w

w for wien
21019018305c12ab414e
wien er ein fin by, og eg gler meg til å oppleva den som litt meir voksen og klar for å ta innover meg dei større kulturelle tinga ein kan oppleve der. sist gong eg var der, var me i stephansdomen, i katakombene i kjellaren. det er det eg hugsar frå wien. og at me hadde fin hage på hotellet.

w for waits, tom
tomwaits
eg og tom waits har eit sterkt kjærleiksforhold, og martha er ein av sangane som kjem til å følga meg gjennom heile livet.

w for wizard of oz
wizardofoz00
ååååååååååå. eg har leita, og kjem til å leita, tusen år etter sånne sko.

w for wwf
wwf
dei gjer SÅ masse bra, og no har dei òg starta fadderordning der ein kan vera fadder for dyr. fint vel!

w for woodstock

denne songen fant eg gjennom six feet under, og eg elskar den. høyr den. finn den på spotify og høyr den.

kva står din w for?


om bartar

patch
productcd8168c63dc9421981a007c5a81e5c50h
moustachedetournementfunnygraphicillustration
25532601410b246c867f
ilfullxfull49772306
34759865710b7be4468db
ilfullxfull55634155
pbfjli8aimpg3ozqw9qjcoawo1500
pbfjli8aima75chltyc86jqqo1500
pbfjli8aijhrrrrydbjsaou4o1500
pbfjli8aieaoj0jsyi78o3xoo1500
i det siste har eg samla på bilder av bartar. eg elskar bartar, det minnar meg om varm, koseleg latter frå eg var liten. pappa hadde den største barten i heile verda(kanskje sett vekk i frå han her). eg tykkjer det er så trist at bartar er ut, og tykkjer alle gutar skal få seg bartar! utanom han der fine sjølvsagt, for det klør når ein nussar. berre sei det høgt til deg sjølv. bart. bart. bart. fint. bartesuss!

likar du bartar eller eit anna utgått fenomen?


kjelder får de av å trykka på bildene, som vanlig.
translation: i love mustaches!

konkurransen!

ilfullxfull59915357
siden jeg finner henne når det er fullmåne, skal hun hete Luna. Luna er et av de fineste navnene jeg vet om, også passer det godt sammen med Hauk. derfok, når Luna blir stor og har kjoler med polkadotter på og sløyfer i håret, møter hun Hauk, som har lyst krøllete hår. de holder hender og ligger i gresset og ser på månen sammen. så løper de smilende tilbake til trehytta til Hauk som er full av bøker, og sovner tett inntil hverandre under et teppe.

ina vant. var ikkje det fint?


betty frå amsterdam

29041729
i dag har eg på meg betty-kjolen min frå loppemarknad i amsterdam(ååå som eg saknar den byen). snart kjem christine, og da blir det risotto og kvitvin i hagen!

kva elskar du mest med at våren endeleg er her?


translation: today i'm wearing my betty-dress bought at a flea market in amsterdam. christine will be coming over soon, and we'll be having risotto and white wine in the backyard. what do you love most about spring?

sneglepost og godteridyner

eg har ein tendens til å ønska meg ting heilt kraftig i periodar. det kan vera bøker eller filmar eller kamera eller absurde ting som panda-steikepanne. det går veldig opp og ned, men akkurat i dag er det dette eg har mest lyst på
3401435816612c930efe
sneglepost! eg har berre lyst til at postkassa på skulen aldri skal bli tom.

34676793463e030f1e11o
alt av caitlin shearer sin kunst, åh. så. vakkert.

33465430758528bcb6f9
koppar og fat i alle fargar og formar.

pinktaffytfqset
sengetøy som ser ut som godteri. tenk å synka ned i ei stor seng med megaputer, der alt er rosa og pastell. da er eg ei prinsesse.

er eg den einaste i verda som har det sånn? kva har du udødelig lyst på akkurat no?


kjelder får de av å trykka på bileta.
translation: i have a tendency to crave things desperately, and at the moment it's snail-mail, caitlin shearer's art, cups and plates in all sizes and shapes, and candy-looking bedding.


litt putikk-informasjon: eg har lagt ut ein del vesker + ein kjole + fotoboka mi, og i løpet av veka kjem det òg fleire ringar. eg har lagt inn bestilling på happy hippos for dei som var desperate etter å få tak i det, så det er mulig å forhandsbestille det i min putikk.


purstag, helsing mammapappamormormorfar

270417261
270417271
sei hei til min nye odd molly-kjole. den får meg til å føla meg som ei kjempestor kake, og ingenting er vel betre enn det.

270417251
eg fekk ei fantastisk lisbeth dahl-skål med stett som eg har fylt med polkagrisar.

270417281
og ein fantastisk orkidè!

270417241
og elgpasta frå ikea! purstag er kanskje det finaste eg veit om. i morgon viser eg fleire presangar, okei? okei. fint. god natt! forresten tykkjer eg alle skal sjå på bloggen til han der fine, for han skriv på noko no som er så fantastisk at eg ikkje får pusta, nesten.


translation: for my birthday, from my parents and grandparents, i got an odd molly dress, a bowl for my candy, an orchid and moose-shaped pasta!


konkurranse i samarbeid med carambatack!

i dag startar ein ny konkurranse i samarbeid med kunstnaren bak carambatack, annette mangseth. eg verkeleg berre elskar kunsten hennar, og difor er det så kult at ho ville donera til konkurranse hos meg! det de konkurrerar om er dette biletet:
ilfullxfull59915357
det heiter girl on swing, og er pyttelitt mindre enn eit a4-ark. dette er konkurransen: du opnar døra di ein dag, og utafor er ei korg med eit jenteborn i. kva skal jenta heite og kvifor? (treng sjølvsagt ikkje å vera eit vanlig navn, men kan vera til dømes "tomatsuppe", om ein vil)

konkurransen varar til klokka 19:00 i morgon kveld, eg håpar det er så mange som mogleg som vil vera med!

ellers så tykkjer eg absolutt alle skal stikka
innom etsy-putikken til annette, for der er
det fantastisk mykje fint.



livet mitt som gut

om eg var ein gut hadde livet mitt sett litt sånn ut. eg budde i denne byen
1239803578afc286e52d
i ein leilighet som såg sånn ut
3070331754a578f8047cb
og eg hadde kattar i vindauget
bilde 3
eg skulle våkna klokka seks om morgonen, og alltid eta det same til frukost
bilde 1
etter frukost brukte eg eit par timar på å laga skip i glasflasker
bilde 5
så var det tid for kaffi og teikning. eg teikna berre jenter eg vil vera saman med. jenter som liknar på damene i filmar frå 50-talet med ein moderne vri.
bilde 2
den største draumen var nok judy garland, eg kunne sjå trollmannen frå oz om igjen og om igjen og om igjen
bilde 6
eller hedy lamarr. åååå, hedy lamarr.
3112006530372e98cb2do
av jenter som framleis pusta, favoriserte eg isabella applen
34488263577bb6e81b72b
eg skulle lesa fleire bøker kvar veke
91682524e75273fe9a
og eg skulle sitera dei finaste bøkene i kjærleiksbrev
bilde 7
dei skulle eg senda til jenter over heile verda. med tørka blomar til
29573578362c3f4129eb

og ein dag kom ho berre
29344895382220793c07
og eg skulle tvinga ho til å ligga i senga med meg heile dagen, og fotografera alle delane av kroppen hennar, kvar lille føflekk, for å hugsa ho når ho ein dag kanskje ikkje var der meir.
bilde 1 1


kjelder får de av å trykka på bileta.

translation: this is what my life would look like if i were a boy. click the images for sources.

kjærleik

323616519736528478788528466247536078914n
frå sist helg. foto: sunniva.

om eg berre kunne hatt det sånn

eg er einsam og åleine og eg passar veldig lite til akkurat det. eg brukar flickr og drøymer meg altfor langt vekk. eg har som kjent noreg-klaustrofobi. eg vil ut. til london, paris og new york. som her
3408342136ff432e22b8
134128378edd8447b99
30585559850317eec36b


kvar vil du når du er åleine og einsam?

translation: i'm feeling lonely and restless today(because i am), and i'm desperately wanting to go to london, paris and new york. where do you want to go when you're lonely?


sånne som ler høgt, del ii

dette er fortsettelsen av mennesketypar eg likar-innlegget.

folk som går på biblioteket fordi dei elskar det

i samfunnet i dag er det egentlig ingen som treng å gå på biblioteket(utenom gamle folk som nektar å ta inn informasjon frå andre plassar enn vestlandsrevyen). me bestiller bøker lett som berre det på internett, og difor blir eg så glad når eg ser folk som sit på biblioteket med nasen i boka. dei som berre elskar å sitta på biblioteket fordi det får dei til å føla seg glade.

folk som sit på taket og ler

eg har ikkje sett så mange av dei, men eg blir så glad. av folk. som sit på taket. og ler. eg skulle ønska eg kunne komma meg opp på taket der eg bur. for da hadde eg vore der mykje.

folk som lever for det vakre

eg blir så glad når eg finn folk som står opp kvar morgon og finn det vakre i ting. som finn det vakre i det stygge, og som klarar å få meg til å sjå det vakre i ting eg ikkje gjorde før.

gamle folk som synar kjærleik

gamle folk som er forelska er absolutt noko av det mest nydelige som finst. eg gler meg til eg og han der fine skal vera kvite i håret(hihi, kvite dreads). eg skal farge håret mitt rosa, og me skal sjå film heile dagen og gå i hagen for å lukta på syrinane.

jenter som dansar og dansar og dansar

eg misunnar verkeleg jenter som kan dansa på eit dansegolv i evigheit utan å tenke på kven som ser på eller noko anna, for den del. eg ville vore ei sånn jente, hadde eg ikkje vore meg sjølv. eg føretrekk å dansa i mørket med nære venner. til toto eller anna deilig 90-tals pop.

folk som gestikulerar

eg elskar folk som må røra på bein og armar, og spesielt når dei snakkar i telefonen. janne gjer det, gestikulerar som berre det i telefonen, og eg elskar det. så når eg snakkar med ho i telefonen, ser eg ho for meg og fniser så eg nesten ikkje får med meg kva ho seier i heile tatt.

folk som smiler på gata

om eg møter eit smil på gata, kan eg vera glad resten av dagen. for det er det einaste teiknet ein kan få frå framande om at vedkommande er snill. og det gjer meg glad å tenka på at eg har møtt ein snill person på gata. smil til folka du går forbi, det er derfor du kan smila.

menn som åpnar døra og held paraplyen for deg

det er kanskje gamaldags, men eg berre elskar det når menn er skikkelege gentlemen og gjer alt berre på den rette måten. eg sit litt fast i 50-talet, men burde det ikkje vera sånn da?

folk som er impulsive

fordi eg er det. altfor impulsiv. hadde eg hatt nok pengar hadde eg ikkje hatt det lenger. eg kunne reist til gardermoen utan å vite kvar eg skulle før eg kom dit, berre bestilla ein billett til langt vekk utan å tenka meg så veldig om. av og til er det ein sjarmerande eigenskap, av og til ikkje.

kva for mennesketypar likar du?



!!!

n56846086626417815457742
eg har dei finaste foreldra i heile verda. 00:01 ringte dei og sang HEILE  kaptein sabeltann-purstagsangen(etter eg hadde ønska den som purstagssang). poenget er at EG HAR PURSTAG. huuura huuura for meg. i morgon reiser eg vil volda på dokumentarfilmfestival med klassen min, så til eg kjem tilbake kan de legga igjen tusen fine purstagshelsingar vel!

suss!


konkurransen er over

det var så mange fine ord. her er nokre favorittar: venleik. vaniljekyss. luftballong. nakkekyss. sukkerplommefe. berrføtt. konkylie. farmorsmil. napoleon. inntil.

og det var så utruleg vanskeleg, for de har så fine hovud alle saman. men ordet som vinn er... berrføtt. for det ordet gjer meg så inderleg glad. og dette vil seie at denne ringen er premie:
ilfullxfull64742315

tusen tusen takk til alle som har vore med i konkurransen! eg håpar å gjere litt fleire sånne ting framover. i mellomtiden kan de seie "tusen takk, everydayglory". for dei er himla fine.

in-spi-ra-sjon

eg brukar timar på timar på flickr, på leit etter vakre bilete, og mange har spurt om eg ikkje kan dela litt av skattekista mi. så no tenkte eg at de skulle få sjå nokre flickr-brukarar som eg likar veldig godt, samt bilder. klikk på navna for å komma til photostreamane deira.

krisatomic
krisatomic er eit fantastisk talent, både innan fotografering og mange andre felt.

abbytrysagain
 
fantastiske utsnitt og motiv og fargebruk og alt.

olivia beebilde 2

bilde 4
bilde 5
eg skulle ønska eg klarte å samarbeida med personar som ho gjer. eg er misunnelig.

faeriegardenbilde 5
  bilde 5 bilde 5
ei eventyrverd. verkeleg.

topshop-kjolen

i morgon er budrunden over, og eg tenkte berre å minna på om denne vakre kjolen: eg må selge topshop-kjolen min fordi eg skal kjøpe meg ein ny, fordi den ikkje heilt passar. så derfor får nokon veldig heldige kjøpa kjolen min. eg lånar ina sine bilete skamlaust, for den satt så fint på ho
bilde 3
bilde 4


ina5007
ina5005

storleik 38. så, budrunden byrjar på 350 kroner + frakt. budrunden sluttar neste torsdag, 23.april(altså imorgon klokka 00:00). send mail til mariell.oyre@gmail.com om de er interesserte! god byding!

første bud: 350 kr. (toril)
andre bud: 400 kr. (marte)

konkurranse i samarbeid med everydayglory!

saman med dei to jentene bak etsy-putikken everydayglory vil eg lansere ei fantastisk konkurranse der du kan vinna nydelege ting frå nettputikken deira. dei har fantastisk mykje fint, noko av det er vintage-delar dei har laga til smykke, eller vintage-inspirerte smykke.
ilfullxfull53232009
du kan vinna kva som helst du vil i putikken, ved å gjera som her:

1: gå inn på etsy-putikken everydayglory. finn ein ting du har mest lyst på. så limer du inn linken her i kommentarfeltet.
2. saman med linken skal du skriva det ordet du ville lagt under puta før du sovna som kunne hjulpe deg å drøyma søtt. ver kreative! ein vinnar blir trekt i morgon klokka 17:00. var ikkje det fint?

suss!



ting som ein berre får elska heilt utan grunn

for ei stund sidan snakka eg om boka mi der eg har ein kategori som heiter ting som ein berre får elska heilt utan grunn. da var det så mange som ville vite kva som stod der at eg skal dela. her er eit lite utdrag:

hår som er kvitt som sukkerspinn. sussar. jenter som går i 15 cm høge sko som om dei gjekk berrføtt. jenter som går berrføtt. sennep. hundekvalpar. babykattar. raudvin. jessica stam sine auge. tapetar. kokos-is. polkagrisar. nintendo. lyden av snø. lukta av snø. å stå stille i regnet. å kyssa i regnet. beetle-bilar. mørkelilla negler. biblioteket. stemma til barack obama. hattar. båtar. gamle vindmøller. små engelske hytter. husbåtar. sandslott.

kva elskar du heilt utan grunn?


pinup frå 50-talet

mg3718
min nye kjole får meg til å føla meg som ein pinup frå 50-talet. cardiganen har eg arva av oldemor og sløyfa av bestefar.

om å skulle vera russ

det er mange som spør om eg skal vera russ, og eg tenkte å avklara litt med å berre skriva ja, det skal eg. men på min eigen måte. eg er litt redd heile oppstyret, så eg prøver å gjera det ganske rolig, og veldig meg. i dag har christine hjulpe meg til å sy russebuksa mi om til ein russekjole, og det står ingenting på russekortet mitt om verken sex eller alkohol, berre sjå:
bilde 1

eg vil heller ha det sånn. så da veit de det.

dette har eg lyst på

sidan de var så glade i linkane i går, kan me jo fortsetta med det litt i dag òg. i dag har eg lyst på desse kjolane:
il430xn65495562
il430xn66831604
il430xn65562259

desse bileta av caitlin shearer:
ilfullxfull59882949
ilfullxfull59887743

dette smykket:
il430xn60652994

ein kjole sydd av dette mønsteret
il430xn39241931

min mamma seier eg kler meg som ei bestemor, men det tykkjer eg berre er fint.

kjeldene får de av å trykka på bileta.

translation: today i want these dresses, these paintings by caitlin shearer, this necklace and a dress sewn by this pattern. click the images for sources.

ps: by på kjolen min da vel!
pss: dei som ikkje har sendt hjartepost må få ræva i gir. folk ventar på post, og det er rett og slett berre dårlig gjort å ikkje senda.
psss: send løyndommane dine til:

mariell øyre
v/3mka, firda vgs
firdavegen 21
6823 sandane

a concise chinese-english dictionary for lovers

20041703
dagen min byrja med regnbogar i oppvaskkummen.
20041704
20041705
så brukte eg kameraet eg fikk av oda til å ta bilder.
20041708
me hadde frukostpiknik i hagen.
20041709
20041710
20041712
20041714
eg las litt i boka mi(den er fantastisk!).
20041715
hadet, sunniva og eira. hjartevondt.
20041718
så kom han der fine heim frå ukm(han kom vidare òg!), og me reiste på pizzeria.
20041719
han var glad og fin.
20041720
så vart det kveld. eg dusja, tørka til miss marple og sovna hardt som ein stein. for ei fin helg!

kva har du gjort i helga?



*trommevirvel*

3336109148b7ff8dcfbdo
som eit par har gjetta allereie: eg kom vidare til landsmønstringa med løyndom-boka! tusen takk til alle som var med, eg er så stolt av oss.

suss!


vintage-tips

de er ganske fine, veit de det? altså, de gjer meg så glad. så da tenkte eg at eg ville gi noko tilbake. så derfor får de litt linkar til ebay- og etsy-putikkar der de kan sjå litt rundt og kanskje finna ein fin kjole eller to. eg blir kjempeglad om de gjer det, og om de kanskje seier det til meg kva de har kjøpt(som vanleg er eg evig nysjerrig). så her, versågod: 5 sukkerbitar.

finalbathtubbanner
blue bird vintage - fine klede og jumpsuits for dei som likar det.

ebayshopheader

minimum mouse - fine kjolar! og masse andre fine vintage-greier.



iusb760x1006224457
allen  company inc - hjartehjartehjarte. om eg berre hadde gått med skjørt. og hadde hatt meir pengar.

iusb760x1006065422
la boheme - vintage-kjolar, -badetøy, -sko, tilbehør. hjarte.

iusb760x1005657757
tres chic vintage - fine kjolar.

er de glade no? seinare denne veka kjem det ein stor inspirasjons-post med flickr-profilar og litt ymse vakkert. eg er i dele-humør for tida.



translation: these are some of my favorite ebay- and etsy-sellers!

purstag.

my birthday!
my birthday!
my birthday!
my birthday!
my birthday!
my birthday!
my birthday!
my birthday!
my birthday!
19041676
my birthday!
my birthday!
my birthday!
my birthday!
my birthday!
my birthday!
my birthday!
my birthday!
my birthday!
my birthday!my birthday!

(men nei, eg har egentlig ikkje bursdag før på torsdag)

translation: yesterday i celebrated my 19th birthday(although it's really on thursday), and it looked like this.

så går vi rundtom en enebærbuskenebærbuskenebærbusk

ingvild's birthday
i går var det ingvild sin purstag. eg feira med ny raud sløyfe.
ingvild's birthday
oda og thomas var der, og thomas var i balladehumøret.
ingvild's birthday
pia var glad!
ingvild's birthday
og plutseleg hadde me juletre inne.
ingvild's birthday
rundtom en enebærbusk.
ingvild's birthday
sonja var fin, som vanleg.
ingvild's birthday
me pynta juletreet vårt, som ein jo bør.
ingvild's birthday
med misteltein.
ingvild's birthday
sunniva med festbrillene på.
ingvild's birthday
no har eg fin-fine sunniva på stovegolvet og no skal me ut ut ut og i kveld skal eg feira purstagen min huura!

translation: yesterday we celebrated ingvild's 19th birthday, and it was lovely and odd with a christmas tree.

i veska mi...

in my bag
eg har eigentleg sjeldan veske til vanleg, for eg går med sekk på skulen sidan me har datamaskiner og tunge bøker og sånn. men når eg skal ein eller annan plass, har eg veske. i dag skal eg til førde for å levere løyndom-boka til fylkesmønstringa. vil de sjå kva som er i veska i som egentlig er fredrik si?
in my bag
i holrommet til venstre er kameraet mitt. men de skjønnar.
in my bag
fargepennar frå staedtler, lommebok frå loppemarknad i amsterdam, blush frå body shop, leppestift frå mac, børste frå body shop, penn(det er ein frp-penn. sjølv om eg hatar frp, har dei himla gode pennar).
in my bag
kokos-body butter frå bodyshop, headset, ipod.
in my bag
løyndom-boka og boka eg les no, a conchise chinese-english dictionary for lovers av xiaolu guo. også har eg alltid med meg ei flaske vatn, men den har eg ikkje laga til enda, hih.
flowers in my hair
her er meg. eg drikk te. snart reiser eg på bussen og eg grugledar meg til å finna ut om boka kjem vidare til landsmønstringa eller ikkje. ønsk oss lykke til! i kveld skal eg i purstagselskap, i morgon kjem sunniva og eira, også skal eg feira min eigen purstag.

kva skal du i helga? og kva har du i veska di?

ps: besøk putikken min da vel!
translation: the content of my bag; colour pens, wallet, make-up, ipod and headset, the book i'm reading at the moment, a conchise chinese-english dictionary for lovers by xiaolu guo and my norwegian postsecret project book.


løyndommar for dagen

16041630
16041631
16041632

16041633
16041634
16041635
16041636
16041637
16041638
16041639

ps: denne er til salgs i putikken
bilde 3bilde 4





fine bloggar

fine bloggar:

dette er bloggane eg leser kvar einaste dag og blir litt tullete om eg ikkje får lesa.

o9cza6cp1790x31n7v2sn7mird0ga93
linnèa
skriv om vintageklede og putikken sin.

nyvintageklanning
merry go round

klede og fine ting.

bilde 2
princessportal
om å vera prinsesse.

134712738
strangegirls
søt jente som eg skulle ønska eg kjente.

sailorvintageportalen31
vintageportalen
fine fine jessica.

psk535095789
bookofmiri
miri har nydelege bilete og ein nydeleg leilighet, for ikkje å snakka om alle dei fine kleda hennar. eg skulle ønska eg var like lita som ho så eg kunne kjøpa kjolane ho selger.

picture389
underbara clara
vidunderlig person med eit vidunderlig fantastisk hus.

promenad
beautifulones
annika er storesøstra eg aldri hadde.

jobb02435199690
kajsa
fine fine kajsa.

ina8686
ina
eg og ina er som toegga tvillingar som er altfor like om veldig mykje, på randen til det skumle. så fint at me er brevvenner, da. hihi.

desse les eg veldig mykje, men eg leser kjempemange andre òg, eg ser alltid gjennom alle bloggane som kommenterar meg. men desse er mine favorittar. kva er dine favorittbloggar?

ps: eg har lagt ut den finaste kjolen i heile verda for salg på putikken sidan den ikkje passar heilt. det blir budrunde! hurra!

translation: these are some of the blogs i read.

u + v

u for ungarn
2079795959ca29b6bc30
ungarn er eit herleg land. ikkje for varmt og fullt og turistar, og akkurat passe koseleg.

u for ungar
34241628204569abd884
<3

u for ugle
178707908500a315c4b3
eg tykkjer snøugler er noko av det kulaste som finst.

v for veronica
3423355105751e0f2b65
finast.

v for vintage
338418934551e4785ae6
eg elskar å ha ting eg veit at andre har hatt på seg kanskje i bursdagsselskap, kanskje i eit bryllup, kanskje i ei ulykke. ein veit aldri.

v for vannpipe
bilde 2
herleg kitlande smak i halsen av mangotobakk.

v for vanilje
ttarvanilla02vlaunch
ein mann som veit å bruka ordentleg vanilje, er ein mann for meg.

v for vennskap
25888811233702195175n500
berre fordi.

v for vår
bilde 2 1
eg er litt lei alle bloggane som kun skriv om sommar sommar sommar, men no er det fint.

v for vin
bilde 2 2
som de veit, kald raudvin er det beste.

v for vinter
bilde 2 3
eg elskar vinteren, og det er sikkert ingen som er enige med meg, men eg gjer det.

kva står din u for? kva står din v for?


kjelder til bileta får de om de trykker på dei.

vårfin

15041628
i dag har eg og han der fine vore vårfine. me har vore i graset med is som eg ikkje tålar og nussa på kvarandre.
15041629
i dag har eg hatt på meg den nye fine ringen min som eg har laga sjølv. no skal eg laga ein kilo med kokosmakronar medan eg fargar håret. så er det stygge-betty for alle penga.

kva gjer du på ein onsdag som i dag?



om bloggplattform

sidan blogg.no har øydelagt heile designet mitt med den stygge annonsegreia heilt øverst i sidemenyen min, vurderar eg no å skifte bloggplattform.grådige blogg.no. kva tykkjer de? om de er enige med meg, kan de godt senda ein mail til blogg.no og kjefte litt. for min skyld.

takk for fine spørsmål, fortsett å still så mange de berre vil så skal eg prøva å svara på ein del av dei seinare i dag.

skattejakt.

i går var eg på skattejakt hjå bestemor.
treasure hunting
eg fikk med meg denne toalettveska heim.
treasure hunting
som mange som les bloggen min veit, døde min bestefar i desember utan noko forvarsel. da er det fint å kunne minnast han litt kvar dag. eg fekk med meg sløyfer han har hatt i halsen på skjortene sine. dei er allereie gjort om til hårsløyfer.
treasure hunting
eg fekk òg med meg ein gamal festkjole som har vore bestemor sin. den skal syast litt opp og litt ut i skjørtet, så blir den ein perfekt festkjole. no skal eg på vaffelfest, så reiser eg heim til sandane for å sova i hjartedyne med min kjære i natt. og som eg gler meg til å sjekka posten i morgon!

sånn ser dagen min ut

12041588
dagen i dag er boktyven av markus zusak, appelsiner, tjukke sokkar frå bestemor og sløyfeverkstad med limpistolen min.
12041587
12041589
resultatet av det. de veit sånne blomar som ein hadde rundt stearinlys i lysestakar på 90-talet(og sikkert før òg)? dei er forferdeleg stygge, men det viser seg at dei er fine å ha i håret. lurer på om eg skal legga ut nokon på putikken om nokon er interesserte?

korleis ser dagen din ut?


purstag.

torsdag 23.april blir eg 19 år. eg elskar purstagar, og da spesielt kanskje min eigen. om eg fekk velja, skulle eg få alle desse tinga på senga når eg vakna den dagen:

23679090800cd8750609
så fine tekoppar som denne. eg elskar blomekoppar, men eg har ingen sjølv.
417360554661cd3a931
ein regnboge.
bilde 2
eit glas fullt av gode ynskje.
13386371088179c85d1b
ein så fin cardigan.
1441548682728d179a1a
bursdagshelsingar på eit sånt papir(mamma kallar meg mia òg!).
bilde 1
koffert full av sløyfer og silkebånd.
bilde 1 2
fine kjolar som passar til meg.
3266169614de78e75cc4o
caitlin shearer sin kunst.
bilde 1 3
ei peppermynte-plante.

kjelder får de av å trykka på bileta.
translation: wishes for my birthday(23rd of april): pretty cups, rainbows, jars of wishes, nice cardigans, letters on cake paper, trunks filled with silk ribbon and bows, pretty dresses, caitlin shearer's art and a peppermint plant.

t

t for tekoppar
203536661ce5f63ad8e
helst anten så store som skåler eller søte pyttesmå med prikkar eller jenter på.

t for tim walker
873211081b6e66bf4f9o
absolutte favorittfotograf. eg elskar tim walker.

t for torsdagar
02041509
å, som eg kjem til å sakna torsdagskveldar med øl og raudvin når eg flyttar om eit par månadar. det har vore magiske tre år, og eg lurer på kva desse kveldane kjem til å bli brukt på i all ettertid.

t for tortilla de patatas
334663013586a5b87133
det er så himla himla godt at eg dør. i alle fall blir er overmett.

t for tatoveringar
bilde 1
eg gler meg til min første, og lurer på kva det blir.

t for truser
2972556074db117ef056
helst skal dei sjå ut som små bakverk. rosa og ruflete og mjuke å gå i.

t for tulipanar
4561234472f2173c268
finaste blomane! eg brukar gjerne alle pengane mine på tulipanar, altså.

t for tapolca
tapolca see
tapolca er ein nydeleg liten by i ungarn som eg saknar heile tida.

kva står din t for?



1000 awesome things

i går kom eg over ei heilt fantastisk side som heiter 1000 awesome things. der handlar det kun om dei små tinga i livet som ein må læra seg å setta meir pris på. sånne ting som ein eigentleg ikkje tenker så mykje over, men som får ein til å smila om ein gjer det. desse er av mine favorittar:

#945 Spending all your money on candy
#946 The first shower you take after not showering for a really long time
#952 When someone tells you that you have something in your teeth
#955 Sneezing three or more times in a row
#966 Living with someone who doesn?t mind killing spiders
#983 That pile ofassorted beers left in your fridge after a party
#796 The sound of rain from inside the tent
#799 Backseat car windows that go down all the way
#805 The smell of crayons
#807 That one really good pen that never gets lost
#810 Returning to your warm and comfy bed after getting up to pee in the middle of the night
#827 Saying the same thing a sports commentator says just before they say it
#828 Remembering what movie that guy is from

heime.

no har me komme heim til han der fine sin familie, etter to vidunderlege netter på hytta. hytta var huset til mine oldeforeldre, som min bestemor har arva og seinare har min onkel kjøpt det for å pussa det opp og gjera det til ein plass det går an å ha det fint i. sånn er skiltet vårt. henjingadn.
easter
inne i huset er det så deilig tapet og dessutan så nydelege bryllupsbilder av folk i min familie.
easter
kjøkenet er trangt men heilt overfint og er så veldig 50-talls.
easter
og i skuffene finst gamle posar med krydder som er så fint mønster på.
easter
og rundtomkring heng det små skattar frå alle søskenbarna
easter
og plastblomar på bordet.
easter
her sov eg og han der fine. me la madrassene på golvet, så me fekk sova saman.
easter
dette er bryllupsbiletet av min bestemor og min bestefar.
easter
sjå kor lik ho er!
easter
ein sjokkert joachim. han har krøllete hår.
easter
i går kveld var eg og veronica på skattejakt på loftet i oldemor sine gamle ting. me fant! eg er ein cardigan og mange skjerf og forkle rikare.
easter
bestemor lo av oss for ho synes det er så rart at me vil ha sånne gamle ting, og da tok eg eit av dei finaste bileta nokon gang. i alle fall for meg.
easter
storm var òg med, og har dessutan begynt å smila litt. me hadde lange konversasjonar, ofte om været og puppar.
easter
me las mykje bøker. eg les for tida eg elska ho av anna gavalda. han der fine leser the history of love av nicole krauss.
easter
og dette er ruben, søskenbarn, opp-ned i eit glas absint.
easter
eit krøllehår køyrte oss heim.
easter

translation: i've just come home from easter celebration at my family's cabin. the house belonged to my great-grandparents, and now my uncle owns it. it's a lovely 50's house with beautiful wallpaper and old wedding photographs.

seks små spørsmål

22676164208667e816d6
i dag skulle eg ønska at eg kunne snakka fransk med meg sjølv når eg ikkje fekk sova om nettene. for eg har influensa, det bør de vita, og eg har ikkje fotografert på kanskje to dagar. eg gløymer det rett og slett mellom alle dei literane te eg drikk og alle milligramma paracet eg knaskar på. og i dag reiser eg til og med på hytta i sogndal og kjem nok sikkert ikkje til å blogga på fleire dagar. og eg veit kva de tykkjer om det, men eg håpar de kan heller nytta tiden på å eta appelsinsjokolade og dessutan svara på nokre spørsmål som eg har. så kan eg ha noko å gleda meg til når eg kjem tilbake.

1. kva er ditt absolutt sterkaste barndomsminne? (heilt konkret kva du gjorde og korleis det lukta og kven som var der)
2. kva er ditt absolutte favorittplagg og kvifor?
3. favoritt-høgtid og kvifor?
4. favoritt-mat?
5. om du skulle fått ei tatovering, kva skulle det vore av og kvifor?
6. beskriv rommet ditt i eventyr-form

eg håpar at alle kan ha fine feriar og kosa seg masse masse. det skal i alle fall eg.

jeux d'enfants

i natt, då eg ikkje fekk sova på grunn av ein fantastisk influensa på veg, tok eg meg endeleg tid til å sjå ein film som så mange har anbefalt meg å sjå. nemler, jeux d'enfants(elsk meg om du tør). den handlar om julien.
love me if you dare
og sophie
love me if you dare
og mamman til julien, som er sjuk.
love me if you dare
det er så fantastiske fargar og fantastisk fine rom i huset til julien.
love me if you dare
love me if you dare
her forteller sophie at ho vil bli ein pai når ho blir vaksen. det er noko av det finaste, kanskje eg må revurdera karriereutsiktene mine. julien skal bli ein tyrann.
love me if you dare
love me if you dare
la vie en rose blir spelt ein haug med gongar, så det er òg ein grunn til å sjå filmen. det er berre så himla himla romantisk.
love me if you dare
fine lyset.
love me if you dare
julien og sophie som ligg på kvar si side av senga.
love me if you dare
putekrigar.
love me if you dare
også er dei plutseleg vaksne, og sophie blir spelt av den altfor vakre marion cotillard. ho er så søt at eg berre vil putta ho i eit glass og sjå på ho heile dagen lang.
love me if you dare
love me if you dare
love me if you dare
love me if you dare
love me if you dare
love me if you dare
love me if you dare
eg har ikkje lyst til å avsløra for mykje, men mykje av filmen handlar om denne boksen. heilt fra dei er små utfordrar dei kvarandre til ting. den som har boksen har makta. og det skjer mykje drama og mykje fram og tilbake, men som alle fantastiske kjærleikshistoriar får dei kvarandre til slutt, om mogleg på ein litt annleis måte enn ein kanskje hadde tenkt.
love me if you dare
om du likar fransk film, sjå den! forresten, berre sjå den uansett. for den er så fin. eg skal sjå to andre filmar i dag òg; delicatessen og bleu. så berre følg med, for det blir fint det òg. eg lovar!

har de andre franske filmar å anbefale meg? eller kanskje andre filmar?



i dag skulle eg ønska at

eg budde i denne byen
21283001252c7b32a005
dette var frukosten min
bilde 2
dette var min dessert
2315673422f0ffc0e185
eg jobba her
92740104ddc8ac57d8
eg hadde ein rødstripa kjole som denne
3349760019d82c4dc1ebo
eg hadde ein så feit katt
33288925312ae7cef887
eg var så liten at eg kunne bada i ein vask
33978096819ac08f561e


istaden for er eg heime hjå mine foreldre. eg leser bøker og ser filmar og et istid-is med mango- og pæresmak. eg selger polaroid-kameraet mitt her. eg har rydda rommet mitt og vaska klede. eg høyrer på høg musikk. det er så rart.

kva skulle du ønska var annleis i dag?


kjelder får de ved å trykka på bileta.

påskeegg-jakt

i går arrangerte eg påskeeggjakt i hagen vår. alle tok med seg eitt egg fylt med godteri etter eit visst tema. påskeharen fylte opp korga si med egg.
easter egg hunting
nokon hadde form som egg, og andre hadde ikkje. (dette var oda sitt og boksen var full av mini-oreos!)
easter egg hunting
gjett kven påskeharen var, da! med øyrer til og med.
easter egg hunting
jaokei. det var han der fine. han var altfor flink til å gøyma.
easter egg hunting
mitt egg gøymte han i eit tre.
easter egg hunting
temaet mitt var grønn, så heile egget mitt var fylt med grønne ting. egentlig var det masse meir godteri i det, men pia mista det så halvparten falt ut.
easter egg hunting
eg fikk emilie sitt egg som var satanist-egget. oppi det var alt svart og til og med svarte solbriller. fantastisk!
easter egg hunting
oda fekk pia sitt, med tema egg. ho fekk eit egg som såg seg i speilet og vart eit speilegg/frukostegg.
easter egg hunting
det var fantastisk gøy med fine folk og ein kunne til og med sitta ute ei lita stund medan me åt oss litt kvalme på godteri. i denne stund pakkar eg kofferten min, for eg skal heim til min familie i ferien. eg gler meg veldig veldig og ser fram til å berre sova og lesa masse masse bøker.

kva skal du i påsken?

translation: yesterday we went on an easter egg hunt! my boyfriend was the easter bunny(with ears!), and went hiding the eggs in my backyard. now i'm packing up my things and getting ready for easter vacation. what are your plans?

s

s for strømpebukse
bilde 1
i alle slags mønster og fargar! skulle ønska det var meir sånt i norge.

s for suppe
2583828612fcf25585ce
eg tykkjer suppe er så altfor undervurdert i verda i dag. suppe til folket!

s for såpebobler
2264617197df9bf2ee53
spesielt om dei er så store og hjarteforma eller fylt med røyk.

s for sommarfuglpasta
49710785e8d0c3346b
for det er jo noko av det finaste eg veit.

s for sløyfer
spring cleaning
sjølvsagt!

s for smoothie
3835492919ad525759b
om det hadde vore gjennomførbart skulle alt ha vore smoothie. om de skjønnar.

s for skrivemaskin
refurbishedroyaltypewriterred1
helst raud, helst gratis.

s for sofia coppola
sofiacoppola
ein dag skal eg bli like tøff som sofia coppola. for ho er tøff.

s for sindre
n85699052626816654093
<3

s for scarlett johansson
211209684332e98a9203
ho er så heit!

s for stranger than fiction
32694160814650859fc8
finasgte finaste filmen! sjå om de ikkje har sett.

s for sophie dahl
arar01sophiedahlfloatri
forfattar, modell og barnebarnet til roald dahl. les the man with the dancing eyes. kjærleik

kva står din s for?




big bang

i går reiste me til sogndal med buss. framme hos oda kosa me med katten og åt pizza.
big bang concert!
og faktisk kjøleskapspoesi.
big bang concert!
fine christine var sjølvsagt der. me drakk øl på barnerommet til oda, og det heile kjentest veldig som å vera femten år og drikka ekkel kvitvin under dyna med ei venninne, heilt skjerma frå verda.
big bang concert!
så konsert! det var så fantastisk at eg har ikkje ord eingong. big bang er av mine beste venner og har i stor grad hjulpe til med å oppdra meg.
big bang concert!
og finaste sindre var der, heldigvis. for han har eg sakna så det gjorde vondt i hjartet.
big bang concert!
øystein greni.
big bang concert!
øystein greni! å, eg elskar han.
big bang concert!
no er eg fantastisk trøytt, sidan me tok bussen klokka fem i dag tidlig, og skal heldigvis jobba med særemnet mitt i dag. forresten: til blogglesarane som snakka til meg i går vil eg berre unnskylda meg. eg er ikkje sånn utan promille. knis.

translation: yesterday i went to a concert with one of my favorite bands, big bang!

krage

create animated gif

hei, finingar. her er ein animasjon av min nye fine krage. no reiser eg til sogndal, og i kveld skal eg på big bang-konsert! eg gler meg som ein kanin. berre ein ting først: ver så snill, prøv å lur meg! eg blir aldri lurt på 1.april, og tykkjer eg skal det i år. suss!

translation: this is my new collar(a pretty girl gave it to me)!