om å ikkje jobba i sommar
eg hadde aldri trudd at eg skulle fullføra vidaregåande med ståkarakterar i alle fag. i løpet av dei tre siste åra har eg vore gjennom nok til eit heilt liv. til å byrje med mista eg alle vennene eg hadde hatt heile livet i første klasse og stod på bar bakke på ein heilt ny stad. vel, nesten i alle fall. i andre klasse fekk mamma eit hjarteinfarkt og holdt på å dø, eg var så lenge vekke frå skulen at eg var sikker på at eg kom til å stryka(heldigvis fantest det fine lærarar og ein rektor med forståelse for situasjonen. takk, charlotte). onkelen til han der fine døydde av kreft, så hunden hans, så hunden min(berre ein hund, kan ein tenka, men då har ein aldri hatt ein sjølv). me reiste til london og wales i vinterferien for å kopla av, finna tilbake til oss sjølve. på veg heim til sandane velta bussen vår. eg kjente kroppen min gå gjennom vindauget og måtte holda meg fast for å ikkje skli under bussen medan den velta, eg er framleis redd for å køyra buss. i sommarferien i fjor jobba eg på hydro og tjente skammeleg mykje pengar, men eg var ikkje meg sjølv, eg skapte nesten ingenting heile sommarferien og det tok altfor lang tid før eg fant tilbake. i desember datt min bestefar i ei steintrapp i kyrkja og døydde, ei veke før purstagen sin. og i tillegg er det mykje som er altfor personlig for meg å dela her på bloggen, men de skjønnar. eg håpar de forstår at dette ikkje er ein medlidenhetsappell.
det gjekk bra, alt gjekk bra, eg takla det sjølv med ti timar norsk i veka. men når eksamenane kom var eg så sliten at eg våkna kvar dag og visste ikkje om eg kunne klara å stå opp. ein lege sa til meg at eg var på veg til å bli utbrent i ein alder av nitten år. eg vart sjukmeldt eit par dagar, og eg klarte meg fint på eksamenane, men etterpå var det full kollaps. for sånn går det når ein berre køyrer på og ikkje tenker på at hovudet ditt har ein kropp som trenger å bli tatt hensyn til. eg fekk tilbod om sommarjobbar, men eg orka rett og slett berre ikkje tanken på å gjera noko som helst. kva vil du gjera, mariell? å, ingenting. ingenting ville vore heilt perfekt. og difor jobbar eg ikkje i sommar, som svar til dei mange som har spurt. om de vil unnskylda meg, eg må ut å ligga i regnet.

konkurranse med marmee craft

tenk kor heldige me er! me har fått fine saker frå marmee craft som nokon skal få heim! det øverste er eit bilete, the acorn keeper(ca like stort som eit a4-ark), og det andre er eit sett med fem ark og fem polkadot-konvoluttar! og alt du treng å gjera er å legga igjen ein kommentar der du finner på eit ord og brukar det i ein setning! til dømes:
pryklite: noko som er pyttelite og prikkete. "ho hadde nettopp kjøpt seg pryklite gaflar og knivar"
men kanskje meir kreativt enn eg kunne komma på på ståande fot. i kommentaren må du óg seie om du vil ha biletet eller settet, og legga igjen epostadressa di! lykke til!

to win these lovely things from marmee craft, all you have to do is make up a new word and use it in a sentence! it can be any word you like. in the comment you also have to write which of the things you want, the print or the stationary set, and your email adress! good luck!
dagens
dagens frukost

blåbærscones og valnøtter og solbærsaft.
dagens song
dette er prosjektet eg og han der fine gjorde saman til ukm i fjor. det er finaste pia som dansar, og me kom faktisk til landsmønstringa med installasjonen vår. bildet vart vist fram i ei ramme med prosjektor, som eit dansande bilde på veggen. og denne songen har eg i hovudet absolutt heile tida enda. dansen er inspirert av plastposen i american beauty, om nokon veit.
dagens tips
om sumaren pleier eg å dusja i kaldt vatn! då startar eg med varmt, også skrur eg gradvis ned til kaldt lunka vatn. det er så himla deilig og forfriskande for resten av dagen, og ein ser heilt levande ut i ansiktet.
dagens dikt
if i can stop one heart from breaking,
i shall not live in vain:
if i can ease one life the aching,
or cool one pain,
or help one fainting robin
unto his nest again,
i shall not live in vain.
(emily dickinson)
dagens fine bilete

plumerousse
dagens finaste på flickr
denne videoen er fantastisk.
dagens undertøy

candystriped med sløyfe på rumpa. frå lindex. ti gullpengar.
dagens fine tanke
om åtte. om åtte dagar. om åtte dagar bur eg og han der fine ilag. eg og han. eg og han.
dagens planar
reisapåeinpussmedeisøsterogkanskjeeitiltilhanderfine,lagatacoogmegakosogsåbadekaretogså
sovasovasovaogetabærtilfrukost.
dagens post

i dag har eg fått underkjolen min i posten, og den er heilt herleg.
dagens innkjøp

eg har kjøpt bestikk til nye leiligheten! fint vel?
dagens finaste blogg

quietland. eg har lest bloggen til matilda lenge, men ho har fått kattepusebeibiar jo!
dagens verste blogg
eg orkar ikkje å forklare eingong. eg tykkjer så synd i denne personen om fem år.
dagens film

tideland! eg såg den for eit par dagar sidan og å, for ein vidunderleg film. altså, den er så vakker og innvikla og ekkel og mystisk og nydelig at eg ikkje veit om ord som kan beskriva den godt nok eingong. berre kjøp den og sjå den og fortel meg om de likte han!

today's breakfast: blueberry scones, today's song: my boyfriend wrote this, i made the film, today's tip: shower in cold water in the summer, it's very refreshing. today's poem: i shall not live in vain by emily dickinson. today's lovely photo, today's loveliest on flickr: a video i love! today's underwear, today's happy thought: in eight days i will officially be living with my boyfriend! today's plans: i'm going on a bus to see my boyfriend, my sister is coming too and we're having tacos! today's in the mail: this is my new wonderful slip. today's purchase: polkadotted forks and spoons! today's nicest blog: matilda's blog had been one of the blogs i read for a very long time, but now she has kittens too! today's worst blog: you'll probably not understand any of this, but it's a link to a girl with candy floss for brains. today's movie: tideland. you should really see it.

kva er dine dagens?

eg dør.
haustkolleksjonen til odd molly er nesten nok til at eg revurderar paris-planane mine. berre sjå.

tomatsuppe
i dag har eg laga heimelaga tomatsuppe alá ina! du treng ein og ein halv kilo tomater, to store lauk, basilikum, salt, pepar! snitt tomatene lett i toppen og kok dei i ei panne til skalet blir lett å ta av, så legg du dei i ein bolle med kaldt vatn(ellers er dei altfor varme) og fjernar skalet. medan tomatene kokar steikar du to grovhakka lauk i litt olje. når du har fjerna skalet på alle tomatene, hiver du dei i ei panne med lauken og kokar og mosar tomatane medan dei driv på, i nokre minutt. så tar du heile rabalderet med ein stavmiksar til det blir oransje mos! spennande vel? jepp. ikkje køyr dei i ein blender, med mindre den er dyr og tung som berre det.

så fin blir den da! så smakar du til med basilikum og salt og pepar, og eg hadde litt persille i óg, fordi me hadde det heime. tips: kjøp basilikum på glas i staden for i potte(dei har det ved krydderet), for det smakar nesten like godt og det er greitt om ein ikkje skal bruka ei heil potte på same tid. så er det berre å eta! typ fire porsjonar. nom nom.

this is my recipe for tomato soup(four portions): boil and skin 1.5 kg tomatoes, cut the onions into about 1/2 inch pieces and fry them in some oil, and boil it all in one pan for a few minutes, then puree it with a hand held immersion blender, add salt, pepper and basil(and parsley if you like).

oh my ears and whiskers, how late it's getting!

i dag har eg ny kjole på. eg har hatt litt influensa, og då er det fint å få kjolar i posten med hjartepapir rundt vel.

den er fin å snurra i samtidig som den har fine knappar nedover heile seg. og det tykkjer eg alle skal ha. eg er i litt alice i eventyrland-humør i dag, kanskje de får vita kvifor seinare. suss på nasane!
ps: hårblomane kjem seinare, eg hadde ein i håret i går og den berre datt av klemma, så eg ventar på større klemmer. men dei kjem.

i've been sick with the flu but today i got this lovely dress in the mail!
muffin
i dag er eg sjuk og ein dårlig bloggar, men her får de ei pannekakemuffinkanin

versågod! i kveld legger eg ut ein heil haug med hårblomar og litt sløyfer, så ver klare. suss på nasen!

today i'm sick and thus a bad blogger. here is a bunny for you.

bringebær

i dag fekk eg denne kjolen frå min fantastiske nye sponsor, flutter and echo. den får meg til å føla meg som eit enormt bringebær.

today i received this wonderful dress from my lovely new sponsor, flutter and echo. it makes me feel like an enormous raspberry!
tantemariell
eg kan vera skulemariell og kjærestemariell og vennemariell og bokmariell og bloggmariell, men i dag har eg vore tantemariell ei stund, og det var ganske fint.

me gjekk inn i ei verd av ripsbusker, og snakka om bestevenn hermann og vilde som var nesten bestevenn ho òg, men mest hermann, og han har lyst hår og eigentleg vil ho litt heim snart for ho lengtar til hamar og snøkvit-dokka si som dei la igjen der.

og medan me fylte bøtta snakka me om at det var fint at tantemariell og onkeljostein skulle flytta til oslo, for da kunne me pusøka kvarandre ganske ofte.

og me snakka om at ho snart har purstag og ho ønskar seg ikkje genserar for ho har nettopp fått ein ny med sommarfugl på, men prinsessetruser ville ho gjerne ha.

til slutt vart det litt solbær, og ho kunne fortella meg at favorittsongane hennar var lysegrøne songar og lyseblå songar og lyserosa songar. så veit ein det.

today i spent some time alone with my niece, she's three but turning four in november, and we talked about life and berries and she told me she wants princess briefs for her birthday.

om min beste venn
mine beste venner er folk med konsistens. folk med tankar og meiningar og kunnskap. folk som leser bøker og følger med på nyheter og bryr seg om politikk, som ein kan diskutera med, både om kjærleik og om frp sin utanrikspolitikk, og slik likar eg det for da blir det aldri kjedeleg.

dette er trine marie. ho er min absolutt beste venn i heile verda. trine marie flytta hit på barneskulen ein gong, og ho var den einaste som ikkje visste korleis dei andre ungane var mot meg og syns om meg, for ho var eg eit blankt ark og for meg var ho ein venn. me var kjemperare saman, me brukte friminutta på skulen til eit slags gymnastikkopplegg, ho sprang mot meg kjempefort og eg skulle løfta. eg anar ikkje kvifor, men sånn vart det. eg hugsa at eg likte ho så godt fordi ho såg litt ut som ei mus i ansiktet(for ho gjorde det då ho var yngre), det var liksom så trygt sånn. me var ikkje like i heile tatt, ho sang og eg las bøker, og sånn er me i stor grad enda eigentleg.
i dei to åra ho har budd vekke no(ho har gått på uwc) har eg innsett kor fint der er å ha ein sånn person, ein som berre bryr seg om det ho vil, som spradar rundt naken framfor kameraet mitt, som ein kan ha høglydte diskusjonar med om abort og dødsstraff og prinsipp og som samtidig rapar høgast av alle i heile verda. første gongen ho hadde hatt sex stjal me ein kniv og rissa inn datoen i eit tre, i fjor sommar sykla me ein halv mil, drakk oss fulle i teite parykkar og sykla heim igjen(det er der desse dansebileta kjem frå). i går lurte me ei gammal dame til å låna oss drivhuset sitt. eg veit eigentleg ikkje kva eg prøver å seie, eg vil berre at de skal bli litt meir kjent med ho som kan gjera alt betre. ho som vart vegetarianer over natta, som syr marilyn monroe-kjolar, som elskar så intenst som eg aldri har opplevd før, som aldri er redd for å syna følelsar(ho griner berre nokon seier "i love you" på tv, hihi) og som aldri er redd for å ytra meiningane sine. det høyrest kanskje cheesy ut, eg veit ikkje, eg trur ikkje eg bryr meg om det heller. kjærleik blir ofte sånn i ord. men fy som eg gler meg til dette skuleåret, for ho skal bu ein halvtime unna. reine luksusen, ein kan til og med ringa til kvarandre.

mitt bryllup
etter denne videoen fekk eg så mange tankar rundt bryllupet mitt. for me skal jo sjølvsagt gifta oss ein gong, eg og han der fine.

kjolen min skal sjå og følast akkurat sånn. sånn ville vore perfekt. som ei stor kake.

og brudepikene(eg skal ha mange) skal sjå ut som små kaker.

middagen.

dessert.

ingen får sitta ved bord, alle skal sitta på tepper i ein stor hage med enorme epletre.

og hjarteballongar!

alle desse er sjølvsagt inviterte.
og denne songen blir hovudsongen på kvelden, utanom all musikken som han der fine har skrive for anledninga sjølvsagt. og alle skal dansa og drikka vin og champagne og dansa på bordet og berre elska kvarandre og elska livet og vera lykkelige.

nattmat.

me skal vera lykkelige heile natta, og klokka sju om morgonen skal me sovna og det skal følast sånn.

my wedding will look like this! items: one: this is what my dress will look like. two: this is what the bridesmaids' dresses will look like. three: dinner. four: dessert. five: the dinner will be served not on tables, but on blankets in a huge beautiful garden. six: heart balloons, of course! seven: all of these are invited. eight: this song will be something of a soundtrack. nine: night snack. ten: when we fall asleep it will feel like this.
all we can do is keep breathing

foto: privat
god morgon!
eg tenkte berre å ønska alle god morgon og seia noko fint. eg er ikkje redd for oslo lenger. no klarar eg nesten ikkje å venta og eg vil reisa dit no no no. tenk det, for ein månad sidan hadde dei måtta bæra meg inn i bilen. eg gler meg! eg gler meg! eg gler meg! oslo oslo oslo! no reiser eg ut for å gjera noko hemmelig. suss på nasen!

good morning!

good morning!
i carry your heart with me

bilete
i carry your heart with me(i carry it in
my heart)i am never without it(anywhere
i go you go,my dear; and whatever is done
by only me is your doing,my darling)
i fear
no fate(for you are my fate,my sweet)i want
no world(for beautiful you are my world,my true)
and it?s you are whatever a moon has always meant
and whatever a sun will always sing is you
here is the deepest secret nobody knows
(here is the root of the root and the bud of the bud
and the sky of the sky of a tree called life;which grows
higher than the soul can hope or mind can hide)
and this is the wonder that's keeping the stars apart
i carry your heart(i carry it in my heart)
e. e. cummings.
nytt.

i natt la eg med med tretti klemmer i håret. eg prøver å finna ut korleis eg ser ut med krøller.

det såg rotete ut. men eg prøver igjen i kveld, kanskje eg blir curly bombshell over natta.

i august skal eg tatovera meg, og omtrent sånn skal det sjå ut.

since last time i've tried to pin curl my hair and figured out what my tattoos will look like!
HERREGUD
roadtrip.

i dag har eg og min pappa vore på roadtrip til førde.

eg var fin i spegelen.

me møtte fredrik der. her ser han ganske sur ut, men han var ikkje det. me shoppa secondhand som eg skal visa seinare pluss noko som eg ikkje seier enda.

me åt burgerar som forresten var ganske gode.

vassmelonsmil på veg til fjærland.

i fjærland er det bokbyen er. me såg sikkert hundre tusen bøker i dag.

og dette er eit hotell som ser ut som mummihuset! herregud tenkte eg då.

pappa var sur for han fann så lite bøker i dag.

no er me endeleg heime att, og no skal eg laga pizza og dansa på kjøkenet til lykke li. håpar alle har fine fredagar!

today my father and i went on a roadtrip! we went to førde to second hand shop and meet fredrik. then we went to fjærland to shop second hand books! (there are hundreds of thousands of books there)
i ei perfekt verd...

...kan ein ha skyer på fingrane...

...og blomar på veggane...

...og kaniner av is i saftglaset...

...og beibipinnsvin i vindauget. (alle bilete er linka til kjeldene sine)

in a perfect world we'd have clouds on our fingers and flowers on our walls and ice cube bunnies in our juice and hedgehogs in our window sills.
hagegnom.

alle har vel sett amelie frå montmartre, vel? eg elskar jo amelie. og difor vart eg så glad at eg sprakk då eg fann ein hagegnom i postkassa i går. den kom frå anna, som har ein veldig fin blogg òg. og eg tykkjer alle skal kjøpa hagegnomar til folk dei er glad i, altså. det er heilt naudsynt.

i received this amelie inspired postcard in the mail yesterday, it's a project made by anna.
gjer det sjølv, blomar i håret
du treng: franske hårklemmer

desse kan ein bestilla på ebay, ein søker på "french barrette clips". eller på etsy! eg pleier å bruka åtte centimeter lange, men det vert ofte for stort òg, så eg har eit lager med seks centimeter i tilfelle.

limpistol må ein ha! det får ein tak i på hobbyputikkar og ofte leikeputikkar òg.

så treng ein jo noko fint. eg brukar lysmansjettar, det er sånne som ser sånn ut på baksida:

eg pleier å kjøpa dei på nms-putikkar, dei kostar som oftast nesten ingenting. om ein ikkje har tilgang på bruktputikkar eller kanskje bestemødre som har dei gøymt i skuffene, kan ein kjøpa dei på ebay òg. da søker ein berre på "candle ring". ver forsiktig med å finna ut kor store dei faktisk er, ein vil jo ikkje ha nokon som dekkar heile hovudet heller. det du må gjera no er å finna ut korleis du vil at blomen skal sitta i håret, også måla klemma opp mot baksida på blomen så du veit akkurat kvar den skal sitta når du får på limen. så tar du limen på klemma og plasserer den på blomen(og hold litt så det stivnar) og vips!

fint vel?

og om klokka er halv fem om natta og du ikkje får sova og du har kjøpt rosa fluge(om ein vil laga og ikkje har sløyfer så søker ein berre på "bow tie" på ebay), kan du gjera den om til eit armbånd lett som ein plett med saks og nål og tråd.

this is what i do to make my flower hair clips. french barrette clips + glue gun + candle rings! and if you have bow ties not currently occupied, you can make these lovely wrist bows!

om å vera forelska i daniel radcliffe
eg var ein boknerd som born, ein skikkeleg boknerd. eg hadde lest nesten alle bøkene på biblioteket på barneskulen, og eg følte at ei heilt ny verd hadde opna seg for meg då eg fekk lesa harry potter for fyrste gong. den fyrste boka las pappa til meg høgt på senga kvar einaste kveld, nokre gonger tvinga eg han til å vera vaken til langt forbi sengetid fordi eg berre måtte høyra meir. eg sat med augene att og sveva i universet som eg hadde laga heilt sjølv.
då den fyrste filmen kom i totusenogein var det noko som klikka for meg, det tippa over. eg var forelska. i daniel radcliffe. eg las alt eg kom over, sat i timesvis på internettet vårt som tok ein halvtime å lasta eit google-søk. det gjorde ingenting, for han var det vakraste eg visste i heile verda, eg ville sussa han i heile ansiktet. eg tapetserte rommet mitt med bilete av han, samla bilete av han i ei mappe på datamaskina. las alle moglege intervju og lærte blant anna at han låg i badekaret då han fekk rolla som harry potter, at han er døypt daniel jacob radcliffe, at han er født tjuetredje juli, at han trur på spøkelse, at han likar blå og gul og at han likar fisk. eg hadde med meg plakat på skulen og hadde den med meg rundt overalt, eg dansa og sang navnet hans i kvart friminutt, eg var forelska, det var kjærleik. eg kniste meg gjennom dei første filmane, og plutseleg er eg vaksen og han mista liksom fokuset ei stund.
men gjett kva, da? i dag såg eg eit intervju og vart heilt smør i heile kroppen. så det er nok for alltid, eg og daniel. evig kjærleik. kven skulle trudd.

about still being in love with daniel radcliffe.

som eg lengtar.

eg lengtar sånn etter paris at eg ikkje veit kva eg skal gjera. kva seier de? skal eg leva på knekkebrød og first price, kjolelaus og med bodyshop-forbud til oktober også ta ei veke i paris? ja eller nei? eg tenker kanskje ja. nokon som kjenner nokon som bur i paris som kan tilby husly for ein billig penge?

i am longing for paris, oh so much. i'm thinking about living a really shitty life until october and have a lovely week in paris. yay or nay?
while we were sleeping
eg ville berre at de skulle sjå dette.
og eg har lagt ut nye kjolar. om folk ikkje vil kjøpa kunst, må ein selga kjolar.

så himla fint.
i wanted so badly to lie down next to her on the couch, to wrap my arms around her and sleep. not fuck, like in those movies. not even have sex. just sleep together, in the most innocent sense of the phrase. but i lacked the courage and she had a boyfriend and i was gawky and she was gorgeous and i was hopelessly boring and she was endlessly fascinating. so i walked back to my room and collapsed on the bottom bunk, thinking that if people were rain, i was drizzle and she was hurricane.
(john greene, looking for alaska)
(john greene, looking for alaska)
letters to crushes

letters to crushes er ei nettside for folk som har lyst til å skriva om at dei er forelska men ikkje tør å seia det til dei. litt trist, men fint likevel, tykkjer de ikkje?

letters to crushes is my new favorite website!
we are stardust we are golden

me kom fram klokka ti til førde i går, og det var allereie masse folk der og veldig god stemning, og det var så vidunderleg å sjå alle att.

dei andre åt reker med sitron, men eg likar ikkje reker så eg fekk sitron i glaset.

oda var veldig glad.

og christine var vakker, som vanleg.

og janne kom med sussar.

og hadde eit sukkersøtt skjørt som såg ut som ei kake.

og det var masse klemmar.

og han der fine laga eit orkester med musikk.

eg laga ostekake som me åt midt på natta, og det var bærflekkar i heile huset. absolutt fabelaktig.

og pikekyss!

klokka fem rulla eg og han der fine inn i senga til fredrik, han har vindu i taket. himla fint. eg ville ikkje reisa igjen. eg ville leva i bobla av mine beste venner for alltid. å, som eg saknar dei. men det var ein fantastisk fest.
ps: det er dette som skjer når ein låner vekk kameraet sitt til nokon og ein utan å vite det tek bilder med 1600 iso resten av kvelden. bleh.

last night i celebrated my friend fredriks birthday!
vil du?

dette er fredrik. han har purstag i dag, og eg vil gjerne gje han ein kjæreste i gåve. så om du er eller kjenner ein gut som er søt og snill og morsom og fin og helst pen, send meg ein mail. fredrik er 19 år(!) og kjem frå førde i sogn og fjordane(og om tjue minutt reiser eg på ein puss til han!). han er skodespelar og kunstnar og ein av dei vakraste menneska eg veit om i heile verda. han drikker seg altfor full og røyker sigarettar utan å trekka ned men berre fordi det er pent. han er den mest kreative personen eg veit om, og han snorkar berre av og til. han er snill og god og morsom og likar gamle filmar og gamal fransk musikk(og mykje anna, sjølvsagt), og han bloggar her. frå hausten av studerar han teater i nærleiken av oslo, så det er fint om vedkommande er frå det området òg.

gratulerar med dagen, vakre fredrik. to år med deg har vore eit vidunderleg ekteskap.
suss!
del tre
korleis er bestemora di?
eg er så heldig at eg har to bestemødre. dei er veldig forskjellige. mammaen til mamma bur i verdal i trøndelag, og eg ser ho eit par gonger i året, men me ringer kvarandre av og til og eg saknar ho alltid. mormor lagar porselensdokker og har laga ei som er meg og ei som er søstra mi, og ho har eit heilt rom i huset sitt fylt med porselensdokker i alle storleikar, med nydelege kjolar. nokre har briller og andre har mellomrom mellom tennene. mormor likar dansebandmusikk. mormor og morfar ville ikkje vera kjærestar, men ho har gifta seg med min andre morfar som er kul trønder og som har kalla båten sin mariell. mormor har berre fem barnebarn, og er så kjempestolt og følger alltid med på kva me driv med. og ho leser bloggen min nesten kvar dag(onkel må finna den fram til ho og det tykkjer eg er så himla søtt). hei, mormor!
mammaen til pappa bur oppi gata for oss, og ho har elleve barnebarn og tre oldebarn, og ho kallar meg alltid veronica, og veronica heiter mariell. bestemor saknar bestefar veldig akkurat no og det er trist men fint likevel, og ho sit aldri i stolen hans. det trur eg forresten det er ingen som gjer. ho har to dører på kjøkenet og går rundt i ring og hentar bollar og kaker og sit aldri i ro. ho strikkar sokkar til alle saman pluss alle kjærestane til søskenbarna og er veldig påpasselig med at det blir likt. medan ho og bestefar var gift, pleide ho av og til å kjøpa seg nye klede og lata som dei hadde vore i skapet hennar lenge. bestemor er alltid lik på håret og ho har aldri eigentleg svart meg på om korleis ho får det til, om håret hennar berre er sånn eller om ho brukar timevis kvar morgon. bestemor veit ikkje at eg bloggar, men ho er søt likevel! hei, bestemor!
kva er yndlingsdesserten din?
veeeldig vanskeleg. hm. akkurat no er eg veldig glad i mint-is. og ostekake.
Liker du The Call av Regina Spektor? Sangen, altså?
den har eg ikkje høyrt. kanskje eg skal det?
hva ville du ha kalt en katt om du fikk en ny pusebaby?
kaktus!
tim burton eller wes anderson?
oi, så vanskeleg. det kjem heilt an på humøret. kan du spørja meg igjen etter alice i eventyrland-filmen?
er du religiøs?
nei. absolutt ikkje.
hvorfor/hvorfor ikke?
det er vanskeleg å seie, men eg har alltid vore så anti-religion, og alltid meint at det berre er tøv. every man is an island og det der. eg har respekt for det behovet menneske har for å tru på noko, men eg skjønnar det berre ikkje.
film eller bøker?
film på ein dårlig dag, bok på ein god.
sparer du penger?
vel, eg har ingen pengar å spare. når eg får litt pengar til overs skal eg spara pengar til reise. men dei blir jo òg brukt opp. på reise. eg har tjuefemtusen kroner på ein konto som eg ikkje kan røra. det er trygt og fint.
hvor mange seriøse forhold har du hatt?
eitt.
hvorfor er det så vanskelig å være forelsket?
eg trur det berre er sånn. kanskje er det meininga at kjærleiken skal vera litt vond først, så den kan bli fantastisk til sitt fulle når det faktisk skjer. eg veit ikkje.
om du skulle ha skrevet en bok, hva skulle den handlet om?
å, den skulle handla om kjærleik! om kjærleik mellom to gamle menneske, kanskje. det er noko av det vakraste, tykkjer eg.
hvordan ble du så interessant?
oi, takk! eh, eg veit ikkje heilt korleis eg skal svare på det her, men. eg har alltid vore litt annleis enn folka i klassen min fram til vidaregåande, utan at eg har gjort noko for å vera sånn. eg veit ikkje. eg berre er sånn.
er du fra en rik familie?
nei, det kan ein vel ikkje akkurat seie. heilt vanleg.
liker du å gå på teater?
eg elskar å gå på teater!
kan du ikke skrive litt om familien din og vennene dine?
jo, det kan eg kanskje skriva om ein dag. om det er nokon andre interesserte òg?
vil du at vennene dine skal være rolige eller all over the place?
akkurat no skulle eg ønska eg fekk ein bestebestevenn som gjorde masse ting utan å tenke konsekvensar og som fann på masse spinnvillt!
hva liker du ikke?
eg likar ikkje dårlig ånde. eg likar ikkje å komma for seint. eg likar ikkje folk som køyrer rundt utan mål og meining. eg likar ikkje frp. eg likar ikkje dårlige bøker. eg likar ikkje høge lydar. eg likar ikkje fisk. eg likar ikkje reker. eg likar ikkje charterturar.
drikker du deg ofte full?
definer ofte? og definer full? eg er aldri den som drikk meg heilt sanselaust full, og er oftast den som ordnar opp ting, får folk i seng som har fått for mykje å drikka, passar på at andre får i seg nok vatn. nei, eg drikk meg ikkje ofte full. det tør eg ikkje.
hva drikker du?
om sumaren likar eg rosè- og kvitvin. om vinteren likar eg kald raudvin og amarula. også er det alltid ope for mojitos. og malibu.

var det då fleire spørsmål?
floraen i farger

sånt vil eg skjæra ut av bøker og henga i vår nye leilighet(da ville svigermor blitt lei seg), om det er nokon som finn ei sånn bok på ein loppemarknad så kan de godt få kjøpa den for meg. det er mange som spør om oslo, me flyttar i byrjinga av august, fyrste flyttelass går den femte også har me fått flytta oss sjølve inn skikkeleg den niande. me skal bu på grünerløkka. han har komme inn på universitetet, musikkvitenskap. eg har komme inn på kunst- og designfagskulen, fotografi. kontrakten vår går til den trettiførste desember, og me håpar å finne ei leilighet før den tid, i og med at me planlegg å kjøpa før eller seinare.
takk for alle dei fine orda, små grisar. eg er så evig takksam.

i love books like these! an update: both my boyfriend and i have been accepted to the schools we wanted to, we have an appartment and are moving very very soon. we are so excited!
kunst, nokon?
eg tek meg ein pytteliten pause frå den vanlege blogginga, men eg har framleis rekningar å putala og flytting på gang, så eg tenkte eg berre skulle oppfordra alle kunstlystne til å ta ein tur innom galleriet mitt og sjå litt der, og helst kan de kjøpa så mykje de berre vil.

til vanleg tek eg femhundre kroner per bilete pluss materielle kostnadar, så det kjem heilt an på kor store de vil ha dei, og om de vil ha fleire er eg veldig grei å forhandla med når det kjem til pris. om de har rike venner eller foreldre(!!!) med plass på veggane; sei ifrå til dei òg! og for dei som ikkje vil ha kunst, så kjem det nok heilt sikkert nokre kjolar her snart òg,

i am poor and need to sell some art.

.
altså, når ein legg ut livet sitt på nett som eg gjer, så kan ein jo forventa så mangt, trass i at eg til no har vore forsiktig med kva eg skriv her og ikkje. eg har fått ein del rare henvendelsar og spørsmål, og har til tider blitt skremt av hysteriske blogglesarar, og enda er eg ganske ukjent i den norske bloggsfæren, men eg blir kjent att no og da. og da kan ein tåle kommentarar som at nokon vil grilla meg sakte medan dei stikker i meg med ein pinne, kommentarar om at eg har ein stygg blogg, om at eg prøver for hardt, om at eg berre er ein kopi(kva no enn det tyder, det veit eg ikkje enno), at eg er falsk og ditt og datt. og det får eg tåla, og det gjer eg sjølv om eg har dei stygge kommentarane med meg til eikvar tid, for uansett om ein kan tenka at herregud kor teite folk som ikkje har betre ting å gjera enn å skriva stygge kommentarar og ikkje bry deg om dei, ikkje bry deg om dei, så gjer det vondt at menneske ein ikkje kjenner eingong vil deg så vondt. eg får så mange kommentarar kvar dag som er så fine så fine så hjartet mitt nesten eksploderar, og dei gjer meg så glad, ikkje gløym det. men det eg ikkje tåler er anonyme jenter som skriver, etter å ha sett meg i molde i dag, at eg var "mykje større" enn ho hadde trudd og at det såg ut som "typen" min ikkje eigentleg ville vera med meg i heile tatt, at eg klenga meg på han og at han såg alle andre stadar enn på meg, at han ikkje eigentleg ville halde meg i handa, at han er altfor pen for meg og at det nok sikkert ikkje kom til å holda så veldig lenge(eg har sletta kommentaren for lengst, så det er ikkje vits i å leita). det tåler eg ikkje. eg er ikkje supermann. eg veit at eg ikkje skal bry meg, men eg lar meg knekka av teite folk, og no vil eg berre aldri aldri aldri blogga meir.
oppdatering, 12:07 - attande juli:
herregud kor fine de er. eg kunne vel aldri ha slutta å blogga, tenk kor mykje fine folk eg hadde gått glipp av. i natt fekk eg sussar og klemmar av han der fine(som kunne lova meg at eg framleis er det vakraste han veit om og at han framleis skal vera med meg resten av livet), og det hjalp saman med alle dei fine kommentarane. tusen takk, finingar. å.

funn
i molde går det fint an å gjera fine kupp på second hand-fronten. så dei siste dagane har eg altså gjort nokre kupp som eg no vil visa fram. i dag fann eg to slike fat på ein nms-putikk. med silkebånd i kanten! kan det bli betre enn det, liksom. 30 kroner for begge to.

og tretten slike blomar til å laga hårpynt med.
og saman med den nye sukkerskåla mi og tekanna som var eit sant kupp, kan ein ha teselskap med pandakjeks og rosévin.

og da kan ein leva eit fint liv i telt, skal eg berre seia. eg programmerer html og css på oppdrag medan han der fine jobbar på leonard cohen-konserten. så det er ein rolig fredagskveld, får ein seie.

har de ein fin fredagskveld?

i've been thrift shopping this week here in molde, and this is what i have been lucky enough to find! two plates with silk ribbons at the edges, a beautiful teapot and a sugar bowl.
om å vera ulykkeleg forelska
eg har òg vore ulykkeleg forelska. i fleire år. sjølv om eg har det finaste som finst akkurat no, så hadde eg det ein gong så vondt at eg trudde hjartet mitt skulle implodera og forsvinna. han gjekk i klassen min frå fyrste klasse, og i sjuande hadde eg vore forelska i han i fire år. eg har åtte dagbøker med navnet hans skrive opp og ned annakvar side, og enda så fekk eg inga merksemd av han i heile tatt. for eg var den ukule jenta som ingen eigentleg ville leika med, og aldri i verda om eg skulle innrømma for nokon at eg var forelska. eg kan telefonnummeret hans utanat enda. han var kompis om han trengte pengar til urge og skulebollar, ellers vart eg stort sett ignorert og oversett. ein gong hendte det faktisk at han sa at han ville vera kjærasten min om han fekk femti kroner. så fekk han femti kroner og me var kjærestar i fem minutt før han slo opp. det var ikkje han, det var meg. og eg klarar ikkje å hugse kvifor eg skulle vera så forelska i han. kanskje at han var så flink i geografi eller at han var snillare enn dei andre, eg veit ikkje, men kjenslene var høgst reelle, og eg hugsar at eg skreiv i dagbøkene mine at om me ikkje vart sammen så kunne eg liksågodt dø.
eg trur det er så mange som har det sånn, ikkje berre på barneskulen men ellers òg. eg har ei venninne som er forelska i ein gut ho aldri har snakka med, og ho kjem aldri til å snakka med han fordi redsla for å bli avvist er større enn ønsket om å prata med han, og det tykkjer eg er litt trist. for tenk om han føler det på akkurat same måte, tenk kor fint dei kunne hatt det. eller tenk kor lett ho kunne ha komme over han om ho berre hadde funne ut. men kanskje er det noko i mennesket som likar å fylla dagbøker med sommarfuglar i magen, og at det er dei ein er redde for å mista. at det er dei som gjer kvardagen til sukkerspinn og sjokoladesaus som gjer det enklare å stå opp om morgonen. og då gjer det vel ingenting om ein er forelska i daniel radcliffe enda.
love is never lost. If not reciprocated, it will flow back and soften and purify the heart.
washington irving

about unrequited love, and still feeling butterflies about daniel radcliffe. please try to use the google translator.

spørsmål og svar, del to
og hvor er ditt fineste stedet i hele verden?
den finaste staden i verda er litt sånn rundt der svingen for det gule krysset og over haugen. (eg veit ikkje enda)
hva er det vakreste noen kan gjøre for deg?
gjera noko som er kun tenkt for å gleda meg heilt sånn enkelt og kvardagslig. til jul i fjor fekk eg jo det flotte akvariet mitt frå christine, og det gløymer eg aldri. det burde vera meir folk i verda som gjer ting kun for å gleda andre.
hva er det vakreste man kan gjøre mot noe menneske?
ein kan høyra på kva den personen seier og berre kjenna dei ut ifrå det. eg har fått gåver som eg har ønska meg kjempelenge men som eg trur eg ikkje har sagt til nokon, men dei har berre visst det. at det var det eg ville ha. og det er så fantastisk. og brev er så fint å få. eller berre å spørja nokon om dei treng hjelp til noko. den største gåva ein kan få er å vita at ein har nokon ein kan stola på.
hvilken sang er den fineste i verden?
yann tiersen - comptine d'un autre ete l'apres midi
om du skulle gjøre èn ting resten av ditt liv, hva ville det vært?
det ville vore heilt grusomt kjedeleg. men plukka blåbær kanskje? eller bretta origami.
jordbær med fløte eller is?
hih, eg tåler ingen av delene, så eg likar jordbær mest med melk eller kanskje vaniljesaus.
har du en drøm om å få besøke et land, i så tilfelle, hvilket?
japan! og mosambik. neste sumar skal eg til kenya, og det gler eg meg til heilt vanvittig.
favorittårstid?
hausten!
hva er din største drøm?
å kunne leva av kunsten. det er litt vanskeleg når ingen er villig til å putala noko særleg for kunst i dag.
gruer du deg fortsatt like mye til å flytte til Oslo? Det trenger du i såfall ikke å gjøre, for Oslo er ikke så ille som mange tror :)
nei, no gler eg meg berre! tenk at eg skal flytta inn med kjæresten min da.
hva engasjerer deg? hva brenner du for?
feminisme. nynorsk. anti-rasisme. miljø. homofile sine rettigheiter.
kva er den absolutt finaste sofa-augeblinken du har hatt?
det hugsar eg ikkje, men det må nok ha vore medan eg har sove. av ein eller annan grunn så søv eg heilt fantastisk godt om eg berre sovnar utan å merka det i ein sofa.
hva har du aller mest lyst på akkurat nå?
ein flybillett til paris! eigentleg ein is. mango eller mint.
hvis du vant en million kroner, hva ville du gjort da?
då ville eg ha kjøpt ein fantastisk leilighet med han der fine i oslo.
hvilket land liker du best?
eg har ikkje vore utanfor europa enda, men eg elskar england. og frankrike. og ungarn.
hvilken farge syns du er finest?
grøn og raud. og fersken!
åh, kan du ikke vise hvordan du har laget stearinlyspynthårnålene dine? noen ganger ser det ut som du har klipt dem i to nemlig. og noen ganger ikke. mine ser bare rare ut, så jeg lurer vel egentlig bare på om det er noe hokus pokus, eller om jeg bare ikke kler det noe særlig.
det kan eg gjerne visa ein dag! det er lett som ein plett, men ein treng limpistol og skikkelege klemmer.
og så lurer jeg litt på hvordan favorittskoene dine ser ut.
det er så mange som spør om skoa mine. eg har ingen sko. eg har eitt par som eg brukar fast, og dei ser sånn ut.
kan du fortelja om den beste dagen i ditt liv?
eg veit ikkje kva det er enda. men eg lovar at det har noko med kjærleiken å gjera. smil.
korleis hadde heimen din sett ut dersom du fekk bestemme korleis han skulle sjå ut?
sånn.
hva gjør du for å bli glad igjen når du er lei deg?
eg prøver å gjera noko. lesa ei bok eller sjå ein film eller laga fine kaker. det er ingenting som hjelper så mykje mot å ha det vondt som å kna ein deig. i alle fall lite.
bruker du sukker i teen?
eg brukar honning!
hvis du skulle vært en annen, hvem ville du vært?
eg likar å vera meg, eg! men om eg måtte, så ville eg ha vore bird i history of love.
hva gjør du når du kjeder deg?
eg flickrar og bloggar og skriver dikt og små historiar.
dersom du vart nødd til å bu ein stad resten av livet ditt, kvar ville det vere?
i new york. for der trur eg at ein aldri kjedar seg uansett kor lenge ein bur der.
kva betyr hjartesmil, og kvifor kallar du bloggen din det?
hjartesmil tyder som det heiter. eit smil frå hjartet. bloggen min heiter det fordi det er det eg vil bruka den til. å få folk til å smila frå hjartet. den fyrste bloggen min heitte faktisk hjertesmil. tenk kor krise det hadde vore!
kva synast du om bokmål?
eg tykkjer bokmål er eit fint skriftspråk, og eg likar å skrive bokmål når det høver seg. eg hadde faktisk betre karakterar i bokmål enn nynorsk på ungdomskulen! tenk det. eg er nemlig ikkje av dei nynorskfolka som hatar bokmål.
har du lært noko nytt i det siste?
eg forberedar meg litt til franskkurset eg skal ta i haust, og driv derfor på med litt små franske gloser. kanskje eg skal skriva nokre små franske ord her ein dag? også har eg nettopp laga mat i stormkjøken for fyrste gong, så det har eg lært. og i dag har eg lært at pandabjørn heitte bambusbjørn og koalabjørn heitte eukalyptusbjørn før.
likar du fiskebollar i kvit saus?
eg elskar det! med karri. og rødbetar.
jobbar du denne sommaren?
nei, det gjer eg ikkje. eg prøver å få til ei utstilling og å selga litt bilete, men folk vil som sagt ikkje putala for kunst i våre dagar.
føler du deg nokon gong redd for å miste han fine eller føler du deg heilt sikker på at de kjem til å vere ilag for alltid?
eg trur at det sekundet ein sluttar å vera redd er det sekundet ein sluttar å elska. ein må vera redd. om ein ikkje er redd er ein likegyldig. men eg veit at me skal vera saman resten av livet, det er ingen tvil. men eg er redd når han er ute og reiser aleine, eg er redd når han tek fly eller køyrer buss eller ikkje tek telefonen. det tyder jo berre at ein elskar.
nådde du noko mål veka som var, brukar du sette deg mål?
det trur eg ikkje eg hadde, og eg gjer som regel ikkje det. ikkje tidsbestemte i alle fall. men eg skal læra meg å laga fantastiske suppar frå botnen av. og saus. og eg skal læra meg fransk.
trener du, og i så tilfelle kva?
eg trenar til vanleg pilates eit par gonger i veka.
kva liker du best av badedrakt og bikini?
grøss og gru, ingen av delene. eg tykkjer begge deler kan vera fint, da.
har du og han der fine eit kosespråk saman?
ikkje vårt eige, nei. men me snakkar tullespråk. tulleengelsk og tulletysk.
er du flink å synge/likar du det?
eg trur eg er det, eg var i alle fall det, men eg slutta å synge då eg fann ut at eg var kjæreste med ein musikar. no syng eg av og til, når eg får lyst. i dag sang eg og han der fine på veg inn til byen. me sang englishman in new york(han sang saksofon- og trommedelane) og fifty ways to leave your lover.
hadde du ete ein svær rå snigel om du fekk 1 million?
absolutt!
har du vore misunneleg på nokon i det siste?
alle som reiser på ferie er eg misunneleg på!
kvifor likar du hausten så godt?
fordi det er så himla fint lys for fotografering og ein kan gå ute utan ytterjakke utan at det er kaldt og utan at det er så varmt at ein dør.
er du sjenert eller frampå?
begge deler! det kjem heilt an på kven eg er med og kven eg snakkar med.
hvis du hadde kunnet reise tilbake i tid, hvilken tidsperiode skulle du ha reist til?
å, eg anar ikkje. kanskje eg skulle ha vore ei kul filosofdame.
hvis willy wonka eksisterte på ekte og du, kjæresten din, vennene og familien din fikk tilbud om å bo i fabrikken hans, ville du ha takket ja?
absolutt! jaffal om han eigentleg var johnny depp.
har du lest gutten i den stripete pyjamasen? hvis ja, hva synes du om den? hvis nei, les den!
eg har sett filmen og elska den og grein som ein beibi. eg burde lesa boka òg.
synes du femtiøringen, enkronen, femkronen, tikronen eller tyvekronen er penest?
eg tykkjer dei norske myntane er ganske stygge, eigentleg. men femkrona får meg til å føla meg som seks år igjen.
hvordan undertøy bruker du? (oi, det hørtes visst ganske perverst ut, men er ikke sånn jeg mener det.) jeg mener, det fins så mye fint undertøy og blonder og fint og kunne du kanskje skrevet om det en gang?
eg brukar truser som ser ut som kaker og bhar som ikkje øydelegg stoffet i kjolane mine, altså "usynlege" bhar, om eg ikkje berre går utan. om eg fekk det som eg ville skulle eg ha berre agent provocateur-undertøy, og litt victoria's secret-truser. og ja, det går det jo sjølvsagt an å skriva om. i dag har eg på meg ei truse som får meg til å føla meg som pippi langstrømpe, med stor sløyfe bakpå. og når eg er sjuk eller trist har eg ei sjuketruse. som er ei skikkeleg burlesk-truse som er heilt fantastisk.
jeg lurer litt på om du er forlovet?
ikkje sånn offisielt, nei. :)
hva skal du få med deg på Moldejazz?
på moldejazz har eg så langt berre sett bugge wesseltoft, fordi eg har så altfor lite pengar og heller brukar dei eg har på fretex og strømpebukser. men eg reiser kanskje på jaga jazzist på laurdag og kanskje på supersilent i kveld.
kjære mariell, hva gjør du på tunge dager? hvordan kjevler du vekk vonde mageklumper? kan du blåse vekk tunge skyer og enda tyngre tanker?
eg bakar småkaker og spiser dei opp, alle sammen. helst små hjarteforma med rosa glasur på. eller kaninforma, da spiser eg opp hovudet fyrst. eller eg ser filmar som får alt til å verka fint, som mr magorium's wonder emporium. også pyntar eg meg veldig, og kanskje eg drikk litt vin i eit fint glas. også pustar eg.
hva er det som gjør deg reddere enn noe annet?
miljøkrisa. og bruer. eg er livredd å gå over bruer fordi eg er heilt sikker på at dei kollapsar under meg.
hva ville du gjort om en mann lå på gaten bevisstløs(ikke at han bare sover altså) og du ser at det er en uteligger?
eg ville sjølvsagt ha hjulpe han, kva anna skulle eg gjere?
kunne du tenkt deg og hatt fosterbarn?
ja, det kunne eg tenkt meg når eg blir eldre, og det er faktisk noko eg har tenkt mykje på.
har du noen gang hatt depresjon? i så fall hvordan kom du over det, eller sluttet det bare av seg selv?ein lang periode i livet mitt var berre eit svart hol som eg trudde eg aldri kunne komma meg ut av. eg fekk hjelp av psykologar og profesjonelle, men eg følte at det berre vart verre av det. så eg kutta dei ut og berre bestemte meg for at eg ikkje kunne ha det sånn lenger. for det som er positivt med å føla seg heilt nede er at det berre er oppover å gå. så da gjorde eg det. og det er verkeleg noko av det vanskeligaste eg nokon gong har gjort, men eg klarte meg. eg seier ikkje at det er enkelt eller at ein ikkje skal oppsøka hjelp, men berre at ein kanskje må gå meir i seg sjølv av og til og finna ut om ein er i stand til å klara det aleine. det første smilet ein meinar er det første steget. så den første latteren. så den første stunda ein kan gå i eit par timar utan å ha det fælt eller ønska seg heim under dyna igjen. mennesket kan klara dei heilt utrulege ting.
hører du mye på musikk? hva slags? favorit artist(er)? kunne du eventuelt laget en spotify playlist med det du synest er aller finest å hørre på?
eg har skrive over her om mange artistar eg elskar, men eg kunne sjølvsagt laga ei speleliste med berre favorittsongane mine!
hvilke(t) fag var du flinkest i på barneskolen og ungdomsskolen?
engelsk, norsk og samfunnsfag. eg lærte meg engelsk frå barnehagen av, for eg gjekk i barnehagen berre annakvar dag. og dei dagane eg var heime såg eg på amerikanske såpeseriar og memorerte glosar. så eg har alltid hatt betre karakterar i engelsk enn i norsk. i samfunnsfag var eg skikkeleg plagsom for alle dei andre, for eg skulle alltid diskutera om abort og om rasisme og om mobbing. stakkars klassen min.
hva heter din beste venn?
min beste venn heiter jostein. og trine marie. og christine. og fredrik. og crista. og katy.
hvordan hund vil du ha hvis du skal ha en?
eg har tenkt på det i det siste, faktisk. og den skulle anten vore kjempeliten eller kjempestor.
hvilken farge er yndlingsfargen din?
raud, grøn og fersken.
bruker du mye tid på bloggen din?
ja! blogginga i seg sjølv tek ikkje så mykje tid, men det er mykje anna. sponsorar til konkurransar og søknadar og epostar og ja. mykje tid.
hvorfor startet du å blogge?
etter kvart fordi eg trengte ein stad å uttrykka meg, visa meg fram. men sikkert eigentleg fordi eg kjeda meg ein dag, hih.
hva er det fineste ved å blogge?
lesarane! og alle kontaktane og venene eg har fått gjennom blogginga. fine kommentarar kan gjera heile dagen min, og teite kommentarar kan øydelegga.
hva gjør en bra blogg bra?
eg er veldig kresen på bloggar, og likar helst bloggar som er veldig like min eigen. som bloggar om klede og vintage og det dei tykkjer er fint og om kvardagen. og det er så himla viktig at bloggarar faktisk bryr seg om lesarane sine.
legger du mye arbeid i fotografiene dine? (Man ser jo det, men hva syns du selv?)
ja, det gjer eg. kanskje ikkje så mykje som dei fleste fotografar, men eg brukar mykje tid på å tenka ut idéar og redigering. det spørs litt kva du meinar med arbeid?
hvor mange ganger spiser du daglig?
eg pleier å eta når eg er svolten.
liker du Jens Stoltenberg?
ja! eg tykkjer han er så himla kjekk. også tykkjer eg han er flink og utruleg sympatisk og karismatisk. og eg vil verkeleg at han skal halda fram som statsminister, for eg tykkjer han har gjort ein god jobb og han har stått for dei valga som regjeringen har tatt, og han er inne i ein god stim.
hvilket parti stemmer du?
vel. eg er engasjert i feminisme og miljøsak og anti-rasisme og homofile sine rettigheiter og ja. you do the math. eg er meir raud enn blå, for å sei det sånn. men akkurat no er eg like forvirra som alle andre.
se for deg at du vinner 5 millioner i lotto, hvordan ville du ha fordelt pengene?
eg hadde hata å vinna så mykje pengar. verkeleg. grøss og gru. eg hadde brukt det eg trengte på ein leilighet til meg og han der fine, og resten ville eg ha gitt til nina children home i kenya, som er ein barneheim starta av ei dame frå årdal, der eg er ifrå. og det er dit eg skal neste sumar.
hva slags klessplagg liker du best å ha på deg?
kjolar, vel!
hvilken film liker du aller best i hele verden?
harold and maude!
når kjem du på besøk til sogndal?
akkurat når eg kan!

cardboard love
eg fann det finaste prosjektet i går kveld. cardboardlove er eit prosjekt starta av ein mann som er så himla forelska og prøver å forvandle seg frå pessimist til optimist ved å skriva små kjærleiksbeskjedar på pappbitar som han legg ut på cardboardlove.com. her er nokre få

er ikkje det berre megafint?

cardboardlove.com is a project by a man who is deeply in love and trying to become an optimist by writing love letters on pieces of cardboard. how lovely!

lykke

lykke er å reisa på ein impulsiv tur på asia stormarked og finna akkurat det ein ville ha. panda- og koalakjeks! med fyll. og lykke er å nesten kjøpa ei murakami-bok på norsk også snubla over ei bok av ho som skreiv ei av dei finaste bøkene i verda(eg vart litt lei marie antoinette og tek ein pause).

koala med jordbærfyll.

koala- og pandabjørnar. eg har spist opp alle saman. i morgon reiser eg tilbake for å kjøpa alt dei har. og kanskje litt nudlar. eg er lei for den forferdeleg dårleg biletkvaliteten eg serverar akkurat no, kanskje er eg berre paranoid, men me har berre med oss han der fine sin mac på tur, og da må eg ta til takke med iphoto, grøss og gru. eg har kjøpt noko anna fint òg, men me skal bli vener før eg viser ho fram. så det er hemmeleg, de klarar aldri å gjetta.

i went to an asian food shop today and found exactly what my heart desired; koala and panda bear crackers! oh joy. and also, another book by nicole krauss who wrote the history of love which is one of my favorite books(and i almost went for murakami today!).
fin!
kanskje ein fjerdedel av kleda mine kjem frå husa på eigedommen til han der fine. der finn eg stadig skattar, og det finst så mange krikar og krokar at ein aldri blir ferdig med å leita. på leit etter eit liggeunderlag i helga, fann eg denne cardiganen som, femten år før, hadde vore ein pysjoverdel for storesøstra hans.

den passar perfekt i min gamle dame-garderobe, tykkjer de ikkje? no reiser eg på fretex og håpar å finna noko fint der. i kveld skal eg på zoe rahman trio-konserten og kanskje kristin asbjørnsen om eg får skikkeleg lyst. håpar de har fine sumardagar, det har eg. puss puss!
ps: fortel meg noko fint.

i found this cardigan in the back of a closet at my boyfriend's house and it fits me perfectly despite the fact it used to be a pyjamas for a ten year old girl(fifteen years ago).

del ein
har du en bok du aldri blir lei, som du leser om og om og om igjen?
det har eg faktisk ikkje, for eg har så dårlig tid heile tida. så eg leser masse nye bøker. men om kanskje ti år vil eg lesa opp igjen mange av bøkene eg har lest i det siste, til dømes history of love, extremely loud and incredibly close, saman er ein mindre aleine. ja. mange.
hva slags type musikk liker du å høre på?
vel, eg høyrer på alt mogleg. om ein følger litt med på spotify-spelelistene eg legger ut av og til, kan ein få eit bra bilete av musikken eg høyrer på.
har du en favoritt artist?
om det skulle bli ein, måtte det vore damien rice. men eg elskar så masse. ingrid michaelson, radiohead, kent, yves montand, bob dylan, lykke li, yann tiersen, mogwai, john mayer, beirut, final fantasy. ja. veldig mange.
vet du hva du vil bli når du blir stor?
eg skal bli fotograf!
bor du langt vekke fra en eller annen by, altså, bor du på "landet"?
eg bur i det som ville heitt ein landsby om det var ein definisjon som var rådande i dag. eg bur ca tre timar frå bergen.
om du fikk en tur-retur billett med tidsmaskin, hvor i verden og til hvilken tid ville du reist, og hvorfor?
å, det er så vanskeleg å seie! akkurat no ville eg reist til versaille på 1700-talet og vore bestevenn med marie antoinette. men for det meste... førtitalet. eller kanskje femti. for kjolane, sjølvsagt! og håret. og hattane.
hva er ditt skjulte talent som du har funnet?
eg kan spela musikk med tunga. liksom, eg rullar tunga til ein u og bles, og da fungerar den som ei fløyte.
hva skal du bli? fotograf?
jepsi pepsi!
sist du kunne vert et dyr, hvilket dyr ville du vert?
då ville eg vore eit slender loris så eg kunne vore så søt:
favorittbloggere, favoritt bøker, favorittfilmer + favorittband/artist?
favorittbloggar:
vintageportalen
favorittbok:
extremely loud and incredibly close av jonathan safran foer
favorittfilm:
harold and maude
favorittartist:
damien rice
hva er den fineste tingen du har?
å, det er vanskeleg. eg likar alle kleda mine. og sløyfene mine og blomane mine og bøkene mine og filmane mine. men kanskje akkurat no er det det nye gamle kameraet mitt frå 1929.
hvorfor skriver du bare med små bokstaver? jeg syns det er så himla fint, men har ikke helt turt å gjøre det på min egen blogg enda, i frykt for at det bare er "din greie". hehe
fordi eg ikkje tykkjer at nokre bokstavar skal få vera store medan resten skal vera små. men om eg hadde skrive med store bokstavar skulle eg ha skrive kjærleik med stor k.
hva heter han finingen din?
jostein heiter han som oftast. men han heiter mykje anna òg.
hvorfor skriver du nynorsk?
fordi eg har gjort det heile livet og fordi eg meinar det er viktig at folk får skriva nynorsk om dei ynskjer det, i og med at det faktisk er eit likestilt skriftspråk med bokmål. eg er så glad for alle dei som har sagt til meg at eg har gjort nynorsk til noko fint for dei, og at eg gjer det enklare for dei å lesa nynorsk på skulen. det er eg så så så så evig glad for.
hvilke blogger leser du selv?
eg leser dei bloggane som står i linkelista mi i menyen til høgre. :)
bare lurer på hva du syns om økologiske og naturlige produkter jeg :)
eg tykkjer det er fantastisk at det finst eit tilbod om det, at det finst folk i verda som bryr seg så mykje at dei produserar økologisk mat og hadde berre ete det om eg hadde hatt pengar til det.

om å vera på jazzfestival

om ein er på jazzfestival og har litt lite pengar som ein vil spara til dei konsertane ein verkeleg vil på, medan kjærasten har fripass til alle konsertar er det greitt å ha ei nydeleg bok å lesa. og før de spør; nei, eg leser ikkje kjempesakte. eg berre prøver å få så mykje tid med denne boka som mogleg. i går satte eg meg i ein park og las den ut. og eg vil anbefala den enda sterkare enn før. den er så nydeleg skrive!

og eg fekk bruka lommeboka som eg har fått frå eira. den er i papir og frykteleg fin og personleg, hih. kanskje eg skal få ho til å laga så eg kan selga i putikken?

inni er det dansande kamera og menn med bart! fint vel? eg er i teltet i dag, har starta på marie antoinette-biografien som er tjukk som ein murstein men verkeleg fin. kva bøker leser de i sumar?
eg var på bugge wesseltoft-konserten i går, som var vakker og fin og veldig bugge wesseltoft. det er så herleg med festivalliv, øl heile dagen og fulle gater med folk heile natta.
ps: i natt sov eg og han der fine i telt i lag for fyrste gong. det regna og eg fann ut at eg verkeleg elskar lyden av regn mot ein teltduk. & hald fram med å stilla masse spørsmål i innlegget under her!

i'm at a jazz festival this week and i haven't got too much money to spend so i'm mostly just reading books and sitting in parks in the city. this wallet in paper was made by eira. i'm currently reading a biography about marie antoinette. what are you reading?
tips!

den fantastiske nettputikken vintagefashion.dk har lagt ut masse nye klede no, så det er førstemann til mølla. eg vil spesielt anbefala kjolane frå 50-talet. flott!

the danish online vintage store vintagefashion.dk has new items up today, so check it out!
gemma booth
gemma booth er absolutt ein av mine favorittfotografar for augneblinken.

gemma booth is one of my favorite photographers at the moment!

så.fint.
altså, de er så fine. tusen takk for så mange fine svar! og dei som ikkje har svart enda kan gjerne gjera det. eg elskar å lesa! også er det eit fåtal slemme personar her i verda som eigentleg kan la vera å lesa bloggen min om de tykkjer eg er så fæl. så fekk eg sagt det.
no er det på tide at de får stilla spørsmål! så kom igjen, spør spør spør! spør om alt de vil vita og eit par fine spørsmål òg, berre for å underhalde meg? suss på nasen!

fy fasan
no er det på tide at alle dei sjenerte små lesarane mine tek til å kommentera. for no vil eg vita ting. eg er som de veit evig nysjerrig, og om eg hadde hatt tid så ville eg høyrt heile livshistorien til alle lesarane mine. eg kan ikkje det, de er så mange, men om det er nokon som vil så vil eg gjerne ha brev med livshistoriar, det kunne til og med vore himla fint. men det var ikkje det eg skulle snakka om no! no vil eg stilla spørsmål. seinare skal de få stilla spørsmål, for det er snart på tide med ny spørsmålsrunde, så berre tenk ut lure spørsmål og ting de vil vita, men her er mine spørsmål til alle gamle og dei mange nye som har komme den siste tida

bilete
kor gammal er du, kvar er du ifrå, kva jobbar du med/studerar? kva likar du med bloggen min? kva likar du ikkje med bloggen min? kva vil du lesa meir/mindre om(kom gjerne med konkrete idear)? korleis er din bestemor? kva vil du helst finna bortgøymd på eit loft? om du fekk velja ein død person å ha ein samtale med, kven skulle det vore og kva skulle de snakka om? om det blir meir konkurransar her på bloggen, kva vil de helst konkurrera om? klede eller kunst eller tilbehør?
de treng ikkje å svara på alt, sjølvsagt. svar på det de vil og utelukk det de ikkje vil. men skriv! kom igjen, fine gåsungar. suss på nasen!

berre ei sumarnatt, sånn der.

i går tok eg pussen til han der fine. han bur her. berre fjell og grønt å sjå, og det er så fint at ein dør.

me spelte kort til langt på natt, idiot, og eg vinn alltid og han blir sur som ei potte.

dei har hagen full av grønsaker og urter, deriblant mynte, masse mynte, og han laga den mest fantastiske teen eg har smakt med berre mynte, vatn og sukker. åh.

og me fekk endeleg ete opp dei siste makronane frå island. dei var rare på konsistens, men var framleis små bløtkaker. når me sovna var klokka altfor seint, og han sovna før meg som vanleg og då måtte eg dytta i han for å få han til å snakka med meg, for eg var ikkje trøtt enda. me sovna ilag, og våkna akkurat i same stilling som me sovna og eg elskar når det skjer.
ps: eg skal plutseleg og veldig impulsivt reisa til molde i dag, på jazzfestival, og eg lurer på om nokon frå molde kan seie meg om det fins noko internettkafè eller liknande?

last night i took the bus to my boyfriends house. we played cards, ate macarons and drank the most delicious home made mint tea.
ein dag i mitt liv
elleve

brunsj.
tolv

plantar litt frø. nokre blomar og litt grønsaker. endeleg kan me laga grønsakssuppe utan å reisa på putikken.
eitt

me reiser på ein marknad der eg finn desse raude skoa som får meg til å føla meg som pytteliten.
to

me kjøper ein kattepus som siklar. toffifee heiter han.
tre

me finn eit forbudt tre i skogen, men klarar ikkje å holda oss sjølve frå å gå inn. det var døra til ein godterifabrikk!
fire

eg mistar festet til ein paraply og finn ut at den klarar seg heilt sjølv.

så det blir sånn.
fem

middag.
seks

piknik i hagen med bøker og vin. me sovnar.
sju

me våknar til at ein flokk dådyr stirrar på oss. dei er ikkje slemme, men me blir frykteleg redde.
åtte

tilflukt av det finaste slaget.
ni

snacks.
ti

me reiser til disneyland og snurrar i tekoppane og berre tekoppane og det er himmelen.
elleve

me bryter oss inn på eit bibliotek og skriver ting i bøkene.
tolv

me sovnar.

this would be an ideal day for me! all images are linked to their sources.

eg. dør.
så himla søt!
om kamera og foto og sånn
eg får, kvar gong eg legg ut bilete eg har tatt sjølv, spørsmål om kameraet mitt og om utstyr og om innstillingar. så eg tenkte at eg ein gong for alle skulle skriva så alle kan sjå! praktisk vel?
(eg tar på meg alle typar fotooppdrag(det vera seg babyfotografering, vanlige portrett, konfirmasjonar, akt osv.), om du er interessert, mail meg på mariell.oyre@gmail.com for prisar og booking)

kamera
eg brukar eit canon-kamera, 40d. det er eit av dei semi-proffe til canon, så det er mykje større og tyngre enn til dømes 450d, 350d og 400d, som er av dei nyare amatørkameraa til canon. 40d har 10.1 megapiksel - men drit i det! eg veit at mange trur at jo meir megapiksel eit kamera har, jo betre er det. det er ikkje sant, og det frustrerar meg veldig at ein brukar det til å måla verdien på eit kamera. om du har tenkt å bruka kameraet ditt til å fotografera venner og fest og familie og bestilla 10x15cm store bilete for å lima dei inn i eit album, så har du verkeleg ikkje behov for så veldig mange megapiksel. mange megapiksel er fint å ha om du skal laga store bilete for å beholda oppløysinga på biletet. eg tykkjer heilt ærlig og oppriktig at lukkarlyden er viktigare! det er rart, men eg hadde aldri klart meg med eit kamera som eg ikkje likte lyden av.
objektiv
mange spør om objektiv, og det er viktig. veldig viktig. så viktig at de skal tenka veldig over det før de kjøper nye objektiv, for det er mange pengar og det er dumt å kjøpa noko som du ikkje veit om passar for deg. eg kjøpte eit 50mm f/1.8 tidligare i år, men det passa berre ikkje til meg i det heile fordi eg likar å ta augneblinksbilete, og det kan ein ikkje med det objektivet fordi ein må gå så himla langt ifrå for å få oversikt. det er, derimot, eit bra objektiv om ein driv med portrettfoto.
eg har per dags dato to objektiv som eg brukar om kvarandre. sigma 28mm f/1.8, som er eit macro-objektiv som eg har brukt til alt mulig det siste året:

nemlig. men det er altså eit macro-objektiv og kan brukast til det formålet òg. det som er teit med denne linsa er at den er så himla tung og svær. difor kjøpte eg sist veke eit nytt objektiv som eg ikkje har brukt så mykje enda, men er veldig nøgd med så langt,
canon 35mm f/2.0, som har tatt sånne bilete:

eg elskar det! og det er så lite og søtt og enkelt å bruka.

innstillingar
eg pleier å bruka m-funksjonen på kameraet mitt, det vil seie at eg stiller inn alt manuelt, lukker og iso og blender og ja. det kan òg vera eit godt tips om du nettopp har fått deg kamera eller vil læra om korleis kameraet ditt eigentleg fungerar, å stilla inn på manuell, for da tvingar du deg sjølv til å forstå korleis dei ulike instillingane fungerar med kvarandre. angåande iso er det sjeldan eg har meir enn 400, for bileta blir så kornete. så om du brukar eit standard kit-objektiv med blendar som ikkje går under 3.5, og difor må bruka iso på kanskje heile 1600: kjøp eit nytt objektiv. for dei bileta kan sjeldan brukast til noko, og tåler så å seie ingen redigering i heile tatt.
redigering
eg skyter i raw og ikkje jpg fordi eg likar å ha full kontroll i etterarbeidet. alle kamera som har raw-funksjon får med eit redigeringsprogram som taklar formatet, men eg likar ikkje canon sitt program i det heile, og eg hatar iphoto. eg brukar for tida adobe photoshop cs4, og likar veldig godt å redigera raw der. da stiller eg som regel på eksponering, fyll-lys, mengda svart i biletet, fargar, skuggar, temperatur og ja. om du har eit kamera med raw-funksjon og har lyst til å prøve anbefalar eg å først fotografere i både raw og jpg, så du i tillegg får jpg-filene i tilfelle. også er det lurt å setta seg inn i kva raw er først. hih.
eit siste tips og ei oppfordring: kjenn kameraet ditt. kjenn utstyret ditt. det er berre dumt å eiga speilreflekskamera om du ikkje veit korleis du skal utnytta det til sitt fulle potensiale. ooog om det var nokon som lurte så selger eg bilder og ein kan kontakta meg på mail om ein har spørsmål om det.

er det noko meir de lurer på?

about my camera, my lenses and editing. try the google translator(though i'm not sure it helps very much).
gjett kva eg har kjøpt?

ja! eg har kjøpt eit kattekamera frå holga! det mjauar og syng songar og tek til og med fine bilete. eg gler meg masse!

i bought this cat camera by holga today, it meows and sings when you photograph with it!
iskaffi

tre desiliter sterk kaffi + fire teskjeier sukker(står i frysaren til det blir kaldt) + tre desiliter mjølk + isbitar = to glas med himla godt. så treng ein ikkje gå på putikken heller. sjølv om ein har sykkel. fint vel.

my recipe for ice coffee: three deciliters strong coffee + four tea spoons of sugar. let it cool, then add three deciliters of milk and icecubes!
love was in the end like a species of rare coloured butterfly, often sighted, but never conclusively identified

versågod. (om du ikkje har spotify er det jammen på tide) idag: sove. rufsehår. dynetrekk. pizza. heimelaga bær-is. heimelaga iskaffi.blaut hund. nd designs. pink floyd. kva er dine ord i dag?
tusen tusen takk for alle fine kommentarar i går og i natt og i dag, det har verkeleg gjort kvardagen litt enklare. de er så nydelege, eg har dei finaste lesarane i heile heile verda. suss på nasen til alle sammen!

today: sleep. crazy hair. pizza. homemade berry popsicles. homemade ice coffee. wet dog. nd designs. pink floyd. what are your words for today? click the images for sources.
om å vera redd
eg er genetisk anlagt for å vera redd. ikkje for noko spesielt, berre redd. frå eg var åtte til kanskje tretten sov eg kjempedårlig fordi eg var sikker på at eg kom til å dø i søvne. frykten for døden var overveldande til tider, og eg tvinga lillesøster til å ligga i senga med meg berre så eg skulle vera sikker på at ho pusta. seinare avtok det litt, det her med døden, og det vart eit vakuum fylt med sumar og jordbær og kaniner og bading i spredaren.
no er eg redd mykje anna. eg er redd for å vera aleine. eg er redd for å sei hadet. eg er redd for å skuffa nokon andre men mest av alt meg sjølv(det er vanskeleg når ein vart geniproklamert på barneskulen og alle berre har sagt til deg heile livet kor himla flink du er, men plutseleg er ein ikkje så flink likevel men kanskje like flink som nokon andre og ein må berre omfavna det. ein må berre.), og av og til sjekkar eg at døra er låst fire gongar for å vera heilt sikker. no som eg har vore aleine heime har huset blitt gjort om til badstu(ein heil stor norvegia-ost smelta på disken) fordi eg ikkje vil ha vindauge eller dører opne, det kan jo komma nokon inn, dei kan jo ha med seg stige og klatra opp på taket. dei har sikkert på seg svarte masker så ein aldri kan finna ut kven dei er, ikkje csi eingong, for dei har barbert seg på heile kroppen så dei ikkje skal legga att hår. sånn spinner tankane mine seg rundt seg sjølv av og til. og til slutt blir det så gale at eg ikkje vil vera i huset eingong, eg vil sova i dokkehytta. mykje tryggare der.
eg må slutta å vera så redd. snart flyttar eg til oslo, og der er det tusen andre ting å bli skremt av, men ein kan berre ikkje. ein skal berre ikkje. så om eg kjenner at det kjem så tenker eg berre på lukta av fersken og smaken av bruschetta og den mjuke huden i nakken hans, og sånn kan ein setta tankane sine i sjakk til ein får smekka igjen alle fjorten låsane på døra. også kan ein lata som ingenting.
(er det berre eg som er redd?)
ps: det er ikkje teit å vera redd. eg var redd for syklar fram til i fjor!

what they say doesn't matter to us anyway

foto / privat.
treigt og teit.
i dag er ein sånn treig dag. ein sånn dag som ein berre tenker på teite ting som at ein ikkje har solgt eit fotografi på ein evighet. og at det ikkje vart noko av den utstillingen. og at eg saknar kjæresten min. og at mange er sinte på meg fordi dei ikkje har fått hjarteposten sin. og at eg er lei av å vera sjuk(for det har eg vore i ein månad minst). og at eg har stygge tær. ja, de veit. berre ein skikkeleg teit dag. eg føler meg sånn

kjelde
, om de skjønnar? kanskje skulle eg henga opp hjarteforma post-it-lappar over heile soverommet mitt og få meg sjølv i betre humør, for dette er jo berre heilt teit. eller kanskje eg treng litt hjelp. kanskje de har noko fint å dela med meg? kanskje ei fin oppskrift? eller ein fin film? eit bilete? ein blogg? eit prosjekt? ei bok? kanskje du kan skriva om korleis borna dine skal bli?
i mellomtiden ser eg dokumentar om seriemordarar på youtube og gler meg til oda kjem i kveld. kommentèr! og til dei som har pengar, kan de sjekka ut dei nye kleda eg har lagt ut i putikken i dag!

i'm in a horrible mood today, thinking of the bad things in life. so i need your help to remind me how lovely life is.

om mine born

me skal ha fire born. det har me visst lenge. me veit kva dei skal heita òg, det har me òg visst lenge. ja, eg og han der fine altså. me har prata og prata og prata om born så lenge at eg blir utålmodig, eg vil ha dei no! eg vil ha små føtter og små nasar og små fingernegler ved sidan av meg i senga. og tenk om dei får krøller.
storm
den førstefødte, eg håpar han blir født med svarte krøller og mørke mørke auge. det første ordet han seier er "prikk". han veks opp i musikken og kunsten som vår augestein, han byrjar å spele cello som seksåring(han må stå på krakk), han leser tegneseriar og bøker om kvarandre og er hemmeleg forelska i jenta som bur over vegen. (dei giftar seg til slutt, skal de sjå)
frøya
ho blir født med eit smil, og storm tek ho i armane sine og bærer ho rundt, ho er det mest dyrebare i heile verda for han, det er viktig å vera storebror(eg har alltid ønska meg ein storebror). ho får tenner fort, og likar druer og pærer best. ho ligg våken heile nettene og berre funderar på sprekkane i taket, ho høyrer etter om huset søv.
ea
jente nummer to, med langt brunt hår og grøne auge. ho skal vera umuleg å ha med å gjera, ein draum for gutar og eit mareritt for foreldre. ho blir den kulaste jenta på skulen, elskar å drikka øl og gå med annleis klede, elskar å gjera bomber i bassenget. ho får hjartet sitt knust tusen gonger, men finn kjærleiken til slutt. ho er oppteken av universet og har stjernekikkert på rommet.
une
minstemann blir den smartaste og snillaste av dei alle. une tyder jo tross alt "han som ein trivast med".

about my children.
mint.

eg får ofte fine ting i posten, og er kanskje ikkje nok flink til å skriva det. i dag fekk eg ein nydeleg pakke av ein lesar som var full av nydelege ting som denne bordbrikka og ei skrivebok med sopp på. fint!

eg har laga ein slags smoothie-milkshake-mintdrikk i dag med yoghurt, melk, ferske jordbær, frosne jordbær, vaniljesukker og fersk mynte. så. godt.

så kan ein drikka mint-drikk med bordbrikke medan ein skriv fine sitat i den nye boka si. for den har allereie fått eit formål, boka. sitat. det fyrste er "love was in the end like a species of rare coloured butterfly, often sighted, but never conclusively identified". var ikkje det fint? og ein ting til: har alle i verda tatt ferie eller er det berre ingenting å kommentera om her lenger?

my readers send me so many lovely things, and today someone sent me a package of pretty items, such as these.
ebay-tips

mama stone vintage - fine kjolar, fine sko og fine jumpsuits.

liebemarlene vintage - alltid dei finaste kjolane. ho legg ut nytt kvar torsdag.

violetville vintage - maaasse kjolar, men òg fine hattar og sko.

sickthrift - fine skjørt og jumpsuits, og ein del kjolar.

sleepyhead vintage - kjolar, skjørt og badetøy.

laced with romance - kjolar!
har du tips til ein fin nettputikk eller noko anna fint som kunne vore aktuelt å dela her på bloggen? send det til mariell.oyre(at)gmail.com.
og sidan eg er i eit slikt sumar-humør, seier eg hipp hurra for sumar og gir 35% avslag i putikken denne veka!

some of my favorite ebay sellers!
bær.

i dag har eg bær i skåla(med litt vaniljesaus).

og eg har bær på leppene. for eg har nemlig kjøpt meg den fantastiske leppepaletten til ysl for sumaren, og den var veldig verdt pengane.

og eg har bær på kofferten som eg har pakka fordi eg skal på bussen om ti minutt til han der fine! kanskje blir det bær der òg, kven veit. eg har fått nytt objektiv i dag, og det blir jammen fint!
har du bær? eller noko anna fint?

today i've had berries in a bowl, on my lips and on my little suitcase!
min guide til flickr
det er så mange som spør om korleis eg finn fram til så mykje pent på flickr. svaret er ganske enkelt: eg ser på andre folk sine favorittar. mine favorittar kan du sjå her. eg har 5-6 faste flicker-brukarar som eg er innom og sjekkar favorittane til. også har eg eit par favoritt-brukarar òg

mädchen

the snail and the cyclops

whimsical

blitzregen

lifeamundo

silversaga
og mange mange fleire, også ser eg på fine grupper med fine bilete

pastel and dreamy

we overslept

i feel like i'm part of a book i read

some velvet morning

i like to stay in bed all day
også går alt eigentleg i ein kjede. eg kan finna eit bilete eg tykkjer er heilt nydeleg, også følger eg det biletet til den brukaren som har biletet, til mange andre fine bilete frå den same brukaren også har den brukaren kanskje eit bilete på sine favorittar som er heilt nydeleg også følger eg det vidare og så vidare og så vidare. eg brukar altfor mykje tid på flickr. men det er jo så vakkert.

some of my favorite flickr users and groups.

om kjærleik i kvardagen
uheldigvis er det noko som heiter kvardagen. noko som er så kjedelig som å skulla gjera noko fornuftig åtte timar om dagen. da er det vanskeleg med kjærleiken av og til. og det verkar som mange trur at eg og han der fine bur i ei eventyrverd der me ikkje treng å jobba eller tenka på skule, men berre er saman heile heile heile tida. og det er feil. kanskje bloggar eg sånn at det går an å tru det, men det er ikkje sånn det er i det heile. nokre har spurt meg om me er saman kvart sekund kvar einaste dag, andre lurer på om eg har vener i heile tatt. nei. og ja. han der fine skal bli musikar, som de veit. han øver fleire timar om dagen, men prøver å gjera det så effektivt som mogleg så han kan eta middag med meg kvar dag. middagstid og sovetid. det er dei timane om dagen me ser kvarandre i kvardagen, og når me avtalar å ta oss litt ekstra tid til å gjera ingenting. og jovisst skulle eg elska å vera med han heile dagen lang, men det hadde vorte frykteleg kjedeleg(både for meg og for til dømes blogglesarane mine, hih) utan andre impulsar, andre menneske, andre tankar. er de ikkje einige i det? ein kan vera like forelska om ein er ifrå kvarandre. heilt sant.
og i helgene kan ein ligga i senga så lenge ein vil og telja frekner på ryggen. og da er det lenge til måndag.

meg og ina og james bond
inspirert av ina, som igjen var inspirert av 007, måtte eg jo berre investera ein hundrelapp i ein sånn fin teaterkikkert:

det ser ut som noko heilt anna, også berre trykker ein på ein knapp og vips!

kult.

blomar gjennom min kule kikkert.

like ina and james bond i have purchased a set of folding opera glasses!

there is an arabic saying that the soul travels at the pace of a camel.
denne boka leser eg akkurat no, og den er så himla fin. den handlar om kjærleik ved første samtale, men den handlar òg om vond kjærleik og om usikkerheit. den er skrive så fint at ein berre ikkje klarar å slutta å lesa. eg vil ikkje seia så mykje, for ein bør lesa den sjølv og eg vil ikkje avsløra noko.

men ja. les den. kjøp den her(det er berre seksti kroner, det er ikkje ei flaske med vin eingong), og den vil bli din beste ven i sumar. ein kan til dømes sitta på taket om natta og lesa, det gjer eg.

essays in love is a wonderful book i've been reading lately, and i think you should read it too!

eg treng litt hjelp.
(renate om du ser det her ver så snill ikkje les det) det har seg sånn at min fine lillesøster har purstag i august, om ca ein månad. og eg har lyst til å gi ho noko skikkeleg fint, fordi ho er så fin. og difor treng eg hjelp. eg har blitt med i komplett.no sin sommarkonkurranse der ein kan vinna eit fantastisk digitalkamera. og alt eg treng er at mange nok personar går inn på bileta på facebook og trykker "lik dette". vil de hjelpa meg med det? eg har lagt ut tre bilete, desse tre:

så om du berre går inn her, og finn desse tre bileta og trykker "lik dette", så hadde det vore heilt fantastisk og tusen takk på førehand!

fine augneblikk
1. det var vinter i oslo, ein laurdag, me hadde vore på les miserables og seinare på restaurant, eg var sliten og trøytt og pussen kom aldri. så tok han tak i hendene mine og førte meg, og me dansa vals på fortauet, midt i oslo, over gata for ein karaokebar men me dansa ikkje til musikken, me dansa til oss sjølve, og folk gjekk forbi og smilte, nokre stoppa for å sjå på oss ei lita stund. og ein kan tenka "herregud, sånn kan ein jo ikkje gjera ein laurdagskveld i oslo!" men ein kan faktisk det.
fortel meg om ein fin augneblink. ver så snill?
ferskenfin.

nydelig ferskenfin kjole frå min nye fantastiske sponsor, nettputikken vintagefashion.dk. fantastiske kjolar og fint tilbehør frå vintage-tiår. himla fint, tykkjer eg!

today i received a dress from my new sponsor, the danish online store vintagefashion.dk.
om eg fekk plass til livet mitt i ein koffert

om eg fekk plass til livet mitt i ein koffert skulle den sjå sånn ut.

♥ eg skulle hatt fiskeplakatar på veggane.

♥ og litt blomar måtte eg ha gjort plass til.

♥ og ein ven.

♥ og snø. veldig viktig med snø.

♥ ein seglebåt.

♥ ei glødande kule.

♥ te.

♥ fine kveldstimar.

♥ fine bøker(eg gler meg forresten til å visa fram den boka eg les no).

♥ kaleidoskop-samlinga mi.

♥ og eit par marihøner.
eg utfordrar alle til å ta seg fredagstid og laga eit blogginnlegg om kva dei ville fylt kofferten sin med!

if my life could fit in a suitcase, i would fill it with posters of fishies, flowers, a bunny friend, snow, a sailboat, a glowing ball, tea, books, my collection of kaleidoscopes and ladybugs.
torsdagspiknik på taket.

i dag tok me, eg og ho som er så fantastisk, med oss mitt nye gamle fat frå mormor(takk!), ei korg med fersken, mine nye gamle shotteglas og ein boks urge og satte oss på taket.

hei, trine marie.

eg var der òg, og var lur.

ferskenfingrar.

hjarte.

og noko av det finaste er når ein tek bilete med fjernkontroll og fjernkontrollen heng seg opp og tek tusen bilete medan ein har latterkrampe fordi ho shotta urge og lo så alt vart spytta i ansiktet mitt. taket er nok min nye favorittplass i huset.

i spent the afternoon on the roof outside my bedroom window with my best friend, peaches and drinking pop from shot glasses. the roof is my new favorite place in/on the house. lovely!
frå 1929.
når den finaste vennen i verda kjem heim frå to år i wales, kan ein godt vera så glad at ein føler at ein skal sprekka. og når ein trur at det ikkje kan bli betre, har ho med seg gåve. eit analogt kamera som er eldre enn bestemor!

den er eit trekkspel og har eit periskop, så ein ser nedi istadenfor gjennom.
her er vindauget mitt.

og dyna mi.

eg er heilt forelska, sommarfuglar i magen. i dag kjøper eg film og det blir fantastisk!

my best friend gave me this camera(which is older than my grandmother), and i am deeply in love.

mitt reykjavik
før de tenkjer "å, dette var ein liten guide"; reykjavik er ein pytteliten by. sentrum består av èi gate(som er delt opp i tre gatenamn), men til å vera ein så liten by er det eit heilt fantastisk vintage-utval, og mange fleire vintageputikkar enn eg skriv om her. så berre gjer litt research om ein planlegger å reisa dit, det er alltid smart.
det fins òg fleire raude kross-putikkar i reykjavik, og nokre er vanskelege å finna. så få deg eit godt kart uansett, og vit kva du leitar etter. prisane er veldig varierte, men ligg stort sett på vanlege vintage-prisar. frå 4000-8000 isk, som er ca 200-400 norske kroner, som er veldig gode prisar om ein tenkjer på kor god kvalitet det er på plagga, og det er veldig billig akkurat no, litt meir enn halv pris av det det pleier å vera.

vintage
laugarvegur 25
kjempevanskeleg putikk å finna, eg og han der fine berre datt over den litt. ein må gå inn i eit bygg og opp nokre trapper og vips! ein vintageputikk ut av det blå. her har dei så utruleg mykje fint, og eg fekk med meg to kjolar herifrå. og megasøte jenter som eig putikken!

sputnik
klapparstigur 27
på sputnik hadde dei ikkje så veldig mykje for meg, men veldig mykje fint likevel. og masse fine skjorter og nydelege sko. og ei nydeleg jente i kassa som ikkje hadde hår på hovudet men spelte fin musikk. og sløyfer!

tiger
laugarvegur 13
dill og dall-putikk. eg fekk med meg så mykje heim! isformer og såpeboblepistol og fine skrivebøker. dit må ein reisa om ein er i reykjavik. fins òg ein putikk på kjøpesenteret kringla(her fins òg zara og topshop, forøvrig, men eit veldig lite koseleg kjøpesenter.)

sandholt
laugavegur 36
fantastisk kafè med fantastisk mat og fantastisk heimelaga is og makronar! gå dit.

prikid
bankastræti 12
prikid har fantastiske hamburgerar, og stort utval. eg åt tex mex-burger og han der fine åt italiensk. og billig øl!
tips: ikkje vask hendene utan såpe. vatnet stinkar råtne egg(på grunn av svovelen). noko meir de vil vita?

rokk og rósir
laugavegur 32
kjolemekka. fantastisk kjolemekka. og heilt vanvittige vintage-briller frå dior. og tynne tynne gjennomsiktige hanskar. ballkjolar frå 80-talet og dagkjolar frå 60-talet og vippekjolar frå 50-talet. men berre ein fekk vera med meg heim.laugavegur 32

sputnik
klapparstigur 27
på sputnik hadde dei ikkje så veldig mykje for meg, men veldig mykje fint likevel. og masse fine skjorter og nydelege sko. og ei nydeleg jente i kassa som ikkje hadde hår på hovudet men spelte fin musikk. og sløyfer!

tiger
laugarvegur 13
dill og dall-putikk. eg fekk med meg så mykje heim! isformer og såpeboblepistol og fine skrivebøker. dit må ein reisa om ein er i reykjavik. fins òg ein putikk på kjøpesenteret kringla(her fins òg zara og topshop, forøvrig, men eit veldig lite koseleg kjøpesenter.)

sandholt
laugavegur 36
fantastisk kafè med fantastisk mat og fantastisk heimelaga is og makronar! gå dit.

prikid
bankastræti 12
prikid har fantastiske hamburgerar, og stort utval. eg åt tex mex-burger og han der fine åt italiensk. og billig øl!
tips: ikkje vask hendene utan såpe. vatnet stinkar råtne egg(på grunn av svovelen). noko meir de vil vita?

my guide to reykjavik!
ostekakedag.
eg har dei finaste lesarane i heile verda. lesarar som veit veldig mykje om meg, til dømes at eg ikkje toler fløyte. så i posten for ei stund sidan fekk eg ei oppskrift på ostekake utan fløyte! og det var perfekt i dag, for min pappa har purstag. heile 42 år. sei gratulerer, pappa hjartesmil!

ca 125g smelta smør, 150g kjeks(eg brukte digestive og ritz), 600g philadelphia(vanleg, ikkje lett), 3 egg, 1 dl sukker, 3 dl bær, 2 dl solbærsaft, 2 blad gelatin.

knus kjeksa og bland med det smelta smøret. du treng kanskje meir smør og kanskje mindre, berre kjenn etter etter kvart som du blandar, om konsistensen fint kan pressast til å sjå ut som ein ostekakebotn, hih. smør ein kakeform og press kjeksblandinga i botnen.

bland philadelphia + 2dl bær + sukker + egg i ein bolle, og tøm det i kakeforma. steikast i ovnen på 125 grader i ca 45 minutt. når den er ferdig skal den stå i kjøleskapet til den blir kald.

når kaka har blitt kald(veldig viktig at ein ventar såpass lenge, ellers blir det mislykka), kan ein ta gelatinblada og legga dei i litt kaldt vatn til dei blir mjuke. i mellomtida kokar du opp solbærsaft(konsentrat). eg er så heldig å ha svigermor sin heimelaga solbær-bringebær-stikkelsbærsaft, og det var perfekt. når gelatinen er mjuk og saften kokar, tar du saften av plata og gelatinen oppi. rør rundt til gelatinen er smelta og utblanda. så tømmer du forsiktig blandingen over kaka. tøm den siste dl med bær på toppen og sett den i kjøleskapet over natta.

the first cheesecake i ever made that i'm not allergic to! lovely.

om eg hadde vore redaktør for eit magasin
om eg hadde vore redaktør for eit magasin, skulle det vore fullt av vakre ting. 
♥ som oppskrift på pikekyss og fine paiar.

♥ som korleis ein skal pleia fine kattepusar.

♥ som kvar ein kan kjøpa bakverk-truser.

♥ som ein guide til korleis ein kan sjå ut som om ein nettopp har stått opp av kjæresten si seng.

♥ som korleis ein kan kyssa i mørket.

♥ som tips til innredning og kvar ein kan kjøpa seglbåtar til å henga i taket.

♥ som reiseguidar til dei mest romantiske byane i verda.

♥ som fin kunst.

♥ og gamle fotografi.

♥ som ei oversikt over topp 50 fine tre i noreg ein kan sitja under.

kva ville du hatt med?
alle bileta er linka til kjelder.

if i were the editor of a magazine, i would write about recipes for sweet treats, guides on how to groom lovely little kittens, where to buy pastry-like panties, guides on how to look like you've just crawled out of your boyfriend's bed, or how to kiss in the dark, about decorating with sail boats from the ceiling, about romantic cities, lovely art and a guide to top 50 trees to sit under.