muffins og makronar
smør+sukker blandast og vispast til det er kvitt. ta deg goood tid, ellers blir det berre klumpete og ekkelt seinare. så eitt og eitt egg oppi medan ein rører masse mellom kvar gong(og om det no blir klumpete og ekkelt, kan ein køyra heile blandinga i ein blender, det måtte eg). så oppi med mjøl, vaniljesukker, bakepulver(eg har alltid oppi meir bakepulver enn ein skal) og mjølk, vekselsvis. sjokolade oppi heilt sist. røra oppi store muffinsformer. steikast på 200 grader til dei er ferdige, ca 15-20 minutt. så blir dei så veldig veldig saftige og deilige. om du har ein fin boks kan du ha dei oppi den, da blir alt så mykje bedre.

i tillegg laga eg makronar. 200 gram kvit sjokolade smelta i vassbad(om du lurer på kva dèt er, kan du trykka her). så blandar ein oppi kokos til det får ein såpass konsistent at den er tørr samtidig som den er blaut. så kan ein finna bakepapir og laga små makronar utover, kor store ein vil eigentleg. mine er så store som den ytterste delen av tommelen, kanskje. så må dei ta lang tid på å stivna, så sett dei ein kald plass. dette er noko av det beste eg veit om i heile verda.

framme hos oda var det eit bryllup, blant anna.

og glade, fine folk. og ei knekt seng og ei blå bøtte og ei grønn bøtte og ein pose mel. nysjerrig? eg seier ingenting.

i dag er det jobbing med særemnet mitt som skal framførast på fredag, og masse big bang som bakgrunnsmusikk. eg skal jo tross alt på konsert i morgon.
kva skal du i dag?
100 ting som gjer meg glad.
2. kjolar
3. kokosmakronar
4. sånne små fine som rufsar meg i håret.
5. te
6. pakkar i posten
7. purstag
8. bøker
9. musikk
10. påfuglar
11. pandabjørnar
12. paris
13. små trehytter
14. vindeltrapper
15. lukta av appelsiner
16. jenter med rosa hår
17. pikekyss
18. britiske forteljarstemmer
19. nynorsk
20. sløyfer
21. silkebånd
22. kjærleik
23. ebay
24. ballongar
25. telt
26. kaninnasar
27. lister
28. piknik
29. teater
30. tjukke sokkar
31. tim walker
32. marsipanægg
33. bake/lage mat
34. såpebobler
35. smoothie
36. paraplyar
37. tatoveringar
38. blåmerke
39. undertøy som ser ut som bakverk
40. kjærlighet på pinne
41. kysse. og bilete av andre som gjer det.
42. le ballon rouge
43. caitlin shearer
44. lille larven aldrimett
45. happy hippos
46. origami
47. fine strømpebukser
48. pushing daisies
49. brettspel
50. sommarfuglpasta
51. analoge fotografi
52. diana
53. vogue
54. familien min
55. jordbær
56. tog
57. franske filmar
58. berrføtt i graset
59. hagen i kråkeslottet
60. alkohol
61. gravide magar
62. frekner
63. meditasjon
64. veronica, øyvind, orion og storm.
65. putekrig
66. ferie
67. bestemor
68. kaffi
69. gutar med krøller
70. fine briller
71. store lamper
72. folk som held døra open
73. ballerinasko
74. london
75. håp
76. kyssa i regnet
77. å finna noko i ein vekkgøymd boks eller blant andre kjolar i ein putikk
78. vera i regnet
79. å finna songar som passar perfekt i situasjonar, som something special av big bang når ein køyrer heim i regnet
80. frukost
81. skrivemaskiner
82. csi
83. pengar
84. fotoboksar
85. loppemarknadar
86. polaroid
87. laga historiar av kvitteringar
88. blogg
89. HAUST!
90. sofia coppola
91. alice i eventyrland
92. sigarettholdarar
93. dokkehus
94. kragebein
95. kaleidoskop
96. løyndom-prosjektet
97. is
98. koffertar.
99. audrey tatou
100. tulipanar
eg tykkjer alle bør ha ei sånn liste for å minna seg sjølv på kor mykje fint ein har.
kva gjer deg glad på lista mi, og av andre ting?
translation: a list of 100 things that make me happy.dalmatinermandag

av og til får eg så fine ting av blogglesarar og andre som har lyst til å senda meg ting. i dag, i postkassa på skulen, låg det så innmari mykje fint. det som tok heilt pusten frå meg var denne pakken


oppi den låg det ein boks

og oppi boksen låg det så innmari mykje fint, som om eg skulle samla heile verda mi på eit så lite areale. det hadde nok sett sånn ut. med to sløyfer og skjerf og drops og fin boks.


og te!

og ein sånn krage som eg kan bruka utapå kjolar, for eksempel. så magisk fin.

tusen tusen takk, fine ingrid. eg vart verkeleg heilt overlykkeleg.
i dag er ein spesiell mandag for eg og min kjære har ete risotto og i kveld skal eg i purstagsselskap til finaste oda som er 18(sei "gratulerar med dagen, oda!" da blir ho så glad). eg har lagt ut 5 nye sløyfer til salg på putikken min, så storm dit! og medan du er der, kan du jo sjå om det er smykker eller kjolar du har lyst på òg.
gratulerar med dagen, oda! eg er glad i deg som ein fisk.
stavanger.


og "hei, sunniva!" finaste sunniva og finaste han der fine.

me var på kafè.




og på fretex.

barneskulen me sov på hadde sånne fine teikningar av kattar med hattar og fine mønster.


på laurdag kveld var det landsmøtefest. me hadde earth hour, så det var heilt mørkt og veldig koseleg.

me hadde loddtrekning.

og janne hadde matchande hårting og strømpebukse.


no er eg endeleg heime og ganske sliten, men heia nynorsk. ute er det øsepøseregn, og eg er så fattig som ein harepus med eit avhengighetsproblem.
kva har du gjort i helga?
kaleidoskop

dette er mitt første. det er av plast og ganske cheesy, men sjarmerande likevel.

nummer to fekk eg av min kjære, og er eit sånt eit som vrir tinga du ser på istaden for ting inni sjølve kaleidoskopet.

dette kjøpte eg på eit museum i paris. ååå, paris!

dette har eg fått av min kjære svigermor.

og dette kjøpte eg i amsterdam.
kva samlar du på?
purstagsinvitasjon

den som klarar å lage ei sånn ei, får komma i purstagen min. lovar. no er eg i bergen og skal snart sova. god natt!
q + r = sant
q for quasimodo

når eg var liten identifiserte eg meg meir med quasimodo enn med esmeralda, som alle dei andre jentene. men no er eg kanskje meir ei esmeralda. eg hadde ho dessutan i barbiedokke, med kjole med bjeller på.
q for quiche

eg elskar elskar elskar quiche, og er ikkje reint lite flink til å laga det heller. om det er lov å seia høgt, sjølvsagt.
q for q-melk

no for tida likar eg q-melk mykje betre enn tine på grunn av heile nynorsk-greia. eg finn meg ikkje i det tullet. derfor q-melk.
r for renate

min pyttelille søster og mini-versjon av meg sjølv.
r for rules for my unborn daughter

fiiinaste bloggen! (om de trykker på biletet: sjå den øverste regelen.)
r for risotto

favo-favo-favorittmat! hjarte.
r for roma

roma er ein fantastisk by å gå seg vill i. eg saknar roma når det er sommar.
r for russiske vinterslott

kven skulle vel ikkje villa bu her? åh, det ser ut som eit sukkertøyhus.
r for regn

det er ingenting som er så fint som å kyssa i regnet. eller å gå ute i regnet om natta om sumaren.
r for raudvin

helst kald i eit glas med stett. eg kunne ha drukke raudvin kvar einaste dag. heilt sant.
r for radiohead

<3
kva står din q for? kva står din r for?
andre opplysningar: i kveld reiser eg til bergen, i morgon tidlig til stavanger. eg skal på landsmøte for norsk målungdom(heia nynorsk!), og kjem ikkje heim før søndag, så eg veit ikkje kor mykje det blir blogga men eg skal prøva mitt beste.
putikken: eg har lagt nokre klede ut igjen for salg fordi folk ikkje putalar for det dei kjøper. det er veldig kult om de vil kjøpa ting av meg, men de må betala for det. ein går ikkje på putikken og fyller opp korga si utan å ha pengar med seg.
tante isabel

og den er herleg herleg. sånn. no har de blitt introdusert. no skal eg på kino, menn som hater kvinner. suss!
kva gjer du i kveld?
pushing daisies!



dei gjenlivar biene til chuck.


da blir digby veldig glad.


olive blir nonne.






chuck er det finaste eg veit i heile verda. anna friel. <3





det var om muleg enda enda finare enn fyrste sesong. om det går an! fint. veldig fint. tusen takk for at de er så fine. det kan de godt fortsetta med. suss!
paprika

så hola eg ut paprikaane, berre skjærte av toppen, og tok ut frøa og det som er inni. så skjærte eg av eit tynt lag under, berre så den står stødig men ikkje for mykje så det blir hol gjennom. så fylte eg heile paprikaen med kjøttdeigen.

og ost oppå! (ja, eg elskar elskar elskar ost)

inn i ovnen med dei på ca 200-225 grader. dei er ferdige når toppen er gyllen.

egentlig kan ein servere med brød eller ris eller kva ein vil. men eg likar pasta. så medan paprikaen bakte, laga eg pastasalat med min favorittpasta - sommarfuglar!

oppi hadde eg ein del sennep, salt og pepper, rød paprika, rapid-salat, litt soyasaus, tikka masala-krydder og pyttelitt kardemomme.

så godt vart det:

deilig deilig deilig, syns eg og min kanin. og i dag er eg i bakehumør!
velkommen til mitt hus, spørsmål?
den finaste filmen
som de veit, er eg veldig svak for kjærleik. dette er den finaste finaste filmen, ein animasjon av 4500 stillbilder som er så fantastisk søt og fin at eg smelta. sjå den. også lurer eg på ein ting.
kva er kjærleik for deg?
for meg er det til dømes å skjønna kva han skal sei før han seier det, å passa på at han har reine klede, å klø han på ryggen til han sovnar, å klemma masse masse masse. for å nevna eit par.
i posthylla

i dag låg denne nydelege pakken frå ina i posthylla mi. da vart eg så glad at eg lagde ein lyd som høyrtes sånn ut: iiiiiiiiiiiiih.

i pakken låg eit nydeleg maskinskrive brev og eit oransje kamera som er magisk. inni det er det nemleg masse dyr!

som til dømes ein fisk. også fekk eg òg polkagrisar, min favoritt!

eg fekk òg ei anna pakke i dag; denne nydelege kjolen frå topshop.

eg var snurrande glad!

kjolen er frå topshop, men eg har kjøpt den på ebay(sidan det er så mange som spør) og forresten hot hot hot stuff i putikken!
om eg hadde vore ei anna jente, del to

om eg hadde vore ei anna jente, hadde eg nok budd i dette huset. og på utsida såg det ut som eit hus laga av plastikk eller melkekartongar, men egentlig såg det sånn ut på innsida

inni var det lange lange gangar med teppegolv så det såg ut som ein opera.

eit rom var fylt med globusar.

eit anna rom med godteri.

og eg skulle kun lesa bøker som såg så fine ut i hyllene mine. dessutan måtte dei vera pop-up-bøker.

til dømes av alice i eventyrland.

eller kanskje med dådyr. eg tykkjer dådyr er av dei finaste dyra i heile verda.

eg skulle spise godteri til frukost og middag og kveldsmat, for eg var heilt heilt åleine i heile verda og ingen kunne fortelja meg at eg fekk hol i tennene. uansett drakk eg jo mykje melk. men kun om den såg sånn ut

dessutan var den i live og dansa rundt på bordet mitt.

når eg ikkje fekk sova, skulle eg strikka klede til pyttesmå folk som ikkje eksisterte. eller laga pepperkakehus i nye dimensjonar

eg skulle prøva å læra meg sjølv å spela piano, men det var innimellom ganske vanskeleg

eg skulle ha 6 gode vener




men eigentleg sakna eg så veldig å ha ordentlege vener som eg kunne snakka med. og under puta mi låg eit bilete der eg ringa ut og såg for meg eit anna liv. eit liv med høge gutar med krøllete hår.

men eigentleg hadde eg det best aleine.
translation: this is what it would look like if i was another girl
<3
M: ja.

translation:
he asked me if i wanted to be his for the rest of my life, and i said yes.
stop motion
på denne sida kan du lage eigne animasjonar med webkameraet ditt.

var ikkje det fint vel kanskje?
time out

medan deigen heva tok eg bilder av hyllene på kjøkenet. det verkar som de likar det.

gjett kven andre som var der, da?

me laga calzone med spaghetti inni. det var vidunderleg deilig(såpass deilig at ein av calzonane forsvann i løpet av natta, og ingen anar kvar). eg er så heldig at eg har den flinkaste pizzadeigbakar-kjæresten i heile verda. i alle fall sogn og fjordane.

så skifta me til finare klede, eg tok på meg den nye sløyfa mi og silkebånd rundt halsen.

kjolen min er så fin for kvar gong eg snurrar ser den ut som stracciatella-is.

folk var veldig glade ute.

judit òg.

men kanskje mest ingvild.

no lurer eg på ein ting, i og med at eg nesten ikkje har gjort noko i dag, har du nokon faste søndagsrutiner du vil dela med meg?
om dom som försvann

på barneskulen var eg så utruleg einsam. eg var ein av dei ungane som latar som alt er bra for foreldre og lærarar, men eigentleg spiste eg lunsj med vaktmestaren eller åleine i kjellaren. kanskje likte eg det sånn, eg hugsar ikkje eigentleg kvifor det var slik. eg hugsar at eg hadde ein vill fantasi, eg skreiv ut fleire dagbøker på eitt år og såg veldig opp til anne frank. eg las voksen-bøker og sat i timesvis bortgøymd i hjørner på biblioteket. eg høyrte på pink floyd og gjekk i nedarva klede. eg gav bort alle pengane mine så dei ikkje skulle sparka meg på leggane.
på ungdomsskulen fekk eg sakte men sikkert kapra meg til ein veldig solid omgangskrets som eg var med kvar einaste dag. me bestod for det meste av 5 jenter, med eit par utskiftingar no og då. det var den type "friends 4-ever"-jenter som aldri eigentleg meinar det dei seier, som ein aldri eigentleg kan stola heilt på, som bedrar deg om dei får noko tilbake for det. men sjølvsagt visste ein ikkje det da. for sola skein og me lo til me fekk vondt i magen. det er nesten tre år sidan. den siste kvelden eg var heime før eg flytta(eg var den einaste i mitt kull som flytta) var eg og to venninner samla i senga til mamma og pappa for å liksom ta farvel. me såg film og spiste smågodt og ved enden av kvelden sippa me alle tre, for korleis skulle livet bli utan kvarandre? eg skulle jo bu heile 4 timar heimefra. men me skulle vera på msn kvar dag og jaffal ringa ein gong i veka og eg skulle komma heim kvar helg og dei skulle komma på pusøk. sånn vart det jo ikkje. i byrjinga var det sånn. men etterkvart var eg ikkje invitert på ting i helgene. og det var opptatt når eg ringte. og plutseleg var dei borte på msn. og plutseleg var dei borte.
og mitt liv på vidaregåande fortsatte med ein konstant verkande klump i magen som heitte "eg har ingen heime." etter kvart vart det ein ganske stor klump. og det var det heilt til eg berre bestemte meg for å gløyma dei. berre gløyma dei heilt. for berre sånn kunne eg få det bra igjen. for egentlig trengte eg dei ikkje uansett, ein har ikkje bruk for folk som får deg til å alltid vera litt lei. heldigvis har eg møtt så mange fantastiske folk på vidaregåande, folk som eg veit eg klarar å halde kontakten med, venner som ikkje er så high-maintenance. det er viktig med folk ein alltid kan komma tilbake til. sånne som rufsar deg i håret og sussar deg på kjaken og som tør å gje kompliment og som set pris på dei fine tinga her i livet. som øl og syklar og vårfestar, for eksempel. og i kveld skal eg ut.
i dag er ein fin dag av fleire grunnar
1.
eg har bestemt meg for det.2.
eg har rydde- og vaskefeber(og det er sjeldan).3.
han der fine kom på andreplass i ein kronikk-konkurranse som bt hadde, den er på trykk i bergens tidende i dag, sjå nettversjonen her.4.
eg har allereie fått inn hjartepost-bilete!
i løpet av dagen skal eg laga til ei side liknande løyndom-sida(som er linka i menyen til høgre) for hjartepost-bileta.
5.
i kveld skal eg drikka vin.kva er det som gjer dagen din til ein fin dag?
me kom videre!


tusen takk til alle som har hjulpe til, eg er så stolt!
smykker!

diverse smykker lagt ut i putikken i dag(link til høgre). suss!
vad djuren gör när ingen stör

sebraen kler av seg.

ugla får skjørt.

eg veit ikkje heilt kva grisen driv med.

igla blåser tyggegummibobler.

kua får hatt.

puddelen blir puddelrocker.

eg veit ikkje heilt kva pandaen driv med heller, men søt!

haien får òg hatt.

var ikkje den fin? eg veit at ein kan kjøpa den på tanum for ei ganske billig penge.
tagged
what is your current obsession?
akkurat no: flytande eyeliner, grøne kjolar, kokosmakronar, raud pesto, pasta, egg. alltid: alle kjolar, sløyfer og franske filmar.
what are you wearing today:
blomsterkjole frå velouria vintage i oslo og anatomihjartesmykket mitt. pluss ei amsterdamsløyfe som de ikkje ser.
do you nap a lot?
egentlig ikkje, men spørs om kjærestefanten er i skikkeleg kosehumør. da kan me sova i timevis.
why is today special?
i dag er det fredag, og eg skal vera med på ukm med løyndom-boka! ønsk oss alle lykke til, eg håpar så så så det går bra.
what would you like to learn to do?
eg har lyst til å læra meg å gå på hendene skikkeleg. for eg er skikkeleg flink til å slå hjul. så kanskje eg kunne blitt med i eit sånt menneske-sirkus. for eg likar ikkje dyresirkus, det er slemt. det har eg lært av min mamma.
what's for dinner today?
taco! i kveld skal eg og han der fine berre kosa oss som tusen.
what's the last thing you bought?
gulrøtter og appelsiner.
what are you listening to right now?
denne spelelista på spotify!
what is your favourite weather?
hausten, når ein berre må vera ute heile tida for å nyta det vidunderlege gule lyset heile dagen lang. eg saknar hausten heile året.
what is on your bedside table?
eg har ikkje det, eg. men vinduskarmen er full av bøker, blomar og te.
what's your style?
kjolar kjolar kjolar! og blomar og mønster og sløyfer i håret og rosa leppestift. der har du meg.
if you could have a house totally paid for, fully furnished anywhere in the world, where would you like it to be?
det måtte bli eit hus litt på utsida av sentrum i london. eit med kvite veggar og kunsten min og andre sin kunst og fire små med rufsete hår. i london, ja.
favourite vacation spot?
eg er ei skikkeleg storby-jente. og eg kjem aldri over london og paris, eg vil alltid tilbake. så neste gong blir det berlin. eller dublin eller stockholm eller københavn. eg vil sovna til lyden av trafikk og lukta av storby.
name the things you cannot live without.
han der fine, alle dei som har kapra mitt hjarte, kameraet mitt, kunsten, kjolar, silkebånd, mandarin&ananas-kremost, te, musikken og å vera berrføtt.
what person would you like to have in your hands right now?
trine marie. eg saknar ho kvar einaste dag.
if you could go anywhere in the world for the next hour, where would you go?
eg ville tatt første fly til wales og henta trine marie, så ville eg tatt ho med til indonesia. eg trur me ville hatt det veldig fint der.
which language do you want to learn?
fransk! neste år skal eg ta kveldskurs, det blir fantastisk! så har eg veldig lyst til å læra å snakka tysk skikkeleg.
which countries have you visited:
norge, sverige, danmark, tyskland, østerrike, ungarn, england, wales, frankrike, nederland, italia.
what do you want to be when you grow up?
akkurat den eg er i dag. men med fleire kjolar og ei sikker karriere.
eg er ein skikkeleg tilbehør-person. ofte likar eg tilbehøret bedre enn sjølve retten. eg elskar fløytegratinerte poteter(sjølv om eg er allergisk mot fløyte) og kolrabistappe. men risotto, kanskje. og all pasta!
hjartesmil.net
oppdatering: eg skjønnar ikkje kvifor det er nokon som har problem med å laste sida og med rss-feeden. det er akkurat samme side som eg har hatt før, berre med eit anna domene som videresender til blogg.no. eg har fiksa og triksa litt og håpar at det går bra for alle no.
translation: now you can find my blog on http://hjartesmil.net. isn't that neat?
om eg hadde eigd eit hotell

om du skulle komt til mitt hotell, såg lobbyen sånn ut.

og trappene såg sånn ut.

alle som jobba på mitt hotell måtte sjå sånn ut.

nøklane til alle romma såg sånn ut. når nokon kom til mitt hotell skulle eg intervjue dei før eg gav dei rom, for absolutt alle romma var forskjellige på kvar sin måte, og eg ville så gjerne at eg skulle velge rett rom til dei:


typisk: jente 23 år som treng litt tid for seg sjølv, kanskje etter eit samlivsbrudd, kanskje berre på flukt frå seg sjølv. eg skulle gitt ho mange klemmar og anbefalt alle dei finaste bøkene mine til ho.

her skulle ein musikk-gut få bu. de veit, han med converse og rufsete hår og briller. men han skulle spela ukulele og blokkfløyte, og alle jentene elska han for det.

her var den manisk depressive firbarnsmora som berre treng litt tid for seg sjølv. så derfor får ho rommet med polstra veggar og apekattar. her får ho finne fred i seg sjølv.

den drøymande. den som stirar i taket heile dagen lang og stirer ut vindauget heile natta. treng ikkje søvn. kanskje forfattar, kven veit.

her bur nokon med peter pan-syndromet. altså nokon som nektar å bli vaksne, og det passa jo perfekt.

her bur den gamle dama som tykkjer blomar er betre enn menneske og aldri ville reisa igjen, så ho har egentlig flytta inn. det var betegnande nok, tykkjer eg.
utanfor hotellet såg det sånn ut:



og heilt i toppen av mitt hotell budde eg. og der såg det sånn ut:


i taket mitt skulle eg ha skyer

tidlig om morgonen skulle eg stå opp kjempetidlig for å laga frukost til alle, for det var obligatorisk å eta saman. og frukostane skulle sjå sånn ut



om nokon hadde purstag eller berre trengte å bli oppmuntra(for det skjer jo ganske ofte) fekk dei sånt fint


og alt dette skulle etast i mitt vakre kjøkken

korleis skulle det vore om du eigde eit hotell?
translation: this is what it would look like if i owned a hotel.
p

eg klarar aldri å føla meg heilt vel utan parfyme. miss dior cherie er min favoritt, og minnar meg sånn om venninna mi frå canada.
p for plaster

altså, fordi om eg kanskje har skada meg betyr ikkje det at eg har lyst på eit stygt beige plaster på armen. nei. hello kitty!
p for pinne

det ser bedre ut enn det smakar, men det ser i alle fall veldig bra ut.
p for pai

eg elskar pai! dessertpai og middagspai og i alle fall etter denne serien:
p for pushing daisies

eg klarar ikkje å beskriva med ein setning kor mykje eg elskar pushing daisies. det er ikkje ein serie, det er ein livsstil. eg saknar dei så veldig.
p for pasta

etter å ha vore utan pasta ei heil veke i amsterdam, gjekk det opp for meg kor mykje eg faktisk elskar pasta. åååå, pasta. eg kan eta pasta resten av livet. kvar einaste dag.
p for palestina

hjartet mitt kjem aldri til å slutta å banka for palestina. det håpar eg ditt òg gjer.
p for pusekatt

ein dag skal eg kjøpa ein kattunge og snika den inn utan at han der fine ser det. så skal eg ha den på eit rom for seg sjølv der han skal få velga akkurat kva han vil ha. han skal få klatrestativ og godteri og heile pakka. min lille løyndom.
p for peppermynte

som de veit, elskar jo eg alt med mint. så dette kom vel ikkje så altfor brått på.
p for paraply

eg har så lyst på ein skikkelig fin paraply frå 1920-talet. men kvar gong eg ser ein er eg ute på reise og kofferten min er ikkje lang nok. dette biletet er forresten eit av dei finaste eg veit.
p for pinnsvinbaby

har du sett noko så søtt i heile ditt liv?
p for polkagrisar

polkagrisar er òg av mitt favorittgodteri. smakar mint, vel!
p for post!

dårlig illustrasjonsbilde, men dette hadde i alle fall eg vorte veldig glad for å få.
p for pakke

eg elskar det når ein berre får gåver heilt utan vidare. når nokon har vore på ferie eller berre sett noko som dei tenkte "det ville mariell blitt glad for." heldigvis har eg så mange fine blogglesarar som sender meg små pakkar heile tida. de er fine!
p for paris

eg kjem alltid tilbake, paris. alltid.
kva står din p for?
kjøp min kjole

også må de hugsa at de godt kan senda meg mail om de vil kjøpe fotoboka mi. god shopping!
i dag er ein raud dag


og dessutan ein fisk rundt halsen.

også! har eg vore på posten for å henta mine nye sko. desse er mine favorittar, men eg mista det forrige paret. så eg fekk nye av mine fine foreldre. hurra!

eg hadde ein gong ei kanin


ein dag slutta han berre å pusta. kaniner gjer det. og eg grein og grein og grein. for 11-åringar gjer det. heldigvis var han fin så lenge eg hadde han. når mine ungar vil ha kaniner veit eg i alle fall at eg er himla flink til å bygga bur.
i kveld skal eg heldigvis til frøken texas med fru fure. me skal sjå frustrerte fruer, som alle andre heilage tysdagar, og kosa oss veldig. ha ein fin kveld!
forresten høyrer eg rykter om at mormor leser bloggen min no! så kan alle vera så snille skriva "hei, mormor!"? da ville ho blitt veldig glad. hei, mormor!
translation: i once had the best bunny, but then he died. bunnies tend to do that a lot.
mat mat mat

pasta, paprika, ost, hakka tomater med kvitlauk(eller ein anna smak om du vil) og sopp. her kan du fint rekne ut sjølv kor mange personar du treng mat til. ein kan òg legge til andre ingrediensar, det er ei veldig føle-seg-fram-oppskrift. mi oppskrift er til to mette kaniner. sjå kor fin emballasje ica har:

som ein duk! sett pastaen på koking. skjær opp soppen, steik den i olje. skjær opp paprikaen imens og ha den oppi. medan alt blir steikt kan du raspe osten(det er lettare at den ikkje klumpar seg i store osteklumpar om den er raspa. ein kan sjølvsagt òg kjøpe ferdigraspa ost). så har du pastaen oppi steikepanna og heller tomatene over. bland godt, så kan du ha oppi ost til du føler det er passe konsistens. så deilig var min:

kor enkelt var ikkje det?
forresten: eg har telt opp stemmene til konkurransen, og nr. 2 kom på førsteplass og nr. 1 kom på andreplass, så om de kan senda meg mail med adresse og sånt, hadde det vore fint. suss!
om eg hadde budd i ein skog

eller denne

eller denne.

og han her var min beste venn. han skulle heitt kåre. eg kunne fortelja han alt og han ville berre høyra etter.

eg skulle gå rundt med nakne bein heile dagen fordi eg aldri kunne komma nær nok skogen

heile dagen lang skulle eg ligga i graset og skrive lister om alt mulig.

og når det var middagstid måtte eg gå på plukking

i all løyndom skulle eg ønska meg til ein betre stad der ein kunne eta middag sånn

som ettermiddagstur gjekk eg rundt for å snakka med alle trea. ein skulle bli overraska over kor filosofiske dei kan vera.

og seinare tok eg båten heim igjen

når skumringen kom, tok eg til med å blåse bobler og håpa at nokon av dei ein dag kom tilbake.

og plutseleg ein dag, eit brev!

eg skulle fort finna ut kven det var

han hadde pynta så fint rundtomkring òg

den natta sov me under open himmel og det såg ut som aldri aldri før.

korleis skulle det vore om du budde i skogen?
forresten: kjem til å ta inn fleire hjartepost-mailar i dag. send fullt navn og adresse, ting eg likar, ting eg ikkje likar og allergiar til min mail! og legg meg til på twitter!
translation: this is what it would look like if i lived in a forest.
om eit nytt prosjekt

tortilla de patatas

medan den brunar, kan du skrelle og skjære opp potetene i skiver på ein halv cm tjukke, såpass tynne at dei steiker ganske fort.
så har du oppi potetene med lauken og steiker til potetene er gjennomsteikt og brune.

medan det steikar, kan du vispe åtte egg til ein herleg egg-symfoni.

så, når potetene og lauken er bra steikt og du lett kan sette gaffelen gjennom potetene, kan du sette ned varmen litt. så har du nok olje på til at du dekkar alle flatar under potetene og lauken. så heller du over egga. no kan du salte og pepre som du vil.

så kan du, om du er litt trent, prøve å dra litt i den så alt det flytande synker til botnen og blir steikt. viss ikkje, er det berre å steika på låg varme lenge til den ser ok ut. men viktig at den ikkje svir nedi. når det ser bra steikt ut på toppen, skal du snu den. det er vanskelig, så ver forsiktig. legg eit fat oppi panna som dekkar heile omeletten. så snur du panna så omeletten ligg på fatet. så skal omeletten steikast på den andre sida, så den uferdige sida må ned igjen i panna. det treng ikkje så mykje tid, så pass på.
om du er litt usikker, kan du sjå denne videoen på youtube, og hopp til 2:55 for å sjå akkurat i snu-fasen. når den er steikt gjer du på same vis for å få omeletten på fat. da ser den sånn ut, som ei kake:

den kan du òg skjære i som ei kake:

me brukar å ete den utan noko ved sidan av, men det er sikkert godt med salat ved sidan av altså. det er så så så godt, bon apetit!
konkurranse-angst
1.
Hvis jeg bodde i det slottet skulle jeg ha en rik familie som holdt ball og fine middager i helgene, mens jeg snek meg vekk til ett av de ubebodde tårna hvor jeg hadde satt inn gamle møbler, og pynta pent med all slags gamle saker og tegninger jeg hadde tegnet på veggene. Så skulle jeg hatt ett gammelt skap i tårnet som ser ut som det i Narniafilmen som var fult av søte gamle kjoler! også skulle jeg hatt en gammel platespiller hvor jeg spilte jazz og annen fin musikk jeg kunne danse til... Og på regnværsdager ville jeg løpt ut i skogen til en liten hytte med en gammel dame i som var vennen min, også kunne vi bakt sammen og laget te og pratet om gamle historier.2.
lauvet er blitt gult, brunt og grått. eg veit ikkje når det skjedde.det plagar meg, eg har fylgd med kvar dag, kvar kveld. plutseleg er det gult, brunt og grått utan meg. skogen ser sorgfullt opp, i stille orsaking vi meinte det ikkje.
utanfor glaset glid ei dvergtrappe forbi, vengjene hennar synest kvite, halsen myrk. ho vender om, sirklar. eg talar med henne.
skogen bryt inn, dei er usamde, eg stengjer dei ute, snur inn. ryllikrosa dynetrekk og polkadottapet, sprokke fleire stader. tyllen morknar i gardinene, tidi er for lengst komi.
men tidi kjem aldri. og kjem ho, fer ho forbi meg. som lauvet, lauvet er blitt gult, brunt og grått, eg skjønar ikkje når det skjedde
no lyt eg vente på graset.
3.
Det er øverst jeg må sitte når jeg har vært umulig. Øverst i det vestvendte spiret med sikt til elven. Om du finner meg her en dag, skal du vite at jeg holder av elven. Den nesten pinlig grunne elven man kan sitte og bade i. En gang badet vi der. Du plasket rundt og det kom musikk ut av munnen din. Sånn som på Solo-reklamen. Jeg lo en fin og rund latter som bare mennesker på film ler. Du strøk meg over kinnet (og jeg var redd du skulle forsvinne). Om vi en dag slutter å rime skal du bli Andy Warhole. Jeg hater Andy Warhole. Når jeg tenker på det meningsløse blir jeg fullstendig umulig.Men jeg ser på deg, kjenner du gråter bak hendene, du snakker med noen, jeg er redd, jeg roper at alt er stygt og du holder håndleddene mine slik storesøster holdt dem da jeg var liten. Da blir alt mørkt og jeg er en elv som heter vestavind. Jeg drømmer at du sier jeg drømmer for mye.
4.
Om jeg hadde fått bodd i det slottet der ville jeg hatt et rom fult med bøker. et uvanlig stort rom. som det var plass til med millioner av bøker. hvor jeg kunne lest og drømt meg bort til andre steder. på sommern ville jeg hatt på meg en enkel sommerkjole. I melkehvit med små blomster på. Ville løpt barbent ned til hagen. Nyte hvert drag av den friske luften. Ville satt meg på en sten og duppet føttene i det kjølige vannet. drømt meg bort til fantasienes verden. skulle hatt lomma full av kjærligheter, som jeg kunne ta ut og slikke på hver gang jeg fikk lyst på.Inne på rommet mitt hadde jeg hatt en stor himmelseng. Ene siden av veggen ville jeg hatt et akvarium. fult med små sjeldne fisk.badet ville vært kjempestort. med roser og stearinlys overalt.tusen tusen takk til alle som har vore med. de har så fine hovud.
bli med meg på skulen

så tenkte eg at de skulle få vera med meg på skulen. så her har de ein liten animasjon med min veg til skulen. det pyttelille biletet av han der fine som kjem plutseleg er i krysset der me blir skilt frå kvarandre, for eg er i det nye fine skulebygget og han er i det brune gamle.

før de spør: støvlane er kjøpt på lindex og kosta tohundreogførtini kroner. animasjonen har eg laga i flash fordi det er så mange bilder, og da blir den "prikkete", men prikkar kan vera fint det.
kva vil de ha?

som de veit, så likar jo eg å lage litt sånne konsept-postar, som "om eg hadde hatt ein kafè" og "om eg hadde vore ei anna jente". også likar eg å skriva om folk og små historiar. men no er eg litt tom for idear, så då lurer eg på kva de vil at eg skal skriva om eller ta bilder av? så skal eg gledeleg skriva dei ned i den pyttelille boka mi og gøyma dei til ein fin anledning. suss!
the tent

ho skriv så nydeleg vakkert, og når ein les det er det som om nokon med skikkeleg forteljarstemme les inn i øyret ditt.

eit par utdrag frå her og der:




desse tre høyrer saman:



og plutseleg kjem det nydelege bilete.

eating the birds er ein av mine absolutte favorittekstar, og dei to siste setningane er magiske.

om du likar å lese bøker på engelsk, er det ei perle. den holdt meg våken ei heil natt og har vore kjær til mitt hjarte sidan. det er ingenting, ingenting, som bøker som held deg vaken og heimsøker deg når du prøver å gjera andre ting. det er det mest magiske som kan skje. heilt sant. (om du har problem med å lesa det som står berre trykker du på biletet, så kjem du fram til det på flickr og der kan ein sjå dei i større versjon.)
assignment #9: draw a constellation of someone's freckles


det viser seg at min fine har tre karlsvogner i føflekkane sine. er ikkje det fint? eg tykkjer alle skal leita etter stjernebilete på nokon dei er glad i.
andre oppgåver eg skal gjera:
#70 Say goodbye.
#39 Take a picture of your parents kissing.
#50 Take a flash photo under your bed.
#36 Grow a garden in an unexpected spot.
#33 Braid someone's hair.
#30 Take a picture of strangers holding hands.
#29 Make an audio recording of a choir.
#27 Take a picture of the sun.
#11 Photograph a scar and write about it.
#1 Make a child's outfit in an adult size.
#53 Give advice to yourself in the past.
forresten:

om laurdag og lille larven aldrimett







no ønskar eg meg denne boka nesten meir enn noko anna i heile verda altså. you know my adress, hihihih. det har vore ein fin laurdag. i tillegg såg taket mitt sånn ut i dag

og no stikk eg til oda for å tømma ei flaske med fersken-koskenkorva.
korleis ser taket ditt ut?
translation; today i found my favorite book in pop-up version and it made me so so so happy! and this is what my ceiling looks like.
mixmax

han har bunadsklokke, er ikkje det berre det søtaste?

bunadssuss!

her er sonja, frøken texas, ho hadde det finaste håret.

dette er frå underhaldninga. dette er kontaktlæraren min. jepp, han på bordet. på eit punkt trudde eg skulle le til eg slutta å pusta.

seinare vart det dansing, og margot hadde den kulaste snurre-kjolen.


seinare vart me samla oppe i kråkeslottet(hos meg). christine hadde på seg den der kjolen eg skulle ville svolte meg ned ein storleik for. men da hadde jo ingen av dei andre kjolane passa.

me spelte mixmax til klokka var to på natta.

sonja vant med heile fire figurar.

urettferdig.
søstershopping og kakeboks

hei, søster! veldig alvorlig og veldig svolten.(ja, ho har sånne augevipper og nei, det er ikkje genetisk. bummer.

her er eg!

på bruktputikken fann eg denne fine sløyfa.

eg kjøpte fine nye regnstøvlar og ein fin boks til å ha kaker i med kaker på!

no er det bunadsverkstad her, i kveld er det fest for avgangselevane, og når me kjem heim ventar det ei flaske cava. håpar alle har det fint i kveld! forresten: om de kjem over noko fint er det berre å sei ifra til meg. eg treng meir fine ting å sjå på akkurat no.
kva er det finaste du veit?
om sløyfer

det spørsmålet eg får aller mest av lesarane mine er kvar får du kjøpt alle dei fine sløyfene dine? og eg beklagar å måtta skuffa nokon no, men det finnast ingen willy wonka av sløyfene. det finnast ingen sløyfefabrikk eller putikk, for å finna sløyfer(i alle fall i noreg) må ein leita ein del. i bruktputikkar og på loppemarknad og kanskje i foreldra dine sine gamle klede. om du er heldig kan du finna eit par fine på ebay, men dei er nokså dyre. dei aller fleste sløyfene eg har er mannesløyfer som eg har fiksa og triksa på. lykke til på sløyfejakten, no stikk eg på shopping!
om søstre og sånn

me laga pizza. medan me venta, tok eg bilder av kjøkenet.

eg har ein vegg på kjøkenet med bilete som inspirerar meg.

så god vart pizzaen! me hadde valnøtter på, og det var noko av det beste eg har smakt.

som vanleg hadde me stjernehimmel der me åt.

så slost me litt, for å hedra dei gamle tidene.

også har eg lært ho ein del ting om livet.

også har me smilt litt. mykje.

imorgon reiser eg og søster på shopping, det blir så fint! så til det store spørsmålet: tykkjer du me lignar på kvarandre?
gullsløyfe

med gullsløyfe.

og finaste kjolen frå tante isabel. <3
kva skal de i kveld?
o-o-o


eg elskar obama. han er så bra. gobama!
min o står for observere
her har eg ingen bilete, for det må ein berre gjera heilt sjølv. sett deg på ein benk eller i eit vindauge, og observer folk. eg elskar å laga historiar om kvar folk er på veg eller kvar dei kjem ifrå, kva dei jobbar med og korleis dei bur.
min o står for osculations

osculations er ei fantastisk gruppe på livejournal der folk legg ut ting dei har laga eller ting dei tykkjer er vakre.
min o står for odd molly

det er altfor dyrt, men eg elskar det.
min o står for ost

eg elskar ost. eg lærer meg sakte men sikkert å lika andre typar ost enn kremost og sånne kjedelege ostar. i det siste har eg faktisk likt feta-ost.
min o står for oslo

for tenk at her bur eg faktisk om eit år!
min o står for onsdagskveldar

på onsdagskveldar kjem oda. da ser me gossip girl og ugly betty og har dessutan lakrisfudge og smågodt og mango. onsdag er verkeleg lillelaurdag!
min o står for oren lavie
etter eg såg denne musikkvideoen fekk eg augene opp for oren lavie.
min o står for olive snook

olive snook er kjempekul. og dessutan trur eg at eg òg hadde vore forelska i ned om eg hadde vore ho.
min o står for operamints

eg elskar jo som kjent alt som smakar mint, og opera mints er ein kjent og kjær kjenning frå barndommen.
det var mine o'ar!
kva står din o for?
bokstaven står for eller mine eigne frå flickr.
kærlighed.

til middag har me laga tortilla de patatas og det vart fantastisk godt! kanskje eg deler med meg oppskrifta ein dag.

i postkassa på skulen i dag låg det noko heilt fantastisk! nemlig pakke frå min nye brevkanin, ina.

i den låg det det finaste handlenettet.

og to såpeboblekaniner som òg er smykker.

så fint blir det

var ikkje det fint? eg elskar å få post, det er omtrent det finaste eg veit. fine brune pakkar som skjular magiske saker! no skal eg ha typisk onsdagskveld; ugly betty og mango.
kva gjer du i kveld?
translation: wednesdays are much better days with your boyfriend home from oslo, tortilla de patatas and brown paper packages in the mailbox at school!
hei, hei, her bur eg.

der heng kjolen som eg kjøpte i amsterdam. den er ødelagt, så eg kan ikkje gå med den enda. men den klør etter å få bli med meg ut.

her er hylla mi.

i den har eg mykje rart, som fotobøker og viktige magasin. og csi og termosen min.

og samlinga av små hus

og undervasstanken eg fekk av christine pluss fisken frå oda og fuglen frå maja. pluss deilig te, og litt småting frå overalt.

under denne hylla har eg nokon av sløyfene mine og eit par smykke


og litt silkebånd

på pulten har eg ein liten elefant

og arvestykke frå oldemor, hjarteforma post-it, discosmykket frå amsterdam og ei parfymeflaske eg fekk av mamma då ho hadde vore i praha.

og mitt lille eiffeltårn

og denne planketten som var på installasjonen vår på landsmønstringa på ukm i fjor sommar. eg var himla stolt kanin.

ved sidan av pulten har eg kunst

over pulten har eg denne tavla

eg saknar paris så innmari når eg ser dette biletet.

papir frå jack daniels fudge gir så gode minner og då saknar eg geir til hjartet mitt stuper. og litt over er det eit av dikta mine som var på trykk i dagbladet.

og eit smart sitat



og oppå magasina er det eit bilete av meg og min pappa frå eg var liten og frå han hadde bart.

bak biletet av pappa står bankebrettet mitt. det fekk eg av pappa til jul etter han hadde lest naiv.super.

i hylla står òg sirkusboksen min. den pleier eg å ha makronar i.

i etasjen over finn du masse bøker og ein del av kaleidoskopsamlinga mi.

til høgre finn ein eit bilete av mamma og meg når eg var pyttelita. for eg var det. ca så stor som ein kolrabi.

og om du snur deg heilt rundt, er det vinduskarmen min. den er full av bøker og te og fine filmar som er i umiddelbar nærleik om eg skulle trenga det frå senga.

celestial seasonings er min absolutte favoritt.

og på benken min står toalettveska mi(den er så fin, ikkje sant!?), peppermyntete og film til diana. livsviktige ting altså.

og over senga mi heng det finaste. eit bilete han måla til meg som julepresang for eit par år sidan. <3

på døra mi heng anne frank

og veit de noko anna fint med å rydda rommet sitt? ein finn igjen klede ein hadde gløymt at ein elska. som denne kjolen.


suss på nasen!
pushing daisies.


ned lagar paiar og har ein paikafè.

dette er ned som vaksen. han brukar råtten frukt i paiane sine, for når han tar på dei blir dei ferske att!

dette er emerson, som ned jobbar med. han er privatetterforskar og brukar ned til å løysa sakene sine. ned vekker dei opp fra dei døde og får dei til å seie kva som skjedde, og emerson får mange pengar. i midten er olive snook, som jobbar på pie hole og er håplaust forelska i ned. til høgre er chuck

chuck er eigentleg ein av dei døde, men ned vekker ho til live igjen. og istaden for å drepa ho igjen, som det er meiningen han skal gjera, lar han ho leva. men dei kan aldri aldri ta på kvarandre, for da dør ho.

chuck elskar bier

og bøker

og ho er så himla forelska i ned at det nesten ikkje går an

så derfor nussar dei gjennom plastfolie.

og dette er tantene til chuck, lily og vivian. dei er pensjonerte show-havfruer som ikkje vil gå ut lenger og klarar seg ganske dårlig utan chuck.

eg er litt forelska i olive. ho er ganske kul.



og det er så himla fine fargar og alt er så gjennomført. eg elskar pushing daisies og skulle ønska det var ufattelege mengdar episodar igjen å sjå. eg blir så glad!








så, det var ein liten rundtur i pushing daisies. håpar de hadde det fint og at de no vil ta tak i livet utan pushing daisies. kjøp på play.com, der er det billig og dessutan gratis frakt.
kva gjer de ein kveld som dette?
i dag...

...har eg kjempelyst på desse skoa

...har eg dette biletet som skrivebordsbakgrun. le love, i love you.

...har eg denne spelelista på spotify

den heiter tysdag er som ein flamingo med rosa badeball på bingo. trykk for å få den på din.
...har eg på meg vasskannesmykket eg fekk til jul og merkelege molly.

...drøymer eg om stockholm og københavn og ser på flybillettar.

kva drøymer du om i dag?
singelliv og ti-ni

og kjekke intelligente rammer.

og dei har fine hyller på kjøkenet

og dei har stjerner overalt

dei er ja-menneske!

oda tente lys

og me såg sex og singelliv

eg hadde med peppermyntete

me spiste litt appelsiner, og eg tvinga oda til å spele ti-ni. me måtte hoppa over eit par rundar sidan ho var så trøtt.

så gjekk eg heim medan eg snakka med min fine på telefon. eg saknar han så veldig og planlegg mestermat til han kjem heim.
måndag.

i dag var eg nr 106 i køen både på posten og i banken! var ikkje det magisk?

så har eg limt inn romantiske bilder i dagboka mi. eg er kjærestelaus denne veka, for han er i oslo på prøvespeling for skular. eg saknar han og å kyssa.

så har eg sett masse pushing daisies for å ta bilder til eit innlegg eg skal laga.


og no ser eg ein film eg burde ha sett for lenge sidan



kva gjer du på ein måndag som i dag? har du vore nr 106 i køen?
suss!
om eg var ei anna jente

inne skulle det sjå slik ut

i alle fall skulle det følast sånn. og hyllene på kjøkenet var sånn

og oppvasken min såg sånn ut

og om ein opna bak kjøleskapet var det ei trapp opp til eit loft

her spelte eg gamle lp'ar på grammofon og dansa, og det var mange skattar som her

og ho i smykkeskrinet vart plutseleg verkeleg og me skulle dansa saman. frukosten min var alltid sånnher fin


og eg skulle alltid eta dette til middag


og på heile kroppen hadde eg sånne tatoveringar




og eg skulle elska å klatra i tre og hoppa tau og snurra rundt og rundt på asfalt. og difor såg beina mine alltid sånn ut

og på kjøkengolvet, der det var varmast i heile huset skulle eg ha 4 sånne

og ute i hagen, i den dammen som de ser, der skulle ho her bu. og ho skulle heita målfrid. ho kan blåsa bobler og likar å bli klappa og å holda hender

og kvar laurdag skulle eg festa vogn på målfrid også reiste me saman hit for å leita etter skattar

eg skulle ha sånne sko

og alle kjolane mine hadde sånne kragar

og alle trusene mine såg ut som bakverk

og eg var sjukt organisert og brukte mykje tid på å sortera ting inn i permane mine

og eg skulle skriva ut mange dagbøker og i all hemmeligheit skulle eg ønska intenst å bli forfattar og vera bestekompis med frode grytten. og for kvar ny by eg vart forelska i, skulle eg skriva ei ny bok

og eg skulle samla på altfor mange ting, deriblant sjøen

og ein gong i månaden fekk eg ei pakke frå ei venninne i marokko som sendte meg altfor mange fine ting og eg sendte fine ting tilbake(for som meg sjølv elska eg jo å få post sjølvsagt)

og eg var ganske einsam men eg hadde eit par vener som såg sånn ut og dessutan var heilt tullete og ville vera vakne heile natta lang for å dansa til høg musikk eller ingen musikk i heile tatt

og om eg tømte veska mi såg det sånn ut. speil, kjærleik på pinne, muffins-lipgloss og peppermyntedrops. det viktigaste, altså.

om grete brunvoll

av og til får eg linkar av lesarane mine. i går fekk eg eit tips om ein artikkel frå bt som de kan lesa her. den handlar om grete brunvoll som dansar ballett. det høyrast kanskje ikkje så spesielt ut, men ho er 78 vårar gamal og dansar no i sitt 64. år. det som verkeleg fekk hjartet mitt til å smelte var noko ho sa, "hvis jeg ikke danser, er jeg redd jeg faller sammen. stryker med, rett og slett". for sånn føler eg det med min kunst òg. om eg ikkje gjer det, så kjem eg til å falle i golvet og knuse til tusen små bitar. eg håpar ho får dansa i mange år til.

om bloglovin'
ei oppskrift:
du går inn her. her ser det sånn ut litt ned på sida

da trykker du sjølvsagt på "bli medlem"

da kjem det opp eit sånt vindu. her skriv du berre inn epost-adressa di, som blir som eit brukernavn, også kva for eit passord du vil bruka. samt fødselsdag, kjønn og kva land du kjem fra.

så kjem det opp eit sånt vindu. her er det lurt å berre gjera som dei seier og skriva inn teksten du ser i ruta under

da har du minsann bloglovin'! så enkelt er det. og då gjer du berre sånn her enkelt. du skriv inn adressa på bloggen i søkefeltet også søker du

da kjem det opp sånn! og litt til høgre står det eit plussteikn. det trykker du på. også gjer du det med alle bloggane du elskar, så vips! også når du da vil sjekka om det er noko nytt, går du berre på bloglovin', loggar deg inn, og der har du alle innlegg som har blitt lagt ut sidan sist. veldig enkelt og veldig fint. så gjer det! har de bloggkoll? isåfall, kva for bloggar følger de mest?
om bilete om kjærleik
helga sålangt

på laurdag var me på kafè. min mamma var ein glad kanin.

eg fekk drikka kaffe mocca.

på veg heim tok eg dette biletet for illustrasjon.

seinare var eg på prinsessepusøk, som de kanskje ser. ho fekk låna sløyfa mi og seinare vart me bestevenner. ho vil at eg skal laga ei sløyfe til ho. den skal vera blå.

på pusøk møtte eg ein katt, som de ser.

på kvelden kom han der fine

og toni

og johnny!

mamma hadde laga deilig fruktsalat

toni har morsom tatovering(han er frå ungarn)

og johnny har den finaste. gjett kven som skal få motstykket?

me drakk litt øl.

så spelte me geni! det er ikkje morsomt å spela med jostein, for han berre vinn og veit sånne ubrukelege ting som ingen bør veta men som gjer at ein kan vinna i geni.

så derfor spelte me ti-ni i staden

eg hadde veldig gode kort

før dei reiste spelte me litt bowling, og det gjorde godt i sjela.

no er det søndag. han der fine har reist, og eg ser sånn ut:

hjartesmykket mitt knakk ei tid tilbake, så no har eg fått festa det i ein raud silketråd.

var ikkje det fint?
har de hatt fine helger? har de sett fine filmar eller lest fine bøker eller vore med fine folk? eg er evig nyfiken. og tusen takk for alle fine kommentarar om boka. eg håpar mange vil kjøpa den. smil. og om de ser på sida av bloggen her no, kan de sjå at eg har lagt ut linkar til der de kan kjøpa begge bøkene mine! så no kan de kjøpa fotoboka mi gjennom den sida òg. så kan de fortsetta å kjøpa dei for alltid. men eg har framleis eit par liggande heime hjå meg, så om de heller vil kjøpa dei av meg er det berre å senda mail til meg.
puss!
løyndom-boka er ute!
men ikkje slutt å senda inn løyndommar fordet, er de snille. eg treng jo til å legga ut på bloggen òg, veit de. så send send send! her er litt av boka, så de kan sjå. den er ganske stor, heile 86 sider og 25x20cm stor.
her er forsida:

den har sånn bokomslag i hardback-format, og bakpå står det om meg:

bakpå har eg eit gamalt sitat:

og her er litt av innholdet:


fine jenter frå andre land, to


dette er emily frå some girls wander. ho likar kjolar. det gjer eg òg. også har ho ei fantastisk samling sko som eg gjerne skulle ha stole! stikk innom ho, ho har fin sprettnase og er ganske fin sånn generelt. kva for andre bloggar likar de? eg leitar stadig etter nye jenter som bloggar om klede og liva sine. helst ikkje norske(eg likar egentlig ikkje norske bloggar for dei er så altfor overfladiske og handlar om boblejakker og uggs og det vil eg ikkje), men kanskje frå england eller europa ellers eller kanskje danmark eller eit anna land.
i kveld skal pappa vinna i lotto. han har fått eige tippekort. eg skal drikka øl med fine vener, og han der fine kjem kanskje. eg og mine foreldre har vore på kafè og drukke kaffe mokka. me har tulipanar i stova. mamma og pappa les bloggen min no, og det kjennast litt rart men fint samtidig. veit foreldre dine at du har blogg? (monica les òg bloggen min visst. hei, monica!)
veit de kva?
dette er sonja, frøken texas, som prøver å oppmuntre meg og fleire med ein liten song i den altfor hektiske skulekvardagen. det fikk meg til å smila. håpar de smilar òg! ho har ein blogg her, om de vil.
forresten ein ting til; tusen tusen tusen takk til alle som har sagt dei vil kjøpa hjerterdame-pin på dette innlegget. eg skal hilse fra min mamma og sei at ho er veldig takksam. det er eg òg. tusen takk. verkeleg.
suss til alle finingar, godnatt!
løyndommar for dagen






ei fredagsgåve

her er ei fredagsgåve til alle saman, le ballon rouge, ein liten halvtimes lang film som eg tykkjer er så himmelsk romantisk og fin. ha fine fredagar, alle saman! puss!
enda ein torsdagskveld

og christine kom òg! i den perfekte kjolen eg gravde meg til i amsterdam. eg ville ikkje prøve den fordi den var muggen og lukta vondt. ho kjøpte den av meg for ti euro seinare på dagen. me drakk øl og malibu og det var fantastisk fint etter å ha nesten-avlutta ei veke med altfor mykje skulearbeid.

fredrik fekk dette kameraet av oda når ho kom tilbake fra barcelona.

med den kan ein ta sånnher kule bilder gjennom!


christine tok bilder av meg.


og eg tok bilder av ho på kjøkenet

og fleire av meg og spice girls på dodøra

så dansa me på den eine kvadratmeteren med golv på kjøkenet til ekle 90-talshits. elskar det!


eg var veldig kry for mi nye sløyfe som eg kjøpte i amsterdam og har fiksa til hårsløyfe

han der fine var der òg, visst!

klokka to landa me i senga og eg sov heile natta for første gong på lenge. no skal eg har framføring om kolonistaten mosambik. gler meg!
kva skal de på ein fredagskveld som i kveld? eg skal heim til min fine familie og det blir veldig fint. suss!
om min mamma og om kvinnehjartet

i oktober 2007 våkna eg av ein telefon frå ei bestemor som kunne fortelja meg at min mamma hadde blitt sendt i luftambulanse til haukeland sjukehus. for ho hadde hatt eit hjarteinfarkt. eg hugsar det veldig godt, kor lenge ho gjekk med vondt i brystet men det var berre muskelsmerter sa legane. og plutseleg eit hjarteinfarkt. som lyn fra klår himmel, liksom. eller kanskje ikkje. påkjenningane frå smertene og stresset ved å ta helikopter gjorde at helsepersonellet ikkje såg noko anna råd enn å dope ho ned på det tidspunktet. framme på haukeland vakna ho ikkje igjen av seg sjølv.
min mamma låg i koma i 18 dagar. 18 lange sjukehusdagar. eg hugsar andrè bjerke-diktet på veggen på intensiv-avdelinga, som seinare har vorte mitt favorittdikt, og pappa som tok opp leselysten. han satt ved senga hennar kvar dag og kyssa ho på augeloka kvar morgon i håp om at ho skulle vakna den dagen. eg balanserte mellom å vera husmor heime medan eg skulle vera elev på fulltid, eg farta fram og tilbake frå sandane til årdal til bergen, frå han der fine til søster til pappa og mamma, og gjorde mitt beste for ikkje å knusa i tusen bitar. for det har eg lært av min mamma. også ein dag vakna ho berre, tenk det. og denne veka har ho byrja såvidt å arbeide litt igjen, etter eitt år og fem månadar. for så lang tid tar det faktisk.
og derfor er det så viktig å støtta forskning på hjarte- og karsjukdomar for kvinner. så ikkje fleire 17 år gamle jenter skal vera redde for å mista mødrene sine. så me kan bli tatt på alvor. lhl har akkurat no ein kampanje som heiter hjerterdamer. kampanjen skal gi støtte til forskning på og vissheit om kvinnehjartet. det kan du støtta ved å kjøpa ein kjole-pin på apotek1. det kostar femti kroner og det har alle råd til. for me har ikkje råd til å ikkje gjera det. i alle fall ikkje eg. også får ein gå med kjole på kåpa si òg!
mine siste kroner

det er ca a4-stort og større enn dei verka eg har av ho fra før. eg gler meg sånn til det kjem og eg kan henga det opp på veggen! snart har eg ein heil familie av bileta hennar. og fleire skal det bli. putikken til caitlin på etsy kan de finna her. kan det finnast betre ting å bruka pengane sine på? nehehei.
n

minnar meg om då eg var liten og sat i skapet mitt til langt på natt for at mamma ikkje skulle høyra at eg spelte nintendo. eg trur eg har blitt lurare på grunn av det.
n for notre dame

minnar meg om paris og barndom. fint.
n for natt

dårleg bilete, men ja. eg er mest produktiv om natta. og om eg ikkje får sova kan eg berre stirra. for der har eg alltid ein fin ein som ligg rundt meg.
nakkar

min nest-favorittdel av menneskekroppen. <3
n for naan-brød

deilig fantastisk brød! ein dag skal eg læra meg å laga det.
n for nederland

eg er litt forelska i nederland for tida, skjønar de vel.
n for nase


søtaste kroppsdelen på eit dyr. men ikkje på menneske. eg tykkjer me alle skulle hatt kaninnasar. kven er med meg?
n for natalie portman

eg er litt forelska i ho for tida. men det får ein vera.
n for nanny mcphee

fantastisk film eg skal visa masse bilder ifra ein eller annan gong! emma thompson. <3
n for new york

berre vent, new york. eg kjem!
n for nsb

eg elskar å ta tog.
n for nynorsk

det er jo meg! eg elskar nynorsk og eg vil kjempa med nebb og klør, det meinar eg.
utover dagen vil eg legga ut fleire etter kvart som de skriv!
kva står din n for?
mr. magorium's wonder emporium


og gutar med hattar

og ein sebra

og dustin hoffman

og ballongar


og rare bøker


og menn med snurrebart



og kjærleik utan at det treng å vera innanfor eit forhold er noko av det finaste eg veit. kjærleik mellom venner, til dømes. som her

og stjernehimlar heime

og hattar på veggane


og å hoppa i senger

og å dansa på bobleplast









og om magi. eg elskar natalie portman og eg elskar denne filmen. så den må alle sjå. eg meinar det! bestill den her, den kostar jo nesten ingenting. berre to store flasker brus, omtrent. og det er inkludert frakt, så ikkje kom med unnskyldningar. berre sjå den. for akkurat no er den noko av det finaste eg veit om. er det berre meg eller bør eg definitivt blogga meir om film?
mi propia pequena oruga

i går kom pia heim frå australia og overrakte 10 glade flodhestar til meg. i dag kom oda heim igjen og eg fekk lille larven aldrimett på spansk, og det er til og med i teikne sjølv-versjon! gjett om eg er glad. eg har så himla fine vener. for augneblinken brettar eg ein heil garderobe i lilla til pia og funderar på kva oda skal få som er så fin. i dag er det heldigvis o-dag; onsdag og oda. det blir himla fint for eg har sakna folk så innmari!
kva skal du på ein onsdagskveld som i kveld? suss!
amsterdam, siste del
dag 5
eg stod opp ganske tidlig og gjekk rundt i byen åleine i fleire timar. gjekk omtrent rundt heile byen, faktisk.
dette er waterlooplein-marknaden. den er stor og fin!


seinare på kvelden, når dei andre endeleg hadde dratt seg ut av sengene sine, gjekk me ut på indisk restauran. sonja spiste den beste kyllingsuppa nokon gong.

eg hadde kylling bombay. nam!

så mange pengar kosta det.

etterpå kosa me i vindauget igjen.


dag 6
me åt frukost på ein kinesisk restaurant kvar dag. der jobba den suraste dama i verda, og dei spelte michael jackson kvar einaste morgon.
trøtt cornflakes.

me gjekk ut og eg tok bilder ned i veska mi. lommebok og lula.

og bilde ned i bodyshop-posen min. fin ny sminke og såpe, minnsann.

eg og fredrik berre snubla over eit stort bokmarked. det var så fint å sjå på.

yves saint laurent.

fredrik. hei fredrik!

dei hadde òg mykje trykk til salgs der. eg ville ta med meg alt heim igjen, men eg er fattiglus.



så tok eg med meg fredrik for å visa han ein putikk som heiter the fairytale shop eller noko sånt. berre sjå kor den innfrir navnet sitt da!


mange fine stoff.


og eit lite dådyr i hylla kan vel ikkje skada.

så gjekk me kjempelangt fordi eg hadde så lyst på brownies. den eg fikk smakte verkeleg såpe. fredrik kjøpte ein rosa donut som òg smakte såpe.

godis frå jamin som forsvant fort inn i fem munnar.

så skulle me ut. eg hadde ny sminke og pynta meg veldig med den.




først gjekk me på o'reillys, vår irske stampub. der åt eg mexican wrap og drakk ingefærøl. mm.

så heim for å fresha opp litt igjen, og drikka malibu og meir øl.

vindauget er sånnher fint.

ingvild kjøpte sånn sjokladegreier som ein skal bruka som pålegg. det var sååå godt.

ein mariell i ein vinduskarm.

ei fin christine.

amsterdam by night. så gjekk me ut på bitterzoet der me drakk mojitos og flørta med dei pene bartendarane. fantastisk fin kveld!

dag 7
på dag sju reiste me. senga mi er den til høgre. eg likar å ha litt oversikt over dei andre, eg.
hadet amsterdam!
om å vera fjorten år og vita at ein elskar
"hvordan kan du vite at du elsker kjæresten din? du er jo bare 18 år gammel enda, det er så mye du skal oppleve enda før du bestemmer deg for å gi ditt hele til en person. lev litt mer, du er ennå så ung."
eg har høyrt at eit bilete seier meir enn tusen ord. her har du tre tusen ord om emnet



nettopp derfor. så ikkje prøv å fortel meg kva eg føler eller kva eg nokon gong vil føla. for det bestemmer vel eg. for eg er voksen. så det så.
om ting ein kan gjera når ein egentlig har lekser opp til nasetippen

istaden for å skriva stil som skulle ha vore inne før ferien, førebu meg til ei framføring eg eigentleg skulle hatt i dag, øva til naturfagprøve eg skal ha i morgon eller framføring i historie på fredag, har eg hatt tannverk og blitt ein jævel på å bretta kjolar.


men er ikkje det fint vel?
amsterdam, iiii
dag 4
på dag 4 gjekk me til anne frank-hus. det var veldig lang kø, men så så verdt det.
på veg dit fotograferte eg ein sykkel. men ikkje den mest spennande, sjølvsagt, for de skal berre vite at det finnast så utruleg mange fine syklar i amsterdam. rosa med prikkar på og svarte med blomar i korgene og ja. fine syklar.

på veggane inne i huset var det skjært ut store sitat frå dagboka.


eg kjøpte to postkort og ein plakat som eg har hengt opp på veggen heime.


christine kjøpte ei veldig fin bok.

etterpå gjekk me for å kjøpa pannekaker. alle dei andre kjøpte tradisjonelle pannekaker(ikkje tradisjonelle i norsk forstand, men sånn typ pannekake med bacon, sopp og ost), men eg kjøpte poffertjes. pyttesmå pannekaker. med sjokolade på. godt!

dei var ikkje mettande i heile tatt, men godt. eg skal ha pannekakeverkstad ein dag, berre stay tuned.

i amsterdam er dei skikkelig flinke til å gje godteri til folk når ein får rekninga. her fekk me hjarter.

så gjekk me vidare til ein vintagebutikk me hadde sett oss ut. det såg ut som eit eventyr inni. christine kjøpte eit par raude fløyelspumps. så fint at me har same skostorleik.



i amsterdam har dei mykje kunst på husveggar.

frøken texas.

i amsterdam har dei òg discokuler hengande i smuga.

eg kallar dette biletet "mariell og sonja på veg heim". sonja hadde smurf og pistasj, eg hadde mint og kokos. nam!

eg kjøpte meg bart og den passa meg perfekt. her seier fredrik til meg kven eg er også skal eg liksom prøva å etterligna. på biletet trur eg kanskje at eg er politimester bastian. ein dag skal eg legga ut ein video der eg er bestefar som ler. de kjem til å elska det.

fredrik og christine var nydelege som vanleg.

av topp 7 personar i livet mitt, i alle fall.

sonja og fredrik sang natta inn. eg er sikker på at det var spice girls.

suss!
amsterdam, i-iii
dag 1

framme på gardermoen var eg så himla trøytt og ville berre ta bilder av kjolen min og skoa mine.

fredrik prøvde å spå framtida for turen i kaffi. det klarte han fint.

i oslo regna det og var fælt fælt vær.

framme i amsterdam var ikkje det så nøye for der har dei starbucks og dessutan var det ikkje regn eingong.

taket på rommet vårt såg sånnher ut, og me fantaserte mykje om kva hotellet hadde vore før det var hotell. me budde midt i hovudgata og utanfor vindauget var det alltid folk. fra tredje etasje kunne me sjå kva saus dei hadde på frittes-ane sine til og med.

eg kjøpte favorittparfyme med romantisk blåseting på. eg føler meg som 20-talls dame. manglar berre kjolane, kanskje.

trappeoppgangen var ganske fin(men bratt).

det var christine òg. fin altså.
dag 2

i amsterdam har dei byrja påskeførebuinga. eg kjøpte masse sjokoladeegg. dei hadde til dømes tiramisu-smak eller kokos eller kaffi. åh! så mykje godteri på ein plass.

me var på sex-museum. eg tok nesten berre bilete av undertøyet for det var ganske vulgære ting der, kan de skjønna. men interessant.





fredrik kjøpte godteri med gamaldags emballasje, den var så fin at ein fekk lyst til å berre ha den for alltid og aldri eta dei i heile tatt. men det gjorde me jo sjølvsagt. den oransje hadde små lakrissaker som såg ut som små sauar. dei var himla gode.

me var ganske trøytte typar i feriemodus og sov mykje. i skjei.


me gjekk langs kanalane, som var ganske romantiske. og husa er så innmari fine. nokre ser heilt falleferdige ut og bøyger seg ut mot kanalane i toppen, men folk bur i dei likevel. me gjekk òg i red light district denne dagen, og det var veldig merkelig å faktisk sjå damene som dansa i vindauga.

me satt i vindauget på ein film-måte. der åt me chips.

me spelte vriått med mine nye kortstokkar som eg må visa fram seinare ein dag. dei er dødsfine og kjøpt på ein vintageputikk med den finaste mannen eg har sett. utanom j sjølvsagt.

me drakk malibu og rosè-øl(fantastisk godt!) til me vart tullete også hoppa me i sengene. det var forresten kanskje det me gjorde mest av på heile turen. me hoppa vrak av sonja si seng, stakkar. men det ordna seg altså.
dag 3

me gjekk på marknad, og på veg dit var det så masse fine putikkar at ein nesten spydde polkadottar og blomar. eg meinar det. dette var den finaste finaste. her kjøpte eg dette spelet:

som eg ikkje har spelt enda, men eg trur det er eit slags lotto-spel. fint er det i alle fall, og det skal prøvast snart snart snart.

ho hadde så mange fine stoff som ho laga alt mulig av, til dømes toalettvesker som eg kjøpte ei av. den er rosa og den skal de få sjå om de er riktig snille. marknaden var forresten veldig stor og veldig mykje fint gammalt som eg fekk med meg litt heim av.

eg kjøpte mange små skattekister med lås på.

oppi var det godterihjerter. det gjorde godt for magen.

eg kjøpte kaleidoskop, som vanleg. ein reknar i gjennomsnitt med at i alle fall eitt kaleidoskop blir med heim etter eg har vore på ferie. men det er okei. for eg samlar jo.
det var dei fyrste dagane i amsterdam. eg bloggar fleire dagar i slengen, for eg har så mykje anna eg har lyst til å visa fram akkurat no at eg vil skyndte meg. eg gler meg til å visa alt eg har kjøpt! for augneblinken er eg himla fattig, men det var verdt det. og veit de kva anna som var fint? å ligga med fletta føtter med ein fin ein i heile natt. merkeleg kor mykje ein kan sakna å klø nokon andre på ryggen. eg er himla forelska og det kan ingen ta ifra meg heldigvis.
eg er på skulen og høyrer på spelelista mi på spotify som heiter måndagar som er som rosa elefantar utan croissantar å støtta seg på(om du har spotify kan du berre trykka også får du den òg. fint!). eg håpar alle har det superfint og har tenkt å ha nydelege måndagskveldar.
litt florø

me drakk cider av svære vinglas.

og åt deilig nachos.

og i cideren min fekk eg ha fisk og sjøstjerner svømmande rundt.

så fann me fram sangbøkene. eg hadde på meg blomstereng-kjolen min.

christine spelte piano.

og me andre dansa og sang. det var ein herleg kveld, og morgonen etter reiste me til amsterdam. bildemaraton kjem i morgon, alle kan gleda seg! har de hatt fine feriar? fortell, fortell! eg har sakna å blogga så mykje. og ein ting til: er ikkje fina mi kjempeflink til å blogga for meg? det tykkjer eg. han fortener sussar når eg(endeleg!) får sjå han i kveld.
suss!






