dør.



 

denne kjolen fra marc jacobs gjer at eg vil selga kameraet mitt og heller leva lykkelig med den i alle mine dagar.

 


this dress by marc jacobs makes me want to sell my camera and live happily ever after wearing it instead.


pappardelle og bursdagsjente.

monday/sonja.monday/sonja.monday/sonja.monday/sonja.monday/sonja.monday/sonja.monday/sonja.monday/sonja.monday/sonja.monday/sonja.monday/sonja.monday/sonja.

mandag møtte eg og sara opp sonja og henrik for sonja hadde nemlig bursdag! i paris! det måtte jo feirast. me åt ein stor og fin frukost og dårlige drinkar etterpå. så gjekk me til nokre av mine favorittplassar. makronar og eiffeltårnet og sol i augene. på kvelden åt me italiensk fantastisk mat og sonja fekk kake med lys på av italienarar som synst ho var så fin så fin. så reiste me til oberkampf og drakk heilt fantastiske drinkar før me reiste vidare til døgnopen uteservering i bastille til me rulla heim i ein taxi.



on monday sara and i met sonja and henrik to celebrate sonja's birthday! we ate a big delicious breakfast and bad drinks afterwards. then we went to some of my favorite places. macarons and the eiffel tower and sun in our eyes. in the evening we ate italian food and sonja got a piece of cake with a candle on top from italians who thought she was so beautiful. then we went to oberkampf and drank amazing drinks before finishing our night on a 24h place in bastille.


helg.

weekend.weekend.weekend.weekend.weekend.weekend.

sånn såg helga mi ut: kino og popcorn og regn og sara. thaimat og wine spritzers.



my weekend: movie and popcorn and rain and sara, thaifood and wine spritzers.




fem ting som er bra med denne veka.

birthday flowers 4

at sara er her.

at sonja er her.

at eg har planar med fine personar som eg ikkje kjenner så godt.

at eg har det så sjukt bra sjølv om eg er så sjukt sliten.

at når denne veka er omme er eg bakfull på grünerløkka etter dei beste to månadane i mitt liv. <3



five things i love about this week: sara's here. sonja's here. i have plans with kindof strangers. i'm so happy eventhough i'm so tired. when this week comes to an end i'll be hung over in oslo. <3


vår.



no er det vårsøndag i paris, og me er ute som alle andre! leave me a message after the beep.

beep.



i'm out!


last friday night.

friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.

i går var eg og sara på vintageshopping, creme brulée-deling og margaritadrikking i montmartre. så møtte me flotte elsa og pontus i oberkampf og åt middag på ein veldig kitschy restaurant med vimplar og supergod mat. så vidare til ein kitschy bar med himmel i taket og ein flygande gris og flotte personar. etter det tok me metro til place de concorde for ein fest på maxim's, som var ein veldig merkelig fest i eit heilt fantastisk bygg. me drakk cuba libre og gjetta på kor mange språk dei andre i barkøen kunne. fransk og engelsk. så tok eg og sara ein taxi til bastille der me møtte kentaro på ein døgnopen uteservering, og klokka seks i dag tidlig ramla me inn døra og sånn var det med den fredagen.




yesterday sara and i went vintage shopping, creme brulee-eating and drinkdrinking in montmartre. then we met up with elsa and pontus in oberkampf where we went from one kitschy place(dinner) to another(drinks). we took the metro to concorde for a party at maxim's, a very odd party in a beautiful building. then sara and i took a cab to bastille and met up with kentaro at a bar open 24h. at 6am we crashed into bed and there's my friday for you.


torsdag.

thursday.
i går fekk eg den finaste mest magiske pakka i postkassa mi. den var fra rebecca og inneholdt salmiakkisjokolade og salte kattar. <3

thursday.thursday.
så fekk eg den beste gåva som finst, nemlig sara! i natt har ho sove i senga mi og no har me ete vinlunsj.





yesterday i got a lovely package in my mailbox. then sara came, and right this minute we're eating lunsj + wine.


maja casablancas 2.0




foto: majapus

om de, som meg, fekk hjartet knust då maja slutta å blogga i fjor sommar vil de, som eg, bli veldig glade for å høyra at ho er tilbake. maja sin blogg, som ho óg egentlig, føles som å ligga på sida i ein stor raud fløyelssofa etter eit par glas kvitvin. enn så lenge er det litt einsamt der inne, så ho tek gjerne imot besøk. maja: eg har sakna deg og er så glad du er tilbake! helsing mariell.


my friend maja stopped blogging last summer and was dearly missed in the blog world. yesterday she resurrected and you can find her new blog here.


what blonde in the kitchen? wouldn't you like to know! maybe it's marilyn monroe!

the seven year itch.the seven year itch.the seven year itch.the seven year itch.the seven year itch.the seven year itch.the seven year itch.the seven year itch.the seven year itch.the seven year itch.the seven year itch.the seven year itch.the seven year itch.the seven year itch.the seven year itch.the seven year itch.the seven year itch.the seven year itch.the seven year itch.

det første eg gjorde i går var å sjå denne filmen. eg såg den mens eg blogga, mens eg sminka meg, kledde meg, åt frukost, rydda rommet, la saman klede, knytte opp ledningstullet på golvet. himla fint å begynna dagen med ein film og spesielt når den er så fin som seven year itch. filmen handlar om richard sherman som er ein businessmann i new york. han sender avgårde familien for sommaren når det blir for varmt å bu i byen, og sjølvsagt flyttar marilyn monroe inn rett over han. han har ein heilt vill fantasi også blir det sjølvsagt komplisert. fin film!

ps: det er fra denne filmen bildet av marilyn med den kvite kjolen kjem fra!




yesterday i watched the seven year itch while i ate breakfast and got ready. it's about business richard sherman who ships his family off to maine for the summer when the heat in the city becomes unbearable. marilyn monroe moves in upstairs, and with his imagination it gets very complicated, at least in his head. i loved it!


om.

museum.

om eitt minutt skal eg tilbake til indesignjobbing og magasinpirr i magen.

om ein time skal eg eta ei rute med mørk sjokolade.

om ein dag kjem ein fabelaktig fin rødtott til paris.

om ei veke har eg mikroskopisk tid igjen i paris, denne vakraste byen som har blitt min.

om ein månad ligg eg i kubaparken på eit teppe og les elle eller eit anna bra magasin, kanskje mitt eige, eg har brukt heile dagen på å pakka delar av leiligheten i brune kassar. eller kanskje eg er på sleppfest. min eigen.

om eit år bur eg i london med han som eg elskar og det er like før vårt fantastiske bryllup, eg går forhåpentligvis på ein fin skule eller jobbar med magasinet og til middag et eg salat og kalkun som i dag.




in one minute i'm going back to working on the magazine. in one hour i'm going to eat one square of dark chocolate. in one day a fabulous redhead is arriving paris to sleep in my bed for some nights. in one month i'm probably on a blanket in the park in oslo, or maybe at my own magazine party. in one year i'm in london with the man i love, we're just around the corner from our own wedding and i'm hopefully doing something i really really love.


pastell.

pastel.
no skal me sjå litt på sukkerspinnet og skyene som låg i handleposen min den dagen. det var altså to vidunderlige sekstitalseventyr.

pastel.pastel.
med nydelige nydelige kragar.

pastel.pastel.
ein i skirt grønt.

pastel.pastel.
og tyggegummirosa.

pastel.
no heng dei på veggen min og ventar på ein fin nok anledning igjen.




last week i bought these lovely things from the sixties. i just love them. now they're up on my wall waiting for an occasion.


zenit.

på eit loppemarknad for litt sidan kjøpte eg eit flott kamera. det heiter zenit og er russisk, og no skal de få sjå litt bilder fra den første rullen:

zenit.zenit.zenit.zenit.zenit.zenit.zenit.zenit.zenit.zenit.zenit.

ganske så fine syns i alle fall eg.




i bought a zenit camera at a flea market a while ago and these are from my first roll! i'm pleased!


ein euro.

one euro.

ein kan få kjøpt ein masse bra greier for ein euro på loppis. for eksempel eit perfekt dådyr som akkurat no heng på mine norske nøklar.




all the things one can get for just one euro. he lives on my norwegian keychain now.


akkurat no tenkjer eg på.

the last friday in august.
dette.

weekend.
dette.

breakfast out.
og dette. åh, gi meg vår i oslo. snart snart snaaaart.



today i'm thinking about this. longing for spring in oslo.


brokkoli & blomar.

last day sunday.last day sunday.last day sunday.last day sunday.last day sunday.last day sunday.last day sunday.last day sunday.last day sunday.last day sunday.last day sunday.last day sunday.last day sunday.

så vart det søndag. me gjekk på marknad og såg på klede og pyttesmå ballettsko og fine fine glas. så åt me herlig frukost(croissant chaud. <3) i marais før me shoppa litt og vips var me heime igjen på balkongen og smååt på han der fine si nistepakke(brød med kvit sjokolade) medan me spelte idiot og viggo. så reiste han tilbake til noreg medan eg sat igjen i paris med ferske treeurosblomar på pulten.



yesterday was sunday. we went to a market and watched ballet shoes and glasses and clothes. we ate a lovely breakfast in marais and then went for a little shopping. then we got home and played cards and all of the sudden he left for norway again. and i was left in paris with fresh three euro flowers and only one sock.


sukkerspinn & skyer.

saturday.saturday.saturday.saturday.saturday.saturday.saturday.saturday.saturday.saturday.

parislaurdag med min elskling: ligga i senga til klokka fire, gå på mislykka loppemarknad rundt blomstrande magnoliatre, også på vintageshopping og komma heim med ein pose full av sukkerspinn og skyer. han der fine knytte skjerfet mitt på sin beste måte og hadde på si nye sløyfe. heime åt me salat og mørk sjokolade og drakk bobler og svevde kvarandre inn i den beste typen søvn som finst.




my fabulous saturday with j: staying in bed until four pm, vintageshoppingresults: cotton candy and clouds. he tied my scarf into a bow and wore his new bow tie as well. then we went home to eat salad and dark chocolate, drink champagne and then we slept the best kind of sleep ever.


om ein har problem med å fylla dagen sin kan ein...

sjå heile sex&singelliv-boksen i eitt jafs.

høyra på den siste lykke li-plata som er så fin så fin.

sjå på alle rare tinga folk gir bort på finn.no.

lasta ned femti- og sekstitalsfilmar og dø litt av den halvsprø dialogen.

sjå små nydelige kaleidoskopinspirerte filmar i technicolor og med synkronsvømming på youtube, til dømes denne.

leite etter dei perfekte skoa på ebay.

planlegge ein tur til berlin sjølv om ein ikkje har billettar. finne restaurantar og hotell og dei beste vintagesjappene også overraska nokon med billettar kanskje?

farga håret i ein heilt ny farge.

teikna ein rar teikning og senda den til nokon ein kjenner eller ikkje.

planlegga bursdagsselskapet sitt eller kanskje ein overraskingsfest for nokon andre.

laga ein spareplan for å få råd til den der veska som gjer at magen smeltar litt.

ta bilder av seg sjølv medan ein står på hovudet.

kjøpa ei flaske chablis og snika seg på overraskingsbesøk til nokon som berre blir glad for det.

læra seg å laga perfekt sjokolademousse eller ostekake.





if you're having trouble making days go by you can buy a bottle of chablis and surprise someone. make up a savings plan to afford that bag that makes your arms goosebump. plan a birthday party, yours or someone elses. look for the perfect shoes on ebay. watch the entire sex&the city-series. look at old films and die from the corny conversation.


prikkar og glasur.


friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.

fredagar er ikkje alltid fylt med sussar og nye knytemåtar på skjerfet og gulrotkake og earl grey på kafé og second hand-shopping og sløyfeprøving og -kjøping og regn og ny blinkande sprettball og frank sinatra og pizza og krim og meir sussing. men i går var den i alle fall det.



fridays aren't always about second hand shopping, carrot cake, bow ties and kisses, but yesterday was.


eg er flink til å.

holda hemmelighetar hemmelighetar. eg lagrar dei i hjartet som ein hemmelig lapp i tusen bitar fra sjuande klasse.

gjera sånt som mange andre ikkje forstår korleis det går an å tørra. som å slutta på skulen og starta sitt eige magasin heilt på bar bakke, utlevera meg sjølv på denne bloggen kvar einaste dag uten å la meg knekke av alt drittet som kjem med det, og å flytta til paris utan andre enn meg sjølv å støtta meg på her.

laga sjukt bra omelett.

vera stolt av meg sjølv når eg for første gong har klart å spara til noko eg hadde skikkelig lyst på(for augneblinken skriv eg på min splitter nye macbook pro. <3)

nesten alltid sei ja til noko gøy.

klina i timesvis, og berre av og til få hovne lepper.

passa på at andre rundt meg får i seg nok vatn.

spela viggo og andre kortspel og blir ikkje sur når eg tapar.

hjelpa venner med knuste hjarte eller med noko som kanskje ikkje har starta enda. eg er på mange måtar ein dr.love.

vera nervøs for kva som skal skje etter dette magasinet er ferdig og for om eg kjem inn på skule i london eller ikkje.

komma på kreative løysingar på problem eller utfordringar.

ta fine bilder av andre som dei vil ha som profilbilder på facebook, og dessuten ta ganske fine bilder generelt punktum.

lesa bøker i senga på torsdagar.

gå på kafé og på museum aleine.

laga bra middag sjølv om eg er berre ein person.

sykla fort fort fortare enn han der fine på bysykkel i oslo i mai.

vera sjølvstendig og ha store meiningar om ting men likevel respektera andre sine meiningar(dette er heilt nytt for meg, men akkurat no er det veldig flott og nytt å ha ein ny og bra eigenskap)

vera våken til fem om morgonen.

vera takknemlig og sei til folk at eg er glad i dei.

ikkje stressa.

respektera tradisjonen "fredagskveld". eg og han der fine lagar sjokolademousse, et noko fin mat og ser på krim, og om me ikkje får tid fredag så gjer me det ein annan dag istaden men greia er den samme.

peika på ting som gjer meg glad, som hundar med søte øyre eller ein sovande beibi i ei barnevogn.




kva er du flink til?



thing that i'm good at: being proud of myself, doing things that a lot of people wouldn't ever dare to do like moving to paris and and making my own magazine with no money in the bank. telling people i love them. reading books in bed on thursdays. stay up until five am. saying yes. making omelets. riding a bike really quickly in oslo in may.


j i paris.

j in paris.
i går tok eg rer b til st. michel notre dame for å gå på meksikansk restaurant. her er min forrett som var empanadas.

j in paris.
også hang det ein hai i taket.

j in paris.
også hadde eg det beste selskapet som finst, nemlig han der fine som nettopp hadde komt fram til paris! etter vår litt mislykka helg sist gong så bestemte eg at sånn fekk det ikkje vera og bestilte nye billettar til han mens han sov.

j in paris.
quesedillas.

j in paris.
kaffe til dessert.

j in paris.
og ein liter margaritas. ehe.

j in paris.
me snakka om å vera kjærestar og om bryllup og såntfint.

j in paris.
og sussa over bordet så me vart heilt fnisete og raude i ansiktet.

j in paris.
og me teikna sånne talstrekar.

j in paris.
og jo javisst det! eg spurte om han ville gifta seg med meg óg og det ville han. det visste eg jo egentlig men da var det flaks at eg nettopp hadde kjøpt denne ringen. me prøvde den for nokon veker sidan, det er ein flott vintage matt cartier-ring. <3 og den går han med no og ser veldig veldig oppteken ut og det syns eg er veldig fint og rart.



yesterday my boyfriend came to paris. we ate mexican food and i gave him his engagement ring, matte gold wedding band from cartier. <3


for så høgt har eg elska.

IMG copyIMG_0001

i det siste har eg vore litt i ei bjørn sortland-tåke. boka som eg les akkurat no heiter for så høgt har eg elska(som utdraget over er fra), og er ei heilt nydelig bok på nydelig nynorsk som er veldig komplisert om kjærleik og familie og ein veldig forvirra ung mann. eg har lest bjørn sortland sine bøker heilt sidan eg var ganske ung og det har kanskje de óg, og han har ein av dei søtaste forfattarheimesidene eg har sett. i alle fall, eg er i tåka og fint er det for han skal faktisk vera med i magasinet! så da veit de det. og ellers så burde de lesa denne boka, for den er innmari fin uansett kva dag i veka det er.




an excerpt from a beautiful book by a beautiful author who i'm working with for my upcoming magazine!


ei liste.

20x200 Edition: Untitled, Max by Dorthe Alstrup



ti favorittar

farge: blå&lilla på klede, pastellrosa&grøn&blå på typ alt anna.
mat: pizza som han der fine har laga med creme fraiche-saus og masse kvitlauk og raudlauk og valnøtter og mozzarella. club sandwich på kafé. grønn karri i ein park på grünerløkka.
musikk: åh alle sortar egentlig. men mest av alt elskar eg rufus wainwright, radiohead, lykke li, air, daft punk, chemical brothers, florence + the machine, björk, little dragon, owen pallett/final fantasy, the smiths, big bang, ingrid michaelson, hahaha ca alt det.
film: virgin suicides. elskar sofia coppola.
bok: extremely loud and incredibly close av jonathan safran foer.
by: paris.
smak på is: lakris eller mint, typ polka eller after eight. ellers er alt som smakar nougat bra.
dag i veka: laurdagskveld og søndagsmorgon.
årstid: sein vår og tidlig haust.


ni akkurat no
humør: utålmodig.
smak: jordbærsmoothie.
klede: blomsterkjole og prikkeskjerf.
lyd: fivrel. høyrer veldig ofte på han der fine sin musikk når eg jobbar, som eg jo gjer akkurat no.
neglelakk: happy birthday fra deborah lippmann, glitter altså.
tid: midt på dagen ca, sånt er ikkje så nøye for meg.
omgjevnad: dyner og puter og polkagrisar.
irritasjonsobjekt: at det framleis er ein heil dag til han der fine kjem hit, men egentlig er det berre fint for det tar tid å venna seg til igjen.

my poor eye


seks har du nokon gong
vore forelska i ein nær venn: eg er jo forelska i min beste venn, så ja.
brote loven: ja.
blitt arrestert: nei.
bada naken: ja.
vore på tv: ja. eg gjekk meg vill i fjellet då eg var tolv og dei leita etter meg med helikopter og det var ein masse drama men når eg endelig kom heim så kom nrk sogn og fjordane og da sa eg på tv at eg hadde skikkelig lyst på taco.
kyssa nokon du ikkje kjenner: ja.



tre personar

du kan fortella alt til: han der fine, fredrik og christine.
du likar: obama, zooey deschanel,
du ikkje likar: næ det blir for dumt.

to val
kaffe eller te: kaffe.
vår eller høst: åh altfor vanskelig. men vår for da fyller eg år.


boy

eitt ønske
at det skal bli onsdag kveld no no no.




a list. google translate!


sonia by sonia rykiel.

sonia by sonia rykiel.
i dag har eg det litt sånn av ein eller annan uforklarlig grunn.

sonia by sonia rykiel.sonia by sonia rykiel.
og da er det ganske så trøstande å svøpa seg inn i eit nytt fantastisk fantastisk skjerf. fra sonia by sonia rykiel, det er så fint og så mjukt og eg måtte berre ha det. no bur det rundt halsen min og litt i senga mi og på uteserveringar må eg ha det i fanget for det er så fint. passar meg absolutt perfekt. eg trur ein kan sjå at eg har ein dårlig dag på bildene, og på bloggen generelt. om de vil får de gjerne dela sånt som kan få ein i bedre humør i kommentarfeltet. før det skjer skal eg tenka på at denne helga er det meg + han der fine + paris som er greia og det får hjartet mitt til å slå litt fortare på ein absolutt bra måte. og da skal de få sjå skjerfet ute på tur óg, og på ein mykje gladare mariell.




i'm having a bad day today but my new scarf from sonia by sonia rykiel helps, and also thinking about j's upcoming trip to paris this weekend. <3


laurdagsfotografering.

synne.synne.synne.

dette gjorde eg og synne i går. for ho skal vera med i dette magasinet med klede ho har sydd for synne går på esmod. me jobba i mange mange timar og var heilt utslitte etterpå. desse er berre lystestbilder, for eg tok bildene analogt og å som eg gler meg til å framkalla.




i shot synne yesterday in her own designs, for my magazine. these are just pictures i took to measure the lighting, and the real pictures won't be developed for some time but i can't wait!


synne.

synne.synne.synne.synne.synne.synne.synne.synne.synne.synne.synne.synne.synne.

fredag i paris: synne og montmartre og cupcakes og snop og kyllingsalat og derek og dårlig vin.



my friday in paris: synne and montmartre and cupcakes and candy and chicken salad and derek and bad wine.


duse pastellar og sirkus og sand.

det er så kjipt at ein kun får gifta seg éin gong. no seier eg ikkje at eg ikkje skal gifta meg fleire gongar enn éin(men med samme person såklart), men at det liksom er forventa av samfunnet at ein giftar seg punktum ferdig med det. eg skulle så gjerne hatt ein masse typar bryllup:

ute på ei strand utan sko med tusenvis av blomar. bryllup på femtitalet. tredagarsbryllup med streng kleskode. bryllup med born og bryllup utan born. sirkusbryllup. bryllup på ein båt. bryllup med berre nære venner og familie. bryllup der alt går i pastellar. men om eg får berre eitt einaste eitt så vil eg at det skal følast sånn:

he had a way with words

eg vil at det skal vera trygt men samtidig ha det pirret i magen som seier at ein skal binda seg til nokon som ein elskar og feira det til dei små timar. eg vil at det skal følast som ein to dagar lang søndagsbrunsj. eg vil at det skal følast som surret i hovudet etter å ha kjederøyka ti sigarettar. eg vil at det skal følast som å flyta i eit basseng. eg vil at alle menn har sløyfer og alle jenter har blomar.

neste år skal eg gifta meg. eg og han der fine, det føles heilt absurd og heilt fantastisk. éin ting har me i alle fall bestemt, og det er at bryllupet blir i london. og det er framskritt berre det. anten i eit stort majestetisk hus med snirklete tapetar og tak, eller i eit stort telt i ein nydelig hage. og så som eg gler meg. til invitasjonar og fargeskalaar og kjolar(!!!!) og snop og makronar og smoking og sløyfer og sussing og grining også å reisa vekk til ein magisk plass som kanskje ingen veit om.





next year i'm getting married and although i'm very much looking forward to it i wish it had been more acceptable to have more than just the one wedding, i'm going to be so sad when i don't have a wedding to plan for anymore. i want it to feel like a two day long sunday brunch and floating in a swimming pool. i want it to feel like the buzz from smoking ten cigarettes while sitting down and then standing up. at least we know one thing: the wedding will happen in london, which is progress no doubt.


some like it hot.

some like it hot.some like it hot.some like it hot.some like it hot.some like it hot.some like it hot.some like it hot.some like it hot.some like it hot.some like it hot.some like it hot.some like it hot.some like it hot.some like it hot.some like it hot.

i det siste har eg berre hatt lyst til å sjå gamle filmar, typ 50- og 60-tal, gjerne svartkvitt og helst med ufattelig vakre skuespelerinner i hovudrollene. i går såg eg some like it hot, med marilyn monroe. ho er så vakker på ein så veldig trist måte syns eg. filmen er morsom og så veldig veldig fin og eg syns at det er ein bra plass å starta om ein har lyst til å sjå nokre av klassikarane.




lately i've been very eager to watch old films from the fifties and sixties, preferably in black and white and with incredably beautiful actresses. yesterday i watched some like it hot with marilyn monroe, so beautiful in such a sad way. i loved it, it's funny and lovely and you should see it.


museumsdagen.

museum.
i går gjekk eg på museum. det har liksom vore ein av mine mål under tida her i paris, å gå aleine på museum. og det var skikkelig vanskelig. ikkje berre fordi eg ikkje hadde nokon å snakka med men óg fordi heile museet var ein bygningsplass og ingen skjønte kva som var kunst og kva som berre var betong liksom. men i alle fall, i kjellaren var det ein videoutstilling om mussolini(skjønte ikkje heilt kva det handla om for fransken min er ikkje bra nok for avansert kunstspråk enda) og eg vart skikkelig redd av å vera der.

museum.
natalie portman grein og alt var veldig forstyrrande, alle filmane var prosjektert på betongveggar og sånt og det var høg lyd fra alle partar og eg tenkte at om eg må drømma om dette i natt så trur eg heller at eg blir våken.

museum.
sånn såg det ut.

museum.
i museumsbutikken hadde dei så mange fine magasin som ein fekk bla litt i og ha lyst på.

museum.
også! håhå.


museum.
den beste typen fotoautomat med fire forskjellige bilder nedover. to euro for kvar remse.

museum.
så eg tok to.

museum.
satte meg i kaféen og var egentlig skikkelig svolten men dei hadde berre drikke og makronar så eg bestilte ein oreomilkshake som var ganske god men sjukt kvalmande på svolten mage så eg drakk kanskje halve. ved sidan av meg sat to kunsthomsar og drakk champagne og snakka om nederlandsk kunst og var veldig visjonære. eg smilte ned i boka mi.

museum.
restauranten var ganske fin men på ein veldig moderne kunst-restaurant-måte.

museum.
og på veg heim fann eg ut at dette hadde vore rundt hjørnet heile tida også gliste eg nedover gata. eg plukka opp litt chinese take-away og åt medan eg jobba, som eg stort sett gjorde resten av kvelden pluss ein halv film.





yesterday i went to a museum and it kindof freaked me out but i was still very proud that i had managed to go there all by myself. i turned a corner and there it was; the eiffel tower. i can't help but smile every time i see it.


rosa.

pink.
i går gjekk eg ein tur og da fant eg mitt første rosa blomstrande kirsebærtre. <3

pink.
så magisk fint.


pink.
også gjekk eg på bakeriet og kjøpte denne. tartelette framboise. bringebæra smakar nesten som norske om sommaren, det er heilt merkelig men eg velger å ikkje tenka så veldig mykje på det.

pink.
passar perfekt i hånda.

pink.
og gjennom eit gamalt kamera óg.




yesterday was all about pink. a blossoming cherry tree and a raspberry tart.


vatn.

cosmic girl.
cosmic girl.
cosmic girl.
cosmic girl.

av og til når byen blir for stor og hjartet har for mykje på éin gong er det best å berre ligga i badekaret, helst med øyrene under mens ein skriv kjærleikssongar med fingrar i vatnet. så det gjorde eg i går. og det finst ingen sjangs i heile verda for at eg ikkje skal ha badekar i mitt neste rede.




when the world is too much i just go soak in the bathtub with my ears under the water.


hjartemagasinet i paris.

no kjem det endelig litt info om det kommande magasinet! eg vil ikkje sei så altfor mykje enda, de får vita navn og sånt litt etter litt, men det eg kan sei er dette: det kjem til å ha samme format som sist, og kjem til å vera litt tjukkare. caroline weseth skal illustrera heile magasinet også denne gongen, og framsida(og eg er sjukt gira og overlykkelig for det), og ho skal hjelpa meg å optimalisera saker og ting så det blir så lesarvennlig som mulig. nummer tre kjem til å bli delt opp i tre delar:

 

paris.

sjølvsagt. dette blir den største delen av magasinet, og den kjem til å inneholda ein masse ulike underdelar(hihi underdelar), som til dømes fotografi, kvitteringar, sånt som eg har scanna, små tekstar, illustrasjonar, små morsomme greier, mi dagbok. det blir eufori og tårer og latterkramper i senga og brutalt ærlig mariell, som de nok aldri har sett meg før. håpar eg, og de, taklar det. noko anna som eg ikkje har sagt enda er dette: absolutt alle som har vore her i paris og vore med meg skal vera med i magasinet. altså sigrid, fredrik, heidi, janne, han der fine, derek, og andre som kjem no framover. dei får bidra med akkurat det dei vil og det er fullstendig uforutsigbart, sjukt fint vel? og minst like stor som den personlige delen blir parisguiden. kvar einaste dag er eg ute på livet for å finna dei beste plassane så de kan ha det magisk fint når de reiser til paris i framtida. magasinet kjem til å komma seint i april. til dei som skal til paris før dette og sårt vil ha guiden før den tid kan maila meg, men berre om de har kjøpt magasinet, så kanskje eg kan gi vekk nokon tips. eg kan ikkje lova at eg har tid til å svara så veldig utfyllande, men eit par tips til ein helgetur skal eg klara. men kjem ikkje til å gi ut nokon adresser før starten av april, for det har eg rett og slett ikkje tid til.



tekst.

andre fine personar som eg så gjerne vil at skal skriva er ikkje alltid i paris, og er ikkje eingong folk som eg kjenner så godt. her vil det bli ein fantastisk pose drops med svenske og norske forfattarar/skribentar. dette er noko av det eg gler meg mest til, å sjå korleis dei ulike personane tolkar feelingen til magasinet på kvar sin måte. det blir så bra.



bilder.

sidan sist nummer har eg samla fantastiske jenter som lagar bilder med blyantar og kamera og andre magiske verktøy. denne delen kjem til å vera ein eksplosjon av inspirasjon, med bilder av jenter og skrubbsår på knea og kvite laken og sølte tekoppar og tårevåte ansikt og store smil. og ingenting av dette har eg sett enda, det blir skapt akkurat no i idéar og i moodboards og det føles ikkje eit sekund usikkert, eg veit at det kjem til å bli dritbra.



magasinet kan de kjøpa her om de vil. er det andre ting de lurer på angåande magasinet eller oppholdet i paris så får de versågod spørja alt de vil! om de har konstruktive tilbakemeldingar på det forrige nummeret, ting som eg kan gjera bedre vil eg veldig gjerne vita det så det kan bli så bra som det berre kan!





information about the magazine! this issue will be divided into three parts. paris, text and image. the paris-part will be the largest one, containing my journal and my photography, texts and thoughts and things that hurt. scans, receipts, illustrations, whatnots. everyone who has been here to visit is also joining in, doing their own spin on paris for the magazine! also, a large part of the magazine will be my guide to paris. sounds great, non? for the text and image part, i have invited a lot of young artists from around the world to join me in the making of this wonderland magazine with their writing, photography and illustration. anything else?


søndag.

sunday.
i går starta dagen superlupertidlig. me tok metro til marais for å eta frukost med han der fine sine foreldre.

sunday.
sunday.
sunday.
så det gjorde me. lenge og godt.

sunday.
så reiste eg og han der fine på loppemarknad der me fant ein masse bra greier.

sunday.sunday.
deriblant fråtsa eg i ei kamerasjappe.

sunday.
etter nokre timar på eit av dei største loppemarknada i verda måtte me eta lunsj. dette kameraet fekk bli med, og eit anna eit óg.

sunday.
og litt blomar som eg skal gjera noko fint med.

sunday.
me snakka om kamera og fotografering og om magasinet medan me venta på maten. no er det ikkje lenge før alt det magiske skal samlast, det føles veldig spennande.

sunday.
eg var litt som ein unge utanfor ein stengt park då me fann ut at det nesten ikkje fantes film nokon plass, for eg ville så gjerne begynna med éin gong.

sunday.
løve. <3 på svensk heiter løve lejon og det syns eg er nesten like fint.

sunday.
me åt pizza! i marais.

sunday.
så møtte me opp foreldrene til han der fine for å drikka kaffe og planlegga litt.

sunday.
også vart resten av kvelden litt sånn rar så den har eg ingen bilder fra. no har han reist igjen, men før han gjorde det rakk eg akkurat å bestilla nye billettar til han så han kjem tilbake om ikkje så altfor lenge og da skal det vera berre berre oss og ingen andre og dét, folkens, det er det beste.


kan ikkje de fortelja litt om helgene de har hatt, fantastiske og forferdelige?



yesterday we ate a very long breakfast in marais before we went to a flea market for a few hours and then ate pizza for lunch. coffee and kisses mostly, as every day in paris should be. he left this morning and i've already booked tickets for his next visit. <3


ein liten laurdag med svigers.

saturday with the in-laws.
i går morgon vakna eg med armen rundt han som eg syns er finast på heile kloden. me tok oss til ein loppemarknad som nettopp stengte men eg fekk akkurat kjøpt noko bra til éin euro. me trøsteåt petit fours, sidan det trass alt var laurdag.

saturday with the in-laws.
så strosa me litt rundt og bestemte oss for å kryssa av ein restaurant på lista mi. eg har nemlig ei liste over plassar eg skal reise til før eg skriv parisguiden min, som eg har researcha meg fram til, og ein av desse åt me på i går. han der fine fekk penne og basilikum.

saturday with the in-laws.
eg fekk ein club sandwich, det slår aldri feil.

saturday with the in-laws.
det var ganske kaldt å sitta ute men det var sol óg.

saturday with the in-laws.
så såg me litt på utsikten.

saturday with the in-laws.
og snakka litt om korleis paris er bygd opp. for tenk, så mange smale og høge bygg er jo heilt ulogisk egentlig. korleis starta det, kva kom først? skal finne ut. etter det satt me superlenge på ein kafé, drakk kaffe og høyrte på lykke li hurra!

saturday with the in-laws.
så gjekk me til italiensk restaurant der eg fekk ein heilt sjukt sjukt sjukt god pappardelle med pølse fra toscana og saus med paprika og squash.

saturday with the in-laws.
til dessert: basilikumsorbet! og det er eg så sjukt glad i, eg og han der fine fekk det i stockholm på ein restaurant ein gong og etter det har eg tenkt at det så gjerne skulle vore i frysedisken men det finst ikkje. eg bestilte dagens sorbet og fekk basilikum og mango. det er skjebnen det. bra, skjebnen.

saturday with the in-laws.
mi finaste svigermor som spanderte kalaset.

saturday with the in-laws.
etter det tok me metro heim, eg og han der fine. me drakk fransk cider og spelte kort og åt lakrisbåtar. og det var den laurdagen.

i dag er det allereie søndag og i morgon reiser han tilbake til norge og det føles tungt i brystkassa men samtidig så føles det himla mykje greiare enn det gjorde for ein månad sidan då han lukka døra bak seg og etterlot meg aleine i denne byen. finn ikkje ord som forklarar kor godt det føles, at det skal gå bra. at det går bra. må finna på eit nytt ord kanskje. uansett. var berre det. håpar de har bra søndagar, det skal eg iallefall.





yesterday: a failed trip to a flea market turned into petit fours to comfort us and then we wined and dined at a fancy restaurant. after that, we drank coffee and headed to an insanely great italian restaurant where i ate pappardelle and basil sorbet for dessert. <3 after that we went home, ate licorice and drank french cider and played cards.


fredag.


i dag tenkte eg å blogga kor fint det var med sol og kor grøne auge eg får når det er sol. men det var krøll med blogg.no, så eg fekk ikkje blogga før dette skjedde:


håhåhå!!! finast i verda jo. så i dag har me vore små fiskar rundtom, med foreldrene til han der fine. på konsert og på middag og ete ein skikkelig dårlig creme brulee som hadde standard som ein dårlig karamellpudding! jaja, det får vel gå. håpar de har hatt fine fredagar óg!




today i was going to blog the first picture to tell you how sunny paris is, but then blogg.no had some problems and i wasn't able to blog until this lovely person came to paris!!! i'm over the moon right now.


presentasjon.

no er det lenge sidan eg har gjort noko sånt, og i det siste har eg fått ein del nye lesarar så eg tenkte at det var på tid å presentera seg sjølv og i tillegg svara på litt sånt som eg ofte blir spurt om.



a normal paris wednesday.sunday.
hei, eg heiter mariell.


eg er 20 år(21 i april) og har blogga i snart fire år på litt ulike plassar men aller mest her. her skriv eg om kvardagen min, om film og tv og musikk og bøker og fotografar som eg likar, om kjærleik, om ting som eg finn på gata og om kjolar med store store skjørt. mest av alt vil eg at denne bloggen skal følast som ei boble av inspirasjon og sukkerspinn, men av og til snakkar eg om sånt som er vanskelig og vondt óg. akkurat no bur eg i paris , det er litt trist men mest veldig fint, og det ser litt sånn ut:

parisfredag.parisfredag.laurdagskveld.two days with heidi.helg.







skogsvann.saturday.
men egentlig bur eg i oslo med han der fine, som egentlig heiter jostein. me er forlova og bur i eit silokammer på grünerløkka. han er det beste eg veit om i heile heile verda, for han er verdens snillaste og mest tolmodige person. han klør meg på ryggen og voggar meg i søvn igjen når eg våknar av mareritt klokka fem på morgonen. han lagar verdens beste pizza og verdens vakraste musikk som spelar i hovudet mitt til alle tider av døgnet. han fridde til meg i fjor sommar med dior-ringen fra himmelen og eg sa ikkje ja for det var for fint så eg nikka. han luktar som syriner i nakken og når han kyssar meg så snublar eg og når eg tenkjer på han så smiler eg, sjølv etter seks og eit halvt år. det blir berre bedre og bedre, som ein by. det finst stadig nye plassar å utforska, nye ting som skjer, men det føles som heime likevel, alltid. og akkurat no bur han i oslo og søv i vår store seng aleine sånn at eg skal få gjera det som eg treng å gjera her i paris. ein sånn fyr bør alle ha. <3


new hair.an afternoon.
eg har veldig raudt hår og det fargar eg på balanzera i oslo, den einaste nynorsksalongen i oslo som i tillegg er økologisk og fantastisk.


til daglig jobbar eg som redaktør og kurator for hjartemagasinet, eit nynorsk kunstmagasin med utgangspunkt i denne bloggen. det tredje nummeret skal handla om paris, om å reisa fra den som ein elskar og om å klina på magiske hustak. om å finna vegen til seg sjølv sjølv om den er mykje lengre enn heime, om å drikka uglevin og om å sovna i senger som ikkje er sine eigne. noko av det beste er parisguiden som eg skal laga, med alle mine magiske plassar i paris som eg oppdagar dag for dag. også skal det vera ein heil masse talentfulle fotografar, illustratørar, skribentar/forfattarar, personar. det er heilt fantastisk gøy og eg kunne ikkje ha hatt ein bedre jobb:

nummereinnummerto
her er nummer ein og nummer to. første cover av caitlin shearer, andre av caroline weseth.









magasinet kan de kjøpa her om de vil, det kjem ikkje ut før i april men likevel. i tillegg frilansar eg litt med heimesidemekking og det som eg aller aller helst vil gjera: fotografera. til hausten flyttar eg til london for å studera foto eller livet om eg ikkje kjem inn, og her er nokre bilder eg har tatt i det siste som eg likar:









snart kjem det ei heimeside og da blir alt så mykje enklare, trur eg.

eg elskar å laga mat og å laga fine spelelister på spotify. også likar eg blondekragar og går berre i kjolar og har ingen bukser i heile heile tatt. eg likar å drikka rosévin i parken, spela kort med bra personar og å kjøpa ny sminke. også elskar eg å bruka pengar på å reisa rundt i verda, sjølv om eg aldri har vore utanfor europa så har eg reist masse dei siste åra, alle reisene eg har blogga om kan de sjå her. når eg ikkje bloggar eller jobbar i indesign til langt på natt eller bur i paris så likar eg å sjå på film og gå i parken og festa og drikka vin med mine fantastiske venner. det ser litt sånnher ut:
fredrik's birthday.days.fredrik's birthday.au revoir.girls' night out.saturday.saturday.friday night.saturday night.saturday night.saturdayfriday night/letter number two.friday night/letter number two.thursday night.helg.

dei er flinke til så himla mange ting, og alle mine venner driv på med kreative saker til ein viss grad. det er viktig, for da kan me forstå kvarandre og hjelpa og bruka kvarandre sine ressursar. dei er faenmeg best.


ellers så likar eg blomsterbukettar og har nesten alltid det heime, eg vil aller mest ha ein pytteliten gris heime, eg skal gifta meg neste vår, eg hatar pengar og må grina kvar gong eg må skriva rekneskap, eg elskar alt som smakar lakris og mint og alt som luktar fersken og vil heller gjera noko gøy enn noko kjedelig, ti ut av ti gongar. det var alt eg hadde å sei for denne gong, om du vil vita meir så vil eg anbefala å gå på eventyrsferd gjennom arkivet mitt, eg har skikkelig bra kategoriar som er kilometerlange og som nesten garanterar eit smil. lovar. viss ikkje er eg faktisk ein veldig okei person, så om du lurer på noko får du gjerne gjera det i kommentarfeltet. suss!



a presentation of me, as i've recently won a lot of new readers. my name is mariell, i'm 20 years old from norway, and right now i'm living in paris to make the third issue of my magazine, heart magazine. usually i live in oslo with my fiancee and i like lace collars and everything that tastes like mint or licorice. i like to drink wine and cosmopolitans and i have the best friends in the world. welcome everyone!


å feira.

akkurat no feirar eg ein million ting samtidig, men så finst det berre eit par saker som eg kan dela. som til dømes at eg har budd i paris i ein heil månad utan problem, at det har gått fint, at eg og han der fine klarar oss heilt fint i forskjellige land sjølv om me saknar kvarandre. eg feirar at eg klarar å gå på kino aleine og på kafé aleine, og det var to store delmål på vegen som, tykkjer eg, alle jenter bør ha som stafett for seg sjølv. eg feirar óg ei heilt sinnsjuk lesarauke sidan eg flytta til paris og konkluderar med at de likar bloggen i ein større by. og det passar jo bra sidan eg flyttar til london til hausten med han der fine. noko anna eg feirar er at han der fine og foreldrene hans kjem hit i morgon. med jarlsberg og lakrisbåtar. og innimellom der feirar eg at det skjer så mykje fantastisk som framleis er hemmelig, og at eg veit at de kjem til å bli så glad når eg endelig kan fortelja. snart skal eg starta med å fortelja om magasinet, kven som skal vera med og korleis det blir. det feirar eg óg. magasinet mitt. min store stolthet her i livet er det faktisk, og så sjukt takksam eg er for at eg får driva på med det kvar dag. også feirar eg at lykke li har komt med nytt nydelig album som ligg på spotify. eg har spilt den herfra til himmelen dei siste dagane og sittedansa som ein vind, det burde de óg.

så heldig for meg at eg har så mykje å vera glad for, for eg er dritflink til å feira. veit berre ikkje med kva enda. skal holda dykk oppdaterte. kanskje blir det eit glas med vin eller kanskje blir det restaurantmiddag eller kanskje blir det min første parissykkeltur, kven veit. om de har noko å feira så syns eg at de skal gjera det. om de ikkje har det så syns eg at de skal få det. typ vinn eit spel på internett eller klipp ein centimeter av håret ditt. folk kastar vekk altfor mykje tid på stress når det finst så mykje å vera glad for om ein berre ser etter. det blir dagens leksjon. sjå etter. skriv ned. hugs. for kva er poenget ellers? sånn tenkjer i alle fall eg.



this is a tribute to the celebration of day-to-day life. today i'm celebrating a number of things, and i think you should too. what's the point of it all if you can't?


dei beste filmane.

marie antoinette
marie antoinette


paris je t'aime
paris je t'aime


closer
closer


hairspray
hairspray




500 days of summer


amelie poulain
le fabuleux destin d'amélie poulain



de usynlige



i am sam



adam


the virgin suicides.
virgin suicides


lost in translation.
lost in translation


the royal tenembaums.
the royal tenembaums


i rymden finns inga känslor.
i rymden finns inga känslor


an education.
an education


heartbeats.
heartbeats


breakfast at tiffanys
breakfast at tiffany's


black swan.
black swan


eternal sunshine of the spotless mind
eternal sunshine of the spotless mind.




eg elskelskelskar jo å sjå film, ingenting som å krypa ned i ein mjuk sofa eller seng også vera heilt stille i to timar medan ei heilt anna verd skjer framfor seg. når folk seier til meg at dei ikkje ser så mykje film så blir eg faktisk litt trist, så mykje elskar eg å sjå film. i kveld skal eg sjå noko fint, og det syns eg at de skal óg. og et litt lakrisbåtar for meg, det er det einaste eg har lyst på akkurat no og det er perfekt filmsnop. så sjå film og skriv om det til meg for da blir eg så glad. for å lesa om filmane her eller sjå absolutt alle filmane eg har skrive om kan de sjå her.





these are some films that i love. i'm going to watch a movie tonight and i think that you should too.


blomar.






på søndag på veg mot marais stoppa eg opp ved ei bod og kjøpte desse tre trykka, syns dei er så sjukt fine. femten euro for tre stykk, absolutt verdt det. dei skal få henga på veggen min i london i haust.



i got these on sunday, can't wait to hang them on my wall in london this fall.


fredrik og janne, deux.

helg.
på morgonen søndag møtte me opp heidi på jussieu. me var utsvoltne og tørste og eg var flau og fnisete etter kvelden før så me gjekk for å finna ein frukostplass.

helg.
rett ved notre dame vart det. med masse bokhyller.

helg.
kaffe og juice.

helg.
quiche! vegetar sådan, veldig god.

helg.
fredrik åt eplekake til dessert som ikkje var noko god.

helg.
det var så fint lys der inne på grunn av dei rare rutene. me satt der lenge lenge og snakka om sex og franske gutar som ikkje klarar å holda hendene sine for seg sjølv.

helg.
i taket var det malt himmel, ganske så fint. så gjekk me for å møta moa som hadde mista kortet sitt, så me åt trøstecroissantar mens eg var mest stille med panna mot bordflata.

helg.
me bestemte at eg måtte få opp humøret og at me skulle gå ut og drikka øl i oberkampf. på vegen åt me crepes mens me jamra om kor godt det var med pannekake med egg og ost på.

helg.
ein mojito vart det på meg. blurry sådan.

helg.
fine glad-janne.

helg.
her har heidi nettopp sagt noko ekkelt og er veldig nøgd med seg sjølv.

helg.
<3

helg.
moa. moa har dei finaste fregnene, på venstre kinn formar dei ein sjøhest! tenk så magisk. me satt der fram til dei stengte, spelte spel og leika leikar, også rulla me heim i ein taxi og rett i seng.

helg.
i går var siste dagen dei var her, me starta den med utefrukost. her er fredrik sitt egg.
helg.
brødkorg. tenk litt på dette: økologisk nøttebrød med kvit sjokolade på. som nutella, men kvit. DØR.

helg.
og fruktsalat til alle. noko av det søtaste her i paris er når servitørane snakkar engelsk og er så sjukt krye for at dei får øvd seg litt. spesielt om dei berre har sett på hercule poirot og sånt. og det var den helga!




ps: no finst fivrel på spotify! hurra!



the last pictures from my weekend. we went out for breakfast two days in a row, talked about sex and disgusting french boys and comforted moa with croissants when her visa card went missing. yesterday was their last day here and we ate breakfast out, organic bread with white chocolate spread. <3