den beste kaka som finst.

i dag skal me laga kake som det går fint å eta sjølv om det er altfor varmt ute. du treng: 3.5 dl sukker. 5 egg. ei halv teskjei eddik. 1 teskjei bakepulver. egga skal vera romtempererte, så ta dei gjerne ut av kjøleskapet nokre timar før du skal baka. så treng ein noko å ha oppå kaka, som frukt. eg brukte bringebær og blåbær, nom. om ein skal bruka bær må ein bruka ferske bær og ikkje fryste, for fryste bær "blør" også ser kaka ut som ein massakre etterpå. takke seg til ferske bær altså! 
først må ein dela egga. det er veldig veldig viktig at ein ikkje får med noko som helst av plomma når ein deler egga. derfor deler eg eitt og eitt egg over ein kopp, tar kvita i ei skål og plomma i andre. om det kjem plomme i kvita mens ein deler så må ein starta på nytt, for ellers blir kvita aldri stiv. 
sett ovnen på 100 grader. så skal det piskast. først skal me piska egg + eddik + sukker. berre køyr det på høg fart så lenge som det trengs. 
røra er klar når den framleis "står". altså at den framleis er stiv som ein topp som på bildet. så skal ein ta bakepulveret og liksom "velta" den inn. ein må ikkje vispa den inn for da kan det henda ein øydelegg all den fine lufta som ein har i eggekvitene. bruk slikkepott til å elta bakepulveret inn. 
spre røra ut i ei form på 30 x 40 cm. på bakepapir. sett den midt i ovnen og steik den på hundre grader i kanskje to og ein halv time, til den er seig inni men hard utapå. ein må passa litt på så den ikkje blir steikt for lenge. 
når kaka er ferdig, ser den ca sånn ut. 

så må ein piska krem, og blanda den med vaniljekrem og ha den på kaka. og ha på bær, masse bær, alt ein vil i heile verda. 
og eta den med glede. 
til siste bit er slutt. 
om ein vil laga ei mindre kake, som eg gjorde, kan ein bruka litt over halve røra til kaka og resten til pikekyss. eg satte kaka i ovnen også satte eg på eit vannbad. knekte oppi valrhonasjokolade(må bruka sjokolade av god kvalitet, kokesjokolade er ikkje lov).
så velta eg den smelta sjokoladen inn i resten av eggekvitene og sprøyta dei med sprøytepose ut på eit bakebrett med bakepapir på. phjoh. forøvrig min første omgang med sprøytepose, det gjekk heilt fint. ein berre puttar tuten nedi ein kopp og legg sjølve posen over kanten så det blir enkelt å fylla den. så er det berre å prøva seg fram. steik dei på hundre grader i kanskje ein halvtime, kanskje lenger. dei tar ikkje så veldig lang tid, så smak heller litt undervegs. 

putt dei i ein fin boks og versågod! godt til kaffen i vekesvis etterpå.
ps: eggeplommene sparar ein og lagar pasta carbonara til middag! enkelt som berre det.

today we're making cake. this is a meringue cake with whipped vanilla cream and berries on top!
kommentarar:
Nam :D
Ja, det er ei av dei beste kakene. Den heter Pavlova og har vist fått navnet sitt etter ei Ballerina frå Russland.
Du har skrive: først skal me piska egg + eddik + sukker
Men du mener vel: først skal me piska eggekviter+ eddik + sukker ?
Ha gode sumardager og -netter.
Herlig kake! Minner litt om verdens beste <3
pavlova! det er yndlingskaken min. jeg liker den best med råkrem, altså pisket kremfløte blandet med eggedosis. da dør jeg
Tenkte jeg skulle tipse deg om denne bloggen siden du skal gifte deg. Er masse fine bilder av forskjellige vintagebryllup og andre artikler som du kanskje kan ha nytte av :) I tillegg er den engelsk og tipser om forskjellige bryllupsrelaterte ting i London, så jeg tror absolutt den er noe for deg :D
http://www.lovemydress.net/
Jag älskar din blogg! Den gör mitt liv lite finare
helt enkelt. Och den där kakan såg helt underbart
god ut.
ååå, fantastisk! Nydeleg kake :)
Kva gjer ein med eggeplomma? Skal han ikkje brukast?
dette må prøvast. : )
sånn kake spiste jeg i går :D veldig god!
Du har blitt så flink til å ta bilder, Mariell! Jeg har fulgt bloggen din lenge, og jeg ser at du har utviklet deg masse og blitt flinkere i forhold til komposisjon og lys og vinkel og sånt. Bildene dine er jo finere siden du har fått bedre fotoutstyr, også, men mest fordi du har blitt så flink
(:
Hvorfor ikke bruke eggeplommene til å lage vaniljekremen? Blir jo 1000 ganger bedre
Kokesjokolade er ingen dårlig sjokolade å bake med. 70% fra Freia er meget bra. En kan muligens prøve å holde seg unna typene med liksom-vanilje i, men det kommer helt an på hva en lager. Til marengs, eller Pikekyss, som i denne post, ville jeg ikke tenkt så mye over hvilken sjokolade som brukes. Marengs er ingen kunst, og smaker som regel deretter.
Pavlova derimot, er en god kake, men personlig ville jeg brukt mer bær. Fine bilder. Morsomt at du deler oppskrifter. :)
Eggeplommene kan du lage is av. MMMMMMMMMMMMMMMmmmmmm!
Her er nokre oppskrifter:
http://www.mineoppskrifter.no/category/desserter/is/
Bon apetit!
jumjum
Det så ut som en fortryllende god kake! Jeg elsker å bake, men har enda ikke prøvd meg på pavlova, men tenker at jeg må gjøre det snart! :)
Flott blog du har, følger deg på bloglovin'
Klem klem
fantastisk! takk for fint tips :)
ååh pavlova <3
mm :) nammis ! elskar denne kaka. Helst med Valldal-jordbær! Elskar for så vidt også bloggen din. Veit du kanskje ikkje har tid til å svare meg, men veit du om ein nettbutikk der ein kan kjøpe mummikoppar? Her på landet er det så dårleg utvalg veit du.
@Sara
Her er nokre koppar. Hugs at frakt kjem i tillegg: http://www.jernia.no/k/kl.aspx?bn=12064&mfr=MUMMI
Her er fleire. Og frakt i tillegg her også:
https://www.kitchn.no/ProductList.asp?Cat=60&MF=Iittala
Men desse koppene er fine å ønskje seg. Så slepp ein å bruke så mykje penger på kopper og å få gåver som ein ikkje treng;-)
@ kirsti :)
Tusen takk !
Elsker skrivemåten din. Enkel og vidunderlig. Tusen takk, du er som we heart it- only ten times better!
Det beste med denne kaken er at den ser superimponerende ut, men er megalett å lage! Også smaker den jo himmelsk da! (jeg pleier forøvrig ha kakao og sjokolade i bunnen - synes på en merkelig måte det blir mindre søtt da!)
ser du på sorted du også?
Like!
http://blogsoft.no/trackback/ping/29313256