ein veldig flott middag.

her kjem oppskrift på ein supergod middag. den er spesielt bra til å ta med på piknik under eit tre eller i hagen, med gras mellom tærne eller framfor poirot seint på kvelden. det er altså muffins! til middag!


muffins for dinner.

først lagar me røra. den lagar me av tre egg, 4 dl mjøl, 1,5 ts bakepulver, 1,5 dl yoghurt(ein med høgt feittinnhold, ikkje bruk lett). miks det saman med litt salt og pepper. eg hadde óg hakka valnøtter i, men det kan ein velga sjølv.

muffins for dinner.

så må ein smøra ei muffinsform. om ein ikkje har form kan ein bruka store papirformer, men kjøp sånne som er solide og ikkje sklir rundt. liksom sånne store som har "forsterka" kant. eg eksperimenterte litt med bakepapir i formene, det vart fint. også puttar ein oppi det ein vil. eg hadde raudlauk(nesten obligatorisk), paprika, kvitlauk, pepper, serrano, fetaost, spinat og basilikum.

muffins for dinner.

jarlsberg på toppen. mmm.

muffins for dinner.

ca 12 minutt på 200 grader, også et med salat med alt ein vil ha og nyt nyt nyt.

 

 

my recipe for muffins for dinner! easy peasy and oh so good.


london, knallraude krøller, twin peaks & respatex.

akkurat no syns eg det er så deilig å sjå framover. for eg har så himla mykje fint å sjå framover mot, og det er enklare enn å sjå seg tilbake og tenka på alt det som svir akkurat no. så sidan eg er dronninga av lister, har eg skrive ei august-liste. over alt som eg skal gjera i fantastiske august:

today's outing 

 



- fotografera glitter og blonder og lange lemmar i skog og i vatn som renn mellom fingrane. trur det blir magisk, har drøymt om det så lenge.

- visa dei rundt meg kor glad eg er i dei og kor mykje eg kjem til å sakna dei når eg flyttar.

- booka flybillettar for fine foreldre.

- gå på innflytningsfest.

- endelig gå til frisøren, få klipt litt og få hår som er så fint så at eg skal føla at eg står på skateboard nedover gata sjølv om eg egentlig går.

- reisa med eit fly. med einvegsbillett. til london. henta nøklar, låsa opp og tenka "kva no?"

- sjå heile twin peaks.

- vera gal av å ikkje skjønna korleis noko fungerar med internett og strøm og såntfornoko i eit nytt land.

- ta buss til blackheath, sitta på kafé med ein stor kopp svart kaffe og drømma om den dagen då eg har råd til å kjøpa eit hus der. med fire etasjar og stor hage og seks soverom og badekar midt på badegolvet og hengekøye og plass til studio og bibliotek i ei snirkletrapp og hemmelige rom der ungane mine kan gøyma saker som dei finn igjen når dei blir voksne. der me kan slå opp telt på kjøkenet og le til det sprutar sjokolademjølk ut nasen.

- kjøpa mat til skapa er fulle på tesco. vurdera om eg heilt skal slutta å drikka melk.

- kjøpa nye fine kjolar på londonvintagebutikkar.

- laga uendelige mengdar iskaffe.

- kjøpa ny leilighet-fyll for altfor mange pengar heilt utan å få vondt i magen: med prikkar, med striper, som er blått og grønt. blomar. dyne. badebomber!

- skypa med sara og le av livet. fortella om sånt som eg ser på tuben og middag og sånt og planlegga vårt hemmelige prosjekt ned i minste detalj.

- klina så lenge på eit teppe i parken at me blir det paret som kliner i parken.

- laga masse deilig mat som eg skal fotografera og legga ut bilder av her.

- sjå ein masse nittitalsfilmar.

- finna ein sofa og eit respatex-bord og på ein eller annan måte klara å få det med heim.

- gå turar som er så lange at ein ikkje finn vegen heim og må ta ut det store kartet fra veska.

- svara på mail.

- drikka champagne for å feira meg sjølv.

- eta polkagrisis.

- krølla håret annakvar dag.



korleis blir din august?

 


i'm having a hard time looking back right now, my heart still aches and it makes me feel better to look forward. to august. here are some things i'm going to do in august: photograph long limbs in forests and water with glitter and lace, book my parents airplane tickets, go to the hairdressers <3, watch twin peaks - all of it, take an airplane over the ocean, pick up the keys and think "what now?", fill the new place up with polkadots and pastels, take the bus to blackheath and fantasize about my children, make out in the park, skype with sara(a lot), buy new dresses, watch a lot of nineties' films, drink champagne, curl my hair every other day.


kirsebær & kyllingsalat & glitter & gull.

åh.åh.åh.åh.åh.åh.åh.åh.åh.åh.åh.åh.åh.åh.åh.åh.åh.åh.åh.

dei siste to dagane har sara og frøy vore heime hos oss i lærdal. me har tatt bilder og ete kyllingsalat to dagar på rad og scones til frukost og bada i glitter. fantastisk festival. sjukt fint.

 

my last two days: sara and frøy came to lærdal. we've been photographing and eating our favorite things. so great.


dagen etter.

the day after.the day after.the day after.the day after.the day after.the day after.the day after.the day after.the day after.0728-16060728-16070728-1609

 dagen etter fredrik sin bursdag er alltid som eventyr i seg sjølv. me våkna fyllesjuke, åt pannekaker til frukost, hoppa på ikkje-eksisterande trampoline i hagen. frøy var sur på copper men glad i hengekøye, og sara var like vakker som alltid. altså sånn at ein ikkje trur det. kaija og jonas klina også klemte me kvarandre så hardt så hardt og tenkte at me skulle ønska me kunne spola tilbake og gjera det ein gong til.

 


the day after fredrik's birthday is always like fairytales. we woke up hangover, ate pancakes for breakfast, bounced on an imaginary trampoline in the backyard. frøy was mad at copper but happy in the hammock. and sara was as beautiful as always. unbelievably so. kaija and jonas made out and we hugged eachother so so hard and wished we could turn back time and do it all again.


fredrik, 21.

onsdag forrige veke tok mine favorittpersonar og eg bussen til førde. til fredrik sin årlige bursdagsfestival. og det var som vanlig heilt vidunderlig fantastisk. i gåve frå meg fekk fredrik ei elleve timar lang speleliste som vart spelt gjennom heile festen og ingen våga seg å røra musikken. og no får han denne filmen. med berre fine folk og glade ansikt. så! her kjem ein film! + bildebonanza:

musikk: veronica maggio - välkommen in

 


bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.bday.


last wednesday, my favorite people and i took the bus to førde to celebrate fredrik's 21st birthday. for his birthday present i gave him a playlist, 11 hours long, and now a film from his party!


prikkar.

paint.paint.paint.paint.

 

i går kveld malte eg og han der fine rommet mitt, men med prikkar. gule rosa grøne. no følast rommet mitt som eit eventyr. det er perfekt.

 

 


yesterday j and i painted my room. with dots. yellow pink green. my room feels like a fairytale now. perfect.


sånt som kanskje hjelper.


- sjå favorittfilmane sine og mange episodar av seriar som ein ikkje har sett før. i mitt tilfelle amelié, funny face, eternal sunshine of the spotless mind, gossip girl og house.

- gi seg sjølv ein pause på fem timar fra nyheter med nokon ein er glad i der ein bestemmer seg for berre å gjera noko som ikkje er konstruktivt. som å baka brød, lesa bok eller laga fotoalbum på blurb.com. skru av internett og tv og berre snakk mens ein brukar hendene. helst om noko heilt anna. eg startar på fotoalbumet mitt frå 2011. med bilder frå heile år og fram til no.

- kjøpa eit magasin og lesa det fra perm til perm. eg les you & your wedding.

- laga ønskeliste på amazon. alt som ein har lyst på. wish list.

- laga ei lang speleliste.

- sortera papir, rydda rommet, vaska under senga. alt sånt som ein vanligvis er for opptatt til å gjera men som bør bli gjort og det er akkurat passe distraherande.

- planlegga noko fint, som ein middag om ein har stramt budsjett eller ei reise om ein har pengar til det. det er deilig å ha noko å sjå fram imot. eg planlegg london. skriv pakkelister og brukar google street view som verden og leser london-bloggar.

- ta eit langt bad eller ein dusj. med badebombe eller skrubb eller nokon ein likar å sussa på eller alt samtidig.

- laga akkurat det ein vil til middag. i dag åt eg pasta carbonara med heile familien min.

- ommøblera.

- følgande matvarer: grilla eller steikte maiskolber med salt og litt smør på, opera mints, mango, alt som er bær, denne paien:

0725-1503

2 dl havregryn
1 dl sukker
1 dl mjøl
1 tsk bakepulver
1 tsk vaniljesukker
100 gram smør

skru ovnen på 175 grader. bland alt det tørre i ein bolle. smuldra smøret med alle ingrediensane til det ser ut som det heiter smuldrepai. ha smulderet, ca tre fjerdedelar, i ei smurt paiform, hell på med favorittbæra dine, mine er bringebær, også resten av smulderet på toppen. inn i ovnen til den er gyllen, ca 20 minutt. et med vaniljekesam, vaniljesaus eller is.

0725-1504 0725-1505







things that might help. although things are rough, there are things to do to lighten our hearts and those around us. like give oneself five hours off from the news to bake or make a blurb book from 2011. or make this raspberry crumble.


.

believe

eg veit ikkje heilt når det blir greit igjen. når det føles okei igjen å blogga. om bøker, om musikk, om bursdagsfest. fram til da så veit eg ikkje heilt kva eg gjer, eller når. kanskje det blir i morgon, kanskje neste veke. eg føler berre at det blir så meiningslaust akkurat no. håpar de har det bra, alle saman. hugs at klemmar hjelper.

 


i don't know when i'll be back to being ok again. when it will feel ok to blog. about books and music and birthday parties. i don't know what i'll do. or when. maybe tomorrow, maybe next week. i feel like it's too meaningless right now. i hope you are all allright. remember that hugs help.


mitt lille land.


oslo


det er ingen som heilt kan forstå kva som har skjedd. korleis det kan finnast så mykje vondt. eg veit at det er mange av mine lesarar som er direkte og indirekte påvirka av det som har skjedd i oslo og på utøya i går. eg håpar de har folk rundt dykk som klemmer hardt og passar på at de snakkar og fortel om alt som de kjenner. det er så viktig. det gjeld for alle andre i dette landet óg, og nordmenn utanlands. dei siste 24 timane har vore ubeskrivelig vonde og eg har grått for mitt eige land, for mitt eige folk. eg er så stolt over måten situasjonen har blitt håndtert på, kor mykje kjærleik som finst. og over stoltenberg som ikkje gir etter men seier at me skal halda fram med å kjempa for det me trur på. eg er overvelda av kjærleik og kor mykje fint og smart som blir sagt. vil berre sitera noko som ein venn av meg skreiv på facebook nettopp: "ein auf'ar sa på cnn då ho fekk spørsmål om dei no vil slå tilbake mot terror: "om én mann kan vise så mye hat, tenk hvor mye kjærlighet vi alle kan vise sammen""

 

 


yesterday was the worst day in norwegian history for as long as i've been alive, and i'm absolutely devastated by what has happened. but so overwhelmed by all of the love and i've never before been this proud of my country and my prime minister who, instead of breaking from all of the hate says that we will never back down, we will fight for what we think is right. a girl from the camp that was attacked was interviewed by cnn and when they asked her if they now will fight back against terror, she said "if one man can show that much hate, think of how much love we all can show together". i'm grieving for my country and our loss today. and i'm so very very proud.


moscow mule.

moscow mule.

ein kan føla seg kul når ein drikk cosmopolitans på ein restaurant i budapest eller med ei flaske kronenbourg i ein park i paris, men dei fleste har sine eigne favorittdrinkar som ein kanskje tilfeldigvis kjem over eller blir introdusert for av venner. eg har ein. som eg har holdt tett til brystet til no. den er kjent mellom mine venner som lærdalsdrinken fordi det er den eg blandar til når folk kjem hit for å ligga på sofaen og le til dei får vondt i magen. her kjem oppskrifta på min favorittdrink, moscow mule:

3 cl vodka
1,5 dl ingefærøl
litt lime
litt sukker
mynteblad

bland alt i eit glas med litt isbitar og eit sugerør og voila! ein bra fredagskveld. eit mesterverk. om ein vil vera mindre pertentlig med blandingsforholda: eg pleier vanligvis å berre ta eit shotteglas vodka, tømma den i eit kjøkenglas og hella ingefærøl over der igjen. hugs: drikk vatn når de drikk vodka. og! aldersgrensa på brennevin er 20 år i norge.

 



innlegget er laga i samarbeid med schweppes: schweppes teamed up with the dutch digital agency red urban, who is responsible for the concept and development of the improve your schweppes appeal experience.


this is my favorite drink, the moscow mule. one ounce vodka, half a cup of ginger ale, fresh lime, sugar, mint. mix in a glass and drink! a great friday night in a glass. sponsored by schweppes.


sommarfint.



fine hundar på tuben.

den første gongen ein får bruka ein ny paraply i regnet.

å våkna av sola og stå opp også svømma før resten av verda har våkna.

nye magasin med glitter på framsida.

espresso og bringebærpai. helst saman, helst på ein laurdagsformiddag.

idéar som involverar glitter og svarte blonder og dådyr.

at ei av mine beste jentevenner er forelska og lærer seg skytypar fordi pappan hans er meteorolog.

at det kjem fintbesøk i oktober som skal sova på skumgummimadrasser i stova og drikka øl og kanskje skrika fra balkongen eller bada samtidig i badekaret.

fine jenter som ikkje veit kven eg er som seier at eg er fin likevel.

å bruka altfor mange pengar på sånt som neglelakk og hårspenner.

når ein har kjøpt noko over internett og gløymer det heilt til ein får det i posten og har noko heilt nytt og gammalt i hendene.

å gå til favorittbutikken sin fordi ein har heilt tomme skap og faktisk har lov til å kjøpa alt i pastell og med prikkar på.

tre år gamle jenter som har latterkrampe i gata som gjer at både eg og han der fine knekk saman og ikkje klarar å gå for me ler sånn.

å sjå på jostein som knyter sløyfa.

å komma heim til pasta carbonara når ein trudde ein skulle eta middag aleine.

store ferskenar til eitt pund som passar perfekt i hånda og er som å bita inn i ein drøm.

nye oppdateringar av bloggane ein likar aller aller best.

å vera på bytur med mamma og pappa og føla seg veldig voksen samtidig som ein blir tolv år igjen med lengt i kroppen og ein blir påspandert alt.

å få lov til å ta bilder av forelska par på den viktigaste dagen i liva deira.

å klina på fest.

å sovna momentant når ein legg seg.

å sjå kor raudt håret mitt egentlig er når det flagrar i veldig sterk vind.

å fantasera om det sekstitalshåret eg sparar til.

bær til frukost.

loppemarknad med framand valuta.

sylteagurk og sterk majones som svir i nasen.

å høyra at pappa ler i søvne, gjennom veggen, medan eg jobbar klokka fire om natta.

 


nice things these summer: cute dugs on the tube, pretty girls who call me pretty, fleamarkets with foreign money, pickles and dijon, hearing my dad laugh in his sleep, the fact that one of my best friends is in love and is learning about clouds because his father is a weatherman.


nytt.

Skjermbilde-2011-07-19-kl.-13.25

så vart eg, ikkje overraskande, lei makronar som bakgrunn. det var jo egentlig berre ei parisgreie som vart strekt litt langt. no er det uansett brand spanking new her. til og med med større bilder, hurra! eg er så glad i det allerede. kva seier de?

 


?not too surprising, i tired from the macarons and doilies in my layout. so i changed it up, and i really like my new blog! with bigger pictures too!


london. dag fire.

last day in london.

torsdag var ein heilt ufattelig lang og utslitande dag. me våkna til telefon fra meklaren vår som hadde fått to nye leilighetar å visa oss. så me køyrte rundt i minicooper i greenwich og var ganske negativt innstilte til heile london-livet. men så skjedde det magiske: me fann ein leilighet me virkelig likte. og derfra gjekk alt veldig fort. ein time frå me først låste oss inn i leiligheten hadde me fylt ut papira og fått klarsignal på at leiligheten var vår, sagt ja til å betala leigene eit halvt år av gangen og når me kom tilbake på hotellrommet var me så utslitte av me sov til kvelden kom. men egentlig hadde me bestemt at me skulle feira både leiligheten og at me har vore forlova eitt år, så me drog oss ut. til camden. til restaurant. og hadde skikkelig flaks.

last day in london.
last day in london.

restauranten var ganske så rarfin, med grove materiale på borda men fint pertentlig tapet. perfekt harmoni.

last day in london.

eg drakk eit glas fransk rosé og fekk endelig slappa av.

last day in london.

han der fine dreiv med leilighetsbroadcasting, typ "me har fått leilighet!!!!" som det er lov til å sei når ein jo har fått seg leilighet.

last day in london.last day in london.

over hovuda våre hang det hovud.

last day in london.

han der fine åt ein dansk spesialitet, frikadeller. med gammel dansk og potetsalat. mm godt.

last day in london.

eg tok veggie plate med mais, pita, rødbetrøre, guacamole, feta, salat, bakt kvitlauk, tomater. sjukt sjukt godt. så gjekk me heim og såg på fine folk og snakka om london og om paris og om korleis livet startar no. no. no.

 

 


on the last day in london we woke up to our estate agent's call saying he had found more apartments to show us. we started off very pessimistic but then we found the perfect place and just an hour after we'd unlocked the door the apartment was ours. we stayed in bed until late night and then we went to camden to eat glorious food!


london. dag tre.

london, three.

dag tre i london starta med disappointment. me ringte til meklaren for å sei ifra at me ville ha leiligheten og han kunne fortella oss at den allerede var bortevekk. me bestemte oss for å drukna sorgene våre i secondhand-shopping og stor frukost.

london, three.

me fekk sitta nær vindauget og det var akkurat passe varmt.

london, three.

min sandwich.

london, three.

og espresso.

london, three.

det var fine pastellveggar.

london, three.

og skilt. skilt er alltid bra.

london, three.

så shoppa me heilt sjukt lenge og mykje og langt før me var heilt utslitte og trengte øl. eg fekk anchor steam, han der fine fekk ola dubh.

london, three.

så las me litt og såg i kart.

london, three.

og såg på kva me hadde kjøpt, som dette skjerfet.

london, three.

og meir i leopardposar.

london, three.

så var me klare for meir.

london, three.

og gjekk tilbake gjennom det som føltes som hjartet på rette staden.

london, three.

<3

london, three.

fin vegg i ein vintagebutikk.

london, three.

her prøvde eg ein raud kjole med hjarte på med stort skjørt. men det vart for corny. kjøpte blondekrage istaden.

london, three.

så gjekk me til ein heilt fantastisk fantastisk sjukt bra italiensk restaurant. eg hadde kjøttbollar. han der fine hadde ein med trøffelolje som eg ville ta med meg heim.

london, three.

til dessert: varm sjokoladekake med vaniljeis. dei på bordet ved sidan av sikla.

london, three.

me gjekk tilbake til undergrunnen gjennom eit skikkelig fint område.

london, three.

og snakka om at me ville bu der, at me heller skulle ringa ein meklar i det området som kunne skaffa oss eit pyttelite hus med balkong og snirkleplanter fra før.

london, three.

i pastell.

london, three.

med sjakktrapp. dagen etter fekk me leilighet likevel, men det var fint å drøyma.




day three in london: a big and long breakfast, second hand-shopping, beer, italian food and dreaming of pastel houses with a lot of trees.


27.

lemon berry cupcake

 

i løpet av dei siste 27 timane har eg:

- ete frukost frå marks&spencer på min siste londonmorgon som gjest.

- sett ein halv episode house før donald kom.

- signert kontrakt på leilighet i london. 18 månadar. phjo.

- krisepakka fortfort.

- sett verdens søtaste hund på dlr som fekk meg heilt febersjuk etter å få min eigen. den gynga ilag med vogna og hadde superkorte tjukke føtter.

- kjøpt bygave/bursdagsgave til fredrik.

- sove heile vegen frå london til stockholm.

- ete geisha på arlanda fordi det ikkje fantes mat å oppdriva. det er forøvrig min favorittsjokolade så eg nyttar kvar ei anledning i sverige til å kjøpa det. mmnam.

- sett ein himla kjekk flyvert på sas-flyet frå stockholm til oslo.

- lest ein lang artikkel om bonsai-tre i d2 som gjorde at eg fekk lyst til å kjøpa eit til mamma.

- tatt flybussen istadenfor flytoget fordi toget ikkje gjekk.

- gått forbi ein veldig full mann utanfor london på veg fra rosenkrantz til nordahl bruns.

- velta inn på kjells hotell til janne, rom & cola.

- lakka neglene med ferskenfarga neglelakk.

- lånt vekk ein kjole til janne, ein ny ein frå london med prikkar og fantastisk krage på.

- sett resten av den episoden med house.

- sove i fredrik si seng for første gong, i tettitett skjei med han der fine.

- dusja med janne sine greier. elskar å bruka andre sin shampo og såpe!

- laga appelsinscones, seks stk. til frukost med kaffe med melk og eggerøre og iste.

- klemt janne så hardt som eg berre klarte. saknar saknar saknar ho så når me ikkje er ilag.

- dratt med med ein koffert og ein støvsugar på 37-bussen til bussterminalen og no i dette sekund er eg på buss på veg heim til lærdal.





in the last 27 hours i have: eaten breakfast from marks&spencer's as a guest in london for the last time, watched half an episode of house, signed at the bottom of a lot of pages for the apartment that is ours for 18 months from the 15th of august, packed our stuff in a hurry, seen a very very cute dog on the dlr, bought a gift for fredrik, slept all the way from london to stockholm. eaten geisha, my favorite chocolate that i only eat in sweden(due to lack of food at the airport), seen a very very handsome steward(?) on the plane from stockholm to oslo, read an article about bonsai trees(made me want to buy my mum one), taken  the bus instead of the train, walked past a very drunk man outside london(gay club) on my way to janne's house. rum & coke. lent janne a polkadot dress with a beautiful collar. seen the rest of that episode of house, slept in fredrik's bed for the first time, showered with janne's stuff(love it!), made orange scones for breakfast, hugged janne as tight as i possibly could and carried a vacuum cleaner to the 37 bus. now i'm on the bus on my way home to sogn. crazy days.


åh!




tenkte berre å seifra at om ein ligg på magen med føttene opp så ser dei ut som øyre &!!! i dag har alt vore fullstendig kaos og me har no successfully ein leilighet. frå femtende august bur me i london. i leilighet. med badekar og balkong rett over vegen for tesco. oh my lord. og eg har på meg ein av dei fem nye kjolane eg kjøpte i går. glad og forelska. og glad. og forelska.







just wanted to let you know that today has been total chaos but we now have an apartment!!! from the middle of august our residence is london. in an apartment in greenwich. with a bathtub and a balcony, across the road from tesco. and i'm wearing one of the five dresses i bought yesterday! i'm so very happy and in love!


london. dag to.

london. two.

i går starta dagen min i parken. han der fine var på goldsmiths for å snakka om praktiske saker med dei. så eg bestemte at me skulle møtast i parken etterpå.

london. two.

det var varmt og grønt og perfekt.

london. two.

eg elskar å sitta under store snirklete tre. føler meg som i ein jungel og det er jo nettopp det denne byen er.

london. two.

eg hadde som vanlig raudt hår.

london. two.

skoa mine fekk stå ved sidan av teppet og vera fine.

london. two.

eg kjøpte alt som såg godt ut på butikken. som frukt.

london. two.

og pizza.

london. two.

me åt. pizza.

london. two.

og frukt og yoghurt og varme cookies.

london. two.

og ein pytteliten pose med chips.

london. two.

me var spente på visningar og london også var me veldig glade for at skuleplassen til jostein var blitt unconditional. så det er tusen millionar prosent sikkert at han har skuleplassen etter at han fekk 9 på ielts-testen sin og det er det høgaste som finst.

london. two.

me spelte kort. eg vant.

london. two.

så drakk me opp. alle fem greiene eg hadde kjøpt, som ferskenvatn.

london. two.

og sussa litt og smilte lurt.

london. two.

også gjekk me tilbake på hotellet for å venta på donald, meklaren vår.

london. two.london. two.

forbi fine blomster på veg tilbake. så kom donald og me fekk sjå tre plassar. me bestemte at me ikkje skulle skriva under på noko før me fekk tenkt oss litt om i alle fall.

london. two.

så me gjekk ned igjen til den siste som me likte himla bra, med balkong og badekar og store vindauge. og det bobla i magen og me sa "bygget vårt". og når me la oss hadde me bestemt at der skulle me bu. når me våkna var den bortevekk. nokon andre skal bu der. men sånn er det i london. i morgon skal me på meir visningar, håpar den er meir perfekt. med blomsterkassar og badekar og balkong. håpar håpar håpar.

 


day two in london. lunch in the park and then we went to view apartments. we loved one of them and had decided to get it. when we woke up today someone else had snatched it right before our eyes. blah. but tomorrow is another day, with more viewings and hopefully some hope.


london. dag ein.

london. day one.

i går var vår første dag i london. me bur på hotell i greenwich, for det er her me skal bu. han der fine skal gå på goldsmiths som ligg rett gjennom parken!

london. day one.

me tok dlr og tube til west end mens me las aviser og lurte på om me såg ut som om me budde her.

london. day one.

etter litt shopping og sånt vart me svoltne, så me kjøpte lunsj på marks & spencer. ein av mine favorittplassar for dei har så masse fine pakkar og eg vil berre gå rundt der heile dagen lang for å ta på alt.

london. day one.

åh bjørnebær + lemon curd-yoghurt.

london. day one.

så gjekk me for å shoppa litt meir. bygåver, bursdagsgåver, gåver til oss sjølve.

london. day one.

butikkar med fin pynt er dei beste butikkane.

london. day one.

så gjekk me rundt lenge og enkelte av oss brukte altfor mange pengar og det blir ein jo heilt matt av så me satte oss på restaurant, åt baba ganoush og pita og drakk ein merkelig bringebærgrapefruktdrink.

london. day one.

og snakka om vegen vidare.

london. day one.

først ein svingom inn i ein nydeligfin bakgård. tenk å ha sånne blomsterkasser.

london. day one.

eit tre.

london. day one.

me fann pompongar i eit vindauge og det gjorde meg glad.

london. day one.london. day one.

ei fin lita blomsterbod på vegen.

london. day one.

me hoppa inn i alle vintagebutikkar. eg kjøpte ingenting. der. så bevega me oss inn i piccadilly-kaoset med veldig målretta skjelvande gange.

london. day one.

for me skulle på afternoon tea. <3

london. day one.

herlig herlig te og scones med clotted cream og syltetøy.

london. day one.

og han som eg syns er finast. jostein altså. han ser så lur ut fordi han er det.

london. day one.

pyttelite jordbærpastry.

london. day one.

servitøren vår såg litt ut som mr.bean og dei fylte på vassglasa våre for kvar lille milliliter me drakk. sånt som ein aldri klarar å bestemma seg for om er fint eller forstyrrande. me såg på folk rundt oss og oo-a og aa-a om maten og teen også hoppa me ut igjen. til ein av mine favorittplassar i heile london. fortnum and mason.

london. day one.

fleire etasjar med berre sånt som eg elskar. fine forpakningar og store ferskenar og hylleblomst-ditt & datt. og kaleidoskop som nesten faktisk fekk meg til å grina.

london. day one.

finaste godteriet. sølvfarga mandlar liksom. etter to timar gjekk me heim med varme hjarte.

london. day one.

og i hotellsenga opna eit av mine plastkjøp for dagen. sko fra melissa. <3

london. day one.

svart plast med kvite store sløyfer på! score.

london. day one.

så åt me takeaway tex-mex og sjokoladetrøflar frå fortnum & mason og hadde house-maraton og snakka om morgondagen. for i dag skal me på visningar på plassar me kanskje skal bu! fint og skummelt.




yesterday was our first day in london. we went shopping in the west end, ate a lot of good stuff and had a very nice time.


bergen.

bergen.bergen.bergen.

akkurat i dette sekund er eg i bergen på kafé med han der fine og eira som nettopp har komme heim fra københavn. eg drikk cortado. akkurat no! akkurat no! tenk kor kjapp eg er. i kveld flyr me til london.

 


i'm in bergen! drinking a cortado! with eira! right right now! our plane to london leaves tonight.


hailee steinfeld. magi. glitter.

miumiucampaign3miumiucampaign6miumiucampaign1miumiucampaign2miumiucampaign5miumiucampaign7miumiucampaign9miumiucampaign10miumiucampaign12

herregud, eg dør av den nye miumiu-kampanjen. av bruce weber. dette er akkurat sånne bilder som eg vil ta. no no no no no! åh. startar ein eigen sparekonto for å få råd til eit par glittersko no.

 


miu miu's new campaign makes my stomach ache for some real shoots soon. bruce weber is a genius.


den beste kaka som finst.

cake!

i dag skal me laga kake som det går fint å eta sjølv om det er altfor varmt ute. du treng: 3.5 dl sukker. 5 egg. ei halv teskjei eddik. 1 teskjei bakepulver. egga skal vera romtempererte, så ta dei gjerne ut av kjøleskapet nokre timar før du skal baka. så treng ein noko å ha oppå kaka, som frukt. eg brukte bringebær og blåbær, nom. om ein skal bruka bær må ein bruka ferske bær og ikkje fryste, for fryste bær "blør" også ser kaka ut som ein massakre etterpå. takke seg til ferske bær altså!

cake!

først må ein dela egga. det er veldig veldig viktig at ein ikkje får med noko som helst av plomma når ein deler egga. derfor deler eg eitt og eitt egg over ein kopp, tar kvita i ei skål og plomma i andre. om det kjem plomme i kvita mens ein deler så må ein starta på nytt, for ellers blir kvita aldri stiv.

cake!

sett ovnen på 100 grader. så skal det piskast. først skal me piska egg + eddik + sukker. berre køyr det på høg fart så lenge som det trengs.

cake!

røra er klar når den framleis "står". altså at den framleis er stiv som ein topp som på bildet. så skal ein ta bakepulveret og liksom "velta" den inn. ein må ikkje vispa den inn for da kan det henda ein øydelegg all den fine lufta som ein har i eggekvitene. bruk slikkepott til å elta bakepulveret inn.

cake!

spre røra ut i ei form på 30 x 40 cm. på bakepapir. sett den midt i ovnen og steik den på hundre grader i kanskje to og ein halv time, til den er seig inni men hard utapå. ein må passa litt på så den ikkje blir steikt for lenge.

cake!

når kaka er ferdig, ser den ca sånn ut.

cake!cake!

så må ein piska krem, og blanda den med vaniljekrem og ha den på kaka. og ha på bær, masse bær, alt ein vil i heile verda.

cake!

og eta den med glede.

cake!

til siste bit er slutt.



cake!

om ein vil laga ei mindre kake, som eg gjorde, kan ein bruka litt over halve røra til kaka og resten til pikekyss. eg satte kaka i ovnen også satte eg på eit vannbad. knekte oppi valrhonasjokolade(må bruka sjokolade av god kvalitet, kokesjokolade er ikkje lov).



cake! så velta eg den smelta sjokoladen inn i resten av eggekvitene og sprøyta dei med sprøytepose ut på eit bakebrett med bakepapir på. phjoh. forøvrig min første omgang med sprøytepose, det gjekk heilt fint. ein berre puttar tuten nedi ein kopp og legg sjølve posen over kanten så det blir enkelt å fylla den. så er det berre å prøva seg fram. steik dei på hundre grader i kanskje ein halvtime, kanskje lenger. dei tar ikkje så veldig lang tid, så smak heller litt undervegs.

cake!cake!

putt dei i ein fin boks og versågod! godt til kaffen i vekesvis etterpå.

ps: eggeplommene sparar ein og lagar pasta carbonara til middag! enkelt som berre det.




today we're making cake. this is a meringue cake with whipped vanilla cream and berries on top!


portobello road og covent garden og brick lane og cutty sark.

The Grand Macaron at Bottega Louiekobenhavn2

når eg les alle tinga de skriv om london så føles det som ein så enorm by som kjem til å svelga meg heil. at byen er for stor det er for mykje det er for langt heimefra. først. så tenkjer eg på paris og korleis det var å komma dit aleine, og at eg no reiser med han som eg likar best i heile verda. to par sko i gangen, to par føtter i senga, to kroppar, fire hender. ti fingrar til å holda i bestikket når me reiser på afternoon tea, prøver oss gjennom heile london berre så me kan sei kva som er best, kvar dei har best scones og best darjeeling. fire auge når me går på kino, på stevnemøte, dinner and a movie, to munnar som klinar i mørket på bakerste rad. og da blir eg berre så altfor eksploderande glad av å tenka på det. london. å kunna leva av det som eg elskar mest av alt, å bu i eit stille og stort og fint område ved ein park, å utforska det saman og skriva om det, laga magasin om det, leva av det, leva. eg skal kjøpa sykkel og sykla gjennom parken og til skulen hans, ha piknik i korga, sliskesøt lemonade i ei fin flaske og rutedukteppe å sitta på. mens me et lunsj høyrer me eit piano frå tredje etasje og eg tar bilder av han med pesto i heile ansiktet. og de får vera med på alt. som vanlig.



i love all your tips about london, but it also makes it feel so real. most of all i'm just very very excited. to move to a new place with the one person i like the most in the entire universe. and explore it with him. two pairs of shoes in the hall and  to pairs of feet in the bed. ten fingers to hold the cutlery when we try to figure out where the best afternoon tea is. every saturday. scones and darjeeling. it makes me explode of happiness when i think about it. london. being able to make a living just from doing what i love the most and already do. i'm going to get a bike and ride it through the park to the school where he goes, a picnic ready in my basket, sweet lemonade on a pretty bottle and something to sit on. while we eat lunch we can hear a piano from the third floor and i photograph him with pesto on his face. and you'll be there, as always.


london.

Lisbon 35mm

snart reiser eg og han der fine på eventyr til london, for å sjå på leiligheiter og rumla rundt i byen der me skal bu om berre kanskje ein månad. så eg lurer på: er det nokon som veit om noko heilt fantastisk magisk ikkje-turistisk me kan gjera i london mens me er der? ein fin restaurant eller kafé eller plass eller park? blir skikkelig glad for alle tips eg kan få.

 

 


i'm leaving for london pretty soon, j and i are going to meet our estate agent and just explore the city that will be ours in maybe just a month. so! do you know of any magical places not to miss? no touristy stuff please.


high society.

70f8e2a131b39bb1bc22bfd731c4b07ec66d0b3c3ab7142b9867740ad86a05830b0a78295b707ccaf79fc47efc26a10d438963e8a66218ac851f4b16aa38625e36a3b45b3a18b77bbe5678

noko av det beste eg veit er å rydda mens eg ser på film. så i går såg eg ein fin film frå 1956 mens eg rydda, vaska, tørka, pussa, bretta, sorterte, fiksa, triksa. med grace kelly og frank sinatra. <3 high society heiter den. og åh så fine kjolar.


high society film 1956 grace kelly swimsuit pool swimming vintage 50shigh society grace kelly vintage 50s white coat orange lining driving convertible carhigh society grace kelly vintage 50s staircase bing crosbyhigh society grace kelly vintage 50s gold chinese dressing gown robehigh society grace kelly vintage 50s boat sailing shirt checkhigh society Celeste Holm lace dress 50s pink vintagehigh society grace kelly vintage 50s chiffon emvroidered blue grey ball gown bing crosbyhigh society grace kelly vintage 50s blue dress chiffon sleeves basket flowershigh society grace kelly vintage 50s blue dress chiffon sleeves stripes 

 


i love to watch movies while i clean. yesterday i watched this 1956 film, high society, with grace kelly and frank sinatra. oh, the dresses.


kjem det aldri til å slutta å regna?

dei siste to vekene har det bøtta ned med regn. dag ut og dag inn. perfekt vær for lange frukostar, filmar frå femtitalet og late ettermiddagar. dei har eg fylt med:

afternoons.

å krølla håret.

afternoons.

å pakka ut alt serviset eg har fått av mormor. kanskje tretti blomsterkoppar. <3

afternoons.

teselskap på vårt lille bord ute. med melkeskyer og sukkerbitar.

afternoons.
afternoons.

å laga heimelaga ruccolapesto som me laga salat med. kylling, halloumi, ruccola, salat, paprika, valnøtter, heimelaga pitabrød. etterpå spelte me monopol og svigermor vant så det svei.

afternoons.

to raude hundar som rekk tunge om dei ikkje får sitta på fanget.

afternoons.
afternoons.

lange salatfrukostar med pære og nektarin og raudlauk og salat frå kjøkenhagen og episodar med house på ein stol ved sidan av bordet.

afternoons.

lesa hundre sider i ei bok som er skikkelig skikkelig fin.

afternoons.
afternoons.
afternoons.
afternoons.
afternoons.
afternoons.
afternoons.
afternoons.

å gå på sogn kunstsenter og sjå på tom sandberg-bilder med fryd i augene. og diskutera og snakka til me vart sletne i hovuda.

afternoons.

å nesten klara å overbevisa svigermor om at ein blir lykkeligare av å gå med skjørt. ho har gått med skjørt kvar dag sidan og eg gler meg til å sjå resultatet.

afternoons.afternoons.
afternoons.
afternoons.

å gå på tur med to raude hundar i støvlar og finna markjordbær. og sussa kjærestemunn full av små raude. bær altså. ikkje hundar.

afternoons.
afternoons.

plukka markblomster til badet kjøkenet soverommet stova. og med ei fuglefjør på kjøpet.

afternoons.afternoons.

is med jordbær og vassmelon og ein andreplass i yatzy.



these past couple of weeks the rain has been nonstop, and these are the things i have done: curl my hair, unpack my grandmother's porcelain, teaparties, making arugula pesto for a delicious salad with halloumi and chicken, two ginger dogs who want to sit in your lap, salad for breakfast with things from the fridge like pears and nectarines and lettuce from the garden, one hundred pages read of a book i really like. went to the art centre to see photographs by tom sandberg and talking until our heads ached, pursuade my mother-in-law that skirts will make you happier,  a walk in wellies where we found lots of teeny strawberries, picked flowers for every room in the house and eat ice cream with strawberries and watermelon. and photographing a lot, obviously.


r + j = sant.

forrige helg gifta søstra til han der fine seg her i lærdal. det var eit heilt fantastisk flott bryllup som varte frå fredag til søndag. for eit år sidan spurte dei om ikkje eg ville gi dei bilder frå dagen i gåve og det ville eg jo. så eg tok bilder frå morgon til kveld, sånn som eg likar best å jobba, og tok bilder under bord og under taket og tok alle dei bildene som eg elskar å ta. dei har bedt meg om å ikkje publisera bilder med ansikta deira på bloggen, men her kjem i alle fall dei ansiktslause bildene.


bryllup r + j.


bryllup r + j.


bryllup r + j.


2


bryllup r + j.


bryllup r + j.


bryllup r + j.


bryllup r + j.


bryllup r + j.


bryllup r + j.



1



3


bryllup r + j.


bryllup r + j.


bryllup r + j.


bryllup r + j.


bryllup r + j.


bryllup r + j.


bryllup r + j.


bryllup r + j.


bryllup r + j.


bryllup r + j.


bryllup r + j.


bryllup r + j.


bryllup r + j.


bryllup r + j.


bryllup r + j.


bryllup r + j.


bryllup r + j.


bryllup r + j.

om du skal gifta deg og vil at eg skal ta bildene, send meg ein mail på mariell.oyre (at) gmail.com! svarar ikkje på spørsmål om pris og såntfornoko i kommentarfeltet.





last weekend j's sister got married here in lærdal! i was asked to photograph the day as a gift to them, so i did. from early morning to early morning. it was an amazing wedding. they've asked me not to publish any photos where their faces show, so here are the faceless photos of last weekend's wedding.


veggies. yum.

veggie patties.
i morgon skal de laga dette til middag. det er flate grønnsaksherligheiter. du treng(til to personar): to squash, paprika, vårlauk, eitt egg, griljermel eller brødsmular, salt, pepper, smør, urter om ein har lyst.

veggie patties.
først må ein male opp squashen sånn at den blir i små små bitar. eg har ei sånn julienne-maskin som eg brukar til alt. raspa ost, raspa squash, mala mandlar. masse rart. kjøp ei sånn, dei er geniale. viss ikkje kan ein raspe det på eit rivjern, men det skal vera ganske så finmalt.

veggie patties.
så ser det sånn ut, som ei masse.

veggie patties.
bland oppi finhakka paprika og vårlauk eller anna lauk ein likar.

veggie patties.
så tømmer du ein god del salt over, typ ei teskjei eller litt meir, og set alt i eit dørslag. saltet trekk ut væska av squashen, og me vil ha vekk så mykje væske som me berre klarar. derfor skal blandinga få stå litt mens saltet gjer sitt, kanskje 45 minutt.

veggie patties.
så skal ein presse og presse og presse til ein blir heilt blå i ansiktet til ein får ut så mykje væske som ein berre klarar. da blir det til ein ganske fin kompakt deig.

veggie patties.
knekk eitt egg og tøm oppi litt griljermel eller brødsmular om ein heller vil bruka det. blande blande.

veggie patties.
eg hadde finhakka mynte oppi óg, men ein kan gjerne prøve andre smakar som til dømes koriander! eller kvitlauk!

veggie patties.
så skal ein prøve å forma dei. om dei ikkje held seg men berre dett fra kvarandre har du meir griljermel oppi. litt og litt.

veggie patties.
så skal dei steikast. i smør. på svak varme. lenge.

veggie patties.
i mellomtiden kan ein laga salat med det ein har i kjøleskapet.

veggie patties.
og koka litt pasta og steika litt halloumi til å ha ved sidan av. med ein dressing av yoghurt + lime + pepper + salt.

veggie patties.
og ta bilder av maten. men berre om ein bloggar da.

veggie patties.
også eta. med nokon ein er glad i med eit glas vin. åh! sjukt godt.

 


this is my vegetarian recipe for today! make this for dinner tomorrow. recipe inspiration from here.


tips!

tip.

 

om ein ikkje har det største blomsterbudsjettet så kan ein godt gjera som her. kjøp sånne pyttesmå blomar for tjuefem kroner kanskje, og putt dei i tekoppar! det får bli tips for i dag.



a tip from me to you on a floral budget: buy tiny flowers and put them in tea cups. super charming! that's my tip for today. 


hipp hipp.

birthday.birthday.

i dag har min pappa bursdag, heile 44 år tenk det. me feira med kake og heile familien på middag og dessert. no er det igjen stille her og me drikk prosecco like there's no tomorrow. av meg og søster fekk han og mamma tur til london til hausten, hurra! gratulerar med dagen, fine pappa. <3



it's my dad's birthday today, 44 years old.we celebrated him with cake and the entire family came over for dinner and dessert. it's quiet here again, we're drinking prosecco like there's no tomorrow. my sister and i gave him and mom a trip to london this fall, yay! happy bday. <3