hjartesmil

ny runde/nye reglar

no lanserar eg ein ny runde hjartepost, med nye reglar frå sist gong:

reglar:
1. du må vera hundre prosent sikker på at du er i stand til å få sendt ifrå deg ei pakke. eg orkar ikkje fleire folk som egentlig berre er interesserte i å få post, og ikkje senda. da blir eg sint og sur og avlyser heile greia.
2. du treng ikkje å ha blogg, men du må ha kamera og klara å senda meg bilder av pakken med ein gong du har fått den.
3. det skal vera minst 5 ting i pakken, og det er meininga ein skal ta hensyn til informasjonen de får, at de ikkje sender ting til ein person som den ikkje likar.
4. alle som blir med i hjartepost som har blogg, må linka til min blogg i linkelista si. dette er fordi det tek masse energi og arbeid å gjera det, og det er det eg tar som putaling.

sånn funkar det:
1. du sender mail til hjartepost@gmail.com der du fyller ut dette skjemaet(om du ikkje brukar skjemaet vil eg sletta mailen med ein gong). prøv å fylla ut skjemaet så mykje som du kan.

bloggadresse(om du har):
fullt navn og adresse:
ting eg likar:
ting eg ikkje likar:
allergiar:


også kan ein, om ein vil, helst, legge til informasjon om seg sjølv. til dømes "hei, eg heiter mariell. eg likar å hoppe i sølepyttar og sjå pushing daisies, å holda hender og dådyr. min favorittfilm er chocolat , eg har ingen bukser og min favorittblomst er tulipanar", det hadde jo vore veldig fint om de ville det. ikkje skriv personlige meldingar til meg i desse mailane, desse mailane vil bli kopiert som dei er.

2. så får du tilbake ein mail av meg med ei adresse til nokon, samt informasjonen eg har fått i skjemaet mitt, og ein kode. denne koden MÅ de skriva på pakken som de sender klart og tydeleg. til dømes om koden din er AA05(om namnet ditt er anne annestad og du er nr.5, liksom) skriver du på pakken og på brevet "hjartepost-AA05".

3. lag til pakken, og ta bilete av pakken som de sender til meg så eg kan vera sikker på at de har sendt. send pakken din! om bilder av din pakke ikkje er komme fram innan ein månad etter de fekk ei adresse av meg, blir de svartelista.

4. når du får ein pakke, får du ein slik kode. den koden må du så senda til meg på mail saman med bilete av pakken du fekk, så eg får registrert kven som har sendt pakkar(og eventuelt kven som ikkje har gjort det) og lagt ut bilete av pakken. prøv å send denne mailen som eit svar på den andre mailen de har fått av meg, så eg klarar å holde styr på kven som er kven.

når du har sendt og motteke ein pakke, kan du melda deg på på nytt eller kanskje senda tilbake til den du fekk ifrå..

som de kanskje har forstått, er ikkje dette ein runde, men eit pågåande prosjekt. om de lurer på noko, kommenter her eller send mail til hjartepost@gmail.com. de som har sendt hjartepost-påmeldingar til min andre mail må sende denne på nytt til den nye mailen. håpar det er okei.

Följ min blogg med bloglovin

Om meg

Mitt profilbilde

hjartesmil

Meir...

bloggkoll

mariell.oyre@gmail.com

løyndom
løyndom
mariell øyre
By
Make a photo book with Blurb
Book Preview

hjartesmil
hjartesmil
By mariell øyre.
Make a photo book with Blurb
Book Preview