riga!

om nokre dagar pakkar eg ein pytteliten koffert og flyr avgårde til riga! der har eg aldri vore før, og eg lurer på om nokon som har vore der har tips til restaurantar eller kaféar eller berre fine ting å sjå?

i'm leaving for riga this week and wondering if you have any tips?
ein laurdagskveld i elleve bilder.

min laurdagskveld starta med den beste tomatsuppa eg har laga. den hadde raudvin i seg. og mozzarella. og fekk kesam på toppen. ved bordet: meg og janne.

etter maten åpna me ei flaske musserande.

også sang me. masse.

og eg dansa på stolen(eg var dj, me laga den kulaste spelelista på spotify med eminem og d12 og sean paul.)

og me dansa litt til. og litt til og litt til.

så gikk me til kristina der folk drakk vin og spelte bønnespel.

og det fanst sjokoladekake.

og bror hadde det så gøy(tulla, han var sikkert bekymra for curling).

eg tømte ein heil haug bokstavar på golvet til ingen nytte.

så satt eg på kjøkengolvet litt medan birgitta og eirik laga pizza.

derfra hadde eg fin utsikt til rosetten i taket. åh. det er på lista over ting eg må ha når eg og han der fine kjøper leilighet. etter ei stund sneik eg meg heim igjen og vart svindla av ein taxisjåfør. han tok åttehundre fra kortet mitt, frekke dust. i dag har eg ein veldig treig søndag med fortpizza og mad men i senga.
har de fine treige søndagar?

my saturday was tomato soup with red wine, some more wine, janne, going to kristina's apartment and getting scammed by a taxi driver.
vin på det.

min lørdagskveld er lasta med:
♥ supershopping og powerwalking
♥ angst for grünerløkka-polet(ein må sei kva ein skal ha til dei som jobbar der og det stressar meg for eg likar å ta på flaskene)
♥ heimelaga tomatsuppe med raudvin i seg
♥ brente kvitlauksbagettar
♥ meir vin
♥ musserande vin på det
♥ janne(det var tusen ender som satt på isen og sa Æ-Æ-Æ-Æ og det var koselig, dette seier ho no) som er på pusøk
♥ snakk om å vera foreldre og om å reisa med tog og om matthew gray gubler og om at eg drømte sjuke ting før ho kom i dag
kva er din lørdagskveld lasta med?

my saturday is filled with shopping, wine in my tomato soup and wine in my glass and more wine and janne and talking about everything and nothing all at the same time.
kyss.

bileta er linka til kjeldene sine
det kunne vore forsiktig på augeloka eller bak kneet, på håndleddet. det kunne vore på pulten din, på kjøkengolvet midt på natta medan me flytta ord til å passa på kjøleskapet. det kunne smakt peppermynte eller pesto, varmt eller kaldt. det kunne vore heilt under dyna heilt under mørket eller i dusjen. det kunne vore medan eg las ei bok og du låg i fanget og det kunne vore på ein fest i ei framand seng. det kunne vore kva som helst men helst skulle det ha vore akkurat akkurat no. (saknar deg)

about missing my boyfriend(he's not coming home in two weeks) and wanting to kiss. images are linked to their sources.
vårpepp.

bileta er linka til kjeldene sine
vel, sidan det straks er vår og snøen har starta å smelte her i oslo tenkte eg det var på tide med noko nytt å høyra på? så eg har laga ei ny speleliste!
baby it's cold outside
om du ikkje har spotify(kan du senda ein mail til meg, for eg har tre invites), men:

har de andre fine vårsangar?

i made you a new spotify playlist for spring! you can listen to it here. images are linked to their sources.
oh coco.

den siste veka har eg og han der fine sett begge dei nye coco chanel-filmane(coco & igor og coco avant chanel). så. fantastisk. for ei dame. og mads mikkelsen som igor stravinsky. elskar. sjå begge filmane om de ikkje har sett dei. har de sett andre fine filmar i det siste?

this week i've seen both of the new coco chanel movies and i love love loved them both.
om ein.

kjelde
om ein har vore på veldig spennande magasinmøte og vil feira berre sånn litt men ikkje så mykje kan ein godt gå på freia-putikken i karl johan og få ein nougatbit i hånda til to kroner og søtti øre også eta den medan ein går forbi eit skikkelig bra gateband.
om ein løftar augene fra asfalten kan ein sjå damer med hattar som er så rare at dei ser ut som om dei er håret deira.
om ein ikkje vil ha snø kan ein gå i den gata ved lille grensen der t-banestasjonen er og snakka om korleis ein elskar denne byen meir og meir for kvar einaste dag.
om vil smaka litt på våren kan ein kjøpa bouvet rosé excellence, som er min nye favorittvin, ein halvrosa musserande. elskar.
om ein kva da? din tur!

i heart pieces of nougat for three kroner in karl johans gate and my new favorite wine, bouvet rosé excellence!
hjartehopphurra.

kjelde
hjartevår.

i dag letna hjartet mitt endelig. kanskje var det fordi eg drømte så mykje rart og fint i natt eller kanskej fordi den beste venninna i heile vera kom tilbake fra island og låg på sofaen med sin kjære eller kasnkje fordi han der fine har begynt å spela piano-piano igjen og har skrive nydelig musikk i dag eller kanskje fordi eg har ny lausbart eller kanskje fordi det kjem fine folk på pusøk. eg veit ikkje. men i dag fekk eg vår i hjartet og yr.no seier det óg. om ein berre held ut eit par veker til. kva skal de gjera den første dagen med vår? eg skal drikka øl i ein park uansett om det ikkje er lurt.

i'm finally starting to look forward to spring instead of hating winter so much. all images are linked to their sources.
leilighet.
okei, no har eg endelig funne ut at det er okei om de får sjå leiligheten vår. så her er litt bilder av vår runde pyttelille eittroms med betongveggar på grünerløkka. smil.

fra døra og litt til venstre kan ein sjå inn på badet og sko og diana.

fra døra og rett fram ser ein inn i leiligheten.

på bordet har me tulipanar og graslauk og frukt. og bak ei plante som kanskje er død eller levande, det veit me ikkje heilt enda.

her er min pult og mange kjolar og tv. og til venstre ser de synthen til han der fine, den er svær og tar mykje plass, men da kan han øva heime istadenfor å reisa vekk så mykje. så det er fint.

over pulten min har eg calling-systemet og bilete fra berlin. elskar.

her er sofa/seng og skap. skapa er så djupe at folk kan bu i dei. på ordentlig altså. me har dynetrekk fra han der fine sin familie som sofatrekk, det funkar kjempefint. og over der heng mcqueen-tskjorta til han der fine. den kjøpte han dagen etter mcqueen døde, så den får henga mykje til pynt når han ikkje har den på.

her er vårt dvd-tårn, oppå hylla, for alle dei som ikkje får plass der dei andre er. og litt bøker som får stå framme.

under tv har eg jordbærkofferten min og i den store høge hylla står det millionvis av bøker. nede til høgre står studiebøkene til han der fine, om arabisk og musikk, over den står bankebrettet eg fekk av pappa etter han hadde lest naiv.super, og ved sidan av den står mi perfekte stygge fine tekanne.

i ei hylle står ein kartong med vin med ein pingvin på seg.

og ved sidan av pulten min står magasinstativet, som eg elskar.

og ut er det fin utsikt.

til høgre for inngangsdøra er vårt pyttelille kjøkken.

på disken står fine boksar og ei krukke eg har gjort decoupage på. når eg var tolv eller noko. elskar den framleis.

og på kjøleskapet har me nynorsk kjøleskapspoesi og muffins og sommarfuglar.

my apartment!

februarkveldar.

eg orkar ikkje å gå ut. eg har mala leiligheten med bomull og sit midt på golvet med koppar med kakao og episodar mad men og sussar bak på foten og bak øyret og klipper og limer i inspirasjonsboka mi. tør de å gå ut? eller kva gjer de?

i have no lust to move outside this building, so i stay inside drinking hot chocolate, watching mad men and kissing.
i veska mi.

i mi veske per dags dato: olympus 35rc(kameraet som tilhøyrte han der fine sin bestefar som eg endelig har fått til å funka og snart er den første filmen klar!), mac-leppestift, carmex, reservebatteri til kameraet, mini-diana, februar-moleskine, penn, fargetusjar, plastsløyfe i reserve, ysl tresor d'afrique, altoids & cover (mitt beste magasin akkurat no, eg sjekkar narvesen jevnlig for nye). og av og til har eg ipod, men ikkje alltid. også kameraet mitt, da, men det har jo si naturlige forklaring.

in my bag: olympus 35rc, mac lipstick, carmex, spare battery for my camera, mini-diana, february moleskine, a pen, coloured pens, plastic bow, ysl tresor d'afrique, altoids & cover(danish magazine). and sometimes my ipod and always my camera.
made in austria.

min nye cardigan er raud og grøn og blå og svart og kvit og har marihøneknappar og fine kantar rundt seg. kan ikkje de laga historiar om kven som eigde den før?

this is my new cardigan. i need to know who it has belonged to, can't you tell me a story about that?
februar.

me skulle pakka alt me trengte, toalettsaker og reint undertøy, strømpebukser med prikkar på, ti rullar film, så skulle me gått hand i hand til trikken. til flytoget. den første rullen med film tok eg av menneske på flyplassen, folk som var på veg plassar, folk med brennande billettar i lomma, folk som sov. me gjekk glatt gjennom sikkerhetskontrollen, kven skulle trudd at me berre hadde bestilt billettane tre timar før, at me ikkje enda heilt visste at me var der. me kjøpte eit par øl for hundre kroner stykket og drakk den som om det var den siste, heilt stille, overraska over kor fantastisk verda er, at ein faktisk kan gjera sånt berre sånn på sparket. flyreisa varte like lenge som tre episodar how i met your mother, dei samme tre episodane dei alltid har på flya men eg såg dei likevel.

tog. taxi. hotellet var mørkt og skittent men med utsikt over ei gate, ei gate i paris og det var nok. me kjøpte ei flaske vin på putikken på hjørnet, ei pakke kjeks og tyggegummi óg, det var for seint å gå ut, for seint å finna ut kva som skjedde alle andre stadar i byen. me åt kjeks og drakk vin fra flaska i senga, ingen strømpebukser ingen sokkar. men bak augeloka planla eg ein dag i paris, med alle trappetrinn i eiffeltårnet, kyss i ein park(den første me kom over), med iskrem på den lille caféen rett ved pompidou-senteret, postkort til folk som ikkje hadde merka at me var borte, litervis på kaffi og makronar på det óg. du skulle skriva notar på serviettar fordi det ikkje kunne venta og eg teikna flodhestar på baksida av kvitteringar. same dag tok me flyet tilbake, etter berre tjuefire timar i city of lights, for det var akkurat nok til å klara å pusta resten av vinteren, kanskje heilt til slutten av mars kunne ein leva på lukta av gatene og følelsen av brosteinen under føttene. istaden er det minus tusen i oslo, og vinteren ser ut til å aldri ta slutt.

about needing paris if winter plans on staying any longer. images are linked to their sources.
to fine på ein søndag.

ein. i dag møtte eg fine herlige søte marte! me har vore i studio og på fantastisk dårlig café på oslo s(fordi alt anna i oslo er stengt på søndagar, kva skjer med det?).

to. etterpå tok eg trikken til birkelunden og eg og han der fine smatt inn på den lille kokosbollefabrikken før me sprang over vegen og på kino. me såg den nye disney-filmen og herre herre herregud kor fantastisk den er. den er som disney da me var små(apropos: heilt fantastisk å gå på kino der det er mange ungar. det skjedde så mykje søtt og fint i kinosalen i løpet av filmen at eg smelta). og den fekk meg til å felle eit par tårer og det er jo fint. sjå trailer her. me såg den på norsk og den var nok faktisk enda finare, når nora noor hadde stemma til prinsessa. hjarte.
kva er dine to fine i dag?

today i've met marte for the first time, we had a shoot in the studio and went to a café, and then my boyfriend and i saw the new disney movie princess and the frog.
magasin-oppdatering. (warning: tekst)
vel, eg kjem ikkje til å avsløra så altfor mykje enda, for da blir det liksom ikkje så mykje poeng i å kjøpa magasinet. men eg kan sei at så langt har eg veldig mange kjente og ukjente aktørar med i bildet, det vera seg forfattarar og fotografar og kunstnarar og andre fine folk. det blir eit magasin med masse fantastiske bilder og mange fantastiske folk.
eg kan sei så mykje som at eg gir ut dette magasinet heilt på eiga hand, kun med støtte fra venner og kjente til å gi meg idear. eg kjem til å setta saman magasinet heilt sjølv. mange lurer på om eg har kompetanse til det, men eg var grafisk ansvarlig for ein filmfestival i tredje klasse på videregåande og veit dermed mykje om prosessen fra idé til produkt, også er eg jo generelt eit estetisk menneske.
men! det er jo så mange fleire eg vil ha med her, nemlig blogglesarane mine! det er de som lagar hjartesmil og det er de som kjem til å kjøpa magasinet mitt. så:
ein. eg treng folk til å vera med i eit fotopostprosjekt til magasinet. dei som vil vera med kan senda adressa si til mariell.oyre(at)gmail.com.
to. eg er framleis veldig interessert i forslag til kunstnarar/kommersielle fotografar/illustratørar/bloggarar/navn, kva som helst, til magasinet. om du har foreslått nokon før har eg fått det med meg og slått det fra meg, eg er på jakt etter nye navn igjen! pøs på. og om de veit om interessante folk som er på noko måte involvert i nynorsk/skriv på nynorsk, gi meg navna deira. sidan eg er meg blir det jo eit visst fokus på det i magasinet.
tre. om de veit om fine plassar i oslo som kan vera fint for andre å vita om må det berre senda senda senda mail!
og hugs at absolutt alle idéar blir tatt varmt imot, men eg har desverre ikkje tid til å svara på alle mail.

fredagar.

i går, på min siste ordentlige feriedag vakna eg tidlig og låg i senga, veksla mellom å sova og lesa.

så putta eg litt bioq og blåbær + vaniljesukker i ei skål og vipsa.

frukost! smoothie og müsli og te.

så hadde eg på meg mine nye øyredobbar, dei er tekoppar med te og sitronbitar i. har fått dei fra tinytasty, min favorittputikk for augneblinken. dei vart med meg ut på lang tur, opp lange bakkar og ned lange bakkar.

og dette hadde me med oss heim.

midt på dagen fiksa og triksa eg litt og vips hadde eg fugl i håret.

janne kom på pusøk for musserande og kongekrone.

etter det var tomt for musserande gjekk me over til min nye kartong raudvin og dette stod på den. den høyres fantastisk ut og det var den óg.

min nye cardigan og litt vin på det.

janne hadde med seg hello panda-kjeks!

han der fine hadde lærarpusøk med whisky og dei skreiv musikk om byar ein kanskje har vore i.

så vart det dans.

og kvelden slutta omtrent med to boksar ben&jerry's.
no er det laurdag og eg har allereie hatt fotooppdrag sjølv om det var forferdelig å stå opp og sjølv om det er forferdelig vær her i dag. kva gjer de i dag?

my friday was reading in bed, big breakfast, birds in my hair and a whole lot of wine.
fri fredag.

i dag sussar eg og shoppar og drikk vin med janne. janne seier "vinen sprudlar like hardt som fisken susar i vatnet". så veit de det. har de fine fredagar?

my friday is kisses and shopping and wine with janne.
seks dagar i ei notatbok.

fra min februar-moleskine. februar har vore så mykje fantastisk men no er eg ferdig med februar, føler eg. eg er klar for mars.

six pages from my february moleskine.
i min innboks.
hvilken etasje? JEG KOM MEG INN HIHI
julie
ok. jeg vil spille brettspill i fylla.
sara
pascal i henrik ibsens gate er åpent til 2300. ha en fortsatt fin dag! hilsen 1881
1881. <3
sjekk ut octahedron av mars volta og heavy metal fruit av motorpsycho. gje dei minst to gjennomhøyringar. nyt den ferske frukti.
pappa
heihei, har dere lyst på modellbesøk halv 8? etterfulgt av HALLO I LUKEN
julie
ja eg ringe på søndag det var kjempefint å få kort fra deg eg er glad i deg.
mormor
eg ser ut som ein alkoholikar. <3
han der fine
haha good news: betjenten trudde bankkortet mitt var ungdomskort og eg fekk gratis reiiiiise!
fredrik
er det bente som er ute er det melkehvitt? etterfulgt av FAEN.
julie
haha, jeg fant en av kjærlighetene fra monkifesten i veska mi. jeg trodde jeg mistet den i all min fyll!
ina
jeg er hos broren til jenny, ti, femten minutter unna dere. bare si ifra når jeg må komme hjem, kjære mamma og pappa.
eira
GRATIS BOLLA PÅ OSLO S!
christine
grünerløkka ligger langs akerselva. grünerløkka fikk sitt navn etter myntmester friedrich grüner som kjøpte nedre foss mølle i 1672 av kong christian v. kilde: wikipedia. adam hjelper deg gjerne igjen.
2326
du er veldig vakker, veit du det?
han der fine
åh, elskar å lesa gjennom innboksen på mobilen min. tenkte kanskje de syns de óg? suss.

text messages on my phone!

fam irvoll, eg elskar deg.

(denne kjolen skal eg ha)

barnekolleksjonen. <3

sirkus. <3

ballongar. <3

from fam irvoll's show on oslo fashion week last night.
kryp.

eg kryper straks i seng etter sju timar buss, ein porsjon kyllingsalat, fam irvoll på ofw(herreherregud, bilder i morgon), pasta pesto og bustehår og gler meg til monsternattekos og lang morgon og meir oslo fashion week! åh, livet er herleg. og berre så de veit; me fekk fem tusen til magasinet fra trafo. no treng me berre tre gongar så mykje til også kör vi. om de vil kan eg skriva ei lita oppdatering om magasinet ein dag snart? tusen sussar, de er finast.

my day has been seven hours on a bus, chicken salad in a hurry, fam irvoll on oslo fashion week, pasta pesto and my hair looking all halloweenie.
god morgon-suss.

kjelde
eg har sove fem timar i natt, men om to timar tar eg ein buss tilbake til byen der eg skal lukta på nakken til han der fine i kveld. å køyra buss er kjedelig men ikkje om de vil køyra med meg. i natt drømte eg om eit stort eventyrslott der eg budde med fjorten pandabjørnar som berre ville eta polkagrisar heile dagen. kan ikkje de fortella meg kva de drømte i natt? det treng ikkje å vera sant heller, berre fortell meg noko som er fint.

today i'm going back home to the city where my boyfriend's neck is. <3
.
når eg blir bedt om å skriva om saker og ting på bloggen har eg eit par kriterie som må vera oppfylt for at eg skal visa det fram til alle som leser her. ein: det må vera noko eg finn interessant(hudproblem og onepiece tykkjer eg er så bånn at eg ikkje svarar på mail om det eingang). to: det må vera noko de finn interessant. tre: det må kunna vera full åpenhet om forholdet til dei eg skriv om, altså at de, lesarane skal vita at eg blir sponsa av aktørane. (berre så de alltid, alltid, alltid veit at eg aldri er ute etter å lura nokon som helst.)
her ein dag fekk eg ein mail med forespørsel om å skriva om linja eksponeringsdesign på westerdals, og eg tenkte det kunne vera interessant no i desse sluttepåskulensøkesøkesøkeangst-tider. eksponeringsdesign handlar rett og slett om å læra seg å bygga kommersielle eksponeringar, om ein kan seie det sånn. altså, dei som fiksar romma på ikea så dei blir heimekoselege(eg hoppar i sengene der når ingen ser berre så de veit) eller bygga utstillingsvindauge på glasmagasinet. sånne ting. og det tykkjer eg høyres så innmari gøy ut, gjer det ikkje? om de trykker her får de tre søte filmar og meir informasjon, og de burde absolutt sjekka ut dei andre linjene til westerdals óg, det er ein veldig bra skule. (også har dei øl i kantina, har eg høyrt)

biletet er linka til kjelda. dette innlegget er sponsa av westerdals school of communication.

about a norwegian school called westerdals school of communication.
kom vår.
altså, de veit jo at eg alltid prøver mitt beste for å vera positiv og holda motet oppe uanuanuansett. men no er eg så trøtt og lei av kulde og mørke at eg har bestemt meg for at det ikkje er kaldt ute. det er ikkje mørkt.

det er varmt og me går langs ei elv og inn i ein skog der me finn eit drivhus.

me et snop på laurdagsfrukostar og les heile aviser.

me pakkar saman skattar og draumar i koffertar og flyttar ut i telt for eit par veker, i våre to soveposar som kan stiftast saman til éi stor kengurulomme.

me plukkar blomar i vegkanten og dei ser finare ut enn noko kjøpebukett nokon gong kunne.

og eg får ikkje sova men det går bra for døgnet er rundt.

så da ser eg favorittfilmane mine istaden.

og det er akkurat varmt nok i været til at det ikkje er klissete eller kaldt å ligga tett uten klede.
er det ikkje herleg, finingar?
alle bileta er lenka til kjeldene sine.

i have decided winter is over. it is spring! all images are linked to their sources.

suss.

om ein tar ei klesklype og lagar skuggar på ein duk kan det fort sjå ut som to bjørnar som sussar. berre så de veit.

shadows of bears kissing.
mozart & the whale

mozart and the whale er ein film som handlar om kjærleik og autisme. to av mine favorittema i heile verda for film og bøker. hovudpersonane har begge asperger syndrom(som er ein form for autisme, i tilfelle de ikkje visste).

isabelle er ein heilt fantastisk figur og ein må berre elska ho og måten ho tenkjer og oppfører seg på.

og josh hartnett spelar autist heilt fantastisk bra. og eg trudde eg aldri skulle lika han noko særlig. donald er savant og kan alt om tal. donald: turns out you can't control people. or even predict them. numbers are different. as i used to say, you can count on them.

donald, som han heiter, er the whale.

og isabelle er mozart. han kan alt om kvalar og ho kan alt om mozart.

og kvar gong eg såg kvalkostymet bakfra måtte eg le høgt for meg sjølv.

isabelle malar.

og skriv notar samtidig.

og donald har seks fuglar som er dei beste vennene hass som han snakkar til som om dei var menneske. heilt fantastisk fint.

donald: at my interview with IBM after i graduated college, they asked me what my plans were, and i said, "probably go to mcdonalds for a 12-piece mcnugget and two cheeseburgers, and then do my laundry."

donald ledar eit gruppemøte for autistar ein gong i veka. og eg elska elska elska det fordi det illustrerte så fantastisk fint kor forskjellige autistar er. at ikkje alle gyngar på benkar i sentrum, men at nokon gjer det. at ikkje alle med asperger er mattegeni og korleis det er forskjellige måtar å vera autist.

isabelle: you can't disappoint me, because whatever you are is exactly what i want.

isabelle: i hated you for not calling. because you were always gonna be there, and when you weren't, it was as if you didn't love me anymore.
donald: so go home, i'll call you.

sjå den med blåbærsmoothie og fine personar. om du lar den, kan den gi deg varme i hjartet og ting å tenka over i fleire veker framover.
har de sett fine filmar i det siste?

my new favorite movie: mozart & the whale.
søndagar heime.

søndagar heime med fastelavnsbollar.

og kjæreste som elskar krembollar.

og krem på nasen.

og pappakrem på nasen óg.

og mamma som strikkar luer.

og lilla tunge av blåbærsmoothie og fantastisk film på natta. elskar.
i dag prøver eg å overbevisa mamma om å strikka luer eg kan selga for ho her på bloggen(hadde ikkje det vore fint?) også prøver eg å psyka meg opp til ein fiskemiddag. kva prøver de i dag?

my sunday was buns with whipped cream(tradition) and a lot on our noses, trying out hats my mom is knitting and getting my tongue purple from blueberry smoothies in the middle of the night.
hjarte.

i går sov me lenge. så kom fredrik og eira rekande, og me gjekk inn til sentrum.

men først! marita-putikken der eg ikkje fann noko men heller ei leitte.

så sa me farvel til eira i ei rulletrapp(velkommen tilbake!).

etter å ha vore dj på eplehuset i ein halvtime i kø tok me trikken til frogner.

og desse vart med heim(no seier dei hei korleis går det, fint å sjå deg igjen når eg kjem inn døra. smelt.)

me sprang nesten med rollerblades heim for å laga mat og drikka den nye tranebærcideren til somersby. mmnam.

og christine hadde blitt ein leopard og ville ha mat fortfortfort.

mmmmmums.

til dessert åt me dei nye kjeksa som heiter dots som smakar oreos men da kan ein jo ete oreos. på ein måte.

og makronar! eg hadde chilisjokolade, sjokoladekaffi og kvitsjokoladevanilje. åh.

etterpå kom krøll og julie og marian fra klassen min.

mens eg stakk av med ein buss til alexander kiellands plass med rosa kjærleikspakke berre i hånda.

der var ina på ein snurr! ho feira purstag og fekk pentax-kamera og solbrillepin av meg.

og ho var veldig mønstrete.

og hadde det finaste smykket.

så gjekk eg heim aleine og det var glatt og skummelt så flaska med sprite var utrygg å åpna.

så spelte me litt og sang.

og han der fine og marian diskuterte barn og skule og hundar og sånn.

så dansa me og på eit eller anna tidspunkt sovna eg i lykkerus medan dei andre laga graut med kanel og sukker. fantastisk fest og fantastiske folk. no er eg heime hos mamma og pappa og her skal eg vera i eit par dagar. lesa bøker og sova og klappa hund og klemma bestemor. håpar de har fine søndagar og hadde like fine laurdagar som meg.

my saturday: beautiful people, macarons, nachos and a wonderful party at my house.
<3
me pussar tenner samtidig og eg spyttar på tannbørsten din og seier ops men da tar du min istaden.
fredag uten ansikt.

fredag var pappa på plaza hotell.

og lammekjøttbollar.

og nye blomar.

og brownies i ein taco-boks.

og føtter i sofaen.

og tre tannbørstar i koppen.
hadde de det fint? no er det laurdag og det er sooool!

my friday looked like this.
min fredag er lasta med.

♥ pappa-pusøk.
♥ naan-brød.
♥ plaza hotell.
♥ christine i senga.
♥ nye tulipanar.
♥ lammekjøttbollar og pasta.
♥ film.
♥ kjærleik.
kva er din fredag lasta med?

my friday is: my dad in oslo, naan bread, christine, meatballs, movies and love.
ei natt observasjonar
nulleintjuefem: lyset treff gardina og den triste planta, dei dannar skuggar i taket så mjuke så det føles som nokon har åpna ei dyne og tømt alle fjæra i ansiktet på deg, han kyssar meg og mumlar. nulleinfemtiseks: han merkar at eg har flytta meg og flyttar seg etter og sjølv om det gjer det vanskeligare å spela tp på iphone går det greit fordi han treng meg så inderlig til og med i halvsøvne. heliumballongen flyter rundt i eit slags mellomstadie, ikkje fugl ikkje fisk. nulltofjorten: brenn meg på tuppen av tunga, litt til venstre, har ingen honning i teen men sitron. det syklar ein mann forbi, eg håpar han skal på arbeid og at ingen han kjenner har det vondt. nulltoførtitre: tre politibilar med sirener utan lyd køyrer fort forbi og eg lurer på kva som skjer, kvar det skjer, om borna ligg trygge under dyner med hannah montana på og eg trur det, men langt baki hovudet spelar eit scenario der folk skrik så altfor høgt at eg må lukka augene men da skrik dei høgare så eg nynnar istaden. nynnar. nulltrenullto: to menn går gjennom parken, eg har døra open og det er altfor kaldt. dei set seg ned på ein benk og eg ser ikkje heilt kva dei gjer så eg finn fram telelinsa. dei har narkotika og det ser ut som dei har det fint. men kaldt. eg håpar dei finn ein varm stad å sova i natt. nulltretjue: ingenting skjer. eg lurer på kvifor alt ser svart og kvitt ut når det er mørkt sjølv om eg veit svaret. det er finare å grubla på ting ein ikkje kan svaret på. eg tenkjer på at eg håpar det ligg post i postkassa i morgon og at eg får smil fra framande. nulltreførtiåtte: han er varm og eg er kald, han krøllar fingrane rundt skuldra mi når eg kryp inntil og han mumlar koselydar og veit at eg er der. han held rundt meg og det føles trygt som om han var ein kengurumamma og eg låg i lomma, de veit.

about not being able to sleep and things that happen outside my window in the night-time.

about not being able to sleep and things that happen outside my window in the night-time.
tristesspai.

eg lagar middag og blir plutselig slått av ein sånn voksande tristhet i magen når eg innser at paien eg lagar ser ut som ein liten dal der alle trea berre har falt overende og ikkje klarar å komma seg opp igjen. neste gong eg lagar pai skal alle få stå oppreist også kan ein le litt medan ein et og ser inn på alle trea som står.

while making pie today this made me very sad. poor fallen broccoli trees.
tulipanflekkar.

i går, etter eg og julie hadde gjort dette til ymse grand prix-songar og hits fra barndommen i ein time kom krøllesara og me reiste ut for å eta etter eg og julie hadde opptredd som piano- og syngedamer.

me reiste på daqota!

hei, sara!

me åt burgerar og snakka om at eg og julie ikkje likar blitz sjølv om sara har kjøpt seg ny.

hei, meg. takk, julie.

så hoppa me heim til snart døde tulipanar.

og raudvinsflekkar.

fine sara.

han der fine kom heim på eit tidspunkt og snakka om partiledarar og taktikk og statistikk og eg nikka. masse.

hei, meg. me satt ved bordet og litt på golvet og snakka om kor fint det er å ha festar på onsdagar og ikkje bry seg noko særlig om verda rundt oss.

og julie filma meg medan eg prøvde å synga så surt eg berre kunne til årets grand prix-hits.

og vips var klokka masse og julie fekk ei seng på golvet og eg måtte stå opp klokka fem for å drikka eplejus av kartongen. og i dag har eg fri men vart frastjelt mobilen min så eg er fnurt.

yesterday we celebrated our wednesday night tradition of getting drunk on red wine and conversation.
framtid:
pastellgrøne skyer over eit teppe i hagen, blautt og klissete fordi det ligg små vassdropar i lufta, akkurat nok til å gjera ei sommarnatt utholdeleg. du set deg opp på albogane så du ser litt viktig ut og nynnar på ein song du har skrive for lenge sidan, eg nynnar med og du blir alltid like overraska over at eg faktisk kan dei. eg kan dei, eg har høyrt dei millionar gonger, dei spelar på repeat i hovudet. me går på eit galleri og skjønnar ingen av bileta så me går på handikapptoalettet for å kyssa istaden, du løftar kjolen min akkurat nok til at eg blir beskjeden og me går tilbake til utstillinga, latar som om me har sett alt før, som om me har champagneglas i hendene. går som om me er redde for å snubla overende med ti centimeter hælar, men eigentleg går me berrføtt med skoa i veska. eg kviskrar "ikkje dø" kvar gong du går heimefra fordi eg meinar det og du veit og skjønnar at eg meinar det så du held hånda over hjartet mitt lenge nok til å kjenna at det slår kanskje tre gonger, lenge nok til eit kyss. du står i kjøkenet og kokar pasta. du gløymer deg og tømmer varmt vatn på foten og eg skyndtar meg for å blåsa blåsa blåsa også et me middag der, uten sokkar og strømpebukser, på golvet på kjøkenet, berre pasta og ketchup og alt anna i rekkevidde. eg er hysterisk for noko du ikkje fekk med deg men du held meg så hardt så det ikkje blir rom til å vogga fram og tilbake og du forstår ikkje kva eg seier fordi eg snakkar i gåter men du forstår akkurat nok. me har latterkrampe på golvet fordi eg brukar dei siste pengane eg har på vin, fordi det er så altfor typisk meg og det har blitt så typisk deg å berre le og påpeika at når me blir voksne nok skal eg berre få lommepengar(akkurat nok til eit par glas om dagen, du gjennomskuar meg når eg har lilla tenner). eg teiknar rebusar på ryggen din medan du søv og når du vaknar løyser du dei spegelvendt på badet og ler høgt for deg sjølv så eg vaknar.

love love love.

love love love.
se min kjole, pt. tusen.

sånn ser eg ut i dag når eg hentar film fra framkalling og går ut med fine folk, med min splitter nye gamle kjole. den har fått henga i skapet litt fordi glidelåsen ikkje ville heilt opp sist gong, og ein skal ikkje slita i gamalt tøy men heller gå litt meir og eta meir epler og vips så passa den óg. den kjøpte eg i berlin i kilopris og putalte heile fire euro for den! cardiganen er acne, sløyfa er fra etsy og fisken har janne hekla til meg.

this is my new old dress from berlin!
reprise: hjertermamma.

i oktober 2007 våkna eg av ein telefon frå ei bestemor som kunne fortelja meg at min mamma hadde blitt sendt i luftambulanse til haukeland sjukehus. for ho hadde hatt eit hjarteinfarkt. min mamma låg i koma i 18 dagar. 18 lange sjukehusdagar. eg hugsar andrè bjerke-diktet på veggen på intensiv-avdelinga, som seinare har vorte mitt favorittdikt, og pappa som tok opp leselysten. han satt ved senga hennar kvar dag og kyssa ho på augeloka kvar morgon i håp om at ho skulle vakna den dagen.
eg balanserte mellom å vera husmor heime medan eg skulle vera elev på fulltid, eg farta fram og tilbake frå sandane til årdal til bergen, frå han der fine til søster til pappa og mamma, og gjorde mitt beste for ikkje å knusa i tusen bitar. for det har eg lært av min mamma. også ein dag vakna ho berre.
det er så viktig å støtta forskning på hjarte- og karsjukdomar for kvinner. så ikkje fleire 17 år gamle jenter skal vera redde for å mista mødrene sine. så me kan bli tatt på alvor. lhl har akkurat no, som i fjor, ein kampanje som heiter hjerterdamer. kampanjen skal gi støtte til forskning på og vissheit om kvinnehjartet. det kan du støtta ved å kjøpa ein kjole-pin på apotek1, meny eller kappahl. det kostar femti kroner og det har alle råd til. for me har ikkje råd til å ikkje gjera det. i alle fall ikkje eg. også får ein gå med kjole på kåpa si òg!

about my mom having a heart attack, try the google translator.
dagens middag.

i dag hadde me pasta carbonara på våre nye gamle middagstallerkar.

vops!

han der fine brukar skjei men eg brukar berre gaffel.

og dessert: kirsebæryoghurt(noko av det einaste eg klarar å eta på grunn av penicillinen) i mi nye finaste skål.

this is my dinner today: carbonara and for dessert cherry yoghurt.
i natt.

i natt, medan de sov, satt eg på baderomsgolvet og fotograferte med photobooth. til kva? kanskje de får vita, kanskje ikkje. kva drømte de om i natt?

last night i photoboothed in my bathroom.
på veg.

i dag tok eg ein heil diana-film på veg til skulen. etter skulen framkalte eg den, og her er tre ruter. versågod. kva delar de med meg i kveld?

i shot a whole roll of film on my way to school today.
krysse knær fingrar tomlar tær
to fine ting:

ein. i dag har eg kjøpt meg ny tannkost. eg elskar å kjøpa ny tannkost. den er rosa og har blomar på seg.

to. i postkassa mi i dag låg det eit fint brev og eit lille larven aldrimett-kaleidoskop! takk, fine marie-louise!
og ps: no tykkjer eg at de skal kryssa alt som kan kryssast for no er søknaden min hos trafo for alvor under vurdering. kryssar de kryssar de kryssar de?

today i bought a new toothbrush and someone sent me a a very hungry catterpillar-kaleidoscope!

snop-søndag.

i går kom sara til meg for å ha laurdag. eg var nemlig superkvalm(penicillin, blæ) heile laurdag, så me såg film og begynte med kvit sjokolade med tørka bærbitar i. kjærleik.

fra sofaen hadde me utsikt til toppen av tv-en. med fine tulipanar på.

eg fekk ingefær-øl.

og ei heil skål med snop.

sara var superfin med raude lepper og perler.

og sara hadde kjøpt ein ny tulipanmuffins som var gulrotkake samtidig.

sara matcha skjei og kjole.

heilt til slutt delte han der fine opp ein pomelo som var søt og sur samtidig. herleg søndag.
hadde de laurdag på laurdag eller søndag?

yesterday i had saturday on a sunday with candy and movies.
natt.

kjelde
i kveld har eg jobba i timesvis med magasin og formalitetar. snart skal eg sova i hundre år og da skal eg drøyma om kvalpar som aldri blir vaksne og om makronar med mintsjokolade og om ostesmørbrød som lagar lyd når ein tygg inn i dei men er heilt mjuke inni. tusen nattasussar.

i have been working with my magazine project this evening, and now i'm going to bed and hopefully i'll dream of mint chocolate macaroons.
laurdagsmiddag.
prikkar og striper og blomar.

i dag hadde eg ein kjip laurdag. den vart fort betre med nye serviettar.

og kjærleik på pinne.

og ny ladning fra tronsmo.

og nye kjøkkenklutar fra rice!
har de unna dykk fine ting i dag? eg håpar det.

my new purchases today.
tulipanfredag.

i går våkna eg til at han der fine hadde kjøpt tulipanar til meg. han er det finaste eg veit, finare enn tulipanar. da tenkte eg at det var fint å laga ekstra fin kveldsmat, og det skal de óg få gjera.

eg laga kjøttbollar(om du bur i oslo har eg eit stort fint tips: kjøttbasaren i kjellaren på gunerius på brugata. der kjøpte eg lammekjøttdeig, trehundre gram for atten kroner. billig og veldig bra. også har dei karbonadedeig til samme pris). du treng kjøttdeig(alle typar funkar bra, men eg likar best lam), eitt egg, kvitlauk, ein halv middels lauk, kesam og litt mjøl.

finhakk lauken(eg brukte berre ein halv men eg skulle ønska eg brukte ein heil) og press to fedd med kvitlauk oppi til kjøttet. ei spiseskjei kesam, salt, pepper, egget oppi også brukte eg litt pesto(ei halv teskjei). ein kan setta til andre smakar om ein vil det óg. så kjem det eit anna supertips: om ein brukar vatn i hendene mellom annakvar kjøttbolle blir dei glatte og fine og runde uten at du får kjøtt mellom fingrane.

så fine blir dei da. så må ein steika dei på lav varme(til og med mindre enn middels varme) i litt olje og ein må konstant passa på at dei ikkje blir svidd, så det er viktig å snu dei ofte. mine vart perfekte, altså. (ps: det er eit lite fat på biletet, i tilfelle de blir forvirra av proporsjonar)

til desse bollane kan ein ha kva som helst. verkeleg kva som helst. dei er supre med tagliatelle eller pappardelle eller spaghetti og tomatsaus heilt enkelt, men me ville ha det litt meir orientalsk(han der fine saknar palestina så innmari, så det skal han få). eg kokte couscous og han tok over kjøkkenet for å laga salat og saus.

i mellomtida dekte eg bordet. eg blir så innmari glad av tulipanane mine at eg ikkje orkar å snakka om det eingang.

sånn såg det ut til slutt! med litt yoghurt naturell i ei lita skål. sausen smakte deilig kardemomme og salaten er heilt enkelt agurk og tomat.

han der fine planlegg korleis han skal laga tallerkenen sin.

medan eg meir kastar det på.

og eg var ganske glad og mett etterpå.

til dessert laga me noko heilt nytt, fordi det har komt vanlig skyr i putikkane no. så skyr+syltetøy=suksess. veldig enkelt og veldig godt. me såg på gullfisken og taking lives og kosa i sofaen til me vart lilla.
hadde de fine fredagskveldar? i dag er ein kjiplaurdag så langt, for fotograferinga eg skulle ha vart avlyst(god bedring, ingrid!) og no veit eg ikkje heilt kva eg skal gjera. men klokka er jo berre tolv. eg får gå ut på eventyr.

my recipe for meatballs, email me if you want the recipe!
filmar eg ikkje har sett men vil sjå.

la den rette komme inn.

in the mood for love.

adam. adam er autist og det finst så få filmar om det, så eg gler meg ein million.

coco før chanel. eg tør ikkje å sjå sånne filmar på kino fordi eg er så altfor redd for å bli skuffa. men eg skal, eg skal, lovar.
har de sett desse? eller finst det andre filmar de vil sjå?

four movies i really want to see.
flink.
![[gickr.com]_bcd6a6a9-1153-5514-8d2f-059b7196a5a7](http://farm3.static.flickr.com/2690/4331565016_6dc4a05c6b_o.gif)
i går kveld var eg til tannlegen. eg er kanskje redd for syklar og for alle framande menn, men tannlegar. tannlegar er eg mest redd for i heile verda(da meinar eg redd, typ kaste opp og bite i leppa til eg blør-redd). etter ei heil natt med googling(eg fant til dømes ein mann som hadde hatt litt vondt i tanna og det endte med at han måtte operere vekk halve ansiktet) måtte eg berre reisa til tannlegen. førtifem minutt(boring og rotfylling og kos) i ein stol med ei superdupersøt dame får meg til å tenka at "herrejemini kva er eg redd for tøysejente". på andre sida av døra sat den finaste eg veit klar til å susse på nasen og holda kvitteringar og reseptar på smertestillande og pennicillin. så i dag tenkjer eg at eg skal få lov til å unna meg ein ny blomsterbukett. fordi ein ikkje treng å vera liten for å trenga belønningar når ein føler at ein har mestra noko. og litt fordi det er fredag.
kva unnar du deg i dag?

i finally went to the dentist yesterday(my biggest fear in the entire world), and i feel like fresh flowers would be a nice treat. after all, it's friday.
c!
chantal michel

chantal michel var nok min første favorittfotograf. i dag har eg mange andre, men det er fint å tenka på at eg nok ikkje hadde vore den samme personen i dag om det ikkje hadde vore for ho.
coco chanel

altså, finst det nokon meir elegante og kule damer i verdshistoria før eller etter coco chanel?
creme brulee

akkurat no har eg så sjukt lyst på creme brulee heile dagen heile tiden, sjølv om eg nesten aldri har ete det.
champagne

det er liksom noko med det å ha ei flaske champagne ståande berre i tilfelle nokon skulle ringa og sei hei du får fem millionar av meg huuura! ikkje sant?
criminal minds

criminal minds er min favorittserie. eller, delt førsteplass med pushing daisies. matthew gray gubler + seriemordarar = <3.
kva er dine c'ar?

these are my c's: chantal michel, coco chanel, creme brulee, crimina minds and champagne!

onsdagar.

i går etter ein forferdelig dag kom sara.

og julie til meg.

han der fine snurra pizzadeig.

og julie og sara redigerte bilder.

og eg laga fluktplanar med sara sitt kamera(me elskar kvarandre. sparing tar altfor lang tid).

etter altfor mange timar hadde me ferdig pizza og den var så altfor god. med kesam-saus og valnøtter.

julie las i ei av dei finaste bøkene eg veit om.

og eg leikte med min nye fisk fra janne.

det gjorde han der fine óg.

her var det ingen musikk.

eg har framleis ballongar i taket etter fotograferinga mandag(fredrik mista den siste på vegen).

me reiste på daqota.

der sara spelte piano på iphone.

og me drakk sjokolademilkshake og tropisk smoothie.

og før eg la meg inhalerte eg smertestillande som hjalp til kanskje klokka fem og da måtte eg ta nye og da var det tomt. eg skulle ønska me levde i ein verden uten tenner. og kanskje er eg ei tann mindre i morgon.

yesterday julie and sara came over for pizza and wine and we had chocolate milkshakes and smoothies and pain killers for supper.
fisk.

meg og julie og sara med min nye fisk som janne har hekla til meg. kjærleik. har de fine onsdagskveldar?

me and julie and sara with my new fish!
magasinhjelp.
okei, så de veit vel alle om magasinet no? det byrjar snart å ta form og eg vil gjerne at de skal vera med så mykje som de kan i prosessen fram til magasinet, komma med innspel til ting som er fine å ha med, men óg at eg kan spørja om ting og i dag spør eg om:
- eldre par: er det nokon som kjenner eit eldre par eller to som kunne vore fine å intervjua om kjærleik? send meg ein mail med litt info om dei og kontaktinformasjon på mail.
- leilighet: er det nokon som har eller kjenner nokon som har ein skikkelig fin leilighet eller hus(kanskje med eit skikkelig fint par)? skulle likt å laga ein interiørreportasje.
- frukost: frukost er mitt favorittmåltid om eg faktisk et frukost, og eg tykkjer de skal senda meg bilder av frukostane. helst store filer og helst litt gjennomtenkt.
- tekst: dei som har sendt meg kommentarar og mail om at dei gjerne vil skriva tekst om kjærleik, vil eg anbefala å berre skriva noko også senda meg på mail i og med at det er vanskeleg å plukka ut ifra alle som seier dei gjerne vil skriva.
- tips: tar imot alt av tips om kjærleiksbøker og -filmar eg kan lesa og sjå til magasinet. og generelt alt av tips til folk eller bedrifter eller kva som helst ein kan skriva om, og kanskje til og med annonsørar som hadde passa bra.

elise.

modell: elise. stylist: fredrik. for oppdrag, send mail til mariell.oyre(at)gmail.com.
fire favorittar fra fotograferinga i går. så fantastisk gøy. det nest siste kjem eg til å skriva ut enormt stort og henga opp på veggen.

from my shoot yesterday
why are you wearing that stupid man suit?

som femtenåring var donnie darko min fiktive kjæreste. me var perfekte for kvarandre. passe på utsida av verda og psykisk sjuke, begge to. eg tullar ikkje når eg seier at eg har sett donnie darko seksti gongar. og kjærleiken gir meg gåsehud kvar gong, for dei er så perfekte og dysfunksjonelle og han er så sjuk at ein ikkje heilt forstår det før på slutten når ein har sett den tjue gongar. her er litt bilder og sitat:

(maggie og jake gyllenhaal spelar mot kvarandre som søsken og ho er så innmari flink.)

gretchen: you're weird.
donnie: sorry.
gretchen: no, that was a compliment.

donnie: i made a new friend today.
dr. lilian thurman: real or imaginary?
donnie: imaginary.

donnie: why do you wear that stupid bunny suit?
frank: why are you wearing that stupid man suit?

donnie: how's it feel to have a wacko for a son?
rose darko: it feels wonderful.

(drew barrymore. <3)

gretchen: my mom had to get a restraining order against my stepdad. he has emotional problems.
donnie: oh, I have those too! what kind of emotional problems does your dad have?
gretchen: he stabbed my mom four times in the chest.
donnie: oh.
har de sånne filmar som vart definerande for korleis de er i dag?

i <3 donnie darko.
ting som skjer medan ein søv.
(
eit lite innblikk i korleis settet vårt såg ut i går. me hadde tre heliumsballongar, men fredrik mista ein på vegen heim. lo meg ihjel.)
dei to siste dagane har vore sinnsjukt travle og i natt var eg så sliten at eg trudde eg kom til å gå ifra kvarandre. når adrenalinkicket hadde gitt seg, sjølvsagt. i dag skulle eg henga bilder på veggen på skulen og ha gjennomgang der eg skulle kjempa med nebb og klør for å forsvara kvifor eg hadde gjort som eg hadde gjort. sånt som ein både gruar seg og gler seg til, de veit. men eg våkna med migrene og halve ansiktet mitt er dobbelt så stort som resten på grunn av ei tann. så eg våkna ikkje før no, klokka fire, og da har det skjedd to store ting heilt medan eg sov:
♥ eg har vore på tv. eg og hedvig gjekk gjennom karl johan i går for å kjøpa helium-ballongar på standard og vart stoppa av god morgon, norge (me skreik "neineineineinei først", men det var ikkje hjelp i). eg er meir enn middels glad for at eg slapp å sjå det sjølv.
♥ eg er plutselig på topplista? ojda. på grunn av all linkingen fra finaste elise, og det går nok over om ei veke, men det er ganske gøy likevel. (fotograferinga gjekk forresten kjempefint, og eg er ganske stolt av bildene. eit av dei kjem eg faktisk til å henga opp på veggen. de får sjå dei etter elise har lagt dei ut sjølv)
kva har skjedd i livet ditt medan du har sove i det siste?

today, while i have been sleeping, this has happened in my life: i have been on television and publicly admitted my fear of bicycles, and i have joined my blog portal's top list(which i'm sure will pass in a few days).

behind the scenes.

i dag finn de meg her.

med desse.

og desse. (fredrik og elise)

og desse.

today i'm shooting elise with fredrik as my stylist!
helga i mat.

helga byrja med fullkornswraps. me hadde eit lite eksperiment der me brukte bulgur som kjøttdeig for tacokrydder, og det funka ypperlig. veldig bra veggis-tips, altså!

laurdag ved middagstid rører han der fine i ei panne medan han les bok.

og han er fin fra alle vinklar.

han laga graut. me har nemlig ein avtale om at om han får graut kvar laurdag får eg makronar kvar laurdag. ein ganske ålreit avtale, tykkjer eg.

på kvelden laga me salat med snø! tulla, det er feta.

på toppen fekk salaten rista mandlar og med naan-brød til.

og i dag åt eg middag åleine så det vart spaghetti med tomatsaus(ein boks hakka tomater, ein lauk og ein fjerdedels blokk feta-ost(eller éi heil sånn blokk fra apetina) kokast opp og mosast med stavmikser) og masse pepper på toppen. mums!
korleis var maten i helga di?

this is my weekend in food: whole wheat wraps with bulgur on friday, rice porridge on saturday, chicken feta salad on saturday, and spaghetti with tomato and feta sauce on sunday. yum.