rosa.

balloons(gif).

eg har ein venn som er så fin som heiter sara, som ringer fra parken og seier sjå ut vindauget også står ho der med bursdagsballongar som heng heilt oppunder taket og gjer dagane litt mindre vanskelige(no heng dei i dusjen fordi den eine sprakk og lyden var så høg men dei gjer seg bra i dusjen óg). akkurat no har eg ein perfekt lat laurdag med masse magasinjobbing og csi:ny. i kveld feirar eg bursdagen min og magasinet samtidig, det blir heilt fantastisk fint!



my friend sara called me from the park and said look out the window!!! and there she was with birthday balloons for me. <3 they're high up under the ceiling. tonight i'm celebrating both my birthday and the magazine, i'm very much looking forward to it.


baby.

the magazine.

i dag kom magasinet, nummer tre, parisutgåva, mitt tredje barn. eg er så stolt og så glad og så kry! det er heilt fantastisk, akkurat som eg ville ha det og enda bedre enn det. ingenting føles så bra som å føla at ein virkelig har jobba hardt med noko også blir det skikkelig bra. eg har 27 kassar fylt med gode kjensler i leiligheten min no. det er trangt men føles ganske så trygt egentlig. HURRA!

om det er nokon som lurer på kven det er som er med denne gongen, kjem ei lita liste her: victoria durnak, nanó wallenius, anna malmberg, bjørn sortland, julie pike, maja casablancas, ingrid rognstad, charlotte boeyden, lisa lindøe og eit par andre fine personar. i pariskapittelet bidreg alle vennene som var i paris for å besøka meg, samt derek som eg budde med og ein del personlige tekstar som eg har skrive(både fiksjon og ikkje). i tillegg er det jo ein fantastisk paris-guide som tar ein med inn i ei fantastisk parisboble ein kanskje aldri vil ut av.

no syns eg at de skal bestilla til fingrane blør, og om de er redde for å bestilla og bur i oslo så er det allereie til salgs hos balanzera i sofienberggt., også er det i salg dei andre plassane neste veke! (altså tronsmo & frøken dianas i oslo, kostym i bergen og pryd(mercur) i trondheim)


today the magazine came! i'm so so happy and proud, it's amazing and just the way i wanted it to be. it feels so good to have worked so hard at something that turns out this great. so now i have 27 boxes of warm fuzzy feelings in my apartment. it's kindof crowded but it feels safe in some way. YAY!


rhea thierstein.

som superfan av tim walker er eg alltid på leit etter nye måtar og personar å sjå kunsten hans gjennom. ad'ar, sminkørar, modellar. og no: rhea thierstein. ho jobba under shona heath(ho er tim walker sin fantastiske set designer som i like stor grad som han har skapt stilen hans) i fire år, men har sidan det gjort heilt sinnsjuke fantastiske prosjekt på eigen hand, til dømes er ho art director for tim walker sin nye film, the lost explorer. <3 ho har óg jobba ein del andre prosjekt med tim walker, eg er spesielt fan av desse bilda for italienske vogue:



åh, det er så fint at eg spyr. blir heilt sjukt inspirert. rhea har til og med ein blogg der ho dokumenterar fotoshootane sine og inviterar oss med behind the scenes for til dømes tim walker-fotograferingane, den kan de sjå her.




as a huge tim walker fan, i'm constantly looking for new ways and people to view his art through. years ago, it was an epiphany to me when i found shona heath was the person behind his amazing set designs. and now i've discovered rhea thierstein. she worked under shona heath for four years but has moved on to her own projects, such as art directing tim walker's new film, the lost explorer. i particularly like these shots from italian vogue(by tim walker). it inspires me so so much! she also blogs behind the scenes from her productions, including tim walker shoots, blog here.


bra i dag.


dette skapet fra ikea.


dette bildet av richard avedon.


denne kjolen fra dior.


denne serien av tim walker.





denne illustrasjonen av maira kalman.



og denne av bella foster.



kva syns de er bra i dag?




these are things that i like today: ikea's dream closet. avedon. dior dress. tim walker photo. and illustrations by maira kalman and bella foster.





påske.

eastereastereastereastereastereastereastereastereastereastereastereastereastereastereastereastereaster

påsken i år var først bypåske, så mamma&pappa-påske, hyttepåske, lærdalspåske. med food story-frukost, bursdagsfeiring, spelekveldar, kyss, klapp og klem langs elva. no er eg tilbake i oslo og det føles skikkelig bra. i dag skal eg skriva hundrevis av navn på konvoluttar og pakka ut. typisk tysdag.




this easter has been a lot of things at the same time, i'm back in oslo now and today i'm going to write hundreds of names on envelopes(for the magazines!) and unpack.



i was a daisy fresh girl and look what you've done to me.

lolita.lolita.lolita.lolita.lolita.lolita.lolita.lolita.lolita.lolita.lolita.lolita.lolita.lolita.lolita.lolita.lolita.lolita.lolita

i påska har eg blant anna sett lolita fra 1997. den er heilt fantastisk, og de burde sjå den sjølv om den er ubehagelig og vond og jævlig for den er skikkelig bra. og boka er enda bedre, ein av mine favorittar og ein klassikar sjølvsagt.




i've seen lolita this easter, from 97. it's so so amazing.


tjueein.

no er eg tjueein, det føles omtrent som eg hadde trudd. det er eit år minus ein dag til eg blir tjueto. rett etter eg blir tjueto blir eg gift med han som eg elskar, så dette er mitt siste år som ugift og uvoksen(neida tulla). men før eg blir tjueto skal eg gjera masse bra og masse dumme greier, som til dømes:

senda ut cirka tusen magasin med fortversjon av snirkleskrift på konvoluttane.

kjøpa ny blender som er vass/himmel-blå som lagar frozen margaritas og milkshakes og smoothies og som dessuten er fin og får stå på disken.

søka jobbar i london som eg syns er litt skumle og har så sjukt lyst på men leika tøff som om ingenting gjer noko som helst om eg ikkje får den.

reisa på toget til stockholm, shoppa kjolar, eta lakrisis og invitera meg sjølv til middag med ein rødtopp som eg likar også ta toget tilbake.

ligga heile dagar i parken, lesa magasin eller berre sjå på bildene.

selga halvparten eller meir av tinga mine, til venner og fine blogglesarar, fordi alt ikkje kan bli med til london.

læra meg å laga nye drinkar, nye franske ord og perfeksjonera sjokolademoussen min.

klina. i oslo i lærdal i årdal i førde i stockholm i london i paris og kanskje andre plassar.

reisa til london for å sjå på leilighetar og føla at dette er for skummelt men så gjer me det likevel.

laga beste clara si perfekte gulrotkake.

fotografera tre sommarbryllup og ha på meg den beste rosa kakekjolen som finst og sekstitalskrøller.

bestilla kanskje femti papirpompongar fra etsy.

flytta til london med synne og han der fine under kvar sin arm og prøva å pusta med magen.

laga eit fantastisk magasin nummer fire.

kanskje flytta bloggen til ein bedre og finare plass.

få mine beste personar på besøk til min nye by og visa dei alt som eg har lært.

feira nyttår i hackney og føla meg veldig voksen når eg steiker min første kalkun.

planlegga bryllup til eg blir blå i ansiktet.


og ca ein million andre ting som eg ikkje eingong veit enda, for eit eventyr dette året blir. 21 altså.



i'm 21 now, and next year i'll be 22 but before that i'm going to: send out about thousand magazines in the mail. buy a new water/sky blue blender and make frozen margaritas. apply for jobs in london. take the train to stockholm. make out. sell a lot of my stuff before the move. photograph three summer weddings with sixties curls in my hair. move to london and make magazine number four. celebrate new year's in hackney and feel very grown up when i make my first turkey dinner. plan my own wedding until my face turns blue.



21.



i dag har eg bursdag, min favorittdag i heile året!!! eg er heime med mamma og pappa og han der fine og søster og hund og rundt meg blir det laga kaker og steikt lammelår(min favorittmat i heile heile verda). eg har lege på magen i senga og sett film og fått frukost på senga og klemmar i massevis. eg er ei bursdagsprinsesse(/diva).

 


today is my birthday!!! i'm at home with my family and j and i'm a very happy camper! my mom is baking cakes and cooking lamb(my favorite!!!).


fint på ein fredag.






tapetar fra scalamandre.










tim walker sine fantastiske nye bilder.



desse koppane fra citta design.





jenny bowers sine illustrasjonar.


zooey deschanel i brillereklame.



nettbutikken minimega. dei har papirsugerør og sirkusnotatbøker.



these are good things on a friday.


sabrina.

sabrina.sabrina.sabrina.sabrina.sabrina.sabrina.sabrina.sabrina.sabrina.sabrina.sabrina.sabrina.sabrina.sabrina.sabrina.sabrina.sabrina.sabrina.sabrina.sabrina.sabrina.sabrina.sabrina.sabrina.

 

eg elskar audrey hepburn. eg elskar humphrey bogart. forrige laurdag hadde eg og han der fine matinée-visning av sabrina i senga. me åt knekkebrød og drakk te og smilte av at humphrey er så kjekk og audrey er så vakker. ingenting er som femtitals svartkvit kjærleik. eg pleide å tenka at gamle filmar var så seriøse og at ingenting var morsomt, men no velger eg femtitalet over 2012 kva dag som helst. film var definitivt bedre før.




last weekend j and i had a matinée viewing of sabrina in bed. oh, audrey and humphrey! <3


i do.

eg er veldig i bryllupsmodus for tida, sidan han der fine si søster skal gifta seg straks og eg skal fotografera tre bryllup i sommar så kastar eg meg inn i verda der alt er mjukt og varmt og pastell og kvitt og glade fjes. sjølvsagt tenkjer eg ekstremt mykje på mitt eige bryllup da óg, neste vår/sommar, og til mitt syns eg at dette er perfekt:






kjelde.





kjelde.






i'm in wedding mode these days, as j's sister is getting married and i have three weddings to photograph this summer! it also, of course, makes me think about my wedding a lot, and i think these pictures are just perfect.


sånt som eg tenkjer litt ekstra på akkurat no.

june davis
ting som er så små at dei passar perfekt i håndflata og til å gøyma i undertøyet.

11_16

alt som er rosa og blomstrar i april/mai.

.

bursdagen min, som er på laurdag. for meg er bursdag den beste dagen i året og eg latar som ingen andre har bursdag på min dag. eg skal feira med familien min og han der fine og det blir det beste.

breakfast

egg til frukost. lunsj. middag. nattmat. eg elskar egg og har hangup på egg akkurat no. posjerte, steikte, kokte, omelett, ovnsform, saus. alt.

å tenka på mitt kommande sommareventyr. eg og han der fine skal bu på gården til familien hans heile sommaren lang, i vårt eige hus. me skal eta jordbær til frukost og lesa bøker og senda ut magasin som om det var det einaste me hadde gjort i livet. også skal me reisa til london for å sjå på leilighet, for i august så flyttar me jo over havet.



kva tenkjer de litt ekstra på akkurat no?




my current obsessions are: teeny tiny things that fit in the palm of your hands, things that are pink and blossom in april/may, my birthday(which is on saturday, my favorite holiday), eggs(breakfast lunch dinner snack, boiled, poached, fried, scrambled) and my upcoming summer adventure(eating strawberries for breakfast and reading books and just being m+j for two months on his family's farm).


heimeside.





akkurat no så jobbar eg med litt forskjellige ting, deriblant så triksar eg heimesider for litt andre personar men óg, endelig, for magasinet! tippar den blir ferdig i påska, i mellomtiden tenkte eg å sei ifra om at eg meir enn gjerne tar på meg heimesideoppdrag om det finst nokon flotte kreative menneske der ute som sårt skulle hatt ei heimeside. de kan senda meg mail på mariell.oyre@gmail.com om de vil. suss.




i'm working on the magazine's homepage right now, and i'm just stopping by to say that i finally have time to make homepages for other people again as well. so, if you're interested, mail me at mariell.oyre@gmail.com.


framside.



no tenkte eg at det var på tide at de fekk sjå framsida til hjartemagasinet #3. den er så fin at eg begynte å grina når eg såg den. som eg gler meg til den kjem fra trykkeriet. åh.



introducing: the cover of heart magazine #3!


ville berre sei hei.

GIF.

 

hei.

 

 


just wanted to say hi! hi!


elie saab.



om det ikkje hadde vore for at eg er så fast bestemt på å kjøpa ein vintage 50's prom dress som bryllupskjole så hadde eg nok kanskje sikla etter denne kjolen akkurat no. i dagdraumar kan ein jo ha på seg det ein vil uansett, og der er eg ganske fin i denne.




i'm very determined to find a vintage fifties dress for my wedding, but if i hadn't been then i probably would be all over this dress right now. i'm wearing it in my dreams, and i look great.


peanøtter & pannekaker.

thursday.thursday.thursday.thursday.thursday.thursday.thursday.thursday.thursday.thursday.thursday.thursday.thursday.thursday.thursday.thursday.thursday.thursday.

i går hadde eg ein så sinnsjukt bra dag. våkna av å ha ingenting å gjera, ingen deadline ingenting. åt frukost på food story med to av mine beste personar, eg fekk blåbærpannekaker og fekk godvondt i augene av sola. så gjekk me på vintagerunde på grünerløkka og eg kjøpte ein kjole på velouria. så gjekk eg heim for å jobba litt og då han der fine kom inn igjen skifta eg til nye kjolen min også åt me peanøtter og snakka om london i sofaen. han laga kaffe til meg og hadde på ein termos for eg skulle ut og møte kaija på olaf ryes plass. me satt på ein benk og drakk kaffe og snakka i ein liten time og når eg kom heim dreiv han på med middag som me åt saman med proseccorestar og to episodar av community.




yesterday was such a great day. i woke up with nothing to do and no deadline. i ate breakfast at food story with two of my favorite people, blueberry pancakes and sun in my eyes. we went vintageshopping at grünerløkka and i bought a dress. when we came back home i slipped into my new dress, and we ate peanuts and talked about london. he made me a thermos of coffee to go, to a bench at olaf ryes plass where i sat with kaija for about an hour just talking in the sun. when i came home he was making dinner which we ate with leftover prosecco and two episodes of community.


hardly more than ever.








for kanskje eit år sidan bladde eg gjennom eit magasin då eg såg nokre heilt fantastiske still life-bilder av laura letinsky og vart umiddelbart forelska og litt flau over at eg hadde ledd høgt av still life-sjangeren heile livet. laura letinsky tar bilder av råtnande matrestar, servise, plastbitar og kvite laken. ho brukar eit analogt storformatkamera for å fanga intimitet og menneskelige forhold etter dei har skjedd, sånn som det faktisk er. kvardagslig. ho har i alle fall fått meg til å få augene opp for sånt som eg legg igjen etter meg, etter oss, og kva det fortel om oss. ganske så fint. fantastisk, fantastisk, fantastisk lys.





in the last year or so i have become more and more fascinated by still life photographer laura letinsky. she photographs decaying food, used plates and utensils, plastic, white sheets. she uses an analogue large format camera to capture intimacy and people's presence through things they leave behind. she's an absolute hero of mine when it comes to using light as well.


prosecco og paradise.

done.done.done.done.done.done.done.done.

denne veka har vore prega av kaos og stress med magasindeadline i går, men samtidig har eg fått vore med fine venner og tatt meg tid til anna fint. mandag kveld åt eg niste han der fine hadde laga, og laga bursdagskake hos heidi og caroline medan caroline gjorde viktige grafiske greier med magasinet(veit ikkje kva eg skulle gjort uten ho), me knepra på framsida og då eg såg det ferdige resultatet begynte eg å grina. tysdag hadde caroline bursdag og me feira ho på mekken med mat og sang og øl. i går, etter magasinet var levert og leiligheten var ordna litt opp, kom mikla for å henga med oss. mina kom med takeaway thai og rosé-prosecco og janne & fredrik og til sist synne som kjem nesten kvar kveld for å sjå paradise hotel(min største guilty pleasure, elskar det).



this week has been crazy stressful and chaotic with the magazine deadline(yesterday), but i've stil been able to be around people i love and taken time to do other things besides the magazine. on monday i made cake with heidi & caroline(caroline handles the graphic business) and when i saw the cover caroline had made i cried(from relief and just being so happy about it). on tuesday it was caroline's birthday and we celebrated with food and singing and beer. yesterday i finished the magazine and celebrated with some lovely people and a dog.


hjartemagasinet.










magasinet er på veg til å ta endelig form, det er så magisk kvar gong det skjer og eg samanlignar det ofte med å føda. eg og caroline sat i mange mange timar i går for å gjera det heilt perfekt, og no syns eg det er så fint at eg vil eta det opp og bruka det som pute når eg ligg i senga og fantaserer om paris, på om alt berre var eit eventyr om ein heilt annan person liksom.

men no, folkens! no syns eg at de skal bestilla til fingrane blør for i morgon sender eg magasinet til trykkeriet! eg har måtta ta hensyn til at eg faktisk flyttar til eit anna land til hausten og ikkje har mulighet til å ta med meg kassar fulle av magasin til england, og opplaget er deretter, så eg vil anbefala at dei som har lyst på magasinet bestiller det snart. alle plassane der det har vorte solgt utanfor internett vil óg selga nummer tre, så om de heller vil venta og kjøpa det på ein utsalgsstad, så er det jo berre å tvinna tomlar imens.

de bestiller i menyen til høgre på hovudsida. klikk her for å komma dit! suss, de er best.



yesterday caroline and i worked at the magazine for hours and hours and tomorrow morning it will be sent to the printers office!!! so if you want a copy i would advise you to order one now as i haven't ordered too many compared to last issue(which sold out).


kaffe & kake.

weekend.weekend.weekend.weekend.weekend.weekend.weekend.weekend.

me har hatt helg på grünerløkka, som for vår del har betydd å isolera seg fra alt som heiter sosialliv for å jobba jobba jobba som flinke kaniner. fredag drakk eg og han der fine uteavhuset-kaffe på tim wendelboe, beste kaffe i heile oslo lovar eg, og det var så ufattelig flott lys der. synne kom på sløv salat til middag og me snakka om london og hadde litt pirr i magen. laurdag krølla eg håret i sekstitalskrøller, så hadde me maja og lars her på pizza, me var slække og trøtte, drakk vin og bladde i magasin og eg gjorde planar for neste nummer(lars er grafisk designer så eg fekk bombardere han med spørsmål om papir og glitter og sånt). og i går hadde han der fine bursdag, fredrik+frøy kom på fantastisk overraskelsessynging med roser bak ryggen, så gjekk me til ragnhild og jostein på ostekake, cupcakes og kaffe og me planla bryllup(deira, ikkje vårt) og var glade. så krampejobba me til natt vart dag og det var den helga.




this weekend we've been so insanely busy, both j and i. on friday, we went for coffee at tim wendelboe, the best coffee in oslo. in the evening synne came over to eat dinner and talk about london. on saturday, maja & lars were here, we ate pizza and drank wine and we flipped through some magazines. yesterday it was j's birthday, we had a surprise singing visit by fredrik and frøy(with roses!), then we walked to j's sister's apartment for cake and coffee and wedding planning(theirs, not ours). then we worked until we collapsed in bed.


!!!

 no skal de få vita noko som har vore ein brennande superhemmelighet. eg og han der fine feira med champagne i paris og kniste under lakenet og ingen måtte få vita det men no kan eg endelig sei det så høgt eg berre vil; i dag offentliggjorde endelig styret i noregs mållag at eg vann eit stipend på 50.000 kroner til å halde fram med å blogga og laga magasinet og spre nynorsken som eg gjer. det føles heilt fantastisk å få ei sånn anerkjenning fra eit så stort nynorskorgan og eg er så stolt og glad og takksam.

eg syns det passar fint å takka litt her óg. først og fremst vil eg takka noregs mållag for at dei trur på meg og tør å satsa på meg på ein sånn måte. så vil eg takka vidar høviskeland for støtta og tilliten han og lnk har vist meg og magasinet heilt frå starten av. frode grytten for at han hjalp meg med å løfta søknaden min, for at han skriv så fine mails og for den enorme inspirasjonen han har gitt og framleis gir meg. og alle andre menneske som har vist meg støtte gjennom mine tre år med blogging og fått meg til å føla at det eg gjer for nynorsken er skikkelig skikkelig bra.




today i received a grant from the norwegian language society, 50.000 kroner for the magazine and the blog and it feels oh so amazing.


fuglar på frogner.

tea and birds.tea and birds.tea and birds.tea and birds.tea and birds.tea and birds.tea and birds.tea and birds.tea and birds.tea and birds.tea and birds.tea and birds.tea and birds.

på torsdag vart eg og han der fine kriseinnkalla til te&muffins hos mariann på frogner. ho hadde ein heilt sinnsjukt flott leilighet med tjue fuglar og ein hund og muffins som smaka karamell og kanel. me måtte fanga ein fugl før maten, bladde i magasin og snakka om mitt, for mariann reiser til paris i morgon for å fotografera for meg. så kom hedvig og det var så fint for eg hadde ikkje sett ho på heilt sjukt lenge. så reiste me heim for å krisejobba og pusta med magen for no er det ikkje lenge før.

 


on thursday i got an emergency call from mariann so we immidiately got on the tram to frogner where she had made muffins and tea. we talked about magazines and looked at the birds.


magasinlivet.




her i magasinland så skjer det ikkje så veldig mykje, men eg tenkte at de likevel skulle få sjå litt. kva seier de? de kan bestilla i menyen til høgre, om de vil.


all day everyday is indesign and photoshop. magazine land.


pizza.

pizza

helst ser eg at han der fine lagar pizza ein gong i veka, helst laurdag eller fredag og medan eg høyrer på seksitalsjazz, drikk raudvin og jobbar og me snakkar om livet og om veka me har hatt. han lagar ein heilt sinnsjukt bra pizza, gong på gong på gong, og det er så mange som har spurt så her kjem det: han der fine si pizzaoppskrift(den lagar to langpannepizza med tynn botn):


deig

3-4 dl mjøl(vanlig kveitemjøl eller fancy pizzamjøl)
3 ss god olivenolje
10 gram tørrgjær
1,5 dl vatn
1 ts salt

sett på omnen på 250 grader. bland olje og lunka vatn og gjær. rør inn mjølet litt og litt til deigen ikkje klistrar. då tek du han ut og eltar han. og dette er kjedelig, for ein må stå og kna den stakkars deigen i kanskje eit kvarter, til den blir så mjuk at ein vil eta den rå men då må ein legga den under eit teppe og synga til den medan den hevar så lenge ein orkar å venta, helst minst ein halvtime.

når deigen er ferdig heva, tek du ei vinflaske(eller ei kjevle om du er så fin på det) og kjevlar ut halvpartane av deigen på kvar sitt steikebrett, veldig veldig tynt, så tynt som det går an utan at den ryk(og om ein gjer det så lappar ein den saman som eit sykkeldekk, men med deig). avhengig av korleis du likar botnen steikt kan du forsteike med eller utan saus på. viss du har på saus slepp du sånne store luftbobler ein får om ein forsteiker utan saus. så tar ein den ut, kastar på fyllet og vips inn i omnen igjen!


creme fraiche/rømme-saus

creme fraiche/rømme
salt
grovkverna (helst fersk) pepar
hakka kvitlauk
urter, helst ferske: persille/basilikum/oregano/merian
(om ein brukar tørka urter kan ein ha i ganske masse for det smakar så lite også er det fint å sjå på)

bland alt til ein bra saus, smak medan du lagar. alt skal altså vera kaldt, og ikkje ver redd for kvitlauken. det blir så godt så. smør utover pizzaen som skal vera ganske så tynn, så kan ein ha på bra greier, me likar: mozzarella, blåmuggost, raudlauk, valnøtter, fersk ananas, tynne skiver bacon, smørsteikt sopp.



tomatsaus

heile tomatar på boks
hakka kvitlauk
salt
grovkverna (helst fersk) pepar
urter, helst ferske: persille/basilikum/oregano/merian
lauk

hell tomatane i ei panne saman med litt vatn og pyttelitt olje. ha i lauken og eventuelt ein klunk raudvin og lat sausen småkoka så lenge du har tid til, jo lenger jo bedre. så må ein få knust tomatane på eit vis, han der fine brukar stavmiksaren i ca seks sekund så det meste blir knust men med litt klumpar att. da er det enklare å smørja den jamnt utover botnen. på denne pizzaen likar me: mozzarella, jarlsberg, krydra skiver av chorizo eller salamiliknande spekepølse(kvalitet over kvantitet), valnøtter, ruccola.



dressing
yoghurt naturell/kesam
grovkverna (helst fersk) pepar
kvitlauk
salt

dette er basen i dei fleste pizzadressingane våre. så varierar me litt fram og tilbake med til dømes dijonsennep, lime, vineddik, krydderurter(basic som basilikum eller modig som koriander), indiske krydder som tandoori masala. ein må vurdere det utifra kva anna ein har på pizzaen. om ein har mange smakar på pizzaen er det greit med få smakar i dressingen, og omvendt. basen er veldig god for seg sjølv óg, om ein vil safe det. om ein har creme fraiche/ rømmebasert pizzasaus, er det kanskje greit med ein dressing som smakar litt annleis, til dømes syrlig(lime er min favoritt, til alt som er godt. creme fraiche + lime + grovmalt pepper + litt salt). det var vår pizzaoppskrift! håpar de lagar noko skikkelig kickass mat til flotte personar i helga, det skal i alle fall eg!

 


this is the recipe for my fiancee's amazing fantastic pizza. email me for the recipe or try google translate!


hår.

hair.
hair.
i går var eg endelig til frisøren for første gong sidan før paris! de spør ofte kva hårfarge eg brukar, men som mange allereie veit går eg til den økologiske hårsalongen balanzera her på grünerløkka! dei har ein masse gøye fargar, og min farge er ein blanding av to oransjeraude.

hair.
ein får sitta med magasin i hender og eta økologisk frukt mens hårfargen slår inn. ein kan óg få fotbad om ein vil, eg vil aldri men eg føler meg litt som ei prinsesse likevel. etterpå får ein dødsbra hovudbotnsmassasje så ein nesten sovnar og siklar.

hair GIF.
også blir håret mitt sånnher oransjerødt, og i går vart det faktisk perfekt. på salongen brukar ho dei samme produkta som eg har heime, så sånn ser eg stort sett alltid ut.

hair.
her er min shampo og balsam, dei er fra kevin murphy og er økologiske óg. dei er heilt heilt fantastiske, og håret mitt treng dei så mykje no at dei kom med spesialleveranse til paris når eg var tom. håret liksom suger til seg alt av næring og fukt også blir det så lett og glatt. i tillegg har eg ein texturizer fra samme merke som heiter hair resort og som luktar kokos. den har eg i når håret er håndkletørt også gjer den at håret blir naturlig bølgete. og det var historien om mitt hår. spørsmål?

 

(dette innlegget er ikkje betalt for, mitt kommersielle forhold til balanzera kan ein lesa om her.)


i was at the hair salon yesterday, balanzera, and i am so so happy with the results.


synne.



i dag redigerar eg bildene eg tok av synne i paris og det kriblar sånn i magen for det der magiske magasinet som eg får meir og meir tru på for kvar dag som går.


(forrige gong eg skreiv om magasinet var det fleire som spurte om det framleis går an å kjøpa det og det gjer det sjølvsagt! ein bestiller i menyen til høgre.)


today i'm editing these pictures of synne from paris and growing more and more exited about the magazine!


tysdag.

tuesday.tuesday.tuesday.tuesday.tuesday.tuesday.tuesday.

i går jobba eg masse med magasinet før eg og han der fine drog oss opp på alexander kiellands plass og r+j sin nysolgte leilighet for der var mikla! ho var litt fornærma for det lange fraveret, men det går seg nok til. så bussa eg ned i sentrum for å assistere på sara sin undertøysshoot med synne som modell! det var sjukt gøy og eg har vore sjukt sliten i dag på grunn av det. gler meg sånn til å sjå bildene etter kvart.

så, fortell meg noko om kva de gjer i dag?



yesterday was a whole lot of magazine working before we went to dog sit j's sister's dog mikla. <3 then i took the bus to sara's lingerie shoot with synne where i assisted. so so fun!


laurdag.

drunk.drunk.drunk.drunk.drunk.drunk.drunk.drunk.drunk.drunk.drunk.drunk.drunk.drunk.drunk.drunk.drunk.drunk.

på laurdag hadde eg ein liten fest for å feira min heimkomst til oslo, og det kom så mange flotte personar. etter ein del cosmos, femti klemmar og sniking i gangane sa eg takk og farvel og lot danby ta resten av bildene(så mesteparten av dei er altså hans). men eg rakk i alle fall å bitche med synne og jostein w, snakke med sara om at me skulle ønska me budde ilag heile tiden, kline med han der fine, planlegga fiskemiddag med fredrik og janne og eit besøk hos marian på frogner, snakka om opne forhold med jonas og kaija, snakka om judy garland med frøy, brenna hol i kjolen til margrethe som hjalp meg å laga ei ostekake eg ikkje rakk å smaka. og det var den laurdagskvelden.




on saturday i had a small party to celebrate my coming home to oslo. i lost my head at some point so most of these pictures are danby's. a lot of people i'd missed a lot came and i was very happy and very drunk.


magasin.







dette driv eg på med i dag. magasinfikling og bildeutvelging, det er så spennande og så nervevrakande. om litt over ei veke skal magasinet vera ferdig, trur eg. håpar eg. og heilt heilt i slutten av april kjem det tilbake fra trykkeriet(eg håpte meir på rundt tjuande men det vart tull på grunn av påskeferien).



today i'm playing around with the magazine, trying out some different things and trying not to have a meltdown.


kjære universet.

i april blir eg heile 21 år og om noko av dette ligg i postkassa eller på senga når eg våknar så blir eg så glad som ei kanin med eit salatblad i hånda:





hjartesmykket fra bjørg.

 

 
rosa peonar.

hylleplass og fantastisk servise å fylla den med.



konfetti eller kanskje ein pinata.


hårklemmer som er tekoppar og kjeks.


eller øyredobbar som er fuglar.

heimelaga karameller i ein bra boks.


varmluftsballong-mobil til å henga fra taket.

 

abbonnement på franske og italienske vogue.




these are the things i want for my birthday in april!


tim.







om du elskar tim walker som eg gjer så må du ikkje gå glipp av vogue italia som er ute akkurat no. heilt ute av denne verden-vakre bilder og eg er så glad for at han endelig ser ut til å utvikle seg sjølv igjen, men framleis er akkurat den samme.

for å sjå større bilder kan de sjå her.




if you love tim walker you have to get the vogue italia out now! he's finally starting to reinvent himself but still remaining the same somehow and i'm so so happy about that. larger images here.


den siste dagen.

last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.

i går følte sara seg endelig bedre(matforgiftningstull), så me tenkte at me skulle gå på museum for det er akkurat passe rolig nok til å ikkje tenka på at det er siste dagen. så me gjekk i eit par timar og såg på utstoppa triste dyr og eg hadde igjen augene då eg såg isbjørnane for det er det verste for meg(utenom kanskje dinosaurane som var i kjellaren som faktisk berre gjorde meg veldig redd og urolig). etterpå gjekk me i hagane og åt is også gjekk me heim, åt dårlig kinesisk og låg i senga alle fire(sara mariell derek kentaro) og lata som om me ikkje skulle reisa. eg klemte så hardt som eg kan og no er dagen her, no skal eg reisa, etter to månadar, og det føles så sjukt og så fantastisk at eg har klart det. eg er klar for å laga eit kickass magasin, kyssa natta lang og drikka drinkar med venner eg har sakna altfor mykje.



ps:

sara tok dette bildet av meg og det er fint.

 


yesterday sara was feeling better from the food poisoning so we went to a museum, the perfect thing to do when you're trying to forget you're leaving a city you've grown to love this much. we photographed and watched taxidermy animals for a couple of hours and i closed my eyes for the polar bears because they make me so sad(and the dinosaurs in the basement made me just very frightened). after that we ate popsicles in the gardens before we went home, ate bad chinese and laid in bed all four(sara mariell derek kentaro) and pretended it wasn't our last night together. today i'm leaving, after two months, and it feels insane and so amazing because i did it. and now i'm ready to go home, make a kickass magazine, spend the entire night kissing and drink drinks with friends who i've missed oh so much.