tomat.

ho berre sit der, i hjørnet. han mista, han óg. ho må sova aleine, men han mista, han óg. og ho høyrer ikkje etter, han skriker at EG MISTA EG ÓG men det hjelper ikkje, ho høyrer ikkje. vegen til ein mann sitt hjarte er mat. kanskje vegen til knuste mødre sine hjarte er mat óg, om han berre fekk ho til å eta noko, han hugsar ikkje kva ho likar, det er så lenge sidan dei har ete noko anna enn sjukehusmat. han spør, men ho svarar ikkje. spaghetti. han hugsar spaghetti. spaghetti har dei. han knyter skoa og seier at ho ikkje skal gå nokon plass. ho stirrar ut i lufta, men kanskje stirrar ho på eit anna støvkorn enn for ein time sidan. skoa knirkar heile vegen inn, han hugsar ikkje om ho likar kylling eller gris, så han tar begge. ved kassa kjem han på at det er tørt med spaghetti og kjøtt heilt aleine, sjølv på fine tallerkar, han går tilbake, vandrar kvilelaust mellom hyllene og veit ikkje kva han vil ha eller kvar han skal gå eller korleis morgondagen blir. tomat. det blir tomat.
julinetter.

altfor lenge har han vore den stille, observerande typen. ser gjennom vindauge og inn i bilar for å sjå kven som ikkje er der. difor forelska han seg. ho var så veldig levande. altfor ung, sjølvsagt, men det gjorde ingenting på avstand, heilt til han slapp taket over kanten og ned i djupet. kjøpte seg leilighet med utsikt til soverommet, brukte alle pengar på kikkert(med varmesøkande funksjon, ikkje at han treng det). han tapetserte sin lille eittroms med bilete av ho. på veg til skulen med blåmerke på knea og skrikande grøne auge, med brennande bøker i sekken om astronomi og elefantar. med sløyfer i hestehalen og dei største fortennene i klassen. han har utsikt til kjøkenet óg, dei er ein kjærlig liten familie. et middag(favoritt:taco, heilt klart, som alle andre på trinnet) ilag og bakar kjeks på søndagar. han kan óg baka kjeks, tenkjer han. kan ikkje vera så jævlig vanskelig. kanskje ho ser han om han bakar kjeks, om berre ho ser han i to sekund. kanskje.
på tide.

ho hoppar over vegen, berre på dei kvite stripene, med ein krøllete hundrelapp i lomma. tenkjer at endelig, endelig, etter tolv år aleine skal ho endelig få vera litt med nokon som veit korleis ho pustar, som på film, som dei vaksne. ho veit ikkje kva dei vaksne gjer, ho er berre tolv små år, og tenkjer at dei voksne sikkert et selskapsblanding i festlige anledningar. juice er fint om ein blir tørst, eller kakao(kokesjokolade) om han får lov til å leika med komfyren. på reklamen kyssa dei etter å ha ete melkedrøm så da kjøper ho det óg. ho tenkjer at ho ikkje veit korleis han luktar heilt nære så det burde ho kanskje finna ut eller kanskje ho først vil vita korleis det føles å dra fingrane gjennom så krøllete hår. ho tenkjer at ho aldri har følt seg sånn, det må vera sånn dei føler seg, dei vaksne, og på film. som med tusen flodhestar marsjerande i magen, på veg mot noko rundt neste sving.
det finaste som har skjedd meg på lenge
i dag vart eg så sjarmert at eg framleis smiler. eg reiste på rema1000, fordi det er det eg gjer onsdagar. eg surra rundt på butikken før eg enda opp på klementiner og den obligatoriske onsdags-fudgen. framme i kassa ser eg bak meg. der står den søtaste mannen i verda.

ca 70 år gamal. med hatt. han surra rundt på butikken før han faktisk bestemte seg for ei pakke med sitronkjeks. eg vart sjølvsagt igjen på butikken for å få kvitteringa hans. eg kjem til å hugsa han resten av livet.

kvitteringsonsdag
(eg byrja på denne i går, men eg måtte så absolutt plutselig sjå csi med han der fine)

denne gamle dama ser litt slik ut: brune knestrømper, kanten på strømpene visast såvidt under det store blomsterskjørtet. ho har langt hår, i ei flette. veska under armen. ho er lei seg. for mannen hennar døydde. for ikkje så lenge sidan. og ho elska han sånn, han var det einaste. han var glimtet i auget, og ho saknar ein kropp å varme seg på. sonen kjøpte ein kattunge til ho for å få tilfredsstilt omsorgskjensla hennar. no er den alt ho klarar å tenke på. den heiter bruno, etter han. og fordi den er brun. den ligg på puta hans om morgonen, et frukost ved bordet med ho(ho har ikkje klart å ete på ei stund). av og til tenker ho at katten er han. ho spelar kabal for å døyve saknet.

har du lyst til å hjelpe meg?
eg treng kvitteringar. mange kvitteringar. det treng ikkje å vera dine eigne, berre dei som har blitt forlatt i butikkane. helst frå matbutikkar, men òg frå andre butikkar. hiv dei i ein konvolutt og send meg ein mail på mariell.oyre@gmail.com for å få adressa mi. om du lurer på kvifor kan du sjå her eller her. eg skriv ei bok. hjelp meg da vel!
eg ler så eg griner.
ei trist historie
kvitteringar er min religion og eg trur på at ein kan analysere seg fram til kven du er ut ifrå kva du kjøper på butikken. ein dag skal eg gje ut ei bok. eg meinar det.

dette er litt av ei trist historie.
eg ser for meg ei aleinemor, ca 30 år gamal. ho har ei jente på 3 år. pappa har forlatt dei.
ho et det same kvar dag(kyllingfilet med kyllingsaus og spiralloff og brokkoli) fordi ho veit ho treng protein og fiber, men det spelar ingen rolle for ingenting har noko smak lenger uansett. ho kjøper vg som ho aldri les men som ho har liggande på bordet i tilfelle nokon skulle sjekka og finna ut at den forrige som låg der hadde vore der i vekesvis. dottera likar ikkje kyllingsaus med basilikum og lauk, derfor får ho tomatsuppe istaden. med makaroni. og for å få ho til å vera stille(mamma har så vondt i hovudet, lille venn), får ho melkesjokolade og gullvafler(det er jo laurdag) medan mamma får smertestillande og andre apotekvarer for å halda seg i skinnet. ho er heilt øydelagd av sin eigen situasjon, ho må til og med ha to bæreposar for å klara å bæra alt det.