chocolate = joy.

chocolate mousse.

eg lagar sjokolademousse kvar fredag. det er det einaste heilage helgeritualet me har. i oslo pleidde eg å laga freia sin på pose, for den er faktisk sjukt god. men, sidan me har flytta til utlandet og ikkje har freia lenger fant eg ut at eg skulle bli voksen og læra meg å laga sjokolademousse på ordentlig. og det er sjølvsagt ut av denne verda-godt. og no skal eg læra deg. det er null problem å berre multiplisera ingrediensane. denne oppskrifta er opprinnelig herfra, mi oppskrift er delt i fire så den passar til to. du treng:

100 g sjokolade av god kvalitet, eg føretrekk valrhona manjari, men all vanlig sjokolade over 74% sjokolade er bra.
40 g sukker
40 g eggegule (ca to, varierar frå egg til egg)
60 g mjølk
200 g fløyte som det går an å piska til krem

chocolate mousse.

smelt sjokoladen i eit vassbad. det vil sei at du puttar sjokoladen i ei skål som toler varme oppi ei panne med vatn i seg. sjå her, til dømes. så, mens sjokoladen smeltar på middels varme, kan du piska eggeplommene saman med to tredjedelar av sukkeret. det skal bli lysegult og fluffy.

chocolate mousse.

så har du mjølka i ei panne på middels varme saman med resten av sukkeret. rør mens mjølka blir varmare. når mjølka er varm, altså rett før ho kokar, tar du ho av varmen og tømmer ho opp i eggeblandinga, rører om og tømmer det heile tilbake i panna. dette er litt tricky: rør med ein visp i panna mens egg+mjølk står over lav til middels varme, pass på at absolutt ingenting svir seg. rør og rør og rør til du kjenner at det tjuknar. ta den av varmen når konsistensen minnar om ein slags tjukk saus. da blandar du den med den smelta sjokoladen. med ein sleikepott.

chocolate mousse.

så skal me piska kremen. den skal vera mjuk som ei dyne, ikkje som krem som er hard men den er heilt mjuk. altså stopp før det er for seint.

chocolate mousse.

så skal du velta inn kremen i sjokoladeblandinga, forsiktig. det tar litt tid, og ein må gjera det med kjærleik. for ellers går alle boblene ut og da er det berre ein pudding.

chocolate mousse.

så heller du blandinga oppi passande glas og setter det i kjøleskapet i typ fire timar.

chocolate mousse.

så har ein oppå det ein vil, eg hadde på ein crumbledeig og klementin, men det trengs absolutt ingenting egentlig! og et og sjå på kvarandre med glede i augene. og det var den helga redda. på eit fat.



my recipe for chocolate mousse! email me for the recipe(when i say that i mean it!).


kommentarar:
posta av: eurus

Nam, takk for tipset! (:

08.sep.2011 @ 12:17
URL: http://eurus.blogg.no/
posta av: Anna Marita

Det skal eg lage. Kanskje i dag for i dag er eg sjuk og då passar det fint med noko sånt

posta av: Ming

du må jo ha oppi piska eggehvite, ellers blir det ikke "mousse" bare sjokoladekrem...

08.sep.2011 @ 12:28
URL: http://ming.blogg.no
posta av: Hege

For et koselig helgerituale :-)

08.sep.2011 @ 12:29
URL: http://undulin.blogspot.com
posta av: SA

Eggegule <3

08.sep.2011 @ 12:55
posta av: Snorkfrøken

elsker designet på bloggen din og bildene dine,men jeg er altfor lst til å lage sjokolademousse. Selv om det er toro. Hvis jeg skal lage meg noe skikkelig kos, så blir det vaniljeyoghurt med eplebiter og havrefras. Det smaker faktisk fantastisk. Og synes det er ganske sunt.

08.sep.2011 @ 13:09
URL: http://voaao.blogg.no
posta av: Karin

Eg bruker Jamie Oliver si "30 minute meal" oppskrift på sjokolademousse, og den er så sinnsykt god! Den har 200 gram sjokolade og 3 dl (ein norsk kartong) med fløyte, så den er litt annleis enn din, og så har den mindre sukker. Sjukt, sjukt god! (og enig med ming, for skikkeleg mousse må eggekvitene stivpiskas og blandas inn til slutt).

08.sep.2011 @ 13:23
URL: http://euforisksymfoni.blogspot.com
posta av: Nøve

Åh nam det så superdupergodt ut! Kanskje jeg skal prøve å lage... Må bare kjøpe alt kjøkkenutstyret først.

08.sep.2011 @ 13:45
URL: http://tokyonobe.blogspot.com
posta av: Synne

Nam! Jeg liker sånne ting som skal stå litt, for da kan man rydde vekk og vaske opp og se en episode mens mans venter!

08.sep.2011 @ 13:52
URL: http://sostrenesuse.blogspot.com
posta av: Mira

Mmmm! Ser veldig, veldig godt ut

08.sep.2011 @ 15:58
URL: http://miira.wordpress.com
posta av: hjartesmil

Karin: oppskrifta er heilt fullkommen utan eggekvitene, og tross alt laga av ein chocolatier! dei får stå i kjøleskapet(dei held seg ei veke der) og bli omelett eller pavlova etter kvart. trur eg aldri kjem til å prøva ei anna oppskrift nokon gong, så god er den. utanom kanskje om eg vil laga kvit mousse! det blir eit anna prosjekt.

08.sep.2011 @ 16:07
URL: http://hjartesmil.blogg.no/
posta av:

Ser sykt godt ut! Legger du i gjen en oppskrift på bloggen min? :)

08.sep.2011 @ 17:57
posta av: Ida Therese

Det der er det beste jeg vet:)

08.sep.2011 @ 19:32
URL: http://rosapille.wordpress.com
posta av: Ine

måtte lage sjokolademousse i dag, jeg! men det ble toro. noen dager er det ok.

08.sep.2011 @ 20:35
URL: http://koffeine.wordpress.com/
posta av: Ragna

JA nam takk nam

08.sep.2011 @ 21:49
URL: http://lovecatxxx.blogspot.com
posta av: VolangLinda

underbart recept och dina bilder är sjukt fina som vanligt.

kolla gärna in min blogg vettja, känns som att vi har lite samma smak:)

08.sep.2011 @ 23:46
URL: http://www.volang.elleinterior.se
posta av: sandra

Guri, det såg godt ut! Tror nesten jeg må prøve! :) takk for oppskriften!

10.sep.2011 @ 07:24
URL: http://soelvskjeen.wordpress.com

kommentarar som er krenkande mot meg eller andre vil ikkje bli publisert.

skriv noko fint her:
namn:
hugs meg!

epost:


blogg / heimeside:


kommentar

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/30717266