i love this silhouette for anytime of year. it's so classic and pretty.

alle som har sett mad men kjenner igjen denne vakre fryktelig unge fruen. kiernan shipka spelar sally draper, don draper si datter, og er etter mi meining ein av dei sterkaste skuespelarane i heile serien. og det viser seg at ho har ein ganske plettfri garderobe utanfor mad men-settet óg. coveteur fekk bli med inn i skapet hennar og eg åh elskar det. håpar at ein av mine born har så upåklaglig stil i ein alder av 11(!) år.












dør av dette klesskapet. dør av denne jenta. har lyst til å fotografera ho døgnet rundt. det får bli mitt nye mål.



kiernan shipka, known as sally draper from mad men, let the coveteur team into her closets. she's such an informed and clever young lady with impeccable style. i can only hope one of my children will have the same passion for fashion at the age of 11.


korleis laga papirblomster.



her kjem endelig ein video om korleis de kan laga papirblomster! håpar de lagar mange nydeligfine, og at de "likar" dette innlegget på bloglovin. det er ein fin måte å sei "tommel opp!" på, altså. kvaliteten på filmingen er litt varierande for eg var heilt ærlig fin på vin/moscow mules når eg filma den, haha. lykke til!



my diy video on how to make paper flowers! the quality is so-and-so as i was quite intoxicated while filming, haha.


frukost.

breakfast.


den beste frukosten er den som ein klarar å laga ut av det som svigers har i kjøleskapet. i dag: h-mjølk og bryllupsblåbær.






the best breakfast is the one you are able to make from what you can find in your in-laws' fridge. today: high fat milk and blueberries. <3


moscow mule, pom poms & voi voi.

thursday.thursday.thursday.thursday.thursday.thursday.thursday.thursday.thursday.thursday.thursday.thursday.thursday.thursday.

i går våkna eg i gamlahuset med fredrik ved sidan meg i senga, etter å ha blitt vogga i søvn av frøy si stemme. dei skal nemlig stå for underholdningen i bryllupet, sjukt fint. me åt pannekaker til frukost også reiste me på antikvitetsshopping og eg kjøpte noko fantastisk fint, pluss brettet på bildet. så bretta me papirblomster og til slutt hadde me laga femti! eg var i papirblomstverda i teltet til klokka seint seint, så kom han der fine tilbake fra oslo, me åt salat som vart ete opp før eg fekk tatt bilder eingong. så drakk me drinkar ved elva og lo til me fekk vondt i magen. åh for ein fantastisk herlig dag. i dag startar tredagarsbryllupet og det er crazy tilstandar her! håpar de har det like fint som meg!

 


yesterday morning i woke up with fredrik in bed with me, after being sung into sleep by frøy the night before. we ate pancakes for breakfast and then we went antiquing. i bought something amazing, i'll show you later. then we folded paper flowers until we had fifty! after that i was pretty much in paper flower world in the tent until very late. j came back from oslo on the bus and i made a salad(you can't even see it, we ate it too quickly). we walked to the river where we drank drinks from the same mug and laughed until our stomachs ached. such a wonderful day! today the wedding starts (three days!!!). things are kindof crazy here right now, i hope you're as happy as i am!


sånt som er fint i dag.

today.
drikka te ut av ein heilt ny og fin kopp. den fekk eg for at han der fine syns at eg har vore så flink dei siste dagane.

today.
frukost som var eplepannekaker med vaniljekesam og jordbærsmoothieis.


today.
å legga på sengetøy til fine venner som kjem i kveld. åh gler meg sånn sånn sånn.


today.
rosa bringebærdrømskyer som ligg på kjøkkenbordet og formeirar seg.


today.
pepsi max-slush.


today.today.today.today.today.today.
å reisa på gartneriet og vera der lenge lenge lenge med t og svigermor for å plukka den mest perfekte blomsten.



today.today.
blomsterkrans og glitternegler.





things that make me happy today: my new marimekko mug. apple pancakes for breakfast, with strawberry smoothie ice on the side, making beds for friends soon to arrive, pink raspberry dreamclouds on the kitchen table, spending a very long time at the flower shop picking out the perfect flower with t and my mother-in-law, flower bands and glittery nails.


om kameraet mitt.

kamera


canon 5d mark ii

eg brukar eit canon 5d mark ii. det er eit profesjonelt fullformatkamera. med det kan eg ta fantastiske bilder og dessutan óg filma. det er tungt og stort men det venner ein seg til. eg tar alltid kun bilder i råformat. det kan ein lesa meir om her. om ein virkelig vil ha topp bilder så vil eg anbefala å kjøpa eit stort og raskt minnekort som ein kan skyta masse råformat på. eg har til sammen 80 gb i minnekort og det trengs virkelig på større jobbar.

eg brukar adobe bridge til å overføra bildene fra kameraet, der sorterar dei seg sjølv etter kva dato det er også sorterar eg dei ved å merka dei bildene som er finast. det er så enkelt for ein kan huka av kva bilder ein syns er best og merka dei av i ulike fargar. så redigerar eg dei og konverterar dei til jpg gjennom bridge sin råkonverter. der lysnar eg opp og legg på kontrastar og beskjærer og av og til fargejustering eller temperaturen før eg lagrar dei i jpg(sorterar dei i mapper etter kva månad, også heiter dei kva dato det er den datoen dei er lagra). så opnar eg dei i photoshop og legg på gradient, justerar hit og dit, les meir om redigering her.





optikk





50mm f/1.2 L USM
dette er guden av alle objektiv. blenderen er så stor at ein kan få ein knyttneve gjennom, i alle fall om ein er ein baby, det er raskt og tungt og fantastisk fantastisk. det har opna seg ei heilt ny verd for meg etter at eg kjøpte dette objektivet. no brukar eg det til alt. det kostar, however, 15.000 kroner. om ein har eit anna budsjett og har eit av canon sine amatør- eller semiproffe kamera, vil eg anbefala å kjøpa 35mm f/2. det kostar rundt to tusingar og var mitt favorittobjektiv før eg fekk fullformatkamera. her er bilder eg har tatt med det:

frukost.in my makeupbag.last day in oslo.the last few days.onsdag i mat.weekend.liebling.


andre ting:

- eg redigerar filmane mine i adobe premiere pro cs5. det programmet lærte eg på media og kommunikasjon på videregåande, og det er det einaste eg kan å bruka. egentlig er det ganske så enkelt.

- eg kjøper alt mitt utstyr på japanphoto. fordi dei har bra service og, aller viktigast, dei har fantastisk forsikring. supersikring heiter det, og forsikrar ein mot nesten absolutt alt. til dømes vannskade, uhell og slitasje ved normal bruk, som nesten ingen andre forsikringar dekkar. (og nei, eg har ingen deal med japanphoto - eg berre kjøper alt utstyret mitt der fordi det er dei eg stolar på).


noko anna de lurer på?

 


an entry about my camera, canon 5d mark ii, and my lense, 50mm f/1.2!


frukost.

forrige søndag bestemte eg og han der fine at frå mandag av skulle det vera den store frukostveka. så me har ete fantastiske frukostar heile veka, som her:

frukost.
sandwich med: grovt brød, salat, halloumi, raudlauk, bacon, tomat, paprika, egg, majones og pesto. mmnam og oj oj oj.


frukost.
hardkokte egg på lettrista brød.


frukost.frukost.frukost.
frukost i senga med myntete, ostesmørbrød med peanøtter og jarlsberg og hardkokt egg.


frukost.frukost.
heimelaga pitabrød med hummus, omelett og tomat.


tenk om alle berre kunne tatt seg ein halvtime ekstra om morgonen for å laga skikkelig bra frukost til seg sjølv og kanskje nokon ein er glad i. eg trur at mange ville hatt det så mykje bedre da. i alle fall, fin frukostveke. kva har de ete til frukost i det siste?



last sunday j and i decided that from monday on it would be breakfast week. and so it was. we ate sandwiches with everything on, hard boiled eggs, breakfast in bed with mint tea, grilled cheese and eggs, homemade pita bread with omelets and tomatoes. yum. people would be much happier with good breakfasts.


k + o.k = sant.




i dag er det sol ute her og eg vekslar mellom å ligga i graset og klina/kosa med hundar og å gjera aller siste puss på bryllupsbildene fra forrige helg. kva gjer de i dag?



today the sun is out for the first time in a long time, and i'm rolling around in the grass or editing the last little bits of the wedding photos from last weekend. what are you up to today?


rosa.

min laurdag er fryktelig rosa.

pink.pink.pink.pink.pink.pink.pink.pink.

 i går kom lula i posten, det mest vidunderlige magasinet som finst og ein av mine største inspirasjonskjelder. denne gongen med mia wasikowska og brooke shields og megafine bilder.

pink.pink.

 og i natt satt eg oppe og laga sånne her papirblomsterbomber som me skal dekorera med i bryllupet som kjem neste helg(ikkje mitt, altså)! og under dei åt me ein stor arabisk frukost i dag med familien til han der fine. tenk at me har vårt eige hus. eg er himla oppteken for tida, med masse forskjellige prosjekt som gjer meg glad men som tydeligvis gir meg feber men sånn er det! håpar de har fine laurdagar.






my saturday is all about the pink. yesterday lula arrived in the mail and i LOVE it!!! it's so beautiful. and i spent some time last night making these paper flower decorations for the wedding next weekend(not mine!).


magasin.

alle som har kjøpt magasinet den siste månaden som ikkje har fått det: dei kjem. dei har ikkje blitt sendt av den enkle forklaring at det virkar umulig for postkontoret i lærdal å faktisk skaffa smartpost-konvoluttar. og før eg har konvoluttar får eg ikkje sendt ut magasin. og det er skikkelig teit og dumt og trist, men sånn er det. forhåpentligvis får me tak i konvoluttar fra sogndal i dag og da får eg sendt dei over helga. eg skriv det her på bloggen fordi eg ikkje har tid til å svara på dusinvis av mailar om eg har gløymt å senda ut magasin eller om dei har forsvunne i posten: det har dei ikkje. det berre tar umenneskelig lang tid. eg er så himla lei for det men håpar at dei er verdt å venta på.


onsdagsmat.

onsdag i mat.frukost på senga med den finaste eg veit om. peppermyntete med mynte fra hagen.


onsdag i mat.onsdag i mat.onsdag i mat.onsdag i mat.onsdag i mat.onsdag i mat.onsdag i mat.onsdag i mat.onsdag i mat.onsdag i mat.
lunsj med arbeidskjæreste. eple med vaniljekesam og mynteiste og knekkebrød med aprikosphiladelphia.



onsdag i mat.
og til middag: salat med kalkun og pasta og halloumi.

 


breakfast: in bed with j and mint tea. lunch: in the garden, apples with vanilla yoghurt, crisp breads with apricot cream cheese, mint ice tea. dinner: salad with turkey, pasta and halloumi.


underbar.

underbara clara.

den siste veka har eg tatt meg éin ekstra time nesten kvar dag til å lesa gjennom arkivet til ein blogg som eg er så utrulig glad i, nemlig underbara clara. eg har lest meg gjennom utflytting, huskjøp, renovering, oppskrifter, innlegg om feminisme og forbruk, kjærleik, baby, venner, bryllup, magasinet hennar, livet på landet og alt det der som er så veldig veldig underbara clara. det er så fint når ein har lest bloggar i fleire år og kjenner at ein faktisk virkelig likar ein person ein aldri før har møtt.

clara er min kvardagsinspirasjon. kvar gong eg kjenner at eg er så himla lei av å hakka grønnsaker og berre har lyst til å steika eit stort stykke kjøtt i smør og eta det med hurtisris og thousand island så tenkjer eg på clara også lagar eg istaden noko skikkelig bra vegetarmat som får meg til å føla meg som ein superhelt.




in the last week i've taken one hour out of my day to read through the archive of a blog that i'm particularly fond of, underbara clara. she's my everyday hero and every time i feel like just throwing a big lump of meat in a pan and eat it with three minute rice and horrible dressing i think about clara and i make something really great instead, it makes me feel like a superhero.


paris when it sizzles.

paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.paris when it sizzles.

som de jo veit er eg på audrey hepburn-kjøret. det går hånd i hånd med å endelig ha tid og rom til å tenka og slappa av, men óg med gossip girl. sånn er det. paris when it sizzles handlar om gabrielle simpson som er sekretær og som dikterar for viktige menn. ho får jobb hos screenwright richard bentsen, men ho finn fort ut at han faktisk ikkje har skrive eit einaste ord av filmen han skal skriva, og ilag skriv dei filmen på to dagar og ein får vera med inn i alle utkast og påfunn som dei har. veldig morsom og veldig fin. åh audrey hepburn altså. åh paris altså.

 

(ps, linnea, det finst ein fugl.)






i'm getting high off of audrey hepburn films these days. i finally have the time and space to relax and so i watch a lot of movies. and also, i'm watching a lot of gossip girl which in return sends me back to thinking about audrey. anyway. paris when it sizzles is such a cute and funny film. and it's paris. and it's audrey.


hjarte.

<3


eg trur aldri at nokon personar i verda kan prata så mykje som oss. me pratar kvarandre heilt utslitte, sveitte, av og til blir me så dritt lei av å prata med kvarandre at me kyssar istaden. det går bra det óg, altså.

 

 


i don't think there could be anyone else in this world who talks as much as we do. we exhaust eachother with talking, sometimes we get so sick of hearing eachothers voices so we just make out instead. which works perfectly for me too.


mitt favorittprodukt.

angels on bare skin.angels on bare skin.angels on bare skin.

dette er mitt favorittprodukt! ansiktsmaska angels on bare skin frå lush. den er med mandlar og lavendel og skrubbar huden mildt. prøvde den første gong i paris og etter det har eg ikkje klart å slutta å bruka den, måtte bestilla den i posten fra lush sine heimesider til og med. føler nesten at eg får eit nytt ansikt kvar einaste morgon. alle ingrediensar er heilt naturlige og det er jo berre olivenen i martinien, det.



my favorite product: face mask angels on bare skin from lush! with almonds and lavender. a very gentle but effective scrub, i use it every day. with all natural ingredients, and it's also vegan!


enda ei liste.


mat:
beste matrett? pasta carbonara om det er skikkelig bra, svære salatar og thailandsk mat. mmm. men om eg fekk berre éin sak så får det bli lam. åh elskar lam.
beste dessert? creme brulée, makronar fra pierre hermé eller sebastien bruno eller kva som helst med jordbær. etter frankrike har eg blitt heilt tertegal óg. åh gud bringebærtertene dei har på liebling er til å dø for.
beste drikk? hylleblomstsaft, pink lemonade og alt som er kaldt og på boks eller glasflaske.
verste drikk & matrett? likar ikkje brus med så mykje kolsyre, ristar alltid flaska før eg drikk. også hatar eg gin&tonic. mat: kjip restemat! amen til å laga berre akkurat nok mat.
beste alkoholdrikk? champagne, mojito highball, meksikansk øl og fransk cider.
smør på brødskiva? nei, aldri aldri. eg spiste ikkje brødmat før eg var gammal nok til å sei at eg ikkje likte smør.
smågodt eller ferdige posar? smågodt!!!
beste suppe? min eigen rød karri-suppe. sjukt god. og bestemor sin lapskaus.
favorittis? alt som smakar polkagris, mint, lakris eller med kakedeig.

 

 

shopping:
kor mykje shoppar du for kvar månad? det varierar veldig, men kanskje tusen kroner? ofte mindre, nesten aldri meir.
har du fleire sko enn klede? eg har to par sko! så nei.
favorittplagg? kjole. ingen spesiell, berre kjole.
favorittfarge på klede? lilla og blå.
favorittfrisyre? tupert sekstitalskrøll.
beste mønster? store roser og egentlig alt med blomar på, men óg prikkar.
beste accessoir? sløyfer og smil.
underklede? eg har eit veldig omfattande undertøysregime. før har eg sverga til kaketruser og billige tshirt-bhar, men no er det femtitalsbhar og truser i bra kvalitet. og bra strømpebukser, går i ull heile året rundt.
verste plagg? bukse. dør om eg må gå med bukse. hadde takka nei til ein jobb med bukse uansett.

wild blackberry & honey yogurt

jobb & utdanning:
jobbar eller studerer du? eg jobbar for meg sjølv, det er supert.
kva vil du bli? eg vil bli hustru, mamma, redaktør, fotograf, akkurat passe rik.
trivst du med jobben/utdanningen din? ja!!! så så så mykje.
er løna viktigast? absolutt ikkje, da hadde eg fått meg ein day job.




generelt:
har du barn? nei, men eg vil ha fire. og eg vil ha dei no.
er utrohet okei? nei, på ingen måte. men a4-forholdet er ikkje det det ein gong var, og utrohet er ikkje lenger utrohet heller. det kjem heilt an på paret.
elskar du nokon? ja, fleire personar.
betyr familie mykje for deg? familie betyr så himla mykje for meg. tidligare i livet mitt har eg følt meg distansert fra familie, men dei siste åra har me vore gjennom nokon skikkelig vanskelige ting og eg innser berre meir og meir kor fantastiske dei er. eg har ein sterk og stolt mamma som har ofra så innmari mykje for at eg skal ha det fint og ein pappa som får meg til å le så eg dett av stolen og som alltid køyrer, hentar, kjøper, fiksar, triksar. foreldrene mine er fantastiske menneske og dei beste foreldrene ein kan ønska seg. dei har gjort meg så utrulig sterk og har latt meg vera meg sjølv sjølv om dei ikkje alltid har vore enig med meg. eg hadde aldri vore så sjølvstendig og følt at eg kunne klara absolutt alt eg vil om det ikkje hadde vore for dei. og eg er så heldig som har funne meg ein kjæreste som er som heile familien min samla i éin person.
kvar reiser du helst på ferie? eg reiser helst i europa, men det er nok berre for at eg ikkje har vore nokon annan plass. eg skal til new york neste år, det blir heilt sjukt fantastisk. men sjølvsagt er det jo paris.
beste klima? typ atten grader, sol men skyer. orkar ikkje varmare enn det, da vil eg berre vera inne. og likar ikkje blå himmel og sterk sol for da er det så vanskelig å ta fine bilder.
heimefest eller gå ut? heimefest 9 av 10 gongar.





yet another list. google translate, if you dare!


helg.

i går:


weekend.weekend.weekend.

 bryllupsfotografering frå tidlig morgon til sein natt! åh, det var så fint. dei sa ja også køyrte me bil til tørvis hotell og i bilen tok eg bilder i spegelen av eit klinande brudepar i baksetet. så fekk me fantastisk mat, han der fine spelte musikk og eg tok tusenvis med bilder også sovna me i skjei midt på natta. kanskje de får sjå bilder seinare, om eg får lov til å legga dei ut! dei var i alle fall nydelige og eg er så glad for at dei spurte meg. kjærleiken altså!

 

 

i dag:

 

weekend.weekend.

først båttur på fjorden med brudefølget, men no: ømme skuldre og eit slitent hovud med mr.freeze og glitternegler i senga. med litt house på det. serien, altså. ikkje musikken.


yesterday i shot a wedding from start to finish. they said yes and i took a lot of pictures of them making out in the back seat on the way to the reception! j was the dj and when we were done for the night we spooned and fell asleep and woke up as a spoon as well. i had such a wonderful time shooting them, it was a beautiful wedding and i'm so happy they asked me to do it. today: a boat ride on the fjord with the guest, but now: sore shoulders and a very tired brain with mr.freeze and sparkly nails in bed. with some house on top. the show, that is. not the music.


eit fint bilde.

liebling.

tenkte eg berre skulle visa fram eit bilde som eg tok som eg syns er fint. så de har noko å sjå på mens eg har ei veldig spennande helg. i morgon skal eg nemlig fotografera eit bryllup fra start til slutt for første gong! sjukt spennande og nervepirrande.

 


just dropping by to present you some eye candy while i'm doing my first wedding shoot this weekend, from start to finish.


sommar.

. .

no er det jo sommar, og da er det på tide med ei ny speleliste. denne er fylt med sånt som eg vil baka brød og steika egg til.


när du strippar och klär av dig är det samma grej.

 




a new spotify playlist, for summer. baking bread and frying eggs.


min beste salat.

my favorite salad.my favorite salad.my favorite salad.my favorite salad.my favorite salad.my favorite salad.my favorite salad.

min beste salat som eg et kanskje tre gongar i veka: raudlauk, paprika, nøtter(helst valnøtter og peanøtter), rapidsalat, smørsteikt halloumi, ananas og ein dressing av creme fraiche + lime/sitron + masse pepper + salt. også ein fin person å eta med, da. det er pluss. spesielt om ein har samme prikketskjorte på.




this is my best salad. i eat it three times a week at least. red onions, bell peppers, nuts(walnuts and peanuts), salad leaves, halloumi fried in butter, pineapple and a dressing with creme fraiche + lime/lemon + a lot of pepper + salt. and someone to share it with, preferably someone in the same polkadot tshirt.


fem måndagsbloggar.

blogs i like.

 

blogs i like.

 

blogs i like.

 

blogs i like.

 

blogs i like.

 

kva er dine favorittbloggar?




five blogs on a monday. what are your favorite blogs?


listesøndag.



namn: mariell øyre.
piercingar: har hatt to i nasen, to i leppa og begge øyreflippane utvida. no har eg ingenting.
tatoveringar: eit hjarte på håndleddet i tjueårsgåve til han der fine.
lengd: 170 cm ca.
skostorleik: 41.
hårfarge: kjedelig men no er det raudt i alle fall.
frekner: nei. :(
motto: JA.
forelska? JA.
skulle du ønska at du budde ein annan stad? vel, eg lengtar jo veldig til london fordi det er der eg skal bu til hausten, men eg er veldig tilfreds i sogn og fjordane akkurat no!
syns du at du er attraktiv? kanskje annakvar dag.
kva for shampo brukar du? eg brukar kevin murpy sin hydrate-me.rinse, den er super! svergar til økologiske hårprodukt.
kva for parfyme brukar du? miss dior cherie.
kva er du redd for? å sova, å bli ein kjedelig person som ikkje orkar å laga mat eller engasjera meg for kvardagen, å føla at verda er lita, å ikkje vera sikker på at eg vil det eg vil. før var eg redd for syklar men det gikk faktisk over.
likar du å vaska? hmja, eg likar egentlig å vaska. men elskar det ikkje. elskar å støvsuga, å høyra korleis dritet blir sugd inn i maskina. det er ein drøm.
likar du bergogdalbaner? eg likar koppane og sånt som ikkje går altfor fort. eg er redd for å vera oppned.


seinaste?
filmen du leigde? ein beck-film gjennom headweb.
filmen du kjøpte? hm, hugsar ikkje. kanskje det var parnassus. lastar egentlig ned det meste av film, for eg ser mest filmar fra femti- og sekstitalet.
personen du ringte? trine marie.
personen som ringte deg? han der fine.
tv-program du såg? gossip girl.
person du tenkte på? mamma og mormor, som kjem heim fra trøndelag på tirsdag og som eg gler meg sånn til å sjå.



favoritt?
låt: martha av tom waits.
greie å gjera: klina. laga mat. lesa bøker i senger. le.
sport: festa.
klede: kjolar!
film: hairspray, breakfast at tiffany's,
vin: bouvet(rosémusserande), rotari(roséprosecco), veuve cliquot(champagne).
serie: glee, six feet under, dexter, criminal minds.

har du nokon gong?
grete over ein gut? ja.
grete over ei jente? ja.
lygd for nokon? ja.
vore i slagsmål? ja.
blitt arrestert? nei.
truffe nokon fra internett irl? ja! til og med han der fine er jo fra internett. og blogglesarar typ kvar veke.

33590030

antal?
gongar du har vore forelska? veit ikkje, men berre éin virkelig på ordentlig.
gongar hjartet ditt har knust? kanskje tre.
hjarte som har knust på grunn av deg? sikkert tusenvis.
jenter du har kyssa? hundre.
personar fra barneskulen du framleis har kontakt med? to.
gongar navnet ditt har vore i avisa? veldig veldig mange, av mange ulike grunnar.

seinaste?
boka du leste? leste om igjen history of love nettopp, den er så fantastisk. også las eg på ei anna bok men han der fine pakka den ned i flyttelasset så no finn eg den ikkje. typisk.
personen du fekk e-post av? ebay! men på ordentlig var det gyldendal.
personen du fekk brev av? trine marie.
personen du fekk sms av? trine marie.
gongen heile familien din åt middag saman? bursdagen min i april. neste veke. <3
greia du kjøpte? smartpostkonvoluttar på posten og mr.freeze.

 

(liste fra finaste elsa.)


a list. google translate!


q&a, kjærleik.

hvorfor bestemte dere dere for å gifte dere i London?
fordi det er der me skal bu! enklare å planlegga eit bryllup der ein er uansett. også finst det så himla mange fine hus der å ha festar i.

hva slags bryllup tenker dere på?
me tenkjer på eit mellomstort veldig romantisk bryllup med konfetti og girlander og peonar og tusen dessertar og gledestårer og kakekjolar. eg skal berre vera hysterisk lykkelig for at me endelig gjorde det og for at familie og venner samlast for ein heidundrandes fest for kjærleiken.

hvor lenge har du og han fine kjent hverandre?
ca sju år.

hvordan møttes dere?
me møttes gjennom ei felles venninne, også vart me kjent gjennom internett!

in the sea of cherry blossoms

jeg lurer på om kjæresten din jobber? eller hva han/og du driver på med for å få inntekter til å bo, leve og alt :)
han går på universitetet også frilansar han litt. til hausten skal han gå på ein skikkelig fancy skule. eg tjenar til livet gjennom magasinet, faktisk.

kva gjer ein når ein ikkje har sett ein gut, ein gut som ein har drøymt om mange gonger i søvne og som ein "alltid" har likt litt eller mye (gjennom fleire år som klassekameratar), på to år til saman? skal ein tro at det ikkje er "ment to be" og bare leve videre med eit sakn som kan ta livet av ein, eller nesten dø av redselen for å bli avvist og sånn, men likevel ta kontakt, sjølv etter så lang tid? eg treng råd.
hopp. ein må laga sitt eige liv og følga hjartet.

hvordan var ditt første møte med han der fine?
det var så. skummelt. han spelte konsert og hadde på seg che guevara-tskjorte. han drog meg bak scena også kyssa han meg!

hva gjør dere for å beholde gløden i forholdet? og hva er det viktigste for deg når det kommer til et forhold? :)
me er smertelig ærlige med kvarandre og finn på ting ilag heile tida. det er viktig å oppleva kvarandre på nye måtar, syns eg. det viktigaste er respekt og tillit.



do you have an advise for 20 year old a girl who never fell in love? i lost my faith in love.im tired of waiting. you are vey lucky girl im really happy for you. even though we never met before.
my best advice for love: stop looking. i never looked and i hit the jackpot.

kranglar du og han derfine? og når de kranglar, skrik de og kastar ting eller er de meir stille mot kverandre?
me kranglar veldig sjeldan fordi me respekterar kvarandre og tar ting som dei kjem.

kva er det beste med han der fine?
at han framleis gjer meg så himla glad etter sju år.

kven er din beste ven?
eg har heldigvis eit knippe nydelige menneske som eg er så heldig å få kalla mine beste venner. topp fem: trine marie, sara, fredrik, christine og synne.

når vil du få barn?
om ikkje så altfor lenge, faktisk. tenk så fint det blir da.



hva synes du om det å ikke tro på kjærleiken?
eg syns det er innmari trist, men eg kan faktisk forstå det. kjærleik er ganske så skremmande til tider.

og hva gjør man egentlig når man går forbi eksen sin og den nye jenta hans, og man savner han så mye at man kjenner kvalme i hele kroppen?
ein går vidare. snur seg ikkje tilbake. stoppar på rema, kjøper lakrisfudge også går ein heim og ser yndlingsfilmen sin og tenkjer om og om igjen at det kjem til å gå bra. det går bra.

hvordan helbreder du knuste hjerter?
eg har heldigvis aldri fått hjartet knust, så det veit eg ikkje. men eg har fått hjelpa til med meir enn eit par. stikkord: yoghurtis, breakfast at tiffany's og akkurat nok øl i parken.

har dere tenkt på sted til bryllupet?
ja! men det er sålangt hemmelig. det blir spektakulært!

hva hadde du gjort dersom du ble forelsket i noen andre mens du var sammen med han der fine?

det hadde me takla der og da, men eg ser ikkje for meg at det skjer. eg er jo forelska i han der fine!


hvor gammel har du lyst til å være når du får ditt første barn, ideelt sett?
hm, eg skulle likt å vore 23. mamma og pappa fekk meg då dei var 23 og det syns eg er bra. planlegg jo å få kanskje tusen ungar så.



har du funnet ut hva slags giftering du vil ha nå?
hm, eg veit ikkje heilt. i det siste har eg vore forelska i rosegull.

hvordan ble du kjent med alle de fine søte vennene dine? har du evt. noen tips for å bli kjent med nye folk med felles interesser som en selv?
vennene mine er litt fra her litt fra der, ein god del fra internett og fra festar, videregåande. sånn som dei fleste på min alder egentlig. tips: sei ja! ja ja j a ! til alt som ikkje skremmer deg for mykje sånn at du ikkje får pusta.

jeg skal gifte meg i sommer og ønsker meg super-inspirasjon til morsomme og romantiske bryllupsbilder. fotografen vår er super, men jeg vil gjerne ha noen konkrete ideer. har du tips til fine og gøye bryllupsbilder (av bruden og brudgommen) til inspirasjon? :)
det finst ein del bryllupsbloggar i kategorien som heiter "om bryllup"!

kva er det med han der fine som gjer at kvar gong du ser på han, veit du med deg sjølv at han er den rette? og korleis føler du deg trygg på at ingen andre enn han kan få deg til å føle deg så lukkeleg?
anar ikkje, bryr meg egentlig ikkje heller. det berre følast så rett.

hvor blir du kjent med alle de fine menneskene du er med?
litt fra overalt. festar, internett, andre venner.

korleis visste du/veit du at du elskar han?

ein berre veit.



kva ynskjer du deg til bryllaupet?
åh, fin idé til eit eige innlegg!



nå du og han der fine blir pensjonister, hva gjør dere da?
da bur me kanskje i frankrike, et pannekaker til frukost og omgir oss med blomster og fantastiske eventyr, vidunderlige personar og pompøse og ekstravagante greier. akkurat som no berre med langt grått hår.

kan du fortelle om fine øyeblikk med han der fine?
alle augeblink med han der fine er fine. frå me står opp til me legg oss. i dag tidlig hadde me til dømes på oss den samme tskjorta til frukostbordet uten at me visste om det. i går sovna han sittande mens han kosa med hånda mi og me sov i ein time.

hvem er din aller beste venninne?
eg er så heldig at eg har mange.

trur du at ein kan leva utan kjærleik?
nei. ikkje fullt.

kan du fortelle litt om hvordan du og kjæresten din lever, opplever ting og bor med tanke på økonomi?
for meg er det rart at folk tenkjer så mykje på pengar. eg berre lever livet mitt som eg gjer det og pengar ordnar seg liksom alltid. eg kjøper ekstremt sjeldan klede, eg går aldri innom gina tricot eller h&m, eg hatar alt sånt masseproduserte greier. alle kleda mine er vintage/second hand som er billig og bra og held i dusinvis av år. me går sjelden ut og drikk drinkar på byen, me drikk heime og det er mykje billigare såklart. sparar pengar både på alkohol og på taxi. me et billig og dritbra mat og kjøper omtrent aldri halvfabrikat. mange trur at det er billigare med halvfabrikat, men det er berre løgn og fanteri og latskap og sløsing med pengar og kaloriar. drittmat er det, og superdumt når det er så enkelt og billig å laga bra og sunn mat. i oslo hadde me ganske billig leige fordi me budde i studentbolig, han der fine fekk studielån og frilansa i tillegg til det. eg tjenar pengar på magasinet og heimesideoppdrag og me klarar oss fryktelig bra. me brukar heller pengar på å reisa eller på takeaway-mat eller champagne, me unnar oss sånt me har lyst på istadenfor å bruka pengane våre på sånt som me ikkje hugsar at me har kjøpt(som alle dei kjolane bakerst i skapet som det framleis finst prislappar på fra gina tricot sine salgstativ, tenk på kor mange av dei som finst rundt omkring i dette landet). me er rett og slett veldig kritiske til kva me brukar pengar på og kva me vil prioritera, men det er sånt som det tar tid å læra seg og ein må ta ein del valg, ein må ta stilling til det. me kjøper til dømes kjøtt kanskje éin gong i veka, det er så himla mykje billigare å ikkje eta kjøt. og bra for miljøet og for kroppen og for dyra. og no har eg fått sjansen til å spara pengar for første gong i mitt liv og det føles heilt fantastisk.



hva skal man gjøre når du hater en person, og det den personen trenger mest er en venn som sier snille ting? hva skal man gjøre når du vet at du vil miste 70% av alle vennene dine om du blir venn med denne personen?

skal jeg bare være rettferdig, og behandle personen ordentlig, men uten varme, eller skal jeg være selvoppofrende, og være en venn? skal jeg late som om jeg liker henne? det verste er at den eneste grunnen til at hun ønsker å være venn med meg er for å få respekt av andre, noe som ikke kommer til å skje. hva skal jeg gjøre?
eg syns ikkje det er rett uansett kva som er grunnen, å "lata som" ein likar nokon. det er berre falskt og jævlig gjort og om ein berre gjer det for å letta sin eigen samvittighet så kan ein heller la vera å gjera det. om du vil vera ein venn; ver ein venn. uansett kva konsekvensane er. om ikkje, så drit i det. men ikkje lat som, det er det verste eg veit.

hei! jeg lurer på om du har noen tips til noe romatisk jeg kan finne på for å overaske min kjære. vi har 2 års jebuleum 19.juni å det har alltid vært han som har vært den fritenkte romatiske av oss. nå føler jeg at det kansje er min tur til å overaske han med noe. men hva? hjelp meg! vær så snill søte du!
piknik! teater! ta han med til stockholm! paris! det kjem jo heilt an på kva type person han er og kva han likar å gjera, kva de har til felles. om du berre tenkjer deg om så er det heilt sikkert noko du kan komma fram til som de begge vil elska.




answers to questions, about love.

make up.

in my makeupbag.in my makeupbag.in my makeupbag.in my makeupbag.in my makeupbag.in my makeupbag.in my makeupbag.in my makeupbag.in my makeupbag.

her er sånt som eg har i sminkeveska og i ansiktet fra dag til dag: 1. vippetang. brukar alltid det før mascara for det funkar faktisk. 2. mascara. har faux cils fra ysl til vanlig, også har eg ein vannfast ein om eg skal jobba i bryllup og sånt, hih. 3. sånt til augene. fra venstre: artliner fra lancome. den har ein tynn tynn svamp og er virkelig ein fantastisk eyeliner, spesielt om ein er litt ustø. sephora sin eigen eyeliner som er superbra og sit på heile natta. augebrynspenn fra lancome i fargen blonde. kvit eyeliner fra mac. den brukar eg på våtlinja nede for da ser augene så store og fine ut. 4. rouge! eg har óg mac sin eigen rougebørste for den syns eg er aller best. 5. mocha og melba. akkurat perfekt rosa. på sommaren brukar eg mest melba for da ser ein ikkje solbrent ut. 6/7. cover-up av mac i fargen nw15. brukar den rundt augene og nasen. 8/9. leppestiftane eg brukar. ruby woo fra mac, den mest perfekte leppestiften som finst som sit på i timestimestimesvis som ein kan klina med bak eit kjøleskap og den går aldri av. so chaud, som er i samme serien som wuby woo, den er óg matt men den er litt lettare med litt oransje i seg. så retrofuturist fra lime crime, meir som om ein har ete masse bringebær. 10. om det er varmt eller om eg er stressa så brukar eg óg eit transparent lyst lyst pudder fra laura mercier for det mattar ned ansiktet og gjer at ein er mindre blank. perfekt.

 

og på ein vanlig dag ser eg sånnher ut:
GIF.



this is my make up and it makes me look like this!


gamlahuset.

gamlahuset.gamlahuset.gamlahuset.gamlahuset.gamlahuset.gamlahuset.gamlahuset.gamlahuset.gamlahuset.gamlahuset.gamlahuset.gamlahuset.gamlahuset.gamlahuset.

eg og han der fine bur i eit nydeligfint hus no. der det er heilt rolig og stille og det knirkar i trappa og i golvet og ein må vera forsiktig. me har stort kjøkken der ein kan laga mat ilag og utanfor døra er det blomar og syrintre som luktar heilt inn i huset. det finst ikkje tv eller internett og ein må bæra med seg utstyret sitt til hovudhuset for å blogga og streama gossip girl(som er min sommarserie for i år). i hagen er det asparges, lauk og blomkål og det er store vindauge og kaldt i golvet og det begynnar så smått å følast som at det faktisk bur nokon der, som at me bur der.

 


j and i live in our own pretty little house now. it's so quiet and calm, with squeaky floors. there's a big kitchen so we can cook together and the lilac trees outside smell so lovely, even inside. i have to take my computer to the main house to get internett access so i can stream gossip girl, and in the backyard; asparagus, onions and cauliflower. big windows and cool floors and it's starting to feel like home, our home.


what do you call beautiful? a tree. you'll look like a tree.

funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face. funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.funny face.

i går tok eg bussen til sogn og fjordane. det beste eg veit når eg køyrer buss er, etter å eta bringebærpai fra liebling(som eg óg gjorde), å sjå film! så eg såg vidunderlige funny face. om ein hadde spurt meg kva som var den perfekte filmen ville eg ha sagt new york + paris + fred astaire + audrey hepburn + ballongar + blomster + givenchy +  lysekroner + technicolor + richard avedon som special visual consultant. så perfekt at det er funny face, da. dør av givenchy-kjolane og av dansande fred astaire og at audrey hepburn er så rar og fin samtidig som ingen andre i verda klarar. åh! må sjå den ein gong til, straks.


ps: no er eg forresten i sogn og fjordane, skal bu her i to månadar. i lærdal! bur i eit vidunderlig hus med han der fine, med markblomster og pastellhåndkle. de får sjå alt snart! dei som ventar på magasin: dei kjem snart, berre hold ut(dei har ikkje nok konvoluttar på post-i-butikk i lærdal, berre. litt trist men óg ganske fint(at de bestiller så mange at det ikkje er nok konvoluttar, meinar eg)).




yesterday i took the bus for six hours. my favorite activity on a bus, after eating raspberry tarts from liebling, is watching movies. so i did. funny face! if you asked me what the perfect movie would be, i would say: new york + paris + fred astaire + audrey hepburn + balloons + flowers + givenchy + chandeliers + technicolor + richard avedon as the special visual consultant. which is funny face! how convenient. i love love love the givenchy dresses and fred astaire dancing and audrey hepburn, the only person in the world to pull of the kind of quirky she is. have to go watch it again, brb.