underprosjekt av løyndom

denne veka skal me ha det litt morsomt med løyndom-prosjektet.
268285764955bd4d2c57
2682857659f67ec4394e26828576656c0c0459092683696294f47db0bcdd
ducknotmaleskittlexray
postsecret6061805
26828576575830b156f7o
slams

i veka som kjem vil eg at de skal senda meg morsomme, rare, uvanlige, teite og merkelege tankar eller ting de gjer. send til:

mariell øyre
v/3mka, firda vgs
firdavegen 21
6823 sandane

ein ting: ver så snill, legg dei fine postkorta i konvoluttar. for eg har fått så mange dei siste vekene der den pålimte teksten har forsvunne i posten. så pass på at dei kjem til meg i èin del. les meir om prosjektet her. sjå løyndommar her. og ver så snill: fortel vener og familie og blogglesarar om prosjektet, spesielt denne veka. suss!

*trommevirvel*

3336109148b7ff8dcfbdo
som eit par har gjetta allereie: eg kom vidare til landsmønstringa med løyndom-boka! tusen takk til alle som var med, eg er så stolt av oss.

suss!


løyndommar for dagen

16041630
16041631
16041632

16041633
16041634
16041635
16041636
16041637
16041638
16041639

ps: denne er til salgs i putikken
bilde 3bilde 4





løyndom-boka er ute!

i dag har eg sendt løyndom-boka til trykking. den inneheld nesten alle løyndommane eg har fått, og den kan de kjøpa her. den er kanskje litt dyr, men det blir opp til kvar og ein om de vil ha dei eller ikkje. i softcover er den litt billigare, men eg veit ikkje korleis heilt den ser ut i og med at eg har laga den for hardback-versjon med papiromslag.

men ikkje slutt å senda inn løyndommar fordet, er de snille. eg treng jo til å legga ut på bloggen òg, veit de. så send send send! her er litt av boka, så de kan sjå. den er ganske stor, heile 86 sider og 25x20cm stor.

her er forsida:
løyndom - boka
den har sånn bokomslag i hardback-format, og bakpå står det om meg:
løyndom - boka
bakpå har eg eit gamalt sitat:
løyndom - boka
og her er litt av innholdet:
løyndom - boka
løyndom - boka

løyndommar for dagen

secretssecretssecretssecretssecretssecrets

løyndommar for dagen

jeg trenger deg mer enn jeg elsker deg 2
jeg trenger deg mer enn jeg elsker deg 7
jeg trenger deg mer enn jeg elsker deg 5
jeg trenger deg mer enn jeg elsker deg 3
jeg trenger deg mer enn jeg elsker deg 4

hei, alle saman! eg bloggar fraa amsterdam! eg har hatt det fantastisk og gler meg til aa visa alt til alle saman. i kveld er siste kvelden, og me skal ut ut ut! suss!



løyndommar for dagen pt. viii

secret
secretsecretsecretsecretsecretsecretsecretsecretsecretsecretsecret


de er så fine. eg meinar det. eg sender rundt klemmar til alle som vil ha i dag. for i dag er ein god dag.

litt småbeskjedar og spørsmål

angåande løyndommane:
1. eg kjem til å laga ei bok med løyndommane som eg så stiller ut på ukm den 20. mars. påmeldingsfristen er 2.mars, og til da vil eg ha inne alle løyndommane som skal vera med i boka så eg får sendt den til trykking. så! om du vil ha løyndommen din på trykk i boka til ungdommens kulturmønstring, så send den så eg får den til 2.mars. eg håpar det finnast mange mange som framleis vil senda inn, eg er så umåteleg glad for at det er så mange som har lyst til å vera med på det her og er ganske stolt for at så mange vil dela sitt med meg og alle andre.

2. etter ukm kjem eg framleis til å ta imot løyndommar for å legga ut på flickr og på bloggen. så veit de det om de er bekymra for at de ikkje får vore med. men det beste er sjølvsagt at de får vera med i boka!

så lurer eg på ein ting. gjennom brown paper packages har eg fått ei brevvenninne som heiter cynthia. ho er perfekt brevvenninne for meg, veit de kvifor? ho elskar pushing daisies. ho likar raude fingernegler. ho likar fotografi og kunst og spesielt grafisk design. ho likar kjærleik og pepsi. ho har musikkkjærast. og ho likar hello kitty men ikkje sånn "obsessively though." cynthia er frå usa og snart skal eg senda ei pakke til ho. og då tenkte eg å spørja om det var nokon som hadde forslag til kva ein kan senda nokon sånn for fyrste gong når ein er frå noreg og liksom skal vera litt ambassadør for sitt land?

takk på førehand, fine blomar.

løyndommar for dagen pt. iiiiiii

secret
i dag fekk eg berre èin og det kan sjølvsagt vera greitt og i alle fall når den er så fin.

løyndommar for dagen pt. iiiiii

eg har fått scanner! og den er fantastisk. for den scannar negativ og bilete og alt mulig. eg er supernøgd. i alle fall kan eg no scanne løyndommane heime.
secretsecretsecret
det byrjar å bli tomt i postkassa. ver så snill, send!

løyndommar for dagen pt. iiiii

lyndom 1
lyndom 2
lyndom 3
lyndom
lyndom 5

løyndommar for dagen pt. iiii

lyndom 46

lyndom 45
lyndom 47
lyndom 48

løyndommar for dagen pt. iii

i dag fekk eg ein fin stor konvolutt med 11 løyndommar i. eg tenkte eg skulle dela nokon av dei, sidan de er så veldig ivrige på akkurat det.
lyndom 23
lyndom 14
lyndom 22
lyndom 19
lyndom 16

litt informasjon om kva som skjer framover: i mars vil eg stilla ut løyndommane til det norske folk på ukm. har ikkje heilt funne ut korleis eg skal gjere det enda, men om du har forslag kan du sende det til mariell.oyre[at]gmail.com. også er det berre å sende sende sende dei djupaste mørkaste løyndommane til adressa:

mariell øyre
v/3mka, firda vgs
firdavegen 21
6823 sandane



løyndommar for dagen pt. ii

kjn
kjh
uigh
untitled1
untitled2
kuhkjh

løyndommar for dagen

lyndom4
lyndom1
lyndom2
"noen ganger sier jeg til mine venner at jeg aldri blir lei av å være med dem. Sannheten er at jeg blir lei av alle, utenom min mor"
lyndom 10

eg postar fleire seinare i dag eller imorgon! send send inn til:

mariell øyre v/3mka
firda vgs
firdavegen 21
6823 sandane

eg har fått dei første.

lyndom 12

lyndom1
lyndom 22
i dag har eg fått dei fyrste, og det ser veldig veldig bra ut. eg gler meg til resten kjem. lykke til!

eg treng hjelp, bigtime

okei, det har seg sånn at eg har omtrent 300 lesarar kvar dag. om alle de hjelper meg blir dette eit enkelt prosjekt. eg er sikker på at dei fleste av dykk har høyrt om postsecret. viss ikkje:
batman
loved

magritte

postsecret er eit prosjekt der folk frå heile amerika og sikkert andre delar av verda òg lagar til postkort med hemmeligheitene sine på, ting som dei aldri hadde turt å sei høgt til nokon andre. så sender dei det inn til postsecret, der dei samlast på nettsida og seinare har det òg blitt gitt ut fleire bøker.

og no skal eg gjera det samme, men på norsk. eg vil vita kva det norske folk gøymer for familiane og vennene sine. og egentlig hastar det litt, så eg treng at alle hjelper til så mykje dei kan, spre det glade bodskap gjennom bloggar og jungeltelegrafen og send hemmeligheten din til:

mariell øyre
v/3mka, firda vgs
firdavegen 21
6823 sandane

wrapped
og om de lurer litt; dette kunne vore min.