fredrik og janne, une.

helg.
fredag kveld kom fredrik og janne. me bestilte pizza og åt den mens me drakk treeurosraudvin og snakka om paris og om livet. etter det kom derek heim med sin kompis kentaro.

helg.
janne prøvde kentaro sine briller.

helg.
og var ganske så fin og me har snakka om det heile helga at ho burde få seg briller.

helg.
her er kentaro. han er usynlig på internett og dermed sjølvsagt veldig fascinerande. derfor kan ein ikkje sjå han egentlig i bildet, for han er usynlig. han er blitt min homeboy óg no.

helg.
var så fint å ha janne i paris.

helg.
og sjølvsagt fredrik óg. her lagar han nattmat, som var tapas av knekkebrød og chevre og eg filma han og lo og lo og lo med raudvinstenner.

helg.
morgonen etterpå syntes fredrik at han fortjente ei lita kake, så da åt han den mens eg og janne såg på og spurte han spørsmål om kor saftig den var og kva den smakte.

helg.
me gjekk på makronhandling. to til kvar, typisk laurdag.

helg.
helg.
<3. så sat me oss på ein benk og åt makronar.

helg.helg.
og sånnherfint var det der.

helg.
ein kunne sjå eiffeltårnet og det fekk fredrik til å skrika som carrie i sex og singelliv.

helg.
helg.
(elskar dette bildet så sjukt høgt.)

helg.
så gjekk me.

helg.
og litt meir. og her ein plass begynte det å regna, som om alle kastanjane fra alle trea datt i hovuda på oss.

helg.
så me hoppa over vegen utan paraply(desse to var så søte).

helg.
og åt lunsj på ein restaurant. og på kvelden var eg så lite edru at eg ikkje tok eit einaste bilde, men det var gøy og det finst historiar derfra å fortelle til barnebarna mine(eller ikkje).


no er eg endelig tilbake i normal bloggemodus, forresten! har det skikkelig bra og syns det er deilig å vera aleine igjen etter ei sjukt oppteken veke som desverre midlertidig ødela rutinene mine totalt. har så masse å dela som blir så fint og bra, og de er så fine og så bra så SUSS for det. ps: ingrid, du som skreiv kommentaren og spurte om derek likar hundar: han vil gjerne ha mail-adressa di om det er okei.





pictures from my weekend with janne and fredrik! it was so so so much fun and now i'm very happy although they left today. we ate macarons and partied a lot. i've been very busy and my blog has suffered from that but now i'm all in.


sånt som eg saknar.

tuesday.saturdayan afternoon.
mjølk. grovt brød. mikla. å holda hender. å kyssa. å sova ved sidan av nokon. han. trikken. tronsmo. mamma og pappa og søster og familien til han der fine. kaninlampa mi. dokkehuset. tjukke sokkar. laurdagskveld. balanzera. mekken. labdoka. bøkene mine. akerselva. frognerparken. christine. sara.




things that i miss: milk. bread that isn't white. holding hands. kissing. sleeping next to someone. him. the tram. tronsmo. my family. my rabbit lamp. my dollhouse. knitsocks. saturday nights. balanzera. mekken. labdoka. my books. akerselva. frogner park.


laurdag.



min laurdag er lasta med janne og fredrik, rosévin, utefrukost, å le og å snakka norsk. enn din?



my saturday: janne and fredrik, rosé wine, breakfast outside, laughing and talking norwegian.


to dagar med heidi.

two days with heidi.
onsdag kveld kom heidi til paris, me sprang mot kvarandre og klemte og gjekk sporenstreks til casino for å kjøpa vin og ost og ein baguett under armen på veg heim.

two days with heidi.
port salut.

two days with heidi.
og camembert og chevre og å.

two days with heidi.
me smakte på ulike vinar og ulike ostar.

two days with heidi.
og snakka om oslo og paris.

two days with heidi.
så hoppa me over til rom og snakka lenge med derek, som eg bur med. me satt oppe til utpå natta også krasja me i seng på rommet mitt med mascara framleis på.

two days with heidi.
i går gjekk me ut og eg fekk sjå eit heilt nytt paris med heidi.

two days with heidi.
me drakk heilt sjukt god chaite på ein café som heidi likar.

two days with heidi.
det var så fantastisk fint å ha heidi i paris.

two days with heidi.
eg fekk bli med til plassar eg aldri har vore før, inkludert ein heilt forferdelig lunsjplass eg aldri skal tilbake til.

two days with heidi.
vips var det blitt kveld, og me satte oss på ein rarfin bar med telefon og bra tapet.

two days with heidi.
og sinnsjukt pene menn i baren og happy hour = 2 øl.

two days with heidi.
så gjekk me til ein plass der dei hadde sjukt god ingefærøl.

two days with heidi.
det var fint raudt lys.

two days with heidi.
me planla litt helg og gleda oss til ein heil masse.

two days with heidi.
eg hadde med meg diana-kameraet og tok bilder av heidi heile dagen lang.

two days with heidi.
heidi og to personar med hendene i ansiktet.

two days with heidi.
og eg var der óg, visst!

two days with heidi.
two days with heidi.
me møtte opp moa og geraldine i oberkampf og havna midt oppi ei stor skrikescene som eg vart skikkelig sur for, for han som hadde trakassert ei jente var så sinnsjukt sinnsjukt vakker og eg ville fotografere han men så måtte han med politiet.

two days with heidi.
så gjekk me til ein plass med sjukt fint interiør.

two days with heidi.
og stjerner i dokøen.

two days with heidi.
med dansing og drinkkonkurransar.





on wednesday heidi came to paris! two days of drinking wine and eating cheese and looking forward to things.


derek.

derek.derek.

dette er derek som eg bur med. han er amerikansk og voksen og går på jobb kvar morgon og kjem heim kvar kveld. han har jobba som skuespelar i amerika, men no skriv han på debutromanen sin. me snakkar mykje om jenter og om språk. han likar best skandinaviske jenter for dei har så fine ansikt, også likar han når eg snakkar norsk og når eg fniser. i stova har han eit dansk designbord som han elskar nesten over alt på jord som han vaskar kvar dag. helst vil han jobba i den økologiske vinbransjen og kanskje flytta til montpellier, men det blir ikkje denne veka. så! no har de fått sett bilder av han, som så mange har spurt om. sei "hei, derek!"





this is derek, my flatmate. he's american and is working on his debut novel at the moment. he likes scandinavian girls and organic wine and his danish designer table.


middag.

dinner.
miniminiminiburger. mmm.




dinner: mini mini mini burger. yum.


ferskenfarga blondekrage.

see by chloé.
denne veka kjøpte eg meg ein ny elskling som kom i sin eigen lille sovepose.

see by chloé.
fra see by chloé.

see by chloé.
det er ei nydelig lommebok. ferskenfarga med blondekrage på. åh, den er så fin.

see by chloé.
med plass til kvitteringar og euros og sjekkar og europeisk reiseforsikring og alt. hurra! eg har leita etter ei ny lommebok sidan mi vart stjelt på trikken i haust. eg elskar den. <3




this week i bought myself a new wallet from see by chloé. a peachy one with a lace collar on the front. i love love love it!


mandag.

paris paris paris.
i går starta dagen på min stammiskafé. servitøren min lo av meg når eg bestilte to kaffe med éin gong.

paris paris paris.
croque madame. eg er på veg til å få eit avhengighetsproblem, men det er kanskje like greit.

paris paris paris.
tok metroen til marais og gjekk berre litt rundt, såg inni fine putikkar og fikla litt på ting eg hadde lyst på.

paris paris paris.
det fantes ei pyttelita sjappe i ei gøymt sidegate som var så uendelig fin. dei solgte lula og fine smykke.

paris paris paris.
og med kaniner på golvet.

paris paris paris.
finaste lommebøkene óg.

paris paris paris.
så var eg litt på vintageshopping rundt omkring.

paris paris paris.
det var ein skikkelig grå parisdag, det regna og folk var gretne og blaute.

paris paris paris.
og liksom sprang for å komma seg fra plass til plass.

paris paris paris.
eg hoppa innom ei makronsjappe. eg har gitt meg sjølv i oppdrag å finna ut kvar dei beste makronane er. herfra smakte eg lakris, den smakte egentlig mest marsipan. så langt har eg ikkje smakt bedre enn hos sebastien bruno i oslo, men kanskje i dag!

paris paris paris.
dei hadde så mykje fin sjokolade óg.

paris paris paris.
den til høgre var finast for den såg ut som lakris! og lakris er jo det beste eg veit nesten.

paris paris paris.
så strosa eg litt rundt igjen, her var det så trangt at eg nesten ikkje fekk pusta og eg fekk berre ta eitt bilde.

paris paris paris.
middag. pasta carbonara. sjukt stor porsjon, holdt på å dø.

paris paris paris.
så prøvesmakte eg såvidt to kaker, sitron og kaffesjokolade. ikkje så altfor fantastisk, men bra nok for den siste episoda av frustrerte fruer.

paris paris paris.
nedanfor senga hadde eg ein hemmelighet ståande i sin eigen tøypose.

paris paris paris.
og på veggen ein ny kjole som ser ut som ei rosebusk. og det var den mandagen.




korleis var din måndag?




yesterday i walked around for hours in marais, stopped by some small secluded shops and some vintage shops, ate pasta carbonara for dinner and tried some tarts for my magazine guide.


dela.



i dag har eg ein usedvanlig travel mandag av diverse hemmelige grunnar, men i mellomtiden har eg funne tre innlegg som eg har skrive for lenge lenge sidan som eg syns er så fine. 1 2 3


ps, ein ting til. fleire har spurt om kvar eg streamar film og det gjer eg oftast her.


om de har noko fint å dela så syns eg at de skal gjera det her, så blir det ein bra mandag for alle i heile verda.



just felt like sharing a few links on this very busy monday! hope you will too, if you have anything to share.


laurdagskveld.

laurdagskveld.
i går kunne ein finna meg på meksikansk restaurant.

laurdagskveld.
med desse to superfine personane!

laurdagskveld.
me åt nachos og guacamole.

laurdagskveld.
og satt rett under denne lysekrona. det var så sjukt bra stemning der og ein mann som gjekk rundt og spelte gitar og alle sang og skreik og lo og klappa.

laurdagskveld.
og sigrid óg.

laurdagskveld.
me åt quesedillas. godt.

laurdagskveld.
eg var litt full men mest glad.

laurdagskveld.
inga hadde klipt håret og var så fin!

laurdagskveld.
me satt i nokre timar og drakk vin, snakka om kjærleiken og om mat.

laurdagskveld.
etterpå drakk me kaffe.

laurdagskveld.
også tok me taxi til hotellet til inga og sigrid der me åt chips i senga. så tok eg ein taxi heim og skypa med fredrik. bra laurdagskveld.





my saturday night: meeting up with inga and sigrid at a mexican restaurant. we ate quesedillas and drank wine and talked about boys.


parisfredag.

parisfredag.
i går var det fredag. eg starta dagen med bra frukost. bringebæryoghurt, frukostblanding, bringebær og éi rute 80% sjokolade-sjokolade, grovhakka. <3 forresten: kva skjer med at det berre er dårlig yoghurt i norge? eg kjem til å få eit luksusproblem når eg kjem tilbake og berre har tine sine kjedelige smakar å velga mellom.

parisfredag.
så hoppa eg i fottøyet og kom meg ut. gjekk litt langs kanalen og litt mot belleville og hylte inni meg når eg såg desse trea langs ein boulevard. ser ut som popcorn, gjer det ikkje?

parisfredag.
fant eit rarfint bygg med ei fin trapp.

parisfredag.
denne lille parken er rett ved her eg bur, ca eit halvt minutt fra døra mi. og alle dei trea her blomstrar med rosa himmel på våren, tenk det.

parisfredag.
eg hadde på meg min blå kjole som eg for tida bur i.

parisfredag.
så gjekk eg innom patisseriet mitt.

parisfredag.
dei har så sjukt masse fint som eg ikkje har smakt enda.

parisfredag.
som enorme makronar med rosesmak, til dømes.

så brukte eg resten av fredagskvelden min på å jobba rumpa av meg også var eg ute på middag med derek som eg bur med. han seier at eg skal sei at han er "handsome" og "the kind of american you'd love to meet", haha. så da veit de det.




my paris friday yesterday; walking around my neighbourhood and browsing through a small part of belleville, before i returned to my local patisserie and spent the night working.


åh.


dette armbåndet frå hermes har svirra rundt i hovudet mitt heilt sidan sandra blogga om det for ei lita stund sidan. tenk om ein kunne få ha det rundt håndleddet! åh. tretusen kroner kostar det, like mykje som ei husleige! men ønska får ein jo lov til.



i haven't stopped drooling about this bracelet, blogged by sandra.


kärlek behöver tid precis som sås.


biletet er linka

herregud for nokon fine bidrag de hadde til min lille konkurranse! eg måtte le og grina om kvarandre mens eg las og det tok ein og ein halv evighet å komma seg gjennom alle. dei som det finst blå hjarte bak er dei som får mummikoppar, men egentlig var det umulig å velga.

if you were happy every day of your life you wouldn't be a human being, you'd be a game-show host

'i want to do with you what spring does to the cherry trees.' - pablo neruda

av og til var dei så forelska at utelampa blinka. (rune belsvik, verdas mest forelska par)

Then, out of nowhere, a flock of birds flew by the window, extremely fast and incredibly close.

and then my soul saw you and it kind of went "oh, there you are, I've been looking for you"

noen ganger tenker jeg at håret mitt lukter for godt til at jeg skal sove aleine. - caroline

Jeg lener meg mot det store, massive eikebordet i midten av rommet, og kjenner at jeg har lyst til å legge meg nedi det; som om bordet var et basseng med vann, veggene i rommet var skogkledde høydedrag, og taket en blåsvart stjernehimmel.

"..because when we look up into the sky at night there will be no darkness, just the blazing light of billions and billions of stars, all falling."- fra the curious incident of the dog in the night-time <3.

I want to hold your external grabbing device.
(skrevet på et bursdagskort fra en gutt jeg liker veldig godt, som tilfeldigvis også liker roboter)

Jeg forsov meg i morgen.

anything unrelated to elephants, is irrelephant

...and I love it when in the middle of our kiss I can feel you smiling.

På hemvägen kysser ni varandra i en kallt lysande gångtunnel och när du går hemåt ensam så är du inte ensam. För första gången i livet lämnar du andre person singularis och blir första person pluralis.

"eg spyr ikkje på grunn av deg, du er god til å kysse, men eg er berre litt kvalm"

"Du er så vakker at jeg blir sjøsyk"

and your kisses taste like tears so i must be crying

"Sometimes I've believed as many as six impossible things before breakfast"

"everybody makes mistakes, thats why they put erasers on pencils" - carl carlson i the simpsons

"For sale: baby shoes, never worn." Hemingways seks ords novelle.

Når brødskiva faller med smørsida ned har du hele verden som pålegg.

om me kunne ha solgt personligheita di, hadde me vore rike :) det sa iallefall pappan din til meg (dette er altså min mamma som har kommentert, for dei som ikkje skjønnar det, hihi)

kärlek behöver tid precis som sås

Life is too short to wear boring socks.

"We wetted each other's blouses and pushed our crying ahead of us like a lantern, searching out new and forgotten sadnesses, ones that had died politely years ago but in fact had not died, and came to life with a little water." miranda july"

så! de som har vunne, send mail til meg med adresser og sånt og ver forberedt på at det kan ta litt tid før de får dei, sidan eg jo bur i paris og det blir han der fine som må fiksa det.


i received so many wonderful sentences for the competition i had some days ago. the ones that won are marked with blue hearts!


saknad.

skogsvann.


eg saknar han som mest:

- når eg ser eit tre som blomstrar og helst skulle ha hoppa men ikkje heilt tør fordi eg er aleine.
- når eg sit på utekafé og ler av folka som går forbi.
- når eg innser kor stor senga mi er og kor mange det skulle vore plass til i den.
- når eg sit på balkongen og ser på hagen og tenkjer at der hadde det vore fint å rulla i graset.
- når eg kjøper ein superbra supersvart eyeliner og målar den på utan at andre enn meg sjølv får setta pris på det(det er bra det óg altså, å setta pris på seg sjølv).
- når eg les noko fint i ei bok og anten må skriva det på sms eller venta til eg kjem heim så eg kan lesa det på skype.
- når me lagar hemmelige planar om sånt som ingen andre veit.
- når ekle menn skrik "SALUT SALUT!!!" etter meg i gata og seier "herro how a ju" i køen på monoprix og følger etter meg heim sjølv om eg heilt klart ikkje er interessert.


men så er det så fint likevel. å føla at alt går fint sjølv om ein er så himla langt vekk, å føla at ein ikkje ofrar noko som ein ikkje burde ved å ikkje sjå kvarandre kvar dag, og den følelsen er verdt meir enn heile verda for meg. det var det eg kom hit for, og eg gler meg til å ha det sånn heilt til april, også avløysa den med ei fantastisk magasinrus som skal vara og vara og vara. og i mellomtiden skal eg ligga i den beste armkroken som finst og lesa "se marikken, det snør!" sjølv om det ikkje gjer det.





i miss my boyfriend the most when i'm being screamed at by french men, when i'm on the balcony thinking it would be great to roll around in the grass, when i have to wait until i get home to read him something beautiful from a book. but really; i'm doing incredibly well. it's an addictive thing, feeling like i can manage anything on my own and that i'm not sacrificing anything by being here. the best best feeling.


fire små saker.

1. de har vel fått med dykk at det no er mulig å forhåndsbestille magasinet? det syns eg at absolutt alle som vil ha det skal gjera, tenk kor fint å ha det ute av verda, og tenk for ei fin overrasking det er å få den i posten når ein litt hadde gløymt det. det er óg mulig å kjøpa ei skikkelig bra pakke, både paris-magasinet og ep'en til han der fine for berre 180 kroner. (det er fleire som lurer; ein ep er som ein vanlig cd! ein kan spela den på vanlige cd-spelarar.) snart kjem det meir info om magasinet óg, berre hold ut!


2. eg vil igjen få sei ifra om at eg er tilgjengelig for å ta på meg heimesideoppdrag for alle som treng det. eg har til no laga heidi og han der fine sine, og jobbar med tre ulike no, alle tre fotografar, men tar gjerne på meg fleire! om du er interessert, send meg gjerne ein mail: mariell.oyre(at)gmail.com


3. mange spør om adresser og sånt når eg bloggar fra paris, og eg må gjenta at eg ikkje kjem til å gi vekk nokon adresser før magasinet kjem. eg veit at fleire har blitt skuffa på grunn av dette, men det må berre bli sånn.


4. i det siste har de vore heilt sjukt flinke til å kommentera, og eg vil at de skal vita at det har gjort det enklare for meg å takla kvardagen her nede. veit at det er mange som lurer på korleis det går, det kjem ei oppdatering snart men essensen: eg har det skikkelig skikkelig bra.




just four things i'd like to say today; pre-order the magazine here. i'm available for homepagemaking. i'm not going to give away any adresses in paris before the magazine is done. i love you for commenting so much lately.


ein vanlig onsdag i paris.

a normal paris wednesday.
i går stod eg opp til det som eg alltid står opp til, utsikta ut mot den fine hagen og hustaka. eg har min eigen balkong og store vindauge og det er så herleg.

a normal paris wednesday.
a normal paris wednesday.
eg tok på meg min nye blå kjole og min finaste lauskrage.

a normal paris wednesday.
etter litt blogging og mailing og jobbing så gjekk eg ut for å utforska litt i mitt nærområde. eg gjekk rundt inne på casino i kanskje ein halvtime og såg på ting og kva dei heiter. dei har masse rart her i frankrike.

a normal paris wednesday.
som pose-makronar. toro, liksom. gjer det sjølv.

a normal paris wednesday.
og pakkane med knekkebrød har sjølvsagt reinsdyr på seg.

a normal paris wednesday.
så gjekk eg på sephora og brukte litt pengar.

a normal paris wednesday.
eg åt frukost/lunsj på min stamkafé, croque madame som vanlig. og to koppar café creme så eg var tvungen til å sitta der og lesa bok bok bok. eg vil helst eta frukost ute kvar einaste dag for det er så godt.

a normal paris wednesday.
så gjekk eg litt rundt og litt langs kanalen og sola skein og ein må berre ha igjen augene med ansiktet mot og nyta. eg sat på ein benk og las meir bok og drakk ein boks med cola light.

a normal paris wednesday.a normal paris wednesday.
på veg heim såg eg mange fine hustak. eg samlar på dei, ikkje bevisst men det skjer berre. dei er så sjukt fine.

a normal paris wednesday.
heime fekk eg beskjed av han der fine om å sjå den nye glee-episoden, pronto! så det gjorde eg og den var veldig fin som vanlig.

a normal paris wednesday.
mens eg såg glee så knefta eg alle flaskene mine, for det gjer ein her når ein resirkulerar.

a normal paris wednesday.
så rydda eg i sminken min, ein sånn sak som eg elskar å gjera. kasta tomme mascaratuber og tømma ut alt av rusk.

a normal paris wednesday.
på kvelden åt eg ein bra middag, tagliatelle med pesto og mozzarella men den var så god at den ikkje fekk vera med på bilde. så jobba eg masse og skreiv masse til magasinet.

a normal paris wednesday.
og når kvelden nesten var over fekk eg eit lite glas rosévin av meg sjølv og eit par episodar med sex and the city. (og til dei som no skal kommentera mitt kommande alkoholproblem og skrumplever: dette er ei sånn pyttelita flaske med vin, og eg har hatt den i kjøleskapet i ti dagar)




this is what a normal wednesday looks like in paris. going out to explore, breakfast at a café, some shopping, some reading, glee, recycling, pasta pesto for dinner and then a glass of wine.


crybaby.

crybaby.crybaby.crybaby.crybaby.crybaby.crybaby.crybaby.crybaby.crybaby.crybaby.crybaby.crybaby.crybaby.crybaby.crybaby.crybaby.crybaby.crybaby.

her ei natt eg ikkje fekk sova såg eg crybaby. johnny depp som perfekt bad guy. crybaby er den klassiske high school-historia gjennom berre med røffare element. det er dirty grease, liksom. johnny depp som danny zuko, uslåelig kombinasjon. skinnjakker og raude lepper og tåreforma tatovering. ganske bra.


har de sett nokon bra filmar i det siste?




i watched crybaby this week and it's such a great movie. it's the perfect high school drama, like grease but dirtier. johnny depp in a leather jacket. <3


ein bra setning.


foto: karen k.

den siste tida har de vore så sjukt fine i kommentarfeltet, og så flinke til å kommentera. og det ser eg og set så stor pris på det. så no tenkte eg at me skulle ha ein liten konkurranse, for eg har nemlig fått sponsa nokon fine mummikoppar fra bulls.se! så! for å vinna dei skal de berre gjera ein veldig enkel ting. de skal skriva éi setning. det kan vera fra ei bok eller fra ein sang eller noko som nokon har sagt til deg eller noko som du har tenkt, men det skal berre vera éi setning. ein to tre gå! så seier eg stopp i morgon ein gong.


stopp, konkurransen er over!



i'm having a competition where you can win moomin cups! the best cups ever. all you have to do is give me one sentence. it can be from a book, a song, from your life, in your head, anything.


ein lang tekst om nynorsk.

å blogga på nynorsk er ikkje alltid så veldig enkelt. spesielt blir dette vanskeligare når eg får kommentarar som "du har ein så fin blogg til å vera på nynorsk", som om språket mitt skulle gjera det vanskeligare å lika meg som person, eller innhaldet i bloggen min. eg har alltid skrive nynorsk, og snakkar ei dialekt som ligg veldig nært opp mot mitt skrivne nynorsk(fram til tiende klasse på ungdomsskulen visste eg ikkje eingang at det var lov til å skriva "vi" på nynorsk).

det stikk litt når det er det journalistar/oppgåveskrivarar er interesserte i, korleis er det å blogga på nynorsk, kva meinar du om nynorsk, korleis formar språket bloggen din, kvifor skriv du nynorsk, sånne ting. per dags dato har eg gjort eitt einaste intervju utan eit einaste spørsmål om nynorsk. for meg er det like naturlig å skriva nynorsk som å drikka vatn. korleis er det å drikka vatn? kva meinar du om vatn? korleis formar vatn dagen din? kvifor drikk du vatn? ca sånn, skjønnar de? ein ville aldri ha spurt ein bokmålsbloggar om desse spørsmåla, og det er frustrerande. bokmål og nynorsk er to likestilte språk i norge ifølge norsk lov. og det gjer oss sterkare og smartare og gir oss større forståelse av andre språk, det er eg 100% sikker på.

fram til for berre nokre år sidan har det aldri vore nokon kamp for meg å skriva nynorsk, eg kjem fra ein nynorskkommune og gjekk på vidaregåande i ein nynorskkommune. det var ikkje før eg innsåg at ein faktisk må kjempa for nynorskbøker på vidaregåande at eg innsåg kor viktig det er for meg å kjempa. for utan nynorsk veit eg ikkje kven eg er. om ein tar fra deg alle orda dine, kven er du da? korleis kommuniserar du? om ein av vennene dine skulle få ei heilt ny dialekt, ei ny stemme, skulle du ikkje syns at det var rart? språk definerer oss, det er ein stor del av identiteten vår og utan det så manglar det ein bit. og eg blir så ufattelig trist av å tenka på den diskrimineringen som nynorskelevar går gjennom kvar einaste dag.

men etter vidaregåande, kva gjer ein da? korleis kjempar ein? kva kjempar ein mot? han der fine skriv tekstar på gammal og vanskelig nynorsk kvar gong han får oppgåva presentert på bokmål sjølv om han har krav på å få den på nynorsk. små kvardagsprotestar. det er uansett min favorittmåte å protestera på.

eg har den største nynorskbloggen i verda(til dei som tenkjer på tone damli aaberge når eg seier det: ho skriv på dialekt, ei dialekt som er veldig nære mi og dermed óg veldig nær nynorsk - men ho har utan tvil vore eit fantastisk nynorskforbilde), og det føles så fantastisk fint, spesielt med lesarar som konstant kommenterar om korleis dei har fått endra forholdet sitt til nynorsk gjennom meg. det varmar på så mange måtar at det er vanskelig å forklara. for nokon som alltid blir satt litt på sida og ignorert av det generelle bloggnoreg både på grunn av innhold og språk så føles det som... "brighter than a hundred thousand virgins making love for the first time" (fra everything is illuminated). eg har dei beste lesarane i verda. de er engasjerte, smarte, kreative, kritiske, konstruktive, om de var ein blomebukett så skulle de vore den største finaste blomebuketten i heile verda. eg håpar de veit det.

på trass av diskrimineringen finst det så mange bra ting som har hendt meg på grunn av nynorsken óg. eg har kunna laga eit magasin på grunn av økonomisk støtte fra store nynorskorgan som lnk og aasentunet, og kjenner på meg at eg stadig vekk får meir anerkjennelse fra nynorskverda. eg får jobba med fantastisk dyktige personar og bygd eit nettverk på grunn magasinet som eg sikkert aldri ville ha fått om eg skreiv bokmål.

kvar dag er det tusenvis av personar i dette landet som les nynorsk som ellers ikkje ville gjort det som les nynorsk på bloggen min. (<3!!!!!) og eg er så himla takksam for det, for at de kjem tilbake hit, "til tross for" at eg skriv nynorsk. eg er så glad for at de "gløymer at det er nynorsk" eg skriv og ser forbi språket, set pris på språket. for eg kjempar for språket mitt kvar einaste dag. eg er ein nynorsk superhelt, og det er den beste typen superhelt.



about my language. google translate!


til fredrik.

IMG_0019

eg har laga ei speleliste til fredrik. for han er min beste venn og eg saknar han så sjukt masse her i paris. eg og fredrik likar sånt som er så stygt at det blir fint, me likar å vera sinte ilag og me likar sånt som er så ekkelt at det blir morsomt, som ein viss glasert donut i amsterdam. me backar kvarandre opp og løftar kvarandre fram som nesten ingen andre. akkurat no dansar han sikkert i oslo, og kanskje ser han det her i kveld før han skal legga seg i kveld og eg håpar han blir glad. fredrik, eg elskar deg og saknar deg så du ikkje forstår det eingong. gler meg til du kjem!!! versågod:


croque madame til frukost, musserande til tolv kroner

flaska og homseklubb til kvelds.

 

om de ikkje har spotify:






i made my best friend fredrik a spotify playlist, 'cause i miss him so much from paris.


rosa og kvit og glitter.

glitter nailpolish.glitter nailpolish.

eg elskar min nye glitrete neglelakk fra deborah lippmann også elskar eg blomane eg har på rommet mitt.



i love my nailpolish from deborah lippmann and i love having flowers in my room.


mine linkar og sånt.

no tenkte eg at me skulle gå gjennom linkelista her på bloggen. der er det stadig utskiftingar og endringar, alt ettersom kva eg les akkurat no. linkane er i alfabetisk rekkefølge og dei står i to kategoriar: bloggar og foto. så! versågod:

 

elsa


elsa billgren, ei av dei vakraste kvinnene eg veit om og eit av mine største inspirasjonskjelder, både på korleis ho lever livet sitt og korleis ho ser ut. ho bloggar om vintagekjolar, blomsterbukettar, kjærleik, katt, kyss, jobben sin hos mgp sverige, utekveldar med venner og mykje vin. ganske så fint.


elise



som dei fleste jo veit har eg møtt elise for å fotografera ho, og eg syns ho er ein av dei bloggarane på topplista med mest integritet. ho har bra smak og er smart, og det er to ting som eg alltid set pris på. dessutan har ho vore brutalt ærlig om depresjonen sin den siste tida, noko eg har syns har vore skikkelig inspirerande og sjukt modig. <3


emmy


ein av dei finaste bloggane eg veit om, sjølv om ho oppdaterar veldig sjeldan. ho tar skikkelig fine bilder av ting som ho gjer, typ kjolar ho syr og mat som ho lagar.


flora


flora er ganske ung men minnar meg veldig om korleis eg var sjølv på hennar alder. superfine framtenner! hihi. ho tar så fine bilder og har så fine klede og er så glad.


hallonsemla


rebecca skriv om loppisfunn, ferda mot å bli konditor(trur eg), og fint om kvardag og katt.


ida


kaniner og bestemorsko og loppis. bra og fint.


ina


ina har de jo sett på bloggen her før! ho bloggar om altmulig, loppisar, kjærleiken, kvardagen, skule, mat, film, foto, reise.


jessica


jessica er ein av dei mest talentfulle personane eg veit om, og eg er så glad for at eg får jobba med og vera venn med eit så inspirerande menneske.


julia
inspirasjon på boks.


julie


ein av mine beste venner, ho bloggar mest webcambilder og har vel egentlig gitt opp blogginga for lenge sidan, men ho er fin likevel.


kval og actionfilm


ein av mine favorittbloggar, også er eg så heldig at eg kjenner både kval og actionfilm og har fått lov til å jobba med dei begge med ulike prosjekt. dei er som to energisøyler som lyser opp alle rom dei befinn seg i, dei er smarte og morsomme og gode og flinke og bra.


linn
så sinnsjukt flink til å skriva. ho bloggar om sånt som er vondt og sånt som er godt og fin musikk og fine filmar og ein har alltid litt vondt bak ribbeina etter å ha lest linn sin blogg, men oftast på ein god måte.


linnéa


linnéa er vel egentlig min motpol i bloggverda, men eg har enorm respekt for ho og det ho gjer. og me er nok meir like enn folk trur, i kjerna. også har ho sløyfe i håret, da.


lolita
side på side med inspirasjon!


maja


maja slutta å blogga for ei stund sidan, og det syns eg var skikkelig dårlig gjort. heldigvis ser eg ho across a crowded room avogtil, på ein fest eller ein trikk eller i stova mi. ho er veldig dyktig og veldig fin og snart skal me jobba saman óg.


marianne


marianne er så søt! eg og ho er veldig like, og for ei stund sidan hadde me ein ganske så fin dag ilag her i oslo, med vintageklede og makronar, hjartesmil-style.


mariel


så.søt.


marte


ein god venn av meg og ho veit tusen interessante ting som ein ikkje berre veit utan vidare. ho er så sterk og så flink og har klart å dra seg sjølv opp av gjørma fleire gongar enn eg har hårstrå på hovudet, og det står det skikkelig respekt av. alle aspekt ved marte sitt liv inspirerar meg og mange andre.


mina


fellow redhead med forkjærleik for foto og kjolar. skriv om sin fine hund, om klede, om kvardag og kjærleik og om å bli kjent med seg sjølv. eg las ut heile bloggen på ein dag for den er så fin.


miriam


miriam skriv om second hand i stockholm, om kakebaking og om dansing i førtitalskjolar og sko, om å vera feminist sjølv om ein har kjole og bakar. og alltid så himla fin på håret.


mrs. wolf



så fin at ein vil putte ho i eit glas og sjå på ho. sjukt fine bilder.


sandra


sandra er ei magisk lita verd i seg sjølv og eg respekterar ho så himla mykje. ho skriv tekstar om nitti centimeter breie senger og om å kasta yoghurt i veggen av frustrasjon, også skriv ho óg om alt det som er fint, dei små magiske tinga som gjer at ein står opp om morgonen sjølv om det er så kaldt at ein helst vil sova til mars.


sigrid


ein av mine beste venner og skriv dei finaste tekstane som eg syns at alle burde lesa. me gjekk fra framande til venner på eit par månadar og det skjer ikkje så ofte for meg.


underbara clara


finaste flinkaste clara som nettopp har fått ein liten beibi! clara skriv om diy-prosjekt, om feminisme, om oppussing, om mat. ein av dei beste som finst.


ute er det melkehvitt
eit magisk prosjekt som eg trur er over, men som var fantastisk så lenge det varte.


wish wish wish


carrie bur i london, studerar mote og bloggar om klede og hår og såntnoko. ein av bloggane eg har lest aller aller lengst.

også er det foto-delen som eg etterkvart skal fylla med fine fine fotografar som er inspirerande og bra:

foto


anette pehrsson

anna malmberg
frl. zucker
hannah & landon
mike bailey-gates
sara
saga
silversaga
tobacco and leather
tamara lichtenstein



din tur! kva bloggar les du?




rettigheitene er respektive bloggarar sine, utanom bildet av elise som eg har tatt.



these are the blogs in my linklist! google translate to find out what i think about them.


mat.





foto: 365 days of breakfasts

eg er trøtt og sliten og svimmel. for dei siste dagane har eg nesten ikkje klart  å eta noko, har ingen apetitt, blir kvalm av å tenka på vanlige middagar frå heime i noreg til og med. innbillar meg at ting smakar annleis og luktar annleis og er konstant dårlig. så eg treng litt hjelp. kan ikkje de sei kva det beste de veit er? spelar ingen rolle kva det, er berre de verkeleg elskar det. kva skulle de ha ete om de berre fekk eta ein ting resten av livet?




i haven't been able to eat properly for a couple of days and as a result i'm feeling very dizzy and tired. i have no apetite and i don't want to eat anything at all, so please help me by telling me what you would eat if you could only eat one thing for the rest of your life? anything at all.


forhåndssal!



no, folkens, no startar forhåndssalget av den fantastiske paris-utgåva av hjartemagasinet! eg har så mange nydelige navn på plass og så mange fine personar involvert at de kjem til å få pusteproblem, men på ein fin måte. ganske fint å kjøpa det no óg, så kan ein heller bruka 130 kroner på vin i april(når magasinet kjem) for da kan ein sitta i parken. om de ikkje heilt veit kva magasinet er, kan de trykka på kategorien som heiter "om magasinet.", for der står omtrent alt de treng å vita!

om de vil kjøpa fleire magasin enn tre får de gjerne senda ein mail til hjartesmil@gmail.com, så skal eg prøva å få svart så godt og fort eg kan, men mailinnboksen min er ikkje heilt enkel for tida. håpar de kjøper og at de blir like gira som meg! kjøp kjøp kjøp!

ps: noko som er skikkelig bra er at ein kan få kjøpa både magasinet og debutplata til han der fine i ein pakke! det er den som heiter "package" i menyen her:


kjøp magasinet her.






it's now possible to pre-purchase issue #3 of heart magazine! to read more and buy, click the link above!


mens me ventar.


finaste flinkaste caroline skal som sagt laga design til min fine blogg. ho har sjølvsagt mykje å gjera, så det kan ta litt tid men i mellomtiden vart eg så sjukt lei av mitt gamle design at eg laga eit ventedesign med flygande makronar. passar ganske fint i desse paris-tider. om det er noko som er rart eller som manglar så må de berre seifra, eg fiksar og triksar litt meir i kveld også ser me korleis det blir, men ganske gøy likevel.

ps: eg veit at det er mange som ikkje egentlig likar det når ting endrar seg her inne, men berre hold ut og sov litt på det, så går det seg til. lovar.


caroline is going to make a new blog design for me, but in the meanwhile i got so tired of my old design that i decided we need a waiting design as well. flying macarons is a great way to wait, i think.


jardin du luxembourg.

jardin du luxembourg.
her ein dag denne veka åt eg frukost i jardin du luxembourg. quiche lorraine og pellegrino. eg sat på ein benk med utsikt mot eiffeltårnet, eller ein såg i alle fall toppen på eiffelttårnet og det er magisk nok.

jardin du luxembourg.
så gjekk eg litt rundt og fann desse. blømande tre. begynte nesten å grina, men eg ville ikkje vera den jenta så eg beit meg i leppa.

jardin du luxembourg.
fantastiske rosa bitar av himmel. åh.

jardin du luxembourg.
fekk lyst til å ta med ei grein heim men sånt er jo ikkje lov eller bra.

jardin du luxembourg.
så gjekk eg og satt meg på ein annan benk og skreiv brev. ganske så fin dag. i dag er det laurdag! i paris! tenk det.



i spent a day in jardin du luxembourg this week to eat breakfast and i came across some trees with flowers blooming and it almost made me cry.


konfetti.



ei sånn sløyfe vil eg ha. åh!




i want this bow.


første dag i rue de joinville.

i går flytta eg jo som sagt inn i den nye leiligheten. eg veit ikkje kor mykje bilder eg skal visa av leiligheten enda, det kan jo vera litt ekkelt og sånn også har eg ikkje snakka med derek om det heller men kanskje det kjem kanskje ikkje, no veit de i alle fall at eg har tenkt på det.

first day in the new apartment.
dagen i går starta med femti kilo med bagasje i mange trapper fordi heisen i bygget er ødelagt akkurat no. så gjekk eg ut og åt frukost, ein croque madame, sjukt sjukt godt. så begynte innflyttingen, og eg var den store franske klisjeen ute i gata med baguettar og blomar under armen, men veit de kva? kanskje kvar tredje person ute på gata har baguettar under armen. det er faktisk sant.

first day in the new apartment.
så måtte eg henga opp kleda mine i det lilla skapet. nokre klede skal vaskast...

first day in the new apartment.
...medan andre får henga fint i skapet. ser ut som eg likar blått og lilla meir enn eg trur.

first day in the new apartment.
over senga hang eg opp ein av mine nyaste kjolar pluss det fantasiske paris-kartet eg fekk frå inga på au revoir-festen min! det er så superfint, eg elskar å ligga i senga og sjå på det. obs: bildet er skeivt, ikkje kartet!

first day in the new apartment.
det er i fine duse fargar med alle monumenta i små teikningar, nesten så ein vil tatovera dei alle på kroppen for dei er så utsøkte.

first day in the new apartment.
til middag åt eg fullkornspasta+pesto+mozzarella+cherrytomater. eg syns cherrytomater skal heite kirsebærtomater i noreg, for det heiter dei her. tomate cerise.


i dag vaskar og ryddar eg litt meir, det tar litt tid å gjera eit hus til ein heim, men eg er godt på veg. gler meg sånn til å blogga herfra framover, det er heilt perfekt. i går kveld sat eg på balkongen i ein time og berre såg på kanalen og på folk som var på veg heim eller til nokon dei er glad i eller for å slå opp eller kanskje hadde dei allereie gjort det. magiske, magiske paris.


ps: de må gjerne ønska innlegg medan eg er her, det syns eg er så fint.



yesterday was my first day in rue de joinville, my new flat in the 19th arr. there was a lot of moving in and in between there were flowers and baguettes. today i'm cleaning too, it takes time to make a house a home.


keel's simple diary.

keel's simple diary.
eg har kjøpt ei fin bok med sølvfarga kant som ser ut som ein bibel.

keel's simple diary.
keel's simple diary heiter den og den er ei magisk dagbok.

keel's simple diary.
istadenfor å skriva side opp og side ned skal ein berre kryssa ut og fylla inn, som i skuledagbøker i sjetteklasse, berre bedre.

keel's simple diary.
til dømes ville eg ha skrive JAF om eg skulle ha skjært noko inn i eit tre, initialane til han som eg elskar.



i bought keel's simple diary just a few days ago, and i like it so much!


rose og basilikum.

i dag har eg altså fått min nye leilighet. noko av det som er så fint med å flytta inn ein ny plass er jo at ein får kjøpa inn heilt ny mat, så i dag har eg hamstra på monoprix og kjøpt ein masse bra greier. elskar å gå fram og tilbake i hyllene, lesa på ingrediensane og snegla litt på rare forpakningar og prøva å forstå kva det faktisk er ein har i hånda.

food.
dette høyres nok litt sprøtt ut, men eg har altså kjøpt confit de pétales de rose, som er eit slags rosesyltetøy. eg har ikkje smakt det enda men håpar den er så god som glaset er fint.

food.
noko anna som er best: fersk basilikum for ein og ein halv euro. <3 no har eg fylt opp kjøleskapet og er klar for kvardag!


no pakkar eg ut greiene mine på rommet mitt. eg bur i nittende arrondissement og her er det så sjukt herlig for det er ingen turistar her, ingen som kjem hit for det finst ingen attraksjonar, berre folk. rare franske fabelaktige folk. åh! men har litt hjartevondt i dag likevel. det er vel ikkje til å komma unna. håpar de har det bra der heime og at de skjønnar kor sjukt bra de er! suss.



today i've moved into the new apartment and one of the best things about that is being able to buy new foods! i love grocery shopping, especially abroad. i spent an hour or so in the store and came home with a lot of food, including rose confit(it's like a jam but not really) and fresh basil for only 1.5 euro! i'm really fond of my neighbourhood and the people here are so strange(no turists). but i do miss j though.


aleinedag.

alone in paris.
i går våkna eg i den vakraste byen i verda og følte meg klar for å gå ut. eg bur jo på hotell og har ikkje frukost her, så eg må ut av huset for å eta. eg køyrte metro til fjerde arrondissement, men klarte å gå av feil og gjekk meg ganske så vill og gjekk skikkelig lenge.

alone in paris.
da dett ein innom rare og fine små plassar med rare og fine små greier.

alone in paris.
som tekoppar i porselen.

alone in paris.
og rob ryan-greier! sjukt fine tallerkar som eg vil ha.

alone in paris.
rare puter.

alone in paris.
dit eg egentlig skulle gå var det heilt fullt og da fekk eg litt panikk og tenkte kva i alle dagar gjer eg no herregud herregud herregud men så tok eg meg saman og gjekk berre inn ein plass, bestilte ein club sandwich og las i mine nye magasin.

alone in paris.
thé à la menthe. så shoppa eg litt i marais før eg tok metroen heim, begynnar å bli skikkelig flink til å vera aleine no.

alone in paris.
heime prøvde eg på mine to nye kjolar. ein med blomar på, som de nesten ser her.

alone in paris.
og ein blå med kvite prikkar. tretti euro kosta det for begge to, ganske så kult.

alone in paris.
etter litt viktige magasingreier og litt heimesidemekking gjekk eg ut og kjøpte kinesisk take-away som eg åt på rommet mens eg såg friends(the one where joey speaks french.<3). sjukt bra dag! eg søv til og med om natta no, og det hadde eg aldri trudd. drøymer om små grisar og om bestemor.

no skal eg ut på livet, håpar de får fortreffelige dagar kvar enn de er i verda! i dag er det overskya her men av og til litt sol, om de lurte.



yesterday i finally spent an entire day outside all by myself. i ate lunch and drank tea and went shopping and walked and walked and walked, it feels amazing! i'm even sleeping at night. i'm getting good at this already.


rob ryan.

rob ryan mugs.
i dag kjøpte eg noko magisk på ein magisk putikk her i paris. det kom i finaste boksen.

rob ryan mugs.
og når ein opna boksen kunne ein skimta kva det var frå oven.

rob ryan mugs.
nemlig to koppar som er eit sett frå rob ryan. his and hers. han der fine og meg. ser de oss?

rob ryan mugs.
men det finaste er om ein snur dei så heng dei saman i teksten. beste teksten.

rob ryan mugs.
rob ryan, altså. det fantes masse anna rob ryan-greier óg, som eg blir heilt nødt til å sjå litt meir på. no skal koppane uansett få venta i boksen til han der fine kjem hit igjen så me får vigsla dei, det blir himla fint. og så herlig å gå rundt i gatene aleine og føla litt meir at eg høyrer til og ser mindre og mindre ut som ein turist for kvar dag som går.


har de kjøpt noko nytt og fint i det siste?




today i bought these rob ryan mugs. they're a pair, his and hers, and they belong together. <3


oppdatering.




eg bur framleis på hotell i 10.arrondissement, i morgon tar eg alt eg eig i ein taxi og reiser opp til kanalen og min nye leilighet. nøklar i veska og hjartet i halsen. fram til i går var eg egentlig ganske så handlingslamma, var mykje inne på hotellrommet og visste ikkje heilt kva det liksom var meininga ein skulle ta seg til aleine i paris. men i går, på veg heim fra monoprix med matvarer i hendene så fekk eg plutselig ein sånn ro over meg som fekk meg til å innsjå at eg ikkje er redd lenger. etter tre dagar med paralyserande frykt for alt som befinn seg utanfor hotellrommet føltes det så sjukt fantastisk. eg måtte smila heile vegen heim, den typen smil som ein prøver å tona litt ned fordi det er masse folk rundt ein og ein vil jo ikkje at folk skal tru at ein er heilt gal heller. eg skriv tekst, masse tekst, eg skypar med folk eg er glad i og gjer planar med folk eg ikkje eingong kjenner. det startar no.

og ein annan sak: de har vore så fantastiske dei siste dagane, de har kommentert så mykje og sagt så mykje fint og de anar ikkje kor mykje det betyr for meg akkurat no. takk for at de er så fine. suss.



just a little update: i'm still in a hotel, leaving for my apartment tomorrow. i've been quite paralyzed up until now, i haven't really wanted to go outside the hotel room at all but yesterday it kindof let go and now i feel like i'm finally ready.


i felt it. perfect. i was perfect.

black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.black swan.

i går kveld såg eg og han der fine black swan. på kvar vår datamaskin i kvart vårt land, men konklusjonen var det samme og den var at herregud for ein film. eg såg den igjen i dag tidlig og har tent på den i heile dag. har lyst til å skriva tusen utropsteikn så de skal forstå for eit mesterverk av ein film dette er. om ikkje natalie portman får oscar for denne rolla så veit eg ikkje kva eg gjer. regissøren óg, for den del. den går på kino no, og eg tykkjer at alle skal sjå den. den er mørk og jævlig og fantastisk. om kunst og sex og om å leva. kunst i bevegelse. fyfader.



yesterday i saw black swan, and if natalie portman doesn't get an oscar for that part i think i'll lose my faith in human beings.


ein bra mandagsblogg.



om du har tenkt deg til london på ferie eller kanskje til og med flytta dit, eller om du kanskje bur der men treng litt inspirasjon: milbergs london er min favoritt london-blogg, ho skriv om sånt som eg vil gjera og sånt som eg vil sjå. mitt tips altså.




a really great blog about london.


montmartre.

montmartre.
siste dagen han der fine var her gjekk me til montmartre. me gjekk store omvegar så me skulle få pusta inn så mykje paris ilag som me berre kunne.

montmartre.
tripptrapphus.

montmartre.
og fantastisk utsikt som gjer at eg ikkje skjønnar kvifor folk vil bu nokon annan stad sjølv om eg jo gjer det likevel.

montmartre.
etter litt vintage, litt kyrkje og litt panini full av tårer gjekk me for å eta den beste creme bruleen eg nokon gong har smakt. åh!

montmartre.
også skreiv me i parisboka mi ned fine adresser og sånt som eg vil skriva om i magasinet. og det var egentlig slutten på den dagen, for me var så lei oss at me mest låg i hotellsenga etter det, med vondt i magen og i håndledda. eg er heilt aleine no og det er fantastisk og fantastisk vondt. og no skal eg på loppis om eg klarar å finna den.




our last day together was spent in montmartre really just holding hands and trying to breathe through our noses and not think about how it was going to feel when he left.


svar, del fem: alt det andre.

jeg lurer på; hvordan pleier du å forbredre deg til noe du gruer deg til?
total fornektelse og isolasjon. det høyres heilt sinnsjukt ut, men det er sant. altså ikkje eit bra tips for andre som vil fungera normalt.

kan du poste dine favoritter fra etsy.com?
hm, ja, det kan eg vel.

hvilket dyr er du?
eg er ein babydinosaur. eller ein pingvin. eller ein kanin.

vet du hvordan luften smaker når du går rundt ute etter at du har spist sjokoladekake, og det regner?
ikkje som eg kan komma på, men eg skal sei ifra om eg støter på det.

har du lest/sett "mannen som elsket yngve"? (hva synes du om boka/filmen)
eg har sett filmen, og likte den skikkelig godt. eg har som mål å lesa tore renberg sine bøker snart, kanskje det blir i paris. det hadde vore fint.

når du har lest en bok, vil du se filmen om den kommer på kino?
ja, absolutt. eg er ein sånn person som ikkje bryr meg om filmen er dårlig, for boka er framleis bra. syns det berre er irriterande når folk lar sånt ødelegga for seg sjølv.

hva synes du om twilight? har du lest bøkene eller sett filmene?
eg har ikkje noko forhold til twilight i heile tatt.

kven er den mest morosame, rare, snille, tullete eller meis fantastiske menneske du har møtt i heile ditt liv, utenom venner, kjærast og familie? eitt menneske du bare blei helt satt ut av.
sophie calle. eg veit at det ofte høyres ut som om eg er sophie calle sin number one stalker, men eg berre elskar ho.

et lite praktisk spørsmål angående kjoler. merker jeg går mer og mer i skjørt og kjoler selv, men jeg blir så nervøs når det blåser mye ute. Har du noen triks for å holde skjørtet nede? det er så synd, for swooshe-skjørt er min favoritt!
berre pass på å ha på deg fint undertøy så går alt bra, skal du sjå. hihi! eg går med underskjørt eller kjole, alltid, så eg blir ikkje så flau om skjørtet bles opp!

ditt favorittsitat?
"her kiss was a question he wanted to spend his whole life answering"

hva er ditt beste råd til å gjøre det beste ut av dagen?
stå opp av senga, kom deg ut, smil til framande, et noko nytt til middag, sjå ein film. berre gjer noko, kva som helst.

tror du på skjebnen?
nei.

tror du på himmelen/helvete?
nei.

får vi titte på oppskriften til de fantastiske fløtekaramellene dine?
ja! eg må berre finna ein anledning til å laga dei så eg kan få tatt bilder og sånt først!

hvilke blogger er dine topp 3 favoritter?
elsa, niotillfem & kval&actionfilm

hvor får du inspirasjon fra til alle de fine oppskriftene du legger ut?
veldig mykje av det er mat som eg og han der fine lagar ofte og oppskrifter som me har danna litt mellom oss sjølve gjennom åra. så les eg litt matbloggar her og ser ein fin ny ingrediens i ein putikk der også vips har ein eit heilt nytt måltid.

kva trur du på?
eg trur på meg sjølv og mi eiga kraft til å bæra meg sjølv og andre fram her i verda. og eg trur det er det viktigaste å tru på.

hva er din favorittmatrett? og hva er oppskriften på den?
det er umulig å sei. eg er sjukt glad i taco og pizza, kjedelig men sant. også risotto, som er noko av det enklaste som finst å laga.

collar

hva er ditt beste matrelaterte minne?
sommar 2007, eg og han der fine er på ferie i roma med familien min, me kjøper kvit og mørk sjokolade og legg det i vinduskarmen om morgonen. kjem heim på ettermiddagen med ei korg jordbær og sjokoladen har smelta i mellomtida. åh det var fint.

hva er det verste du vet av mat?
taklar veldig lite sjømat, men eg har bestemt meg for å bli flinkare til å smaka på ting. reker er det verste.

hva er ditt favorittdyr?
kaniner.

hva er ditt favorittrekk ved deg selv?
at eg er sterk og sjølvstendig og at eg ler høgt.

hva er det beste ved verden?
folka som er i den, og kirsebærtre.

kva er det finaste Mummi-minnet ditt?
å sitta framfor tv'en med min beste venn og knekkebrød med brunost. som det ofte er, trur eg.

viss du skulle ha servert ein femretters-middag dine, kva skulle det ha vore?
det skulle vore ein femretters med berre pizza. dessertpizza liksom. ganske så sprøtt men kanskje ganske så godt?

kva skulle du ønska du var flink til?
å vera rasjonell og tolmodig. men da hadde ingen kjent meg igjen, haha.

har du nokon gong synest det var vanskeleg å skulle gå ut i verda med raud leppestift og fuglar i håret, å gå berrføtt på veien og å ta bilete av nakne jenter? altså, har du ein gong måtte ta eit vanskeleg val om å tørre å vere deg sjølv, og vore smerteleg klar over blikk som brenn i nakken, før du etterkvart brydde deg mindre og mindre, eller har det alltid vore naturleg for deg?
ja, eg syns ofte det er vanskelig. men eg har bestemt meg for at eg ikkje vil vera noko mindre enn meg sjølv, så eg tillatar meg sjølv veldig lite spelerom for sånne tankar. det er enklare i ein storby, og det blir enklare jo eldre ein blir óg. og uansett så er det verdt det i the long run. dei brennande blikka er faktisk mindre brennande enn ein trur óg, det handlar meir om kva som foregår inni ein.

om du ein skulle vakne opp i ein fransk film, kva for ein ville det vere? kven ville du ha vore og sist men ikkje minst: er det ein karakter i ein fransk film som har påverka deg til å sjå positivt/negativt/opp ned på verda? ein eller ei som har fått deg til å endre litt mønster i kvardagen eller har endra måten du ser på han der fine på?
akkurat no føler eg meg som den store klisjeen på amelie fra montmartre, sjølv kor surt det er å innrømma det etter årevis med bloggkommentarar om at eg "trur eg er amelie". men jo. einsam, vondt, kjærleikssorg, rar jente, paris. det høyres rett ut.



hva har gjort deg til den du er? hvorfor er du så fantastisk, hva har formet deg?
åh takk så fint. hm, eg har etterkvart måtta innsjå at eg har arva veldig mykje av foreldrene mine. mamma er ei sånn dame som står på og aldri gir seg sjølv om noko er vanskelig, som pressar seg sjølv til det ytterste for folk rundt seg. eg har arva humoren til pappa, og eg trur óg at evna til å sjå det positive i ting kjem fra han.

jeg lurer på hvor du finner selvtilliten og motet til å uttrykke deg som du gjør?
det ligg inni meg, nokre dagar lengre bak ribbeina enn andre. og da må ein leita, men eg finn det alltid. med unntak av kanskje tre dagar i kvart kalenderår der eg gir meg sjølv lov til å bli i senga.

og om du har noen gode tips til rask og enkel matlaging, innenfor den sunne men gode kategorien? du har bestandig så fine bilder av mat, kan du legge ut oppskrifter?
ligg masse sunne gode oppskrifter i kategorien som heiter "om mat".

jeg lurer på hvorfor du ikke spiser kjøtt? spiser du ikke i det hele tatt, eller er du bare imot at vi spiser for mye kjøtt? liker du det?
eg et ikkje kjøt fordi kjøttindustrien gjer meg heilt kvalm, og óg kor mykje kjøt folk faktisk et. utan å tenke seg om så et folk kjøt kanskje tre-fire gongar om dagen; frukost lunsj middag kveldsmat. ein er blitt heilt blind for korleis industrien fungerar, og om ein prøver å snakka om det så puttar dei fingrane i øyrene og vil ikkje høyra, vil ikkje sjå, bryr seg ikkje. ein treng ikkje å eta kjøt, så derfor gjer det ikkje. og både kroppen og sinnet har det bedre. det er absolutt ingen aspekt ved livet som har det bedre av å eta mykje kjøt. no et eg kjøt når eg får lyst på, maks ein gong i veka, og da et me bra kjøt, reint kjøt. sånt som kjøttdeig og pølser er jo berre dritt, skjønnar ikkje at folk orkar å eta det. eg meinar ikkje at alle må vera vegetarianarar, eg er ikkje det, eg meinar berre at folk ikkje treng å vera heilt ignorante.

og hva er det beste du vet uten kjøtt?
alt! til dømes et eg og han der fine sånn soyaproteintacogreier som er fra santa maria, det er nesten som kjøttdeig men ein blir ikkje sånn kjøtmett etterpå. men vanligvis lagar me berre maten som om den hadde vore med kjøt, berre meir grønnsaker og bra greier!

kor mange sysken har du?
ei nydeleg søster.

hvorfor er verden ett så sykt fint sted, også er det nesten ingen som ser det?
om eg berre visste svaret på det.

hva drømmer du om om natten?
forferdelige ting og fantastiske ting, men mest forferdelige.



kan du skrive noko om pilates? kor lenge har du holdt på med det, kva studio likar du best?
eg har drive med pilates i kanskje fem år no, og no gjer eg det kanskje to-tre gongar i veka. her i oslo har eg berre prøvd pilates room og det var greit, men når ein har holdt på ei stund så kan ein jo ein masse øvelsar sjølv så eg gjer det oftast heime med ring på matte.

kva syns du er vakkert?
smilehol, når ein kan sjå ned i kumlokk på folka som jobbar der nede, gamle damer med hattenåler i pelskåpa, sånt som luktar jordbær, lange jenter med store auge.

kva eigenskapar verdsett du?
humor, impulsivitet, kreativitet, sjølvinnsikt, generøsitet.

korleis syns du det er å møte nye mennesker, og å bli kjent med dei?
syns det ofte er vanskelig, fordi eg har ein del sosial angst og det konstant er tankar i hovudet som slåss mot kvarandre, men samtidig skikkelig spennande. litt som å date, berre at ein ikkje kyssar eller sånt liksom.

kva syns du er interessant?
historiar om andre land, jobbar som nesten ingen har, seriemordarar, merkelige fenomen, nordlys, analogt fotografi, dagbøker.

kva er verdifull informasjon, for deg, om ein person?
eg vil vita alt.

liker du best intens og kort eller middels og langvarig glede?
kort og intens.



kva gjer deg trygg, og får deg til å føle deg velkommen/heime?
han der fine.

har du nokon tanker/meiningar du brenn ekstra mykje for?
anti-kjøtt, som de kanskje har skjønt. homofile sine rettigheiter, feminisme.

kva syns du om rosa?
elskar rosa.

kva har du lyst til å høyre nokon seie til deg akkurat no?
"versågod her har du ein ny macbook pro on the house."

smiler du til framande, og kva tenker du viss dei ser surt/nonchalant tilbake?
eg tenkjer ofte veldig mykje når eg er ute og går aleine, men om eg ser nokon som er fin så pleier eg å smila. om dei ikkje smiler tilbake bryr eg meg ikkje så mykje om det, for eg gjer det jo for min eigen del. bra å smile.

når byrja du og bake, og bruker du oppskrifter?
eg hadde veldig stor interesse for mat då eg var kanskje 11-12 år. eg brukar av og til oppskrifter, av og til leikar eg meg berre. men eg er ganske trygg på kjøkenet.

blir du ofte inspirert?
absolutt heile tiden.

kva tankar har du om dei tre hovudpersonane i harry potter, om du har lest bøkene?
har lest bøkene, elskar dei. hugsar at alle jentene ville vera hermine mens eg alltid helst ville vera harry fordi han var så tøff og modig.

kva forhald har du til kritikk?
før pleidde eg å bli heilt knust av den minste smule kritikk og bli liggande under dyna i kanskje ein heil dag etter nokon sa noko som eg oppfatta som kritikk. no klarar eg å anten ta det til meg og bruka det konstruktivt eller så preller det rett av. kvar einaste dag får eg kommentarar fra folk som ikkje sjølv skjønnar kvifor dei slenger dritt til andre på internett. eg slettar kommentarane, syns litt synd i dei også gløymer eg at dei eksisterar. for det er ingen vits å kasta vekk tid på idiotar.

har du nokon personar du har vore VELDIG inspirert av, og kva inspirer deg?
sophie calle er min største inspirasjon.



tør du å snakke med ein framand på gata om det er ein person du får veldig lyst til å bli kjent med?
nei. eg skreiv ein gong ein tekst om det, kor irriterande det er å sjå interessante folk på gata og ikkje klara å gå bort og snakka til dei. kanskje eg skulle ha lagt den ut.

kva gjer deg trist?
alkoholikarar som ligg livlause på bakken midt på grünerløkka utan at nokon stoppar opp for å sjå om det er liv i dei. når det er tomt for melk om ein har laga kjeks. når pappa og mamma er lei seg for at eg skal reisa heim.

liker du å synge og skrive?
ja, begge deler veldig godt.

kva assosisasjonar har du til orda fred, kjærleik, kreativitet, sjokolade og harmoni?
B R A . litt all over the place.

korleis er din drømmecafé?
den er pastellfarga med marengs med skikkelig bra kaffe og superbra wifi.

eg lurer mest på kven som er din favorittforfattar(ar)?
frode grytten!

hvordan rase er mikla? den hunden er så magisk fin.
mikla er ein toller. ho er ganske så fin og bra.

kva ville du gjort viss du var ein mumikopp? kva farge ville du våre? kven ville du blitt drukket av?
eg skulle vore hufsa og vore dei tøffaste ungane sin kopp.

litt klisje, men viss du skulle ende opp på ei øde øy og kun fekk ta me deg to ting(det er ikkje lov me menneske), ka skulle det ha vert?
ei fiskestang og ei flaske med rom.

si et ønske?
at han skal komma tilbake og bu her med meg i to månadar.

hva er den halvfulle koppen fylt med?
smågodt.



hva gjør man når hodet vet at det er riktig men hjertet skriker nei av sin fulle røst? du sier så innmari mye smart, så jeg tenkte det var verdt et forsøk.
vanligvis for meg pleier det å vera omvendt, så eg veit ikkje heilt korleis ein har det omvendt. eg pleier vanligvis å falla for fristelsane til hjartet og ikkje bry meg om hovudet så mykje.

hva gjør du når du føler deg skikkelig skikkelig ensom i verden, og du egentlig bare vil gå i hi? hva er best med å bo i oslo?
da går eg anten i hi, eller så tar eg trikken. for trikken er det beste med å bu i oslo. ein er aldri aleine men ein treng aldri å snakka med nokon, også går den i ring så ein treng aldri å gå av heller.

hva er din absolutte favorittfilm og -bok?
film: virgin suicides. og hairspray. bok: extremely loud and incredibly close av jonathan safran foer.

hva gjør du når du ligger aleine i senga langt på kvelden, og du får ikke sove uansett hva?
eg får jo aldri sove. men no har eg fått meg ei sånn lydmaskin, så eg høyrer på regn og fuglar. den står på 25 minutt og den siste veka har eg sovna kvar natt før dei minuttane er omme. det er nesten det beste som har skjedd.

plager det deg at vi svever på en klump i ingenting? hvorfor/hvorfor ikke?
nei, eg tenkjer faktisk ikkje over det.

hvordan får du ro i magen og føttene og fingrene og kanskje brystet når det er sånn at man ikke klarer å sitte stille, men er for håpløs til å gjøre noenting?
ser film og tv-seriar og les bloggar og prøver å holda meg våken. har det ofte sånn.

har du mange tunge dager? har du mest gode eller tunge?
kanskje 3 av 7 dagar i veka er tunge dagar, så ja. det er mange. men dei er i varierande grad og dei fleste av dei kan kurerast med kjærleik og kos og babyar som ler på youtube.

hvis du hadde vunne i lotto eller på skraplodd, kva ville du brukt pengane på?
is til alle eg kjenner.


answers to questions, part five: all the rest.

den store sukkersjokkdagen.

paris, day two.
dagen i går starta med to mini-makronar fra vårt lokale patisserie. og frukost, sjølvsagt. 70 cm med baguette. eg har funne eit patisserie som sel grove bagettar, dei heiter "scandinave", ganske så fint.

paris, day two.
på veg til metroen om morgonen går det til dømes an å stoppa for å sjekka blomeprisar, for det kjem sjølvsagt til å vera aktuelt for meg framover.

paris, day two.
stoppa og såg litt på sko óg. dette er mitt nyaste handlenett, det fekk eg av janne og det er fra samlaget, det er så fint og det er ingen her som forstår kva som står.

paris, day two.
metrokart.

paris, day two.
me køyrte metro til den beste issjappa i byen, og eg fekk to kuler. bitter sjokolade og lakris. sjukt godt.

paris, day two.
så spaserte me litt rundt omkring og eg trudde ein telefon ringte under brua men det var berre han der fine sin mobil.

paris, day two.
og eg var så glad i mi nye alpelue.

paris, day two.
notre dame fra langtvekk.

paris, day two.
så kom me hit! finaste bokhandelen.

paris, day two.
fin fotobok.

paris, day two.
fine postkort og bilder.

paris, day two.
fin fin fin bok.

paris, day two.
så gjekk me til himmelen, også kjent som ladurée. åh. me bestemte oss for å ta lunsj der og fekk dermed denne menyen som såg ut som ei bok.

paris, day two.
dei har det finaste serviset som eg skulle ønska at eg hadde sjølv.

paris, day two.
den finaste personen i verda.

paris, day two.
han der fine sin club champs-élysées.

paris, day two.
eg fekk ein fantastisk fruktsalat.

paris, day two.
også drakk eg te som smakte roser. som sagt: til alle som kjem i bryllupet vårt: dette serviset vil eg ha. i alle fargar.

paris, day two.
litt himmel fekk bli med heim óg, i den mest fantastiske grøne posen ein kan tenka seg.

paris, day two.
så shoppa me litt. på paul smith hadde dei fint tapet i trappa.

paris, day two.
og fine bilder.

paris, day two.
så gjekk me til eit stort varehus der eg fann mitt drømmestoff, det med rosene på. åh! den som fekk ein kjole i det stoffet.

paris, day two.
og med alle silkebånd på.

paris, day two.
han der fine kjøpte seg ei sløyfe óg.

paris, day two.
matavdelingen var så sjukt fin óg. dette er makronar i halve, så ein kan fylla dei sjølv. eller det veit eg forresten ikkje, men det ser sånn ut.

paris, day two.
me kjøpte ei flaske med champagne i alle fall, og drakk den i senga.

paris, day two.
med makronar.

paris, day two.
og lykke i plastglas.

paris, day two.
så tok eg elsklingen min under armen og gjekk på kino. me såg love and other drugs og den var skikkelig fin. me sat i ein pytteliten filmsal med kanskje sju andre personar. dei lo av dei franske reklamane før filmen og da følte me oss som turistar, men det gjekk fint likevel. så gjekk me heim og drakk vin som var så ekkel at det var morsomt og kosa til me sovna.

og i morgon startar mitt aleine-liv her i paris, og eg gler meg skikkelig samtidig som dette er den verste dagen på lenge. han reiser om morgonen og eg er veldig oppteken med å sussa kvar einaste lille bit av hud på kroppen hans.



my day yesterday: ice cream, walking aimlessly around, old and new books, a long stay at ladurée(heaven), some shopping, some macaron eating and champagne drinking, and then we went to the movies! we saw love and other drugs and i really liked it.


elleve bilder fra ein dag i paris.

paris, day one.
første morgon i paris starta med vintageshopping i 4.arr, og det gjorde me egentlig heile dagen. hoppa fra pyttelille sjappe til pyttelille sjappe, prøvde sikkert tjue kjolar men ingen var heilt rett.

paris, day one.
han der fine fekk lesa kart for radaren min var litt ute av trening. eg pleier vanligvis å vita akkurat kvar eg er og akkurat kvar ting er i forhold til meg.

paris, day one.
av og til må ein berre stoppa opp og stirra opp, for det er så fantastisk i paris.

paris, day one.
og ein mini-makron på det.

paris, day one.
så gjekk me i ein fin bokhandel og eg kjøpte ei skikkelig brafin fotobok.

paris, day one.
og ein heil del postkort.

paris, day one.
etter masse shopping(sjølv om eg ikkje hadde kjøpt ein einaste liten ting) var det blitt mørkt.

paris, day one.
me gjekk til notre dame, for han der fine skulle spela inn lyd under messa. (ps: kvifor er det så få som kjøper plata? eg syns det er heilt rart, den er jo det beste ein kan høyra på uansett kva tid det er på døgnet eller korleis ein har det. ein kan kjøpa den her, og det er sju spor på plata, altså i alle fall tre som de ikkje har høyrt fra før. så kjøp den og støtt fattige norske kunstnarar, forfader! så han kan laga enda finare musikk og kjøpa blomebukett til meg neste gong han kjem til paris)

paris, day one.
etter det åt me middag på meksikansk restaurant og drakk margaritas. <3 så gjekk me tur og snubla over laduree!!! meir om det seinare.

paris, day one.
paris, day one.
og etter det var det berre kjærleik og drinkar i senga. tenk at eg har noko så fint. <3



my first day in paris: vintage shopping, a whole lot of postcards, notre dame, mexican food & margaritas and kissing a lot.


litt om paris og om magasinet.



fotos: ida pyk

no tenkte eg at eg skulle fortelja litt om kva som kjem til å skje framover. akkurat no er eg og han der fine på liksom-ferie her i paris. me bur på eit hotell i gare du nord, og han reiser på laurdag. så er eg åleine på hotell, fram til tiande. då flyttar eg inn i ein leilighet som eg leiger privat gjennom craigslist. etter det er eg åleine til den attende, for då startar folk å komme. folk som skal eta middag med meg og som skal hjelpa meg å laga magasin, for det er jo tross alt det eg er her for å gjera. eg skal bu i paris til slutten av mars/starten av april, det er ikkje avgjort enda. eg skal bu i 19. arrondissement, til dei som lurer på det, og eg skal bu med ein mann.

angåande paris-guide: eg kjem ikkje til å legga ut nokon guide på bloggen. det høyres sikkert skikkelig slemt ut, men ein stor del av magasinet kjem til å vera nettopp ein bra paris-guide og da føles det veldig dumt å skulla gi bort den informasjonen gratis, sidan dette jo er jobben min og sidan det jo kostar ein del å bu her i to månadar. så om det ikkje står adresser eller navn på plassar eg er, er det fordi eg "sparar det" til magasinet. eg kjem til å blogga om kvardagen min, om små ting eg kjøper, om mat, om film, om musikk, om bøker, det blir veldig som vanlig men med ein paris-twist. eg kjem til å møta nye menneske og utvida horisonten min på veldig mange måtar, og de kjem til å få bli med på det. guiden kjem, og den kjem til å bli heilt sjukt bra. eg har allereie mange adresser å dela, og eg har kun vore i paris éin dag enda. når magasinet har solgt ut kjem eg til å legga guiden ut på bloggen, som eg gjorde med oslo-guiden óg. håpar de har forståelse for det og at det ikkje virkar altfor kjipt.

magasin nummer tre kjem til å bli det beste nokon gong, og eg kjem til å auka både opplaget, sidetalet og prisen(pyttelitt altså, ikkje noko dramatisk). forhåndssalget kjem til å starta ca midt i februar, og eg håpar de verkeleg kjem til å kjøpa kjøpa kjøpa så masse de berre kan og vil. av erfaring kan eg sei at det kjem til å gå tomt, og da er det jo litt trist å vera utan. og dessutan er det så trist om eg sit igjen med 500 magasin óg liksom. magasinet(og eg) er heilt avhengig av at de omfavnar prosjektet og kjøper magasinet, skriv om det på bloggane dykkar og blir med i facebook-gruppa. det er superviktig og de er superfine.


om det er noko meir de lurer på syns eg at de skal spør i kommentarfeltet også svarar eg der litt etterkvart.



about my time in paris: google translate please!


bonjour.



hej og god morgon! paris er fantastisk, han der fine er fantastisk, eg har det skikkelig bra. no skal me ut på livet, eg i min nye kjole og han med blå sokkar. i kveld kjem meir enn photobooth-bilder, lovar! håpar de har det bra der heime eller kvar de er. takk for alle fine kommentarar, dei varmar. suss.


good morning from paris! i'm a very happy girl! tonight: something more than photobooth photos! pramis.


au revoir.



no reiser me. til paris. det føles uvirkelig og heilt fantastisk og på kanten til sinnsjukt samtidig. eg gler meg sånn at eg ikkje forstår det eingong. me sjåast i paris, fine folk! au revoir.


leaving for paris! now! wow!