å holde skjørtet nede? det er så synd, for swooshe-skjørt er min favoritt!
berre pass på å ha på deg fint undertøy så går alt bra, skal du sjå. hihi! eg går med underskjørt eller kjole, alltid, så eg blir ikkje så flau om skjørtet bles opp!

ditt favorittsitat?
"her kiss was a question he wanted to spend his whole life answering"

hva er ditt beste råd til å gjøre det beste ut av dagen?
stå opp av senga, kom deg ut, smil til framande, et noko nytt til middag, sjå ein film. berre gjer noko, kva som helst.

tror du på skjebnen?
nei.

tror du på himmelen/helvete?
nei.

får vi titte på oppskriften til de fantastiske fløtekaramellene dine?
ja! eg må berre finna ein anledning til å laga dei så eg kan få tatt bilder og sånt først!

hvilke blogger er dine topp 3 favoritter?
elsa, niotillfem & kval&actionfilm

hvor får du inspirasjon fra til alle de fine oppskriftene du legger ut?
veldig mykje av det er mat som eg og han der fine lagar ofte og oppskrifter som me har danna litt mellom oss sjølve gjennom åra. så les eg litt matbloggar her og ser ein fin ny ingrediens i ein putikk der også vips har ein eit heilt nytt måltid.

kva trur du på?
eg trur på meg sjølv og mi eiga kraft til å bæra meg sjølv og andre fram her i verda. og eg trur det er det viktigaste å tru på.

hva er din favorittmatrett? og hva er oppskriften på den?
det er umulig å sei. eg er sjukt glad i taco og pizza, kjedelig men sant. også risotto, som er noko av det enklaste som finst å laga.

collar

hva er ditt beste matrelaterte minne?
sommar 2007, eg og han der fine er på ferie i roma med familien min, me kjøper kvit og mørk sjokolade og legg det i vinduskarmen om morgonen. kjem heim på ettermiddagen med ei korg jordbær og sjokoladen har smelta i mellomtida. åh det var fint.

hva er det verste du vet av mat?
taklar veldig lite sjømat, men eg har bestemt meg for å bli flinkare til å smaka på ting. reker er det verste.

hva er ditt favorittdyr?
kaniner.

hva er ditt favorittrekk ved deg selv?
at eg er sterk og sjølvstendig og at eg ler høgt.

hva er det beste ved verden?
folka som er i den, og kirsebærtre.

kva er det finaste Mummi-minnet ditt?
å sitta framfor tv'en med min beste venn og knekkebrød med brunost. som det ofte er, trur eg.

viss du skulle ha servert ein femretters-middag dine, kva skulle det ha vore?
det skulle vore ein femretters med berre pizza. dessertpizza liksom. ganske så sprøtt men kanskje ganske så godt?

kva skulle du ønska du var flink til?
å vera rasjonell og tolmodig. men da hadde ingen kjent meg igjen, haha.

har du nokon gong synest det var vanskeleg å skulle gå ut i verda med raud leppestift og fuglar i håret, å gå berrføtt på veien og å ta bilete av nakne jenter? altså, har du ein gong måtte ta eit vanskeleg val om å tørre å vere deg sjølv, og vore smerteleg klar over blikk som brenn i nakken, før du etterkvart brydde deg mindre og mindre, eller har det alltid vore naturleg for deg?
ja, eg syns ofte det er vanskelig. men eg har bestemt meg for at eg ikkje vil vera noko mindre enn meg sjølv, så eg tillatar meg sjølv veldig lite spelerom for sånne tankar. det er enklare i ein storby, og det blir enklare jo eldre ein blir óg. og uansett så er det verdt det i the long run. dei brennande blikka er faktisk mindre brennande enn ein trur óg, det handlar meir om kva som foregår inni ein.

om du ein skulle vakne opp i ein fransk film, kva for ein ville det vere? kven ville du ha vore og sist men ikkje minst: er det ein karakter i ein fransk film som har påverka deg til å sjå positivt/negativt/opp ned på verda? ein eller ei som har fått deg til å endre litt mønster i kvardagen eller har endra måten du ser på han der fine på?
akkurat no føler eg meg som den store klisjeen på amelie fra montmartre, sjølv kor surt det er å innrømma det etter årevis med bloggkommentarar om at eg "trur eg er amelie". men jo. einsam, vondt, kjærleikssorg, rar jente, paris. det høyres rett ut.



hva har gjort deg til den du er? hvorfor er du så fantastisk, hva har formet deg?
åh takk så fint. hm, eg har etterkvart måtta innsjå at eg har arva veldig mykje av foreldrene mine. mamma er ei sånn dame som står på og aldri gir seg sjølv om noko er vanskelig, som pressar seg sjølv til det ytterste for folk rundt seg. eg har arva humoren til pappa, og eg trur óg at evna til å sjå det positive i ting kjem fra han.

jeg lurer på hvor du finner selvtilliten og motet til å uttrykke deg som du gjør?
det ligg inni meg, nokre dagar lengre bak ribbeina enn andre. og da må ein leita, men eg finn det alltid. med unntak av kanskje tre dagar i kvart kalenderår der eg gir meg sjølv lov til å bli i senga.

og om du har noen gode tips til rask og enkel matlaging, innenfor den sunne men gode kategorien? du har bestandig så fine bilder av mat, kan du legge ut oppskrifter?
ligg masse sunne gode oppskrifter i kategorien som heiter "om mat".

jeg lurer på hvorfor du ikke spiser kjøtt? spiser du ikke i det hele tatt, eller er du bare imot at vi spiser for mye kjøtt? liker du det?
eg et ikkje kjøt fordi kjøttindustrien gjer meg heilt kvalm, og óg kor mykje kjøt folk faktisk et. utan å tenke seg om så et folk kjøt kanskje tre-fire gongar om dagen; frukost lunsj middag kveldsmat. ein er blitt heilt blind for korleis industrien fungerar, og om ein prøver å snakka om det så puttar dei fingrane i øyrene og vil ikkje høyra, vil ikkje sjå, bryr seg ikkje. ein treng ikkje å eta kjøt, så derfor gjer det ikkje. og både kroppen og sinnet har det bedre. det er absolutt ingen aspekt ved livet som har det bedre av å eta mykje kjøt. no et eg kjøt når eg får lyst på, maks ein gong i veka, og da et me bra kjøt, reint kjøt. sånt som kjøttdeig og pølser er jo berre dritt, skjønnar ikkje at folk orkar å eta det. eg meinar ikkje at alle må vera vegetarianarar, eg er ikkje det, eg meinar berre at folk ikkje treng å vera heilt ignorante.

og hva er det beste du vet uten kjøtt?
alt! til dømes et eg og han der fine sånn soyaproteintacogreier som er fra santa maria, det er nesten som kjøttdeig men ein blir ikkje sånn kjøtmett etterpå. men vanligvis lagar me berre maten som om den hadde vore med kjøt, berre meir grønnsaker og bra greier!

kor mange sysken har du?
ei nydeleg søster.

hvorfor er verden ett så sykt fint sted, også er det nesten ingen som ser det?
om eg berre visste svaret på det.

hva drømmer du om om natten?
forferdelige ting og fantastiske ting, men mest forferdelige.



kan du skrive noko om pilates? kor lenge har du holdt på med det, kva studio likar du best?
eg har drive med pilates i kanskje fem år no, og no gjer eg det kanskje to-tre gongar i veka. her i oslo har eg berre prøvd pilates room og det var greit, men når ein har holdt på ei stund så kan ein jo ein masse øvelsar sjølv så eg gjer det oftast heime med ring på matte.

kva syns du er vakkert?
smilehol, når ein kan sjå ned i kumlokk på folka som jobbar der nede, gamle damer med hattenåler i pelskåpa, sånt som luktar jordbær, lange jenter med store auge.

kva eigenskapar verdsett du?
humor, impulsivitet, kreativitet, sjølvinnsikt, generøsitet.

korleis syns du det er å møte nye mennesker, og å bli kjent med dei?
syns det ofte er vanskelig, fordi eg har ein del sosial angst og det konstant er tankar i hovudet som slåss mot kvarandre, men samtidig skikkelig spennande. litt som å date, berre at ein ikkje kyssar eller sånt liksom.

kva syns du er interessant?
historiar om andre land, jobbar som nesten ingen har, seriemordarar, merkelige fenomen, nordlys, analogt fotografi, dagbøker.

kva er verdifull informasjon, for deg, om ein person?
eg vil vita alt.

liker du best intens og kort eller middels og langvarig glede?
kort og intens.



kva gjer deg trygg, og får deg til å føle deg velkommen/heime?
han der fine.

har du nokon tanker/meiningar du brenn ekstra mykje for?
anti-kjøtt, som de kanskje har skjønt. homofile sine rettigheiter, feminisme.

kva syns du om rosa?
elskar rosa.

kva har du lyst til å høyre nokon seie til deg akkurat no?
"versågod her har du ein ny macbook pro on the house."

smiler du til framande, og kva tenker du viss dei ser surt/nonchalant tilbake?
eg tenkjer ofte veldig mykje når eg er ute og går aleine, men om eg ser nokon som er fin så pleier eg å smila. om dei ikkje smiler tilbake bryr eg meg ikkje så mykje om det, for eg gjer det jo for min eigen del. bra å smile.

når byrja du og bake, og bruker du oppskrifter?
eg hadde veldig stor interesse for mat då eg var kanskje 11-12 år. eg brukar av og til oppskrifter, av og til leikar eg meg berre. men eg er ganske trygg på kjøkenet.

blir du ofte inspirert?
absolutt heile tiden.

kva tankar har du om dei tre hovudpersonane i harry potter, om du har lest bøkene?
har lest bøkene, elskar dei. hugsar at alle jentene ville vera hermine mens eg alltid helst ville vera harry fordi han var så tøff og modig.

kva forhald har du til kritikk?
før pleidde eg å bli heilt knust av den minste smule kritikk og bli liggande under dyna i kanskje ein heil dag etter nokon sa noko som eg oppfatta som kritikk. no klarar eg å anten ta det til meg og bruka det konstruktivt eller så preller det rett av. kvar einaste dag får eg kommentarar fra folk som ikkje sjølv skjønnar kvifor dei slenger dritt til andre på internett. eg slettar kommentarane, syns litt synd i dei også gløymer eg at dei eksisterar. for det er ingen vits å kasta vekk tid på idiotar.

har du nokon personar du har vore VELDIG inspirert av, og kva inspirer deg?
sophie calle er min største inspirasjon.



tør du å snakke med ein framand på gata om det er ein person du får veldig lyst til å bli kjent med?
nei. eg skreiv ein gong ein tekst om det, kor irriterande det er å sjå interessante folk på gata og ikkje klara å gå bort og snakka til dei. kanskje eg skulle ha lagt den ut.

kva gjer deg trist?
alkoholikarar som ligg livlause på bakken midt på grünerløkka utan at nokon stoppar opp for å sjå om det er liv i dei. når det er tomt for melk om ein har laga kjeks. når pappa og mamma er lei seg for at eg skal reisa heim.

liker du å synge og skrive?
ja, begge deler veldig godt.

kva assosisasjonar har du til orda fred, kjærleik, kreativitet, sjokolade og harmoni?
B R A . litt all over the place.

korleis er din drømmecafé?
den er pastellfarga med marengs med skikkelig bra kaffe og superbra wifi.

eg lurer mest på kven som er din favorittforfattar(ar)?
frode grytten!

hvordan rase er mikla? den hunden er så magisk fin.
mikla er ein toller. ho er ganske så fin og bra.

kva ville du gjort viss du var ein mumikopp? kva farge ville du våre? kven ville du blitt drukket av?
eg skulle vore hufsa og vore dei tøffaste ungane sin kopp.

litt klisje, men viss du skulle ende opp på ei øde øy og kun fekk ta me deg to ting(det er ikkje lov me menneske), ka skulle det ha vert?
ei fiskestang og ei flaske med rom.

si et ønske?
at han skal komma tilbake og bu her med meg i to månadar.

hva er den halvfulle koppen fylt med?
smågodt.



hva gjør man når hodet vet at det er riktig men hjertet skriker nei av sin fulle røst? du sier så innmari mye smart, så jeg tenkte det var verdt et forsøk.
vanligvis for meg pleier det å vera omvendt, så eg veit ikkje heilt korleis ein har det omvendt. eg pleier vanligvis å falla for fristelsane til hjartet og ikkje bry meg om hovudet så mykje.

hva gjør du når du føler deg skikkelig skikkelig ensom i verden, og du egentlig bare vil gå i hi? hva er best med å bo i oslo?
da går eg anten i hi, eller så tar eg trikken. for trikken er det beste med å bu i oslo. ein er aldri aleine men ein treng aldri å snakka med nokon, også går den i ring så ein treng aldri å gå av heller.

hva er din absolutte favorittfilm og -bok?
film: virgin suicides. og hairspray. bok: extremely loud and incredibly close av jonathan safran foer.

hva gjør du når du ligger aleine i senga langt på kvelden, og du får ikke sove uansett hva?
eg får jo aldri sove. men no har eg fått meg ei sånn lydmaskin, så eg høyrer på regn og fuglar. den står på 25 minutt og den siste veka har eg sovna kvar natt før dei minuttane er omme. det er nesten det beste som har skjedd.

plager det deg at vi svever på en klump i ingenting? hvorfor/hvorfor ikke?
nei, eg tenkjer faktisk ikkje over det.

hvordan får du ro i magen og føttene og fingrene og kanskje brystet når det er sånn at man ikke klarer å sitte stille, men er for håpløs til å gjøre noenting?
ser film og tv-seriar og les bloggar og prøver å holda meg våken. har det ofte sånn.

har du mange tunge dager? har du mest gode eller tunge?
kanskje 3 av 7 dagar i veka er tunge dagar, så ja. det er mange. men dei er i varierande grad og dei fleste av dei kan kurerast med kjærleik og kos og babyar som ler på youtube.

hvis du hadde vunne i lotto eller på skraplodd, kva ville du brukt pengane på?
is til alle eg kjenner.


answers to questions, part five: all the rest.

kommentarar:
posta av: Brit

Hei! Berre litt konstruktiv kritikk: Dersom du skal gå so hardt ut mot kjøttindustrien burde du kanskje reflektere litt over den fisken du et. Overfiske i havet er eit enormt, globalt problem som diverre ikkje får nok merksemd. Økosystemet i havet kan vere på kollapsens rand og ein burde vere svært obs når ein handlar fisk.

Ellers er du fin og modig. Lykke til i Paris!

05.feb.2011 @ 09:42
posta av: Adelaide

Mange fine svar og spørsmål her :) DU, eg lurar på ein ting.. kunne du hatt ein konkurranse på bloggen din (Lenge sidan sist)... der vinnaren/vinnarane kanskje kan få makronar i posten heilt frå pariis ?? Det hadde vore gøy, eg har så lyst til å smake gode makronar... sidan dei i bergen var dårlege, oslo er for langt unna, og paris enda lengre.

Kos deg vidare i the city of love.

Kram.

05.feb.2011 @ 09:54
posta av: karina

pass deg for bøkene til tore renberg, eg las mannen som elsket yngve då eg var tretten eller fjorten eller noko, og den kasta meg inn i noko som likna total apati, sjølv om eg verkeleg syns boka er god og fin, og filmen syns eg berre syner ei pitteliten side av boka. eg meiner - om ein har fantasi og aldri har opplevd den epoken handlinga tek seg føre i, vert boka så annleis, så sår, og litt vond.

05.feb.2011 @ 10:00
URL: http://nattfisk.net
posta av: hjartesmil

Brit: eg et mindre fisk enn eg et kjøt, så eg har ingen dårlig samvit. men eg veit heilt klart ingenting om det, så du har rett i at eg burde sjekka det opp og vita meir om det óg!

05.feb.2011 @ 10:05
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: hjartesmil

Adelaide: eg har fått makronar i posten sjølv, og dei knuser så lett, så det er nesten ingen vits. men eg skal snart ha ein konkurranse der ein kan vinna noko ganske så fint.

05.feb.2011 @ 10:07
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: maiken

Du er så inspirerende! Og fin-fin blogg.

05.feb.2011 @ 11:19
URL: http://www.maikenfeber.blogspot.com
posta av: maria

du er så flink til å utrykke deg. fine svar. du er så inspirerende

05.feb.2011 @ 11:36
URL: http://mariaspicture.blogspot.com
posta av: ingrid

På spørsmålet "si et ønske?", svarer du: "at han skal komma tilbake og bu her med meg i to månadar."

Jeg trodde du ønsket å være alene i Paris nettopp for å finne ut at du er selvstendig og klarer deg alene? Har du innsett allerede at det ikke går?

05.feb.2011 @ 11:57
posta av: oda celine

i paris er baksiden av montmartre-høyen fin. gå dit :)

05.feb.2011 @ 11:58
URL: http://odaceline.com
posta av: Rita

Jeg blir så glad av å lese bloggen din ! Du skriver så utrolig bra og positivt! Takk

05.feb.2011 @ 11:59
posta av: hjartesmil

ingrid: lurer på når du skal innsjå kor patetisk du er. som snik deg rundt for å finna datamaskiner eg ikkje har blokkert så du kan legga igjen oppkastet ditt i kommentarfeltet her.

eg er ikkje grunnen til dine problem, og du har heilt klart noko du slit med sidan du etter fleire månadar framleis prøver å gjera kvardagen min miserabel. i tilfelle du lurer: du gjer ikkje det.

05.feb.2011 @ 12:02
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: Kathinka

"kva gjer deg trist?

alkoholikarar som ligg livlause på bakken midt på grünerløkka utan at nokon stoppar opp for å sjå om det er liv i dei. når det er tomt for melk om ein har laga kjeks. når pappa og mamma er lei seg for at eg skal reisa heim. meir her."

pleier du å stoppe og hjelpe alkoholikerene?

05.feb.2011 @ 12:13
posta av: m

du er en av de fineste menneskene jeg veit om og jeg kjenner deg jo ikke en gang. men alt du gjør er så fint, og det er utrolig inspirende! hjerte til det.

og ps! gratulerer med 2000 følgere på bloglovin!

posta av: hjartesmil

Kathinka: ja, det har eg gjort mange gongar. altså, om eg ser at dei heilt klart er ute av stand til å ta vare på seg sjølv. har ringt til både sjukepleiarar på hjul og til 113.

05.feb.2011 @ 12:23
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: Anja

Å jeg visste ikke at du hadde et så bra standpunkt i forhold til kjøttspising! Er helt enig med deg på det der, syns det er greit at andre folk ikke er vegetarianere men det hadde vært så utrolig bra om flere gadd å bry seg litt mer om hele temaet i stedet for å bare passivt spise kjøtt hele tiden fordi det er det de får servert.

Håper alt går bra med deg i Paris! Stå på, selv om det er en fantastisk by, så kan den være veldig røff og stor og sur fra tid til annen. Men jeg er sikker på at du klarer deg kjempefint:)

05.feb.2011 @ 13:06
URL: http://anjastensrud.blogspot.com
posta av: Aida

angåande spørsmålet til ingrid, så lurer eg på det same. skal du ha masse besøk heile tida i paris og sånn? du har jo skreve før at meininga va at du skulle vere åleine? men når eg ser svaret ditt til ingrid er det nesten så eg ikkje tør spørra deg.. man må vel få lov å undra utan å bli kalt patetisk? er det ikkje i såfall du som er litt patetisk som ikkje kan svara på spørsmåla på ein ordentlig måte?

05.feb.2011 @ 13:35
posta av: hjartesmil

Aida: "ingrid" er ein person som har lagt igjen dusinvis med ubehagelige kommentarar, har ingenting med nokon annan å gjere. etter månadar med dritt blir ein liksom litt lei.

meininga med mitt opphold i paris er å laga magasin nummer tre. det skal eg ikkje gjera aleine, så sjølvsagt kjem det folk hit. eg skal bu aleine, i eigen leilighet, ha ein heilt eigen kvardag og gjera ting sjølv. ja. men folk kjem, og det blir skikkelig fint.

05.feb.2011 @ 13:49
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: marit

Du er superinspirerende. Du svarer på folk sine spørsmål uavhengig av hva de spør om og sier ifra når folk tråkker over. Å så ifra er kanskje det viktigste du må gjøre for å passe på deg selv og andre. Heia deg.

Jeg spiser heller ikke kjøtt. Fisk spiser jeg for å få i meg det kroppen trenger, og det må være lov. Nesten alt vi konsumerer utgjør en forskjell på en eller annen måte, men det går ikke an å tenke på alt.

05.feb.2011 @ 14:24
URL: http://finur.blogspot.com
posta av: Isabel

<3 du er heilt fantastisk

05.feb.2011 @ 14:30
URL: http://dasmadchen.blogg.no
posta av: Kristina Kvåle

eg syns du er utruleg modig og fin! å reise heilt til paris og bu der åleine utan noko nettverk er sterkt, for det er du. så klart ønsker du at han der fine skal vere der med deg dei to månedane, men at du klarer å vera aleine i paris og gjere det til ei heilt fantastisk oppleving, er eg heilt sikker på. eg skal sjølv flytte til oslo til hausten, og eg gruar meg utruleg mykje, samstundes som eg gler meg som eit barn! eg har berre budd på små plassar, der eg har hatt kjende frå før, og sjølv om eg var supernervøs då eg flytta på hybel på eid, så hadde eg både familie og venner her, og då blir det enklare å flytte, om du skjønnar? har du noken tips om korleis eg skal grue meg mindre til å flytte til oslo? nokre plassar eg MÅ besøke når eg kjem dit?? vidunderkurar mot sakn og panikk?

05.feb.2011 @ 14:36
URL: http://kristinakvaale.wordpress.com
posta av: mariellfoto

første gang jeg er innpå bloggen din og herregud så søt den er ! jeg lurer på noe, hvordan får man sånn "dus" farge på bildene ? dødsbra !

følger !

05.feb.2011 @ 14:54
URL: http://www.mariellfoto.blogg.no
posta av: Dina

jeg har mista firfisle-ringen som jeg kjøpte på anti-paros i sommer. den skulle være et minne for resten av livet. men nå er den borte. hva gjør man når man er bøttetrist fordi man har mistet et minne om verdens beste ferie, samtidig som man føler seg dum og overfladisk fordi man er lei seg fordi man har mistet en liten ring? hva gjør man da?

nå håper jeg at dette ikke drukner i kommentarer. når man er 15 år og nettopp har forelsket seg i gutten man allerede har slått opp med, blir alt veldig tungt. selv en liten ring veier plutselig 100 kilo.

05.feb.2011 @ 15:20
posta av: hjartesmil

Dina: men du, fine du. du har jo ikkje mista minnet. du har berre mista ein ring. om du kjenner etter ligg jo minnene der akkurat der du såg dei sist. :)

05.feb.2011 @ 15:25
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: vilde

Hvilken skrift er det du bruker her på bloggen?

du er fin fin!

05.feb.2011 @ 15:41
posta av: Synne

Så kult at du har møtt Sophie Calle! Dessertpizza kan være kjempegodt, forresten!

05.feb.2011 @ 15:56
URL: http://sostrenesuse.blogspot.com
posta av: Alvilde

Skikkelig fint at du er så sterk, men gjør rom for å være svak, eller kanskje heller ha svake dager. Tror man trenger mer av det i verden.

05.feb.2011 @ 16:11
posta av: mariavogt

Ååh, kaniner! Elsker kaniner! Har vært yndlingsdyret mitt så lenge jeg kan huske, helt sant.

05.feb.2011 @ 16:26
URL: http://mariavogt.blogg.no
posta av: Mari

Bloggen din er så fin! Koser meg skikkelig når jeg klikker meg innom en gang i blant. Lykke til i Paris :)

05.feb.2011 @ 17:02
URL: http://www.merrilu.blogg.no/
posta av: Elise

så bra at du bryr deg om kjøttindustrien og det den gjør mot både dyr og miljøet - det er det dessverre ikke så mange som gjør.. Mye holde-seg-for-ørene-fordi-kjøtt-kommer-fra-butikken,-holdninger blant folk.

Har en veldig bra bokanbefaling til deg også, særlig siden du sier at du ikke vet så mye om fiskeindustrien: Jonathan Safran Foer - Eating Animals. Veldig bra bok, mye faktabasert, men skrevet på en interessant måte likevel. Mange sterke historier, fra begge sider av saken.

05.feb.2011 @ 17:43
posta av: June

Takk for flott svar på spørsmålet mitt om det med å tørre å vere seg sjølv med alt ein er, sjølv om ein skil seg ut. Det du sa med å ikkje ville vere mindre enn deg sjølv, skal eg gøyme på.

Og så synest eg forresten at du må feire deg sjølv litt heftig for å ha runda 2000 følgjarar på bloglovin!

05.feb.2011 @ 18:20
posta av: Marie

spotify:album:06bpArxjyy8XXA7ywChuR2 hør. kanskje det albumet passer bra for deg nå. det gjør i hvert fall det for meg.

(hør brooklyn av wakey!wakey! også, og les teksten til almost everything)

jeg syns du er fryktelig modig. da kjæresten min var i militæret, så var jeg et nervevrak hele tiden. jeg ville ikke overlevd i en annen by uten han, dessverre.

05.feb.2011 @ 18:34
posta av: Marina Aurora

Fine svar, og mange fine spørsmål

"eg trur på meg sjølv og mi eiga kraft til å bæra meg sjølv og andre fram her i verda. og eg trur det er det viktigaste å tru på." - så enig!

05.feb.2011 @ 18:39
URL: http://enchantedrose.blogg.no
posta av: hjartesmil

June: hihiiii! eg er skikkelig kry over det, men eg tør ikkje heilt å feira enda. av ein eller annan grunn så får eg alltid mange færre følgarar kvar gong eg skriv om det!

05.feb.2011 @ 18:56
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: hjartesmil

Elise: har kjøpt den boka, faktisk, men har ikkje lest den enda. syns den er litt skummel egentlig.

Synne: åh, men eg har ikkje det! desverre. hadde vore den beste dagen ever.

05.feb.2011 @ 18:59
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: Frøken Dings

Åherreminhatt! Hva er det du har opplevd for noe grusomt da, Tingeling, som gjør at du må spy ut en sånn kommentar? Bruk den kritikken din på noen som faktisk fortjener det, ikke på en "tilfeldig" blogger. Det er nå en gang ikke Mariell som bestemmer hva folk skal kommentere på bloggen hennes, så dersom tusen personer skriver at hun er kul, så er det jo tusen personer som synes det, uansett hva du synes og tror.

05.feb.2011 @ 21:54
posta av: hjartesmil

Frøken Dings: takk, men det er betre om ein berre ikkje gir ho noko merksemd i heile tatt. det blir som å kasta sprit på eit bål utan sjølvinnsikt.

05.feb.2011 @ 22:05
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: Sunniva

Jeg håper de veldig unge jentene som leser blogger, velger deg som forbilde. Ikke fordi det er feil å skrive om lipgloss, onepiece, klesmerker, trening og denslags som de andre gjør, men fordi du representerer et i mine øyne mye sunnere forbilde for unge jenter enn hva mange andre bloggere gjør.

Du starter aldri et innlegg med "herregud, jeg har IKKE trent i dag, katastrofe!!!" Du skriver heller positivt om sunn og god mat, og positivt om trening, og har du spist en makron eller sjokolade, så forteller du om det, og hvor godt det var, og ikke hvor mange minutter på mølla du må ta for å gjøre opp for dette. Det elsker jeg.

Du kan være forfengelig, som de fleste av oss, men det er så herlig å se at du ikke gjør forfengelighet til en norm eller et krav.

Kos deg i Paris. :)

05.feb.2011 @ 22:16
posta av: hjartesmil

Sunniva: tusen takk, så sjukt fint sagt. det er jo det det handlar om her inne og difor blir eg så glad. suss.

05.feb.2011 @ 22:18
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: hjartesmil

vilde: den heiter lucida grande!

05.feb.2011 @ 22:19
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: hjartesmil

Marie: takk for fin musikk! eg trur du hadde klart deg fint, men eg skjønnar absolutt kva du meinar. det gjer vondt.

mariellfoto: i menyen til venstre under kategoriar står det "om foto", der finst det nokre innlegg om redigering og sånt. :)

Kristina Kvåle: takk for ein fin kommentar!!! <3 du kjem til å klara deg heilt underbart i oslo. om du vil lesa om oslo finst det ein stor oslo-guide under "om oslo" i kategoriane mine! vidunderkurar finst det ikkje, men eg lovar deg at det kjem til å gå bra. før i dag trudde eg at eg skulle knusa til tusen bitar, spesielt når han lukka døra etter seg, men no har eg det heilt fint på eit hotellrom heilt for meg sjølv. det går fordi det må gå, sånn er det berre. og om det ikkje går så gjer ein noko anna som føles bedre.

05.feb.2011 @ 22:24
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: andrea

tusen takk for all inspirasjon!

tusen takk for all mot du gir meg,

og sist men ikke minst tusen takk for at du ikke skriver om smashbox og hair extensions :)

du gir meg rett og slett styrke til å være meg selv, og gjøre det jeg vil! favorittbloggeren min er du, takk <3

05.feb.2011 @ 23:44
posta av: ingen vet om denne bloggen

mariell, dette innlegget var fantastisk vakkert og inspirerende. og etter at du skreiv om extremely loud and incredibly close den første gangen, fant jeg den boka litt seinere, men jeg er fortsatt bare litt over halvveis. den er så. himla. fin. jeg forstår ikke alltid alt, men den vidunderlige lesingen i seg holder, det er så vakkert skrevet. så takk. jeg må virkelig lese den ferdig snart. puss.

posta av: Gudrun

Åh, du er så fin :) Og eg elskar at du kan skrive at du brenn for feminisme, for når eg seier at eg er feminist så får eg alltid høyra den lange leksa om at feminisme i dag berre er syting og at kjønnskvotering er teit og at alle feministar er mannehatarar frå ottar, og innimellom verkar det som om ingen skjønar at me kan takka ottar for mange av rettane me har i dag og at kampen ikkje er over, verken i noreg eller andre land,og at det ikkje er eit kompliment å sei at du er flink, til jente å vera, og at det å vera feminist faktisk berre betyr at ein vil ha likskap, ikkje at ein vil trykkja den andre ned. Takk for at du kan skriva det på bloggen din som om det er det mest naturlege i verda å vera feminist, for det er slik det burde vera.

Du er bra!

06.feb.2011 @ 11:12
posta av: Stylenerd

Så fine svar. Får det liksom litt varmere i hjertet av å lese. Det er så fint at du står for dine egne meninger og følger det opp. Det er å fint å se bilder fra Paris og hvordan du har det der. Jeg håper det er bra, for Paris er bra. Skulle ønske jeg kunne teleportere meg dit eller noe, men så har jeg det ganske fint da, for jeg sitter her;

http://bloggfiler.no/stylenerd.blogg.no/images/869416-10-1296938592418.jpg

og ser på bloggen din. Fin blogg. Fin jente. <3hilsen Stylenerd

06.feb.2011 @ 11:24
URL: http://stylenerd.blogg.no
posta av: Elisabeth

5-retters med pizza er kjempefint! Det har eg nemleg prøvd sjølv. Dessertpizza er overraskande godt! Prøv til dømes med fiken, valnøtter og ein moden manchego. Gjerne med litt honning.

06.feb.2011 @ 11:58
posta av: Adelen

mange spørsmål , og mange gode svar ! :)<3 Er det deg på headeren ?

06.feb.2011 @ 12:32
URL: http://asao.blogg.no
posta av: Martine

Du tar så utrolig søte bilder! Elsker bloggen din virkelig!

06.feb.2011 @ 20:44
URL: http://pantra.blogg.no
posta av: marte

det må bli sagt; for en utrolig bra, vakker og fin inspirasjonskilde du er.

jeg elsker å lese bloggen din fordi den får meg enkelt og greit til å bli et bedre menneske! du får meg til å tenke over ting jeg kanskje ikke tenkte over før. Også sier så mye fint og bra og klokt, tar så ufattelig herlige bilder, har så mange gode og fine tips. det er så deilig å bare se igjennom bloggen din. for den er så fin og perfekt.

TAKK for at du er deg. enkelt og greit !

06.feb.2011 @ 22:47
posta av: Gomle

Det er så mange før meg som har skrevet det; du er så herleg! Du er så fin! Du er så inspirerande! Du er rett og slett nydeleg.

Det er ikkje rart mange blir så glad i deg og bloggen din. Sjølv om du har det tungt greier du å skrive positivt, vere positiv og å få andre til å bli positive. Du klagar ikkje på at dagane er tunge, men skriv kva du gjer for å få ein fin og bra dag - det er så deilig å lese! Ein blir ordentleg glad av å titte innom bloggen din, for du er så herleg. Takk !

07.feb.2011 @ 01:35
URL: http://misshickup.blogg.no
posta av: Anette

Hei, du inspirerer meg.

Jeg ser på mange måter meg selv i deg, samtidig som du er litt som jeg ønsker å være.

Ville bare si det :)

07.feb.2011 @ 02:26
URL: http://anettebriksdalstoreide.blogg.no
posta av: Emilie

hei

bloggen din er nesten litt for fin til å vere sann, og du er også litt for fin til å vere sann.

tusen takk for at du lyser opp en kjedelig dag, en vond dag, eller bare gjør en fin dag finere :)

tusen takk for at du gir meg styrke til å tro på meg selv, selv om jeg er 15 år og ingenting er som det skal.

skulle ønske der var flere som deg!

du er et forbilde <3

07.feb.2011 @ 23:27
posta av:

det er faktisk mykje verre å ete soya tenk! det er lika forurensande som å eta ein stor biff kvar einaste dag i ein veka. Det er ein grunn for at me et kjøtt, eller so hadde me vore primatar enno. eg et kylling og svin, det er meir sunt for miljøet enn å eta soya. Kan du ikkje gjer researchen din betre?!

10.feb.2011 @ 11:51
posta av: hjartesmil

Anonym: eg et soya kanskje ein gong kvar tredje månad, så no worries. det er ikkje berre etiske grunnar til eller på grunn av miljøhensyn at eg ikkje et kjøt, men óg helsemessige. om eg et kjøt et eg kylling og svin, og om eg har jernmangel et eg ein biff, kanskje to gongar i året.

10.feb.2011 @ 14:00
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av: Hilda

hva gjør du når du ligger aleine i senga langt på kvelden, og du får ikke sove uansett hva?

eg får jo aldri sove. men no har eg fått meg ei sånn lydmaskin, så eg høyrer på regn og fuglar. den står på 25 minutt og den siste veka har eg sovna kvar natt før dei minuttane er omme. det er nesten det beste som har skjedd.

Oi. Det hørtes ut som en fin maskin. Hvor har du fått tak i den?

10.feb.2011 @ 21:31
posta av: hjartesmil

Hilda: det er ein app til htc-telefonen min!

10.feb.2011 @ 21:58
URL: http://hjartesmil.blogg.no/

kommentarar som er krenkande mot meg eller andre vil ikkje bli publisert.

skriv noko fint her:
namn:
hugs meg!

epost:


blogg / heimeside:


kommentar

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/25344469