globus og sommarfuglar
akkurat no ynskjer eg meg utstoppa sommarfuglar og gamle globusar.

hjartesukk. eg gler meg til å bli vaksen med vaksne pengar.
kva ville du kjøpt med vaksne pengar?

hjartesukk. eg gler meg til å bli vaksen med vaksne pengar.
kva ville du kjøpt med vaksne pengar?
cool sunshine

eg er så kul i mine nye solbriller som eg fann bakerst i eit skap. eg og mamman til han der fine delar på foreldreretten.
kva brukar de denne søndagen til?
skattejakt
på eigedommen til foreldra til han der fine har dei eit hus der ingen bur, men det er fullt møblert. der likar eg å gå på skattejakt. dei har fine boksar fulle med gamle frimerke

skap fulle av nydeleg stoff

og det finaste serviset.

skuffene er fulle av blomar

eller serviettar.

og vindauga er så fine at ein dør litt.

i går fann me noko nytt. ei pappøskje innerst i eit skap. og kva fann me der? kjolar. nydelege kjolar.

så fine at eg smiler av å tenka på at eg fann dei. i ei øskje. gøymt i eit skap. no skal me snart køyra til lesja, purstagsselskap i dag og konfirmasjon i morgon. eg er ei oppteken kanin. eg er kjempelei meg for at eg ikkje får svart på alle spørsmåla de stiller, eg har rett og slett ikkje tid akkurat no, men eg leser kvar einaste kommentar, finingar. kanskje eg skal ta ei spørsmålsrunde når eg får ei pustepause, kva tykkjer de? eg håpar alle får nydelege laurdagar.

suss på nasen!
favorittar skråstrek helg
sonia rykiel SS08
eg kan ikkje tru at eg ikkje har komme over denne smakebiten før, av det nydelege moteshowet til sonia rykiel. så langt bak ligg eg i moteverda(eg skyldar på at eg ikkje har råd til vogue). og dette elskar eg berre. det er så drømmande og fint og å. finaste modellane.

lily donaldson, jessica stam og natasha poly på same bilete. åh!

lily donaldson, jessica stam og natasha poly på same bilete. åh!

bileta fann eg her.
i'm currently in love with sonia rykiels spring/summer fashion show from 2008. love love love it!
hår.
eg vart født med sølvfarga hår, på sjukehuset kalla sjukepleiarane og legane meg sølvreven. etter kvart vart det blondt, veldig blondt. og fram til åttande klasse hadde eg langt, nydeleg blondt hår. eg anar ikkje kva eg tenkte på idet eg klipte det(eg angrar den dag i dag) og farga det brunt. og brunt har det vore, i små variasjonar, heilt fram til no. og eg merkar eg er veldig klar for noko nytt no. så eg tenkte kanskje raudt. ikkje raudt som i OI DET VAR RAUDT, men som i brun-raudt, som her:

men eigentleg har eg eit hemmeleg ynskje om askeblondt òg. som her

men eigentleg har eg eit hemmeleg ynskje om askeblondt òg. som her

kva tykkjer de?
alle bileta er linka til kjelder.
i'm getting tired of my brown hair, thinking of colouring it red-brownish or maybe even blonde. what do you think?
eg elskar deg, tim walker

i dag elskar eg tim walker, america's next top model på youtube og lasagnerestar frå i går.
kva elskar du i dag?
blomar og lasagne
i dag har eg og han der fine laga heimelaga lasagne(eg skjønnar ikkje korleis toro faktisk kan prestera å kalla den boksematen lasagne, det er verkeleg langt ifrå sanninga). kanskje eg legg ut oppskrifta ein dag, om de vil?

og eg har fått finaste kjolen i posten, som ikkje passar enda, men det fiksar me på.

anna enn det har eg lagt ut ny kjole og skjørt i putikken. ih! no skal me eta is og seinare skal me på kino, engler og demoner. nokon som har sett den?

framtidsangst
om ein månad flyttar eg herifra. eg skal atter ein gong ut i verda, denne gongen oslo. eit par timar lengre ifrå heime-heime. eg hugsar den første kvelden på sandane, då mamma og pappa køyrte vekk frå huset hugsar eg at eg tenkte "kva i "#$"# er det eg gjer? stopp! ta meg med heim igjen!" eg visste ikkje eingong vegen til skulen, eg hadde aldri klart å koka ris utan å svi den(i dag er eg rismeistar nr. 1). men det har altså gått fint, og eg er ganske glad for at eg kasta meg sjølv ut i det. men så. eg anar ikkje kva eg skal gjera frå august av. ingen aning. eg veit at eg og han der fine skal kjøpa leilighet(og eg trur me har funne den perfekte), at me skal bu saman, endeleg endeleg. men så kjem den uroen i magen som seier "oslo? men kva med fjella, kva med skogen, kva med å føla seg trygg?" eg anar ikkje kva eg skal studera, om eg skal studera, kanskje eg skal jobba? og eigentleg likar eg ikkje oslo eingong. så eg treng litt hjelp i dag, til alle som har tips og som veit om fine stadar i oslo, ting ein kan gjera ein søndag, ting ein kan gjera om ein ikkje får sova, fine bibliotek, fine kafèar, fine turar å gå, ver så snill gje dei til meg no.
ønskereprise: kjærleik.
forstår du kjærleik?

kjærleik er å av og til ligga i senga til klokka er fire på ein laurdag.
det har eg forstått.

kjærleik er å av og til ligga i senga til klokka er fire på ein laurdag.
det har eg forstått.
Be my friend
Hold me, wrap me up
Unfold me
I am small
and needy
Warm me up
And breathe me
boks.
til purstagen min i april fekk eg denne nydelege boksen i gåve av maja

oppi den har eg mitt nyaste pyttelille kaleidoskop

oppi denne fine boksen ligg òg alle ringane mine

og alle desse selger eg i putikken min no! fint vel?

oppi den har eg mitt nyaste pyttelille kaleidoskop

oppi denne fine boksen ligg òg alle ringane mine

og alle desse selger eg i putikken min no! fint vel?
translation: this beautiful box was given to me for my birthday, and it now contains all my rings including these(animation) ones i am selling.
fin og fransk
i dag har eg vore fin og fransk. eg har nye blomar i håret og har spelt yves montand som bakgrunnsmusikk i heile dag.

& i dag regnar det, men det gjer absolutt ingenting, for eg har den finaste paraplyen i heile verda

med små anker på seg

og den kan snurra så fint så fint. inne òg!

& i dag regnar det, men det gjer absolutt ingenting, for eg har den finaste paraplyen i heile verda

med små anker på seg

og den kan snurra så fint så fint. inne òg!

kva er din favorittmusikk i dag?
it rained today, but i didn't mind much as it happens i have the prettiest umbrella ever!
pannekoeken.
i dag har eg og han der fine spist nederlandske pannekaker til middag. det lignar veldig på grunnoppskrifta til norske pannekaker, men eg skriv det likevel:
500 gr kveitemjøl
1 liter melk
4 egg
1 teskjei salt
1 spiseskjei olje
1 teskjei sukker
vaniljesukker
bakepulver
...også absolutt alt du vil ha oppå, for nederlandske pannekaker er på ein måte sitt eige måltid istadenfor å ha tilbehør til. me hadde ost og steikt bacon på!

fyllet skal på medan pannekakene framleis er litt blaute oppå, også skal ein snu dei når dei er passe faste. det høyres kanskje ut som om det er vanskeleg, men teknikken kjem litt etter kvart.

så godt var det!

nam!

om eg var ei anna jente, del to
om eg var ei anna jente skulle eg ha eit ansikt og ein sjel som var så lik eit born som det berre kunne, som ho her(sjå videoen her). og livet mitt skulle gå i pastell. eg jobba her

, men eg fekk berre aldri nok av cupcakes, så når eg kom heim tok eg fram moleskinen min for å teikna

eg budde her, da. i pastell, det òg

og han her budde med meg, og han heitte jeff

og etter eg var ferdig med å mala bakverk, skulle eg bruka resten av ettermiddagen på å lesa bøker. men dei måtte vera i pastell, sjølvsagt

på rommet mitt skulle eg ha koffertar og fine boksar fylt til randen av vakre ting å pynta seg med

og om natta, når alle hadde lagt seg, reiste eg ut og inn på eit forlatt tivoli. eg satte meg på ein hest og lata som den spelte gamle russiske folketonar berre for meg

kjeldene til bileta finn de ved å trykka på dei.
translation: this is what it would look like if i were another girl, part two. (feel free to use the google translator in the menu)
translation: this is what it would look like if i were another girl, part two. (feel free to use the google translator in the menu)
male.
i går kveld var det så rarfine skyer

så da tenkte me "kvifor ikkje setta seg ut for å mala litt på lerrett", eg og han der fine altså.

dette er typisk i skilnaden på meg og han. han er så forsiktig og flink, og eg berre klæsjar på som eg vil, og da blir det sånn

men det syntes eg var heilt passe.

eg og han der fine lagar nederlandske pannekaker til middag, det er fantastisk!

kva skal du ha til middag?
translation: yesterday the clouds looked funny, so we decided to paint canvases in the backyard.
skog.
i morgon har eg og han der fine eksamen, så da var det fint å reisa opp i fjellsida til skogs i dag.

treet var ein gamal mann som var så einsam, så han fekk ein klem.

han der fine var ein pirat.

på veg heim fann me eit blad med bart! perfekt.

treet var ein gamal mann som var så einsam, så han fekk ein klem.

han der fine var ein pirat.

på veg heim fann me eit blad med bart! perfekt.
kva har du brukt søndagen din til?
translation: today my boyfriend and i went up into the forest to just shut the rest of the world out. on our way home we found a leaf with a moustache!
i dag har bloggen purstag!
i dag har bloggen min purstag! så da måtte eg jo kjøpa litt gåver

så hjartesmil fekk blomar til å ha i håret

og truser som ser ut som bakverk

og eit broderi frå ein bruktputikk(som ser ut som eg har laga den sjølv)

og denne kragen(hei, mormor, om eg er snill og flink vil du sy ein kjole til meg med denne kragen da?)

og denne boksen som er så fin!

som husar sløyfepastaen min

og han der fine kom på purstagspusøk

og no drikk hjartesmil sjølv cider og ventar på mat.

gratulerar med dagen, bloggen!
translation: my blog turns one year today, so i treated myself to some lovely things.kjipt.
no hadde eg egentlig tenkt å skriva eit langt innlegg om kor irritert og lei meg eg er for at eg får så masse sint e-post og kommentarar for tida av folk som meinar eg har tapt meg som bloggar, og som oppriktig er sinte for at eg bloggar så lite for tida. i staden for å vera sur, har eg berre tenkt å opplysa om kvifor: eg går tredje året på vidaregåande. om ein månad flyttar eg ut av leiligheten min og vekk frå dei beste vennene i verda. eg har eksamenar, framføringar og avsluttande prøvar i alle fag, så det bør finnast ein viss forståelse for at eg kanskje brukar meir tid på skule og venner og mindre på blogging denne perioden. eller hur?
translation: in response to the people who are complaining in my lack of (quality) blogging: i am swamped with school and tests and moving and trying to spend as much time i can with my friends(who i am moving away from in a month). sorry for the inconvenience.
torsdag med finingar.
i går tok eg med meg fredrik og oda heim til min familie.

det var smågodt.

og snurreting på leikeplassen.

snurrefredrik.

og johnny var der òg, visst.

fint vel.
fordi eg veit korleis det er å sakne kjærasten sin på den måten, og det er så altfor vondt.

det var smågodt.

og snurreting på leikeplassen.

snurrefredrik.

og johnny var der òg, visst.

fint vel.
vinnaren av konkurransen er ming:
"ole torjus(som er litt for altfor langt borte) sin skjorte, som er altfor stor for både meg og han, men ekstra stor på meg, også lukter den litt vondt, og det lukter litt godt. en kopp te, og ballerina kjeks med bringebærgelè i midten. litt fin musikk, som yann tiersen, eller beirut kanskje, eller elephant factory, eller julie. og en film, som er litt fin, og litt morsom. juno, kanskje."fordi eg veit korleis det er å sakne kjærasten sin på den måten, og det er så altfor vondt.
nye sko og sommarfuglar
hei, finingar! eg har nye sko på i dag

og gjett kva anna? eg har fått sommarfuglhårpynt i posten frå charm school designs sin etsy-putikk. og eg skal gi den vekk til nokon, om de er snille.

i dag er det super-duper onsdag, og eg treng ikkje å reisa på skulen i morgon. fint vel!

kva skal de bruka helga på?
oda.

om nokon lurte, er det dette eg har drive med dei siste 24 timane. pluss cider og rosèvin. pluss ein musikkvideo. fint vel?
translation. this is what i have been doing the last 24 hours!
konkurranse i samband med craftycrowvintage
me har vore så heldige at me har fått eit gåvekort på 50$ frå etsy-putikken craftycrowvintage. sånt fint har dei:

alt du treng å gjera er å legga igjen ein kommentar der du skriv eit par setningar om ting som kan gjera deg glad på ein grå dag. så trekk eg vinnaren på torsdag! fint vel? (hugs å legga igjen epostadresse!)

translation: craftycrowvintage has donated a gift certificate of 50$ to their etsy-shop. all you have to do to win is leave a comment with a couple of sentences about things that can cheer you up when you're having a bad day. remember to leave your email adress!
løyndom for dagen

bro bro brille
Bro, bro, brille
klokken ringer elleve.
Keiseren står på sitt høyeste slott
ser ut over vann,
ser ut over land.
Fare, fare krigsmann
døden skal du lide,
den som kommer aller sist,
skal i den sorte gryte.
vil du ha kanelbollar
eller cupcakes?
translation: do you want cinnamon swirls or cupcakes?
cover.
dei siste dagane har eg stort sett brukt eingangskamera for å dokumentera det fine som har skjedd, så det får de ikkje sjå heilt enda. men i alle fall kan de få sjå litt av det fine magasinet eg fekk frå ina i posten på fredag. mads mikkelsen spelar igor stravinsky i den nye filmen om livet hans, og eg er så himla forelska. så her er bilete frå artikkelen, pluss den store annonsa for miss dior cherie på første sida. herleg.

har de gjort/sett/fått noko fint i det siste? fortel! eg føler at eg ikkje har blogga på ei æve.
translation: i've been using disposable cameras the last few days, so you won't be seeing those pictures just yet. for now, you can enjoy these images(from this magazine) of mads mikkelsen as igor stravinsky(+the miss dior cherie ad which i love!) in the new movie about stravinsky's life. i feel like i haven't blogged for ages, what have you been up to?
sumar
i går var den fyrste dagen med skikkeleg sumarsol og deilig sitta-ute-i-graset. me grilla og drakk øl.

sånn såg det ut utafor døra vår. post-it-lappane er hjartelappar, og der må alle som har vore heime hjå oss skriva noko.

alt har blitt så grønt og fint og herleg, og ein kan rulla i graset om ein vil.

fine folk og fine blomar.

ingvild var veldig glad.

<3

kvelden enda med telefonsamtalar, fest på eit bad, tilbakeblikk til tidlige tenår(typ system of a down, deftones og janes addiction) og eit slag sjakk som eg tapte.

random.org sa at nummer 38 vant konkurransen om tilly bloom-gåvekortet. nr 38 var carrie.
translation: yesterday was the first day of real summer. beer and bbq in the backyard with lovely people and flowers in my hair. oh, and random.org says carrie won the gift certificate to tilly bloom!
torsdag.

eg håpar alle er ute i sola og nyter det gode liv. det er i alle fall eg i dag.
suss!
translation: image text: drunkenness, happiness, smiles, kisses, parties, sun, friends = my thursday. have a wonderful day!
ååå fint
konkurranse med tilly bloom

konkurransen er avslutta!
translation: tilly bloom has donated a gift certificate of 30$. all you have to do to win it is leave a comment with the link to the item you want the most from her store. the winner will be chosen randomly on friday.
late tysdagar
i dag har framleis vore sjuk, så medan eg venta på han der fine har eg rydda heile rommet mitt og lurt på om eg skal få ein skreddar til å sy ein kjole av dette

det er stoff som eg og han der fine kjøpte på loppemarknad i fjor, og gamle gardiner som eg fann i det tomme huset på eigedommen til han der fine. kva tykkjer de?

så har eg tatt bilete av filmane mine og bøkene mine, for det var det så mange som ville

versågod. og her er ein animasjon av det andre eg har gjort i dag:

1. jobba litt med historieprosjektet mitt som handlar om min bestefar som var i tysklandsbrigaden. 2. tenkt på kor kjekk bestefaren min var og kor utruleg mykje eg saknar han. 3. sett mykje på det fine purstagskortet eg fekk av ina til purstagen min i april. 4. hatt sløyfeverkstad med sløyfa eg fekk frå line aurora. 5. på veg heim frå putikken fann eg ein hjarterdam. og no kjem han der fine om eit par minutt, tenk det!

translation: while being sick and waiting for my boyfriend today, i have cleaned my room and contemplated going taking the pieces of fabric above to a tailor and have them made into a dress. then, a picture the movies and books above my bed. and an animation of the other things i've done today.
lille gris
som eg sa i går har eg ei greie for youtube når eg er sjuk. og i dag ynskjer eg meg ein kjælegris meir enn noko anna.
do you ever wish you could breathe under water?
som 11-åring vart eg introdusert for wes anderson sitt fantastiske univers. der skulle eg enda ønska at eg budde. i dag er eg sjuk, og ser difor ein av mine favorittar; the life aquatic with steve zissou.

bill murray er berre så fabelaktig fantastisk.

willem dafoe og matthew gray gubler er med!

og han fyren her spelar berre gitar heile filmen.

det er ein fantastisk film, som alle av wes anderson sine filmar.

translation: i love, love, love wes anderson's movies. today i watched the life aquatic.
stop this train
eg er sjuk, vakna med massiv influensa i dag og det betyr ungar på youtube. søte vel?
underprosjekt av løyndom
denne veka skal me ha det litt morsomt med løyndom-prosjektet.

i veka som kjem vil eg at de skal senda meg morsomme, rare, uvanlige, teite og merkelege tankar eller ting de gjer. send til:
mariell øyre
v/3mka, firda vgs
firdavegen 21
6823 sandane
ein ting: ver så snill, legg dei fine postkorta i konvoluttar. for eg har fått så mange dei siste vekene der den pålimte teksten har forsvunne i posten. så pass på at dei kjem til meg i èin del. les meir om prosjektet her. sjå løyndommar her. og ver så snill: fortel vener og familie og blogglesarar om prosjektet, spesielt denne veka. suss!

om hjartepost
no startar eg opp med ei ny runde hjartepost. les dei nye reglane her. les der før de spør om noko som helst. dei som har sendt påmeldingar til meg og ikkje har fått svar må senda dei same mailane til denne adressa: hjartepost@gmail.com

drømmekjøkken
i sommar pakkar eg saman livet mitt og flyttar til oslo. der skal eg og han der fine kjøpa ei fin leilighet som er berre vår. ingen hybelvertar som nektar oss støvsugar eller brukar ovnen vår til å laga mat når me ikkje er heime, ingen maur, ingen teppegolv. for me kan bestemma sjølv. og om eg kunne bestemma, hadde kjøkenet vore veldig sånn:

translation: this summer i'm moving to oslo with my boyfriend. we will be buying our very own appartment, and this is my dream kitchen. click the images for sources.
eg fikk søster til å sei eit tal mellom 1 og 116. ho sa 62, og konkurransevinnaren er binka. gratulerer!
Eg har forresten presentert bloggen min på Bloggurat.
eg fikk søster til å sei eit tal mellom 1 og 116. ho sa 62, og konkurransevinnaren er binka. gratulerer!
Eg har forresten presentert bloggen min på Bloggurat.
vil du vinna fin-fin veske?

konkurransen er avslutta!
sånn skulle det vel vore
altså, om eg var dronning over heile verda...
om eg var president skulle eg bu her

og herifra skulle eg styre allting. frå no av skulle det kun vera himmel i nokre utvalgte byar i europa, men resten av verda skulle vore i ei boble under vatn. så da vart himmelen sånn

men altså, det var heilt okei, for ingen kjente jo til noko anna. og då vart det enda meir spesielt(eg tykkjer spesiellare skal vera eit ord) å reisa til kjærleiksbyane i europa vel. det er planen. det skulle bli ein menneskeleg eigenskap å klara å håndtera såpebobler utan at dei sprakk, og på riktig dagar skulle ein kunna krypa inn i dei òg. som på askepott, de veit.

og det skulle kun finnast ben&jerry's- og yoghurt-is. og all italiensk is var lov(og over roma var det himmel) og ingen melkesjokolade(for eg tålar ikkje melkesjokolade eller fløyte, og eg er sint på norske isprodusentar). kun mørk sjokolade og makronar av kvit.

og det fantest ikkje kakao utan krem eller marshmallows i.

og absolutt all mat skulle sjå sånn ut

korleis ville det vore om du var dronning over heile verda?
kjelder får de av å trykka på bileta.
translation: if i were queen of the whole world, it would look like this. the earth would be a bubble under water, and instead of stars there are jelly fish. humans would have the ability to touch soap bubbles and hold them, and sometimes crawl into them. and there would only be foods i'm not allergic to, and everything had to be in rainbows.
ps: eg er sint på hjartepost.

blomar og is

i går henta eg inn blomar frå ute inn, for å feira at det var torsdag og for å feira at den vanskelege delen av veka var over. endeleg.

og eg hadde blomar i håret og på kjolen.

og tok pastell-oppvask.

eg såg masse csi, las masse i den nye boka mi. så kom christine på pusøk, og me såg fin dansk film, allegro.

med mint-is til sjølvsagt! hjarte. i dag reiser eg heim til min familie. det blir ei travel helg med fotografering og konfirmasjon(og dei to i kombinasjon).
kva skal du i helga?
ps: vinnaren av konkurransen er oda. sjå kor fint:
Se for deg at du har fått et lite barn. Ei lita jente, med han der fine. Hun bærer ett vakkert navn, kanskje Aurora, eller Netta, eller Emilie. Det er alle pene navn synes jeg. Vesle Aurora er selvfølgelig helt perfekt. Hun kikker på deg, og legger sin lille, nydelige hånd på brystet ditt, over smykket. "Liker du det Aurora?" "Mhmm.." Hun nikker, mens hun nøye og grundig studerer det. Du lurer på hva hun observerer, hvilke tanker hun gjør seg. Du løfter henne opp på fanget ditt. "Se her du kan låne det av meg"
pss: eg lurer på om eg gjer noko feil om dagen? eg har mista 4 prenumerantar, og det er ikkje så mange, men nok til å gjera meg paranoid.
xyz
x for xylofon

min førstefødte skal bli ein reser på xylofon. det blir kult, lovar.
x for xiaolu guo

ein fantastisk forfattar, les ho. for mi skyld.
y for yr

de veit når det ikkje eingong regnar, men meir at det er ørsmå fragment av vatn som svevar i lufta? den kjensla elskar eg.
y for yann tiersen

eg føler ikkje at han treng noko meir info. eg er meir med yann tiersen enn med kjæresten min.
y for youth novels

dette albumet har eg spelt 120 gongar på ipoden min.
y for you had time
den vakraste songen av ani difranco, videomaterialet er frå lost and delirious, som òg er ein heilt nydeleg film med ei veldig ung mischa barton.
y for you are remarkable

trykk på biletet for å komma til sida youareremarkable. av og til treng ein å lesa berre sånt.
y for yes we can
yes we can!
y for yann martel

dette er ei nydeleg bok. les den.
z for zetterlund, monica

nydelege, nydelege monica zetterlund med den fantastiske stemma og dei fine songane. finn ho på spotify.
z for zooey deschanel

eg har vore forelska i zooey i ei årrekke. mmmmfin!
z for zach genin

ein av mine favorittfotografar. verkeleg.

kva står dine x'ar, y'ar og z'ar for?
forresten: om de har forslag til kva eg kan fylla torsdagane med etter det er tomt for bokstavar, er det berre å komma med det på mail eller på ein kommentar. eg har allereie fått inn eit forslag om fargar.
kjelder på bileta som vanleg.
kjelder på bileta som vanleg.
konkurranse i samarbeid med cuteability!

i samarbeid med cuteability sin etsy-putikk får me enda ein konkurranse, hurra! ho har så enormt mykje fine smykker, eg vil ha dei alle saman. de kan vinna eit gavekort på 25$ i putikken! her er konkurransen:
1. gå til putikken, finn ein ting de vil ha som kostar under 25$(om det kostar typ 12$ og de ville kjøpt fleire ting for dei 25$, berre bruk den tingen de har mest lyst på).
2. lim inn linken til den tingen de har mest lyst på
3. skriv i kva anledning de ville ha brukt denne tingen de har mest lyst på. kven er de med, korleis er været, kva høyrer ein i bakgrunnen? skriv eit par setningar. også skadar det ikkje å skriva om konkurransen på sin eigen blogg, hih. lykke til! konkurransen blir avslutta om 24 timar, altså 22:45 i morgon kveld.
suss!
translation: i'm doing a competition with a gift certificate from the ever so lovely etsy-shop cuteability.
kjærleik?
de veit jo om løyndom-prosjektet, ikkje sant? eg elskar det, og det har verkeleg gjort mykje for meg. men mykje av det er så trist, og det kan ein jo bli litt trist sjølv av, og kjærleik er det vakraste eg veit om. så difor tenkte eg å starta opp eit nytt prosjekt med kjærleik som tema. her skal de få senda meg dikt, songtekstar, sitat, tekstar, bilder, scanna favorittdelar av favorittbøker, alt de vil, som handlar om kjærleik. i alle formar. så om du har noko å bidra med, send mail merka med "kjærleik" mariell.oyre@gmail.com, er du snill. om det ikkje er ditt eige, må eg ha kjelder for å kunna legga det ut.

ps: har lagt ut masse hjartepost i dag.
pss: to nye kjolar til salgs

ps: har lagt ut masse hjartepost i dag.
pss: to nye kjolar til salgs
altså, om de lurte liksom...
de tenker kanskje at eg har ei sånn gammal vekkerklokke ståande øverst på skapet for å få meg opp av senga om morgonen. det er feil. eg brukar nemlig mobilen, og våknar til dei same songane kvar morgon(eg veit at de hatar youtube, men berre trykk på play okei?):
07:20 - eg registrerar min favoritt-big bangsong ute i periferien, og sovnar smilande att etter å ha slumra. eg hugsar tilbake til kanskje 2004/2005, eg låg vaken langt på natt med big bang på øyret, spesielt denne songen. eg var(og er) så ufatteleg forelska, så eg fekk ikkje sova.
"did you ever write my name with a fountain pen
in your books or on your desk
or did you tell your friends
that I was someone special
did you ever lie awake the entire night
glowing in the dark with no sheets or light
thinking that I was someone special"
07:30 - ingrid michaelson får meg alltid til å smila. eg drar dyna over hovudet og sussar han der fine i halegropa. han smiler, men veit det ikkje.
07:35 - som de veit, elskar jo eg barack obama. det kan virka litt perverst for nokon å ha denne songen som våkne opp-materiale, men den får meg alltid til å vakna for han er jo min framtidige mann, og med den vakraste stemma i verda. i alle fall amerika.
"always remember that no matter what obstacles stand in our way,
nothing can stand in the way of the power of millions of voices calling for change."
07:40 - akkurat passe på litt over eitt minutt med kos frå cocorosie.
07:45 - seabear får meg til å hoppa ut av, i alle fall opp i, senga. denne songen er så herleg(ignorer dei siste 8 sekundane, versåsnill).
kva høyrer du når du vaknar?
tips for dagen

om de ikkje har fått med dykk liebemarlene sin nettputikk og blogg enda, så gjer det no! ho har så fantastiske kjolar, men som oftast for småe storleikar for min del, så eg håpar nokon andre finn noko.

putikken til arete på etsy er så himla fin! eg har lyst på nesten heile.

rob ryan er ein fantastisk kunstnar, og i dag fann eg etsy-putikken hans. det er så fint!

retrolife er ein fantastisk blogg med masse retro-bilete, sukker for auget mitt. iiidiabetes.
var ikkje det snop på ein måndag vel?
ett tidsfördriv att dö för
i går var ein sånn fin aleine-dag der alt berre er stille og ein føler at ein har all tid i heile verda til å gjera akkurat det ein vil.

eg åt elgpasta med timian- og tomatsaus. mums!

eg åt elgpasta med timian- og tomatsaus. mums!

denne fantastiske boksen fikk eg av ina til purstagen min, den var fylt av deilige rosa russiske drops, men det vart fort tomt og no er den full av kanonsalt(for eg elskar salte drops).

eg hadde på meg denne kjolen som eg har fått av bestemor og sydd opp og om litt. fin vel?

eg prøvde å distansere meg frå å lese denne boka, sidan eg har tusen andre ting eg må lese først i skulesamanheng, tusen ting å gjere(men veldig kjedeleg å høyra om, så det er hemmeleg).

så kom han der fine, me såg csi og sovna. fint vel.
translation: yesterday was one of those days where you have all the time in the world to do everything and nothing at the same time. i ate moose pasta with thyme and tomato sauce and salty candy from a cute container. i wore a dress my grandmother gave me. i wouldn't let myself read the new anna gavalda book. then my boyfriend came and we watched csi and fell asleep.
sidan onsdag har eg...

...drukke kvitvin med jordbær og masse isbitar.

...ete mange polkagrisar.

...dansa i kråkeslottet.

...vore hjå fredrik i førde og ete pastasalat og masse deilig frukt.

...endelig sett hans fredrik igjen.

...spist chips av kjolen min på eit dovorspiel i førdehuset.

...vore på familievennpusøk ein heil fredagskveld og fått ei fin barokk-kåpe som kanskje skal bli noko anna.

...vore heime med mamma og pappa.
kva har du gjort sidan onsdag?
translation: since wednesday i've had white wine with strawberries and icecubes, ate a lot of candy, danced, been to fredrik's house in forde where we ate pasta salad and fruit, finally seen hans fredrik again, eaten chips off my dress in a public bathroom, spent friday evening with friends of the family and a lot of time with my mom and dad.
mine internett-heimar
etsy

mesteparten av vintageactionen heime hjå meg skjer på etsy. her har dei så mykje fantastisk, det er som ein liten putikk som aldri sluttar å overraska. ein bør ta seg tid til å setta seg inn i dei ulike måtane å utforska etsy på. ein kan sjølvsagt søka etter det ein vil ha og finna ting etter kategoriar, men ein kan òg finna ting i ein spesiell farge eller etter kvar selgaren er frå, veldig kult! ikkje berre er det ein perfekt stad å sjå etter vintage- og second hand-greier, det er òg ein stad folk legg ut sine handlaga ting, til dømes kunst og smykke, men ein kan òg senda mål til ulike selgarar som då syr etter akkurat din kropp. det funkar som eit stort kjøpesenter med mange ulike selgarar som har sine putikkar, og ein bestiller av kvar enkelt selgar. av og til står det at selgarane ikkje sender til noreg men da berre sender de ein melding til dei også fiksar dei det, dei er supergreie folk som regel. ein kjøper ting også er det ditt. ikkje noko byding, berre reine kjøp. fint.
ebay

ebay er meir som ein jungel. ein svær budjungel som av og til kan vera fullstendig uforståelig, og mange som ikkje heilt forstår korleis det funkar blir nok lurt til å putala for mykje. det er alltid lurt å lesa litt om ebay før ein kastar seg i det. det er to måtar å handle på: auksjonar eller reine kjøp. om ein berre søker i hovudvindauget, kjem begge alternativa opp, etterpå er det mogleg å velja om ein berre vil ha ein av delene eller alt(over resultata). heldigvis har ebay no komme på norsk, så ein kan berre gå på ebay.no, også er ein good to go.
market publique

vintage-budmarknad, litt ny for meg enda men det ser veldig bra ut og store moglegheiter for å gjera fine kupp! eg trur eg kjem til å henga mykje her framover.
kawaii design

for dei som har kroppskunst i form av piercingar, er dette ein fin putikk. det er mykje som verkeleg ikkje er min smak i heile tatt, men om ein leitar er det mykje fint. del har fine pluggar og alt mogleg. og fine strømpebukser og kinasko og fine hårspenner. dei har òg laushår og klede!
lady luck rules ok

lady luck rules ok fekk eg anbefalt i dag, men eg elskar det! det er litt vanskelig å finna ut av, men det er verdt det. dei har fine smykker og fine bøker og fine lommebøker og ja.
mint and vintage

på mint and vintage er det ei blanding av fine merke som manoush og minimarket, men òg mykje fint vintage-klede, som kjolar og jakker.
we love colors

her skal du kjøpa strømpebuksene dine! helst dei i nylon/lycra. dei er i 80 denier(altså ganske sterke), og fins i sååå mange fargar!
play

her skal du kjøpa filmar, bøker og tv-seriar(men på engelsk, mind you). det er så hyperbillig at ein dør, for det er gratis frakt!
i og med at eg ikkje har mi eiga datamaskin tilgjengelig akkurat no, så er ikkje denne lista fullstendig. men det er jo berre fint, for da kan de gleda dykk til neste gong. fint vel? ein laurdagsnattsuss til alle saman!

om kjolar: eg pleier å søka på full skirt dress, laura ashley dress, 50's dress, 60's dress, floral vintage dress, peter pan collar dress, eller om ein har god tid og er ute etter kupp, berre "vintage dress". hugs at det er stor forskjell på vintage style dress og vintage dress. det er ikkje så lurt å søka på storleiken din, for vintage-storleikar er så annleis enn dei i dag, så det luraste er rett og slett å sjekka måla dine mot måla som står i annonsa. og les alltid alt som står! ein må vita kva ein putalar for.
om visa: det er ein myte at ein må vera 18 for å ha ordentlig visa, desverre. snakk med banken din, ta med deg foreldrene dine. eg har hatt visa sidan eg var 15.
om visa: det er ein myte at ein må vera 18 for å ha ordentlig visa, desverre. snakk med banken din, ta med deg foreldrene dine. eg har hatt visa sidan eg var 15.
i og med at eg ikkje har mi eiga datamaskin tilgjengelig akkurat no, så er ikkje denne lista fullstendig. men det er jo berre fint, for da kan de gleda dykk til neste gong. fint vel? ein laurdagsnattsuss til alle saman!
god morgon!

eg har vore ein dårlig bloggar simpelthen fordi datamaskina mi ligg i førde, saman med omtrent alt anna eg eig. eg er heime med min mor og min far, og det er bra. seinare i dag tenkte eg at eg skulle laga litt fleire internett-shoppingtips og ein liten guide, om de vil. men da lurte eg først på: kvar pleier du å kjøpa klede på internett?
suss!
translation: where do you usually shop online?