balder.

i dag fekk han der fine sine foreldre seg ny hund. han er ein toller, og me trur han heiter balder. han ser ut som eit brunt fint sukkerspinn og så mjuk er han óg. han vil helst tygga på gyngestolen og slåss med søstra si(som søstra til han der fine har) og snublar litt når han spring. åh. dør.

two new puppies! one for j's parents and one for his sister+fianceé. so cute.
ein guide til å ha det bra
det er vanskelig å ha det bra. det høyres kanskje rart ut, men for meg må det innsats til for å våkna om morgonen og ikkje tenka "åh, faen, ein ny dag. igjen". eg som har eit naturlig mørkt lynne må arbeida hardt og mykje for å klara å setta pris på ting rundt meg, som igjen gjer arbeidet enklare. ein oppoverspiral, om du vil. her er nokre ting eg pleier å gjera når eg har knust favorittkoppen min eller kommentarane kun handlar om kor mange dobbelthaker eg har(det virkar kanskje som overfladiske ting, men det er ting ein kanskje ikkje vurderar når ein ikkje ser anna enn sine eigne skosåler):
fine folk

eg har mange fantastiske venner, venner eg kan senda ein melding til og sei "eg har det kjipt, vin/pink lemonade/film/kom hit?" mange trur at ein ikkje har det, men av og til er det berre å senda den meldingen og sjå korleis det utviklar seg, for dei aller fleste vil ta det som eit stort kompliment å få lov til å vera der for ein når ein ikkje har det bra og det er ofte sånn dei finaste vennskapa utviklar seg.
blomar

eg treng å ha blomar rundt meg for å ha det bra. det høyres nok litt flåsete ut, men jo. for at eg skal klara å holda det ryddig heime må eg ha noko å ha det ryddig for, og få ting er tristare enn ein blomsterbukett i eit rotete rom. blomstrane kjøper eg først, så ryddar eg rundt og vips ser det plettfritt ut heime og da gjer det ingenting at kleda kanskje ikkje har brettekant i skapa, for det er det ingen som ser.
mat

å eta favorittmiddagen sin på ein tung dag kan hjelpa meir enn ein forstår før ein faktisk gjer det. å eta i sofaen er óg lov på ein dårlig dag, eller til og med å gå ut for å eta, kjøpa med seg grønn curry og setta seg i ein park eller laga maten sjølv og ta den med ut, på dei finaste tallerkane på det finaste teppet med nokon fine som ein klarar å vera rundt når ein ikkje har det bra. om alt håp er ute pleier eg å kna deig skikkelig lenge og tenka på alt som frustrerar meg medan eg dunkar deigen ned i bordplata.
å vera ute

å sjå nye ting rundt gatehjørne, å overhøyra andre sine samtalar, å sitta på ein benk ved ei fontene, å teikna folk rundt seg. det er merkelig kor mykje det hjelper meg å legga energien min i andre folk sine liv om eg ikkje har det så fint sjølv. skapar heile verdenar rundt folk eg møter på min veg også ramlar eg inn døra med latterkrampe og er ein heilt anna person enn når eg gjekk ut.
å gå

føla at du er kroppen din, kroppen din som er så sterk og fantastisk og tar deg dithen du vil berre hovudet vil, å få smil fra framande, å høyra på favorittmusikken sin superhøgt og ikkje bry seg om alle høyrer "single ladies" gjennom headsetet for dei høyrer på jan eggum og sånn er det med den saken. (gifen er fra skulevegen min når eg gjekk på vgs)
musikk

alltid når eg har problem med å stå opp om morgonen eller stagnerar fullstendig med hovudet ned i dyna set han der fine på alt han har av ingrid michaelson. eg trur det er rundt åtte songar, eg mimar kvart einaste ord og når dei er ferdige har hjartet mitt det litt enklare og eg klarar kanskje å setta meg opp for å sjå ein episode mad men.
film

hairspray. amelié. mr. magorium's wonder emporium. rushmore. the royal tenembaums. marie antoinette. virgin suicides. å få leva i eit anna univers i eit par timar hjelper innmari på.
vin

om alt håp er ute er det musserande som hjelper. (forutsett at ein er gammal nok til sånt, såklart)

about sometimes needing to make an effort for life to feel good. my best tips: surrounding myself with people who will come on their bicycles as fast as they can if you ask them to, eating your favorite food even if it isn't a saturday, listening to your favorite songs and drinking a lot of wine.

rouge.

no i dei varmare månadane skiftar eg fra min vanlige rouge fra bodyshop, som ser sånn ut:

den har lett for å bli litt for rosa og solbrent om sommaren, så om sommaren skiftar eg til mac sin, som ser sånn ut:

den heiter melba og har vore min beste venn i sommar. var berre det.

usually i use the body shop roseflower blush(i buy it on ebay), but in summertime i now use mac's melba. not too pink but not too brown.
sånt som gir klumpar i magen og i halsen.
når ein tenkjer at det er fantastisk med tre øl for hundre kroner på ryes heilt til ein ser ein einsam gamal mann i hjørnet med tre glas på bordet og tankane ein heilt annan stad.
når folk ein er glad i alltid ser annleis ut ansiktet så lenge eit kamera er i nærleiken og at dei aldri ser ut som seg sjølve på bilder.
å vera i dyrehagar når ein skjønnar at dyra ikkje har det noko bra, store primatar som heng med føtene utanfor gitteret og fuglar som ikkje får flyga nokon plass.

når ein sit i sjukehuskafeteriar og det sit mange fleire enn det er plass til rundt eit bord og ein veit at dei berre ventar på noko som dei ikkje kan stoppa.
når dei voksne røyker og ungane som ikkje er store nok til å prata enda får all røyken i ansiktet men det er det ingen som merkar for dei voksne snakkar og det er viktigare.
gamle damer som pratar med alle på putikken og ler og smiler og ein får berre så vondt for ein ser det i augene at ho er så himla einsam.
gamle menn som går langs e6 og ikkje veit kvar dei skal eller kvar dei kom fra.

når ting som er viktig skjer på ein spesiell dag og alle venner i heile verda gløymer det og ingen sender melding og spør.
når folk ein ikkje kjenner gret på gata eller i heisen eller på trikken og ein har lyst til å berre legga hånda oppå hånda deira men ein veit at ein ikkje kan.
når mødre er sinte på putikken fordi ungane gret eller vil ha berre éin skumsopp til, da får ein lyst til å plukka dei små med seg for å gå på leikeplass og eta sand.

things that make my heart break: old men walking by the road not knowing where they came from or where to go, when friends forget to ask about important things, tables with too many chairs in hospital cafés with people just waiting for bad news, people who don't care about children in their cigarette smoke, people who always look the same in pictures but don't look like themselves at all.

iskrem & krem & blomar i bukett & girlander & fotoboks

alle bileta er linka til kjeldene sine.
berre veldig i bryllupsmodus for tiden, og finn så masse fine bilder og inspirasjon. blir det for mykje bryllup eller går det fint?

i want my wedding to feel like this.
sommar.

å bu i eit hus der huset knirkar og vatnet aldri blir varmt i dusjen.

å ligga i senga til langt på dag med ei bok som er himla fin.

å føla seg himla liten i forhold til bildene på veggane.

å lesa nydelige bøker.

å eta seine frukostar utan å tenkje på klokkeslett eller tjue minutt eller varmegrader eller noko som helst.

å gå på kafé i dokkestova.

å spegla seg i kaffekanner.

å prøva nye oppskrifter, som desse paiane, som de skal få oppskrift på før de anar det.
kva er din sommar?

my summer this far: reading in bed, making new food, staying in an old house with squeaky floors.
kvardag ein annan stad.

bileta er linka
du sjonglerar fire handleposar ut av bussen, eg ser deg i vindauget og går for å møta deg halvvegs i trappa. me lagar pasta med persille og mozzarella og et i vinduskarmen medan du fortel om dagen din. om dei frekke franske menna på t-bana, om ho med hengepuppane som alltid set seg ved sidan av deg og seier ord som du ikkje er flink nok til å forstå enda. me delar ei kronenbourg og ein kokosyoghurt til dessert på eit teppe på golvet, du har ikkje sokkar på og ikkje eg heller, me bur i eitt einaste rom og to kokeplater, ingen komfyr. men det er okei for me vil berre ha kvarandre og helst heile tida. og pasta treng ein ikkje komfyr for heller. over senga heng lag på lag med tyll og sjølvlysande stjerner, så ein føler litt at ein ligg i telt kvar einaste natt, ei vifte står på og utanfor høyrer ein folk som snakkar og snublar på veg heim fra fest.

about moving our day-to-day life to another country, another city, another feeling.
det var ein gang i ein skog...

at ein kjæreste.

og ein pappa.

og ein hund oppkalla etter ei rockestjerne.

dei speida milelangs og flytta på blad og gras for å finna det dei var ute etter.

sopp så gule som prinsessehår.

og dei fant posar fulle sjølv om det var juli. så gjekk dei heim, steikte dei og såg ein film og alle var enige om at det hadde vore ein fin tur.
no stikk eg på hytta ein tur! åh, sommarsognogfjordane altså. <3

yesterday we went to the woods to find mushrooms and we found a whole lot of them. now i'm going to my family's house in the mountains.
familiebilder.

eg elskar desse bileta som sara tok av oss i purstagen til fredrik. eg sprang inn i eit halvt minutt for eg var midt i ei ostekakebaking, ho tok bilder og eg sprang ut igjen. me er ganske fantastiske.

sara took some "family" photos of us last week.
blondesløyfer og heineken.

i går skulle trine marie komma på middag, og eg skjønte ikkje kvifor ho ringte på døra men det var sjølvsagt fordi ho hadde armane fulle med denne boksen.

ho hadde laga ein "brur- og bryllaupsboks" til meg som var full av fine greier.

for eksempel smertestillande til etter utdrikningslaget.

for eksempel ei flaske vin og ei fin sløyfe.

ei krukke full av m+j-sjokolade.

brudemagasin som var så himla fine, eg ville riva ut annakvar side og lima inn i ei bok.

kakeinspirasjon.

drinkinspirasjon.

me åt verdens beste vegetarlasagne, så laga eg cuba libre til oss + han der fine, som óg hadde komme.

me snakka om bryllup og om forhold og om reise.

og alt anna som me alltid gjer.

og eg var der óg.

fjella passa på oss.

og sjølv om det vart kjempeseint vart det ikkje kaldt eller mørkt men ein kunne alltid sjå mønster i skyene.

så fulgte me trine marie heim og plukka denne på vegen, og det var den laurdagen.
hadde de fine laurdagar?

my saturday night began with my best friend coming over with a box filled with wedding things, magazines and painkillers for my bachelorette party, pukka love tea, chocolates with our initials on them, a bottle of rose wine, those kinds of things. she's such a good friend. then we drank cuba libre and talked about relationships and life, as per usual. on the way home(we, j and i, followed her to her house) we talked to cats and picked a flower for my mother.
det store fine internett.
som de veit, er min beste venn i verda internett. internett har eit stort kontaktnettverk og har hjulpe meg å finna fram til nokon av dei finaste personane eg veit om. her er ei oversikt over mine bekjentskap som aldri kunne ha funne stad utan the power of the world wide web(del ein!):

han der fine
dei fleste veit det nok allereie no, men eg og han der fine vart først kjent gjennom allmektige msn. me var våkne natt og dag for å snakka med kvarandre og hjartet hoppa kvar gong han logga på. på blink hadde eg status "svak" for da var eg litt forelska i han, liksom. han vart min beste venn og no er me forlova, tenk det!

sara
sara vant ein bakgrunnskonkurranse eg hadde og fekk godteri i posten. så kjøpte ho ein kjole av meg. så møtte me kvarandre på ukm og kjente kvarandre igjen for me hadde jo vore på bloggane til kvarandre. så kom ho på middag og vips er ho ein av mine beste venner i den store vide verda. ho er flink til å holda på hemmelighetar og til å prøva å eta nye ting(for ho er ganske kresen), og dessutan den finaste fotografen. eg har absolutt all tru i heile verda på sara.

julie
bloggkommentarar og facebook, og plutselig i ei rulletrapp i stockholm møttest me for første gong, eg på veg ned og ho på veg opp, og plutselig var ho fast inventar i sofaen i siloen og det er eg så himla glad for. julie er flink til å sei ifra når ho ikkje har det så kult og flink til å kjefta på meg når eg ikkje er flink til det. julie følger ikkje sine eigne råd men er så himla flink til å få meg til å le. julie som skal bli modell fordi ho kan.

eira
møtast på det lille kaffekompaniet i bergen ein dag det regna himla mykje. eg drakk min første cortado og ho viste oss fine smale gater og sitt eige hus. som eg har sove i fleire netter no, og ho har sove på golvet mitt óg. eg og eira snakkar himla mykje om fine gutar, om å kyssa, om bøker, om film, om utland og av og til forteller ho meg om rare fine episodar og draumar

ina
eg sendte ein desperat mail til ina for å få ho til å få tak i ein topshop-kjole til meg, for ho budde i københavn. eg fekk tak i kjolen sjølv likevel, men me starta eit brevvenn-vennskap, sendte pakkar med lomper og lakris og magasin og alt me syntes var fint her i verda, no bur me i oslo begge to og det er himla fint.

marte
har kun møtt marte to gongar, men ho er så himla behagelig å vera rundt så det følest nesten som om me budde ilag i kollektiv for ti år sidan og har gjenforening på gjenforening, men sånn er berre marte. første gong eg møtte ho var for å fotografera ho til det første magasinet, ho hadde kompleks for tomlane sine og eg syntes det var så himla søtt.

jenny
søtaste finaste jenny som skriv/skreiv så fint om amsterdam, om familie, om kjærleik om musikk. første gong eg såg ho spelte ho konsert på karl johan og hadde på seg ei jakke ho hadde kjøpt av meg. no et ho middag av oss av og til, eller te eller milkshake på ryes. så himla avslappande å vera rundt, berre.

sunniva
nydeligaste sunniva som først skreiv om korleis bloggen min hadde hjulpe ho å få det bedre og plutselig var det eg som var heilt forelska i dei vakraste tekstane ho skreiv. ho har ingen blogg lenger, eller kanskje ho har ein hemmelig ein, eg saknar ho i alle fall forferdelig mykje, men til hausten flyttar ho inn i bygget mitt og det skal bli så så så fantastisk, som ein film nesten.

mariel
eg og mariel er flinke til å laga middag og sjå på trashy tv til maten, til å snakka om sånt som er vanskelig også plutselig snakka om kor rare fuglar er når dei går.

i <3 the internet. these are the people i have befriended over the internet and later in real life.

jordbær til frukost.
sommar skal følast som desse bileta:

av marcinéma.
som mjuk lakris under pledd med favorittbøkene, for ein har all tid i verda til å lesa nye bøker, som høysnue og nakne bein, som sommarfuglar i hendene og bålbrenning ved elva. & som denne lange spelelista: jordbær til frukost. for de som ikkje har spotify:

versågod versågod versågod!

a new spotify playlist called strawberries for breakfast.

pytteliten budapest-guide.
radio inn, benczúr utca 19. link.

me leigde ein leilighet ganske sentralt i pest, tre minutt å gå fra ein metrostasjon, og putalte ca 650 kroner for to netter for to personar. leiligheten hadde kjøkken med kjøleskap og kokeplater og dei vaska og skifta på sengene kvar dag. det er internett på romma(sjølv om dei som jobbar der trur at det berre er internett i resepsjonen, berre spør etter passordet og bruk internett på rommet, om du ikkje har bærbar kan ein låna datamaskina i resepsjonen) og høgt under taket. dei som jobbar der er heldigvis ganske flinke til å snakka engelsk. det finst matputikk med kjøttdisk og ferskt brød rett nedi gata og er ca fem minutt å gå fra ein stor stor park. rommet var ut mot ein bakgård, så det var ingen trafikkbråk eller noko, og det finst óg ein hage ein kan sitta i.
goa, andrássy utca 8. link.

supergod mat til ein ganske billig penge, og drinkar óg. midt i high fashion-gata med armani rett over gata og veuve clicquot sin eigen restaurant litt nedi. gratis internett og kelnerar som er høflige og snakkar bra engelsk. om me hadde hatt fleire dagar hadde me reist hit mange fleire måltid.
fausto's osteria, dohány utca 5. link.

den. beste. maten. kelnerane snakka så behagelig at ein fekk lyst til å ta opp stemmene deira og spela dei av før ein sovna om kvelden, maten var så god at ein åt den supersakte og vinen var så god at dei måtte skriva ned navnet for meg. tre-retters måltid pluss tre glas vin kosta 17.000 forint inkludert tips, litt mindre enn femhundre kroner for eit herremåltid på ein restaurant rett fra michelin-guiden. (kle seg fint og skru av mobiltelefonen, men ikkje så stivt at det blir ukomfortabelt)
centrál kávéház, károlyi mihály utca 9. link.

eit kaffehus, som det finst mange mange av i budapest. rett ved ein metrostasjon og med tjue grader som fast temperatur inne var det akkurat det me trong når temperaturen ute bikka førti grader. her åt me lunsj og eg kunne sjå for meg å sitta ved eit bord her og skriva bøker om å vera einsam. ikkje kjøp makronane, kjøp heller dei andre fantastiske kakene og da spesielt den sjokoladebomba me åt. fantastisk kaffi, fantastisk limonade. perfekt lunsjplass. (tips herfra)
om budapest/reising generelt(obs: dette er mine personlige meiningar, erfaringar og mine tips, men folk får sjølvsagt reisa akkurat som dei vil):
- eg skyr turistplassar. eg kan ikkje fordra å sjå folk med peikefingeren inni "turen går til..."-boka si medan dei gestikulerar med den ledige hånda og prøver å forklara kor fantastisk dette monumentet er. reis utanfor sesongen, reis utanfor turistplassane om de vil kjenna på det ordentlige hjartet av ein by. berre gå, les bloggar om byen, personar og ikkje lonely planet(sjølv om lonely planet jo faktisk hjalp oss mykje på turen så var det ikkje til å finna fram til det og det slottet eller museet).
- ikkje sjå ut som ein turist heller, det er turistar som blir rana uansett kor mange rumpetasker eller beltelommebøker ein har. om du ser bortkommen ut er du eit ganske lett bytte. prøv å bland deg inn med dei lokale, det er da, tykkjer eg, ein får den beste opplevelsen av ein by.
- gjer research på restaurantar, finn ut kvar det er bra mat og kva som finst i områda rundt. ofte når me er ute på reise planlegg eg gjerne ein heil dag rundt eller fram til eit restaurantpusøk. mat har så himla mykje å sei når ein er på ein framand plass, og eit dårlig måltid kan øydelegga ein heil dag.
- køyr kollektiv transport. i byar finst det alltid ein vennlig sjel som kan engelsk som kan hjelpa deg om du har gått deg vill, og metroen hjelper deg alltid tilbake dit du kom fra. å køyra taxi er dyrt og unødvendig når det finst billigare og bedre alternativ. om du køyrer taxi bør du finna ut på forhånd kva taxiselskap ein kan og ikkje kan stola på(står til dømes ei liste i lonely planet, eller ein kan spørja i resepsjonen der ein bur, dei veit alltid), det finst mange historiar der folk blir svindla, rana og trua til å gi fra seg meir pengar. avtal summen på forhånd.
- sjekk kvitteringen og vekslepengar. budapest er ein by der tips ofte er inkludert i rekninga, og om ein ikkje er oppmerksom kan det henda ein tipsar dobbelt(ukult). det er óg kjent som ein by der det ikkje er vanskelig for kelnerane å legga på tusen forint på rekninga som ikkje skal vera der, eller at det er for lite vekslepengar tilbake. tell pengane dine.
noko meir de lurer på?

my budapest-guide. there are links next to all the names of the places i'm recommending, so you can easily find out where to go and what to see.

dagar med rosemønster på.

i går ankom eg lærdal med han der fine(som bur her), sara og julie.

me flytta inn i det gamle huset der ingen har budd på mange mange år, og det var kaldt og dei lo litt av meg fordi eg var mørkeredd og skvatt av kvart minste knirk. (men egentlig gjorde dei det óg) sara las høgt til oss fra boka si og ho har faktisk den mest perfekte lydbokstemma nokon gong.

eg og julie dansa og svømte og han der fine spelte telephone på det gamle sure pianoet.

og me las i store gamle nynorskordbøker for me prøver å finna eit artistnavn til han der fine.

og sara låg med heile kroppen under teppet og me snakka om ånder og mormora til julie som går igjen i huset og som virkar som den søtaste dama nokon gong.

<3

så la me oss med latterkrampe.

og eg snegla litt på arvegods som er så fantastisk.

i dag vekte fredrik meg med telefonen, så da stod me opp.

eg steikte egg og var husmor til tusen.

i mellomtida stirra dama på oss.

sara spelte sangen ho kan på piano på piano.

og eg var i spegelen.

så vaska me opp alt det nydelige som finst i skapa her.

og gjekk til busstoppen, for dei skulle tilbake til oslo og eg ville aldri at dei skulle reisa men berre vera her og leika familie med meg for alltid.

på vegen heim kjøpte eg ei korg med dei beste jordbæra i verda. eg gjekk over jorda og brant meg på brennesler og mista mobilen min og reiv opp strømpebuksa på piggtråd, ganske dramatisk.

alle bæra vart til fire bitar kvar.

og jordbærflekkar på skjørtet.

og eg måtte låna ein kopp med sukker fra huset til svigerforeldrene mine, for me har ikkje tørrvarer i dette huset enda.

eg åt dei med melk, sakte, medan eg såg ut glaset etter bilar som ei gamal dame ville gjort. så vaska eg opp, kokte jasminte og las ei bok som eg elska i fjor sommar.
til å mislika sommar så mykje som eg gjer, er det fint og rart at juli som regel er ein av dei finaste månadane i året, med fine folk og fine nye kjensler i magen.

yesterday we arrived in lærdal and moved into the old house on my boyfriend's family's property(it has been unlived in for decades, i think). it was cold and creepy at times but we managed. today sara and julie left though i didn't want them to and i ate a whole basket of strawberries all by myself.
bursdagsrus med voksenbrus.

kvelden i går starta med to og ein halv kilo lime.

til cosmopolitans, sjølvsagt.

og skikkelig jentesminkestund på badet med os av hårspray og stødige eyelinerhender.

eg laga litervis med cosmopolitans, og me sendte rundt mugga med sugerøyr i og ingen var redde for herpes.

og jonas hadde fått fint kvitt hår sidan sist og eg måtte bruke kanskje fire hassebladrammer på det.

<3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3

og dei finaste bildene av sara i verda.

og eg snakka med pappa på telefonen ute på terassen og ødela kanskje sju blad.

og folk fekk cosmos med éin gong dei kom og det virka.

fredrik holdt tale.

så åt me og sølte på papirduken.

og julie dansa.

og litt meir.

christine hadde på seg ein kjole ho har sydd sjølv og alle var heilt i hundre for den var så fin så den fekk eit par hasselbladruter den óg.

og copper var på vakt og passa på så ingen skada seg eller tulla seg vekk fra resten av flokken.

og på verandaen oppe snakka me om kjærleik og om knuste hjarte og fredrik las eit dikt som fekk oss til å bli grinejenter men det var nesten det finaste.

også tok me finaste familiebildene.

og dette får vera med kun på grunn av fredrik.

<3 <3 <3 <3 <3 <3

og janne var gull&glitter og så himla glad.

her snakka han om kor skeive tær eg har. ser ut som han les fra ei jane austen-bok, liksom.

janne+meg.

sara+meg.

og alle hadde pynta seg og var så himla fine og det var lov til å spela favorittsongane sine to gongar på rad.

og sara kom for å legga seg i senga med meg og me såg gjennom takvindauget og snakka om sånt som ein snakkar om når klokka er tre og kvelden har vore himla himla fin.
eg har dei finaste vennene som finst.

yesterday my best friend fredrik celebrated his twentieth birthday by making everyone dress up and drink cosmopolitans(made by me and a whole lot of lime), meeting new people and taking a lot of pictures with my hasselblad.
førde i korte ord.

pai.

salat med altfor masse pepper og kvitlauk.

fine sara som fargar hår om ein spør fint.

sitronpaiar som passar i håndflata.

christine som kom i bil og vin+farris som er den nye greia.

snakk om absolutt alt som finst.

blomar fra hagen.

og å ta hasselbladbilder av fredrik i elva.
i dag har fredrik purstag! sei gratulerar med dageeeeen!

my days in førde in short: pie, salad with a lot of garlic, sara colouring my hair, little lemon pies, christine, wine+water, talking about everything, flowers from the garden, photographing fredrik in the river with my hasselblad.
kjærleik.

medan eg er i førde og pleier kjærleik med fredrik og sara, får de sjå på den finaste bildeserien av hedi slimane imens. den får meg til å berre villa ta svartkvitt bilder av unge folk resten av livet. i dag har eg kjøpt lime for over hundre kroner. i kveld er det pai og frøtsj. imorgon blir det hasselblad, bøtter med cosmopolitans og nydelige folk.

pausing with these photographs by hedi slimane while i drink wine and cosmos and have deep conversations in the back of closets.
budapest.

i går, medan eg framleis sov, gjekk han der fine ut for å handla frukost og laga den deiligaste frukosttallerkenen til meg. bjørnebærsyltetøy er kanskje det beste i verda. eller topp tusen i alle fall.

me kledde oss og gjekk ut, utanfor leiligheten vår minnar litt om ein bakgård i japan av nokon grunn.

med små tasseavtrykksplanter i taket og på veggen.

første stopp var dyrehagen, sjølv om eg hatar dyrehagar. eg var der for å sjå på sommarfuglane og på akvariet og holdt meg langt unna isbjørnane og fekk vondt i hjartet kvar gong eg såg eit bur.

det var så himla varmt så me fekk kjøpa slush, eg fekk hylleblomst og det virkar som om det er greia her nede.

akvariet.

eg tok masse hasselbladbilder av desse.

manetar.

så.

himla.

nydelige. om eg blir så rik at eg kan ha ein manetpassar og eit gigantisk akvarium så skal eg faktisk ha det.

me fekk óg helsa på dovendyra, heilt merkelige greier. me kom inn i eit rom med masse planter og høgt under taket og i glaskarmane og på stien der folka skulle gå låg dovendyra og såg såååå trøtte ut. nesten så ein håpte på at dei ikkje visste at dei er i fangenskap eingong. eg fekk klappa litt og det var fint.

etterpå tok me litt t-bane som mest føltes som ein kafé.

me gjekk på kaffehus for lunsj for me var så svoltne at me skalv litt.

taket var så himla fint.

han der fine.

og eg.

eg bestilte hylleblomst- og myntelimonade. limonade er óg heilt klart greia her nede.

eg fekk sandwich med kylling.

og han fekk spaghetti.

dessert: makronar som ikkje var allverdens, og sjokoladebombe som var fantastisk. me såg berre på kvarandre mens me åt dei første bitane saaaakte.

så vart det tomt.

og me bestilte kaffi, han der fine fekk irish coffee.

og eg fekk ein med kanel.

så var det tomt for alt, og sola kom inn for å sei hei, det finst ein heil by her ute faktisk!

så da tok me t-bana vidare. han der fine framfor parliamentet.

og inn i ei kyrkje der det vart spelt orgelmusikk.

han der fine tok opp lyd og var så stille og fin som ei mus.

så gjekk me i tusen år og tusen trapper.

opp til fiskerbastionen. der gjekk me litt rundt og eg fekk ta eit hasselbladbilde av ei japansk jente som var så himla søt og eg angrar på at eg ikkje spurte om epostadressa. men fint med sånne tilfeldige møte uansett.

og av og til må ein ta sånne teite turistbilder.

men me ville mykje heller berre sussa. så var me så himla utslitne at me gjekk bums heim på hotellet.

og bestilte deilig pizza til døra og fekk ei øl gratis til og med, og såg film i senga og pakka og kosa. no er eg heime i sogn igjen og imorgon bryt kjærleiksfestivalen ut(og medan eg skriv dette høyrer eg at regnet kjem på taket utanfor og det var det beste som kunne skje).
kva har de gjort så langt i ferien, kvar har de vore kva skal de? eg er nysjerrig.

yesterday in budapest: the lovelies breakfast made by my boyfriend, going to the zoo to admire the jellyfishes and the butterflies, lunch at the nicest coffee house, doing rather boring tourist stuff and eating pizza in bed with a movie.
budapest.

i går forsov me oss. han der fine hadde satt alarmen på ein time for seint og det var berre rein flaks som gjorde at me rakk toget vårt kvart over sju. eg rakk akkurat å klemme mamma og pappa hadet før me måtte nesten springa til togstasjonen og framme der var eg så kvalm at eg nesten kasta opp. uansett, her er mi nye veske. og litt meir av mitt nye skjørt. det var mitt togantrekk(ei togreise som skulle ta fire timar og tok sju. makan.)

me bur i pest og eg gispa då eg opna døra inn til leiligheten for det er eit enormt vindauge med sprinklar her og til og med ut mot ein jungel.

togantrekket mitt fekk henga til tørk medan me gjekk ut.

me gjekk til ein veldig it-restaurant i andrassy utca, som er liksom motegata. han der fine skula mot armani under heile måltidet og prøvde etterpå den finaste jakka nokon gong men pyttelitt for stor så neitakk.

me var supersvoltne, for me hadde ikkje ete særlig frukost og klokka var halv fire.

eg fekk rosmarin-penne med biffstrimler. innmari godt.

han der fine fekk sverdfisk og pærer og sylta ingefær.

etterpå drakk me drinkar. han der fine fekk southern comfort, ein ny favoritt.

og eg drakk ein god gamal cosmo som var veldig veldig god.

etterpå kjøpte han der fine ein drøm fra lanvin, den får de sjå før de anar det. så for me på ein putikk for rastepause i leiligheten. me bur supersentralt og superbillig, meir om det seinare.

vatn med jorbærsmak(<3) og saltstenger med lauksmak(<3).

så dusja me og kosa og slappa av og vips var klokka masse og me pynta oss og gjekk ut.

me gjekk til ein av dei beste restaurantane i byen, ein italiensk osteria som er i michelin-guiden. me åt purresuppe til forrett som eg vil prøva å laga heime snart snart.

me søla balsamico på duken.

han der fine fekk rumpsteak med smørpoteter og fantastisk sopp.

eg åt and med grønnsaker og peanøtter. himla godt.

og eg hadde på meg den mest grelle neglelakken nokon gong.

til dessert fekk han der fine tiramisu.

og eg fekk sorbetto som var bitter og frisk og alt samtidig.

og det var den dagen i budapest. eg føler meg som meg sjølv igjen, det er så deilig å kunne gå nedover gata og ikkje føla seg trua av blikk og folk som ler åpenlyst av den ein er mest glad i i heile verda. storby er heilt klart greia. heia budapest!

our first day in budapest: the trainride from hell, then the most amazing apartment(at the price we're paying we should be living under someone elses bed), lunch in the shopping street, my boyfriend got something beautiful from lanvin(at dior, who would have thought), beer and melon for the apartment fridge, going out to an italian michelin guide restaurant with the most amazing food, then going home and turning off the lights.
biblioteksdagen.
hver 3.august går man til det lokale biblioteket og finner en bok man liker. legg igjen en lapp inni boka når du er ferdig med den, eller når du skal levere den tilbake. på lappen må man skrive noe fint som kan glede den neste personen som skal låne den.
og det var den som vann konkurransen! grattis! no er eg og han der fine i budapest, etter verdens verste og lengste togreise. eg er nydusja i reine laken, har tokaji-vin og heineken i kjøleskapet og snart smyg me ut i byen og natta som ingen veit korleis vil enda. håpar de har det bra der heime!

announcing the winner of my competition and just to say i'm in budapest now and the city has treated us kindly this far.
eg er flink til...

å planlegga reiser og ta ansvar for sånt.
å vaska klede for hånd.
å rydda superfortare enn nokon andre.
å gi store varme klemmar.
å vera kreativ og sjå ting som andre ikkje ser.
å laga god mat og fort, sånn mat som gjer at folk et med augene igjen for dei var så svoltne og det er så godt.
å sjå når klippingen i ein film er heilt feil, at nokon ser til venstre også klipper dei til ein annan vinkel og dei ser til høgre og det avslører eg bums som berre det.
å ta vare på hjartet mitt og ikkje la andre øydelegga for meg.
å vera glad i folk.
å setta pris på ting. og vera takknemlig.
å fotografera i rare formar for lys. og holda hånda heilt stille i lang lukkertid.
å vera reservemamma når folk har det vondt. vogga i søvn og stryka i håret.
å læra meg nye ting heilt sjølv. og å leita.
å få nye venner. sånne som er flinke til det dei gjer og som er interesserte i det som eg gjer og verda generelt.
å sjå det vakre i nesten absolutt alt.
å skrika ned i puter når verda er vond.
å nyta livet og eta favorittmaten min på ein onsdag.
å finna på nye ting, med mat med fest med venner med foto med kvasomhelst.
kva er du flink til?

things i'm good at: planning trips and making sure people get where they are going. handwashing clothes. enjoying life. photographing in odd types of lighting. learning new things. giving hugs.
to dagar i ungarn utan dei andre.

for eit par dagar sidan reiste dei to andre familiane til venezia, medan me er igjen her. da blir det masse tid til å lesa i senga, og akkurat no brukar eg eit polaroid-bilde eg tok her som bokmerke.

me reiste inn til tapolca, den lille byen der me har budd to sommarferiar før. gjekk i parkar og såg med store auge sånt eg såg då eg var lita. rart og veldig fint.

dette er ein karpedam.

dette er espen, han er tøffare enn toget og ville heller vera i ungarn med oss enn å reisa til venezia.

me åt på hotel gabriella, den mest fantastiske maten.

til forrett åt eg ei slags cannelloni berre at det var ei pannekake. med pasta. med paprikasaus. supergod. hovedretten var så god at eg ikkje tok bilder av den, altså.

søster og pappa.

på veg til og fra stranda og bussplassen går me forbi ein kvalp og kvar gong må me stoppa for å klappa han og no kjenner han oss igjen og blir så innmari glad kvar gong me kjem forbi. alle andre hundar her berre bjeffar så han blir enda søtare på den måten.

i går tok eg og han der fine ei stor second hand-runde, og de vil ikkje tru kor mykje himla fint eg har funne her. nesten ingen klede, da, men så mykje anna fint. det er så mange second hand-putikkar her og ikkje utplukka, så ein finn yves saint laurent saman med helsetrøyer, liksom. i den eine second hand-sjappa var det nydelege wella-plakatar sikkert fra seint åttital/tidlig nittital.

etterpå gjekk me til pizzeriaen der me alltid(typ kvar kveld) gjekk før. han der fine var glad.

og eg fant ut at eg kanskje likar gorgonzola.

etterpå spelte me kort på balkongen og eg hadde på meg mitt nye skjørt som ein kan plukka druer og epler fra.

og fin sløyfe i håret. (her ser det ut som eg har dei største puppane i verda men eg har ikkje det altså)

han der fine hadde på seg si nye skjorte og me sussa ein heil del.

så gjekk me til bacchus, ein restaurant tohundre meter fra pensjonatet der me bur.

espen + søster.

etter maten får me alltid palinka, ungarsk snaps. han der fine og pappa må som regel drikka for oss alle, men da blir dei i så godt humør så det går bra.

pappa.

søster.

heime igjen tente me opp absolutt alt av mygglys og myggspiral og drakk musserande vin som var superkald. fra plastkoppar, som det skal vera.

espen og han der fine spelte sjakk.

og her fortel pappa ei historie.
i dag har vore enda meir second hand-shopping(i eit fjøslignande bygg), limonade, lærveskekjøp, ferskenis. i maxi-taxien på veg heim opna me alle vindauge på vidt gap og eg fantaserte om kor vidunderlig det ville vore å stå midt i ein storm i eit så varmt land. i noreg skal det regna dei to neste vekene og det kunne ikkje ha passa meg bedre.

the last days have been quiet around here as the other two families(minus espen) left for venice. we've been eating and shopping and drinking and laughing. second hand-shopping surprisingly turned out to be a huge success here in rural hungary.
a little princess
det er ulike typar filmar eg ikkje klarar å stå imot: high school-filmar, alt av sofia coppola og wes anderson, filmar med angelina jolie og johnny depp og anna karina, franske filmar. også filmar med små jenter i store gamle knirkete hus. og dét er a little princess. den handlar om sara som må flytta fra india til new york når pappan hennar må i krigen. sara blir plassert på ein jenteskule og det er det berre disiplin som gjeld og ho som er sjef i huset er sjølvsagt eit monster.

der føles litt som å vera liten igjen og pappa som les på sengekanten, for heile filmen er som eit einaste eventyr, som i bøkene. og ein kan sovna smilande etterpå om ein har for vane å gjera det etter fine filmar.
ps: om nokon har budapest-tips tar eg veldig gjerne imot - og fort! suss.

last night we saw a little princess in bed, and it is such a cute movie.

hjarte rundt eit gutenavn og lunsjavtalar med ei med krøllar (konkurranse)

av og til så gløymer eg ting. ting som er middels viktige å hugsa, som å ringa mormor eller å kjøpa mjølk på putikken. difor skriv eg ned ting i fine bøker. men til slutt blir dei berre det; bøker å skriva ned fine ting i, for eg har så mykje som må ut fra hovudet og da blir det berre sånn. ingen plass til handlelister eller parkplanar eller spontanteikningar av han der fine. heilt sidan eg kjøpte ein personlig almanakk herfra til mamma til jul for to år sidan har eg hatt lyst på ei sjølv men har liksom aldri tatt meg råd, men tenk kor fint at no får eg lov til å gi vekk ei sånn i premie til ein lesar!
desse almanakkane er så fine fordi ein kan velga heilt sjølv korleis dei skal sjå ut både på utsida og inni; kva lister ein vil ha(været, idéar, trening eller karakterar eller mål for veka eller mange andre), ein kan fylla inn purstagar og bakerst kan ein velga om ein vil ha linjer eller sudoku. berre ein sånn ting.
så! det du treng å gjera for å vinna:
♥ finn på ein heilt ny merkedag på ein bestemt dato i året der ein skal feira noko heilt spesielt. det kan vera "ballongdagen, 14.april. alle får ballongar levert på dørklinka 07.00 og saman marsjerar ein gjennom sentrum og til slutt et ein kake og køyrer varmluftsballong for dei som vil. ungane har ballongløp der ein må gjennom ein labyrint full av skarpe ting og den sin ballong som ikkje sprekk vinn!" ca. hugs å legga igjen epostadresser så eg kan ta kontakt! eg avsluttar konkurransen på torsdag klokka seks(på kvelden).
ps: eg set enormt pris på lesarane mine, og eg syns óg det er viktig å dela med meg av fine ting eg finn på internett(og det veit eg jo at de likar óg). eg oppdaterar linkelista mi ofte, og linkar sjølv pyttesmå bloggar som eg syns er fine. derfor syns eg det er trist å sjå at det er så mange som faktisk har fjerna meg fra linkelistene sine i det siste(fra 99 til 75), sjølv om eg jo veit at det er langt langt fleire som les og som har bloggar sjølv. å linka favorittbloggane sine er det finaste ein kan gjera, for det er sånn internett fungerar; å hoppa fra link til link. så eg håpar de som les bloggen fast og ikkje linkar tenkjer dykk litt om om kanskje eg kan få vera der likevel. berre om de vil, sjølvsagt. suss.

a competition, only for my scandinavian readers, i'm afraid! and also just a ps: i think it's sad how few bloggers link me compared to how many who actually read and have their own blogs too, so i hope you'll reconsider and link me if you like my blog. that's all!
the hug.

dette bildet av nan goldin er ein av mine favorittbilete av alle bilete i heile verda. på tronsmo i oslo har dei postkort med dette bilete og eg har til ei kvar tid i alle fall fem slike postkort liggande i postkortkofferten min. finast. om du er interessert i foto burde du absolutt sjekka ut nan goldin, finst masse fine dokumentarar på youtube og sikkert mykje i tekst óg. for eit interessant liv og ei interessant dame.

this picture by nan goldin is one of my all time favorites.
balaton sound festival.

i går gjorde eg og han der fine noko av det skumlaste eg har gjort; me tok tog i aust-europa. mot zamardi og heineken balaton sound festival, som er ein stor elektronika-festival. han der fine elskar elektronika så det var jo ganske naturlig.

han spelte kabal på toget.

eg tok av meg skoa med éin gong eg kunne, eg hadde gnagsår berre fra å ha gått fra huset til togstasjonen og skjønte at eg kanskje skulle valgt eit anna par. plasteret er jungelboken, om nokon lurte.

min forlovede. med lady gaga-tskjorte.

det var så klamt så eg måtte ha håret opp og såg ut som ei søt gamal dame. eg les ei nydeleg bok, den får de sikkert høyra meir om seinare. og eg veit at eg sa eg ikkje likar å lesa lange bøker, men det er heilt klart eit sommarfenomen eg set pris på. foreløpig.

toget vårt vart altfor masse forsinka for det var ein frustrert ung mann som hadde hoppa framfor toget ein plass(lurer sånn på kven han var og kva han tenkte). vel framme var det altfor mykje folk, så me åt litt drittmat og kjøpte drinkar. bacardi+cola og jack daniels+cola. så sat me i graset i eit par timar og las og las og kosa og prøvde å unngå at folk tissa på oss.

så kraup me fram fra vår lille hole for å sjå tricky. sola var begynt å gå ned og det var ganske fint. litt til høgre i bildet kan ein sjå ein heisekran. der heisa dei folk opp også hoppa dei i strikk. eg fekk sug i magen av å berre sjå.

og det var aldri noko vanskelig å vita kven hovudsponsoren var.

dama som sang med tricky. med billy holiday-tskjorte og dei mest sensuelle dansebevegelsane eg nokon gong har sett. også flink til å synga, da. til venstre i bildet er ei lita jente som dansa og var så sjarmert av han der fine. han var sjarmert tilbake óg da(og i heile dag har me snakka om når me blir foreldre).

øl i graset, som det skal vera.

så vart det ganske mørkt og det var fram med glitterbuksene.

inne på vinområdet hadde dei fine girlander med lykter inni, så himla fint at eg kunne tenkt meg å hatt heime. her solgte dei frøccs. frøccs=ei heil flaske vin pluss to komma fem desiliter farris. det kosta tusen forint, ca tretti kroner og tenk at det får ein ikkje eit halvt vinglas eingong for i norge.

så. begynte det. chemical brothers, det me hadde reist for å sjå. dei er ein av favorittane til han der fine og det var ein så himla himla himla magisk konsert. eg dansa i ein og ein halv time i strekk og eg dansar aldri utanom på stolen, bassen traff meg i kroppen så heile kroppen vibrerte og eg følte meg som del av ei bølge eller ein elefant.

eg tok dette bildet av han der fine og han er så fantastisk altfor kjekk for sitt eige beste. berre seier det, altså. i tilfelle de ikkje har lagt merke til det enda.

det var eit fantastisk visuelt show óg, og eg ville aldri at det skulle ta slutt. då me endelig kom heim i dag tidlig sat mamma og pappa på verandaen og åt frukost, og han der fine hang eit "do not disturb"-skilt på verandadøra vår, finast. så sov me og sov og sov og sov og i dag har eg vore tørst og støl på plassar eg aldri har vore før.
takk for alle dei fine kommentarane på forrige innlegg, det er fint å vita at det finst folk i verda som til og med tykkjer me er ganske fine. håpar de har det innmari himla fint, det har eg.

yesterday my boyfriend and i took the train to zamardi for the heineken balaton sound festival. it was insane and fantastic and i danced like never before.
fra frukost til frukost.

i går fekk me endelig tak i pesto, så det var knekkebrød og pesto til frukost. stort sett.

etter frukost låg eg timesvis i senga med bok, cola light på boks og vassmelon. vassmelonen er så fantastisk god her at ein dør om ein et for mykje.

mmmmmm.

så kosa me og sov litt. det er lov på ferie.

så reiste me på restaurant. me er ganske drittlei den plassen her no for folk er så jævlig frekke at ein ikkje forstår det eingang. dei peikar og ler av oss(håret til han der fine) og dei fleste restaurantar er det utrivelig for oss å vera. ikkje reis hit om de ser noko anna enn kjedelig ut.

fin fin fin.

me var på strudel-restaurant så me følte at me var nødt til å prøva. denne er med kirsebær, den smakte nesten ingenting men det var ålreit.

han der fine fekk den raraste desserten. det virkar som om dei vil sei "dette er ikkje godt så da pyntar me med alt me har: krem, tre bananskiver, kjeksstang, melis, sjokoladesaus, blodappelsin".

etterpå kjøpte me is óg. skyt oss.

resten av kvelden var kortspel og litt øl, i dag tidlig våkna eg til blomar på bordet som pappa hadde plukka for han og mamma har bryllupsdag i dag. <3 no reiser eg og han der fine ut på eventyr, så me snakkast i morgon finingar. suss!

yesterday: finally found pesto for breakfast, being sick of people whispering and pointing at my boyfriend's hair and this morning my father had freshly picked flowers since it was their anniversary.
popcorn & makronar & sukkerspinn & peonar

eg er sjølvsagt i bryllupsmodus for tida, og om ein einaste bryllupsplanleggar i heile verda skulle få planlegga mitt bryllup så fekk det bli amy atlas. ho har berre skjønt det, liksom. og eg seier gratulerar og velkommen til den nye kategorien som heiter "om bryllup." den skal nok bli fin å ha.

if i could pick one person to plan my wedding for me it would be amy atlas.
meg i juli.

♥ eg er visst månadens kvinne i femelle! her er intervju og bilder. det handlar om kjærleik og om framtid og om magasin og om bloggverda.
♥ her er sommarsnakk med meg på lnk(landssamanslutninga av nynorskkommunar) om nynorsk og såntfint.
no skjer det ting her, folkens!

two interviews with me from just recently. all in norwegian, i'm afraid.
lunsj.
i dag tok eg med meg han der fine med ein buss inn til næraste bygd.

han var fin med sløyfe på. de vil ikkje tru kor mykje folk her stirrar på håret hans. i går var det til og med ei dame som tok på det. makan, altså.

eg kjøpte eit sjal på ein second hand-putikk for ti kroner.

og bak det var visst håret mitt blitt raudt! farga det i går, hih. eg vil ha det meir oransj, og det kjem med tida men det var ein fin plass å starta.

eg rulla sjalet saman.

og knytte det så det såg ut som to små øyrer på hovudet.

me delte ein pizza som var superdupergod.

vel heime etter ein traumatisk busstur(eg var pengelens og han hadde gløymt lommeboka) hadde han der fine ei marihøne i håret. og det var ein liten lunsj på ein tysdag i ungarn.

yesterday we took the bus to a little village. we ate pizza for lunch and also i've dyed my hair red.

øst-europeisk polaroid.

tre polaroidbilder fra ungarn. søster+pappa. mamma+pappa-suss. og meg i regnet. i går høljeregna det i kanskje to minutt og det var så fantastisk herleg.

three polaroids from hungary!
ungarn så langt.
eg er ganske dårlig på å ta bilder her nede, men her kjem i alle fall ein pytteliten oppdatering. på veg fra flyplassen til der me bur fekk me telefon fra kirurgen til pappa som sa at pappa var kreftfri. <3 me feira med rosa champagne og saltstenger. nokre lurer på kvifor me er i akkurat ungarn: bestekompisen til pappa er fra ungarn, og me er her med familien hans og familien til den andre bestekompisen til pappa. dei tre er skikkelige barndomsvenner og snakkar om lærerinner dei hadde på skulen og når dei drakk seg fulle på heimebrent og saft for første gong. det er altfor varmt her og det er nesten så ein smeltar, eg badar ikkje(eg er redd for å bada i sjø for tenk om eg trakkar på fisk) men eg les og eg tar bilder og spelar ping-pong og drikk øl. her kostar det seks kroner per øl.
før i går:

i ungarn har dei sukkerpopcorn. dei ulike fargane har ulike smakar. ein klarar kanskje å eta fem før ein blir kvalm.

han der fine på verandaen. me må ha lysa av for ellers kjem det tusen mygg. eg har fått myggstikk på puppen og på ryggen i ei dødsone der eg ikkje kjem til sjølv.

meg på verandaen.
i går:

eg, han der fine & pappa sykla til kezhtely, som er ein liten by sju kilometer fra der me bur. det var superfine sykkelstiar ved sidan av togspora og me hadde rastepause for is og vatn. me sykla på skranglekassene til pensjonatet her me bur og han der fine sin sykkel var kaputt når me kom heim. i dag har eg så vondt i rumpa at eg ikkje klarar å sitta, nesten.

i kezhtely åt me lunsj.

her er pappa veldig glad med spaghetti i heile munnen, hihi.

me reiste på slottsmuseet og der må ein ha på seg sånne flotte skoting. og nei, eg har faktisk ikkje strømpebukse på folkens!
der var det så fint:

dette rommet hadde heilt fantastisk lys på grunn av dei raude fløyelsgardinene. og rommet innanfor er eit bibliotek med tusen meter under taket som pappa absolutt elskar.

og mange nydelege portrett av triste unge gutar og jenter.

han der fine + pappa. han der fine har olje fra sykkelen på leggen.

etterpå åt me dårlig is og han der fine skreiv litt. han skriv på ei essaysamling som nok blir finast i verda.

etterpå laga me middag heime. pasta og pølse og mozzarella og lauk og paprika.

paprikaen her er heilt kvit og fantastisk.

mini-mozzarella ser ut som pyttesmå egg og gjer magen min glad.

så sovna me og når me vakna var det på tide å pynta seg for å drikka vin på balkongen. som de sikkert skjønnar er dette eit veldig hakuna matata-liv som passar fint for dei fleste.

my first days in hungary. popcorn with different colours and tastes, wine on the balcony. yesterday my boyfriend, my father and i biked to a town nearby to go to a museum and eat ice cream. for dinner we had mini mozzarella with pasta and sausage and more wine on the balcony in the evening. ps: the surgeon who operated on my father called the day we got here and told us my father is cancer free. <3

internettgodtepose.

vild, ville, vann
så. mange. fine. bilder. dør. eg er så glad for at det finst folk som sit i timesvis for å leita opp dei finaste bildene så eg berre kan få dei i fanget, som ei korg med epler. dei plukkar dei også kan eg berre ta av korga.

binds
tekst og bilder, alltid fint & nesten alltid linka tilbake til kjelde.

play
her kjøper eg nesten alle filmane mine og dei engelske bøkene(resten kjøper eg på bookdepository). så fantastisk billig, og frakt er alltid inkludert.

eg elskar ebay, og mange av dei små finurlige tinga eg kjøper kjem fra ebay, og andre sider som brukar paypal. eg veit at det er mange som er redd for å kjøpa ting over internett, og mange som er skeptiske til paypal. femelle har laga ein artikkel som kanskje gjer det enklare å skjønna kva paypal egentlig er. les her.

timgatan
fine små tekstar om kjærleik og om venner og om forskjellig som varmar i magen. ein av mine favorittbloggar.
din tur! kva fine internettstadar har du?

some internet treats for my readers.
new york, i love you
eg var litt redd for å sjå new york, i love you fordi paris je t'aime var så himla himla himla fin, men eg gjorde det likevel. bestilte den fra amazon og den kom dumpande ned i postkassen og det kitla litt i magen når eg trykte på play. sånn føles den:

når andre filmar er romanar og det er mykje større rom for feil, er new york, i love you(og paris je t'aime) som novellesamlingar, der nokre av novellene varmar hjartet, nokre får ein til å hylgrina og nokre forstår ein ikkje heilt, men det gjer ingenting for dei står heilt for seg sjølv og med dei finaste skuespelarane og historiar så fine at ein aldri hadde kunna funne på dei sjølv.

i saw new york, i love you last week and it was like a book of short stories; some good, some amazing and some hard to understand. but still a masterpiece.

siste oslodag.

siste oslodag var pakking og rydding fra start til slutt. me kasta blomar som såg ut som dei var på veg til å dø, vaska krikar og krokar og resirkulerte alt som resirkulerast kan.

han der fine laga middag som heitte "alt me har i kjøleskapet". det var svære rigatoni med pesto laga av ruccola, kvitlauk, creme fraiche, pinjekjerner og olje. og tomatsaus med lauk.

pluss lauk steikt i creme fraiche. så fantastisk godt. så endte me framfor svt1 som sendte grey gardens, sidan eg enda ikkje hadde fått sett nyproduksjonen med drew barrymore og den gamle versjonen faktisk er ein av mine favorittfilmar. og -historiar.

så ringte hedvig og sa "jeg er utenfor!!!" så da sprang me ned også til daqota.

hei hedvig + han der fine.

ute var klokka nesten elleve men det var så lyst fremdeles.

daqota hadde pussa opp og fått tom waits på veggen.

me snakka om skule og om italia og om paris og om framtid og leilighetar og kor fint det er med venner som får ein til å le.

han der fine drakk milkshake.

og smakte godt med milkshake på overleppa.

eg og hedvig drakk øl.

og eg prøvde å treffa nasen med tunga men fekk ikkje til.

og var sliten og lei av å håndvaska sokkar. men eg og han der fine holdt ut heile natta og klokka fire kom bussen.
har de det fint heime i noreg? hadde det kanskje vore gøy med ein konkurranse med fin premie medan eg er vekkreist?

my last day in oslo(i'm in hungary now).
framme.

bileta er linka
etter flytogdrama, sovefly, venteflyplass og soveleigebil er me framme for mange timar sidan. me bur i ei landsbygd i ungarn, rett ved balaton, og det er så fuktig her at ein nesten ikkje får pusta(og min garderobe passar ikkje heilt inn foråseidetsånn). eg sit på baderomsgolvet for det er den einaste plassen med tilgang til internett, han der fine er naken og spelar på nyinnkjøpt xylofon og ein slags maracas. me drikk heineken av store flasker og et stracciatella-yoghurt og enda har me berre vore her ein halv dag. me har balkong der ein kan sitta for å kjøla seg ned på flisene eller sjå på hundane som skrik til kvarandre, og om ein strekker litt på hælen kan ein sjå balaton langt der nede. kanskje tar me toget til budapest, kanskje syklar me til keszthely for å gå på museum og vera aleinekjærestar. kanskje skriv me ei heil bok på to veker, kanskje gjer me absolutt ingenting. eg skal i alle fall teikna gamle menn i moleskinebøker og oppdatera fra baderomsgolvet. håpar de har det fint heime og at det blir kaldare til me kjem heim. suss!

today we took a plane to budapest and drove to a little town by the balaton lake. we're staying here for two weeks and we might do a lot of things or maybe we'll do absolutely nothing but i'm sure it will be perfect nonetheless.
sayonara!

trøytte og halvsminka og klare til å reisa! om ein halvtime går trikken og så landar me i budapest tidlig på morgonen. eg håpar inderlig eg har internett, ellers dør eg kanskje. om ikkje: tilgi sporadiske oppdateringar. eg håpar alle har det fantastisk! suss!

i'm leaving for hungary in half an hour(it's half past three in the morning now)!!!
ein onsdag i bruddstykke.

ein onsdag starta med å ta bilder til lokalavisa. kjolen eg har på meg er ny og skikkelig meksikansk fiesta-kjole.

og fortsatte med å laga min første frukostblanding, og det var superenkelt og så godt at ein ville eta det til frukost lunsj middag dessert.

han der fine kom heim med blomar til tjuefem kroner.

også gjekk me på bistro brocante.

for å drikka vin og feira forlovelse med ragnhild og jostein(kjærestesøster og kjærestesøsterkjæreste).
og det var ca den onsdagen. og i dag er det torsdag, min pappa har purstag og det er vår siste oslodag på lenge.

yesterday: taking pictures for a local newspaper, making my own cereal for the first time, he came home with cheap flowers and then we drank wine at bistro brocante.