laurdag.

eg tenkte eg skulle visa min dag sålangt. eg vakna til dether lyset
3101241
også tok eg eit fotbad
3101239
etterpå kledde eg på meg og hoppa litt i senga
mg2293
kjolen har eg arva av min mormor og er poetisk fin. så til dei standarde pliktene, oppvask av kirsebærglas
3101242
frukost, som var ostesmørbrød med chorizo og dijonsennep + nyt-yoghurt nam
3101243
så ut på kafè med fine christine og freidige fredrik
3101244
christine teikna hjerter i koppen sin
3101246
fin-fin dag! i kveld er det indianerfest, så det er mykje som skal gjerast før den tid. kva skal du i kveld? eg håpar alle får ein nydeleg laurdagskveld! suss!

tygge tygge blåse


i came upon a child of god, he was walking along the road

(fra i dag av tar eg over oda sitt verb "å loka" for å nytta det i min dagligtale. det tilsvarar det svenske "fika." her demonstrerar eg).
30012133001214
etter å ha blitt gal på einsemda i senga åleine inviterte eg fredrik med ut-ut-ut på kafè. han fekk te. det får ikkje eg, så eg fikk kakao og polkagris-drops. mnam!
3001215
og eg hadde på meg den der kjolen frå tante isabel som berre er så fantastisk. seinare stakk eg opp i skogen. det er så roleg.
3001216
3001217
3001219
3001220
3001222
3001221
3001223
eg høyrer på joni mitchell, og ho hjelper nesten på alt.

"well maybe it is just the time of year
or maybe its the time of man
I dont know who l am
but you know life is for learning
we are stardust
we are golden
and we've got to get ourselves
back to the garden"

fin fredag. no ryddar eg rom i sakte modus sidan absolutt alt er vondt, men det blir fint å kunna sjå sitt eige stygge teppegolv hurra! eg håpar alle andre har ein fantastisk fredag og at ingen andre har magekatarr. suss!

i dag våkna eg til det mest fantastiske lyset

eg sovna ikkje før klokka var fem i natt. så når eg endelig våkna i elleve-tida var det så forferdelig lyst. sola var her. våren er på veg. plutseleg vart det så rolig inni meg, som om stormen hadde stilna. det er på veg mot vår. vår! ah. og lyset er på veg tilbake.
3001207
3001208
3001209
fint.

ein himla fin musikkvideo


eg ville berre dela denne musikkvideoen med alle saman, for den er så himla fin. ein kan til og med sjå den på mute, sjølv om det kanskje ville vore litt urettferdig. den er uansett heilt priceless. nydeleg vakker. faktisk. eg fann den her. sjå den da!

torsdag igjen

først må eg gjera ein ting klart: dei mystiske magesmertene? det var magekatarr. og det er veldig vondt, i mangel på sterkare ord. eg får ikkje drikke te, kaffe eller juice, og ikkje spise sjokolade, sterk mat eller brød. og ikkje... alkohol. jepp. så ingen øl til meg. hadecorona. uansett. torsdagen min har vore omtrent sånn.

08:25 - seie hadet til jostein og sove til ca 11
11-11:15 - dusje og ligge mesteparten av tida i fosterstilling på golvet i dusjen ou ou ou.
12:06-15:40 - skule. faktisk!
15:40-18:30 - tok oppvasken og vart så utslitt at eg sov til halvsju
18:30-00:45 - koze:
3001200
taco med finaste christine og oda og fredrik og min fine.

3001199
kake!

3001201
så is.

3001202
min fine var lei seg for tyggisen knakk. heretter reiste me til torunn med det fantastiske lyset.
3001203
3001204
3001205
3001206
no et eg og min fine ananas. snart skal eg prøva å sova, eit håplaust prosjekt. god natt, fine lesarar. de er fantastiske! suss!

i

min i står for is
8bohemianraspberry
dei siste dagane har det vore nesten det einaste eg har klart å tenke på. is is is is is. det blir skummelt å flytta til oslo. med tilgang. ååååå ben&jerry, i <3 u.

min i står for ingrid micaelson
ingridmichaelson
musikken hennar er så himla fantastisk, og eg er glad eg kom over ho. for ho hjelper på alle slags humør. eg meinar det. prøv ho.

min i står for india
20680260959a54f3ee12
fordi det berre virkar så fint. med alle dei fargane. ih.

min i står for iamsterdam
iamsterdam
fordi eg gler meg sånn!

min i står for "in that moment, i swear we were infinite"
2862736624b820987be9
om du ikkje har lest perks of being a wallflower, gjer det. gjer det no!

min i står for innocent smoothie
3080084754ec9d16e34
mmmmnamsmoothie.

min i står for isbjørnbaby
2350545370314967d268
SØT. søt. sØt. fin. søt. <3!!!

i er ein vanskeleg bokstav, merka eg. hjelp meg.

kva står din i for?


løyndommar for dagen pt. iiii

lyndom 46

lyndom 45
lyndom 47
lyndom 48

min elskede emily

lyndom 30
eg veit ikkje om de veit det, men for eit par veker sidan kom det norsk omsetjing av emily dickinson sine dikt. bind 1 i alle fall. min fine kjøpte heile boka til meg, han. fin som han er. og den er verkeleg nydeleg.


boka!

liten122008mg6461
så, endeleg har eg fått bøkene mine! eg kjem til å senda dei ut etter kvart som putalingane kjem inn. om du er i tvil om du står på lista eller ikkje, ville eg ha sendt ein mail til mariell.oyre[at]gmail.com for å sjekka. det kan du òg gjere om du vil ha ei, for eg har faktisk fem bøker igjen!

det er veldig mange som lurer:
boka er ei fotobok. med mine bilete, som du kan finna her.

typisk onsdag

det er så typisk onsdag at eg skal vera sjuk. ikkje egentlig. egentlig er onsdag ein favoritt. egentlig er eg berre sur og kjempelei av merkelige magesmerter. kanskje treng eg ei pakke i posten. du veit kvar eg bur. neida(joda). i alle fall. når eg er sjuk tar eg på meg finetrusa mi. for den sparar eg til eg er sjuk. det er da eg treng den mest. den får meg til å føla meg som ei dita von teese-prinsesse. nesten. sjå da
2801181
så himlafin.

også ville eg visa fram den nye tote-bagen min. den er sååå fin.
mg1853
stilig.

kva gjer du når du er sjuk?


tilt-shift

i dag er eg sjuk med konstant merkelig magevondt. eg prøver å distrahere meg sjølv, med fotografering. eg prøver meg på tilt-shift for fyrste gong. for dei som ikkje veit kva tilt-shift er, som eg vil tru er dei fleste, kan de sjå her:
322871352846e1c7f04a
3226549386fd61dc7f46
tilt-shift er ein teknikk for å få ting til å sjå ut som pyttesmå miniaturar. om du ikkje gidd alt photoshoparbeidet kan du sjølvsagt kjøpe ei tiltshift-linse for kanskje 15 000 kroner, men eg klarar meg med photoshop. tutorial kan du finne her. om du ikkje har photoshop, kan du alltids bruke gratis juks, her. fint! her er min første:
2701180tiltshiftwet

enjoy the power and beauty of your youth


ein av dei absolutt vakraste songane eg veit om. eg brukar det som ei rettleiing for korleis å leva livet. ver så snill, bruk litt tid og høyr den. for din eigen skyld.

"don't worry about the future, or worry, but know that worrying is as effective as trying to solve an algebra equation by chewing bubblegum.

the real troubles in your life are apt to be things that never crossed your worried mind, the kind that blindside you at 4pm on some idle Tuesday.

do one thing everyday that scares you

sing

don't be reckless with other people's hearts,
don't put up with people who are reckless with yours."

" understand that friends come and go, but for the precious few you should hold on.
work hard to bridge the gaps in geography and lifestyle because the older you get,
the more you need the people you knew when you were young"

 


meir scann

lyndom 41
lyndom 32
i dag har eg nemlig scanna mange ting, deriblant meg sjølv og mitt favorittdikt av andrè bjerke, på jorden et sted. hjarte. eg og min fine er fulle av kanelbollar og kjærleik. det er himla fint. suss!

eg har scannefeber

lyndom 24
i dag fikk han der fine pakken han bestilte fra matilda sin shop til min julegave. den var fylt med himmelske saker til mitt hår og min hals. fint!

suss!


løyndommar for dagen pt. iii

i dag fekk eg ein fin stor konvolutt med 11 løyndommar i. eg tenkte eg skulle dela nokon av dei, sidan de er så veldig ivrige på akkurat det.
lyndom 23
lyndom 14
lyndom 22
lyndom 19
lyndom 16

litt informasjon om kva som skjer framover: i mars vil eg stilla ut løyndommane til det norske folk på ukm. har ikkje heilt funne ut korleis eg skal gjere det enda, men om du har forslag kan du sende det til mariell.oyre[at]gmail.com. også er det berre å sende sende sende dei djupaste mørkaste løyndommane til adressa:

mariell øyre
v/3mka, firda vgs
firdavegen 21
6823 sandane



bergen by

helga har handla om
2501150
å smyga seg ut av senga utan at han vaknar

helga har handla om
2501153
å vekka han likevel.

helga har handla om
2501151
å stirra ut på bergen by og sjå forferdeleg trøytt ut.

helga har handla om
2501155
kafèar med fint tapet
2501156
og medbrakte paraplyar i den arabiske kaffeen.

helga har handla om
2501157
denne nye kjolen som ser sånn ut når ein snurrar fort fort. mest av alt har helga handla om å kyssa overalt og om kjærleik, om kafèar og om teater. om klede på januarsalg og å vera himmelsk forelska blant designerklede.

dagen i dag har stort sett handla om busskøyring og babyfotografering. no scannar eg minner frå helga for å dele med alle saman.
2501158
2501159

og frå babyfotograferinga i dag:
2501161
2501162
søtsøtsøt.

eg håpar de har hatt ei fabelaktig helg, alle saman! kva har de gjort? hope you've missed me, hih. suss!


klovnenasar og paraplyar

i går kveld var kvelden for pakkeleik. det var klovnenasar og paraplydrinkar og eingangskamera og kos.
2301141
2301142
2301144
2301146
2301147
finfinfinfinfin kveld! eg håpar alle får ei nydeleg helg, no stikk eg til bergen! eg skal bu hjå eira og i morgon skal eg på hedda gabler. suss!

løyndommar for dagen pt. ii

kjn
kjh
uigh
untitled1
untitled2
k<div class=Dette blogginnlegget er en del av Unicef's humorkveld konkurranse, bli med du også!
jh" width="500" height="350" />
23.jan.2009 @ 09:15 link om loyndom-prosjektet kommentar(ar)(15) trackback (0)


h!

min h står for happy hippos
bilde 7
eg er verkeleg sjukeleg oppteken av happy hippos. om du reiser til utlandet, jaffal til england; tenk på meg. her sit eg heilt åleine utan ein einaste happy hippo å sjå. (hasselnøtt er best) eg er desperat.

min h står for haust
mg07891230656337
som de veit. eg elskar jo hausten. eg samlar på hausten. eg ventar på hausten no, eg.

min h står for hoppebilder
cimg06361
bilder av folk som hoppar er tilfredsstillande. og dei kan ein finne mange plassar, til dømes her og her.

min h står for harepus
bilde 1
berre fordi dei er så fine.

min h står for harold and maude
2022545561e404bd8bca
ein av dei finaste filmane eg veit om. kjøp den her.

min h står for hamsun
knuthamsunpostwarcane
hamsun var, til tross for sine landsforræderske og mannsjåvinistiske trekk, ein fantastisk forfattar, og eg elskar verkeleg å lesa han.

min h står for hårsløyfe
06013811231279765
eg skjønnar ikkje kva det er, men heilt plutseleg ein dag innsåg eg at livet aldri ville bli det same utan sløyfer.

min h står for hengekøye
bilde 4
når eg får hus, må eg ha mange mange trær så eg kan gøyma meg i ei hengekøye med bøker og iste, heile dagar og heile netter òg.

min h står for history of love
10745836777449
ei av dei vakraste bøkene eg har lest nokon gong. les den på engelsk, kjøp den her.

min h står for hannah karina
3137861027b6bd189794
fordi ho liknar sånn på audrey hepburn.

min h står for hidden message: a little bird told me
183369533abdf59b6de1231695121
det er sånt eg lever for. her.

min h står for heath ledger
heathledger01
eg har for alltid elska deg.

min h står for hattar
24771314166741d182d8
det er berre så himla kult. eller forferdelig teit, alt ettersom.

min h står for han der fine
mg3229
for han er jaffal det finaste eg veit.

kva står din h for?

22.jan.2009 @ 14:32 link mitt alfabet kommentar(ar)(49) trackback (0)


løyndommar for dagen

lyndom4
lyndom1
lyndom2
"noen ganger sier jeg til mine venner at jeg aldri blir lei av å være med dem. Sannheten er at jeg blir lei av alle, utenom min mor"
lyndom 10

eg postar fleire seinare i dag eller imorgon! send send inn til:

mariell øyre v/3mka
firda vgs
firdavegen 21
6823 sandane
22.jan.2009 @ 14:20 link om loyndom-prosjektet kommentar(ar)(11) trackback (0)


the rulebook for my unborn daughter

i min søken på det som er vakkert her i verda, finn eg ofte ting som får meg til å smila. i dette tilfellet var det bloggen "the rulebook for my unborn daughter".
bilde 4
bilde 5
bilde 6
åh, så fin den er. bloggen finn du her, og den er eigentleg bygd på ein annan blogg, så den finn du her: 1001 rules for my unborn son.

1. om du skulle fått ein søn, kva ville ditt råd om livet til han vore da?
2. om du skulle fått ei datter, kva ville ditt råd om livet til ho vore da?

mine:
1. rydd opp etter deg, åpn dører og spandèr(men aldri for mykje). kyss på hånda og på halsen. ikkje snakk med mat i munnen.
2. bak. smil. ikkje finn deg i noko tull.

i dag er eg sint på verden og da hjelper det med ingrid michaelson. om du er ein sånn fining som faktisk trykker på youtube-linkar, kan du sjå her: 1. og 2. og 3. ha ein fin onsdag! suss!
21.jan.2009 @ 17:40 link om sånt som får ein til å smila kommentar(ar)(19) trackback (0)


så glad er eg i obama


det er eit eller anna veldig gale med flash-programmet mitt, eg prøver å finna ut av det men fram til då får de stygge animasjonar hurra. så glad er eg i alle fall! og no skal me feire. skal du feire?

suss!
20.jan.2009 @ 19:22 link om kvardagen kommentar(ar)(31) trackback (0)


"skrev vinnerdikt inspirert av kjæresten"


altså. eg har ein kjæreste som vil sjå alle filmane eg vil sjå, som kosar med håret mitt i det uendelige, som kniser når eg vekker han med kaninkyss om morgonen - og ein som skriv dikt om kor vakre me er i lag. og ikkje berre det, han blir månadens poet i skolekammeret òg. fin er han. visst, det. (og til dei som ikkje visste det. min fine har ein blogg)

håpar de har ein måndag fylt med kjærleik. min er fylt med kjærleik og søvn og fiskepinnar og planar om ei bergenshelg. herleg. suss!
19.jan.2009 @ 22:26 link om kvardagen kommentar(ar)(18) trackback (0)


brev til d

old385219563a
ein gong for ei stund sidan fekk eg ein nydeleg link av ein hemmeleg ven.

brev til d er ei bok av journalisten andré gorz, og er ei samling brev som han har skrive til si dødssjuke kone.

"du blir snart åttito år gammel. du er blitt seks centimeter kortere, du veier bare førtifem kilo og du er fortsatt vakker, yndig og tiltrekkende. vi har levd sammen i femtiåtte år, og jeg elsker deg mer enn noen gang. igjen kjenner jeg et fortærende tomrom i brystet som bare kan fylles når jeg kjenner varmen fra kroppen din mot min egen. [] vi vil helst slippe å overleve hverandres død. vi har ofte sagt til hverandre at om vi ved et mirakel skulle få et liv til, så ville vi leve det sammen.?

eitt år etter han skreiv dette, tok dei sjølvmord ilag. på utgangsdøra deira var det festa ein lapp der det stod "tilkall politiet. ikkje gå ovenpå." dei fant dei på soverommet ved sidan av kvarandre, og rundt dei låg brev til venner og familie. no er kjærleiksbreva til kona hans samla i ei bok, og den kan du kjøpe her.

****

apropos: eg skriv brev til ein god ven. dette blir eit langt brev. kva ville du ha skrive/hatt med i eit brev til ein god ven som bur altfor langt borte? eg tenker... bokanbefalingar/songtekstar/sitat/filmar/historiar/kvasomhelst? hjelp.
19.jan.2009 @ 13:44 link om sånt som får ein til å smila kommentar(ar)(22) trackback (0)


vind

etter å ha skrive rapport heile dagen i går, sendte eg dei fint frå meg og steig ut i natta med ei flaske raudvin og eit kamera.
180195
fine-folka var hjå maja, og der hadde fredrik pynta.
180196
180198
han var bartender sjølv, sjølvsagt.
180199
vin på ei trapp.
1801101
eg er stadig forelska i min nye kjole.
1801102
oda og eg laga lister. hemmelige lister.
1801103
1801105
fredrik bartender.

no er det vind ute, og eg er heilt åleine og da blir eg redd, for eg er livredd vinden, eg. kanskje csi hjelper. ein kan jo prøve.
18.jan.2009 @ 12:18 link om kvardagen kommentar(ar)(15) trackback (0)


om prosjektet

til dei som ikkje har lest noko om det før:
akkurat no driv eg på med eit postsecret-lignande prosjekt. eg har fått inn rundt 25 herlege, nydeleg hemmeligheiter, men eg treng verkeleg hjelp for å få inn fleire. eg har fått hjelp av nokon bloggarar, og det hjelper sjølvsagt litt, men ikkje nok sålangt i alle fall. så no spør eg veldig ydmykt; kan de hjelpa meg? link til bloggen min(kanskje helst dette innlegget), snakk om det, fortell folk om det. for berre på den måten kan eg få det eg vil ut av dette prosjektet. snille søte vakre fine nydelege lesarar? får eg litt plass på din blogg? det tar så lite av kvar enkelt av dykk, men det hjelper så mykje.

så skal de få noko tilbake:
lyndom 7
17.jan.2009 @ 15:58 link om kvardagen kommentar(ar)(36) trackback (0)


idag ser eg sånnher ut

mg0586
no skal eg ut på ærend. suss!

(og sidan de alltid spør: kjolen har eg arva av bestemora til han der fine. ho har eit magisk klesskap)
17.jan.2009 @ 13:38 link om klede og sløyfer og sånn kommentar(ar)(8) trackback (0)


er ikkje dette noko av det finaste du har sett nokon gong?

sunniva gav meg eit bilete i gåve i dag. det får de av meg no, for no legg eg meg. sov godt!
teacuppigtrio
suss!
17.jan.2009 @ 00:34 link om kvardagen kommentar(ar)(23) trackback (0)


se min kjole pt. iiiii & restar av ein fredag

160190
denne fine skapningen fekk eg i posten for eit par dagar sidan. den er raud og prikkete og herleg.
160186
160187
160184

han der fine er reist til oslo for helga, så eg held motet oppe og tyr til ferdigmat-disken på mega. vårrullar!
160183
160189
namnamnam. eg er flink til å kose meg visst.
160188
eg håpar de alle har ein fin fredagskveld! eg er ikkje heilt sikker på om eg har det. om du treng litt noko å bruke tida på kan du til dømes kjøpe denne kule boka eller sose på ebay. det skal eg.
16.jan.2009 @ 20:30 link om klede og sløyfer og sånn kommentar(ar)(10) trackback (0)


make-out

a passionate kissing session, usually with the use of tongues, that can last from minutes to hours.
160178
160179
160181
16.jan.2009 @ 10:56 link om kjaerleik kommentar(ar)(16) trackback (0)


raudvin på ein torsdag

i går kom klimakset. eg hadde venta på kald raudvin ei heil veke.
160167
160165
160168
tøffe sondre og beundrande oda. hih.
160176
etterkvart fekk me muffins.
160175
så vart det minifest på doen/kottet.
160173
også hadde me maskeradeball.
160172
og fredrik og eg leikekyssa for kameraet sin del. det ser ekte ut.
160170
eg vart kjent med sondre sitt ansikt.
160171
når leppestiften min var slitt ut, drog eg med meg min fine heim. det var ei god natts søvn.
16.jan.2009 @ 10:49 link om kvardagen kommentar(ar)(11) trackback (0)


g for glad

min g står for giraff
22103448514b723c7f74
giraffar er så innmari søte at dei kjem både på s og på g. eg trur ikkje det er enkelt å vera giraff, men dei som er det klarar seg ganske fint, trur eg i alle fall.

min g står for giraffkyss
her har eg ingen bilete, men det foregår omtrent sånn: ta ein person du er (ganske) glad i, stå ansikt mot ansikt, også bøyger ein liksom (dei lange)halsane sine over på halsane til kvarandre, så kvart hovud blir som ein krok også kyssar ein i nakken eller på halsen. det er himlafintkyss. berre vent til kaninkyss på k!

min g står for gelè
265376379509858a3b6
eg simpelthen elskar gelè. det er berre noko barnslig over heile greia, pluss ei briljant løysing på allergi-problemet mitt. medan dei vaksne et fine dessertar med fløyte og melkesjokolade, et mariell gelè. og det er heilt ok. og sjølvsagt også ein stor fan av alkohyl-variant. hih.

min g står for gris
bilde 3
306091555242c68d5c29
helst likar eg babygrisar og origamigrisar, for eg blir så redd dei store.

min g står for gutar med briller
bilde 4
ih.

min g står for gnocchi
bilde 3
all italiensk mat, egentlig. mmmnampasta.

min g står for gmail
bilde 4
for det er så himla fint med kirsebærtre-tema på mailen sin! kven vil vel ikkje ha det?

min g står for glitter
29060299350f4f91a083
som texture og som pynt. fint!

min g står for godteri
bilde 5
for det er så himla fint med alle fargane og formane og sukker gjer meg så glad, hih. eg skulle ønska ein kunne berre ete godteri dagen lang og aldri spise kjedelige ting som brød. godteri til folket! og sånn.

min g står for granateple
66702231dfa63fb1b3
den er jo så ufatteleg pen. eg tykkjer ikkje den smakar noko godt, og det gjer meg trist.

min g står for gil grissom
gilgrissom
tøffare mann er vanskelig å finne.

min g står for gravide magar
29328681940d06e68302
fint fint fint fint. tenk å kunna setta tekoppen på magen da. men tenk! åååå.

det var mine g'ar. det tok lang tid. heldigvis elskar eg alfabet-torsdag. i dag er også risotto-torsdag med han der fine, kald vin-torsdag, luksussjokolade-torsdag, yann tiersen-torsdag og matteinnlevering-torsdag. så da har eg to spørsmål: kva er torsdagen din? (men viktigare:)

kva står din g for?

15.jan.2009 @ 17:15 link mitt alfabet kommentar(ar)(43) trackback (0)


stardust

om du skal sjå ein film i helga, så syns eg du skal sjå stardust. for den er så himla magisk, tykkjer eg. med stjernejenter og magi og hekser og sånn. kanskje meir voksen-harry potter.
trailer. trykk for *****. eg meinar det.
2007stardust023
2007stardust024
2007stardust081
også så masse fine folk. claire danes spelar ei stjerne, michelle pfeiffer spelar ei nydeleg og stygg heks samtidig, vakre ben barnes(prins caspian frå narnia) spelar fin fyr, robert deniro spelar kul kaptein og sienna miller spelar fine victoria. eg meinar det. sjå den. for du kjem til å like den.
15.jan.2009 @ 09:37 link om film og tv kommentar(ar)(16) trackback (0)


se min kjole pt. iiii

i går fikk eg kjole. som min kjære hadde kjøpt på internett. til meg. som gave. er han ikkje fin? er ikkje eg?
140144
140148
den er sånnherfin oppe.
140147140150
stoffet er sånn.
140151
også er den sånnher fin å ta bilder gjennom.

no stikk eg til han der fine for å sjå krim og kose. ha ein framleis fin kveld! suss!

14.jan.2009 @ 21:41 link om klede og sløyfer og sånn kommentar(ar)(19) trackback (0)


fine jenter frå andre land

hannah

31378610214bde573bb1
3054501655befbe7cee5
ubeskriveleg vakker. og om du ikkje har merka det - ein kopi av audrey hepburn. eg skjønnar ikkje korleis det går an, og er hemmelig forelska. hm. bloggen hennar her.

tiger lily and tiny teeth

297584382037c7c328aao
2941106031bf6a636664o
eg prøver stadig vekk å finne ut kva denne jenta heiter, men det går ikkje. så eg nøyar meg med å vite at alt ho gjer er vakkert. her er bloggen.

betty

neige62
vesteofficier3
robetopshop11
så fint. så fransk. link.

lola

31019747736703ef375f
222644132070ec458c0f
magisk og glitrande og eg har lyst til å vera venn med ho. ho er ikkje så flink til å oppdatere bloggen sin, men her er flickr-kontoen.

caitlin

31866485464eb7c84db2
318665165818bc453019
ho er fyrst og fremst ein fantastisk kunstnar, og eg er sjukelig sjalu på alle dei fine tinga ho har. eg har kjøpt ein del av kunsten hennar òg, og det kan de òg. her. og flickr her.

så dette er mine første 4 i serien "fine jenter frå andre land". eg kan bli heilt fortrylla og forelska i andre jenter og korleis bloggane deira er, korleis kjolane deira er, korleis dei skriv, kva bøker dei er. kva er dine favoritt-jentebloggar?


(anna enn dette har eg og han der fine ete ein forrykande middag, stipendet er på veg inn, eg har fått to nye kjolar dei siste 24 timane og skal straks til å øve på historieframføring with the lovely dame sonja til imorgon. livet er ganske ålreit.)
14.jan.2009 @ 17:50 link om sånt som får ein til å smila kommentar(ar)(16) trackback (0)


ein ikkje heilt ideell tysdag var det vel

130137
middag. karrigrønnsaksuppe, rundstykke og te.
130138
kombinert med naturfag er dette av dei verste middagane nokon gong. men suppa var god, da.

når eg er ferdig med naturfagen i kveld, kanskje klokka ti på ni, da kan eg springe på putikken for å kjøpe lakris. for da har eg fortjent det. eg er veldig fast på å unne seg noko kvar dag. i dag unnar eg meg lakris. berre for at det høyrast så fint ut. har du fortjent noko fint i dag?

(det høyrast kanskje ut til at eg berre slenger ut meiningslause spørsmål av og til, men eg bryr meg faktisk om kva de gjer og om de har fortjent noko fint i dag. kanskje det berre er ein del av min nysjerrige natur, den same delen som samlar på kvitteringar og hemmeligheitar, de veit. det er jo berre sånn eg er.)
13.jan.2009 @ 18:29 link om kvardagen kommentar(ar)(38) trackback (0)


frå ei tid tilbake

3e611c77a314be5f232417298ea08350fd92595cm
ver så snille og fortel meg at det ikkje berre er eg som hugsar han her frå barndommen. han er noko av det eg hugsar best faktisk. aldrimett. kven er din favorittfigur frå barne-tv eller barnebøker?
13.jan.2009 @ 12:40 link om kvardagen kommentar(ar)(31) trackback (0)


å vestland vestland og suppe

i dag lagar eg suppe til fine folk.
12019
120110
gulrot, kolrabi og potet skal sjølvsagt oppi fyrst, i ca 15-20 minutt.
120111
saman med buljongen, sjølvsagt.
120112
stangselleri og purre, til dei som vil.
120114
eg tykkjer selleri er av dei finaste grønsakene.

så kokar det sånnher fint.
120116
medan ein ventar kan ein steika eit brød.
120134
så kan du tilsette to fine vener + ein fin ein.
120130
så kan ein ete!
120132
120133
og då kan ein ete yade til ein blir blå.

no handlar min mandag mykje om å jobbe med skule- og ikkjeskule-ting, om å ha så vanvittig lyst på kald raudvin, om å elska, om budsjett, om fotografering og om suppe og om nettputikken. kva handlar din mandag om?

Blogglisten
12.jan.2009 @ 20:04 link om kvardagen kommentar(ar)(16) trackback (0)


a little bird told me

i dag fann eg ei fin gruppe på flickr. den heiter "hidden messages: a little bird told me", og er ei samling av bilete med små beskjedar som folk anten har funne eller skrive sjølv.
3084925886c206aed376
bilde 3 copy
183369533abdf59b6de
bilde 2 copy
bilde 4 copy
bilde 8 copy
260531241072c6e42585
2327070940c322c759e2
2193171219eec1077ba7

var ikkje det heilt overfint? eg tykkjer det, i alle fall. her har de linken, så kan de følge med sjølv.

eg håpar de har hatt ein fin søndag. eg har hatt ein travel, men fin ein. fortel meg kva de har gjort!

suss!
11.jan.2009 @ 18:51 link om sånt som får ein til å smila kommentar(ar)(24) trackback (0)


eit eventyr

i dag har eg vore hjå bestefaren til han der fine. han har ei fin skrivemaskin. den får eg låna, på golvet i gangen.
1001431
1001424
1001425
1001423
eg skreiv inn litt av eit dikt. 1001427
alfabetet, ser du vel.
1001429
eg og han der fine skreiv litt tull.
1001428
også skreiv me skikkelege ting òg.

no er eg endeleg heime etter eit langt kafèpusøk med mykje kaffe mocca og eit pusøk til min vakre bestemor. no skal eg venta på at han der fine kjem hit, så skal me laga taco og sjå film med min fine familie.

kva gjer de i kveld? uansett, ha ein fin laurdag!

suss!


10.jan.2009 @ 20:04 link om kvardagen kommentar(ar)(27) trackback (0)


eg lovar

1001422
det var noko av det finaste å rulla inn i senga igjen etter å ha dusja i dag tidlig, inn til ein varm ein, også sovna att litt. har det skjedd noko fint i ditt liv så langt i dag?

og forresten, så lurer eg på ein ting; eg treng å fylla opp ipoden min med nye ting igjen, så eg lurte på om de kunne hjelpa meg. eg pleier å høyra på damien rice, radiohead, joni mitchell, lykke li, ani difranco, big bang, bob dylan, cocorosie, imogen heap, ingrid michaelson, mogwai, seabear, thomas dybdahl, yann tiersen og andre fine folk. så, om det er noko du kan tenka deg at eg vil lika, anten berre ein song eller eit album eller kanskje ein ny artist, plis sei det til meg. eg treng å bli fornya.

(og: eg har berre 7 av 30 bøker igjen, så dei som vil ha bør sei ifra til mariell.oyre[at]gmail.com
)
10.jan.2009 @ 13:25 link om kvardagen kommentar(ar)(38) trackback (0)


i dag

i dag

tenker eg på gårkvelden, og kor fin den var
0901409
eg lagde safranrisotto og var husmor som slava på kjøkenet. det var godt!
0901416
så kom folka og vinen og alt kjentest sånn i det som varte i fleire timar. fredrik hadde laga som ei stove med tente lys og tepper i dusjen(dusjen vår er ca 3 gonger så stor som kjøkenet vårt), og det var superkos med fine folk.
0901419
oda laga sånnher fine stolar av champagnekorken. åh, eg er så sjalu.
0901417
0901418
nam!

i dag

skulle eg ønska eg eigde denne
il430xn44965118

i dag

høyrer eg på denne


i dag skriv eg brev medan eg ventar på at vegen skal opna så me kan reisa heim igjen. i dag gjer eg mykje matte. i dag syng eg så høgt som ingen andre. i dag har eg sløyfe så stor som hovudet mitt.

kva gjer du i dag?


(forresten; de som vil ha bøker må sei ifrå NO før det blir for seint, eg har ca 14 igjen i det opplaget som kjem no. og til dei som ikkje veit; eg har laga ei fotobok med mine bilete i, som eg har sendt til trykking og blir no trykt opp i 2.opplag. om du vil ha, send mail til mariell.oyre[at]gmail.com)

09.jan.2009 @ 15:59 link om kvardagen kommentar(ar)(18) trackback (0)


fint.

lyndom 6dsgsg
lyndom 5sdgdshg

bli med du òg da vel! plis?


09.jan.2009 @ 12:28 link om kvardagen kommentar(ar)(11) trackback (0)


alfabet-torsdag er tilbake

no er eg tilbake med torsdagsalfabet, er ikkje det fantastisk kanskje? for dei som ikkje har fått med seg dette frå før, sjekk her for dei fyrste fem bokstavane. ver så god, enjoy!

min f står for frukost
31591957311eb509a1b6
bilde 1
de veit jo alle om min besettelse med frukostar. min frukost: ein kopp te, om eg er heldig.

min f står for flappy
bilde 3
flappy er min tamagotchi som eg har på dashboardet mitt(på mac). han dør heile tida, men heldigvis er han like blid når eg får han tilbake frå dei døde.

min f står for flickr
mosaic6361207
1 2 3
4 5 6

min f står for femtitall
collage
eg ville gjort kva som helst for at verda kunne sjå sånn ut. ikkje vera sånn den var, men berre sjå sånn ut. eg kan i alle fall det, berre eg. når eg vil.

min f står for frode grytten
frode gryttenphoto20
<3 eg elskar deg.

min f står for focaccia
22109419494472a5bd88
ååååååååååå. om du berre ikkje hadde vore så kvit og usunn og full av feitt. eg er ein jævel på å lag focaccia.

min f står for flygande jenter
bilde 5

min f står for fifi lapin
sonia rykiel00170m
michael kors00340m
fifi lapin er ein av dei finaste bloggane eg veit om. ho lagar teikningar av catwalk-bilete, og eg elskar det verkeleg med heile meg.

min f står for frekner. helst overalt.
2746296029f7b6cbc676

min f står for fransk
bilde 7
dette er makronar. dei smakar ingenting i noreg, men i paris? åh, ein må berre. kvifor skal alt bli så mykje meir elegant og fint med ein gong det er fransk? eg veit ikkje, men eg likar det veldig.

min f står for fuglar, helst påfuglar
peacock1


så masse fint på f!

kva står din f for?

og medan me likevel driv på, kva står din g for?


dei fleste bileta er frå flickr, nokre frå vanlege google-søk, og eitt er mitt.
08.jan.2009 @ 14:14 link mitt alfabet kommentar(ar)(52) trackback (0)


holganizer

her er litt snacks:
mg4868
ta til dømes dette biletet, som eg tok i vinter ein gong. så køyrer du den gjennom holganizer(som lagar fin analog holga-effekt, de veit),
2noleak color
(dette er fra min photoshop.)
også blir det sånnher fint! om ein vil kan ein bruka verktøyet på nettsida deira, som er gratis, men med mykje mindre alternativ og såntder. det kostar litt pengar å ha den sjølv, og ein treng photoshop, men her er den i alle fall for dei som vil kjøpa.
3928yi6
sånn kan det sjå ut med gratis-tjenesten deira. der blir dei desverre ikkje større enn 300x300px, men fint likevel. sjølv om det aldri egentlig kan konkurrera med ekte analog, er det greit å ha. eg gler meg som ein liten gris til eg skal framkalla alle diana-filmane mine. ih.

fint vel?


08.jan.2009 @ 11:03 link om sånt som får ein til å smila kommentar(ar)(19) trackback (0)


se min kjole pt. iii

collage
denne fekk eg òg i posten. ein lilla femtitalsdraum. så den spradar eg i i dag.
07013921
å, så fin.
0701396

og de spør ofte kvar eg kjøper ting; eg kjøper som regel brukt, på ebay eller etsy eller tradera eller sånt. kan lage ei oversikt over kule vintageputikkar på nett ein annan gong. den eg hadde på meg i går og den i går er begge kjøpt på etsy.

no drikk eg chai og skal snart på min onsdagstur på rema1000 for å kjøpa lakrisfudge. seinare er det ugly betty og csi på tv, og historielekser såklart. bak meg ligg ein fin ein. eg likar verkeleg onsdagar. og i dag har eg to spørsmål:
1. kven er du?
2. kva er din favorittdag, og kvifor?
(3. kva gjer du på ein onsdag som i dag?)

og takk for alle fine kommentarar og all fin post. eg er så takksam for alt! finingar. suss!

07.jan.2009 @ 18:46 link om klede og sløyfer og sånn kommentar(ar)(44) trackback (0)


eg har fått dei første.

lyndom 12

lyndom1
lyndom 22
i dag har eg fått dei fyrste, og det ser veldig veldig bra ut. eg gler meg til resten kjem. lykke til!
07.jan.2009 @ 12:46 link om loyndom-prosjektet kommentar(ar)(15) trackback (0)


se min kjole pt. ii

som de veit, er eg nokså glad i nettshopping.denne kom i dag:
 0601377
(eg trudde aldri eg kom til å bli ein av dei jentene som tok bilete av seg sjølv i skitne speglar, men reint tilfeldig har eg ikkje vaska spegelen, og macro-objektiv er vanskelege sånn sett)
0601386
så glad vart eg. for ikkje nok med at eg fikk fin kjole, men eg fikk fin sløyfe òg!
0601381
0601387
fin kanin.

hugs prosjektet! eg treng alle som vil!
06.jan.2009 @ 23:16 link om klede og sløyfer og sånn kommentar(ar)(20) trackback (0)


1-2-3 sløyfe!

1.
0501367
0501368
liten i ruter.

2.
0501369
middels i cordfløyel.

3.
0501371
veldig stor, ganske blå.

så fine sløyfer fikk eg i posten i dag. liten, stor, og like stor som hovudet mitt. fint!
05.jan.2009 @ 23:57 link om klede og sløyfer og sånn kommentar(ar)(22) trackback (0)


you are beautiful

i går, på leit etter noko større enn meg sjølv, som alltid, fann eg eit heilt nydeleg prosjekt. det heiter you are beautiful, og går ut på at folk frå heile verda sender inn bilete eller illustrasjonar med denne setninga. dei sender ut klistermerker til alle krikar og krokar som folk brukar og seinare fotograferer.
atlantavanstournatashasmart
dublinireland3
marjacobsphnxaz
meganjankowkica
seancookcoribruderealansing
fint, tykkjer eg. sjå her. og hugs prosjektet mitt!

05.jan.2009 @ 12:55 link om sånt som får ein til å smila kommentar(ar)(9) trackback (0)


05:45

eg trudde den siste kvelden i ferien kom til å bli sånn
0301353
der tok eg feil. klokka halv to i natt ringte min beste venn, som eg verkeleg aldri ser, og sa at om eg ikkje kom ut skulle han komma heim til meg og dra meg etter håret ut. eg gjorde som eg fekk beskjed om.

0401359
først ute. så vart eg offer for nachspiel.
0401362
alle fikk speilegg og eg brukte mitt siste polaroidbilete.
0401364
toni var sitt vanlege sjarmerande sjølv. knis. han som eigentleg er så pen.
0401363
me spelte bob dylan. johnny er ein jævel på luftgitar, for ikkje å snakka om luftmunnspel(som eg ikkje egentlig visste at fanst). eg er glad for at det finnast sånne venner som kan minna deg på at du ikkje er heilt aleine i verda når du egentlig trur det. fin kveld. fin venn. fint. no hoppar eg på ein buss og reiser heim heim heim til min kalde leilighet. heldigvis har eg ein fin ein å varma meg på. eg kan ikkje tru det er skule i morgon.

kva gjorde du i natt?
04.jan.2009 @ 14:08 link om kvardagen kommentar(ar)(25) trackback (0)


eg treng hjelp, bigtime

okei, det har seg sånn at eg har omtrent 300 lesarar kvar dag. om alle de hjelper meg blir dette eit enkelt prosjekt. eg er sikker på at dei fleste av dykk har høyrt om postsecret. viss ikkje:
batman
loved

magritte

postsecret er eit prosjekt der folk frå heile amerika og sikkert andre delar av verda òg lagar til postkort med hemmeligheitene sine på, ting som dei aldri hadde turt å sei høgt til nokon andre. så sender dei det inn til postsecret, der dei samlast på nettsida og seinare har det òg blitt gitt ut fleire bøker.

og no skal eg gjera det samme, men på norsk. eg vil vita kva det norske folk gøymer for familiane og vennene sine. og egentlig hastar det litt, så eg treng at alle hjelper til så mykje dei kan, spre det glade bodskap gjennom bloggar og jungeltelegrafen og send hemmeligheten din til:

mariell øyre
v/3mka, firda vgs
firdavegen 21
6823 sandane

wrapped
og om de lurer litt; dette kunne vore min.
03.jan.2009 @ 14:14 link om loyndom-prosjektet kommentar(ar)(64) trackback (0)


****

når eg er emosjonelt ustabil, klipper eg håret eller bakar. difor får de ikkje sjå bilete av meg i dag, og her er bollane. fyrst vil de vel vita kva de må ha i skapet før de startar:

deig:
150 g smør
1 pose tørrgjær
ca 13 dl mjøl
halv ts salt
5 dl mjølk
1,5 dl sukker
2 ts kardemomme
(også har eg alltid i meir krydder enn det som står i oppskrifta, så eg hadde oppi kanel òg. ikkje reint lite heller. og ja, før de spør, eg er ein sånn kanelperson. eg har kanel i tomatsuppe og kanel i lasagne. mmmmkanel)

fyll:
150 g smør
(og her mistar eg litt grepet, for eg hadde berre i sånn hipp som happ)
sukker
kanel

egg til å pensla

sånn gjer du:
0201336
smelt smøret. ha oppi melka og sett det til avkjøling. så blandar du sukker, gjæren, kardemomme, kanel, salt, og to tredjedelar av melet oppi ein stor grønn bolle. når melkeblandinga er i fingertemperatur(ja, stikk fingeren nedi), blandar du det i melet til det blir ei slags suppe. så sper du på med meir mel til du har ein fast og fin deig som er litt klissete, men slipper bollen.

så, om du er ein av desse personane som klarar å vente til melkeblandinga er i rett temperatur, kan du venta ein halvtime medan deigen hevar. ei episode sex og singelliv. eg, derimot, berre ser på krim ein halvtime og går tilbake til den same deigen. eg kunne ikkje fått ein deig til å heve seg om eg hadde blåst den opp med sugerør eingang. men det går heilt fint, altså! eg klarar meg.

sett ovnen på 250 grader. bland fyllet ved å først mjuka opp smøret. eg brukar ein gaffel, så ein sleikepott. så pressar du inn så mykje sukker og kanel du får til. min såg slik ut
0201339

del deigen opp i fire delar. kjevl dei ut(ein av gangen, sjølvsagt) til eit slags rektangel. så skal du smøre utover fyllet, så det ser litt sånn ut:
0201340

så rullar du den opp til ei pølse og skjærer den opp så det blir sånn
02013370201341
eg har dei i muffinsformer fordi eg tykkjer dei blir finare sånn. ein kan òg la vera, heilt enkelt. kvar sin smak. det blir omlag 40 små kanelbollar. pensl bollane med eitt egg, og ha på litt perlesukker om du vil. så poppar ein dei inn i ovnen og ryddar imens dei steiker, ca 10 minutt på 250 grader, men pass på.
0201344
0201346
0201345
nam!


og sidan de spør.
0201343
og før de spør; ja, eg angrar. ****.
03.jan.2009 @ 00:26 link om mat kommentar(ar)(24) trackback (0)


vinden kom

0201331
0201335
0201333
og gjorde meg gravid. sånn kan det i alle fall sjå ut.
02.jan.2009 @ 15:54 link om kvardagen kommentar(ar)(14) trackback (0)


tre frå ein morgon

0201328
0201329
0201330

morgonen går veldig treigt medan ein ventar på at posten skal komma. i dag er det most definately boondock saints på programmet, og kanskje ein ven. kva gjer du ein fredag?
02.jan.2009 @ 14:41 link om kvardagen kommentar(ar)(15) trackback (0)


i have been here many times before

(i dag tidlig, før eg heilt fekk gnidd søvnen ut av augene, sneik han der fine seg ut av senga og på ein buss(før dette fikk han eit eple og to klementiner i ein pose av min pappa, også stakk han innom min bestemor for å sei godt nyttår - er han ikkje fin?). no saknar eg han sårt, og publiserar derfor min første ønskereprise.)


Forstår du kjærleik?
2008082315751
200808231581
2008082315821
200808231593
200808231610
200808231639
2008082316451
200808231681
kjærleik er å av og til ligga i senga til klokka er fire på ein laurdag.
det har eg forstått.

Be my friend
Hold me, wrap me up
Unfold me
I am small
and needy
Warm me up
And breathe me

01.jan.2009 @ 22:52 link om kjaerleik kommentar(ar)(29) trackback (0)


09

0101326
0101327
i paris i oktober kjøpte eg ei moleskine-dagbok for 2009. den er raud og fin, og eg ser fram til å stifta vennskap med den det neste året. denne blir eit redskap til utløp for frustrasjon og tankar, medan den rosa eg har bestilt frå personligalmanacka.se skal få ta seg av mine daglege gjeremål.
01.jan.2009 @ 21:59 link om kvardagen kommentar(ar)(7) trackback (0)


nyttårsaftan

0101315
me hadde pakkeleik. eg vann tre fine snøkrystallar og ei mineralsåpe. herleg!
0101316
han der fine vart regelrett skjenka på cognac, svært underhaldande.
0101318
0101319
0101322
0101324
så var det tid for champagne.

mitt nyttårsforsett er å få blogglesarar som gidd å kommentera.
01.jan.2009 @ 18:39 link om kvardagen kommentar(ar)(28) trackback (0)