prikkekjole
min nye svarte prikkekjole kjøpt på vintage-putikk i reykjavik kjem godt med på ein bakedag som i dag. eg skal definitivt snart investera i eit stort tyllskjørt som gjer seg bra under slike kjolar. i morgon kjem min guide til reykjavik!

kva gjer de i kveld?

i love my new polkadot dress, vintage from reykjavik. tomorrow i will show you the guide to my reykjavik. kisses!

kva gjer de i kveld?

i love my new polkadot dress, vintage from reykjavik. tomorrow i will show you the guide to my reykjavik. kisses!
sommarfest.

i dag fekk eg mine gamle nye shotteglas i posten. 100 kroner. eg elskar ebay. no må eg ha sommarfest. kven vil komma? det blir jordbær og malibu og stripete sugerør og alle må få grønske på føttene.

i received these wonderful shot glasses through the mail today, gotta love ebay! who wants to join my fabulous summer party?
ein fin sommarfilm.

kule tracy turnblad.

amanda bynes.

michelle pfeiffer.

og herreherreherremin kor kjekk går det an å vera?

eg vart skikkeleg high school-forelska i zac efron. heilt på ordentlig.

filmen handlar om dansing og rasekamp i usa på 60-talet. begge deler blir gjort i store nydelege kjolar som er så fine at ein dør.

og john travolta som tjukk dame med angst. brilliant.

queen latifah!

<3

christopher walken! (som eg forsåvidt er litt forelska i akkurat no)

hihi. hairspray er ein heilt fantastisk feelgood-film der den lubne jenta seirar over den pene tynne jenta, og det likar vel alle. og med det skodespelarensemblet kunne det aldri gå gale uansett. det er ein heilt fantastisk film, og eg tok meg sjølv i å smila lenge etter filmen var ferdig. så sjå den i sommar! puss puss.
det er alltid så mange som spør: for å få fine filmbilete brukar eg vlc og vanleg eple/kringle+shift+3 i mac. så veit de det.

hairspray is a fenomenal movie with a brilliant cast.
klede

nye klede i putikken!
sommarkonkurranse i samarbeid med ND designs

fine elefant vant, for ho sa "manet" og da tenkte eg på dette biletet som eg elskar.

to win this lovely pair of earrings by norwegian ND designs, all you have to do is leave a comment with the word that first comes to mind when i say....... summer nights! i will announce a winner on wednesday.
bobler og makronar

i dag har me berre slappa av og sett på veggkunst(snøen på toppen blinkar!), gått i hovudgata og vore på kafè. det kjem eit heilt eige innlegg om reykjavik, ein guide om du vil. så berre ver klar!

me kjøpte ti makronar på eit fint bakeri, og eg fekk tilfredsstilt paris-saknet mitt ei lita stund.

eg fekk òg kjøpt ein boblepistol som var til stor glede for meg sjølv og fine tanteungar. eg kan ikkje visa bilder av dei, men dei ser ut som blomar og sukkerspinn og kokosis. så veit de det. og dei ler mykje.

denne nye fine kjolen kjem eg nok til å bu i. med og utan bobler. i morgon skal eg heim, og eg gler meg til å komma tilbake til ei vanleg bloggrytme, for det er så trist å sjå korleis statistikken berre stuuuuper. men neste veke blir det så masse gøy med konkurransar og fine ting å visa fram, så berre hold ut. eg håpar alle søv godt(for det gjer de vel?)! puss puss.

my last full day in reykjavik consisted of studying graffiti, eating macarons and being in love with my new dress and soap bubble gun!
blå blomar

i går sneik han der fine seg tilbake til eine vintageputikken me var på og kjøpte denne kjolen til meg. eg hang den tilbake fordi eg har rekningar å putale. men eg fekk store blå stemorsblomar likevel! fantastisk. eg er så forelska og glad og det gjer ingenting at vatnet luktar råtten fisk og i dag kjøper eg miss dior cherie uansett kva nokon seier.

my boyfriend gave me this wonderful vintage dress yesterday. i am happy and in love with him and reykjavik!
reykjavik ii og kjolar

i dag har me vore på shopping og gåing rundtomkring. det er masse fin veggkunst i reykjavik!

om nokon lurer på korleis ein medium is ser ut, er det sånn. eg lurer på korleis den store ser ut.

han der fine fekk smaka min med lakris-dip og den var god!

så var me innom den kulaste mest rotete bokputikken eg har vore på nokon gong.

og maaaaasse vintageshopping. den fine blå til høgre fekk eg av han der fine.

ein av mine nye kjolar bakfra.

og med min nye koffert for ein tiar. klokka er berre fem her, og me skal ut for å eta middag.
translation: my second day in reykjavik.
fint.
hundre kroner ser ut som ein fisk på island.
og femti kroner som ein krabbe. eg tykkjer me skal få litt meir spenstige myntar i noreg òg. eg saknar den gamle tikroningen(og han der fine saknar elgen på fem-øra), men tykkjer godt at myntar kan vera kaker og frukt og fine ting. at femti øre kan vera ei sløyfe og ei krone kan vera ein ananas og fem kroner kan vera ein muffins og ti kroner kan vera ein blondekant og tjue kroner kan vera eit lite kjeks!

reykjavik i
i dag har vore utfluktdag! så me har vore på thingvellir, sett geysir og gullfoss. det er altså han der fine sin familie som reiser, alle saman, fire generasjonar, 11 personar inkludert to små fine.

dessert til frukost er noko eg absolutt kan like!

thingvellir.

geysir!
så langt er reykjavik veldig bra. fint og billig. og i morgon er det den store shoppedagen, hurra!

dessert til frukost er noko eg absolutt kan like!

thingvellir.

geysir!
så langt er reykjavik veldig bra. fint og billig. og i morgon er det den store shoppedagen, hurra!
translation: this is what my first day in reykjavik looked like.
kjærestefin.
eg prøvar jo som sagt å bli glad i oslo, og finn det ganske vanskeleg. så i dag tok han der fine meg med på bare jazz, og der likte eg meg verkeleg.

for der fekk eg gulrotkake og kjærestefin.

me åt middag i parken og fekk pusøk av ein katt som ville bruka foten hans til eit tak.

og veska mi som eit hus.
til informasjon:
1. her kan de sjå opptak av innslaget til han der fine på landsmønstringa. det er dei som heiter jabse.
2. eg har lagt ut to nye kjolar i putikken!
og ein ting til: tykkjer de at bileta mine ser heilt forferdeleg ut no, eller er det berre eg som er paranoid og saknar den andre større macen med fin programvare?

i spent the day trying to like oslo more, and i did. he took me to a lovely café and we ate dinner in a park accompanied by a strange cat.
matthew gray gubler

matthew gray gubler er, etter johnny depp, høgt opp på lista over mannlege skodespelarar. mest fordi han er så hiiiiimla søt og kanskje fordi han spelar i criminal minds som for tida er ein av mine favorittseriar.
søt. han er så søt.

i love love love matthew gray gubler!
trondheim ii

mormor har vore på pusøk i trondheim by og fått hjartekaffe av min pappa. ho var kry.

eg har vore på oppdagelsesferd.

eg har ete is og pikekyss.

og søt pizza!

og blitt kjent med veldig fine folk.

og hatt ei bok på utstilling visst!

og kjøpt ein fin fin kjole som får meg til å sjå ut som ei ukrainsk bestemor(og eg har kjempelang hake på dette biletet, hiiihi)! om litt reiser eg og han der fine på ein puss også er me framme i oslo i morgon tidlig ein gong. og då er det island for aaalle penga, hih. og tusen tusen takk til alle som har hilst på meg og vore kjempehyggelege, eg er kjempetakksam(men eg blir så flau!).
og eg er kjempelei meg for dårleg kvalitet på bileta, eg brukar ei anna maskin enn eg pleier akkurat no, så eg prøver å finna ei løysing på det.

i've spent my weekend in trondheim representing my norwegian postsecret-project. it has been lovely, but i am very much looking forward to spending next weekend in iceland!
trondheim.
(eg har ny kjole på og nye ting til putikken. eg har gnagsår.) eg er i trondheim. eg er imponert. eg er stolt. eg er fin.
kva er(/har) du?
slutt.

sånn vart mine tre år på vidaregåande avslutta. eg veit ikkje kva eg føler i heile tatt, eg veit berre at om nokre timar reiser eg til trondheim på ukm, og at løyndom-boka blir stilt ut der frå i morgon av. så alle som er i trondheim, kom kom!
eg er så nysjerrig! kva skal de i sommarferien?

this is how we celebrated the end of three years of school in this place. it was lovely.
saman er ein mindre aleine
i går såg eg og han der fine saman er ein mindre åleine-filmen. om du ikkje har lest boka, gjer det! men eg tykkjer filmen er fantastisk fin uansett om ein har lest boka eller ikkje. det er typisk franske fargar og typisk vakre folk.

eg elskar audrey tatou og guillame canet og laurent stocker og francoise bertin. fantastiske skodespelarar, og fantastisk musikk! så sjå filmen. den er himla fin, og den får deg til å smila. lovar.

eg elskar audrey tatou og guillame canet og laurent stocker og francoise bertin. fantastiske skodespelarar, og fantastisk musikk! så sjå filmen. den er himla fin, og den får deg til å smila. lovar.
skattejakt: oslo
som de veit, er eg eit prosjektmenneske. eg likar å planlegge ting og involvere folk i dei, og eg elskar tanken på at min innsats gjer at andre folk kanskje får ein betre dag. eg fekk for nokre dagar sidan eit forslag om eg kunne laga ein bloggleik når eg flyttar til oslo. eg tenkte kanskje at det hadde vore fint. då blir det desverre kun for folk frå oslo, i alle fall til å byrje med(kanskje nokon andre vil gjera det i andre norske byar?). uansett tenkte eg at det skulle foregå slik at deltakarane brukar byen til å legge igjen små saker til kvarandre, til dømes bøker, brev, filmar, bilder, postkort. til dømes kan ein gøyma tinga på bibliotek eller i eit tre eller teipa det fast under ein benk i ein park. dei som legg igjen tingen, tek eit bilete av gøymeplassen og sender ein detaljert plan over korleis ein kan finna tingen. så vil eg formidla det vidare til nokon andre som kan finna den! kanskje det kan vera eit par helger i halvåret? fleire innspel? kven vil vera med?

when i move to oslo this autumn, i will be starting a game for bloggers where we will leave small treasures for eachother to find.
a hard day's night

endeleg ferdig med eksamen, fikk 5/6 og er ganske så nøgd med det. eg, christine og han der fine har ete deilig middag som sett over, og no høyrer eg og fredrik på beatles medan me ryddar og vaskar ned heile hybelen. og straks kjem fine folk, for me skal feira feira feira!
ÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅ!
eg er ferdig på vidaregåande.

today was my last day of college! i am so excited to be moving on with my life, and we are celebrating this evening. life is good!
2 fine ting.
om 40 minutt er eg ferdig med vidaregåande.
eg er på topplista på blogg.no(fordi dei har utvida ho. knis)
eg er på topplista på blogg.no(fordi dei har utvida ho. knis)
sei 2 fine ting.
eg vil heller.
eksamen
i går kom eg opp norsk muntlig. tema: det moderne prosjektet. tips?

eg og han der fine laga pizza og den var god. no er det tomt.

me kjøpte sånne isar. 9 stk. det er fint, for da får eg 5 og han 4.

og eg beundra veldig desse tre fine boksane som snart skal bli mine(/våre, for dei er han der fine sine, og me skal jo flytta ilag).

yesterday i ate home made pizza, home frozen popsicles and admired these three lovely tin cans soon to be mine.

kva gjorde du i går?

yesterday i ate home made pizza, home frozen popsicles and admired these three lovely tin cans soon to be mine.
looking into the past

looking into the past er ei gruppe på flickr der mange personar deltek med å "gjenskapa" gamle bilete i ein moderne kontekst. er ikkje det kult?

looking into the past is a flickr group "for images you make where some part of a modern day scene is overlapped by an old photograph."
om hattar

etter å ha sett så mange gamle franske filmar i det siste, har eg fått så lyst på ein hatt.
kva tykkjer de? ja eller nei? om ja, kva type hatt ville ha passa meg?

after being inspired by old french movies, i really want to get a hat. yay or nay?
om å ikkje blogga om klede
eg likar å blogga om klede. eg veit at de likar det når eg bloggar om klede. saken er den at eg er så lei mine eigne klede, og dei siste månadane har eg jo solgt over halvparten. så eg føler at de liksom har sett absolutt alt eg eig tusen gongar før. difor gler eg meg som ein liten unge til eg reiser til trondheim neste helg og til island helga etter der(i går fann eg ut at me skal bu i vintage-gata i reykjavik!). eg vil fornya garderoben min med sånne kjolar:

i tillegg vil eg ha masse nye strømpebukser. og kanskje eit par sko.

i am so sick of my wardrobe, hence the lack of outfit posts. i'm looking very much forward to shopping in the next couple of weeks, going to trondheim and then to reykjavik!

ein song i natta.
my name is lolita and i'm not supposed to play with boys.
kjærleik til ryggar
eg elskar ryggparti. eg elskar det når beina stikk litt ut på toppen, korleis skuldrene er så fantastisk grasiøse, korleis ryggen smalnar seg litt i midja og går ut igjen i hoftene, korleis ein kan sjå ryggraden såvidt i prikkar nedover ryggen, det er det vakraste eg kan sjå. eg kunne sett på ryggar heile dagen, men det hadde kanskje blitt litt upersonlig.

mine andre favorittkroppsdelar er håndledd, kragebein- og halspartiet og munnar.

backs are one of my favorite body parts. what are yours?

mine andre favorittkroppsdelar er håndledd, kragebein- og halspartiet og munnar.
kva er din favorittkroppsdel?

backs are one of my favorite body parts. what are yours?
alle bileta er, som vanleg, linka til kjelder.
i boks.

i går fekk eg ei pakke i posten, og i den låg desse fantastisk fine boksane frå etsy-putikken modish vintage. dei har så så masse fint til hus og heim, fint for meg som snart skal flytta!
kva trur du eg skal fylla dei med?

love exists
banan- og kokoskake
denne kaka er så fantastisk god, og ei kake ein kan eta meir til kvardags. den har lite sukker(som er fint for mamma som har diabetes) og er utan fløyte(som er fint for meg som ikkje tåler det).

50 g smør
1,5 dl sukker
2,5 dl kveitemjøl
3 bananer
1 egg
4 ms heil- eller lettmjølk
3 msk kakao
1 tsk bakepulver
2 tsk vaniljesukker
1,5 dl kokos(pose)
+ kokos til å strø forma med
+ kokos til å strø på toppen
0,5 tsk natron

sett ovnen på 175 grader. smør ei avlang brødform med smør, og strø kokos så det dekkar heile forma utan at noko er overflødig. smelt 50 g smør. la det svalna litt før du har oppi mjølka. kneft to og ei halv banan(resten skal på toppen) og bland i sukkeret + eit egg. bland så smør + melk i bananrøra. bland mjøl, bakepulver og natron i ein bolle, og ha det oppi bananrøra. ta ein tredjedel av røra i ein anna bolle og bland oppi kakao. i størstedelen av røra blandar du i kokos og vaniljesukker. ta den lyse røra oppi forma først, og dra den litt ut på kantane så den mørke blir lagt i midten. tøm den mørke røra oppi og dytt den litt ned i den lyse så dei blandast. pynt med skiva bananer, strø kokos oppå. så vips inn i ovnen i ca 40 minutt, men følg med følg med, for det kjem heilt an på ovnen. det kan vera 30 minutt og 45 minutt òg, men den er ferdig når røra slipper ein gaffel som blir stukke nedi. la den avkjøle seg litt før du skjærer den opp. deilig med vaniljesaus på. mums!

my recipe for banana- and coconut bread! feel free to email me if you want the recipe.

tomt.
i dag har vart eg ferdig med min siste medieeksamen, og etter det har eg flytta ut. heile livet mitt fekk plass i 20 pappøskjer, tenk det. no er eg heilt fullstendig utslitt og har eit spørsmål. for nokre månadar sidan spurte eg lesarane mine kva de ville at eg skulle blogga om, og eg fekk masse fine tips og inspirasjon. og no er det tørke igjen, så eg lurer:

i'm very interested to hear what my readers want to see more of. so what do you want?
kva vil de ha?

i'm very interested to hear what my readers want to see more of. so what do you want?
mitt skip er lasta med...

..kaniner!

...isbjørnar!

..fine kragar!

...plakatar av fisk!

...kyss!
kva er ditt skip lasta med?
ps: ND design selger no bobby pins gjennom putikken min! sjekk det ut da vel.

my ship is loaded with bunnies, polar bears, pretty collars, posters of fishies and kisses! what about yours?
one million giraffes

i dag fekk eg mail av ein som driv eit vidunderlig prosjekt. innan 2011, skal han ha samla inn ein million håndteikna sjiraffar. sjiraffar! og han manglar 999 978. så da tykkjer eg alle skal hjelpa han med å senda inn sin sjiraff. det kan du lesa meir om her. er det ikkje vidunderleg med sjiraffar?

today i received a mail from someone who collects giraffes, and he needs to get one million giraffes before 2011. you can read more about the project here.
woop woop.
no skal eg ha medieeksamen. ønsk meg lykke til!
om mitt hår.
det er så mange som skriver i kommentarfeltet og seier at dei tykkjer eg har så fint hår. det skjønnar eg ikkje, men takk for det. eg har klipt og farga mitt eige hår sidan eg var 15, så eg kan ikkje akkurat anbefala frisørar eller noko, men her kjem det etterlengta innlegget om hårprodukta eg brukar. eg svergar til body shop sine produkt, og har gjort det i eit par år no. dei er ikkje harde for håret, og gjer akkurat som dei lovar.

eg brukar moisturising shampoo og conditioner, som luktar honning og såååå herleg.

og ein gong i veka brukar eg denne maska av valmuefrø som skal gi liv til håret. så brukar eg, om eg treng det, rettetang og litt hårspray(frå redken). fint å vite?

skal det vera ein kjole?

akkurat no har eg eksamen, og det tar virkelig på. eg tek pausar innimellom og brettar origamikjolar med det fine nye papiret mitt. om du òg vil bretta kjolar eller andre ting, kan du sjå her. origami club er det beste!

i'm studying for my final exam, and taking breaks now and then to fold origami dresses. if you like origami, you have to see origami club.
schwarz prod.
sonja.

to til.
/
eg kjenner den siste utvegen
(å knusa vasar liggande)
er brilliant og hemmeleg hysterisk,
lille
vassfargar merkar brent hud
og mjuknar opp kanten på vasken
"eg går ikkje glipp av noko bra,
berre det dårlege"
piller kjem i klumpar,
som vekedagane
som raud, mørk raud, lys raud
jenter smeltar inn i radio,
knappar og bilar, skitt og bein
tiår går mellom kveldar
og skuldrar mellom bleikt lys
og me snakkar ikkje
om vasen du knuste
h2
husa ligg som perlerad av tenner
han ser på meg som om eg er sjøen
lukta av speglane, alt det gule som har blåna som ei bygate
illusjonen av stjerner(gud er topplaus) og verda går i revers
me eig liv, men sprer det utover golvet som ein skugge, ein skugge som må gøyma seg i graset for oss alle
han syner meg kunst, eg tykkjer det er sånn passe men så hugsar eg at eg har kjent han lenge. under lampa i stova er augene glitterstjerner.
(det er ikkje meininga at de skal forstå noko som helst. eg forstår dei ikkje sjølv eingong.)

eg er nominert.
dei som har lest bloggen min ei stund veit at eg skriv dikt. denne månaden er eg nominert til månadens poet på skolekammeret med dette diktet:
& heile sumaren var me på øya
eg sprang(gal)etter sonen til han som las hender
me låg heile netter på terassen
ho som hadde tjuekroningar som auge
siterte himmelen og månen
tolv gutar fall i bølgjene og ein fann dei aldri att, sytten av dei vart små sjøhestar
med litt assistanse

pin-up hair on the go!
i dag fekk eg ei fin pakke i posten frå june som driv ND design.

fantastisk fine hårklemmer! ND design lagar mykje fint, deriblant øyrepynt som eg har vore så heldig å få lodda ut til ein fin person her på bloggen, så det blir i neste veke.
ps viktig viktig: frå no av, om de vil senda post til meg, det vera seg ting de vil gje vekk gjennom bloggen(som ND design gjorde) eller det er brev frå deg til meg eller, enda viktigare, om det er løyndommar, kan de senda det hit:
mariell øyre
farnesvegen 48b
6884 øvre årdal
og eg ber alle som har skrive om løyndomsprosjektet om å endra adressa der òg, for dei kjem ikkje fram til meg til den gamle adressa sidan eg flyttar neste veke.

fantastisk fine hårklemmer! ND design lagar mykje fint, deriblant øyrepynt som eg har vore så heldig å få lodda ut til ein fin person her på bloggen, så det blir i neste veke.
mariell øyre
farnesvegen 48b
6884 øvre årdal
og eg ber alle som har skrive om løyndomsprosjektet om å endra adressa der òg, for dei kjem ikkje fram til meg til den gamle adressa sidan eg flyttar neste veke.
god morgon.
i dag skal han der fine ha eksamenskonsert, og me er så nervøse som babyflodhestar. eg klarar ikkje å eta frukost. "du veit at eg spelar berre for deg i dag, sant?". finaste babyflodhesten eg veit om i alle fall. eg tykkjer alle skal skriva "lykke til, babyflodhest!", for da blir han så glad.

today is my boyfriend's final concert, and we are soo nervoous!

today is my boyfriend's final concert, and we are soo nervoous!
i natt.
i natt var ei sånn natt der ein reiser ut av huset klokka eitt med eit utlada kamera, det er bekmørkt og ein ser ikkje kvar eins eigne føter er, kanskje er dei heime, kanskje ein skulle henta dei. så kjem ein fram med ein kartong med vin og det spelast daft punk og air og chemical brothers, og ein ler og ler og ler og skjønnar ikkje at klokka er halv fem før nokon seier det og sminken ligg utover som eit teppe i ansiktet. eg har ingen bilder men det føltes sånn her

last night i stayed out until night turned to day and my make-up was a mess.

last night i stayed out until night turned to day and my make-up was a mess.
ostebröd

på laurdagar og søndagar er det fint å ha litt ekstra godt til lunsj. så i dag har eg bakt ostebrød. det er så enkelt og så godt, og kan etast som det er eller med kjøtt på, til dømes chorizo.

225 g kveitemjøl
2 ts bakepulver
1 ts salt
100 g rive ost
1 piska egg
2 ss smelta smør
1¼ dl mjølk
det krydderet du vil. i dag brukte eg timian, for det var det einaste me hadde. men ein kan godt òg bruka grasløk eller oregano.

smør ei form(i oppskrifta står det 23x23 cm, men det kjem heilt an på kor tjukt ein vil ha det). ha alt det tørre(utenom litt av osten som skal på toppen) i ein bolle. tilsett det piska egget, smør og mjølk, rør det saman og ha det oppi forma. topp det med litt ost, steikast på 190 grader i ca 30 minutt. la det kjøla seg litt ned før servering.

i made cheese bread for lunch today! mail me if you would like the recipe.
eg <3 han
♥ fordi han ikkje er redd for å seie at han er redd.
♥ fordi han har den mjukaste huda i heile verda.
♥ fordi han held hovudet mitt i hendene sine når han kyssar meg.
♥ fordi han ikkje er redd for å snakka om framtida.
♥ fordi han er tålmodig.
♥ fordi han er min beste venn.
♥ fordi han fekk meg til å setta pris på livet.
♥ fordi det er så fint å ha nokon å pynta seg for.
♥ fordi han av og til er fire år, og fordi eg veit at det er eg som har lært han det.
♥ fordi han alltid pressar meg til å gjera mitt beste.
♥ fordi han seier at eg er vakker når eg gret.
♥ fordi han får meg til å tru på meg sjølv.
♥ fordi han lar meg vinna i kortspel.
♥ fordi me kan vera stille ilag.
♥ fordi han er så lik pappa på så mange måtar.
♥ fordi han blir så glad når eg gjer små ting for han, og verkeleg set pris på det han har.
♥ fordi han er mi rake motsetning.
♥ fordi han aldri blir sint og aldri skriker.
♥ fordi han kan bli overlykkelig om han finn noko på loppemarknad som han ikkje eingong veit kva er men ser kult ut.
♥ fordi han vil reisa, fordi han alltid vil sjå meir av verda.
♥ fordi han veit akkurat kor eg klør når eg klør på ryggen.
♥ fordi han er så smart, men på ein annan måte enn meg, og sånn utfyller me kvarandre.
♥ fordi eg får lov til å tvinga han til å lesa alle bøkene eg elskar.
♥ fordi han elskar syriner(og huda hans har ei fantastisk evne til å absorbere lukta)
♥ fordi han elskar og hatar at eg er så impulsiv
♥ fordi han helst vil ha dyr øl
♥ fordi han helst vil ligga innerst men lar meg fordi eg òg vil
♥ fordi han leser tegneseriar.
♥ fordi han saknar meg sånn.

reasons why i love him. feel free to use the google translator.

roséfredag

i dag har vore ein sånn absolutt herleg fredag, med soving og lesing og rosévin.

og mini-piknik i hagen med anna gavalda, valnøtter og det finaste teppet i verda.

""og var berrhjarta, der han gjekk" er vel eit fint uttrykk? vi lar charles dra av garde med hjartet nake."

så fekk eg visst pusøk!

me spelte kort og leikeslost.
korleis har din fredag vore?

i spent my friday in the back yard reading anna gavalda and drinking wine on my lovely blanket. then my boyfriend came, and we played cards and cuddled.
om å bygga rede
eg må ha vore ein fugl i mitt tidligare liv. om eg er sjuk eller trist, bygger eg rede rundt meg, senga mi blir til kvistar og eg fyller den opp med alt eg føler at er naudsynt for å ha det fint. no har eg byrja å samla inn til vårt nye rede. i august flyttar eg inn med han der fine(endeleg!), og eg vil berre at alt skal vera perfekt for oss, at me skal ha det fint rundt oss, at me skal kunna føla oss heime. det er jo ei utfordring, men eg trur eg kan klara det. dei siste dagane har eg sett på møblar og kjøpt litt småting på ebay som eg trur vil passa redet vårt godt. eg har tenkt mest på kjøkenet, og trur eg vil ha det litt sånn

det blir fint. trykk på bileta for kjelder.

i build nests around me when i need to, and recently i started looking at furniture and bric-a-brac for my new apartment in oslo. this is what i want my kitchen to look like. click the images for sources.

lykke.
hugsar de for ca ei veke sidan, då eg var så redd for framtida og kva som kom til å skje og kva eg skal gjera neste år. i dag fekk eg vita at eg kom inn på skulen eg ville. tenk at eg skal gå på fotoskule. tenk. tenk at alt ordnar seg, akkurat som mamma sa. eg er lukkeleg og mett etter green curry med min kjære og masse ufo-kjeks.

i got accepted to the art school of my choice. i am so happy right now.
kva er du?

i got accepted to the art school of my choice. i am so happy right now.
svar.
for ei stund sidan spurte de ein del spørsmål her. her kjem svar.
hva slags forhold har du til pirater?
kaptein sabeltann + brunost er kanskje mitt sterkaste barndomsminne, så eg vil seie eg har eit ganske bra forhold til piratar. og johnny depp kan få vera pirat på heiltid om han vil. mm.
har du ikke bukse i gymtimene heller?
hihi, dette var det fleire som lurte på. for å vera heilt ærleg, gym er verkeleg ikkje mitt favorittfag og har aldri vore det. eg kan vel gå så langt som å seie at eg hatar gym. men når eg faktisk har gym brukar eg han der fine si mjuke bukse og ei beatles-tskjorte. så veit de det. og nei, de får ikkje bilder.
er det ikke av og til litt skummelt å skille seg ut så mye?
eg føler ikkje sjølv at eg gjer det. kanskje fordi eg bur på ein så liten plass, og alle veit at eg er som eg er, så det er ingen som ser rart på meg eller noko. gamle damer smiler og seier at eg har fine kjolar. så nei, det er berre positivt. det gjer meg glad å berre kunna vera meg sjølv.
hvordan klarer du å leve uten melkesjokolade?
hihi! det går eigentleg heilt fint, for eg kan eta både mørk og kvit sjokolade. og det er det eg likar best.
hvilken sang hører du mest på, akkurat nå?
akkurat no høyrer eg mykje på ingrid michaelson og john mayer, alle sangane eigentleg.
og hvilken sang minner deg mest om han der fine?
veldig vanskeleg å seie. men me har ei sånn pink floyd- og u2-greie, eg og han. eg hugsar lange netter eg låg i senga medan me snakka på telefonen og eg spelte wish you were here på repeat. heile natta lang.
har lillesøsteren din en blogg?
ja, det har ho. men for no så velger eg å beskytta ho litt frå resten av verda.
ER DU NYNORSKBRUKAR?
ja.
når tenkte du at "nei, jeg vil ikke gå med bukser mer, bare gå med kjoler. og jeg bryr meg ikke om folk sier jeg ligner på en bestemor"?
det hugsar eg egentlig ikkje. heilt sidan ungdomsskulen har eg skilt meg ein del ut fra det "normale" i klestil. men det var kanskje tidlig på året i fjor ein gong. den siste buksa eg hadde kasta eg i januar i år, eg har hatt seriøse kompleks for beina mine men bestemte meg for å berre drita i det. om eg ikkje vil gå med bukse, skal eg ikkje gå med bukse. så eg kasta den siste, og det var så ufatteleg skummelt til å begynna med, men no er det heilt perfekt. lovar.
i tiden når du har fått en mer populær blogg har jeg sett flere blogger og bloggere som kopierer veldig mye av det du gjør. hva synest du om det? jeg synest det blir veldig dumt å lese en blogg der det er veldig tydelig at personen hermer etter deg. såg foreksempel noen som kalte brev for hjartepost og mye sånt.
vel, eg veit ikkje heilt kva eg tykkjer om det. for mange av idèane er jo mine, som bokstavtorsdag, og no ser eg bokstavgreier på annakvar blogg eg ser. på èin måte blir eg jo veldig glad for å sjå at eg kan påverka så mange, men på ein annan måte er eg framleis 14 år og vil ha alt for meg sjølv. også er det så morsomt at alle har byrja å kalla kjærestane sine for han der fine, min fine, han fine. samtidig er det så merkelig. at nokon tar etter lille meg, liksom. det hadde eg jo aldri trudd.
og enda en ting: skal du fortsette å blogge når du flytter til Oslo?
absolutt! det blir masse osloblogging og kanskje til og med ein hjartesmil-osloguide! fint vel?
har du noen forslag til hva man gi bort i gave til gutter?
eg slit litt med det der sjølv, men det kjem like mykje an på kva slags gut det er som med jenter, eigentleg. det kjem berre an på kor mykje ein kjenner personen. til han der fine har eg gitt bøker eg elskar, teaterbillettar, til purstagen hans i år fekk han ein heilt ny garderobe i origami-klede og eit brev. så lenge ein sjølv føler det er noko som passar personen, så skal ein ikkje tenka på noko anna enn det.
om du får en uke fri, med lommepenger til å gjøre nesten hva du vil, hva velger du å gjøre? hvor reiser du, og hva spiser du?
da reiser eg først til paris, for i dag har eg eit sånt enormt paris-sug. der et eg fransk mcdonalds i senga, for eg saknar sånn den siste kvelden me hadde i paris. me var utslitne etter å ha prøvd å utnytta dagen til det fulle, så me orka ikkje å gå ut for å eta eingong. me kjøpte med oss masse mcdonalds og såg csi i senga og det var perfekt. så vil eg til roma, for eg saknar italia sånn, og eg vil eta risotto og den mest fabelaktige pastaen og kjøpa masse krydder på marknaden. så vil eg til london, for å vintage-shoppa. så til stockholm og københavn. og til slutt endar eg opp i afrika, for det er der eg har hjartet mitt.
og hva er den mest alvorlige skaden du noensinne har fått?
eg var, tru det eller ei, handballspelar i mi tid, og har knekt og forstua alle bein og ledd som går an i fingrar og føtter og bein. og ein gang hadde eg hjernehinnebetennelse. og fjor hadde eg så vondt i magen at eg trudde eg skulle dø. ellers er det mykje som ein ikkje kan sjå, som med dei fleste andre.
hvordan ble du kvitt reklamen i bloggen din?
hva om du får en jobb hvor du må gå i bukse?
da trur eg at eg må finna meg ein annan jobb. kanskje. eg veit ikkje. men det er berre nesten det mest ubehagelege eg kan tenka meg av alt.
korleis vaskar kjæresten din håret?
som alle andre. med såpe og vatn.

om de lurer på noko meir, berre spør! så oppdaterar eg dette innlegget etter kvart.
pai

anten kan du følga oppskrifta her eller de kan kjøpa paideig på boks og berre tilsetja vatn. eg tykkjer den er kjempegod òg. i går laga eg heimelaga paideig for fyrste gong, eg fulgte oppskrifta på linken, men bytta ut 25g smør med litt kesam, for eg må passa på hjartet mitt. sånt kan ein gjera om ein er sikker på at ein klarar å laga mat utan oppskrift. men det blir ein jo etter kvart. eg setter ikkje deigen til avkjøling, for eg syns ikkje det er nødvendig. og eg brukte all deigen som botn, hadde ikkje lokk. hugs å smøre forma!

du treng 4 egg og ein dæsj med lettmjølk. og pepper og salt. det som er så fint med pai er at ein kan ha oppi akkurat det ein vil. me hadde ⅔ av ein boks kyllingbogskinke, delt opp i små terningar, purrelauk og gul paprika.

lag paideig. hakk opp alt av grønnsaker. bland egg + melk + krydder. hell egg over fyllet og ost på toppen, steik i ovnen på 200 grader. medan paien steiker kan ein laga salat!

godt!
etsy-favorittar
sommarfugl fly fly

ida vann sjølvsagt!

a competition! you can win this lovely butterfly head piece. all you have to do is leave a comment where you write about a good deed you have recently done. remember to leave your email adresses!
lasagne på ein to tre

i lasagne har ein både ostesaus, bechamel, og tomatsaus. oppskrifta er for 4.
til tomatsausen treng du:
ein boks hakka tomater
eit glas pastasaus av eit slag, ta det du likar. eg brukar grønnsaksausen til coop
hakka lauk
sopp
paprika
så kan ein ha oppi den typen kjøtt ein vil, men det er ikkje så viktig med kva ein har oppi, ta oppi akkurat det du vil så blir det fint. eg har kanel i tomatsausen min, for kanel gjer meg så glad og frisk og det er dessutan kjempegodt.

til bechamelsausen treng du:
6 dl lettmjølk(kan òg bruka heil om det er det du har)
jamning av 2 dl lettmjølk + 4 ms kveitemjøl
1 ts salt
1 krm pepar
1 krm muskat
3 dl kvitost, riven
i tillegg treng du ost til toppen og lasagneplater.

sett steikeovnen på 200 grader. hakk opp grønnsakene. varm olje i ei panne, og steik dei. ha i tomatane og etter kvart ha oppi pastasausen til det er passe konsistens. så skal den småkoke litt.
kok opp 6 dl mjølk til ostesausen. rist saman jamning(berre ta det tomme pastasausglaset, ha oppi melet og mjølka og shake it) av kald mjølk og tøm det oppi resten av mjølka medan du rører(viktig!). tilsett osten medan du rører. så kan ein smake til med det krydderet ein vil. eg anbefalar å kjøpa heile muskatnøtter og mala den sjølv, det smakar sååå mykje betre enn krydderet.

så finn du ei ildfast form, også gjer du sånn: kjøttsaus, ostesaus, lasagneplater. kjøttsaus, ostesaus, lasagneplater. det kjem jo heilt an på kor stor forma di er, men på det siste er det kjøttsaus, ostesaus, ost. også rett inni ovnen i ca ein halvtime eller til ein kan sjå at lasagneplatene er mjuke og osten er gratinert. medan lasagnen står i ovnen kan du jo dekka på og laga salat ved sidan av.

this is my recipe for home made lasagna. just mail me if you want it!
syriner
syrinensesongen er snart over, og eg vil ikkje at det skal skje. så da prøver eg å ta dei med inn for å nyta dei fullt og heilt. han der fine snikfotograferer frå kjøkenet

i really love lilacs, and their season is coming to the end. so i'm taking advantage of having lilac trees in our backyard, and bringing them inside.

i really love lilacs, and their season is coming to the end. so i'm taking advantage of having lilac trees in our backyard, and bringing them inside.
ps:
nye kjolar i putikken.
frode grytten.

fransk.
eg har no sendt mail og meldt meg på eit kveldskurs i fransk frå september av. 12 veker med begynnarkurs i fransk. i den anledning er eg litt sentimental og saknar paris. i oktober i fjor reiste eg og han der fine på reise til den finaste byen. me sov på eit hotellrom som var så trangt at det ikkje var plass til at me kunne legga koffertane på golvet. me fekk sova lenge annakvar morgon, då den andre reiste ut for å kjøpa frukost, som som regel var bagettar og croissantar frå bakeriet over gata. på gåtur den første kvelden berre kom me over sacre cour og montmartre, og det var megamagisk. han er min favorittperson å reisa med i heile verda, for ingenting treng å vera så planlagt. me kan berre gå rundt og ha det fint.

eg er flink til å hoppa i hotellsenger, spesielt med sjølvutløysar og den nye kåpa mi. kjolen kjøpte eg i paris då eg var der i april. ja, samme året.

utsikten frå rommet.

makronar!

me reiste til louvre seint ein kveld, det var så herleg med lite folk. eg gjekk utan sko, for eg hadde nettopp kjøpt cat dog-paret, og hadde gnagsår. kald marmor mot vonde føtter er ganske ideelt, men så fekk eg kjeft av ei dame.

champs-elysees. me kjøpte starbucks og kom oss vidare.

notre dame.

me tente lys for sånne me er glad i.

herleg meksikansk restaurant ved notre dame. lysekrona i taket var laga av corona-flasker. eg elskar paris. no gler eg meg veldig til å få reisa litt igjen, i slutten av juni reiser eg til island og det blir fint.
i've signed up for a french course in august/september, and i'm missing paris more than usual. these are photos from my trip to the beautiful city in october last year.

eg er flink til å hoppa i hotellsenger, spesielt med sjølvutløysar og den nye kåpa mi. kjolen kjøpte eg i paris då eg var der i april. ja, samme året.

utsikten frå rommet.

makronar!

me reiste til louvre seint ein kveld, det var så herleg med lite folk. eg gjekk utan sko, for eg hadde nettopp kjøpt cat dog-paret, og hadde gnagsår. kald marmor mot vonde føtter er ganske ideelt, men så fekk eg kjeft av ei dame.

champs-elysees. me kjøpte starbucks og kom oss vidare.

notre dame.

me tente lys for sånne me er glad i.

herleg meksikansk restaurant ved notre dame. lysekrona i taket var laga av corona-flasker. eg elskar paris. no gler eg meg veldig til å få reisa litt igjen, i slutten av juni reiser eg til island og det blir fint.
kvar i verda har du vore? har du vore i reykjavik?
blanding
her kjem litt opplysningar og snacks på måndagskvelden.
- i morgon kjem det 5 nye kjolar i putikken, følg med følg med. eg gler meg til å visa!
- eg lurer på å laga pakkar med postkort. med motiv frå bileta mine, deriblant headeren. er de interesserte?
- versågod, her er ei fin speleliste frå spotify
- i kveld søker eg skule. det er så skummelt at eg er kvalm, men eg håpar håpar det går bra.

kva gjer de i kveld/natt? sussar på nasane!
eg...

♥ skulle bli kokk. og veterinær. og interiørarkitekt.
♥ hatar å snakka i telefonen fordi eg ikkje kan sjå dei eg snakkar med. litt over-estetisk, kan ein vel seie.
♥ las og las og las heilt frå eg var pytteliten, og anbefalte bøker til dei andre på biblioteket på barneskulen.
♥ er allergisk mot fløyte og melkesjokolade.
♥ fann mitt livs kjærleik då eg var 14 år.
♥ elskar.
♥ fekk mitt fyrste kyss i eit uthus.
♥ er eigentleg blond, og har grøne auge, sjølv om alle i familien min har brunt hår og brune auge. til og med hunden.
♥ saknar bestefar.
♥ går ikkje på ski.
♥ likar ikkje norsk spekemat, men spansk.
♥ elskar risotto.
♥ likar det når pasta og brokkoli er kokt heilt mjuke.
♥ har visst kva mine fire born skal heita i fleire år.
♥ har solgt over 60 bilete(galleri her).
♥ skal mest sannsynleg ha utstilling i sommar.
♥ planlegg å tatovera meg i august, men det er hemmeleg.
♥ blir fort forelska. i folk og i ting, og kan ønska meg enkelte ting så hardt at det gjer vondt.
♥ klarar ikkje å sei hadet. så derfor gjer eg det aldri. eg kjem ikkje til å sei hadet til mine klassekameratar når eg flyttar. det er utruleg feigt, men eg klarar det ikkje. så godt kjenner eg meg sjølv.
♥ er flink til å laga focaccia, brownies, risotto, kjeks, eigentleg generelt flink til å laga mat, men eg har aldri klart å laga vanlege kveitebollar.
♥ lurer på kva i alle dagar eg skal gjera frå august av. jobba? gå på skule? ingenting?
♥ skulle ønska eg klarte å tru på noko større enn meg sjølv. større enn verda. men religion frustrerar meg nesten meir enn noko anna.
♥ er altfor glad i å diskutera.
♥ kunne drukke vin og ete mørk sjokolade(å, den med sitron&ingefær) kvar einaste dag.
♥ likar kun kald raudvin.
♥ har ein pappa som elskar å laga mat og berre er snill og god.
♥ har ei mamma som tenker veldig mykje om veldig mange ting, og ikkje er redd for å seie det høgt. og som bryr seg så inderleg mykje om andre menneske.
♥ har arva humoren til pappa og det standhaftige frå mamma.
♥ har ei lillesøster som er den finaste av alle, og som betyr heile verda for meg.
♥ har ein hund som heiter bono. ja, etter vokalisten i u2.
♥ eig ingen bukser.
♥ elskar mote, og gler meg til eg kan kjøpa vogue kvar månad.
♥ skal læra meg fransk frå august av.