ååååååååååååååååååååå.


blir ein ikkje berre superglad av sånt?
om du vil ha meir kan du sjå her eller ihvertfall her.

i dagbladet i går;
bilde 1

i dag var det på tide med litt eufori

dagen i dag har vore euforisk. eg er attforeina med meg sjølv og min beste beste ven og min lønnslipp på 30 000 kr. <3 me reiste, som lova, på piknik. ca ein mil sykkeltur. sogn og fjordane er vakkert, skulle ønska eg hadde hytte her. eller noko. halvvegs fann me ein gut med ein parykk som me fekk låna for 20 kr!!! alt eg kan seie er at turen dit var stort sett mykje enklare enn vegen heim. here's why;

200807271144redigert
200807271145redigert
200807271165redigert
200807271191redigert
200807271140redigert
200807271199redigert
200807271222redigert
200807271192redigert
200807271441redigert
200807271481redigert
200807271523redigert
200807271532redigert
fint, ikkje sant? <3 turen heim, derimot var litt(mykje) meir trøblete;
200807271549redigert
200807271553redigert
200807271554redigert
etter 8 gonger i grøfta vart me litt deprimerte. IS!
200807271120redigert
200807271115redigert
:( min is.
200807271094redigert

2 stk sandwich og 2 stk lollipop(sjølv om ho tok begge mine lollipop, da). 15 stk nye myggstikk. 3 l vin borte. mykje mykje mykje mykje koz.


i dag var det på tide å vera litt glad

i dag var det på tide å vera lukkeleg. fordi den beste venen i verda kom heim. medan eg venta på at ho skulle koma sat eg litt i graset og snakka med katten.

0827073

Katten sit
i tunet
når du kjem.
Snakk litt med katten.
Det er han som er varast i garden.
- Olav H. Hauge

seinare, etter ein boks smågodt, ein pose cheez doodles og ein episode criminal minds, gjekk me ut og song cabaretsongar i gata.
0827074
ho fine.
0827075
eg(som ikkje eig ei einaste strømpebukse utan hol i og ikkje har hatt på meg sko sidan onsdag), ho fine og bono.

i dag har eg på meg min nye vintage-kjole som eg elskar.
eg dansar litt til ære for dykk så eg blir gjennomsiktig, okei?
200807270821

imorgon skal me på sykkeltur/piknik med fruktsalat og fine kjolar og ein boks med vin. det kan bli underhaldande og fine bilder av slikt. hejdå!

hunting for cherubs

  If you heard your lover scream in the next room
and you ran in and saw his pinkie on the floor, in a small puddle of blood.

You wouldn't rush to the pinkie and say,
'Darling, are you OK? '

No, you'd wrap your arms around his shoulders
and worry about the pinkie later.

The same holds true if you heard the scream,
ran in and saw his hand or -god forbid- his whole arm.

But suppose you hear your lover scream in the next room,
and you run in and his head is on the floor next to his body.

Which do you rush to and comfort first?

Jeffrey McDaniel

kjærleik til ei dame.


Marla Singer er ein av dei kulaste personane eg veit om, og eg håpar eg ein dag finn nokon som ho som eg kan stjele bukser og røyke med, helst med langt munnstykke. Eg elska ho i boka, og Helena Bonham Carter spelar ho så brilliant.

Ho er ei av mine favorittdamer. Topp fem i alle fall, ilag med Angelina Jolie, Sophie Dahl, Zoey Deschanel og Sienna Miller.

things to accomplish before you die

bilde 1

eg surfa på livejournal i dag, og eg fann eit søtt community der folk skriv inn lister over ting dei vil gjera før dei dør. sjekk det ut her. eg skal skriva ei lista der. ei lang ei. skriv ei du òg vel, plis?

suicide girls.

mange av dykk veit sikkert allereie om dette. eg har likevel lyst til å vise dei fram. suicide girls. dette er vakre, nydelege jenter frå heile verda(norske òg!), gjerne med ein del kroppskunst og gjerne veldig seksuelt frigjorte. mange av bileta grensar òg mot mjukpornografi, vil nok nokon seie. eg seier det er pent. <3

le2638f0a454a9c497beea28d71f23707
n6020654822545863157
l9ffe18707b02d86722b8b398aac15f1a
ld940fc7f5febb03350b9c751aae3a5f8

og ein av mine favorittar:
l3039143afc8595529a0526337c98ff31
giulia. <3

bøker.

dei som kjenner meg best veit at eg sluker bøker. ikkje nok med at eg leser veldig mange bøker, eg brukar veldig mykje pengar på bøker. den siste lønninga mi har runne vekk på dette(pluss ein iPod og ein ekstern harddisk, sjølvsagt, etc);

081907

napoleon dynamite(film), into the wild(film), the history of love av nicole krauss, lolita av vladimid nabokov, american psycho av bret easton ellis, fritt fall av nick hornby, all families are psychotic av douglas coupland, extremely loud and incredibly close av jonathan safran foer, this is for you av rob ryan, playing with the grown-ups av sophie dahl og the secret av rhonda byrne. eg ventar på 4 til i posten. ikkje sei dette til kjærasten min. plis.

eg har lest halvvegs gjennom the history of love og elskar dette:
0819076
eit heilt kapittel. <3

eg har også bladd gjennom dei andre bøkene og funne andre ting som eg likar:
0819071
frå playing with the grown-ups.

0819073
0819075
0819074
alle tre frå extremely loud and incredibly close.

0819072
frå this is for you.

kva er yndlingsboka di?
(a complicated kindness av miriam toews, the bell jar av sylvia plath, eleanor rigby av douglas coupland, a spot of bother eller the mysterious incident of the dog in the night-time, begge av mark haddon)
kva er favorittkarakteren din frå ei bok/ein film basert på ei bok?
(marla singer frå fight club. herregud, eg elskar ho. ein dag skal eg laga eit blogginnlegg kun om ho. helena bonham carter gjer ho briljant i filmen)

forresten, om du likar bøker på engelsk og ikkje har så mykje pengar, sjekk play.com. dei har gratis frakt og billige bøker. og filmar, for dei som heller vil ha det :)

peas.

kvardagsfilosofi

eg trur faktisk at verda hadde vore ein betre stad om alle hadde gått med klokker. fine klokker med lærband rundt handledda. sånn som gamle menn som ventar på tbanestasjonen som spør etter klokka sjølv om dei har klokke sjølv. også hadde kanskje ikkje ungdom vore så ekle og sagt at dei ikkje visste, eller sluppe å leita i fem minutt nedi veska etter mobilen. klokka er jo viktig. eg sjølv ville hatt pæreklokkesmykket frå Marc Jacobs, sidan eg og han er bestevener for tida, men helst vil eg at alle skal ha klokker rundt handleddet. eller i dresslomma, som white rabbit i alice in wonderland, sjølv om eg helst vil at den skal funka normalt så eg ikkje blir så forvirra som alice. det er så stilig og eg blir litt forelska med ein gong.

whiterabbitwithwatch5

popsongar

Ei nydeleg bok, for dei som klarar å lesa nynorsk, sjølvsagt(og det er ikkje mange). Her får du dei to siste sidene i den vakraste novella nokon gong.
0808074
0808075
Frå novellesamlinga Popsongar av Frode Grytten.

hjartesorg og hjartesakn og hjartevondt

n5684608669918476716

altså, dei fleste vil nok rynke litt på nasen av å høyre ei 18 år gamal jente som erklærer sin udøydelege kjærleik for ein 13 dagar eldre gut. det bryr meg veldig lite.
for eg elskar han.

og medan bussen køyrte inn i tunnellen trilla tårene fordi dei visste at dei ikkje skulle sjå han att på ei heil veke. "du er så vakker. du er så vakker når du gret." og akkurat da elska eg han litt meir. damene foran i bussen snudde seg og såg forskrekka på kvarandre, for ein skal jo liksom ikkje gråte offentlig, på ein buss, i norge. det er uhørt og ekkelt. eg er berre sånn. han kyssa meg i panna før eg måtte gå og heile verda braste saman. for ei veke. og om ein time skal eg gå på jobb sjølv om eg berre vil ligga i jentepingvinfosterstilling og sova. i ei veke.

.

om eg fekk veja kva for eit dyr eg ville vera
ja, om eg vart reinkarnert og fekk velja.
så ville eg vore ein pingvin.
tenk å få vera så stilig i smoking heile tiden!
men sidan eg hadde vore ein jentepingvin ville eg nok heller sett slik ut:

gentoopenguin copy
fotomontasje av moi. hihi

tenk kor mange fine guttepingvinar som hadde sjekka meg opp, da.
ps: pingvinar som finn saman og elskar kvarandre døyr om partnaren deira døyr.
av hjartesorg.
difor elskar eg pingvinar.

takk for alle dei fine kommentarane.
de er så fine, alle saman.

kjærleik til ein hobby.

altså, nokon vil kanskje seie at det er litt spesielt
å vera fullstendig obsessed
og å snika rundt på matbutikkar uansett kvar eg går
fordi eg har ein besettelse; kvitteringar.
vis meg kva du kjøper, og eg skal seie deg kven du er.

eg fant ein for nokre dagar sidan som eg syntes var så koselig.
081007 copy
eg ser for meg ei lita bestemor med ei lita handveske og skjørtet i midja.
og fint grått hår kjemt litt bak. og kanskje ei fin hårspenne.
og ei brosje på blusen som er lyseblå. og fine briller. og stor lommebok.
til frokost tømte ho melkekartongen, og etterpå lo ho av seg sjølv for ho hadde melkebart. og ho har kjøpt både vanlig cola og cola zero fordi ho har så mange barnebarn.  og jentene vil ha uten sukker men gutane tykkjer det er altfor dumt, så dei får vanlig. og i dag kjem sonen på middagsbesøk med si lille datter, og skal servea karbonadekaker. poteter har ho heime. gulrøter òg. og etter middag vil ho tømma non stop oppi små eggeglass og gi det til ho og lage shh-ansiktet og late som om det er hemmelig så det blir meir spennande. og når det er tomt for sjokolade tar ho med seg den lille jenta ut i hagen der dei snurrar som store prinsesser, og jenta skulle ønska at ho hadde like stort skørt som bestemor når det snurrar. så blir dei svimle og dett ned i graset der dei blir liggande å le så lenge at det føles som for alltid.

sakn.

eg høyrer på denne songen og saknar dei sånn,
alle folka som eg har hatt og mista og det svir litt, merkar eg.

om eit år.

Om eit år bur eg kanskje i denne byen
emblem of london

Og eg går kanskje på denne skulen
objplsimage
Middlesex

Eller denne
objplsimage1
Camberwell college of art

Og kanskje ser eg sånn ut:
img1

og kanskje får eg shoppa her kvar søndags formiddag:
camdenlock market
camden market. <3

image003
portobello road. <3

Og kanskje bur eg i ein leilighet som dette:
favorit
med skeive tak og nostalgisk preg.

m8gp35



int200
ei varm stove som får deg til å føla deg som om du er ute i hagen, ute i graset.

int2400
med sånne golv. og sko.

serene12
og mange bilder på veggen.

53801bcd3d0787e9f6e90ad93fec02c3cs
eit slikt kjøkken.

serene2
med sånn vask.

df17
og eit nydeleg soverom.

df16

room1
og her kan eg skriva breva mine.

bilde 1
og så mange bøker vil eg ha.

og drikka sånn kaffe kvar dag:
2361622788b633554cb3

og gå tur her kvar dag:
regentspark2
hilsa på alle ekorna og prøva å fanga ein fugl. kanskje reisa på båttur eller bere ligga i graset og holda hender og lesa fine bøker kjøpt på ein fin bruktbokbutikk.

uansett kvar eg er om eit år, så gler eg meg så veldig.

tingsomeg likar og tingsomeg elskar del. 2

bilde 1

jenter med silkebånd og sløyfer i håret
så søtt og uskuldig og eg skulle ønska eg hadde meir sløyfer i håret då eg var lita. tida er ikkje ute enda, heldigvis.



bilde 2
badekar med føter
så classy, så shabby chic, så vogue. eg elskar det.


bilde 3
gutar med skjerf
gutar som er så sikre på seg sjølv at dei tør å gå med skjerf er noko av det mest attraktive eg veit. hmf.


bellyheartbyohfudge7
gravide magar
det er vakkert og nydeleg og eg gler meg til å ha min eigen å setta tekoppen min på. <3


bilde 4
strikka sokkar
minnar meg om bestemor og lukta i kjellaren.

bilde 5
jenter i høge hælar
det er sååå classy og eg skulle ønska eg kunne pull it off.

katiawithhatbybubblegumheart
jenter i fine hattar
same som den over.

7843a6465b5ee675
lysekroner
minnar meg om slott og disneyfilmar og barndom. då eg var lita plukka eg innimellom av ein "diamant" i all stillheit og hadde den i lomma lenge mens eg gnei tommelen mot den glatte overflata

bilde 7
kragebein
noko av det vakraste eg veit. heilt frå halsen og ut i skuldra, helst. <3

bilde 8
gamle damer med leppestift
ååå, så sjarmerande.

tingsomeg likar og tingsomeg elskar

0806040087
meg i hagen vel.

Eg likar å le av meg sjølv i spegelen om morgonen om eg har sovna med blautt hår. Eg likar fuglar og skulle ønska eg var ein. Eg skulle òg ønska eg var eit kaleidoskop, noko vakkert som er vakkert uansett korleis ein vrir på det. Eg elskar lukta av syriner fordi huda hans luktar som det heile sumaren. Eg likar å vri meg i senga med lilla eller grøn strømpebukse. Eg likar når huda mi luktar som jordbær eller mandarin. Eg likar å sova i nytt sengetøy(med ein liter tøymykner<3). Eg elskar kameraet mitt. Eg likar draumar, min største er å bli fotograf for det skal eg. Eg elskar smoothiez. Eg likar store kjolar som svingar når eg svingar rundt. Eg likar kråkeslottet, jaffal den grøne veggen eg har måla sjølv og jaffal hagen. Eg likar yoghurtis med mint. Eg elskar alt med mint. Eg likar best å handla på mega. Eg likar berre bananer om dei har brune flekkar(søtesøtesøte). Eg elskar lukta av gamle bøker og ny plast, og kan henga på bibliotek i timesvis berre for å vera rundt bøker. Eg likar når han skriv lappar til meg som det står"du er fin<3" på.

kaleidoskop

080207


0802072


0802071

eg føler meg dum

Jammen eg gjer det. Eg føler at eg ikkje har nokon kunnskap om historie eller geografi, kvifor verda er slik den er den dag i dag. Eg har plenty kunnskap om samfunnet i dag, statistikk og bilder å visa til, men historie. Verdshistorie... Nada. Ungdomsskulen var ein stor klump av mørke og ei veldig tung tid der tida etter skulen vart tilbrakt sovande eller stirrande i taket. Det seier seg sjølv at konsentrasjonen kanskje ikkje var på topp på skulen heller, men eg angrar så fælt på det no. Kjærasten min er eit geni nemlig - det er ikkje eg. Han kan alt om verdshistorie og geografi(han prøver seg ihvertfall), og av og til er eg redd for å framstå som heilt idiot. Heldigvis skal eg ha nyare historie som eit fag på skulen neste år, pluss 11 timar norsk i veka, så det må vel bli ein del kunnskap om norsk historie, tenker eg. Heldigvis. Eg er tørst på kunnskap. Egvillæreegvillære!

Anna enn dette har eg tenkt ein del på kaleidoskopet mitt. Eg skulle så gjerne ha hatt eit i metall, men no har eg teke ein del bilder med det nye og eg trur eg legg dei ut seinare idag. Eg har eit oppdrag med å lage design til kjærestebloggen(han nys i stova, stakkasj allergikaren min).

Han er jammen fin altså.

11