ein torsdag.


i går fant eg og han der fine ut at me hadde jobba lenge og hardt nok til å få gå ut ein tur. me kjøpte kaffe og kjeks. det i midten. det. var. så. godt.


me gikk oppover mot torshov og eg stoppa ved alle blomster eg såg og sa den vil eg ha den vil eg ha men han der fine drog meg i armen.

eg kjøpte sju rullar film, ein godtepose, eg gler meg så til å bruka dei i sommar.

så tok me trikken til schultz gate og vips på restaurant! med bambus og lysslynger overalt.

han der fine var fin. bombe.

og eg var ein fisk.

eg fekk kylling. eg hugsar ikkje kva det var for eg sa feil til servitøren, men det var veldig veldig godt.

eg var superglad og kry for at eg fekk eta med spisepinnar. eg har alltid trudd at eg ikkje kan det men eg kan!

til dessert: kokospannacotta med mangosalat og granateple på toppen. så. god.

me satt i ei liksom hytte og det var fryktelig koselig.

på veg heim(og det var framleis lyst!) kjøpte me ei flaske balhom som eg er litt hung up on akkurat no. mm.

me drakk balholm, såg tv, jobba, kosa, sovna. og i dag er det fredag og eg har ca nettopp funne ut at det er første mai i morgon.
hadde de fine torsdagar?

my thursday was coffee and a long walk with my boyfriend, seven rolls of film, going to a restaurant and drinking balholm.
magasinsnik.

cover av caitlin shearer.

editorial av solveig selj.

bilder av anja niemi.

oslo-guide av meg. den er som de ser ikkje heilt ferdig enda, det skal inn bilder og anna fin tekst.
andre fine ting: tekstar av meg, bergensguide av eira og marte, som er dei beste eg veit på kafé og vintage, mange fleire nydelige bilder, intervju med nesten alle bidragsytarar, magiske tekstar, trikketips fra meg, andre ting som får sommarfuglane i magen til å gå berserk. og i dag fekk me fantastiske nyheter om magasinet, men det er hemmelig foreløpig, eg ville berre at de skulle bli glad for at eg er glad. eg har så langt solgt ca 300 magasin, så berre fortsett med å kjøpa kjøpa kjøpa med paypal-knappen til høgre. om de ikkje får brukt paypal; ta kontakt på mail. me fiksar det!
noko anna som (kanskje) er er eingangskameraprosjektet der eg må sei at eg er så skuffa som eg kan bli og egentlig ganske sur fordi eg gang på gang har stolt på og tilbudt lesarane mine å vera med på fine prosjekt og gang på gang bryr dei seg ikkje så mykje i det heile. eg veit at det er eit fåtals personar som øydelegg for alle andre, og det gjer meg berre så innmari lei meg. så langt har eg kun fått inn eitt kamera og eg kjem ikkje til å senda magasinet i trykken før eg får inn fleire. dei som sit på kameraa er altså skyld i at magasinet kjem ut seinare og det er ganske kjipt.

a few peeks into my magazine!
regnbogar.

for eit par veker sidan kom sola litt etter litt og da tenkte eg at ein måtte utnytta det, så eg kjøpte ei regnbogemaskin som har eit pyttelite solcellepanel som snurrar eit hjarte og lagar regnbogar i heile leiligheten. sånn ser det ut:

tenk så fint, å få ha regnbogar i suppa og på nasen og i hånda. det er det ikkje alle som har.

i love my new rainbow maker!
i dag lagar me middag.

i dag lagar me pasta med creme fraiche og safran og sennep om du likar det. du treng: champignon, pasta, safran(om nokon lurer på kvifor me har så himla mykje safran er det fordi han der fine hadde med seg ein boks heim fra palestina), sjalottløk, ei gulrot, ein boks med lett creme fraiche, sennep og kanskje litt kjøtt. me brukte lam, men kylling går sikkert óg fint. eller heilt utan, det bestemmer du sjølv.

først hakkar du opp grønnsakene og legger ca to klyper safran i eit par teskjeier med vatn. champignonsoppen skal vera delt i to på midten også i skiver som er like tjukke som to femmarar oppå kvarandre. sjalottløken likeså, og gulrota skrellast og rivast grovt med eit rivjern. alt oppi ei steikepanne i denne rekkefølga: (først steiker du kjøttet om du har kjøtt og tar den ut av panna), champignon skal steikast i litt margarin om du vil, me brukar alltid margarin for det smakar så himla mykje betre, pluss litt salt og grovmalt pepper. steik til den har blitt liksom glossy og mjuk. så sjalottløken. så gulrøttene. bland safranvatnet(med safran oppi) med creme fraichen, så har du oppi heile boksen med creme fraiche i panna og rører rundt og lar det stå på lav varme i eit minutt eller to.

før du startar med å steika grønnsakene set du på vatn så pastaen er ferdig omrent samtidig. eg veit at det er mange som er redd for å koka pasta men det er superenkelt. du tar ein kjele, fyller den med ferskt vatn, kokar opp vatnet med salt og litt olje, kastar oppi så mykje pasta ein vil ha og ventar så mange minutt som det står på pakken. ikkje ha lokk på for da boblar det over panna, og ikkje ha på heilt full varme heller. så er det berre å plukka ut litt og litt og smaka for å sjå om det er ferdig. vips!

så tømmer du vatnet av pastaen og tilbake i kjelen og finn fram ein sleikepott, helst ein med blomster om du har.

alt fyllet oppi til pastaen + litt ekstra safran + grovmalt pepper + salt. om du likar sennep vil eg absolutt anbefale ei spiseskjei med dijon, men du må ikkje.

server! supergodt. eg veit at de er redde for å svi ting og for å overkoka pastaen og for å starta brannar på kjøkenet, men berre prøv. om det ikkje går kan ein jo berre bestilla ein pizza.

for dinner today: pasta with lamb, creme fraiche, mushrooms, onions, saffron and dijon mustard. so. good.
i gave my heart on the morning of november six oh everybody's looking for a fix.

min førstefødte sønn skal heita une og han skal vera den tøffaste guten i gata. han skal klatra i tre og konstant ha plaster på kneet og ha dinosaurbrød til lunsj kvar einaste dag. han skal bli like høg som pappan sin men med mørkt hår og grøne auge og krøller berre i nakken. han skal bli så pen at jentene ikkje tør å snakka til han i heile tatt, og når ei jente endelig gjer det(kanskje ho er akkurat eit hovud lågare og askeblondt hår med litt bølger i), går rett bort til han og spør han om han vil bli med på kino seier han ja. punktum. og ho blir hans univers, han teiknar eiffeltårn på papirlappar og sender dei til ho i timen og når han frir var det nøyaktig sånn ho ville ha det men aldri hadde turt å tenka.
eller kanskje likar han ikkje jenter. kanskje forelskar han seg i ein hengslete blond gut og går med vonde sommarfuglar i magen i mange år før han endelig seier det, med øl i ånden og i hånda, på ein fest, at "eg elskar deg" og den blonde tar han i hånda bak eit tre og kyssar han og det føles som marshmallows over grillen, mjukt og varmt og akkurat det han ville ha. dei reiser på interrail saman og ein eller annan stad mellom avgang og ankomst heim finn dei ut at for evig og alltid ikkje er så lenge.

about my firstborn son(when i do have a son, that is). maybe he will like girls, maybe he will like boys, he will either way be absolutely beautiful and interesting. that's for sure.
fredrik i botanisk hage.
for eit par månadar sidan fekk eg overta eit kamera som bestefaren til han der fine hadde hatt liggande heime i mange år fordi det satt ein film fast inni det og han turte ikkje ta sjansen på å få det ut. avtalen vart at om eg klarte å få filmen ut uten å øydelegga den, skulle eg få kameraet. og det gjorde eg.
ein søndag tok eg med meg fredrik til botanisk hage der me såg på planter og tok litt bilder, både for å testa kameraet men óg fordi eg er i ein prosess med å få fredrik til å vera meir bekvem framfor kameraet. sånn såg det uansett ut:










i took these with an old camera i got from my boyfriend's grandfather. i needed to test the camera and fredrik and i decided it would be a perfect occasion to practise on his camera skills(we're trying to make him not too nervous).
ein søndag tok eg med meg fredrik til botanisk hage der me såg på planter og tok litt bilder, både for å testa kameraet men óg fordi eg er i ein prosess med å få fredrik til å vera meir bekvem framfor kameraet. sånn såg det uansett ut:










i took these with an old camera i got from my boyfriend's grandfather. i needed to test the camera and fredrik and i decided it would be a perfect occasion to practise on his camera skills(we're trying to make him not too nervous).
eingangskamera.
dei som har eingangskameraa no må senda dei til meg pronto! ver så snill, just do it. magasinet går i trykken mandag. suss.
om paris.



eg har vore litt forsiktig så langt med å sei noko, for eg ville ikkje få for store forhåpningar og eg ville ikkje at de skulle, men no seier eg det berre: neste vår flyttar eg til paris. for eit par månadar. heilt aleine. eg pakkar sløyfene og kjolane og macen og flyr over land og strand og håpar eg landar mjukt. der skal eg læra meg litt fransk og å vera aleine, noko eg ikkje heilt har fått teken på enda etter fem og eit halvt år i tospann. eg skal bestille kaffe utan at dei merkar at eg ikkje er fransk, skal eta makronar til middag og ta bilder på plassar eg alltid har villa. han der fine skal vera igjen i oslo og ein kan berre håpa at det ikkje blir så vondt som ein ser for seg. han kjem sjølvsagt på helgevisitt for å kyssa i parkar og drikka øl og eta spaghetti. og bloggen skal sjølvsagt vera med. no har eg sagt det og kan ikkje ta det tilbake, tenk. neste vår flyttar eg til paris. var berre det.

just announcing some news: next spring i am moving to paris, all by myself. to learn french and the art of being alone and independent.
tre fra ein mandag.

ein. nye blomar på bordet.

to. salat til middag.

tre. jordbær og vaniljesukker+melk.
og kvelden er sjokolademilkshake fra mcdonalds og krim på nrk1. har de fine mandagar?

my monday: fresh flowers, salad for dinner and strawberries and milk for dessert.
magasinmorgon.

i dag har eg vore litt på sengekanten med den mest inspirerande boka i verda akkurat no.

og med mi fantastiske nye sløyfe fra tjallamalla i stockholm.

og nye kjole med polkadottar og fantastisk blondekrage fra beyond retro. alt med blondekrage fekk bli med heim.

så eg har det ganske fint.
denne veka jobbar eg på spreng med magasinet og i intervjuet med marte står det noko som er så inderlig fint når ho snakkar om vintage; "eg elskar ting med sjel. ting som har levd eit liv og har ei historie med seg. eg undrar innimellom på kva tinga mine har opplevd, som eit fyrste kyss på sekstitalet, å bli med på båttur til amerika, eller å ha vore med under jimi hendrix sin opptreden på woodstock i 1969, for så å bli liggjande i graset mens eigaren nakenbada etterpå."
over til noko anna, no har eg lagt til ein paypal-knapp i menyen til høgre her på hovudsida på bloggen, så de berre kan trykka der istaden for å senda mail! er ikkje det fint eller? (om de skal ha magasinet sendt til utlandet derimot, må de senda mail, og om de får problem med paypal/ikkje har tilgang til visa/liknande.)

today i have been reading sophie calle's biography, wearing my new bow and dress from stockholm. i'm working really hard on the magazine this week and it's taking up most of my time but i love it.
adam.





adam er min nye favorittfilm. den handlar om adam som er autist og beth som flyttar inn i bygget hans. adam har nettopp mista pappan sin og livet hans raknar litt for litt og han tar med seg beth i parken for å sjå på vaskebjørnar og han prosjekterar stjerner på alle veggane og det vil eg gjera óg. kjøp den og sjå den og elsk den.

my film tip: adam. adam has aspergers syndrome and his life is deteriorating after the death of his father, beth moves in upstairs and they become friends. he takes her to the park to see raccoons. i love this movie, a new favorite.
purstag / stockholm dag to.

purstagen min starta med hotellfrukost til denne utsikta.

også vintageshopping i sofo-området. på beyond retro fann han der fine ei YSL-jakke som fekk bli med heim. eg ville ta med meg godterimaskinene heim men det fekk vera ei sløyfe.


på lisa larssons second hand hang dei finaste kjolane i taket og ho som jobbar der sang dolly parton og andre gamle slagarar og gjorde at me ville vera der lenge.

så kjøpte me is hos den søtaste mannen med dårlig hørsel.

"kor mange kuler fekk du, mariell?" tre fekk eg.

kokos, lakrits og polka. hjarte. teite isnorge.

så gjekk me på moderna museet. i museumsputikken kjøpte eg ei bok som eg har ønska meg så innmari. lenge leve museumsputikkar!

der åt me óg lunsj, paprikasuppe med brød, salat og noko dei kalla for nordisk pesto som var heilt fantastisk.

litt av boka. etterpå shoppa me vintage på beyond retro i drottninggatan og kjøpte tusen flasker jordbærvin til å ta med heim og han på systembolaget sa gratulerar med dagen og da vart eg gladflau.

etter furting på grunn av oppbooka favorittrestaurant fekk han der fine tvinga meg til å skifta klede og bli med ut i gamla stan, til ein restaurant som heitte glennfiddich warehouse.

dei hadde tusenvis av sortar whiskey og masse rare øltypar og folk var veldig glade og lo høgt. på bordet ved sidan av sat det to menn og når han eine gjekk på do tømte han andre ølen hans i sitt eige glas. luring.

han der fine fekk eit mørkt øl og eg fekk eit "blommigt" øl som var supergodt og smakte sommar.

eg fekk lam med kantarellsaus og den var heilt perfekt.

eg sølte litt saus på den nye kjolen min.

men kragen er så fin at det gikk bra likevel. ser ut som eg har ein duk rundt halsen.

hei!

eg noterte i mi lille bok kva me hadde gjort i dag og kva me hadde kjøpt på dei ulike plassane.

vips kom desserten! eg fekk multepannacotta(heldigvis smakte den lite multe for eg likar ikkje det) og cappucino.

han der fine fekk dagens is og bær, og dagens is var med basilikum, kokos og appelsinskal og herregud den var så god. han får alltid den beste desserten og eg fekk stjela for eg hadde purstag.

me teikna kvarandre. dette er meg.

dette er han.

så gjekk me heim hånd-i-hånd, og det var den purstagen. berre eit år til neste gong!
eg veit jo at de ikkje hadde purstag, men hadde de fine fredagar likevel? no er det berre laurdag og me skal ha ei fantastisk helg med fine folk og fin vin og magasinjobbing.
ps: kjære onkel, takk for purstagshelsing på sms. eg er lei for at eg ikkje svarte men eg håpar dette gjer opp for det. suss!

my birthday in stocholm: shopping in the sofo area and three scoops of ice cream: polka(which is minty), licorice and coconut, going to the modern museum, lunch at the restaurant there, more vintage shopping at beyond retro in the city centre and then going to a very nice restaurant for a birtday dinner and beer that tasted like flowers.
til mamma og pappa.







gratulerar med dagen, finaste mamma og pappa. TENK AT DET GIKK SÅ BRA.

for my mother and father: congratulations on keeping me alive and happy for twenty years.
stockholm dag ein.

me tok buss og tog i sju timar og eg sov nesten heile vegen.

han der fine skreiv på ein tekst som eg håpar de får lesa ein gong. den handlar om oss, kva ellers.

framme i stockholm sjekka me inn på mälardrottningen hotel, og rommet vårt er så søtt og rart.


me fiksa og triksa og bytta før me skulle ut. denne kjolen kjøpte eg sist gong eg var i stockholm, og det er favorittkjolen min, så det føltes fint og naturlig å bruka den. han der fine var fin og slengte på håret. det var ganske dårlig vær ute så eg fekk ikkje fotografert så mykje.

me gjekk på ein thairestaurant der eg åt med spisepinnar for første gong, så vidare til muffin bakery der han der fine åt den beste muffinen eg har smakt, brownie&cheesecake. eg var misunnelig men min lime&citrus var heilt grei den óg.


eg planla resten av dagen og morgondagen og snakka om kor dominant haka mi er.

eg skreiv litt reisedagbok i mi nye notatbok som er så lita som du aldri har sett før og eit postkort mala av ein mann som heiter degas sjølv om det ser ut som manet eller kanskje renoir. hm.

etterpå gjekk me til ahléns city(for det var ope!) og han der fine prøvde klede.

han prøvde denne tskjorta fra acne og da sa eg denmåååduuuhaaaa også kjøpte han den. superfin.

så var me superslitne så me gjekk tilbake til hotellet(som framleis er ein båt, folkens!)

der åt me yoghurtkokostoppar og wasabinøtter.

og små glas med syltetøy og chorizo og cider. fin og kort dag. når klokka slo tolv hadde han der fine sovna for timar sidan og eg såg two and a half men med svenske tekstar og eg tenkte at det er sånn det føles å vera voksen, einsam og aleine i ein framand by. kvart over ringte mamma og pappa, dei sang kaptein sabeltann-purstagssangen og eg sakna dei meir enn nokon gong.
i dag har eg purstag, det er sol og eg håpar på eit par nye kjolar. håpar de har det fint heime i norge!

my first day in stockholm.
god natt / god morgon / bon voyage

eit pyttelite hei(fra tatoveringen óg) og hadet før eg og han der fine hoppar på eit tog og reiser av stad til stockholm. me skal fylla dagane med vintageshopping, afternoon tea, fine middagar, båthotell, purstagsgåver(til meg sjølv), museum og kjærleik. her i noreg kan de fortsetta med å bestilla magasin i fleng! (eg har sjølvsagt booka hotell med internett!)
oppdatering eingangkamerasituasjonen: send dei til meg! eg og han der fine rekna på det i går, og det blir ikkje tid til å senda dei vidare. folk har ikkje sendt videre så fort som dei burde og dermed blir det ikkje tid. dei som ikkje fekk vera med får vera med neste gong!

hello and goodbye from me and my tattoo, we're taking the train to stockholm this morning(it's terribly early)!
magasin!

no har eg endelig fiksa så ein kan forhåndsbestille magasinet! eg håpar å få det ferdig til første veka i mai! om du vil forhåndsbestille magasinet kan du senda mail til hjartesmil@gmail.com med antall magasin du vil ha, dei kostar 110(eg måtte setta opp prisen med fem kroner fordi paypal tar seks kroner per magasin til seg sjølv) kroner per magasin inklusiv frakt. etter du har sendt mail til meg vil eg da senda deg ein "rekning" gjennom paypal. paypal er ein putalingstjeneste gjennom internett, som til dømes etsy og ebay brukar. der må du skriva inn kontoinformasjon(eller logga inn om du brukar paypal til vanlig) og adresse, så kjem pengane inn til meg og eg sender magasinet så fort det kjem! eg brukar paypal fordi det er heilt trygt så eg kan ha full kontroll og at det aldri er noko tvil på noko som helst rundt pengane. det er kun 650 eksemplar tilgjengelig, så om du har lyst på eit kan du ikkje venta lenge med å bestilla. om det er noko de lurer på kan de kommentera her også skal eg svara så bra eg kan.
apropos magasinet eingangskameraa: kan eg få ein oppdatering på dei? kor langt har dei komme? korleis har det gått? eg har ikkje fått eit einaste tilbake og får litt vondt i magen av det. edit: om du har eit eingangskamera og skal senda det videre: ta tre ekstra bilder sjølv, kryss ut lista til det er igjen tre personar inklusiv meg, eg må berre få kameraa så fort som mulig for eg får ikkje gitt ut magasinet før dei er her.

if you want to order my magazine, you can mail me on hjartesmil@gmail.com and i will send you an invoice through paypal. for international shipments i charge 17 euros.
ønske-ønskeliste.
på fredag har eg purstag! den feirar eg i stockholm med han der fine og ikkje i london på det finaste hotellrommet i verda, men pyttsann, stockholm blir fantastisk! om eg fekk velga akkurat kva eg skulle få til min purstag skulle eg velga:

diana f+ i fjor solgte eg mi diana fordi eg ikkje hadde nok pengar til å putala strømrekningen min og eg angrar så sårt. no som det blir lyst igjen lengtar eg så innmari innmari.

jordbær åh, tenk å få venner på døra med jordbær og vin og ingen bekymringar i verda. eg har ikkje turt å smaka på jordbæra enda, i frykt for at dei ikkje skal vera så gode som eg vil, men no vil eg.

tatovering eg har fått meirsmak og kan ikkje venta til eg får små små ord med stor betydning på kroppen. det er noko som er så innbydande med å gjera noko som er så permanent, og samtidig fullstendig avskremmande

5d mark ii eg har ønska meg dette kameraet så lenge at eg faktisk kjenner det på kroppen. eg sparar og sparar men det blir aldri nok, det er alltid telefonrekningar eller reiser eller tusen andre ting som kostar pengar og det skulle vore det beste i verda om nokon fant tjue tusen kroner dei ikkje hadde bruk for.

ei helg i paris eg har ein femeuro som eg lengtar etter å bruka på laduree, berre vera vera vera alt og ingenting i paris.

my birthday wishes for this year: diana f+, strawberries, tattoos, canon 5d mark ii, a weekend in paris.

diana f+ i fjor solgte eg mi diana fordi eg ikkje hadde nok pengar til å putala strømrekningen min og eg angrar så sårt. no som det blir lyst igjen lengtar eg så innmari innmari.

jordbær åh, tenk å få venner på døra med jordbær og vin og ingen bekymringar i verda. eg har ikkje turt å smaka på jordbæra enda, i frykt for at dei ikkje skal vera så gode som eg vil, men no vil eg.

tatovering eg har fått meirsmak og kan ikkje venta til eg får små små ord med stor betydning på kroppen. det er noko som er så innbydande med å gjera noko som er så permanent, og samtidig fullstendig avskremmande

5d mark ii eg har ønska meg dette kameraet så lenge at eg faktisk kjenner det på kroppen. eg sparar og sparar men det blir aldri nok, det er alltid telefonrekningar eller reiser eller tusen andre ting som kostar pengar og det skulle vore det beste i verda om nokon fant tjue tusen kroner dei ikkje hadde bruk for.

ei helg i paris eg har ein femeuro som eg lengtar etter å bruka på laduree, berre vera vera vera alt og ingenting i paris.

my birthday wishes for this year: diana f+, strawberries, tattoos, canon 5d mark ii, a weekend in paris.
videogodtepose.
tre fine videoar i tysdagsgåve! din tur!

i give you these three videos as a tuesday present. your turn!
.
eg er supertrist kanin i dag. på onsdag skulle eg ha tatt eit fly og det skulle gått til london og på fredag har eg purstag og eg vil ikkje feira den i teite norge i teite oslo. eg treng litt drahjelp, så; kva er det finaste som har skjedd deg i dag?

i'm sad about not getting to go to london because of the volcanic ashes. did something lovely happen to you today?

i'm sad about not getting to go to london because of the volcanic ashes. did something lovely happen to you today?
here comes the sun.



av songane de har lagt ut på hit me-spelelista har eg laga ei ny speleliste av dei songane eg likar best. sidan eg ikkje har høyrt gjennom alt enda vil lista bli oppdatert når eg finn nye fine songar. here comes the sun.


my new spotify playlist, here comes the sun.
i posten.



finaste eira og vennen ole har laga ei fanzine som heiter lun. den er så fin så ein må stilla den ut i hylla. eg har óg bidratt med nokre sider fra notatboka mi, forresten. ein kan kjøpa den her.


ei som heiter åsne sender meg så fine ting i posten, som dette heftet med tekstar ho har skrive sjølv.

og her ein dag fekk eg ei pakke som lukta godt av ei med fire fine brev oppi. trykk på alle bildene for å få dei store så de kan lesa!
eg får så mykje fint magisk i posten og eg blir så hinsides lykkelig. tusen takk til alle finingar som er med på å gjera kvardagen litt finare når eg låser opp postkassa. suss!

i get the most wonderful things in the mail from my readers.
egg.

eg opnar eggkartongen og han der fine har erstatta egga han har brukt med drageegg og eg må holda meg fast i benken fordi eg ler så hardt.

my boyfriend replaced some eggs with dragon eggs in the carton, it made me laugh so hard.
tjuefire timar i april.

i går tenkte eg at det var på tide med nye glas som er passande å drikka boblevin i. eg kjøpte fire stykk til førti gullpengar på maritaputikken.

etter kvart kom julie som hadde vore på utflukt og ete pinnebrød men var glad for å vera tilbake i sivilisasjonen.

me drakk musserande rosé med bjørnebær som isbitar.

klokka fem tok eg og julie toget langt ut til ingenmannsland. me skulle på premieren til fredrik sitt teaterstykke, verdas mest forelska par, på romerike folkehøgskule.

kostyma var så innmari fine.



og denne kjolen får tre bilder for den skal eg seriøst få sydd opp og gifta meg i. og fine fredrik i blå dress, da.

etterpå fekk me sjå rommet hans og eg tenkte på kor rart det er med folkehøgskule.

fine christine var der, men måtte gå fort.

så dei tre la seg i ein klump.

så fekk fredrik smaka på pærefint før me måtte gå fortfortfort til toget som me berre akkurat rakk. vel heime sovna me nesten med ein gang og julie i ein krøll på golvet.

til frukost hadde me brød(det var majestetisk, for me har aldri brød her i huset), og bjørnebærsmoothie som óg var ganske majestetisk. no jobbar eg med magasinet og julie har sovna for ellevte gong med norskleksene i fanget.
dine siste tjuefire timar da?

my last twentyfour hours: new glasses for bubbly wine, using them to drink with blackberries in sparkling rosé, taking the train and going to the theatre with julie, falling asleeo way too early on a friday night and smoothies and bread for breakfast.
vinter.
eg orkar ikkje sova inntil deg, alt kjennast klissete sjølv om det er så kaldt at ein må holda pusten for å kjenna at ein lever, eg skrik til deg at du skal gå men du går ikkje, eg legg meg på golvet og søv der heile natta, når eg vaknar ligg du på golvet óg, hikstar, du har bredd over meg med mesteparten av dyna og du er nesten lilla sjølv om det er så mørkt at ein ikkje kan sjå, eg legg heile kroppen over din og bles varm luft og kyssar alle plassar eg kjem til medan eg seier unnskyld unnskyld på innpust og du seier at det går bra, du seier alltid at det går bra, det går alltid bra, snart kjem sola.



eit par dagar etter går me på kino, me deler ein villa champagne og me har to kokosbollar i ein pose, me har gitt tretti kroner ekstra for å få sofa, me brer over oss med kåper og skjerf og me slepp aldri taket, ikkje gjennom heile filmen, me spring gjennom gatene på veg heim, skrik fordi det er så kaldt, kjøper ein lauk på sultan, kyssar i heisen og gløymer å gå av i etasjen vår, legg oss i senga og held framleis hender sjølv om det er vanskelig å få av seg kåpene. me snakkar om kjærleik og lidenskap og at me ikkje ville ha hatt det på noko anna måte sjølv om det var enklare. det er når det er vanskelig ein veit at ein kan få det til seier du og eg er enig. du får siste slurk av champagnebrusen og me sovnar nesten utan å merka det, eg kjenner rykningane i kroppen din, høyrer på pusten din, kjenner hjartet pulsera i fingrane dine. eg drøymer om kirsebærblomar og du drøymer om sommarfuglar og ostekaker og når eg vaknar har du laga middag og me et den på golvet og ler.

about love not always being easy.



eit par dagar etter går me på kino, me deler ein villa champagne og me har to kokosbollar i ein pose, me har gitt tretti kroner ekstra for å få sofa, me brer over oss med kåper og skjerf og me slepp aldri taket, ikkje gjennom heile filmen, me spring gjennom gatene på veg heim, skrik fordi det er så kaldt, kjøper ein lauk på sultan, kyssar i heisen og gløymer å gå av i etasjen vår, legg oss i senga og held framleis hender sjølv om det er vanskelig å få av seg kåpene. me snakkar om kjærleik og lidenskap og at me ikkje ville ha hatt det på noko anna måte sjølv om det var enklare. det er når det er vanskelig ein veit at ein kan få det til seier du og eg er enig. du får siste slurk av champagnebrusen og me sovnar nesten utan å merka det, eg kjenner rykningane i kroppen din, høyrer på pusten din, kjenner hjartet pulsera i fingrane dine. eg drøymer om kirsebærblomar og du drøymer om sommarfuglar og ostekaker og når eg vaknar har du laga middag og me et den på golvet og ler.

about love not always being easy.
fintorsdag.
i dag er eg litt dårlig på bloggen, for i dag jobbar eg med magasinet! eg har fått inn ein god del materiale og det kjem inn meir og meir for kvar dag, eg er så superlykkelig og har dansande flodhestar i magen! vanskelig å forklara men ca sånn:



hurra! så eg tenkte at kommentarfeltet skal vera fylt av dykk i dag. fortell meg alt. fortell meg kva de tenkjer på før de sovnar og kva de er redde for, kva de lengtar etter, kva de vil, kva de skal, ting som gjer dykk glade! ein to tre gå!

my thursday is very busy, since i'm working on the magazine a lot! i want you to tell me everything. please!



hurra! så eg tenkte at kommentarfeltet skal vera fylt av dykk i dag. fortell meg alt. fortell meg kva de tenkjer på før de sovnar og kva de er redde for, kva de lengtar etter, kva de vil, kva de skal, ting som gjer dykk glade! ein to tre gå!

my thursday is very busy, since i'm working on the magazine a lot! i want you to tell me everything. please!
fine ting skjer kvar dag.




♥ fine bilder av små små dyr som smeltar hjartet.
♥ sara og eg åt is til frukost(eg hadde mango og kvit sjokolade, ho hadde nougat og sitron).
♥ eg fekk mail fra ein lesar som lurte på om eg ville ha to billettar til she&him-konsert fjerde mai, for ho kunne ikkje likevel! folk er så innmari fine.
♥ eg fekk endelig tak i eit lula-eksemplar.
♥ eg har fått meg bysykkel.
♥ eg vil endelig ta bilder og helst no no no.
♥ lånet kom inn.
♥ eg planlegg ein fin dag i morgon.
har det skjedd fine ting andre plassar?

lovely things happen every day, today; pictures of teeny tiny animals, eating ice cream for breakfast, finally finding a copy of lula, signing up for the city bicycle system, my student loans arriving and planning a lovely day tomorrow.
alt som kunne ha vore.
det kunne vore sommar, me kunne vore søtten, du har korte korketrekkerar
og frekner berre på nasen, du har kjempestore føtter og du bærer meg
rundt på ryggen. fra stova til kjøkenet, fra kjøkenet til soverommet.
mellom slaga teiknar du hoppeslott på ryggen min, bokstavar, sitat fra
favorittbøkene dine. me reiser til krakow fordi det er billig og du drar
meg tilbake til hotellet når hjartet mitt får for vondt, du lagar
fransk mat som om du var franskmann men egentlig er du berre norsk, av
standard kvalitet, du skarrar litt på r'ane dine men berre av og til og
du har litt for små lepper for min smak men det funkar for du kyssar som
ein gud, du har så mørke auge at det ikkje ser virkelig ut, du har
blåmerker på heile ryggen og det er min feil. du les barnebøker til meg
når eg ikkje får sova, syng alle beatles-songar du kan. det er midt i
juni når du reiser fra meg, du har ikkje skjorte på og når eg ser ryggen
din forsvinna på bussen veit eg at neste gang me møtast kjem me til å
vera høflige sjølv om me egentlig skulle ønska det var annleis.
litt favorittar fra nullåtte nullni.
boble.

bildet er fra rice sin sommerkatalog
eg har purstag om ca to veker. mest av alt i verda(kanskje nummer to etter nytt kamera) ønskar eg meg ei tyggegummimaskin.

my birthday is in two weeks, and i want a gumballmachine, please.
easy peasy pasta.
okei, så! eg får veldig ofte spørsmål om lett og god mat, så i dag laga eg enkel pasta. eg brukte: spaghetti, ein raud paprika, kanskje femten tomater som er mindre enn cherrytomater, men cherrytomater går heilt fint. to spiseskjeier fetaost fra glas(om ein ikkje likar fetaost kan ein godt sløyfe det, men eg lovar at feta er noko heilt anna når det smeltar), litt riven kvitost, to spiseskjeier pesto(eg har brukt den krema typen. om ein ikkje likar pesto kan ein sløyfe pesto og bruke berre hakka tomater!), ei og ei halv med kesam og tre med hakka tomater. krydder eg brukte: salt, pepper og basilikum(kvernar salt og pepper sjølv). og sånn kan det gjerast:


kok pasta i salt. det er viktig å bruka friskt, kaldt vatn og ikkje juksa ved å bruka varmt. eg anar ikkje kvifor, men eg merkar forskjell. kutt opp paprika i passande bitar og steik den i ei steikepanne med litt olje og salt og pepper.

kutt små tomater i halve.

ta paprika og spaghetti i ei gryte og tilsett salt, pepper, pesto, kesam, hakka tomater, feta- og vanlig ost, sett den på svak varme og rør med noko som ikkje skjærer opp pastaen(ein kan gjerne bruka andre typar pasta, penne er sikkert veldig fin fordi den har riller og da vil osten setta seg fast til den og få fin konsistens). så smakar ein til med basilikum

ha alt på fine tallerkenar og tomater på toppen! det er superlett å variere, og eg kan tenka meg at det er supergodt å tilsetta ein lauk, kanskje vårlauk, kanskje små potetbitar, kanskje gul paprika, kanskje litt lime. berre ikkje ver redde. og ikkje svi ting. det går bra, lovar.
eg vil skriva meir om mat, så om eg ikkje har gjort det på ei stund kan de få skriva "men mariell du lovte" også gjer eg det. okei? og det er ikkje ei ny trend med eit innlegg for dagen, eg berre jobbar så mykje og er litt lite inspirert. også er det sol. og sånn. men eg har dykk i hovudet alltid altså, ikkje gløym det. supersussar til alle.

my easy peasy pasta!


kok pasta i salt. det er viktig å bruka friskt, kaldt vatn og ikkje juksa ved å bruka varmt. eg anar ikkje kvifor, men eg merkar forskjell. kutt opp paprika i passande bitar og steik den i ei steikepanne med litt olje og salt og pepper.

kutt små tomater i halve.

ta paprika og spaghetti i ei gryte og tilsett salt, pepper, pesto, kesam, hakka tomater, feta- og vanlig ost, sett den på svak varme og rør med noko som ikkje skjærer opp pastaen(ein kan gjerne bruka andre typar pasta, penne er sikkert veldig fin fordi den har riller og da vil osten setta seg fast til den og få fin konsistens). så smakar ein til med basilikum

ha alt på fine tallerkenar og tomater på toppen! det er superlett å variere, og eg kan tenka meg at det er supergodt å tilsetta ein lauk, kanskje vårlauk, kanskje små potetbitar, kanskje gul paprika, kanskje litt lime. berre ikkje ver redde. og ikkje svi ting. det går bra, lovar.
eg vil skriva meir om mat, så om eg ikkje har gjort det på ei stund kan de få skriva "men mariell du lovte" også gjer eg det. okei? og det er ikkje ei ny trend med eit innlegg for dagen, eg berre jobbar så mykje og er litt lite inspirert. også er det sol. og sånn. men eg har dykk i hovudet alltid altså, ikkje gløym det. supersussar til alle.

my easy peasy pasta!
toalettveska mi.

toalettveska mi har eg kjøpt i amsterdam, og den er heilt perfekt. den er rosa og rommar akkurat alt eg treng å ha med meg.

eg elskar mac sine leppestiftar, og dei eg brukar mest heiter lustre og ruby woo.

av rouge brukar eg ein fra body shop som heiter roseflower blush fuschia, den finst ikkje på body shop lenger, eg kjøper mine på ebay. den fra mac heiter dollymix og den brukar eg når det trengs med ekstra ekstra rosa.

til augene brukar eg kun tre ting: ein kvit eyeliner fra mac, den får augene til å sjå heilt merkelig store ut, eyelineren min er fra l'oreal og heiter super liner carbon gloss, og av mascara brukar eg false lash effect.

og for tida brukar eg lola-parfymen fra marc jacobs, flaska er så fin så den får stå i hylla egentlig.

in my makeup-bag: two lipsticks from mac(lustre and ruby woo), two blushes(fuschia from body shop and dollymix from mac), a white eyeliner from mac, liquid eyeliner from l'oreal called super liner carbon gloss, and false lash effect mascara from maxfactor. my perfume at the moment is lola by marc jacobs.
laurdag.

min laurdag starta med salat til frukost i senga.

så tusla me ut for å møta linn som trengte ein pause fra skrivesperre.

me åt is på gelateria. eg hadde nougat og kokos, og me fant ut at linn var ei jordbærjente, sånt er viktig å vita.

me gjekk på steen og strøm, der fekk alle pyttesmå boksar med cola light.

så fulgte linn oss heim med sin fine sykkel.

eg vaska klede i vasken og hang dei til tørk.


imens lærte han der fine to tie a bow tie med youtube. finaste.

eg laga middag som var crispy chicken, og me snakka om kor fint det er at kjøttet blir heilt kvitt når ein steiker det i ovn.

etter middag laga eg bjørnebærostekake som var fantastisk god. så kom folk på fest, og det var sånn:

ina likte poteter.

det var ostekake, peppermint ginger chew, den svenske kongefamilien.

og linn og venninna med prikkete jumpsuit som dansa.

og lure janne.

og hedvig og kjæreste simon.

og sara med hjarte + venner.

og dette var mitt fjes for anledningen. og sara satte tennene i hovudet mitt.

dette er simen og han lignar så sjukt på jason schwartzman!!!

og alle satt på golvet for det var ikkje plass til stolar. eg og janne rappa eminem.

kake nummer to kom klokka to.

og nattmat klokka fire.

på det tidspunktet låg folk på golvet.

og strømpebuksene var revna. så da gjekk folk heim og me stupte i seng. fantastisk fin laurdag! no føler eg eit slags jet-lag i hovudet og det kan jo vera fint om ein får ligga under dyna. uten strømpebukser.
hadde de fine laurdagar?

my saturday was very long and contained a salad breakfast, ice cream for lunch, cheese cake, my boyfriend learning how to tie a bow tie, a lot of people over for his birthday party, chocolate cake at two and sausages and potatoes at four, laughing and drinking and having a very good time.
langfredag.

i går møtte eg ina utanfor uff underground for litt pirking og prating. eg åt ein kjempeklump til frukost.

etter eg hadde kjøpt ein kjole eg ikkje heilt veit om eg vil ha reiste me på nationaltheateret der det var førpremiere på blodig alvor, supermorsom.

eg rakk å ta to bilder av ina hvorav dette er det eine. eg trur ho snakka om kor heit mads ousdal er.

eg kjøpte blomster på stortorvet og trikka heim til han der fine. sovna på sofaen og drømte om ina og skreik.

så tusla me bort på villa paradiso der søskena til han der fine pluss familiar venta på oss for å feira purstagen hans.

før middag brukte jostein og åsmund tida til å sjå ein blindtarmsoperasjon på iphone.

eg fekk pizza.

og den var god.

me bestilte tiramisu til dessert og dei hadde fiksa med fyrverkeri! hurra!

så han vart fin og flau.

tiramisuen var heilt fantastisk og alle bør reisa dit for å eta den. her er ei halv ragnhild(søster) og jostein(søsterkjæreste).

og lille tiril fekk pin-up og ikkje berre ein men to.

så var det takk for mat og eg tenkte "dette er eit fint bilde" også knuste eg ei vinflaske og sa at det er ikkje fest før nokon knuser noko og det var alle enige i.

me gjekk opp på alexander kiellands plass der ragnhild og jostein bur.

med play-dough!!! og eit sånt bord vil eg ha når eg blir voksen.

han der fine laga snømann.

og tiril laga ein slange som smiler.

så snurra me litt i stolar.

med tiril og lille sigurd oppi.

og tiril fekk ta bilder av dreadsonkel.

så gjekk me heim hånd i hånd og laga jordbærsmoothie mens me såg skavlan og kosa kosa kosa.
i dag har han der fine purstag og derfor er eg ganske så glad!

my friday was very long; going dress shopping, going to the theatre, going to meet my boyfriend's family for his birthday dinner, and then smoothies in bed.
magiske torsdagar.
i går, etter eg fikk han der fine brent ned i håndleddet sa eg hadet til sara som var støttekontakt, og hei til christine og øl.

me kjøpte påskesnop på halv pris og tenkte at torsdagar er fine dagar å drikka taxfree-malibu på.

så det gjorde me. og christine stakk av med fuglen min.

for dei vart bestisar.

me ringte til alle men ingen tok telefonen og da må ein heller legga igjen morsomme telefonsvarmeldingar.


og eg var kry for tatoveringen min og christine snakka om reisa ho skal ut på fra august av og det var så fantastisk fordi det var akkurat som før, som videregåande og det er sånn det skal vera. hadde de magiske torsdagar?

my thursday was: getting a tattoo, then meeting up my best friend christine who i don't get to see a lot, we got drunk and talked about everything we could find time to.

me kjøpte påskesnop på halv pris og tenkte at torsdagar er fine dagar å drikka taxfree-malibu på.

så det gjorde me. og christine stakk av med fuglen min.

for dei vart bestisar.

me ringte til alle men ingen tok telefonen og da må ein heller legga igjen morsomme telefonsvarmeldingar.


og eg var kry for tatoveringen min og christine snakka om reisa ho skal ut på fra august av og det var så fantastisk fordi det var akkurat som før, som videregåande og det er sånn det skal vera. hadde de magiske torsdagar?

my thursday was: getting a tattoo, then meeting up my best friend christine who i don't get to see a lot, we got drunk and talked about everything we could find time to.
hjarte.

i dag gjorde eg noko eg aldri har gjort før. det var ei purstagsgave til han der fine(som har purstag laurdag), og han fekk pakka opp armen min med raudt silkebånd. kva seier de? er den godkjent?

i got my first tattoo today, a heart on my wrist as a birthday gift for my boyfriend's twentieth birthday on saturday.
draum.



vakna ein morgon med ein penn i hånda og på armen min stod det "ho smakar kirsebær" og alt eg kunne hugsa var klamme kvite laken og mjukt morgonlys, blåbærblå på fingertuppane og lukta av gras langst bak i ganen. drøymer du?

one morning i woke up and had written on my arm "she tastes like cherries", remembering a dream between sheets in the morning, blueberry stains on my fingertips and the tast of grass in my mouth.
i broke a date with a daydream to come here.
på bussen til oslo i går såg eg i am sam, som eg har venta med å sjå i
mange år av rare grunnar. og her.re.gud. filmen handlar om autistiske sam som er pappa til lucy diamond. den tok mange år å laga fordi produsentane satte seg sånn inn i autisme og psykiske funksjonshemmingar over veldig lang tid, og det kjenner ein i magen når ein ser filmen.








lucy: why are men bald?
joe: do we get a balloon with these?
shoe salesman: ...yeah
robert: all of us or just her?


rita: can you grasp the concept of manipulating the truth... not lying, just a little tweak here and there?
sam: [thinks for a few seconds] no.




lucy: all you need is love.









eg vil som vanlig ikkje sei så mykje fordi eg vil at de skal sjå den, sjølvsagt, men ein ting kan eg sei: det er ein av dei varmaste vakraste finaste mest rørande sterkaste filmane eg nokon gong har sett.








lucy: why are men bald?
sam: sometimes they're bald because their head is shiny and they don't have
hair on it. so their head is just more of their face.
joe: do we get a balloon with these?
shoe salesman: ...yeah
robert: all of us or just her?


rita: can you grasp the concept of manipulating the truth... not lying, just a little tweak here and there?
sam: [thinks for a few seconds] no.




lucy: all you need is love.









eg vil som vanlig ikkje sei så mykje fordi eg vil at de skal sjå den, sjølvsagt, men ein ting kan eg sei: det er ein av dei varmaste vakraste finaste mest rørande sterkaste filmane eg nokon gong har sett.

i saw i am sam on the bus last night and it is such an amazing film.
letters.
ei påske.

min påske starta med makronar, sidan eg satt med denne boksen i fanget heile vegen heim fra oslo.

midt imellom var det mat. mat mat mat til magen sprenger også litt til. lam er min favoritt og derfor likar eg påsken.


og til sist var påsken barnehender og hyttetur. no er eg utpåska og gler meg til å komma tilbake til byen. men først bestemor og suss og kos.
hadde de fine påskeferiar?

my easter begun with macarons, then to a whole lot of food and ended with children's hands and staying inside when everyone else wanted to ski.
to ting.

veldig ofte får eg spørsmål her der folk skriv "dette har ikkje noko med dette innlegget å gjera, men [fyll inn spørsmål her]." folk er nysjerrige og eg syns det er ganske så fint så derfor har eg laga ei formspring-side der de kan skriva inn alle spørsmål de måtte ha, heilt anonymt også svarar eg der. berre så de veit.
clean white love.

kjelde
eg håpar alle har ei fantastisk fin påskeaftan, her har de ei fin vårspeleliste: clean white love. og ps: eg laga ei collaborative playlist, det vil seie at alle kan legga den til i sine spelelister også kan alle som har den spelelista legge til musikk! så legg ut dei finaste songane de veit om her: hit me.

first link: my new playlist, second link: a collaborative playlist.
fra min inspirasjonsperm.
eg har ein blåblomstra perm som snart er heilt full av plastlommer. kanskje ein gang i månaden finn eg fram alle mine nye magasin og skalpell, så skjærer eg ut alt som er verdt å ta vare på. eg tar vare på reisetips og oppskrifter, men mest av alt er det jo foto som er fint å ha. her er pyttepyttelitt av min store fine perm(og om de likar det så kanskje eg legg ut fleire):

camilla åkrans




hedi slimane



tim walker


åsa tällgård



monica menez
eg har merka at de har tatt litt ferie, så da gjer eg det pyttelitt óg. eg håpar de ser mykje krim og leser masse bøker og blir inspirerte og inspirerar kvarandre. suss!

a peek into my inspiration folder.

camilla åkrans




hedi slimane



tim walker


åsa tällgård



monica menez
eg har merka at de har tatt litt ferie, så da gjer eg det pyttelitt óg. eg håpar de ser mykje krim og leser masse bøker og blir inspirerte og inspirerar kvarandre. suss!

a peek into my inspiration folder.
ting eg vil at skal skje no no no eller kanskje i morgon.
<3 magasinet er ferdig og på sleppfesten skjer det eit sånt sekund der lyden er så høg og ein er akkurat passe berusa så at alt blir heilt stille og ein står stille midt i rommet og berre smiler og høyrer ikkje noko før han kyssar meg i nakken og seier at me klarte det.
<3 eg har ring på fingeren og me planlegg at alt skal vera rosa og grønt, med snop i store glasskåler med tunge lokk på og fine drinkar med fine navn, og prøver flaske på flaske med champagne og føler oss litt kongelige.
<3 me får dilla på chaplin og ser alt me kan få tak i og veit aldri kor mykje klokka er og gløymer å eta.
<3 drikka sju flasker kvitvin med sara og julie til klokka er fem om morgonen og ein kan gå ut for det er lyst, også springa gjennom sofienbergparken med kvit strømpebukse og utan sko med tepper som kappe og ein kan lata som byen berre er vår. sovna i graset og våkna til at folk køyrer på jobb også eta frukost på taket.
<3 snakka om: folk som ser ut som bilane og/eller hundane sine, å reisa til new york for første gong, om å flytta til london, om å føla seg klar. og le av dei voksne.
<3 ta toget gjennom frankrike, stoppa ein plass der det passar oss, kanskje det er navnet som gjer det, berre det er fransk nok, ta inn på eit lite hotell med smale gangar og skitne bad. bruka alle pengane på vin og croissants og vera kjempestolte når me klarar å bestilla utan at dei skjønnar at me ikkje er derfra.
<3 me har akkurat nok pengar til å kjøpa sju forskjellige typar sprit og brukar ei veke på å læra oss å laga forskjellige drinkar, stadig berusa, stadig smilande.
<3 invitera dei finaste me veit på taket, baka tusen pizza med kvit saus, akkurat passe mykje kvitlauk og valnøtter og når me et er det heilt stille heilt til ei latterkrampe bryt ut.
og om alt vart kasta i ein blender skulle det følast sånn:





things i want to happen right now or maybe tomorrow: take the train through france and only getting off when we found a place with a name we like, watch all there is of chaplin and forgetting to eat for days, plan our wedding to be pink and green, drink a whole lot of wine until it's morning and we fall asleep in a park.
<3 eg har ring på fingeren og me planlegg at alt skal vera rosa og grønt, med snop i store glasskåler med tunge lokk på og fine drinkar med fine navn, og prøver flaske på flaske med champagne og føler oss litt kongelige.
<3 me får dilla på chaplin og ser alt me kan få tak i og veit aldri kor mykje klokka er og gløymer å eta.
<3 drikka sju flasker kvitvin med sara og julie til klokka er fem om morgonen og ein kan gå ut for det er lyst, også springa gjennom sofienbergparken med kvit strømpebukse og utan sko med tepper som kappe og ein kan lata som byen berre er vår. sovna i graset og våkna til at folk køyrer på jobb også eta frukost på taket.
<3 snakka om: folk som ser ut som bilane og/eller hundane sine, å reisa til new york for første gong, om å flytta til london, om å føla seg klar. og le av dei voksne.
<3 ta toget gjennom frankrike, stoppa ein plass der det passar oss, kanskje det er navnet som gjer det, berre det er fransk nok, ta inn på eit lite hotell med smale gangar og skitne bad. bruka alle pengane på vin og croissants og vera kjempestolte når me klarar å bestilla utan at dei skjønnar at me ikkje er derfra.
<3 me har akkurat nok pengar til å kjøpa sju forskjellige typar sprit og brukar ei veke på å læra oss å laga forskjellige drinkar, stadig berusa, stadig smilande.
<3 invitera dei finaste me veit på taket, baka tusen pizza med kvit saus, akkurat passe mykje kvitlauk og valnøtter og når me et er det heilt stille heilt til ei latterkrampe bryt ut.
og om alt vart kasta i ein blender skulle det følast sånn:





things i want to happen right now or maybe tomorrow: take the train through france and only getting off when we found a place with a name we like, watch all there is of chaplin and forgetting to eat for days, plan our wedding to be pink and green, drink a whole lot of wine until it's morning and we fall asleep in a park.































