gjesteinnlegg om å vera ei løve (han der fine om kjærleiken).

av og til får ikkje mariell sova. eg får alltid sova, men mariell får av og til ikkje sova. og det er ikkje alltid eg klarar å halde meg vaken for å halde ho med selskap, så då sovnar eg. for nokre veker sidan hadde me ei slik natt. og grunnen til at eg skriv om det, er fordi at den natti hende noko av det vakraste som har hendt meg på svært, svært lengje. det hadde vore ein tung kveld, mariell hadde hatt problem med søvn lengje, og var mykje trøytt. me hadde ete spaghetti til kvelds, kvifor eg hugsar det, kjem eg attende til. men me skjønte at ho ikkje kom til å få sova denne kvelden heller, og eg skulle opp tidleg morgonen etter og laut sova. eg hadde ilt av ho, men kunne ikkje gjera så mykje med det

.

då eg vakna morgonen etter, låg ho ved sida mi (der ho høyrer heime). og eg tenkte; «heldigvis fekk ho sova likevel». det fann eg snart ut var feil, men eg trudde det eit par minutt. eg strekte meg, sette meg opp på sengekanten og helsa på dagen. tufla naken ut i gangen, i retning badet. då eg opna badedøri, vart eg fullstendig overvelda og ganske forfjamsa. dei vanlegvis kvite flisene var dekte av svarte teikningar, og eg skjønte ikkje kva som hadde skjedd. eg gjekk inn for å sjå nærare på kva det var for noko.  

 

det fyrste eg såg var ein pyramide, på høgre sida i dusjen, teikna med eyeliner. den starta øvst med eit hjarte, med eit smilefjes inni. Under det, sto det over tre fliser «M + J».  slik heldt det fram til det på nedste radi sto «M + J = » og så eit hjarte med eit smilefjes inni til slutt.  

 

det andre eg såg var ein hangman, på venstre sida av dusjen. det var tre ord, eit på to bokstavar, eit på seks og eit på tre. bokstavane e, s, k og r var fylte ut, slik at eg skjønte at det skulle stå «eg elskar deg». ved sidan av var det ein galge med ein litt utfylt mann og bokstavane x, s og o. av og til gjettar ein jo feil. 

 

på venstre sida av inngangsdøri, var det ei teikning av eit fjes. to lausvipper var limte opp til auge, nase og munn var teikna. kjakane var rougeraude og heilt runde. ved sidan av sto det; «eg får ikkje s o v e»! 

 

på høgre sida av inngangsdøri var det eit lite kryssord. nedover sto det «l o v e». bortover sto det «l ø v e». dei møttest på v-en. ved sidan av var det teikna eit fjes, med små prikkeauge, brei nase og dreads. etter kvart skjønte eg at det var meg med løvefjes, fordi attmed sto det «du søv!». 

 

under knaggane, delvis skjult av handduken, var det ei lita teikning, av noko som såg mest ut som krussedullar ruska saman. ved sidan av sto den forklarande teksten «spaghetti i magen din». 

 

ein kan sjølvsagt diskutere kor mykje noko slikt betyr. for meg betydde det alt. eg har fått behalde nokre av teikningane, slik at eg kvar dag når eg står opp og før eg legg meg, kan bli mint på at eg har nokon som elskar meg. nokon som elskar meg nok til at når dei skal tagge ned badet i søvndesperasjon midt på natti, er det med skildringar av kjærleiken vår. for meg gjer det den heile forskjellen. å få vera nokon si løve, sjølv når du søv.

 

 


om å ha ei bok i magen.

heile livet har eg vore ho som var flink til å skriva. ho som fekk lesa dikt på søttende mai, ho som fekk stilane lest høgt i klassen, ho som hjalp andre å formulera setningar og flytta ord så dei passa inn med resten. men eg har aldri vore ho som hadde lyst til å skriva, aldri vore nokon som hadde eit stort behov for å skriva. men no føler eg at eg har ei bok i magen. ei bok som handlar om blå syklar og å laga pasta frå botnen av og å tryna på sykkel og få blodflekkar på ein rosa kjole. om å drikka seg full på faustino alle onsdagar gjennom heile året og å følga etter ein mann i hatt med avis under armen ein søndags morgon. om å bu i leilighetar med lekkasjar i taket og om å føla seg aleine i heile verda sjølv om ein er midtpunktet i alle andre sine. om å ta ut alle pengane ein har i banken så ein kan bada i dei i badekaret og vera skjør og alltid få blåmerker. om å elska så høgt at ein trur ein skal implodera, om å tella føflekkar og fingrar, om å gå barbeint i snøen. no er det ei bok på ti sider som eg beskyttar mellom ribbeina mine. kvar dag veks den litt og litt og litt og om ein berre vatnar den og plukkar ugras trur eg at den ein dag, kanskje om eit par år eller ti kan bli ei bok. ei med hard perm som ein kan stabla blomsterpotter på eller lesa i ein vinduskarm om hausten. som føles akkurat sånn:








i feel like i have a book in my stomach. a book that feels like this.

makronar og pink lemonade.

hats and pistacchios
klokka eitt møtte eg og han der fine sara som hadde fint kort krøllehår(eg klipte det før i veka i ei slags vintåke og var nervøs men ho var fin fin fin!) me tok trikken til sebastien bruno for å kjøpa makronar.
hats and pistacchios
så til standard festmagasin.
hats and pistacchios
me prøvde hattar og eg kjøpte ei maske.
hats and pistacchios
sara kjøpte ingenting. tulla.
hats and pistacchios
me kom heim og hadde piknik på golvet. laurdagssnopet til sara: to sitronmakronar. eg hadde ein som verken ho som jobba der i dag eller eg visste kva var, men den var sååå god. og ein med kaffe og sjokolade. og ein hasselnøttpralin. fantastisk. om eg hadde gått med tskjorter skulle eg fått ei der det står "i <3 sebastien bruno".
hats and pistacchios
han der fine kjøpte pistasjnøtter som var åh. så. gode.
hats and pistacchios
ein blir glad av god sjokolade.
hats and pistacchios
men sara hadde meir!
hats and pistacchios
fine var dei óg, men eg er ikkje så glad i surt altså.
hats and pistacchios
pink lemonade derimot. dét hadde eg virkelig sakna.
hats and pistacchios
etter me hadde piknikka ferdig reiste sara og ringte og sa "ta bilde av meg i parken ut vindauget" så det gjorde eg. ser de ho? det var ein halv laurdag og tenk at klokka berre er seks!

har de fine laurdagar?


my saturday: sara, macarons, pink lemonade and pink heart balloons!

ps:



dette er eit av bildene av julie som eg tok analogt. fint vel?


julie in studio, again.

fine plassar å tilbringa ein laurdag.


yuli sato - fotograf. dette biletet er mitt favorittbilete i heile verda for augneblinken.


rafa castells - fotograf. spesielt serien i'm in love with alba yruela.


förälskelse - tumblr. tumblr er ein plass med masse samlingsbloggar. denne tumblr-kontoen elskar eg og eg har typ halvparten av bileta på favorittar på flickr(ein kan trykka på dei og da kjem ein som oftast til flickr).



lily and the muse - video. på denne nettsida finst det hundrevis av dei søtaste finaste magevarmande videoane som finst. (videokjelde)

kvar ellers er de i dag? eg er litt ute i verda med fine menneske men óg med klesvask og tedrikking og fine filmar.


these are places to be on a saturday.

blå-fredag.


min fredag er blå med blå peppermyntete og mine nye blå tallerkar fra marita-putikken.

og blå med stemorsblomstkjolen min.

kva farge har din fredag?


my friday is blue. what about yours?

how i live now

på hytta forrige helg las eg ei bok perm-til-perm. grunnen til at eg las den var fordi ein anmelder hadde sagt "the best children's book for adult since the mysterious incident of the dog in the night-time" fordi den er ein av mine favorittbøker og fordi mark haddon(forfattaren av den boka) elska denne. how i live now av meg rosoff. den handlar om elizabeth, eller daisy, som blir sendt til england til ei tante og søskenbarn ho aldri har møtt før for å vera der over sommarferien.
how i live now
edmond, som er fjorten, køyrer til flyplassen for å henta ho når ho kjem fra amerika.
how i live now
ho bur hjå aunt penn saman med piper, edmond, isaac og osbert og alle ungane har spesielle evner. som å lesa tankar eller å lega dyr. dei er supermann-ungar og klarar seg heilt fint sjølv.
how i live now
aunt penn er søstra til mamman til daisy, men mamman døde i barsel.
how i live now
også kjem kjærleiken inn i bildet, da. eg er absolutt ein av dei som blir litt frika ut når eg les om søskenbarn som giftar seg og får barn ogsåvidare(utan noko spesiell grunn, eg berre klarar ikkje å forestilla meg å skulle gifta meg med ein fetter), men når det skjer i denne boka var eg så enig. fordi det var så fint og traff på ein plass eg ikkje hadde kjent etter før, under og bak det fjerde ribbeinet til høgre. eksplosjonar, der.
how i live nowhow i live now
dette måtte eg lesa minst ti gonger og eg måtte få han der fine til å lesa det høgt.
how i live now
<3
how i live now
og boka handlar om kjærleik i kanskje ein halvtime og eg vart heilt varm i magen. så kom vendepunktet som eg aldri har med når eg skriv om bøker fordi eg vil at de skal lese denne boka sjølv. men den er vond og fin og den endar på ein fin måte. som bøker skal, om dei veit å oppføra seg. om du har lest sylvia plath minnar boka til tider litt om skrivestilen hennar. fint. (om du vil kjøpa den er den billigast her.)



how i live now by meg rosoff is a beautiful book about love and about family.

1929.


hugsar de dette kameraet? det er fra nittentjueni og eg fekk det av trine marie i sommer. eg har vore redd for å bruka det, men i studio med julie tok eg mot til meg og satte i ein film. dette er det finaste bildet av dei seks. og tenk kor magisk, alle dei andre tinga som er avfotografert med dette kameraet for så lenge sidan. også julie, da.

i dag har eg inspirasjonsblokk på blogging, så de får gjerne komma med idéar og innspel om de har.


this is a picture of julie taken with a camera from 1929!

sjiraffar til middag og pai i ein dyrehage.


i dag har eg vore i studio(to analoge filmar der óg, framkallar før sola står opp i morgon).
i dag har eg ete eitt egg til frukost. berre sånn i hånda.
i dag har eg ikkje laga bokstavtorsdag.
i dag har eg scanna åtti negativ.
i dag har eg framkalla tre filmar.
i dag har eg vore så sliten at eg nesten grein når eg fant ut at han der fine hadde laga paien på feil måte.
i dag har eg sett éi episode criminal minds.
i dag har eg ikkje ete frukt men fått smoothie.
i dag har eg fått fleire studio-oppdrag.
i dag har eg høyrt ein mann sei "jeg skal spise der maria mena spiser, i håp om å se henne igjen".
i dag har eg kjøpt film for hundreogsekstiåtte kroner.

kva har de i dag/i går? om de ikkje søv, da.


today i have eaten an egg, been in the studio again, scanned and developed a whole lot of film, seen one episode of criminal minds and had a smoothie for dinner.

false lash effect.

false lash effect
i går kveld kom sara heim til oss på heimelaga tomatsuppe. sånn såg ho jaffal ut når ho kom.
false lash effect
så poppa julie innom heilt uventa og hadde med seg sjokolade med diamantar igjen.
false lash effect
etter litt vin begynte det å skje ting på badet. med sara sitt hår.
false lash effect
og eg sminka julie som ei broadway-stjerne.
false lash effect
sara såg sånn ut etterpå! pluss at eg klipte typ ti centimeter hår, tenk det.
false lash effect
etter det reiste julie og eg og sara skreiv postkort til folk me ikkje kjenner heilt til ho ikkje rakk den siste bussen heim.
false lash effect
så da fulgte eg og han der fine ho heim igjen.
false lash effect
så fekk me bli med inn til sara óg, og der hadde eg jo aldri vore før. ho har bartar i dørkarmar.
false lash effect
og ho har den søtaste finaste lille hola eg har sett.
false lash effect
med paper aeroplanes i vindauget.
false lash effect
og blomar som var triste men fine likevel.
false lash effect
eg og han der fine gjekk hand-i-hand heile vegen heim(det var langt) og snakka om london og om framtid og om alle vennene våre og om å ikkje ha migrene ei heil veke og om å føla seg levande.
false lash effect
når me kom heim var klokka typ klokka to, og me laga te med afrikansk flytande honning.
false lash effect
og appelsiner.
false lash effect
og såg criminal minds. og sussa. og det var vel den kvelden.

no som eg faktisk har bestemt meg for å spara til eit nytt kamera må eg vera litt meir frampå og sei hei! eg tar gjerne på meg foto- eller skriveoppdrag for dei som har behov for det. eg har studio midt i oslo sentrum og er veldig open for idéar. så send gjerne ein mail på mariell.oyre(at)gmail.com. smilefjes.


my wednesday was packed with people, being in studio with julie all day and then dinner with sara and julie and not going to bed before four am.

julie.

juliejuliejuliejuliejuliejulie

i dag har eg vore i studio med julie. dei egentlige bildene er analoge, så her får de litt lystesting-bilder om de vil. eg har det fint i dag og har tusen små maur i magen(og litt øl).


julie in studio.

frosk.

ina.
ina var her på vin i går og det har eg fire bilder av. her er hei, ina, rundt rundt bord med skeiv duk. hurra!
ina.
me hadde gulrøtter og agurk med dip som hovedrett og snop som dessert. likar spesielt dei gule froskane, må eg seie.
ina.
ina har nikon men vil egentlig ha canon 5d mark ii. det er hemmelig.
ina.
me såg pinlige videoar på youtube og dokumentar om ei dame som var objekt-seksuell(og gift med berlin-muren) og snakka om blogging og om å skriva postkort til framande. klokka vart to før ho reiste og da var det tåke og snø utanfor.  i natt drømte eg om sid i istid og det var ein fin opplevelse.


my yesterday with ina summed up with four photos.

tysdag.

tuesday
i dag har eg fri og sender postkort til bestemødre.
tuesdaytuesdaytuesday
og elskar blomstermarked på stortorvet.
tuesday
og lagar kjærleikswok.
tuesday
med ananas -og sweet chili-saus.
tuesday
og eg tømmer vatn.
tuesday
og arrangerar blomar.
tuesday
og har fiksa den nye islampa mi.
tuesday
og eg elskar den!

no skjer det ting her. skjer det ting der?


on this tuesday i am writing postcards, buying flowers and loving my new ice cream lamp.

tyv.


han her teikna tiril(fire år) på hytta i helga. han er ein real skurk. er han ikkje berre superfin?


a drawing of a crook by tiril(four).

dirndls.


berre sånn eit lite tips i halvmørket: vakre jannemieke hos vintagefashion.dk har laga ein heilt ny kategori på nettputikken som heiter dirndls. eg elskar slike kjolar og favorittkjolen min er ein dirndl, i tungt herleg stoff og ein historie bak seg. sjekk dei ut, i alle fall. ikkje så dyrt heller, nemlig. også er det nytt snacks i dei andre kategoriane óg, i tilfelle de skulle vera einsame og ønska nye venner i posten.


i love these new dirndls at vintagefashion.dk!

om å vera eit menneske.

kvar veke får eg kommentarar om at eg forskjønnar verda, at eg er ein idiot som skapar illusjonar om at alt berre er bra heile tida. om at eg er egoistisk fordi eg ikkje bloggar om haiti eller om regine stokke. folk kommenterar og trur at eg virkelig berre er glad og tykkjer alt er fint heile tida. at eg ikkje tykkjer det er like kaldt som dei om vinteren, at eg ikkje får like vondt i hjartet av å sjå nyhetene. det virkar som folk har lyst til at eg skal skriva i full detalj om alt det fæle som skjer i livet mitt, om skolisser som ryk og koppar som knuser, som om dei ikkje får nok sosialpornografi fra før kvar einaste dag på internett. men ein liten anekdote: i natt, i eit hysterisk anfall etter å ha fått ein rekning på tre tusen kroner som eg ikkje visste om(tre tusen kroner er typ dobbelt av det eg brukar i månaden på mat og eg er ikkje så heldig at eg har ein bunker med pengar på lur utanom nitten,femti i kronestykke), tenkte eg at dette er så langt fra hjartesmil som eg kan bli så no slettar eg heile greia. eg grein til eg fekk prikkar i ansiktet og det er ingen vits, tenkte eg. det er ingen som egentlig bryr seg og eg øydelegg alt eg kjem borti og eg vil sova til mars og kor dum går det an å bli og no flyttar eg ut før eg øydelegg alt for han óg(de veit, den lange tankerekka som oppstår for kven som helst under personlige kriser(mamma, du treng ikkje å ringa meg, eg har det heilt fint)).

men eg stod opp i dag og eg blogga. for det er det denne bloggen handlar om, i bunn og grunn. å stå opp om morgonen fordi det finst fleire grunnar til å gjera det enn å ikkje gjera det. fordi det ordnar seg. og derfor slettar eg dei kommentarane. for eg vil heller mata folk med inspirasjon i kvardagen enn å vera eit talerøyr for negativitet og skepsis til livet som konsept. det fins nok av bloggarar der ute som seier det akkurat som det er og er seg sjølve på internett hundre prosent heile dagen, men sånn er ikkje eg. om eg får ein mulighet til å romantisera livet og å skriva om kjærleiken kvar einaste dag, så gjer eg heller det og skjuler dei mørke sidene bak eit teppe ein kan laga skuggedyr på. heldigvis er det eg som får bestemma. og kanskje får eg ikkje eta makronar kvar veke framover og kanskje blir det kjedelige middagar og mindre vin. men tre tusen kroner er tross alt ikkje like mykje som det kostar å leiga ein varmluftsballong.

welcome to the mountains.

welcome to the mountains
fredag kom me til hytta til han der fine. dei har bygd ut hytta, så eg og han der fine har fått vårt heilt eige rom som er berre vårt. den einaste møbelen(utenom seng) er desse knaggane. (fra designtorget)
welcome to the mountains
hei, fin.
welcome to the mountains
elleve personar er lik oppvask.
welcome to the mountains
me spelte yatzy(dei spelte yatzy medan eg spelte trivial pursuit på iphone).
welcome to the mountains
og det var fine beibiføtter.
welcome to the mountains
og lange frukostar.
welcome to the mountains
og å blåsa og teikna på vindauga.
welcome to the mountains
og tiril som dyttar bestemor i snøen.
welcome to the mountains
og å eta nonstop i den nye sjørøversnøhytta.
welcome to the mountainswelcome to the mountainswelcome to the mountains
og bilder på badet.
welcome to the mountains
og smil.
welcome to the mountains
og kaffi. kanskje tusen liter. fra koppar som svigermor hadde på hybel i si tid. fint.
welcome to the mountains
og gulrotkake til dessert og ein ny kjærleik til physalis.
welcome to the mountains
og barneteikningar.
welcome to the mountains
også var det hadet, fjellet.

eg skjønnar at de er nysjerrige, så eg skal berre sei det med éin gang: eg står ikkje på ski. for å komma meg ned til hytta går eg til nød på truger, men helst ingenting. eg hatar å stå på ski og har gjort det heile livet. eg har istaden lest bøker fra perm til perm og skrudd bokhyller og tv-benkar. mykje bedre, tykkjer eg. har de hatt fine helger?


this is the looks of my weekend in the mountains.

før eg gløymer det:


kjelde

for eit par dagar sidan registrerte eg meg for å bli blodgiver, for det kan eg endelig(lang historie, men: eg har ein sjelden blodtype og fant ut at det var heilt idiotisk å velga piercingar(ein kan ikkje gi blod med piercingar i slimhinner) framfor å gi blod)! det er fint å gjera no som det er kaldt og det skjer så mykje vondt i verden og eg får ikkje heilt forstått det før det skjer noko nytt. men blod forstår eg. me skal ha kjærleik til våre medmenneske og til oss sjølve. og blod er gratis å gi vekk, men vanskelig å få tak i uten velvilje. det er ikkje tungt eller må sendast som spesialbagasje, så det er ganske enkelt, berre registrer deg her med alternativet som passar deg(for meg passar hausmanns gate, så kan eg hoppa innom og gi blod før skulen, tenk det!) også reiser ein dit for å få ein kjeks og hyggelig samtale medan ein ikkje ikkje ikkje ser på blodet sjølv om det kanskje er den finaste fargen i heile verda. okei?


i recently registered to donate blood and i am hoping my readers will do the same.

dublin.

omtrent da eg var seksten forelska eg meg i frode grytten. me vart bestevenner og han vart med meg overalt, i vesker og på tog og bussar og i gras og under tepper og av og til på teater. eg las bøker fra perm til perm og hadde aldri hatt eit så intenst forhold til ein forfattar før. eg følte meg som den beste i verda når eg klarte å grava fram ei bok eg ikkje hadde lest heilt tilfeldig i ei hylle for reiselitteratur på ein gudsforlatt bokputikk. dublin heitte boka, og eg slukte den. og det vil eg at de skal gjera óg. kjøp den eller lån den og les den. kvar gong nokon klagar på nynorsken min seier eg jamen frode grytten, da? han skriv nynorsk for folket, vil eg seie. i alle fall for meg. (og for deg)



innholdssida.

eg klarar aldri å stoppa så eg blir sittande heile natta med bøkene til eg får krampe i hendene og må finna nye stillingar å sitta i for å få det til berre ei side til og ei til og ei til.

også er han morsom. eg likar ein mann som kan få meg til å le. han skriv finast i verda om kjærleik óg, det har eg blogga her.

håpar du finn ein venn i frode som eg gjorde. og at du ikkje er redd for å lesa nynorsk, for det skal du ikkje vera. det er som å sykla, egentlig. alle trur dei ikkje klarar det men egentlig er det enkelt når ein først får det til. nynorsksuss!



some scans from a book by one of my favorite authors, frode grytten(unfortunately in norwegian).

eg.


on film

eg treng
å av og til eta kaker til middag og å ha tv på når eg er åleine(blir så stille ellers). og spaghetti og pesto.
eg likar å sjå for meg kva som skjer i dette bygget akkurat no. med minst trehundre personar her må det jo skje ein heil del merkelige saker.
eg et ikkje frukost, men om eg prøver så blir det alltid egg.
eg seier ja til å festa midt i veka, prosjekt som eg tykkjer er fine og klemmar når nokon spør.
eg seier nei til kva som helst som inneheld telefonsnakking. telefonangst dominerar alt anna. det er synd, men det er sant.
er er flink til å komma med kreative idéar, fotografere, bruka internett på ein bra måte, laga mat, sy hol i strømpebukser og tilby meg å hjelpa når folk treng det. og drikka vin.
eg les for tida ei bok som visstnok skal vera "the best children's book for adults since the mysterious incident of the dog in the night-time".
eg ler når folk ikkje veit at dei må holda seg fast på trikken, når eg går forbi gamle damer som ser fortumla ut(eller paal bang-hansen, han er søt) og når eg får sjå på dårlig tv. og erlend loe sine bøker.
eg er ein typisk kunstnarsjel som gløymer avtalar, er fullstendig impulsiv og irrasjonell og ikkje får sova om natta men som heller teiknar ned heile badet med eyeliner.
eg har aldri vore utanfor europa. (eg veit, sjukt!)
eg er lykkelig når eg får sleppa å tenka på funksjonalitet og kan ha på meg det eg vil uten tre par strømpebukser og berre kan drikka øl i skuggen frå eit tre kanskje i mai eller september.
eg trivst ikkje når det er varmt, for eg er altfor varm naturlig. typ to grader varmare enn normalt, i alle fall. så sommar er ikkje så fint for meg.
eg er dårlig på å hugsa avtalar, å passa på mat så den ikkje blir svidd, å eta frukost, å slippa folk heilt heilt inn.
eg er redd for å vera aleine, telefonsamtalar med ukjente nummer, edderkoppar med lange bein og lunken melk.
eg elskar å tenka på eit gammalt paris og å bu i eit nedslitt hus der ein må setta ut koppar og kar når det regnar.
eg trur på å ha ein anna tankegang enn "alle dei andre", at det går an å ha tru på seg sjølv utan å vera fjern eller overambisiøs.

kopiert og omsatt fra jennifer. korleis ser du ut?


just some facts about me. try the google translator.

som kaker.

eg er jo, som de veit, bryllupsromantiker. det er difor tortur for meg at eg må gå forbi ein brudekjoleputikk kvar einaste dag for da tenkjer eg alltid alltid tenk når eg skal tenk når eg skal. men eg kjem nok ikkje til å sjå ut som i vindauga der, men meir sånn:


alle kjolane er fra timeless vixen

som ei stor kake som ein berre kan skjæra seg inn i også smakar det fersken eller kva som helst ein vil! skjønnar ikkje kvifor folk giftar seg i kjedelige brudekjolar, altså.



i am sucker for weddings, and this is what i want my dress to look like. a giant cake walking down the isle.

akkurat no har eg lyst på. (etsy-versjon)


tekopp-øyredobbar frå tiny tasty.


ein eple-ukulele herfra. sjølv om eg ikkje kan spela ukulele eingong.


bartefest-pakke herfra.


ei sånn fin veske til macen min herfra. (egentlig burde eg jo berre venta til eg får mange tusen kasta i hovudet så eg kan kjøpa ein ny større ein, men what to do)


dette og mange andre hårband herfra.

kva har du lyst på?


these are the things i want from etsy at the moment.

adios amigos!

upload pictures
no reiser eg med mine ny altoids, d2, nye costume og nye elle til ein bil som tar meg og han der fine til hytta til han der fine sin familie. den er heilt ny og no får me vårt heilt eige rom. kva gjer de i helga?


i'm taking my new altoids and reading material to a cabin in the mountains for the weekend!

i dag.

i dag har eg...
upload pictures
(ikkje hatt grønt hår som det ser ut på animasjonen)

hatt migrene og hatt håret opp(ellers vil eg berre klippe det av).
sove til klokka halv to.
hatt mine tre prikkar mykje større enn eg pleier.
hatt kaker i øyrene igjen.
lese i den nye boka mi.
tatt ferdig diana-film nummer to.
blogga kvittering.
hatt pusøk av hedvig.
blitt laga middag til.
drømt om fargeblyantar ein aldri måtte spissa.
kjøpt noko fint.
blitt akutt trist så me måtte køyra til pascal(sebastien bruno hadde stengt) men så var makronane fæle. harde og seige. superskuff.

no har eg kjærestekos med kakao og knekkebrød. har de hatt fine dagar?


today i have: had a migrain, slept until two, had cake in my ears, read some pages of my new book, bought something nice and been dissapointed by macaroons for the first time.

tomat.



ho berre sit der, i hjørnet. han mista, han óg. ho må sova aleine, men han mista, han óg. og ho høyrer ikkje etter, han skriker at EG MISTA EG ÓG men det hjelper ikkje, ho høyrer ikkje. vegen til ein mann sitt hjarte er mat. kanskje vegen til knuste mødre sine hjarte er mat óg, om han berre fekk ho til å eta noko, han hugsar ikkje kva ho likar, det er så lenge sidan dei har ete noko anna enn sjukehusmat. han spør, men ho svarar ikkje. spaghetti. han hugsar spaghetti. spaghetti har dei. han knyter skoa og seier at ho ikkje skal gå nokon plass. ho stirrar ut i lufta, men kanskje stirrar ho på eit anna støvkorn enn for ein time sidan. skoa knirkar heile vegen inn, han hugsar ikkje om ho likar kylling eller gris, så han tar begge. ved kassa kjem han på at det er tørt med spaghetti og kjøtt heilt aleine, sjølv på fine tallerkar, han går tilbake, vandrar kvilelaust mellom hyllene og veit ikkje kva han vil ha eller kvar han skal gå eller korleis morgondagen blir. tomat. det blir tomat.

B!

barack obama

av og til føler eg at obama er den einaste som forstår meg her i verda. og om eg er lei meg så googlar eg berre obama laughing og da går det bra igjen. eg var kanskje ein av ti nordmenn som meinte han fortjente fredsprisen fra start til slutt(altså ein av dei ti som faktisk har lest alfred nobel sitt testamente, haha).

brevvenner

før hadde eg tusen brevvenner, og skreiv brev heile tida og kvar einaste dag. så kom hjartepost og eg måtte konsentrera meg om andre sin post istaden(eg gler meg sånn til de får sjå, eg er så fornøgd med hjartepost denne gangen). no har eg berre éin brevvenn, og ho er kanskje den finaste brevvennen ein kan ha, tykkjer eg. no lagar eg ein pakke der ho får til dømes brunost!

bakerella

bakerella er som ei anna verd for meg. om ein er trist eller lei av kvardagen kan ein berre gå dit. og der kan ein sitta i timesvis og sjå på kaker. topp ti-blogglista mi, altså.

bibliotek

altså, eg elskar bibliotek og har gjort det sidan eg var liten, men da var det pappa som leverte tilbake bøkene. eg er ikkje så flink på sånt, så eg endar til slutt med å eiga bøkene eg i utgangspunktet lånte. det er irrasjonelt, men det er sånn eg fungerar. lurare for meg å kjøpa bøker. så kan eg sitta på golv på bibliotek å lesa dei, kanskje.

blomar
raudt
eg fant ut på eit tidspunkt at det gjorde det mykje lysare å ha blomar heime. og det kan ein jo óg når dei kostar førti kroner og held i kanskje to veker. nellikar, altså. på topp fem-lista over blomar.

big fish

fantastisk tim burton-film. åh, det er ei heilt fantastisk verd. og kjærleik så ein blir varm i magen.

bær
a taste of july
om eg kunne eta berre smoothies all day every day så hadde eg gjort det. for bær er det beste eg veit. bedre enn sjokolade og bedre enn pesto og bedre enn spaghetti og bedre enn sølvløk.

berlin

berlin var ein fin by og snart kjem det ein pytteliten berlin-guide fra meg til deg. eg vil tilbake dit snart, og da skal eg gå hol i skoa mine istaden for å ha migrene. fin plan, tommel opp.

bowlerhatt

skulle ønska hovudet mitt ikkje var så innmari stort, så eg kunne gå med hatt. (bilete frå brothers bloom, fantastisk film)

ben&jerry's

beste is. utenom i italia om sommaren. men å. ben. <3 jerry. <3

kva er dine b-ar?


my b's are barack obama, berries, ben&jerry's, bowler hats, berlin, big fish and bakerella!

i wish i had a mango tree in my backyard



  
(alle bileta er linka til kjeldene sine)

i dag snør det her igjen og no er eg litt lei all det brune pulveret på gangfelta i oslo og av å frysa på føttene. eg lengtar til kirsebærblomar og gras og å drikka øl i ein park sjølv om det egentlig ikkje er varmt nok enda så ein må tulla seg inn i tepper men det gjer ingenting for ein ler så hardt at ein gløymer å tenka på politikk og klimakriser i eit par timar, og berre er og er og er. i wish i had a mango tree in my backyard.

om du ikkje har spotify(skaff deg det!), ser lista sånn ut:


likar de?



longing for spring i made a new spotify playlist.

vinonsdag.


i går, onsdag, kom julie og fredrik til min ringe bolig. me åt den nye melkesjokoladen med kvikklunsj og diamantar og den var god.

og litt tortilla med kylling óg, da.

fyi: julie har verdens minste magesekk.

etter middag og vin og øl og cider vart det støvsugersang- og dans.


herlege folk. skulle ønska dei budde i skapet her så eg kunne plukka dei fram om eg var trøtt. (det er ingen bilder av meg her fordi eg såg trøtt og fæl ut på alle bildene, eg har ikkje sove på kanskje ei veke men i natt: tolv timar. hjarte hjarte hjarte. i dag har eg fri og det er så deilig at eg ikkje finn ord.) og no forvrir eg heile veka mi heilt fram til de er villige til å akseptera noko anna enn de er vant til. om eg vil at det skal vera onsdag i går så var det det.

ps: no har eg lagt ut den nye adressa mi på forsida på bloggen så de kan senda løyndommar dit. og gjer det!


yesterday was julie and fredrik and wining and dining and singing and dancing. (and sleeping)

kva har de i øyrene i dag?


eg har ostekake, herifra. ostekake med banan, mmm. kva gjer de på onsdagar som i dag? eg får fine folk på pusøk og håpar eg kan skriva litt og sova i natt.


what is in your ears today? for me it's cheesecake.

de usynlige.


eg har så lenge hatt lyst til å gi vekk denne filmen til alle men eg har ikkje visst kva eg skal sei. då eg såg den første gong slo den pusten ut av meg, altså fysisk, eg klarte nesten ikkje å gå etterpå. og litt sånn har eg det no óg, så eg viser heller bilder og kommenterar der eg vil om det er okei?

noko av det beste er filminga, det er ein inderlig intens og vakker film.

nesten uansett når du set filmen på pause blir det som eit perfekt komponert fotografi.



første gong eg såg denne filmen tenkte eg ikkje noko meir over kvar handlinga føregjekk, men når eg har sett den etter eg flytta til oslo er det så sjukt merkelig å tenka "der tar eg trikken fra kvar dag" og "den barnehagen går eg forbi på veg til kiwi".


hovudpersonen spelar orgel men egentlig er det iver kleive som spelar så så så vakkert så det slår pusten ut av deg.




også er han himla vakker, da. det hjelper.



sexscena og morgonscena etter sexscena er dei vakraste minutta eg veit om på film. av all film eg nokon gong har sett. når me såg den på kino tok eg hånda til han der fine så han fekk kjenna på hjertet mitt som banka heilt sinnsjukt fort for det var noko av det vakraste eg hadde sett. eg vil ikkje sei noko om historien eller om personane i filmen, for eg vil at de skal sjå den sjølv. den er sterk og det gjer vondt men den er verkeleg så inderleg vakker og dessutan er ikkje ane dahl torp eller aksel hennie eller nokon av dei med, høyres ikkje det fint ut? knis.

(de kan kjøpa den på platekompaniet for kanskje ein månad spotify premium(hundre kroner) og det er den vel verdt, altså.)


this is a norwegian movie called troubled water, which is my favorite norwegian movie.

hjelp?

eg veit at dei som bur her på hjartesmil er så forskjellige som ein berre får det, så ein nesten blir svimmel av å tenka på at det faktisk er plass til alle her(det er plass til mange fleire her, altså, ikkje gløym det). nokre ser film og andre les bøker. nokre siklar over louboutin-sko medan andre held på å sprekka av lyst etter kitchenaid-kjøkkenutstyr. nokre går med fornuftige sko og andre bryr seg ikkje. det eg skal fram til er at eg jo har eit stort tikkande prosjekt i hovudet, nemlig dette magasinet som eg har snakka om før. la meg forklara litt kva eg treng hjelp til.

eg vil prøva å laga eit magasin i april i år, og det vil, så langt eg har tenkt, inneholde ein heil del dyktige folk fra ulike felt, også mykje meg sjølv sjølvsagt. magasinet blir berre det eine, i april, med mindre det går veldig bra og eg kanskje lagar eit på hausten óg. eg vil at eit stille tema i magasinet skal vera kjærleik, altså ikkje at det skal vera veldig dominerande men at det blir ein tynn raud tråd som går gjennom det fra perm til perm. og difor lurer eg på om de har tips til flinke folk? illustratørar, fotografar, skribentar, folk som driv med heilt andre ting som kunne vore kule å intervjua eller som kunne vore interesserte i å annonsera, bloggarar, kva som helst som kunne tatt seg bra ut på papir? eg kjenner personlig veldig mange flinke folk, men eg vil ikkje at dette skal bli eit magasin der eg utelukkande viser fram vennene mine. om du sjølv er flink treng du ikkje å venta på at nokon skal tipsa meg om deg, eg vil gjerne at folk anbefalar seg sjølv óg. eg tar óg gjerne imot andre innspel, som oppskrifter eller bok- eller filmtips eller idear til artiklar eller kva som helst. dette er ditt magasin like mykje som mitt. send alt på mail til mariell.oyre(krøllalfa)gmail.com, eller legg igjen ein kommentar om de heller vil det.

eg berre er ikkje heilt sikker på om eg tør enda, for sist gong eg skreiv om det fekk det ikkje så overveldande respons eg hadde håpa på og da blir eg nervøs, men eg trur eg kjem til å gjera det uansett for min eigen del. sjølv om eg kanskje berre selger fem. så har eg i alle fall skapt noko eg kan holda i hendene.

grunnar til at livet kunne vore kjipt

☆ eg har merkelige ting på gang i kneet og migrene minst to gongar i veka.

☆ sesongen med criminal minds me nettopp fekk i posten hadde kun episodar me har sett før.

☆ eg har nittiseks kroner på konto og minst tre tusen i rekningar og utgifter, og lånet kjem ikkje på ei god stund.

☆ eg har opparbeida meg ein frykt for framande menn og vil helst ikkje gå ute aleine etter mørkt.

☆ eg har prestasjons- og tidsangst til tusen for ting som skjer på skulen og med bloggen.

☆ eg får ikkje sove.

men det er ikkje det, altså. for eg har appelsiner og kvitvin i kjøleskapet og løvekjæreste å eta spaghetti med.


six reasons why life could be miserable(but it isn't).

ny tv.


eg har ein ny tv!
upload pictures
der kan ein sjå tornerose i reprise heile dagen om ein vil.


my new tv.

i dag er det laurdag.

på laurdagar skal ein klatre opp i eit tre og lese ei bok der, lage snøenglar før snøen smeltar, sjå femten episodar av favorittserien din, drikke vin med fine folk og gjere ting du ikkje kan gjera på ein tysdag.

enig?


today is saturdayyy!

om å få knagg på badet.

ein vinterdag for litt mindre enn fem år sidan: lilla evig langt hår, misfarga etter litt for mykje innsats, svarte klede, kåpe som var fire storleikar for stor. i ein bokhandel med ein med pianohender og hjartet mitt banka så hardt at eg kunne høyra det(sosial angst var på den tida ein stor faktor i livet mitt, og tanken på å sjå kassadama i augene var knusande og avskrekkande). me ventar, eg og han der fine(med glatt hår), på foreldrene hans som eg skal møta for første gang, eg har tusen ting spinnande i hovudet og klamme hender. dei kom og me håndhilste og i bilen heim snakka dei om søstra til han der fine, journalisten, og broren, kirurgen, og baki stod den nye pianokrakken til pianoet i stova som har minst fire meters takhøgde i huset som står på den enorme tomta til familien med det store navnet som er så kjent for alle eg kjente. dei snakka om grammatikk ved middagsbordet og las bøker eg ikkje forstod tittelen på. dei spurte meg om ting og eg svarte med einstavelsesord og eg tenkte at men herregud, her kjem eg aldri til å passa inn. aldri i livet.

&det tenkte eg lenge lenge heilt til eg våkna ut av ein koma av gjørme som eg hadde laga heilt sjølv(fordi det var det eg var vant til, å ikkje passa inn men alltid vera den som sparkar småstein aleine). for etter ei stund innser eg at dei er menneske, dei óg. ikkje på nokon måte bedre eller verre enn andre menneske, dei har vore små foster og små hjelpelause babyar, dei er brødre og fedre og sønner og bestefedre, og døtre og mødre og søstre og bestemødre og barnebarn, akkurat som eg er og skal bli. (for tenk kor fint det egentlig er, å få eit sett med ekstraforeldre og ein ekstrabestefar og ekstrasøsken og nokre små i tillegg) og da legg ein merke til personane bak dei skremmande laga som ein maler på kvarandre. for da er dei berre personar. personar som elskar og ler og sørger og gret. personar som ser på tv til to om natta og køyrer seg ville i byen og svir lauken til middag ein onsdag og har oversvømmelse på badet. dei har knaggar på badet heime hjå han der fine, knaggar som er akkurat like store som min. og dei er min familie.


about my new family(aka my boyfriends family).

god morgon!

eg kan i denne augneblink ikkje forstå kvifor folk er våkne så tidlig om vinteren, me burde jo egentlig forskyva døgnet berre så det ikkje var så grusomt å stå opp(eg innser at klokka no er halv ti, og eg ber om at de vennligst ikkje påpeikar det når eg likar best å sova til elleve). eg treng morgonpepp:

peppermyntete og mi nye sløyfe som eg laga i går.


rouge som er så rosa så det er ikkje klokt eingang.


småpengar til kaffe når eg kjem fram.

men viktigast av alt: sett av fem minutt til kos med halvsovande knisekjæreste før eg går. så det skal eg no, for da blir dagen fin uansett. har de hatt fine morgonar?


good morning!

A.

for ca eit år sidan starta eg eit prosjekt som heitte bokstavtorsdag, der eg kvar veke skreiv kva dei ulike bokstavane i alfabetet representerte for meg. hundrevis av bloggar har seinare kopiert konseptet, og eg har levd mykje sidan, så difor gjer eg det igjen heilt på nytt. me startar litt forsiktig, altså. mine a-ar står for:

analog fotografi

for nokre månadar sidan betydde analog fotografi noko nostalgisk og fint som dei som var flinke eller spesielle gjorde. no er det lukta av framkaller og følelsen av å stå i eit bekmørkt rom og kjenna at alle dei andre sansane mine eksisterar og registrerar mørket rundt meg. og kriblingen i magen når ein ser bildet som dukkar opp på eit ark ut av nesten ingenting kan ikkje samanliknast med noko.

amsterdam
amsterdam
i februar i fjor reiste eg med fire fantastiske til denne byen som eg vart så forelska i. for folk er så glade, og ein kan sjå ut akkurat som ein vil utan at nokon bryr seg og gatemusikantane spelar faktisk fint og det er søte bartenderar.

angelina jolie

(foto: brad pitt) fordi finst det nokon person i verda som er vakrare og flinkare og godare? neh.

autisme


heilt sidan eg var fjorten har eg vore så intenst fascinert av fenomenet autisme, og sluker alt av dokumentarar og bøker og filmar om emnet. berre fordi det er så fantastisk at det finst folk i verda som har hjerner som fungerar annleis enn meg.

alice i eventyrland


min favorittsaga. skulle ønska det fantes ei sånn verd. og herregud som eg gler meg til filmen.

amélie poulain

fordi ho fortsetter å inspirera meg til å setta pris på det når ei klinkekule rullar forbi mens eg sliter meg opp ein bakke.

kva står dine a-ar for?


letter thursday is back from the grave, and these are my a's: analogue photography, amsterdam, angelina jolie, autism, alice in wonderland and amelie poulain.

i tilfelle.


i tilfelle de lurte såg gårsdagen sånn ut i moleskinen min. fint? i dag er tom fordi i dag er ein ny dag, som sagt. kor fint er ikkje det, liksom.


this is yesterday in my moleskine.

berre ein onsdag.

my new friend sebastienmy new friend sebastien
i dag følte eg meg bedre og hadde attpåtil fri, så eg dusja og tok på meg ansiktet mitt for å hoppa på trikken til museum.
my new friend sebastien
med sara! me gjekk på astrup fearnley.
my new friend sebastien
der er det ikkje lov til å ta bilder, men det fins eig glasvindauge ned mot ei utstilling som ikkje er ferdig enda. okeida bra nok, tenkte eg.
my new friend sebastien
eg hadde den største sløyfa i håret så den var meir som ein hatt enn som sløyfe. då me kom ut var det blitt mørkt(trist for mini-diana som treng lys), men me hoppa på tolv-trikken til niels juels gate og min nye kjærleik: sebastien bruno.
my new friend sebastienmy new friend sebastienmy new friend sebastienmy new friend sebastien
altså, så fint er det der inne. og makronane er dei beste eg har smakt, bedre enn i paris på ladureé!
my new friend sebastien
han der fine og sara tøysa(han har så langt hår no så han blir meir og meir som ei løve for kvar dag som går).
my new friend sebastien
eg drakk kakao og det var den beste eg har smakt(bedre enn på hotel bristol som var den beste eg hadde smakt før det)!
my new friend sebastienmy new friend sebastien
på veg heim demonstrerte sara kor glad ein blir av å ha makronar i posen.
my new friend sebastien
me hoppa innom rematusen for å kjøpa proviant.
my new friend sebastien
heime måtte ein vel ha på seg raggsokkar.
my new friend sebastien
og sara hadde eiffeltårn fra før.
my new friend sebastien
og me pakka ut min nye post, fantastiske lausvipper eg skal bruka i ein fotografering snart med eit ansikt de kanskje kjenner fra før.
my new friend sebastien
sara fotograferte meg og han der fine med eit gammalt kamera som kanskje ikkje funkar, og me idémyldra om ei fotografering eg skal ha på laurdag.
my new friend sebastien
alt dette imens eg laga middag: karrimakaronipølsegryte på golvet, og sara åt lauk sjølv om ho ikkje likar det.
upload pictures
og farris med eple(egentlig lime men ein kan drøyma)
my new friend sebastien
makronar var til dessert. mine favorittsmakar sålangt fra sebastien bruno: sjokolade&kaffe, sitron&sjokolade og ingefær. mums! så såg me csi og criminal minds og i morgon er ein ny dag.

hadde de fine onsdagar? om de søv håpar eg de drøymer om bomullskyer ein kan ligga på og eta regnbogar som smakar akkurat som ein tenkjer at dei gjer.

ps: tusen takk for alle dei fine kommentarane dei siste dagane, dei gjer meg varm i magen og gir meg tusen idéar. suss til det, altså.


my wednesday was spent at the modern museum of art, with macarons and sara and the most beautiful boy.

om å flytta heimefrå.

i tiende klasse sat eg og mi beste venninne i klasserommet, eit par månadar før søknadsfristen for skular gjekk ut, og planla og budsjetterte korleis me kom til å få det. me skulle eta nudlar kvar dag(for det hadde me jo høyrt at studentar gjorde), og mala taka svarte og laga stjernehimlar og få nokon som var gamle nok til å kjøpa vin til oss. ho vart verande heime for kjærleiken si skuld. eg flytta heimefrå av same grunn, eg reiste etter han med pianofingrar og ufrivillig skarrande r-ar. eg vart kasta, ganske frivillig, inn i eit nytt univers med ikea og hybelvertar og zalo(kvelden mamma og pappa reiste hugsa eg at eg var mildt hysterisk, for det er så rart når ein plutseleg står på bare bein og må vera berre berre mariell, ikkje datter eller søster eller barnebarn, berre heilt deg sjølv, heilt naken og ubeskytta). eg flytta inn i ein hybel med ei anna som kjente til alle små krikar og krokar i hovudet mitt og ein anna person eg ikkje visste kven var(det viste seg at ho faktisk gjekk i klassen vår, ikkje så farlig altså). me laga grønne vafler og såg heile sex og singelliv på kanskje to veker, og åt middag saman kvar einaste dag. me låg våkne netter fordi hybelverten hadde sex og hadde snømann-krigar med dei som budde under oss. det var fantastisk.

utpå våren vart skulen så innmari forferdelig og plutseleg var det ikkje så gøy lenger, å bu oppå nokon som du såg heile dagen på skulen også heime, og eg flytta ut nesten utan å sei ifra til dei i heile tatt. dumme ting som søttenåringar gjer når dei ikkje vil "snakka om det", men sjølv om det var fælt var det fantastisk óg. ei natt før skulen slutta, sjølvsagt fulle forbi fantasi, fylte eg og han der fine og eit par andre opp ei handlekorg med alle tinga mine i. bøker og klede og alt. også flytta me. inn til fredrik, midt på natta, og eg er så hinsides glad for at eg turte å gjera det, turte å flytta inn til nokon som eigentleg var ein framand for meg, men som virka så kompatibel med meg og sånn vart det, for han er jo ein av mine beste venner og vidaregåande vart fantastisk med kråkeslottet.

trass i alt det vonde som skjedde rundt oss, var me som i ein beskytta liten ring der ingen kunne ta oss fordi me hadde kvarandre. me vart til ein liten familie som passa på å kjøpa halslinser om nokon andre var sjuke eller kjøpa vin om nokon var triste. me låg våkne til langt på natt for å laga podcast og sjå six feet under, og eg tør verkeleg ikkje å rekna på kor mange liter vin som vart konsumert våre to år der. den gangen me hang opp skjerf i trea og den gangen me gøymte oss i buskene og den gangen me vaska golvet med ketchup og den gangen eg kasta opp i undertøysskuffa mi og den gangen me fekk tjue personar inn på kjøkenet samtidig og den gangen me hadde fest i dusjen og alle gangane me forbanna hybelverten forbi denne galaksen.

om det sit femten- og seksten-åringar og lurer på om dei skal tørra å gjera det, tørra å hoppa i det og flytta ut til vidaregåande; berre gjer det. sjølv om kanskje ikkje oppvask og husleige virkar så innbydande er det så innmari verdt det. flytt inn med nokon du ikkje kjenner, for uansett kva som skjer så vil hjartet ditt voksa og bli nesten dobbelt så stort av det. lovar.



about moving out at sixteen.


mu.


kjelde

i dag er eg sjuk som ei potte og har på meg blåbærprikka genser og er heilt matt i ansiktet og eg fniser av nakne kjærestar som ikkje har byrja på universitetet enda og spradar rundt i leiligheten og stjeler nys(eg gøymer meg på badet når eg må nysa for ellers tar han den. altså, det er sant!). og eg skulle ønska nokon ville komma hit og bake cupcakes til meg, altså ikkje muffins men ordentlige cupcakes med masse frosting som smakar mint og eg skulle eta dei liggande og få glasur i heile ansiktet. eg vil skriva små historiar i den nye moleskine-boka(ja, for eg kjøpte den med éi bok for kvar månad og eg elskar den) mi med ny penn med tynn spiss. kva skriv ein historiar om når ein er sjuk? kva vil de høyra historiar om? og kva gjer de når de er sjuke og vil bli friske igjen? for egentlig ser eg jo berre på tv.



today i am sick with the flu and i want to write stories but i have no idea what to write them about?

søtten år og snø i håret.





desse bileta er tatt av ein fotograf som heiter mike bailey-gates. han er berre søtten år og definitivt min nye flickr-kjærleik. her bur han. han er som ein blanding av tim walker og where the wild things are. blir heilt varm i magen, altså. har de nye kjærleikar?


mike bailey-gates is my new flickr-boyfriend.

mini-diana i berlin.


utsikt frå ein kafé i kreuzberg.

ei kirke som fikk hedvig til å hyle.

brandenburger tor.

vårt hostel!

togstasjon.

bilen til hostellet vårt.

koolt? eg gler meg til å gjera masse ugagn med mitt nye lille kamera. når det blir litt varmare i været skal ho få fotografera store smil og kirsebær og raude fingertuppar, og når hausten kjem skal ho få ta bilder av alle lauv eg finn på veg til skulen ein dag. tenk at ho tar heile søttito bilete på éin film, det er mange det.


this is my first film(pictures from berlin) with my new mini-diana.

monday january 11.



ser de kva me skal ha til middag i dag?


my grocery list for today: crisp bread, eggs, onions, yoghurt, milk, bacon, spaghetti, brown cheese(norwegian phenomenon) and tomatoes. can you guess what's for dinner tonight?

raudt og drops og sløyfete.

new dress, new coat, new shoer
her er mi nye kåpe frå berlin! den kjøpte eg for kilopris, ca seksten euro(med sløyfebrosje på til tre). den er kjempesvær og fin og varm og raud og med svarte fløyelsknappar. fin å forsvinna i når det er så kaldt. i håret har eg ny sløyfe og på kroppen ny kjole.
new dress, new coat, new shoer
skjønnar de kvifor eg seier at kjolen er som tusen små drops?
new dress, new coat, new shoer
og her er mine nye sko! dei er i skinn og knirkar litt og dei kosta berre ti euro, tenk det.

i dag er det søndag og snart skal ein eta deilig middag som de skal laga neste veke, okei? okei. søndagssussar!

ps: tykkjer de óg at søndag er filmdag?


this is me in my new red coat, new dress and new shoes. and new bow!

sånn laurdagar skal vera.

i dag møtte eg opp ingvild på oslo s etter å ha sove lenge, med dunkande flodhestar og appelsiner i rosa handlenett, nesten så rosa som kinna mine(tenk det!)

eg drog ho med meg til biblioteksbaren på hotel bristol, og me fekk kanner med kakao. ho fekk krem på sin.


og eg fekk utan, men godt uansett. (eg trur dei lagar den på mokkabønner, men eg er ikkje sikker)

hei, ingvild!

fredrik hoppa innom, og ingvild må ha snakka om noko som var sjokkerande, ser det ut som.

der satt det ein mann med sløyfe og spelte piano, han spelte songar frå cabaret og songar som fekk ein til å smila men så gjekk han berre.

sånn såg det ut, og da reiste me på trikk heim til meg for å eta moussaka og sjå på tv(å, som eg har sakna tv!). håpar alle har nydelege laurdagar! eg skal eta egg og sjå på film og kosa nakne føtter under dyna.

i morgon kjem hjartepost-mailane, så de kan berre gleda gleda gleda dykk! og torsdag som kjem er første bokstavtorsdag. suss!



my saturday was hot chocolate at the library bar with ingvild and fredrik(cedric!), and moussaka and tv this far, and more tv and cuddling to come.

velkommen heim/velkommen tilbake.

velkommen heim ropar alle banneord eg kan på flytogterminalen på gardermoen, for herre-herregud så kaldt det er. køyrer toget i det som verkar som ein evighet, mimrar augneblinkar frå berlin og frustrasjonar, stoppar i lillestrøm og dama seier at ein må gå ei dør fram for dei andre har fryst fast, det spelar ingen rolle for oss, me har eit stykke til. toget køyrer igjen, eg blir overvelda av ein lykkefølelse, nesten berusa, av å vera tilbake i oslo og innser meir og meir at eg elskar den. toget køyrer inn på eit anna spor enn den skal, ikkje så nøye, klemmer hedvig farvel på oslo s, kjøper billettar og smyger iveg til trikken så fort ein berre kan smyga. halvvegs til brugata ringer han og seier jamenkvarerdu? og eg seier på trikken og han seier jamen eg står jo her og ventar på deg. hoppar av trikken på brugata og ser nedover. på andre sidan av gata er det ein reklame for airberlin og eg smiler fordi det er litt ironisk. trikk søtten, nei. enda ein trikk søtten, nei. så kjem trikk tolv og på veg forbi skimtar eg dreads og klarar ikkje å ikkje smila hysterisk. han har gul sløyfe på og kom for å bæra bagasjen min og sussa meg velkommen heim. me køyrer trikk saman tilbake, og på veg fra trikken og heim stoppar me for å kyssa berre fordi me ikkje klarar å ikkje gjera det uansett kor kaldt det er. ved døra seier han kan du ikkje grava i snøen litt der? og eg seier jamen det er kaaldt! men gjer det likevel. ei bøtte med mint-is, min favoritt. me går inn i heisen og kyssar meir, han låser opp døra og sjølv om det er mørkt kan eg sjå at han har rydda og vaska og gjort det fint til min heimkomst, og på bordet står ferske blomar og paddington for å ønska velkommen. på kjøkenet står ein middag nesten klar og eg ser ut som ein idiot som berre smiler og ikkje klarar å slutta.

me ser krim og han sovnar og eg tenkjer at herregud så deilig at alt er tilbake til normalen.

velkommen tilbake eg skriver ned orda ovanfor i mi nye moleskine-dagbok som er så vakker så vakker sjølv for meg som hatar struktur, eg ser ned på den nye kjolen min som ser ut som små drops og minnar meg om ein fin by eg nettopp har blitt kjent med. eg åpnar glasdørene ut mot oslo og tar bilder med det nye kameraet mitt, har ikkje sokkar på men det går akkurat. det piper inn ein melding der ingvild skriv at ho er på oslo s ti på halv tre. eg tenkjer at det er trist at det er mange som har sjekka ut herfra den siste månaden, men ein må berre ikkje tenka det og heller tenka at eg har hatt ei vidunderlig jul og ein vidunderlig reise til berlin, men no er det på høg tid at eg prioriterar hjartesmil-huset og alle dei som bur her igjen, og eg gler meg til eit nytt år med kjærleik, kjolar, kaleidoskop og kamera med alle små lesarar. eg håpar mange fleire flyttar inn hit og at me aldri kranglar men berre har det bra og skriver dikt på baksida av kvitteringar. at me reiser på tur saman og oppdagar nye plassar å krypa inn når det blir for kaldt i skoa eller for varmt i skuggen.


yesterday my boyfriend greeted me back from berlin with fresh flowers and wearing a yellow bowtie, today i am thinking about how much i love oslo and how much i love my blog readers.

fint.

på u-bahn ein dag fekk eg auge på ein liten gut, kanskje seks eller sju, og i hendene hadde han to store klumpar snø. det var snø i heile berlin, men han hadde den med seg som om det var det viktigaste i heile verda.

i dag skal eg heim og har ein kjæreste heime som så inderleg saknar meg at han ikkje veit kva han skal gjera.

i natt fekk hedvig dansa salsa.


enn du?



on the underground in berlin i saw a little boy with snow in his hands, with snow covering berlin he carried the snow with him everywhere.

berlin baby. dag tre og fire.


i dag skulle me på kunstwerk, men der var det stengt så i to timar satt me på ein kafé og fotograferte kvarandre.

ute snødde det og var kaldt men ikkje så kaldt som i oslo.

det var masse veldig spesiell kunst og ein veldig fin film om ein elefant.

også handla me... litt.

så reiste me på eit islamsk museum med audioguide på posh engelsk.

dette var eit heilt rom som nokon hadde stjelt.

etterpå reiste me på vegetarisk restaurant der dei hadde veldig god vassmelonjuice og soyaburger.

me gjekk til second hand-strøket og eg fann absolutt ingen kjolar men to par sko og etterpå gjekk me hit og her var det fint.

med juletre i taket!

og hedvig leika med det nye kameraet sitt(og eg kjøpte samme).

og med is og ingefærøl.

etterpå tok me bilder i fotoautomatar. i boksen ved sidan av var det nokon med ein hatt og eit skilt der det stod "superhelt" og dei knisa så ein trudde hovuda skulle rulla av.



så morsomt såg det ut.

og til slutt fekk hedvig kinaboksen sin.



my third and fourth day in berlin. vintage shopping and photo booths!

berlin, baby. dag ein og to.

hei, finingar! no er eg i berlin med klassen min. hit kom eg på mandag og internett er eit ord dei omtrent ikkje veit kva betyr. innlegget frå mandag har han der fine laga fra mine instruksjonar, er han ikkje flink til å late som han er meg? jo. her kjem det endelig litt bilder, hold deg fast!


på vår togstasjon har dei miniatyrtog ein kan køyra, så det har me selvfølgelig gjort.

og eg er alltid mett.

og me bur i ein leilighet som er innreda som i øst-berlin. veldig retro og kool.

og me har kjøkken så me kan laga mat og eta frukost heime og det er koolt.

hei, nandor.

første kvelden var me så slitne at me drakk litt vin og litt øl også krasja me i sengene alle sammen. etter litt anne frank, som er ei av dei finaste bøkene eg veit om og når eg var liten ønska eg at eg kunne vera som ho.

på dagen i går var me på eit moderne museum der dei hadde masse kul kunst og eg vart sliten i hodet før me var ferdige å sjå.


dette var ein film med ein mann som berre skreik og skreik og skreik.

drømmebarnerom.

planlegging på golvet. ho på golvet er hilde og ho er læraren min.

kart=bra. etter det første museet reiste me videre til nasjonalgalleriet der ein fotograf som heiter thomas demand stiller ut. han bygger lifesize installasjonar i papp og papir av bilete han har sett i media eller rundt omkring også fotograferer han det. veldig kult, så han bør de sjekka opp. så fekk me sjå litt magritte og mirò i kjellaren. etter det gjekk me oss vill og rakk berre eit kvarter i ein second hand-putikk før me vart kasta ut og da gjekk me for å eta meksikansk.

hedvig med ølskjegg.

taran uten ølskjegg.

eg kjøpte elleve postkort i går, og kjem nok ikkje til å senda fra meg nokon av dei. elskar postkort. og elskar museumsputikkar.

etter maten reiste eg, hedvig og taran på pub og eg sovna ikkje før klokka halv seks. i dag våkna eg med migrene og eg lurer på om eg kanskje skal holda meg unna mojitos og røykfylte rom, det er ikkje bra for migrenefolk.

no har eg det sånn okei og skal prøva å shoppa litt uten å kollapse. ein kan vel ikkje reisa heim utan nye kjolar vel? kan ikkje de fortella kva som skjer heime? korleis er kjærleiken?


ps: noko fint: når folk kjem borti kommentarknappen før dei har skrive noko så det står berre "gjer mot andre det du vil at andre skal gjera mot deg" på kommentaren.


i am in berlin and this is a summary of my two first days!

ting eg er nysjerrig på(kongefamilien).

kva kongefamilien et til middag. om dei nokon gong har ete grandiosa og om dei lagar noko mat sjølv.
korleis undertøyet til kongefamilien ser ut.
korleis dei snakkar til kvarandre når kameraa er slått av og dei andre har gått til sengs. kryp dei opp i ein sofa og et popcorn til ein film?
om alle graviditetane har vore planlagt.
om dei går på nokon medisinar mot noko som helst.
kva ungane likar best på brødskiva.
om ungane går i barnehage og korleis dagane deira artar seg.
om dei ser mykje på film eller tv, og kva dei isåfall likar best. håpar dei likar dårlige komiseriar som meg.





i am desperately interested in the royal family's intimate life.

mennesketypar eg likar


kjelde

gutar som headbangar i tunnellar og trur at ingen ser det
du veit, dei gutane som ser så sjenerte ut når ein går forbi dei på veg bak i bussen, og i tunnellen, med eit lysglimt, ser ein at han har slått seg heilt laus til noko han høyrer på. fantastisk.

folk som ikkje er redde for å stilla spørsmål
nokre gongar skulle eg ønska eg kunne vera fire år igjen, berre for å kunna spørja "kvifor?" om alt utan at nokon tenkte at eg var heilt teit fordet.

folk som kan ein type mat veldig bra
til dømes sennep. folk som veit nøyaktig korleis honningdijon vil smaka til den og den kjøttypen. veldig sjarmerande, tykkjer eg. også vin, da, sjølv om det av og til grensar til pompøst.

jenter som snakkar med augebryna
som emma watson i dei første harry potter-filmane. ein må berre konsentrera seg om å høyra på kva som blir sagt fordi ein har det så gøy med å følga med på augebryna som dansar.

folk som snakkar på putikken
kvifor ikkje snakka til andre menneske på putikken? eg gjer det aldri, men snakkar jo tilbake om nokon snakkar til meg. i går plukka eg klementiner og ein svenske sa "det er dei mjuke som er gode" og da sa eg "neeei, det er dei harde og blanke som er gode" og da sa han "syns du det?" og eg sa "jahaha. og eg er ekspert" og da sa han "jahaja" også gjekk han.

kva mennesketypar likar du?


these are types of people i like, for example people who aren't afraid to ask questions and girls who talk with their eyebrows.

godt nyttår!


kjelde

eg har jo heilt gløymt å sei det! godt nyttår! eg har ikkje for vane å driva med nyttårsforsett og sånne klisserier, men eg vil likevel nytta sjansen til å sei tusen takk til alle lesarar som gjorde '09 til eit fint år. tusen takk for alle kommentarar og mailar og brev og til alle som har stoppa meg på gata. de kan redda dei dårligaste dagane og få magen min til å føla seg som ein varmluftsballong, skjønnar de eller?

og no tar me ein hjartesmilblogg'09-kavalkade. kva likte de best gjennom året som gjekk og kva vil de ha i det nye året? ein ypperlig sjanse til å vrenga hjartet, eg blir glad for alle idéar(konkrete eller ikkje) og tilbakemeldingar eg får. ei evaluering, om du vil. sussar til alle! de er nydelege.


i just want to wish all my readers a very happy new year and thank you so much for all the love in the previous one.

morgon.




trehundreogsøttito kroner i buss, hundreogførtitre kroner i taxi og sju timar seinare er eg framme i oslo. i leiligheten. og den luktar av han og det er ganske kaldt her. og eg lurer på kva dei på 1881 tenkjer når dei får søk klokka fem der det står "taxi oslo" og to minutt seinare ein frå same nummer der det berre står "hjelp" (noko gale med mobiltelefonen min og eg holdt på å frysa ihjel når eg ikkje fekk ringt etter taxi). i postkassa låg det postkort og ein pakke frå ei som heiter kristine. der låg denne fantastiske kjærleikpåpinnen. takk, kristine! den får bli frukost før eg legg meg(eg et den no, den er veldig god). imens ser eg powerpuff-jentene. morgonsuss!


i'm finally back in oslo and it's really too early to think let alone write.

mitt totusenogni, september til desember.

september

i september byrja eg på skulen og i september hadde eg åleinefredagar.

trine marie og kjærleiken var på spontanpusøk ein søndag.

me var på søndagsfestar og eg tok bilder under dodøra.



eg fekk finast pusøk av vidaregåande-venner og det var ei himmelsk helg.

me åt lange frukostar i helgene.

og eg fotograferte mykje analogt både heime...

...og på skulen.

eg lærte meg å bruka eit analogt mørkerom og det var noko av det beste med heile året.

eg reiste heim ei helg til finaste søstra.

og finaste bestemor.

i oslo fann eg fram igjen bringebærkjolen eg hadde gløymt.

og me var på middagar med sara.

oktober

i oktober var eg og han der fine i stockholm ein liten sving. me var på beyond retro-fest og eg kjøpte mange nye kjolar.

og han fekk så mange kommentarar på at han var fin.

i oktober hadde eg ei veke der eg gjorde ting de ville eg skulle gjera. skreiv til dømes brev.
trine marie var på fleire middagspusøk som heller vart små festar.

han der fine reiste til palestina og eg flytta omtrent inn på pascal med fine folk.

eg fotograferte julie i studio.

og hadde tv-middag med mariel.

så kom han der fine heim og eg var ein veldig glad kanin.

november

i november kjøpte eg ny kjole som fekk meg til å føla meg som ei busk.

me hadde fest for å feira fem år med kjærleik.

eg fann ut at eg for alltid ville ha blomar heime.

og eg fekk nytt hår for eit par timar.

og den styggaste kulaste tekanna i heile verda.

fredrik og janne kom på fyllefest og fredrik laga blomsterkrans.


så var det monki-fest som var ganske så fabelaktig.

desember

i desember var eg på bristol med christine.

laga heimelaga gløgg.

åt lange frukostar i senga i oslo. så reiste eg heim for juleferie.

fekk ny hatt og mange andre fine ting til jul.

og fotograferte i eit basseng.

korleis har året vore?


last part of my '09!