spørsmålsrunda med han der fine, del ein.
når møttes du og mariell?
me treftest på msn tidleg på hausten 2004. de kan lesa heile historia her.
beste minne?
for meg er ikkje dei beste stundene med mariell når me er i paris eller på hotell eller på restaurant. det er pustehola våre, berre. for meg er kvardagen det aller kjæraste og det er den eg alltid stundar att til, anten eg er heime i lærdal i juleferiane eller i palestina på oppdrag. seinast i går kveld spela me spontan spaghetti-mikado på golvet. den ubetinga gleda over kvardagen kjende eg ikkje før eg trefte mariell - no kunne eg aldri tenkt meg livet utan den.
hva synes du om at din kjære drar til paris uten deg?
vel, eg gler meg ikkje. men etter fem år med meg treng ho å veta at ho greier seg åleine, og det forstår eg. det er òg viktig. eg trur dei månadene blir minst like viktige for meg fordi eg må læra meg å vera åleine. eg har brukt det meste av mi ledige tid dei siste fem åra på å tenkje på/vera forelska i/vera saman med mariell og det kjem til å bli veldig tomt i det runde silokammeret utan ho.
synes du det er viktig at dere begge to er kreative og at den ene ikke lever et a4 liv med åtte til fire jobb? eller hadde dere hatt det like flott sammen om mariell f.eks var revisor?
det er heilt naudsynt. ho forstår meg og byggjer meg opp som ingen andre kan, og som ho ikkje hadde kunna viss ho ikkje hadde tenkt på same måten som meg. me har vore ihop sidan me var 14, så me har blitt vaksne saman, støypt i kvarandre sine former. dette gjeld òg for kunsten, me påverkar kvarandre endelaust. utan den impulsen ville eg vore ein langt fattigare kunstnar.
når du spiller og komponerer, hvilken sjanger er det du er innenfor da?
godt spørsmål! akkurat no er eg inne i ein periode der eg byggjer opp mykje teknisk kompetanse, spesielt på musikkteknologi, noko musikken min ber preg av. eg kjem nok til å ende opp ein stad mellom elektronika og ein slags jazz, trur eg, men samstundes kan eg godt laga rock, viss den sjansen byr seg. sting og radiohead var dei største i oppveksten min, og slikt har eg jo alltid med meg.

akkurat nå kan du reise til hvilket som helst sted på hele jordkloden. hvor går turen?
london. eg vil ikkje forsvara det, kroppen min er dregen mot byen og eg går og ventar på å få koma dit.
du kan forandre verden på 3 måter. hva?
det trur eg faktisk at eg kan. eg vil bidra til at folk skal setja pris på det vakre i tilveret, verdsetja kunnskap og empati og presse seg sjølv til det ytste.
liker du dyr?
sjølvsagt! alt frå dei små hundane på frogner til sauane på fjellet! (men av desse to likar eg sauane best)
hva er det beste med sommeren?
å sitja ute og høyre på daft punk eller beach boys og berre ha det fint med fine folk.
hva vil du gjøre når du kommer å besøker mariell i paris?
fyrst vil eg ikkje gå nokon stad og ikkje gjera nokon ting anna enn å liggje med nakken min kring nakken hennar. så vil eg kanskje ta ho med opp på montmartre (viss ho ikkje bur der allereie) og kanskje sitja litt i sacre coeur og kanskje ein restaurant eller crêpes på ein benk.
hvem er du?
det har eg lurt mykje på, driv og finn det ut.
hva har du gjort?
elska, tenkt og prøvd å bli klok.
hva vil du?
sjå attende og finne at det står att noko etter meg.
hva skal du?
det same som det eg vil. viss ikkje er det liten vits å ville det.
hva skal du ikke?
bli vant til å leggje meg åleine.
hva skulle du ønske du hadde gjort?
blitt pressa til å arbeide hardare dei fyrste ti åra av skulegangen min. eg kasta vekk så mykje tid som eg kunne brukt til å få ny kunnskap.
hva skulle du ønske du kunne gjøre?
bety noko for fleire enn eg kan telja.
har du nokon gong vore skikkeleg sint på mariell? i såfall, kvifor?
ein gong, for to år sidan, heldt ho noko skjult for meg veldig, veldig lengje, når ho fortalde det var eg sint.
når, hvor, og hva var det som fikk deg til å få øynene opp for mariell?
eg var 14 år og hadde bestemt meg for at sidan kjærleik berre gjorde at folk vart såra og at eg ikkje fekk tid til å øve så mykje som eg burde, skulle eg ikkje bli forelska på ei god stund. ein dag berre oppdaga eg at eg var kjempeforelska utan å veta kvifor, berre at det sat veldig, veldig djupt.
vel ein song du ville at skulle blitt spela i bryllaupet ditt.
tom waits - martha
vel ein song du ville at skulle blitt spela i begravinga di.
det viktigaste er at dei syng fager kveldsol smiler ved gravi. viss eg døyr før han, vil eg at arve henriksen skal spela «sorrow and its opposite».

du har eit polaroidkamera, med berre eit bilete att, det siste bilete du nokon sinne kan ta. kva tek du bilete av? kvar tek du bilete, og kvifor vel du akkurat det motivet?
oftast når eg tek bilete er det av mariell. eg ser ingen grunn til at ikkje dette skulle vera ho, ho representerer det trygge, det heimlege, det skapande og det vakre i livet mitt.
har du nokre draumar eller mareritt du hadde då du var liten, som du framleis hugsar? isåfall - kva handlar den/dei om? eg hugsar at eg var i ein krig mellom tyskland og frankrike i stavanger og eg var kjempeforelska i ei fransk jente, så eg redda ho og heile slekti hennar og la dei i ein haug. men dei overlevde altså, lovar.
fortell en hemmelighet!
eg elskar å spela sjakk, men er ikkje tålmodig nok til å bli ordentleg flink. (også har han knivfobi fullstendig. helsing mariell)
hva ville du savna mest om ho plutselig en dag var borte?
eg ville sakna dagleglivet vårt mest. eg ville sett ho overalt, og om eg flytta, ville eg sett ho i tinga våre og om eg kasta alle tinga mine, ville eg sett ho i hendene mine og håret mitt og i armkroken min om natti. (<3. helsing mariell)
hva er de tre fineste tingene med din personlighet?
eg trur eg er tålmodig og intelligent. og så seier mariell at eg er kompleks, kva ho no meiner med det.
kan du nevne tre ting du liker med oslo?
mangfaldet, trikkane, dei gamle fasadane.
hva vil du bli når du blir stor?
noko som kan lyfte både meg og andre.
panda eller bamse?
panda (eit av favorittkosedyra mine som liten var panda som budde i ei liti pappeske med rosa kreppapir).
saltvann eller ferskvann?
ferskvatn (eg er fjellmann).
liker du norge? hvorfor (ikke)? kunne du tenkt deg å flytte utenlands? hvor?
eg elskar noreg, men ein må vera klar over kva avgrensingar som er her. eg vil ut, og skal ut, men det betyr ikkje at eg ikkje er glad i landet mitt.

liker du føttene dine?
eg har knea til mor mi, mamma og pappa kranglar om det er eit gode eller eit handikap.
har du tenkt på å bidra med tekst i det neste magasinet? (du skriver så fint synes jeg)
ja, eg har fått krangla meg til det.
liker du byduer? hvorfor (ikke)?
dei er ganske trivelege, eigentleg.
drikker du nok vann?
nei, berre spør mariell.
hvilken trikkelinje liker du best?
12, eg tykkjer det er så fint på frogner, sjølv om det er overklassestrøk og alt det der.
har du lest "his dark materials" av philip pullman?
nei, har altfor mange bøker eg skulle ha lese.
er du noe flink til å synge?
ja, eg er (var) ganske bra på klassisk song, baryton-bass, men her i byen syng eg ikkje noko klassisk.
hva ville du gjort dersom du ble statsminister for en uke?
hadde det vore denne veka hadde eg halde ein pressekonferanse der eg sa: «å ikkje velja side i ei konflikt, er òg å velja side. det vestlege samfunnet har sidan 1948 gjennom si passive rolle til israel sin ekspansjonspolitikk valt den israelske sida. i dag er dagen for å velja side på nytt. i dag skal noreg - som fyrste vestlege land - velja den palestinske sida. me kallar med dette heim vår ambassadør til Israel og me arbeider med å avslutte alle handelssamband med israelske verksemder. for ein stat som angrip sivile hjelpesendingar - og det til og med i internasjonalt farvatn - dét er ikkje ein stat me fører dialog med. dét er ikkje ein stat me handlar med. dét er ein stat som berre skjønnar maktspråk, og maktspråk skal dei få. frå og med i dag er det norske diplomatiske sambandet med israel over!».
neste del kjem så snart han får summa seg litt(han er forresten inni eksamensskya, så de kan godt få sei lykke til og sånt).

my boyfriend answering readers' questions.

den siste veka i mat.

masse fine tomater med snitt i toppen.

kokt og omgjort til fantastisk tomatsuppe med kjærestesøster på middagspusøk.

pannekakerøre med basilikum + bacon + paprika + lauk =

nederlandske pannekaker på nye middagstallerkenar.

nnnnnam.

ein pizza i det italienske flagget.

pluss litt meir.

ein smoothie til eit bilde av caitlin shearer.

ei korg med jordbær som eg måtte skrika meg til. dei var himla gode.

ein tørr pasta carbonara.

og ei pakke kokosbollar på ein fredagskveld.

nnam! som å eta skyer, nesten.
kva har de ete?

food from last week!
mi helg har vore.

å gå ut tidlig ein laurdagsmorgon for å kjøpa rundstykker, dagbladet og plukka syriner aleine(han der fine lar meg ikkje egentlig plukka dei så da må eg gjera det når han ikkje er med).

å eta ein enorm og fabelaktig laurdagsfrukost med alt me hadde lyst på.

å møta julie(og ha på meg den finaste nye gamle regnjakka som de får sjå ein anna dag) og reisa på eit loppemarked langt uti hutta.

små fine funn på loppemarknad.

også møta han der fine for å hyperfort pakka og springa opp på alexander kiellands plass.

å synast han er fin i sine nye sko, også køyra med kjærestesøster og kjærestesøsterkjæreste til hamar for mgp-weekend hos kjærestebror og familie.

å laga figurar i plastelina(ikkje eg, eg er virkelig ikkje flink til sånt, fekk ikkje eingang til å laga ein sitron).

å setta opp telt i hagen(der eg ein gong for alle(igjen) vart utnevnt til den praktiske av meg og han der fine(han vart ikkje invitert eingong).

å endelig få tid til å lesa heile avisartiklar og reportasjar utan magasinangst i magen, men heller idéar som kjem som markjordbær på ei snor om dagen.

champagne og skål for mgp.

fantastisk pizza som aldri tok slutt.

mgp-kaos og poenggiving. eg heia på tyskland og frankrike og boikotta israel så da gikk eg fra bordet.

så sov me i telt den natta, eg og han der fine, me måtte ha hendene nedi soveposane for dei var så kalde så me sovna med pannene mot kvarandre for det var det einaste som gjekk. når me våkna i dag tidlig hadde han krøller ved øyrene og var det finaste i verda. som vanlig.

før frukost: krittkvitt hår og eplehender.

og ein før frukost-dans.

til frukost: den nye sunniva-juicen med appelsin, drue og bringebær. godkjent.

disney-nattkjole og nys ved bordet.

lang og herlig frukost med tusen typar pålegg og kaffe og egg(ein lærer å setta pris på det når ein ikkje har så mykje pengar å bruka på frukostar).

så var det tid for utflukt: domkirkeodden. me sat mest ved vatnet og skyene såg ut som maleri.

det vart kasta kanskje eit par hundre steinar og eg og tiril starta ei lita samling.

heim tok eg med meg tre rullar diana, ein stein som liknar på eit nasehorn på den eine sida og ein trist hund på den andre.
kva har di helg vore?
ps: om det er nokon i hardanger/haugaland-området som har lyst på ein heilt nyfødt kattepusfin, så kan de maila cathrine-fjaera@hotmail.com!

my weekend looked like this. going to hamar for the weekend to celebrate the eurovision song contest, eating pizza, sleeping in a tent and eating beautiful breakfasts.
han der fine.

no reiser eg og han der fine på laurdagsutflukt. i mellomtida tenkte me at det ville vore supergøy å ha ein spørsmålsrunde der de fekk stilla
stopp!

i'm now letting you ask my boyfriend questions!
stille dager i mixing part.

"(en liten hund ble desverre skadet under arbeidet med denne boken, men den kom relativt raskt under behandling og har det i dag etter forholdene godt.)"

stille dager i mixing part av erlend loe er ei sånn bok som ein berre må lesa ut på ein ettermiddag fordi plutselig er den ferdig også blir ein berre sittande og venta på at han skal skriva ei ny. denne boka handlar om nina og telemann som reiser til tyskland på ferie. ho elskar tyskland og han hatar det men elskar teater, han er forelska i nigella lawson og prøver så hardt han kan å holda det skjult. fin bok. fin erlend loe.

a book by a norwegian author called erlend loe. some of his books have been translated into english, you should read them!
om magasinet! obs!
for å forklara litt nærare: om me skulle sendt magasina kvar for seg ville dei kosta minst femti kroner berre i porto. heilt sjukt, eg veit det. men me sender med massepost, altså må me senda minst 200 magasin kvar gong me sender. i dag sender me 200, og neste veke kjem eg til å setta opp prisen på grunn av dei sjuke portoprisane(og eg er superlei for det og så innmari irritert på posten at eg ikkje veit kvar eg skal gjera av meg). om de vil kjøpa magasin for 110 og få dei i posten tidlig neste veke kjøper de NO NO NO. var berre det. for neste veke vil dei mest sannsynlig bli sendt med smartpost.
og forresten: ja, eg kjem til å sitta i park og selga. neste veke.
suss!
eg fekk eit brev i posten.
i dag fekk eg ei så fin pakke i posten at eg ikkje kan la vera å visa fram til alle.

trykk på bildene for å sjå dei større så de kan lesa!

tusen takk for det fine brevet og alle dei fine tinga, superfine brevjenter!

i got a letter in the mail today from two lovely girls.

trykk på bildene for å sjå dei større så de kan lesa!

tusen takk for det fine brevet og alle dei fine tinga, superfine brevjenter!

i got a letter in the mail today from two lovely girls.
drop dead gorgeous.
i går kveld såg eg og han der fine ein perfekt onsdagsfilm. drop dead gorgeous, fra 1999. med alle dei fine skuespelarane kirsten dunst, brittany murphy, amy adams(ho som spelar julie i julie and julia!), kirstie alley og denise richards. og filmen er fantastisk klein til ei kvar tid.

ein fiktiv dokumentar om den lokale skjønnhetskonkurransen og alt som følgjer med: eksplosjonar, attentat, mordforsøk og amputasjon. og alle karakterane er akkurat passe merkelige og sprø. for sånne som meg som elskar amerikanske dramamama high school-filmar, altså.

yesterday my boyfriend and i saw drop dead gorgeous with kirsten dunst, brittany murphy and kirstie alley. such a perfectly awkward movie.

oslo-tips!
i går trikka eg og han der fine til holbergs plass. i fleire månadar no har eg holdt utkikk etter at denne plassen skal opna for gjester og no har det endelig det! og kva er det, spør du? ei frozen yoghurt-sjappe! (perfekt for meg som ikkje toler fløyteis)

dei har ulike smakar som skiftar fra veke til veke, og ein må sjølv dra i spakane for å få isen ut. spennande og skummelt.

så får ein velga all topping ein vil ha.

min såg sånn ut: kokosis, kvite sjokoladeplettar, jordbær og ei lakrisstang.

han der fine hadde chai-is, karamellsaus, tutti frutti-strø og kvit sjokolade.

han der fine var hoppande fornøgd.

og det var eg óg! superdupergod is!
yogurt heaven
holbergs plass

yesterday my boyfriend and i went to try the new frozen yogurt shop here in oslo, and it was magnificent.

litt om magasinet.

mange er ganske nysjerrige på magasin-prosjektet mitt, og her er litt fakta i form av ei punktliste:
magasinet er eit slags kunstmagasin med ein del ulike fotografar og forfattarar/skribentar, litt illustrasjon og ein osloguide og ein tekst skriven av meg.
arbeidet starta for ca eit halvt år sidan, men det er i hovudsak dei siste to månadane eg har jobba med det mange mange timar i døgnet.
eg har gjort all den grafiske utforminga heilt aleine med program eg lærte på media og kommunikasjon på vgs(og er ganske stolt i og med at eg trudde eg hadde gløymt alt eg kunne allereie).
eg har brukt eit trykkeri i oslo som heiter zoom grafiske, opplaget er på 850, det er 80 sider og sidene er tjukke og blanke(akkurat som eg ville ha dei).
så langt har me berre solgt rundt 350, og eg har ein superstor
klump i magen(som heiter dårlig sjølvtillit) som seier at me ikkje får
solgt meir og at eg og han der fine må bu med pappøskjene resten av
livet.
fordi magasinet er på nynorsk har me fått økonomisk støtte fra landssamanslutninga for nynorskkommunar og aasentunet. også trafo, da. i magasinet er det kun to reklamar: lerum og balholm. eg ville i utgangspunktet ikkje ha reklame fordi eg veit kor sårbar målgruppa mi er for reklame for klede og skjønnhetsprodukt, og har vore så heldig at me har fått nok støtte til å sleppa det.
pengane som er til overs etter dette magasinsalget går rett inn i eit nytt magasin som kjem til hausten(eg skal i utgangspunktet ikkje ha noko lønn for arbeidet og det er mykje viktigare for meg å få ut eit nummer to enn å få masse pengar(det er berre litt viktig for meg at de veit at eg ikkje gjer det for pengane si skuld)). om de har idéar til nummer to er eg så superinteressert i å høyra om det!
og litt bilder:

framsida, teikna av vidunderlige caitlin shearer.

baksida. "takk, ivar aasen".

tekst skrive av ute er det melkehvitt.

eingangskameraprosjektet.

scannography av celina.

editorial og intervju med sara.

min oslo-guide. den brune saken på høgre side er eit kart eg har teikna over grünerløkka!

fantastiske solveig selj.

intervjuet mitt med martotopia.
om det er noko meir de lurer på så får de veldig gjerne spørra i kommentarfeltet. suss!
ps: til dei som ikkje tør eller får til å kjøpa ting over internett: ville de ha syns det var fint om eg satt i ein park med magasin som ein fekk kjøpa for ein hundrelapp?

an entry about my magazine and things some people have been wondering about. also some pictures to let you know what it's all about.
i dag lagar me middag.
for meg er det viktig å ikkje eta så himla mykje kjøtt og eg prøver alltid å finna oppskrifter på ting som er så gode at ein ikkje har lyst på kjøtt eingang, og det gjorde eg sist veke: kikertburgarar! det er enkeltpenkelt og sånn gjer du det:

skyll ei pakke kikerter, ca tohundre gram, me brukte dei fra eldorado og dei kostar typ åtte kroner.

så kneftar du kikertene med ein stavmiksar eller food processor eller om du er supersterk kan du kanskje bruka gaffel. bland det med ein finhakka lauk, eitt egg, paprikapulver, salt, pepper, spisskummen. så blandar ein i mel til ein føler ein har ein okei konsistens(omtrent som kjøttdeig når ein lagar vanlige burgarar).

så tar ein passe storleikar i hendene(pass på at hendene er blaute så det ikkje klistrar seg til håndflatene) og klem dei flate. steik dei så på middels varme med olje i ei panne, eit par minutt på kvar side.

så kan ein blanda ein salat(kanskje med litt pasta i om ein er veldig svolten) og ein salatdressing.

med rødbetar på toppen. halleluja! dei er ganske mektige, oppskrifta held til to personar. nam nam naaaaaaaaam!
kva et de til middag i dag?

my recipe for chick pea burgers.

på eit sjukehusrom med ballongar, raude gule grøne blå.

kjelde
det er vanskelig å vita kvar grensa går for kva som er for sårt og ikkje å skriva om her, kva som er for privat eller personlig eller korleis ein skal formulera seg for å trippa på tå rundt eit ope sår. kvar grensa går mellom å skriva store raude ord i ei notatbok mot å skriva det så heile internett kan sjå. for det som har stått i store bokstavar i hovudet og på papir dei siste dagane er tre enkle ord: pappa har kreft. kreft kreft kreft. fem bokstavar som er heilt ufarlige kvar for seg men saman skapar klumpar i magen på venner og familie, naboar og svigerforeldre. klamme håndflater og mascarasøl på puta ein onsdag i mai.
det går bra. om nokon andre hadde vore i same situasjon og sagt det til meg hadde eg tenkt at det kun var ei overlevelsesmekanisme, å repetera for seg sjølv at det går bra. men eg veit at det går bra. dei fant det tidlig og cellene er ikkje så sinte på pappa heller. men det er rart at han er den samme personen berre med celler som vil eta han i kroppen. om eit par veker reiser me til bergen for at pappa skal gå i kvit kjole og bli operert. og sidan han ikkje kan eta kake får han ballongfest på rommet i alle fargar han vil ha, raude gule grøne blå.
(og eg har det fint. eg lovar.)

just a little entry to let you know that my father was diagnosed with cancer this week. he's going to be fine and i am too.
ei lang helg med lite bilder.
torsdag.

tar flyet heim med trine marie, fotograferar ein heil rull med skyer og lar meg for første gong fascinera av fjell og fjordar(istadenfor å irritera meg over alle folka som seier åherregudsjådetfjellet), diskuterar mangt og mykje med ho. pappahenting, grilling og vin og makronar i hagen.
fredag.

eg og pappa ler så me får vondt i magen i photo booth, me drikk vin i hagen til familievenner og seint hoppa eg på ein buss til han der fine med ei ostekake og ein gul koffert. får holda magasinet i hendene og konkluderar med at det er surrealistisk.
laurdag.

slektsstevne med familien til han der fine. stor fin frukost, lappar og kaffi med sukker og melk, barnehender og smil, kragekjole på og ned til hotellmiddag med skummel kjellar. tusen flasker vin, han der fine som lobbypianist og flexikort i lønn, ein knust glasvegg av dansande kjærestesøster og ukontrollerbar latter og lattertårer, verdens styggaste kakefat, strømmen gikk og fram med stearinlysa, trang taxitur heim og nattmat ved det lysaste punktet i huset(det største vindauget). gras på kjolen og strømpebukse til tørk i dusjen.
søndag.

ein pappa som hentar og køyrer heim, køyrerunde med magasin i ein pose og pengar i ein konvolutt(som inkluderte å sitta i fem ulike sofaar), kyllingklubber til middag. og i morgon er det tilbake til oslo.

my weekend. very long but not a lot of pictures to show for it.

musikk & eit bloggtips.
ei pyttelita spelelista med songar eg høyrer på mest akkurat no: do-wah-doo.

minismartinis - vintagekjolar, raudt hår, kjærleik og vinfestar. min nye favoritt.legg igjen litt musikk og eit bloggtips du óg vel.

a spotify playlist and a blog for you.
MAGASINET!!!

eg sit heime og han der fine har fått alle magasina som tar opp halve leiligheten og eg kan ikkje venta til han kjem i kveld og til eg endelig får ha det i hendene! no kjem dei straks i postkassene, hurra hurra hurra!!!

my magazine is finally here!
sånt som bestevenner veit.

kjelde
eg og han der fine har ein føflekk inni venstre hånd begge to. min er fryktelig liten og hans er litt større men på samme plass.
som liten var eg livredd for å sova heimefra, og nesten kvar gong eg ville sova vekk måtte nokon ringa mamma og pappa også kom dei og henta meg uansett kor seint det var og dei sa aldri "jamen du vil jo berre heim".
eg er sinnsjukt rastlaus og vil egentlig festa og vera invitert på middag og ha kakefest og ligga i parken og spela spel kvar dag sju dagar i veka og er generelt skuffa over kor usosiale folk er denne byen. stort sett er det alltid eg som inviterar til fest, pantar flasker, resirkulerar og vaskar opp. men det er okei sålangt.
eg skriv notatar på mobilen og har tretti utkastmeldingar med setningar eller ord eg skal bruka i tekstar som eg kjem over når eg sit på trikken, kjøper knekkebrød på meny eller går forbi nokon som luktar vanilje.
å kunne overvåka nokon tjuefire timar i døgnet ville nok vore den beste gåva nokon kunne gitt meg. eg har mange gongar leika med tanken å festa ein lydopptakar på ein offentlig plass(i ein heis?) for å høyra kva folk snakkar om når dei trur ingen høyrer på. her ein dag spurte eg han der fine om han ville ha støtta meg om eg på ein eller anna måte fekk montert ein lydopptakar på soverommet til kronprinsparet(han sa nei).
ofte blir eg heilt overvelda av kor mange folk som finst i denne byen og i verda, at absolutt alle har ein historie og skal ein plass, at tankane til nokon andre på trikken kanskje er i eit anna språk. av og til tenkjer eg så mykje at eg køyrer til endestasjonen utan å merka det også blir maten kald til eg kjem heim. ein dag skal eg følga etter nokon ein heil dag og bli ein liten del av livet deira utan at dei veit det.
eg held pennar og blyantar på ein rar måte, og har prøvd å venna meg av med det heile livet, men kvar gong eg prøver å holda "rett" ender det anten med at blyanten knekk eller flyg til den andre sida av rommet. om eg skriv mykje får eg raude merker på den midterste fingeren og vondt i tommelen.
då eg var yngre var felicity eit av mine store idol, for ho flytta ut og ho hadde dagbok på båndopptaker og eg ønska meg det men eg fekk det aldri.
eg er ganske morbid og har ein ekstrem fascinasjon for seriemorderar og psykopatar, og kan sjå timeslange dokumentarar og lesa artiklar der eg må slå opp halvparten av orda for å forstå, og denne fascinasjonen = <3 tv-seriar som dexter, csi og criminal minds.
å få tekstmeldingar er noko av det beste eg veit, av ein uforklarlig grunn. kvar gong eg ser den gule konvolutten på displayet kunne det like gjerne vore ei stor rosa pakke med sløyfe med bobleplast og tyll i. åh. blir varm i magen.
eg er livredd for at eg og han der fine skal bli eit sånt par som sit framfor tv-skjermen kvar einaste kveld og at me berre er meg og han heile tida, så av og til seier eg "nei, du får ikkje vera med", berre så eg kan vita at me fungerar kvar for oss, og det er óg ein grunn til at eg flyttar til paris neste vår.
hjartet mitt er pyttelitt for stort og slår ikkje heilt som det skal. det hoppar over slag innimellom og av og til slår det dobbelt.
kvar månad brukar eg eit par hundre kroner på blomsterbukettar, nokre ville kanskje seie at det er bortkasta pengar og at ein heller skulle kjøpa krukkeplanter, men dei dør. etter kanskje to timar her. så eg latar som hemmelige beundrarar sender blomar på døra kvar veke og at det har blitt ein fin og uvanlig vane.
eg elskar alle kjolane mine, men eg brukar dei mykje i periodar også får dei kanskje henga i skapet i ein månad før eg brukar dei igjen. no har eg det sånn med dei svarte med blondekrage, annakvar kveld vaskar eg dei i vasken på badet og heng dei til tørk og dei tørkar akkurat til dagen etterpå.
han der fine heiter beibipingvin på telefonen min og me gir kvarandre små pingvinting når me finn, som varmeflasker og viskelær. det er for at pingvinar held saman til dei døyr. det skal me óg.
eg er allergisk mot sjokolade og fløyte og blir heilt rødprikka i ansiktet om eg et det, som ein liten polkadottball. også klør det.
just sixteen facts about me that you may or may not know(i'm fascinated by serial killers, spend a lot of money on flowers, hold pens and pencils all wrong and i'm allergic to chocolate and cream).
heime.

hei finingar, i natt fekk eg finaste bestevenninna på pusøk, me kjøpte sitrongreier på deli deluca og snakka om spiritualitet og korleis me er så forskjellige i at ho ikkje likar seg i byen og eg ikkje likar meg i fjellet. i dag flaug eg over sogn og fjordane i eit pyttelite fly(kjøpte klimakvote, altså) og no er eg heime hos min mamma og min pappa og søster og hund, har tatt bilder av kirsebærtreet i hagen til bestemor+bestemor, no drikk me vin og grillar og har dårlig humor som vanlig. kva gjer de i kveld?

last night was spent with my best friend and today we flew over mountains and fjords to get home, so now i'm at my parents' house barbequing and drinking wine.
vårdiana.
fint i går.
♥ eg og han der fine bestemte at me skulle ha søttende mai fordi eg var sjuk da, så da åt me pølser til middag.

♥ medan han der fine var på møte gjekk eg på narvesen og kjøpte lykke i form av magasin. + v8 splash. elskar den.

♥ ute kjøpte eg óg mi første pasjonsfrukt som smakte fantastisk.

♥ når han der fine kom heim fekk eg verdens største yoghurtis. som søttende mai skal vera.
kva fint skjedde deg i går?

nice things that happened yesterday: my boyfriend and i decided to celebrate the national day yesterday since i was sick on the actual day, we ate sausages for dinner, i bought magazines and my favorite juice, ate my first passion fruit and got the biggest yoghurt ice cream from my boyfriend.

1964.

det er nittensekstifire, ånden din er ei blanding av gamal whiskey og lucky strike, du har éin blond krøll i panna og trur du er kongen av heile verda. me står utanfor ein bar og du står i midten, du snakkar om politikk om dop om sex, klokka er fem på natta men det er det ingen som veit. det byrjar å regne og dei fleste går inn, du står igjen på fortauet, ansikt mot regnet og open munn. eg blir ståande og sjå på deg, går mot deg og stoppar rett framfor, lar regnet renna nedover kroppen min, trenga gjennom kjolen gjennom strømpebuksa inn i skoa. eg stiller meg på tå, tar ansiktet ditt i hendene mine og kyssar deg så mjukt at du nesten ikkje kjenner det. stopp. spol tilbake. ein gang til.
eit lite filmtips.
eg brukar mange pengar på film kvar månad, bestiller nesten alt eg vil som eg syns ser fint ut. og av og til sjansar eg fordi det er fine skuespelarar med. og av og til berre får eg ei kribling i magen som seier "denne er nok fin". og det var det som skjedde når eg bestilte paper heart:

alle bileta fra imdb.com
paper heart handlar om charlene som ikkje trur på kjærleik, så bestevennen hennar lagar ein film om ho der dei reiser rundt i amerika for å intervjua andre om kjærleik i håp om at ho skal endra meining. ho er bombastisksikker på at kjærleik er tull. så møter ho michael(og kven blir vel ikkje forelska i michael cera?) også blir det ganske komplisert. filmen er så søt og skjør så ein vil holda den inni håndflatene som ein sommarfugl. sjå den.
har de filmtips?

film tip: paper heart. michael cera. <3

i går reiste eg saman med kjetil opp til sagene, og etter mykje forvirring fant me den lille kokosbollefabrikken. den er ti gongar så stor som den på grünerløkka, så det var fint.

eg fekk ein kokosbolle, ein sjokoladefrosk og ein kaffe.

janne & kjetil.

janne har den finaste cardiganen som eg er misunnelig på.

eg valgte å gå store omvegar heim og fant fantastiske små skattar som var som heilt andre byar. fint at oslo kan vera fint.

så såg eg to filmar, laga kake og åt blomkål med ost.
i heile dag, søttende mai, har eg vore dårlig og kasta opp(og i natt sov eg på golvet på badet), så eg sit framleis i pysj og er så trist og sliten at eg ikkje veit kor eg skal gjera av meg. utanfor vindauget ser eg kubaparken og der er det hundrevis av menneske som et pølser og is. verste søttende mai nokon gong. eg håpar de har hatt finare dagar enn meg! gratulerar med dagen! suss.

my sunday was going to a café and getting volountarily lost in the city, then having cauliflower and cheese for dinner and watching to movies. today is norways national day and i have been throwing up since last night, what a way to spend it(i do feel very sorry for myself).
ein laurdagsdag gjennom ein mobil
i går på dagen var eg superdårlig på å ta bilder med storetunge kameraet, så eg gir fra meg ein laurdag gjennom mobilen min istaden. når han der fine er vekk sender eg masse mms, så det kan jo bli fint.
14:29
mariell: okei kva skjer i kveld?
janne: har ikkje peiling. vi får sjå kva som skjer. gidd ikkje å mase.
mariell: men kva om han ikkje vil ha fest?
janne: hm. då får vi finne på noko anna. men eg trur det går bra.
mariell(mms):

14:37
mariell(mms):

eg og diana er på vår frelsers gravlund og føler at me er i paris.
han der fine: så fint! <3 hels ho! men faen, no fekk eg lyst til paris.
14:48
eg er på fretex på st.hanshaugen og ringer pappa for å spørra om eg skal kjøpa ei bok til han. han samlar på bøker i ulike seriar og eg fann ei som eg lurte på om han hadde eller ei. det er dårlig dekning og eg må stå i døra for å høyra kva han seier, han er ute med hunden, han vil ha boka men ringer meg snart opp igjen.
15:03
mariell(mms):

skostativ!
han der fine: yipi!
mariell(mms):

telthusbakken. <3
15:05
pappa ringer igjen. me snakkar om at eg skal heim neste helg og om neste år, han er bekymra for om me får beholda leiligheten sidan eg ikkje skal gå på skule men eg seier at det spelar ingen rolle for det er han der fine som står på kontrakten.
22:03
mariell: trikk!
kjetil: ææ
mariell: storpar på bierman no!
mariell: ææ! ventar på torshov!
kjetil: :D bra

my saturday day through my cell phone.

fredagshopping.

fredagskvelden min starta med rigatoni med pesto og ost. mmmm.

så møtte eg janne på olaf ryes plass, me drakk vin fra skeive glas i grünerhaven.

det var grått men fint over grünerløkka.

når det var tomt gjekk me ned i markveien til bugges der me fekk eit glas husets og janne sølte på diana, men det gjekk bra.

ho hadde prikkesokkar på. janne, altså, ikkje diana.

og eit dådyr med kappe.

så sa me hadet, bugges.

og gjekk til nighthawk diner, den mest hypa restauranten i oslo akkurat no og me måtte le når me gjekk rett inn(det er konstant fem meter kø der på kvardagar). eg fekk løkringar og ein screwdriver.

og janne fekk fries og ein bloody mary. den smakte som tomatsuppe-fail ifølge meg sjølv.

me snakka om gutar og om ein kjekkas i hjørnet.

så teikna me jordbær og janne sa "du får mitt jordbær til å sjå ut som det har pels" og da lo eg.

også litt øl på det.

og fine servitøruniformar.

så vart det så mange kjendisar at me gjekk derfra så me drakk ei flaske musserande på takterassen og snakka om folk som snurrar ein rundt lillefingeren også måtte ho springa til trikken og det var den fredagen.
hadde de fine fredagar?

my friday was a lot of wine and drinks at the new restaurant nighthawk diner. when there were more celebrities than normal people we left and walked to my rooftop and drank a bottle of wine. topics of conversation: boys, sex and friends who arent really friends.
ein veldig kort spelekveld.

i går trilla janne ned hit på sykkel(og ho har hjelm) for å spela spel. me spelte rummy, for det er fint for tre(han der fine var sjølvsagt med óg).

her er mine brikkar.

og hei janne.

me åt ginger chews, det er min favoritt akkurat no og eg er heilt avhengig.

eg hadde eit supermann-plaster teipa fast på armen. sist fredag brant eg meg på ei tomatsuppe som hoppa ut av kjelen og fekk eit stort sår, og no klør det og han der fine vil ikkje at eg skal klø så han har teipa armen min og eg føler meg som cecilia lisbon.

janne brant seg óg på suppa, men ikkje heilt så alvorlig.

han der fine laga kakao og hånda mi ser ut som noko fra ein science fiction-film.

så åt eg kveldsmat og prøvde å finna ut korleis ein syklar fra grünerløkka til frogner. så såg eg og han der fine 500 days of summer og vart superforelska. no har han reist fra meg igjen og eg har ei ny aleinehelg framfor meg, men den blir med rosévin og is og fine folk og smil.
kva gjer de i helga?

yesterday janne came to play rummy, we ate ginger chews and drank hot chocolate. then i watched 500 days of summer and fell asleep, and now my boyfriend has left me for the weekend. again.
ein kvardagsonsdag.

i går onsdag starta med at eg åt all-bran med vaniljesukker og eit gult eple. dei er så fine med frekner på. så jobba eg i sju timar med å kommunisera fram og tilbake med trykkeriet om magasinet(som kjem den nittende mai eller før).

eg sjekka posten og hadde fått postkort fra ein lesar. takk, karin! pluss at eg sendte eit brev til heidi som var trist på bloggen sin.

han der fine har plukka blomar ute igjen. supersuperfint.

me gjekk ut for å gå i botanisk hage, men me var så innmari svoltne så me kjøpte bollar på seveneleven. ikkje fantastisk.

framme i botanisk hage hadde kirsebærtreet blomstra! og det hadde det jo ikkje på fredag, så dette skjer fort. det er heldigvis nokre tre av andre artar som ikkje har blomstra enda, så det er håp for andre som vil sjå óg.

fint tre, fin kjæreste. han har lært seg ny sløyfeknute.

me gjekk til tre nummer to og det har begynt å regna allereie! han der fine vart litt lei av meg som tok bilder så han la seg på bakken. han har happysocks på!

to rullar med diana, igjen! gler meg til å framkalla.

så gjekk me i urtehagen og han der fine fortalte om urtene for han kan sånt.

så var klokka masse og me var innmari svoltne, så me handla mat og fant ut at eg skulle laga mat(for eg er mykje raskare enn han).

pastasalat med sååå masse godt.

så rulla me på golvet, såg tv og kosa kosa kosa.
korleis var din kvardagsonsdag?

my everyday wednesday: allbran for breakfast, working with my magazine for hours and hours, going to the botanical garden and pasta salad for dinner.
om diana.

dei harde kalde fakta: diana f+ er eit mellomformatkamera som i utgangspunktet var ein stor hit på 60-talet. for to år sidan, då den nye bølga med analog fotografering tok til, starta lomography opp igjen produksjon av diana. at ho er analog vil sei at ho tar bilder med film. at ho er eit mellomformatkamera vil seie at ho tar bilder med 120-film, og ikkje den meir vanlige typen, 35mm, som blir brukt i kompaktkamera(sånne tjukke som bestemødre har). i tillegg går det an å få kjøpt ulike bakstykke til kameraet, til dømes 35mm eller polaroid, som vil seie at(om du kjøper det) du kan ta ulike format på samme kamera.
ho treng mykje lys og det er nesten umulig å ta fine bilder ute når det er mørkt eller inne med mindre ein har film med ganske høg iso eller om ein har blitz. på mitt fulgte blitz med. det finst få innstillingar på kameraet og alt er veldig lett å forstå, dei går ut på korleis lysforholda er, om du vil ta lang eksponering eller berre vanlig, kor langt du er ifra objektet du tar bilde av(fokus), om du vil ta tolv eller seksten bilder på ein rull. og det er stort sett det.
eg kjøpte mitt på ebay, herfra, og det kosta 70 pund med frakt, inkludert blitz og éin rull film(om du spør han så passar han på å skriva at det ikkje kostar meir enn tohundre kroner så ein slepp toll. fin fyr). angåande filmframkalling gjer eg det på fotoknudsen, men eg scannar den sjølv så eg sparar ein god del pengar på det(dei scannar ikkje 120-film på fotoknudsen, men eg er ganske sikker på at dei gjer det på elitefoto og japanphoto, og det er null problem å ringa for å spørja om pris(eller senda ein mail om ein er redd for telefonen som meg)). scannaren min er ein canon canoscan 8800f og scannar alt; meg, film, notatane til han der fine. den kosta rundt 1800 kroner. film kostar veldig varierande og treng ikkje å vera så dyrt om ein ikkje knipsar bilder av alt ein ser men heller tenkjer gjennom kvar ramme(noko eg er veldig glad for at analog fotografering har lært meg). eg kjøper film herfra, fra samme selgar som eg kjøpte kameraet, og det er veldig billig i forhold til fotokjedeputikkar i noreg.
nesten alt eg har skrive står veldig greit forklart i heftet ein får med når ein kjøper kameraet, og til dei som har problem med å lada filmen: youtube. søk "load diana film". voila!

grunnar til å elska diana f+: ho skapar bilder du aldri kan forutsjå, med kvadratisk utsnitt og rart fokus og drømmande utsjånad og den store vignetten(svarte hjørne) som gjer at bileta ser mykje eldre ut. ho er laga i berre plast og det gjer at lyset kan pyttelitt lekka inn i kameraet og laga fine effektar på filmen. det er vanskelig først, men det er så gøy når ein får det til! ein veit aldri kva ein får, men ein veit nesten at ein elskar det. mitt beste tips: hugs å ta av linsedekselet om du ikkje vil ha blank film.
håpar det hjalp til alle som lurer! om det er noko meir de lurer på, spør gjerne i kommentarfeltet.

about my diana camera. read here if you want to learn more about it!
ord.
fjorten.

kjelde
han står med ryggen lent mot kjøleskapet, det er ein fest i åttende klasse og han er den raraste guten på trinnet, mørkt mørkt hår og latter ein høyrer fra etasjar over. eg hjelper han i excel berre for å få lena meg over han og lukta han bak øyret. han er full, han har eine auget igjen, eg er óg full, på billig kvitvin og eg veit at eg ikkje kjem til å hugsa det i morgon, eg går fram til han og seier du er så jævlig fin og han ler og ser i golvet og eg løftar hovudet hans med fire fingrar under haka, han ser på meg og skjønnar at eg meinar det, han smakar tuborg og lucky strike og eg må holda hånda over brystkassa for å hindra hjartet mitt i å stupa ut. han følger meg heim og me veit at på mandag er me tilbake der me starta, to rare fjortenåringar kanskje bedre kvar for seg.
redning.

når ein ikkje får sova og været ikkje kan bestemma seg og ein har hår som ser ut som eit troll(men ikkje på ein søt måte), da kan ein eta ein heil ananas fra ei fin skål. med gaffel. og merka at det faktisk hjelper litt.

i'm having a lousy day and pineapple helps.
hjartesmil på internett.

twitter - sidan eg ikkje godtar venneforespørslar fra blogglesarar på facebook er twitter ein fin mellomting, tykkjer eg.

formspring - her kan folk stilla spørsmål heilt heilt anonymt, også svarar eg. ganske fint.

spotify - musikk eg høyrer på og spelelistene mine.

flickr - bildene mine som eg legg ut her, pluss litt fleire.

facebook - "fan"gruppe. fnis.
finst det andre plassar hjartesmil bør flytta inn?

these are my internet homes!
ih.
i går kveld kom han der fine heim igjen og det føltes sånn:

og i dag skal eg eta is og sykla bysykkel og eta middag med nakne føtter og kyssa og synga og planlegga. kva skal de i dag?

yesterday my boyfriend came home and it felt like this.

og i dag skal eg eta is og sykla bysykkel og eta middag med nakne føtter og kyssa og synga og planlegga. kva skal de i dag?

yesterday my boyfriend came home and it felt like this.
eingangskamera i botanisk hage.

i botanisk hage hadde eg med meg eit eingangskamera som janne fekk låna, så her er botanisk hage gjennom janne. er de lei botanisk hage og kirsebærblomar no?

disposable camera in the botanical garden.
diana i botanisk hage.

har framkalla og scanna dei to første rullane med diana i dag, og syns eg har god kontroll på det allerede. fleire bilder kan du sjå her. kva seier de? meir diana?
ps: de har vore superflinke til å kommentera dei siste dagane og det gjer meg varm i magen. de er fantastiske. suss.

i developed and scanned my first to rolls of diana today, from the botanical garden with janne. i love them! see more pictures here.
fredagskveld.
fredag: tomatsuppe med merkelig pastaballar, janne, purstagsselskap i toftes gate, maleri på golvet, diskusjon med ein danske, ei appelsin i eit snøre, tatoveringssuvenirar og å snakka med mamma på telefon heile vegen heim sjølv om klokka var halv fem. fine mamma.

i dag er ein veldig treig laurdag, eg har såvidt stått opp og bakar brød for å sleppa å gå ut.

my friday night was: tomato soup with strange pasta, janne, a birthday party, orange on a string, discussing with a dane, tattoo souvenirs, and talking to my mom on the phone on my way home(despite it being in the middle of the night). today is a slooow saturday.

kirsebærkjærleik.

i dag fekk eg dratt med meg janne i botanisk hage for å sjå om kirsebærtrea blomstrar(og eg sykla bysykkel for første gong og eg er kjempestolt for eg klarte nesten å tenka "eg er ein bil"). dei første trea me såg blomstra ikkje enda, så eg vart litt trist, men så gjekk me litt og pang!

eit superhøgt nesten lilla tre heilt på nedsida av hagen. eg hylte når eg såg det.

eg vil ha eit sånt som veks gjennom golvet på stova mi når eg får hus. tenk kor fantastisk.

janne fekk ta bilder med eingangskamera.

og eg tok to rullar med diana. det var så så så fint.

eg vart glad i magen og tok med meg to små blomar som eg skal pressa og lima i ei bok.

janne fulgte etter ein fugl.

og kyssa ein mann. så spanderte eg is og me snakka om korleis hjerna fungerar og om frykt og fobiar. så spaserte me heim, no skal me eta tomatsuppe også er det fin-fest!
har de fine fredagar?

today i took janne with me to the botanical garden to see if the cherry trees were blossoming, and one was. i love love love it and want to have one grow through the floorboards when i get a house. we ate ice cream and talked about the human brain and fears. now i'm off to a party!
arkiv.
for ei lita stund sidan fekk eg eit spørsmål om eg ikkje ville laga eit innlegg der folk kunne få skriva ned alt av inspirasjonskjelder dei har, og det vil eg sjølvsagt. så fyll inn absolutt alt de vil; bloggar, filmar, bøker, flickr-profilar, prosjekt, bilder, youtube-klipp! så blir dette som eit fantastisk arkiv med inspirasjon. gå gå gå!
aleinetorsdag.
i dag tidlig reiste han der fine ifra meg, og eg låg i mange timar på golvet, berre stirra i taket og håpte han skulle komma tilbake, men det gjer han ikkje før på søndag. men egentlig er det jo bra, så får eg øva på å vera aleine.

utpå dagen fekk eg på meg kjole og mi nye sløyfe. den kjøpte eg på robot i markveien i går, det var ei mannesløyfe men med limpistol er den fin i håret. i løpet av dagen sendte eg to mms til han der fine:

"har kjøpt ny duk."

"eg bakar til middag som du ser."

til middag laga eg innbakte kyllingpølser med oppskrift herfra. det var super-supergodt og veldig enkelt. eg er litt opphengt i min nye duk og blomane, som de sikkert har skjønt. blomane er greiner fra eit tre rett utafor her.

eg åt middag til sex & singelliv, som alltid trøstar når eg ikkje har det så bra.

rett før sola går ned er det så fantastisk fint lys til og med om ein ikkje orkar å gå ut. så eg satt rett ved vindauga og skreiv tekstar om såre leggar og krøller ved øyrene.

så skreiv eg postkort til bestemødrene mine. eg likar så innmari godt å gjera det ein gong i månaden.

så drakk eg hylleblomstsaft til eg fekk vondt i magen, og no er det smoothie og meir sex & singelliv.
har de fine torsdagar?

my thursday was affected by my boyfriend leaving early in the morning, and there is a strange quiet feeling in my stomach. my thursday was wearing my new bow, buying a new table cloth, eating sausages for dinner, enjoying the light and the flowers, writing postcards to my grandmothers and drinking a lot of juice.

learning to love you more.

"assignment 31: spend time with a dying person"

"assignment 62: make an educational public plaque"

"assignment 63: make an encouraging banner"

"assignment 51: describe what to do with your body when you die"

"assignment 53: give advice to yourself in the past"

"assignment 39: take a picture of your parents kissing"

"assignment 35: ask your family to describe what you do"
denne boka har eg i veska akkurat no, og eg kjøpte den fordi miranda july har laga den, og eg elskar miranda july.

the book in my bag just now: learning to love you more by miranda july(who i love!) and harrell fletcher.
vakre vakre mann.

paul boche er ein mannlig modell, her fotografert av kristiina wilson og herregud så pen. dei kjevebeina. dei kinnbeina. det håret. ein får lyst til å setta han i hylla og berre sjå på at han går fram og tilbake heile dagen.
(forresten er de superdårlige på å kommentera igjen, det er trist og demotiverande. berre så de veit.)

i love the male model paul boche. pictures by kristiina wilson.
diana.

i går fekk eg kjærleik i posten. for purstagspengane mine kjøpte eg ei nydelig ny diana f+, med blitz og fargefilter.

sjølv om eg ikkje har fått tatt bilder med den enda gjer den meg så hoppande glad.

så no har eg mamma- og beibidiana. dei er ein fin liten familie. fine saman og kvar for seg. eg gler meg til sola og blomane kjem for fullt så eg kan ta tusen filmar med firkanta ruter med kjærleik på, av parkheng og sussar og paris og nakne føtter og bøker i graset og vin. skjønnar?

i got my new diana f+ in the mail today, now i have the baby and the mother.
ååh.

kjelde: sheandhim.com
no er eg heime. i kveld har eg og han der fine vore på she&him-konsert på john dee og eg har vore fem meter fra zooey deschanel og herregud. det var den finaste konserten og eg har den finaste kjæresten og eg har det ganske fint. har de det fint? eg håpar det. tusen takk til finaste linn som gav meg billettane!

i just came home from a concert with she&him and i loved it and i love zooey deschanel.
alice.
i går låg det ei stor pakke fra amazon i postkassa mi. den var sendt fra ein blogglesar som purstagsgave, og eg hylte når eg opna den: alice i eventyrland i popup-versjon. åh.

finast. klarar nesten ikkje å legga den fra meg. elskar den. tusen takk, stella! suss.

i got this in my mailbox yesterday from a blog reader. thank you so much!

finast. klarar nesten ikkje å legga den fra meg. elskar den. tusen takk, stella! suss.

i got this in my mailbox yesterday from a blog reader. thank you so much!
om ei lillesøster.

mi første erfaring med lillesøster var på sjukehuset i lærdal, eg fekk ha ho i fanget, eg hadde kjole med stor krage på og fletter, og når ho prompa på låret mitt var ho ikkje så interessant lenger. som liten stengte eg ho inne i ein liten ovn eg hadde på rommet mitt, lugga ho og beit ho og låste ho inne på kottet. me krangla i baksetet på bilen, heile vegen til ungarn og tilbake, om kven som fekk sitta framme, om kven som fekk den kule gaffelen hos bestemor. når me måtte gi vekk katten fordi ho var allergisk ville eg mykje heller at dei skulle gi ho vekk og la katten bli igjen.

/det finst ingenting i verda som kan samanliknast med forhold mellom søstre. finst ingen is som er stor nok, ingen reise til paris, ingen nattbad. nasen min er meir rund og ho har meir firkanta, ho har brune auge og eg har grøne, ho har brunt hår på ordentlig mens eg berre juksar. me har samme tenner, samme munn, samme beinstruktur. samme foreldre, samme barndom, samme etternavn. mariell og renate. renate og mariell. det finst ingenting i verda som er bedre enn søsken.

baz luhrmann seier, i the sunscreen song, "be nice to your siblings, they are the best link to your past and the people most likely to stick with you in the future", og eg ser for meg å sitta rundt eit trebord på ein veranda i london, med føttene trekt opp under meg, med knekkebrød og leverpostei ferskt fra noreg, tekopp i hånda, eg og han der fine og søster og kanskje ein høg og mørk ein, me tar dei med til alle plassane me likar og eg held ut mens ho shoppar i oxford street i timesvis, leitar etter plassar å sitta på topshop, for ingen andre enn ho.

eg skulle ønska eg kunne krympa ho til så lita som ei fyrstikkøskje og ha ho i veska heile tiden, surra ho inn i bomull og følga etter ho så ingen ingen kunne gjera ho noko, pakka hjartet inn i plast, børsta håret hennar og mata ho med gullskei, sjølv om eg veit at ho er smart og sterk nok til å klara seg heilt sjølv, eg veit at ho finn ut av det. sjølv om det er jævlig å vera søtten år og lillesøster. ho er alice i eventyrland, ute på glattisen, inni ein labyrint, og eg må la ho finna brødsmulane eg har strødd på vegen ut. så kan eg stå i andre enden og venta og vera den stoltaste storesøstra i heile verda.

about my little sister, try the google translator.
ballet shoes.
i går såg eg ein nydelig fin film som heiter ballet shoes. eg kjøpte den fordi eg er litt forelska i emma watson og ho har ein av hovudrollene. filmen handlar om tre foreldrelause jenter, pauline, petrova og posy, som alle tre blir funne av ein gamal paleontolog, gum og flyttar inn i huset hans. i huset bur sylvia, niesa til gum, som oppdreg jentene. dei lovar kvarandre å komma i historiebøkene.

filmen er heilt utan dramaturgi eller dramatikk, men den er sånn fin som gjer at ein blir varm bak ribbeina. ein kan sjå den fordi emma watson er så fin, fordi smilet til ho som spelar petrova gjer ein glad eller for posy si dansing eller fantastiske raude krøllehår, berre ein ser den. kanskje med kakao og marshmallows eller gulrøtter med dip. på ein mandag. om ein vil.

yesterday i saw the film ballet shoes, i ordered it because i have a crush on emma watson and i loved it. such a pretty movie.

heilt utan tekst.

ei ny speleliste. for deg som treng å jobba eller å sova eller deg som berre ikkje orkar å høyra stemmer og vil slippa.
heilt utan tekst.

my new spotify playlist: without a word.
blå og rosa.

eg håpar de har fine laurdag. min laurdag er blå og rosa samtidig. hard i kantane men mjuk i midten. suss.

my saturday is blue and pink. hard around the edges but soft in the middle.